søndag, mai 31, 2015

Dagbok 2015: 31.mai

Klokka er 18.20, temperaturen er + 9 grader. Skodda ligg heilt ned på marka og det har regna i eitt sett sidan i går kveld. Det kjenner eg på kroppen!
I dag har det skjedd ingen ting. Eg sov lenge på morgonen, etter å ha lege våken og verkt mykje av natta. Nils er alltid tidleg oppe.
Før middag sat eg og strikka litt mens eg høyrde lydbok. Nils laga middag, vi hadde fisk i dag, etter fleire dagar utan. Og så la eg meg å sofaen med lydbok.....
No har Nils funne noko sport på TV - vi har få felles interesser, men det får vi leve med.
Solveig kom med nokre blad i går, og no har eg løyst nesten alle kryssorda.
Dette har vore ein ekstremt lat dag, men vêret innbyr ikkje til uteliv akkurat. Håper det blir utevêr ut i veka. Nils skal på fotballkamp onsdag, og eg er invitert til jubileum på Velle skule på fredag, det er programmet for denne veka.

Bok nr.42 -- 2015: Det blå mellom himmel og hav.


En palestinsk gutt som heter Khaled forteller sin families historie der han sitter i rullestolen på Gaza-bredden. Han sitter nærmest i det blå mellom himmel og hav. Men dette blå er også stedet inni ham der han finner fred når bombene faller over Gaza. Khaled er omgitt av fire generasjoner kvinner som lever sitt liv rundt ham, og han forteller om flukten fra den lille byen Beit Daras i 1948 til livet som flyktning i Gaza.
Nazmiyeh, Mariam og Mamdouh vokser opp i den lille byen Beit Daras i Palestina. Moren deres, Um Mamdouh, er kjent og beryktet for å kunne snakke med jinnen. Nazmiyeh er den vakreste og mest rampete jenta i byen. Mariam, hun som har ett grønt og ett brunt øye, kan se menneskenes fargeaura. Hun er en av dem som blir drept da israelerne i 1948 tar fra dem hjemstedet og gjør slekten til flyktninger.
Veien tilbake
Den eneste som reiser fra flyktningelivet i Gaza, er Mamdouh. Han bosetter seg i USA og får en sønn som skammer seg over sin palestinske herkomst. Men sønnen gir Mamdouh barnebarnet Nur, som han elsker over alt på jord, og som i likhet med grandtanten Mariam har ett grønt og ett brunt øye. Når bestefaren dør, blir hun et ulykkelig barn som skaltes og valtes med av forskjellige fosterfamilier i USA. Hun vokser opp og begynner å jobbe med utsatte barn. Så en dag får hun se en film om en gutt i Gaza ved navn Khaled. Da bestemmer hun seg for å reise til Palestina.

Det er en stor og brokete slekt vi følger i kampen for å overleve. Det blå mellom himmel og hav er en magisk-realistisk slektskrønike, der undere og tragedier er en naturlig del av hverdagen, og der sterke kvinner står i sentrum av en fargerik familie. Historien deres er engasjerende og gripende. En viktig grunn til dette er selvfølgelig at hendelsene utspiller seg midt i en av de mest fastlåste og blodige konflikter i moderne historie. Forfatteren er rasende på sitt folks vegne, og hun får sitt budskap fram på en måte som berører. Her er både uendelig brutalitet og vakker poesi. Det er en hjerteskjærende roman, men en roman man virkelig føler har noe viktig å fortelle.
Gjennom den fantastiske slektskrøniken i Det blå mellom himmel og hav skaper Abulhawa en stor fortelling om politikk og om familie og røtter - og viser hvordan dette definerer hvem vi er, ikke bare i palestinsk kultur og historie, men også på et universelt plan. Dette er en fortelling som roper etter å bli lest.
.............................................................................
Denne boka tok brått slutt i natt då eg låg og ikkje fekk sove. Eg vil ikkje skrive så mykje om den sidan fleire i familien har den liggande på vent. Men eg vil tilrå at de les det eg har saksa frå nettet, slik at de får personane på plass-særleg om de vil lese lydbokversjonen slik eg gjorde.
Og så vil eg tilrå at de les med eit ope sinn-for muslimar i Gaza tenkjer og resonnerer ikkje som vi.Eg syntest det var interessant å få del i ein annan kultur og tenkjemåte, meir vil eg ikkje seie. Dei som har lese "Morgen i Jenin" veit kva eg snakkar om.

lørdag, mai 30, 2015

Dagbok 2015: 30.mai


Klokka er 20.40, temperaturen ute er +12  grader C, og det har vore opplett nesten heile dagen, men ikkje mykje sol.
Før middag var vi ein tur bort på Plantasjen og handla litt blomster. Ein kvit hortensia til trappa og ein rhododendron som vi planta i jorda.
Vi var innom Amfi ein tur også, så då vi kom heim var det tid for lunsj/middag. I dag vart det spekemat og potetsalat.Så vart det pause - før vi planta.
Nils hadde ein avtale med Olaug jr. om at ho skulle få ein køyretime med morfaren, så ho og Solveig kom i 17-tida. Vi drakk kaffi først, så sat Solveig og eg her og prata mens dei andre var på biltur. Solveig hadde handla seg litt klede på Amfi, ho hadde behov for noko nytt i desse eksamenstider.
Eg skulle varme noko bakverk i steikomnen i dag, og oppdaga at der var eit sterkt behov for eit vask. Så no har eg vaska og skrapa etc. Burde sikkert gjort det oftare.
No er det endelig eit musikkprogram på TV som Nils likar. Greitt nok med litt gammaldags musikk innimellom, berre det ikkje er danseband.

fredag, mai 29, 2015

Dagbok 2015: 29.mai

Amanda fyller 15 år i dag -og vi  gratulerer !


Klokka slo nettopp 10 (22), og temperaturen er +10 grader C. Sola skin i fjella og det er ein nydeleg kveld.
Det har for så vidt vore fint i heile dag, i alle fall opphaldsvêr. Eg hadde vaska håret i går kveld, men frisyren var ikkje noko å skryte av. Dermed ringde eg frisøren, som ikkje var heime. Eg fann ut at eg kunne sjå om ein av frisørane i Vik hadde ledig time, og der trefte eg blink. Eg kom ut att frå salongen, både klipt og farga, men tykte sjølv eg såg ut som ei forelda utgåve av Ine Strøm Eriksen. Etter at eg hadde ruska det til litt sjølv kom det seg, så Margrete forkynte at det var ikkje så gale som ho hadde trudd.
Men det var seinare. Først handla vi litt, så åt vi lunsj og så måtte Nils klippe plen. Han slår "bio" -derfor må han slå ofte. Eg sat og rota med diverse på data imens.Vi hadde ein pause før vi kledde oss litt om til ballettshowet klokka 18.00.
Det var eit flott program, og Amanda var med i to nummer. Best gjorde ho seg i steppdansen, det var liksom heilt hennar stil. Ho er ingen tutu-dansar, og heller ikkje så "dramatisk" som Ingeborg, men stepp og humor kledde henne godt.Trur ho var bra nøgd sjølv også.
Sidan ho fylte 15 år i dag, var vi på Rosabella og åt pizza etter showet, og så køyrde vi jentene til Volda og ferja. Margrete og gutane + ein av Eirik sine kameratar, køyrde i Eirik sin bil.
No er det berre å håpe på fleire fine dagar til glede for kropp og sjel.
God helg! ønsker eg alle som er innom bloggen.
 (Tok ikkje bilde i dag, men skal legge inn eit par når avisbilda kjem på nett.)
Amanda lengst til høgre i bildet.
(Bildet er frå ei øving - ikkje frå ballettframsyninga.)
Dette bildet er frå framsyninga.

torsdag, mai 28, 2015

Dagbok 2015: 28.mai

Klokka har passert  19.00. Temperaturen er + 12 grader C; det er skya, men opplett. Og no blomstrar epletreet.
Det har vore ein fin og mild dag i dag, men eg går vinterkledd og vel så det. Prøver å bli smertefri ved hjelp av varme, og det virkar. Må vere i form i morgon når vi skal på ballett - og så skal vi feire Amanda som fyller 15 år.
I dag har eg støvsuga alle teppegolva og gjort anna lettare husarbeid.
Nils for tidleg på sjøen, men det vart nesten bomtur. Han fekk berre eit par små fiskar, som han har mele opp til Solveig. Det er no såpass mykje at ho får ein porsjon blandaball.
Elles har vi hatt reparatør på besøk i dag også, så no kan vi ringe UT med telefonen igjen. I går kveld/natt ringde ikkje telefonen klokka 1.00. Det var i grunnen eit sakn.
No har vi nettopp ete sein middag. I dag laga eg ein rett eg har lært av Rasmus. Steikte strimla svinekjøt på panna og slo over eit glas Pesto. Serverte spaghetti til. Lettvint, med andre ord. Og no er det tid for kaffi.

onsdag, mai 27, 2015

Dagbok 2015: 27.mai

Klokka er 19.45. Temperaturen ute er + 10 grader, og det regnar litt av og til. Det såg ut til at det skulle bli ein fin dag i dag, men sola forsvann ganske fort.
Eg hadde som mål for dagen å gjere minst mulig, for å prøve å komme til hektene igjen etter at eg var så dårlig i går. Nils gjekk ut i garasjen, og eg stod mykje ved kjøkkenbenken med lydbok, kryssord og sudoku. Så fann eg ut at eg kunne no bake eit par-tre loffar som vi kunne ha attåt fiskepuddingen og rekesalaten som vi skulle ha til lunsj. Så fekk eg gjort litt til nytte.
Det kom folk frå Tussa i dag. Dei har ikkje funne ut kvifor telefonen vår ringer kvar natt klokka 1.00, men no skifta dei modem og vi fekk ny kode på nettverket, så får vi sjå om det virkar.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med tjukt pledd i tillegg til knevarmar og leggvarmar etc., eg har begynt på ei ny bok.
Så har eg vore ute ei god stund, men stått i ro og prata med naboar. Stå og ligge går bra, sitte og gå er ikkje så bra. Så no er eg faktisk mykje betre enn eg var i går-og takk for det.
Så lovar dei varmare og betre vêr, det vil sikkert gjere godt, det også.
I morgon har visst Nils tenkt seg ut og fiske. Fredag er det ballettshow, og det gler vi oss til. Det er berre Amanda som dansar av "våre" no, men det er no kjekt å sjå på alle dei andre også. Det plar vere flotte show.

tirsdag, mai 26, 2015

Bok nr.41 - 2015: Mi briljante venninne.

Mi briljante venninne av Elena Ferrante (Innbundet)


Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi.
 
Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete – og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skolegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre seksten år når ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen.
 
Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. Mi briljante venninne er første bok i Napoli-kvartetten.
............................................................
Då eg las dette på nettet, såg eg at dette er første boka i ein kvartett.
Boka har fått svært gode kritikkar, blant anna terningkast 6.
Eg må seie at det gjekk ei stund før eg forstod det. Eg har nok lese boka litt for ukonsentrert, og gått litt surr i namn og familiar.
Boka er ei historie om venninnene Lila og Elena, den sistnemnde har forteljestemma i boka. Dei veks opp i ein fattig bydel i Napoli på 1950-talet. Eg har rekna ut at dei er 4 år yngre enn eg.
Miljø- og samfunnsskildringa er interessant, og på ein måte attkjennande. Eg vil råde andre lesarar til å lese papirversjonen, trur det vil vere lettare å halde orden på personane då. Eg vurderer å lese boka om att når neste boka i serien dukkar opp.
Opplesaren les klårt og greitt på eit nynorsk som minner om Sylvia Listhaug.

Dagbok 2015: 26.mai

Klokka er 17.15, temperaturen ca + 15 grader C, og i dag har vi hatt både sol og regn.
Akkurat no driv Nils og klipper plenar, og eg har vaska golv.Eg må prøve å komme meg ut og klippe kantar -viss ryggen held.
I går kveld gjorde er to ting som straffa seg i dag; eg gjekk ein tur rundt på Vallabøen og eg strikka. Forma var laber då eg stod opp i dag, men etter tre dagar med husarrest måtte eg komme meg ut. Nils for først nedover og fekk klipt håret sitt, mens eg vaska mitt og shina meg opp.
Vi var ein tur på Amfi og handla inn mat, vi trong litt av kvart sidan vi ikkje hadde vore på butikken sidan fredag. På heimvegen fekk eg melding frå biblioteket, så vi snudde ned att for å hente ei bok.
Då vi hadde fått på plass varene, tykte vi ikkje at vi hadde fått "lufta" oss nok, så vi laga oss eit ærend ut på Berkneset. Ja,mange forstår nok kva vi gjorde der, vi bestilte gave til Solveig. Han mannen som driv og lagar så ymse, har også andre interesser, i dag fiksa han på bilen til kona. Sjølv har han verdens beste bil, kjøpt i 1986-då var den alt 6 år gammal. Så eg måtte lære meg ein ny bil-logo( kunne den frå før). Han hadde mange reisemål klistra på ruta, men han har ikkje hatt bilen verken til Cuba eller Singapore.Bilda er tatt frå tunet til mannen, der er nydelig utsikt inn mot Dalsfjorden- blant anna. Verkstedet sitt har han i "steinhuset".





På heimvegen stoppa vi og handla tomatar av gartnaren på Urke, han har oppstilling kvar vår der som Prix var før. Eg har ikkje peiling på kva eg treng av blomster enno, så eg kjøpte berre ein plante eg likte, enn så lenge står den på trappa.
Nils koka salta lange til middag, og så vart det ein liten strekk på sofaen og ein kopp kaffi før vi starta arbeidsdagen litt seinare enn vanleg.

I går høyrde vi gauken for første gong i år. Då vi fortalde det til den tyske naboen vår, sa ho at i Tyskland rista dei lommeboka når dei høyrde gauken første gong. Då skulle dei få pengar i den. Vi vart for seine !

mandag, mai 25, 2015

Dagbok 2015: 25.mai

Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 11 grader C og det ser ut til at snøen smeltar i fjellet. Sola kom fram etter middag, men så begynte det å regne igjen.
Vi kom oss ikkje til med noko tidleg på dag, så vi laga tidleg middag, med tanke på at vi kunne ta ein tur seinare. Men så kom altså regnet.
Eg har gjort lite og ingenting i dag. Rydda litt i skap og skuffer, elles har eg lese lydbok. Eg ser fram til at det blir kvardag igjen. Og helst opplett.
Han mykje å gjere både ute og inne, men det sømer seg ikkje å herje på i helga; eg er litt gammaldags der.
Nils er ute i garasjen akkurat no, eg skal gå ein liten tur viss det sluttar å regne.


søndag, mai 24, 2015

Dagbok 2015: 24.mai

Klokka er 18.00, temperaturen er + 10 grader, det er overskya, surt og kaldt. Det er nysnø i fjella.
I året 2014 var det fint vêr heile tida, heilt til hausten kom, og eg trudde vi skulle ha det slik i 2015 også, men slik blei det ikkje. Ein så kald og sur vår er det lenge sidan vi har hatt. I pinsa brukar det ofte å vere fint-men ikkje i år. Det er ikkje ein gong fristande å ta ein biltur-så vi held oss heime. No er det ikkje synd i oss som har fri heile tida, og yngre folk orkar vel å vere ute om det ikkje er så varmt.
Dagen i dag har vore veldig sløv her i huset. Nils begynte tidlig å jobbe med lapskausen han ville lage til middag. Vi har diverse kjøt etc. liggande i div.frysarar, så det er greitt å få brukt opp noko. Og Nils likar å lage lapskaus. Eg tok ein telefon til ei venninne og prata både lenge og vel, så då eg var ferdig å prate var middagen også ferdig, men vi venta litt med å ete.Dessert hadde vi att frå i går, så no fekk vi gjort reint bord.
Etter middag shina eg skikkelig opp kjøkkenet, har rota med mykje siste veka så behovet var stort. Eg var bestemt på å ikkje somne på sofaen i dag, så eg sette meg ved datamaskina og la kabal mens eg las lydbok. Det gjekk bra ei stund, men så ville eg strikke litt......og så måtte eg berre halle meg nedpå litt. Hadde ikkje ein sjanse til å halde meg vaken.
Som de forstår skjer det ikkje altfor mykje her hos oss - det mest dramatiske som har hendt i dag var at Nils skar seg på ein flatbrødbit, men det såret er ikkje så spektakulært at eg kan legge det ut på FB.(Det er i munnvika, naturleg nok).
I morgon er det enda ein helgedag - og med like dårleg vêr ser det ut til. Eg likar best kvardagar no når eg slepp å gå på arbeid.
Nils har sett på TV- eg ser sjeldan TV før klokka 21, ca, men i dag trur eg at eg må sjå den danske "dronningmannen" lage mat.



lørdag, mai 23, 2015

Dagbok 2015: 23.mai


Klokka er 17.00. Temperaturen ute er +8,4 grader og det har regna ein god del i dag også. Og i dag då vi stod opp var snøen komen lenger ned enn i går.No ser eg litt lys av sola, og epletreet har begynt å blomstre så vidt det er.

Eg har ikkje vore lenger i dag, enn ut og henta inn rabarbra.
Det første eg sette i gang med i dag tidleg var å lage fiskepudding av lyr. Det vart tre  puddingar, og sju fiskekaker av deig som vart til overs.Eg brukar Gunda si oppskrift, men utan løk. Brukar aldri løk i fiskemat som skal frysast. Fiskekakene åt vi til lunsj i dag.
Nils hadde av tale med ein tidlegare arbeidskamerat på Amfi i dag klokka 12. 00, men eg vart ikkje med nedover. Eg brukte åleinetida til å lese, og til å lage rabarbragrøt med svisker, a la "Grunnlovsdessert", slik som Solveig serverte 17.mai. Vi hadde verken krem eller vaniljekrem, men vi har enno att ein liten rest med vaniljeiskrem, så den fekk tene. Nils et ikkje ofte dessert, men rabarbragrøt kan han ikkje motstå. Eg brukar fruktsukker-og så lite som mulig.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med lydbok og somna tungt. Det er giktvêr og sovevêr-og eg likar det ikkje. Vi har ingen planar for pinsa, vi har jo fri heile året, så vi kan feriere når vi vil. No skal eg sette på ein klesvask -har nettopp sett på plass ein oppvask. Nils for på butikken for å handle, eg trudde det var stengt sidan det var pinsafta, men det trudde ikkje han. Så får vi sjå kven som har rett.
No skin sola ute, og det er som ei anna verd.
Eg har sikkert fortalt det ørten gongar før, men her i Ørsta er det skikk og bruk å brenne pinsebrising (bål). Pinsebrisingen skulle loge, men jonsokbrisingen skulle ryke, sa dei før i tida.
Der var ikkje ope på butikken -som eg trudde- så no får vi prøve å overleve på det vi har i hus i to dagar. Det går heilt sikkert bra.
Eg gler meg til MGP i kveld-synest det er kjekt uansett kven som vinn.
God pinse.

fredag, mai 22, 2015

Dagbok 2015: 22.mai

Klokka er 19.00. Temperaturen ute er 4,4 grader C og det regnar og regnar og regnar......dvs. det snøar i høgda; fjelltoppane har fått nysnø heilt ned i skoggrensa og vel så det. Giktvêr er det også, for dei som plagast med det.
Eg har site og lese ut lydboka mi, mens Nils har vore ute ein tur, no har han benka seg framfor TV-en. Fotball er liksom den store interessa i tillegg til fisk og plen. Eg er fullstendig uinteressert i sport på TV - men vi har heldigvis dataen også.
I dag vakna eg nokså maroder, men fekk no støvsuga skikkelig alle teppegolva, før eg dusja og vaska håret. Då tok eg fram att ull-tightsen, som går heilt ned på anklane, strikkalester etc, og så tok vi ein tur til Vik. Eg måtte blant anna handle litt malersaker; sandpapir maskeringsteip og eingongshanskar. Ja, og så var det medisin og mat.
I dag stakk vi bortom den nye, fine Gjenbruksbutikken. Det var ikkje noko spesielt eg var ute etter, men plar no kjøpe noko lite når eg først er der. I dag vart det 6 sotfarga glasasjettar til 10 kr stk.
Men eg såg nokre fine koppar som eg kjem til å angre på at eg ikkje kjøpte. Der var 8 like, kvite med mønster i gult og lyseblått. "Svensk" design med andre ord. Dei var 15 kr settet (kopp, tefat og asjett). Koppane var ganske tynne med god fasong.
Sidan vi hadde ete kokt fisk i to dagar, kjøpte eg svinekotelettar til middag i dag. Det smakte godt som ein variasjon- og om lag det billigaste ein kan kjøpe. Det blei litt sløving på sofaen etterpå, og så las eg altså ut boka. Den nest siste plata las eg visst to gonger, for eg visste ikkje så nøye kor langt eg var komen.
Eg har lyst å strikke, men det går ikkje så bra for ryggen min. Litt dumt no når eg har handla så mykje garn.
Eg har fått det for meg at det er laurdag i dag, men sidan det berre er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle ei fin pinsehelg. Nils sa her ein dag at det alltid plar vere fint vêr i pinsa, så får vi håpe det beste. Så snart sola kjem fram, vil epletreet vårt stå i full blomst.


torsdag, mai 21, 2015

Bok nr.40 - 2015: Skuggasund


Skuggasund av Arnaldur Indridason (Lydbok-CD)
En bekymret mann kontakter politiet, en nabo i området har ikke vist seg på lenge. Politiet bryter seg inn i leiligheten, og finner ham død i senga. Sannsynligvis kvalt med en pute. På skrivebordet ligger det gamle avisutklipp. De handler om en ung kvinne som ble kvalt i 1944 og dumpet på baksiden av nasjonalteatret i Reykjavik. Kan det være en sammenheng mellom disse to dødsfallene selv om det er seksti år mellom dem?
«En av Indridasons beste bøker noensinne.»
Morgunbladid

..........................................................................
Då var eg komen til vegs ende i denne boka også. Eg har likt alle bøkene til  Indridason, og best har eg likt dei med Erlendur.
Han er ikkje med i denne boka, likevel vil eg tru at dette er den beste boka forfattaren har skrive. Det er ikkje"spennande" krim, men langsom oppklaring av gamle gåter. Og på eit bakteppe som var ganske ukjent for med, nemleg Island under andre verdenskrig. På slutten reiser det seg også spørsmål om kor vidt ein skal rote fram gammalt grums eller ikkje. På ein eller annan måte minner boka med om nokre av bøkene til Håkan Nesser. Eg brukar ofte å kalle Indridason sine bøker for "krim for eldre" -det passar denne gongen også.
Det er Lasse Lindtner som les lydboka-og han er ein av dei beste!


Dagbok 2015: 21.mai

Klokka er 17.15. Temperaturen er + 11 grader. Det er overskya, men det har vore opphaldsvêr det meste av dagen, så langt.
I dag var Nils oppe i gryotta, men det var ikkje eg. Eg vakna til  tomt hus, men visste at han var ute for å drage garn, sidan han sette i går kveld. Det leid ut på føremiddagen før han kom hein. Han hadde fått nokre lyrar, ein liten sei og eit par småtorskar.Grunnen til at han vart så lenge var at garna hadde sett seg faste i botnen, men han hadde fått dei opp til slutt.  
Torskane vart middagen vår i dag, ikkje så ofte vi får den slags fisk. Eg vart så innpoda av mor mi om at ein berre skulle ete torsk i månader med R i at eg var litt i tvil om eg skulle ta sjansen. Men torsken var god den, så då er det vel berre å legge til ein R i maRi ? Vi har nettopp ete, så det blir vel kaffi snart.
Eg sette i gang med malingsprosjektet mitt mens eg var her åleine. Hadde litt trøbbel i dag, sidan malinga hadde stått for varmt sist natt og var svært flytande. Og så har eg problem med å bøye meg, klatre - ja, det meste i grunnen- så eg held ikkje ut så lenge. Men eg har så lyst å halde på!
I dag kom dei frå Tussa og sjekka telefonen vår, dei trudde kanskje vi hadde lagt inn "vekking" (utan å ville det)-men det var ikkje det som var gale. Dei sette att ein annan telefon, så no blir det spennande om den også ringer klokka 1.00.
Elles har eg stroke og hengt opp gardinene att på det vinduet som no er ferdigmåla.
Eg gler meg til MGP, andre semifinale, i kveld. Spennande å sjå om Norge blir med i finalen. Eg har Australia som favoritt, likar glade, fengande låtar, sjølv om der er mange fine balladar med. Margrete plar alltid tippe rette vinnaren, så eg får høyre på henne.
Skulle i grunnen ha vore på butikken og handla, men veit ikkje om eg orkar i kveld. Det er ein dag i morgon også
Har lese ein del i den nye lydboka mi -krim frå Island. Det mest interessante er den historiske konteksten; Island før, under og etter 2.verdenskrig.

onsdag, mai 20, 2015

Dagbok 2015: 20.mai

Klokka er 17.40, temperaturen ute er + 9,4 grader C, og vi har atter ein gong fått snø langt ned i fjella. Elles har det styrtregna det meste av dagen.
Om det er vêret si skuld, eller det faktum at eg strikka litt i går, som gjer det, veit eg ikkje, men i dag har eg verkt ganske mykje i venstre hofte og fot. Eg toler ikkje så godt vått vêr så eg vurderer ein ørkenferie.
Vi hadde ingen spesifikke planar i dag, men eg har mykje på vent. Eg kunne ha gått laus på vaskekjellaren, men det frista liksom ikkje.
Men bake brød, det går an om ein ikkje er i toppform. I dag vart det tre Ingers-lenge sidan eg har hatt det no.
Mens brøda heva begynte eg å male. Det er litt restriksjonar på malearbeid her i huset, for Nils toler ikkje dunsten. Men no hadde eg altså kjøpt ein boks kvitmaling som var garantert luktfri, penslar hadde eg også handla inn, så i dag begynte eg så smått. Planen er å få mala vinduskarmane, ev. dørlistene etc. Mala ein vinduskarm i dag, flikka nokre lister og mala badinnreiinga. Alt vart gjort fort og gale, -det er min måte. Så får vi sjå korleis det går, om Nils reagerer på ev. avgassar.(Eg likar i grunnen godt å male).
Han kokte tidleg middag, i dag var det kokt lange, og eg vart liggande ganske lenge på sofaen med lydbok etter måltidet. Elles har eg lagt i hop klesvask, vaska opp, etc.etc. slikt som ein gjer kvar dag.Når ein er pensjonist går dagane med til det arbeidet ein gjorde på "fritida" før.

tirsdag, mai 19, 2015

Dagbok 2015: 19.mai

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er + 14 grader C, det har stort sett vore overskya i dag, men ikkje nedbør.
Vi var ikkje så energiske i dag som i går, men litt har vi no utretta, om det er viktig? Nils starta dagen med å skaffe seg ei ny reim til grasklipparen, og så fekk han den i orden igjen. Det er altfor tungt å skubbe den klipparen i motbakke.
Eg fann ein haug klede som eg strauk mens eg høyrde lydbok. Eg hadde eit ærend på biblioteket for å hente ei bok, og så ville eg til Volda for å kjøpe lestegarn. Eg kan ikkje strikke så mykje som eg har lyst til, men litt kan eg no hengre fingrane borti.
Som alltid når vi er i Volda i "lunsjtid" vil Nils ha Kina-mat, ja, det vil no eg også, sjølvsagt. I dag vart det "dagens", som var mistenkelig lik den retten vi oftast kjøper. Kina-dama "vår" ville no vite om det var døtra vår vi hadde med oss sist vi var der, osv. Vi er blitt godt kjende etter kvart.
Eg likar godt Regia lestegarn, relativt tynt, som eg strikkar på pinnar nr.3. I dag kjøpte eg einsfarga, så kan eg stripe med diverse restar om eg vil. Viss de lurer på kvifor eg har kjøpt den lys-beige fargen, er det fordi den liknar litt på heildekkingsteppet på stova, så slepp vi at det ligg ulldottar og "skin" på golvet.(Eg er litt smart ?)Fargen er ikkje heilt som på bildet.
Vi var også innom Tussa og snakka med dei om telefonterroren som vi er utsette for. Kvar kveld/natt klokka 1.00 ringer telefonen - lenge. Vi har for lengst slutta å ta telefonen, men då vi gjorde det, kom der ikkje noko tal på displayet. Dei jobbar med saka, men det er visst ikkje enkelt.
Vi hadde ein pause då vi kom heim, så eg fekk lese ut lydboka mi og blogga om den. Så har eg hatt ein heil jobb med å rippe dei tre bøkene eg kom heim med i dag. Mens eg rippa fekk eg strikka nesten eit heilt lestebrot.
No skal eg begynne på den islandske krimromanen eg lånte i dag, trur eg. Men først skal eg sjå hageprogram og MGP ! Nils skal på styremøte i SV.

Bok nr 39 - 2015: Zack

Zack


Første actionfylte bok i serien om Zack Herry!
Fire asiatiske kvinner blir funnet brutalt myrdet i en leilighet i Stockholm. En femte kvinne dumpes svært medtatt utenfor et sykehus. Ut fra hennes lemlestede kropp å dømme ser det ut til at hun har blitt angrepet av en rasende hundeflokk.
Tjuesju år gamle Zack Herry har gjort kometkarriere i Stockholmspolitiet. På dagtid er han en dreven kriminalinspektør ved spesialenheten. På nettene driver han med narkotika på de ulovlige klubbene i byen. Han vet at dette ikke kommer til å gå i lengden, men de blodige minnene fra hans egen barndom driver ham mot avgrunnen.
Jaget av politiets intern-etterforskere forsøker Zack sammen med kollegaen Deniz å løse den verste mordbølgen i Sveriges moderne historie. Handler det om kvinnehat, rasisme eller menneskehandel? Det eneste som er sikkert er at flere kvinner kommer til å dø om de ikke finner morderen.
..............................................................................................
Dette er ei av dei mest brutale og grisete krimbøker eg har lese på lenge. Boka er på mange måtar klisjefylt, det meste har vi høyrt før.
Men hovudpersonen Zack er interessant, og det er vel dei smakebitane vi har fått frå fortida hans som gjer at vi kjem til å lese neste bok i serien- og den etter der.(Dette er ikkje eit nytt triks for oss som har lese mykje krim!)
Det mest positive med boka er opplesaren. Han les rolig og let oss få samle tankane undervegs. Han framhevar det triste og tragiske i det som skjer, utan å bruke sterke verkemidlar. Dette alvoret ligg sjølvsagt i teksten også, og det er det eg likar med boka. Alvoret-og det tragiske i brotsverka. Boka er godt skriven, det skal forfattaren ha.

mandag, mai 18, 2015

Dagbok 2015: 18.mai

Klokka er 18.00. temperaturen er 14,5 grader C og sola skin frå nesten skyfri himmel. Det har vore ein skikkelig bonusdag når det gjeld vêr. Rett nok var det overskya ei god stund midt på dagen, men det gikk bra.
Vi var relativt tidleg oppe i dag og fekk gjort ganske mykje på føremiddagen. Nils har styrt både med egning av liner og klipping av plen. På bildet slår han av ein prat med naboen i huset nedanfor oss. Fruen i huset fekk måla trapperekkverket i dag.
Eg brukte ein del av føremiddagen til å bytte på sengane, lufte sengetøy og vaske golv.Det vart sjølvsagt eit par maskiner med tøy å henge ut også.
Så gjekk eg ut og reinska ugras i beddet ved garasjen, fylte på med ny mold, planta eit par plantar og vatna godt.Det kom seg betydelig.

Blomkarsen nedanfor garasjen sår seg sjølv frå år til år, men eg plar kjøpe ein liten pakke med frø likevel, kanskje ein "ny" farge?  I fjor laga Nils ein karm rundt dette beddet, og i år fylte vi på med to sekker mold, før eg sådde og vatna. Det er om å gjere å halde der vått elles grev kattane opp heile herlegheita.Tulipanane i dette beddet er på retur.
Etter såpass mykje hus og hagearbeid, var ryggen min av, og eg "måtte" legge meg på solsenga med lydbok.

Det var tungt for Nils å klippe plen i dag, men så kom han etter kvart på at klipparen eigentleg skal drage seg sjølv, og det gjorde den ikkje. "Draget" virka ikkje, og han fekk ikkje til å reparere det.
Han var ikkje den einaste som hadde problem i dag. Margarita skulle køyre nedover med BMW-en, men kom fort att. Det hadde kome ein smell i eine hjulet....ja, eg kan ikkje forklare kva som er gale, men bilen er på verkstad, og vi har berre to bilar på tunet.

Dette beddet får eg ikkje rydda før tulipanane er avblomstra, alt er seint i år, så det blir ikkje så tidleg det blir orden her.

Desse tulipanane planta eg sist haust, så dei er nye av året. Dette beddet er heller ikkje rydda enno.Elles har eg visst ikkje nemnt at eg har streta meg til å kjøpe ei kanne Roudup i år, så eg skal få gjort litt anna enn å luke ugras-særleg skvallerkål.
No har vi nyss ete middag, det vart fiskekaker frå frysaren i dag. Godt å ha noko lettvint å trive til.
No skal eg ha meg ei lita stund til på solsenga før eg går i hus for godt.

søndag, mai 17, 2015

Dagbok 2015: 17.mai.

Olaug og Audun.

Klokka er 18.40. temperaturen ute er +12  grader C. Der vi har vore har det vore opplett, delvis skya og periodar med sol. Varmt har det ikkje vore.
Vi var heime og såg litt på TV etc. før middag. Reiste så til Ulsteinvik, der vi plukka opp Olaug som hadde gått i tog under fana til Ulstein vidaregåande skule.
Både Solveig og Øystein hadde plikter på Hareid. Likevel hadde Solveig laga til rikelig med god mat til oss alle. Det var spekemat med potetsalat og poteter +røykelaks,eggerøre og brød. To dessertar: grunnlovsdessert (heilt nydelig) og gele med div. bær. Heimelaga vaniljekrem og vanleg krem til begge dessertane.
Audun var heime, men måtte fare med båten til Vigra klokka 15.30. Einar kom innom og Olaug bur framleis heime, så vi var nesten fulltallige. Håkon feira dagen i Oslo.
Både Amanda og Erlend spelar no i korpset på Folkestad, så Margrete og ungane var der. 17.mai er ein travel dag for dei som spelar i korps.
Det er lenge sidan vi feira 17.mai i Ørsta, og å trakke rundt for lenge er ikkje lenger noko for meg. Så vi er vel nøgde med dagen slik den vart. I morgon er det skuledag og arbeidsdag for den yngre garde. Full veke er det også. Men vi pensjoane har ikkje noko på programmet denne veka.
Eit år vi var i Solud fekk Solveig ein liten avleggar av kristtornen til onkel Rolf. Som de kan sjå trivst planten godt på Hareid, og er no både høgare og breiare enn Nils.Der brukar å kome bær på treet også, men ikkje på denne årstida.

lørdag, mai 16, 2015

Dagbok 2015: 16.mai

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 8 grader C og vi har hatt både regn og hagl i løpet av dagen.
For alle utegangarar si skuld håper eg på litt betre vêr i morgon. Frå mitt yrkesaktive liv kan eg hugse at eg frykta både regn og vind under barnetoget. No slepp eg å bekymre meg på eigne vegner, men har no barnebarn som spelar i korps, til dømes. Sjølve kjem vi til å ta det rolig, med ein tur til Hareid i lunsjtid. Lenge sidan vi har feira 17.mai her i Ørsta.
I dag var forma mi litt betre enn i går, så vi tok ein tur på Plantasjen, tykte det var litt kjipt å ikkje ha blomster i kjøkken-kassene til grunnlovsdagen. I år vart det rosa geranium i midten og mørkeblå petunia på sidene. Om lag same fargane som vi plar ha.(Med diverse variasjonar). Nils skulle spyle bilen, så han kledde seg for utevêr og planta i kassane i samme rennet.
Mens vi var på plantasjen styrtregna det, så det var lite fristande å sjå på uteplantar, vi heldt oss mest under tak.Men der er eit fantastisk utval av plantar som kan friste ein stakkar over evne.Aberet er at det må stellast etter plantinga også.
Vi var også ein tur innom Amfi, vi handla ikkje mykje, men prata desto meir, for vi trefte mange kjende.
Til middag i dag hadde vi steikt småsei av den Nils fiska i går kveld.
La meg på sofaen etter middag, og gjekk i koma. Det kan virke som om vi søv veldig mykje, og det gjer vi kanskje, men vi legg oss seint og vaknar nokså tidleg om morgonen, så det gjer godt med ein liten middagslur.
I dag fyller eldstebror på Kongsberg 13 år og er såleis gått over i tenåringanes rekker. Han har alltid vore ein snill og grei gut, så vi håper han held fram slik. Minstebror er i den alderen at han likar å snike seg med på bilde. Vi gratulerer heile familien, og Eivind spesielt, med dagen - før dagen. Og så vil vi ønske alle ein fin 17.mai.



fredag, mai 15, 2015

Dagbok 2015: 15.mai.


Dette bildet fekk eg av bror min. Dei som er kjende i Nordfjord har nok sett det karakteristiske fjellet i bakgrunnen.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er 14,4 grader C, og det har vore ein strålande dag - med tanke på vêret. Eg vakna tidleg og stod relativt tidleg opp, sidan eg såg det fine vêret. Etter frokost tok eg helgavask på bad og kjøkken, men støvsuginga tek eg i morgon. Var ute og prata med naboar, og så brukte eg kantklipparen på grensa mot naboen.

Nils har eit voldsomt lidenskapeleg forhold til plenar. No har han gjødsla og klipt og tatt opp løvetenner i fleng. Han plar gjødsle rikeleg kvar vår for å unngå mose, det brukar å resultere i stygge brune flekkar som varer halve sommaren. Men i dag måtte eg skryte, for ein gongs skuld: Plenen er perfekt! Det har regna så mykje at gjødselen ikkje har fått "brenne" graset.
Eg var spent på korleis eg ville føle meg etter turen i går, eg har jo knapt gått ein skikkelig tur på aldri så lenge. Faktisk vart eg ikkje så låk som eg frykta, men eg får ta det litt forsiktig heretter, gå kortare turar innimellom. Eg har sjøvsagt vondt både her og der, med det er til å leve med.
Etter lunsj la eg meg ut på solsenga med lydbok, eg har lært meg til at ein må nyte sola mens ho er framme. Sjølvsagt somna eg opp til fleire gonger, men eg har i alle fall fått lese to plater av ei ny krimbok som eg henta på biblio på onsdag.
Sidan vi skulle ha kokt lange i dag, var det Nils som var kokk; vi er nettopp ferdig med middagen og no er kaffien klar.
Sola skin framleis, men det har kome eit tynt lag av skyer på himmelen. Tenk om ein hadde fått slikt vêr på 17.mai.
No fann Nils ut at han skulle ut og sjå etter båten og dorge småsei til agn på lina. Då får eg ta fram støvsugaren-!

Bilparken i Starevegen veks

torsdag, mai 14, 2015

Dagbok 2015: 14.mai

Klokka har passert 19.00, temperaturen er ca +10 grader C, det er framleis skya, men sola er framme av og til. Typisk vêr her: regn om morgonen, sol om kvelden.
I dag hadde eg ein liten jobb å gjere, eg skulle distribuere nokre skriv frå pensjonistlaget til dei som ikkje var på møtet sist tysdag. Eg laga eit lite følgjeskriv med forklaring og sende med. Nils tok først ein tur i nærområdet. Resten tok vi pr. bil. Sidan eit par av breva skulle fram i Bjørdalen vart det ein liten tur dit også. Og då måtte vi sjølvsagt ta ein tur langs vatnet fram dit som raset hadde gått. Vi har ikkje vore der sidan vegen vart reparert, sist vi gjekk der kraup vi på alle fire gjennom stokk og stein.Vi visste at vegen var reparert, så vi ville gå inn og sjå, og så snu tilbake. Men raset var lenger inne enn eg hugsa, så vi gjekk like godt rundt heile Dalsvatnet.

Ned mot vatnet.

Fjellsida.



Det hadde gått ras på andre sida av vatnet også, og der hadde dei laga veldig fint til, dessutan utvida vegen og lage gode grøfter. Dei hadde laga fin mur og "klappa til" med mold, så spørs det kor lenge det får ligge slik.



Det er lenge sidan eg har gått særleg lange turar, så no spørs det kor eg føler meg i morgon. Hadde i alle fall ein fryktelig lårkrampe då eg stod opp frå sofaen etter middagskvila. Det er merkeleg med vegen rundt Dalsvatnet, før var den heilt flat og lett, no observerer eg diverse motbakkar.
Til middag i dag vart det kjøtkaker. Finn så ymist når vi rotar og ryddar i frysarane, og så lovar vi kvarandre at heretter skal alt merkast- med dato.
I dag kan vi gratulere Ruth med dagen.
(Hadde ikkje kamera med meg i dag, så bilda er tatt med Nils sin mobil.)

onsdag, mai 13, 2015

Dagbok 2015: 13.mai

Klokka er ca 22.30. Temperaturen ute er +5,4 grader C. Det har vore overskya og regnbyger i dag.
Den første jobben min i dag var å skrive referat, det gjekk relativt greitt. Så laga vi oss eit måltid før vi sette kursen mot Nordfjord. Det passa særs dårleg med ferja då vi kom til Volda, så vi ville køyre rundt-- vi tok like godt vegen om Hornindalen, for der var beste vegstandarden. Men det er tydeleg at vegane slitest, for langs Hornindalsvatnet var ikkje vegen så fantastisk lenger.
Vi var ein tur opp på gravplassen før vi landa i Alleen hos bror min. Etter kvart kom fleire av storfamilien innom, det er ikkje så ofte vi ser kvarandre, så det var stas. Vi prata og prata, så det varte ei stund før vi kom oss av garde att.
Men eg skulle først ta nokre bilde. Dessverre var batteriet til kameraet tomt, så det blei berre eit par mobilbilde av laber kvalitet. På det øvste ser vi huset til bror min og familien, det som han overtok etter besteforeldra våre.(Det ser svært malingslite ut på  bildet, men det er det ikkje). Så tok eg bilde av huset der Marit budde siste året ho gjekk på gymnas på Eid. Håper ho finn det neste gong ho er på Eid.
På heimvegen stakk vi innom Margrete, og så køyrde vi rundt Austefjorden heim att. Så vi har hatt oss litt av ein runde i dag. Takk til alle som tok godt imot oss. De er velkomne innom her når det høver slik. No har vi ferie-trur eg.


tirsdag, mai 12, 2015

Bok nr. 38 - 2015: Segelfoss by.



Segelfoss by av Knut Hamsun (Lydbok-CD)
Boka er en fortsettelse av Børn av tiden og ble første gang utgitt i 1915. Med humor og ironi skildrer Hamsun et lite samfunn i Nordland på slutten av 1800-tallet. Med samfunnssatiren retter Hamsun kritikk mot det moderne som følger industrialiseringen, og gjennom sin "talsmann", telegrafist Baardsen, får Hamsun fram de positive sidene ved det gamle bondesamfunnet. I "Segelfoss by" fortsetter Hamsun skildringen av den økonomiske og sosiale utvikling rundt det gamle Segelfoss gods som han hadde begynt på i "Børn av tiden" (1913). Segelfoss utvikler seg til en småby med hotellvirksomhet og et blomstrende forretningsliv, industri, avis og sakfører. Arbeiderklassen får mer makt, og hr. Holmengraa på Segelfoss gods mister sin autoritet. Mange opplever at både fellesskap og trivsel forsvinner.
................................................................................................................
No har eg lese dei to bøken til Hamsun som eg lånte. Om dei vil eg seie: Dette er litt artige bøker fordi dei ironiserer det som skjedde i det samfunnet gjekk over frå å vere eit "bondesamfunn", til å bli meir urbanisert og pengestyrt. Som kjent var Hamsun litt av ein bonderomantikar som ikkje likte alle endringane. Handlinga i bøkene er nokså stilleståande, det er språket som er det mest interessante-i alle fall for meg. Han brukar det blomstrande og mangfoldige nordnorske språket for alt det er verdt. Replikkane er kostelige. Bøkene minner mykje om "Rosa og Benoni" som eg rett nok ikkje har lese, berre sett på TV. Opplesaren er berre fabelaktig, utan han hadde eg kanskje ikkje kome til vegs ende. Det har forresten tatt si tid å lese denne boka, men det er fordi eg har hatt mykje anna å styre med.

Dagbok 2015: 12.mai


Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er +12  grader C. Det er skya med opplett og ganske fint no. Tidlegare i dag hadde vi kraftige regnbyger.
Vi er nyss komne heim frå pensjonistmøte, det siste før sommarferien. Det gjekk bra denne gongen også, med eit program som i alle fall vi likte: Per Jansen med program om Evert Taube.
Ved bordet vårt sat: Lisbet Sæter og Jan Magne Dahle, Eli og Terje kjøde, Barbro Ose og Per Andreassen,Kristin Graff, Per Jansen + Nils og eg. Skal ikkje antyde noko politisk- men går ein nokre år tilbake i tid.......
Elles går det meste av dagen med når vi har desse møta. Etter at eg hadde vaska håret etc. reiste vi nedover, handla litt og henta songbøker på Bakk-Ola før vi stilte på Kulturhuset  og dekka bord m.m.
Vi hadde ein liten matpause og ein strekk på sofaen heime før vi stilte opp att på Kulturhuset klokka 15.30.
Med det same vi kom heim, kom Jørn, for Nils hadde lova å vere med han og ha ut båten.
Eg er enno litt sløv etter forkjølinga, hostar og snufsar gjer eg også, så eg trur ikkje eg orkar å begynne å skrive referat i kveld.Eg må "tøme haudet" litt først. Så snart eg er ferdig med referatet blir det "sommarferie".

mandag, mai 11, 2015

Dagbok 2015: 11.mai

Klokka er snart 19.00,temperaturen ca +12 grader C. I dag har det vore overskya og delvis regn, men grasvoksteren er god.
I dag har det vore arbeidsdag og innedag i pensjo-heimen. Ja, Nils har no vore eit par ærend, men eg har ikkje vore utfor døra.
På føremiddagen kokte eg plommesylte av frosne plommer frå i fjor. Nils fylte sylta på glas og bar den ned. 4-5 kilo plommer og ca 0,6 kg sukker var oppskrifta. Plommene var søte i seg sjølv. Så kan Nils ete litt syltetøy også.
Elles baka eg 8 brød, og gjorde litt "kontorarbeid" innimellom. Nils av-isa den store frysaren i kjellaren, som var nesten tom. No er det berre å fylle opp att. Vi prøver å passe på at det ikkje vert liggande att mat som blir for gammal.
Frysedelen på kjøleskapet på kjøkkenet har ein tendens til å bli fylt opp med diverse restar, men når ein bakar brød, kan ein vere litt kretiv. I dag vart det heil-grove brød med vaniljeis (varma i mikroen)- dei smakte fortreffelig. Grensa går ved "balljesåd" seier Nils, men eg veit at det vart brukt i brød før i tida.(Kanskje no også?)
Til middag hadde vi fiskekaker frå den før omtala frysaren. Heilt grei mat.
Vi klarer å fylle dagane med relativt fornuftige aktivitetar, men vi kjem liksom aldri i mål.Det er mykje arbeid som står på vent. Alltid. 
I morgon er det det siste pensjonistmøtet før sommarferien. Vi har jobba litt meir enn vanleg med pensjonistsaker siste tida, sidan Nils har vikariert for kasseraren i tillegg til det vanlige.
I morgon kjem Per Jansen med program om Evert Taube. Han har vore her før med Prøysen-program og det var veldig kjekt, så eg reknar med det går fint i morgon også. Vi starar dagen med borddekking klokka 12.00, og så begynner møtet klokka 16.00.
Eg synest det er veldig kjekt at eg framleis kan vere blant dei som er aktive i styret. Eg vil heller vere det enn berre publikum. Kjekt så lenge ein er brukande til noko, tenkjer eg.
No held sola på å kome fram, litt i seinaste laget, synest eg.

søndag, mai 10, 2015

Dagbok 2015: 10.mai

Klokka er 20.35, temperaturen ute er vel 10 grader C, og vêret er lettskya og fint. I dag tidleg hadde eg forventa finevêr og sol, då regna det, men det betra seg utover dagen. Det er første sundagen på lenge utan fastsett program, så vi var litt i villreie om korleis dagen skulle brukast. Men Nils skulle ha fleire forsyn og onglar på lina. så han hadde ein jobb å gjere. Eg fann no litt å styre med i huset, og så laga eg tidleg middag. Etter at vi hadde slappa av etter middagen, begynte Nils å egne lina med frosen makrell frå i fjor, så då gjekk eg ein tur rundt storebakken. Eg er i dårleg form, men kom meg no rundt og heim att, så det er håp! Sette meg ut på tunet og etter ei stund kom Marit og vi fekk oss ein lang prat. Tok nokre bilde på turen min, fotoapparatet har den evna at det DREG meg framover.Og i dag var det fint fotovêr.Som de ser av bilda mine er det uvanleg mykje snø i fjella i år.

Fin skråning i Starevegen.

Mykje snø i fjella.

Starevegen mot kveld.

lørdag, mai 09, 2015

Dagbok 2015: 9.mai

Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 12 grader og det er sol og nydelig vêr. Eg kom nettopp inn att etter å ha lege på solsenga med lydbok ei stund.
Nils og Jørn reiste til Fosnavåg klokka 9.30 i dag for å hente båten til Jørn, den var på sørvis. Dei kom heim att utan båt, men Nils hadde fått kjøpt seg nokre onglar m.m.
Mens han var vekke fekk eg vaska litt og shina opp huset og meg sjølv til helga.
Vi tok ein liten tur nedover for å handle, det var ikkje så mykje vi skulle ha i dag. Vi såg at nokon hadde ringt til oss mens vi var vekke, og det var Margrete. Då eg ringde henne opp att var ho på ferja. Ho og Charlie kom oppom og fekk kaffi og vaflar. Ja, Charlie brydde seg ikke om kaffi,då.
Han fekk ikkje så gode skussmål for utsjånaden på utstillinga, men oppførte seg eksemplarisk. Der var visst minst 60 hundar av samme rase, så det skulle litt til å gjere seg bemerka. VI synest no han er nydelig.
Då vil eg ønske alle ei god helg, det vart gløymt i går. Og dei yrkesaktive kan no sjå fram til mange ekstra fridagar komande veke. Håper på godvêr.

fredag, mai 08, 2015

Dagbok 2015: 8.mai

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 6 grader C. Vi har nettopp hatt oss ein liten tur ut i hagen, mellom regnbygene. Nils ser mest på plommetrea, jordbæråkeren og plenen, det er liksom hans ansvar. Eg ser no litt på diverse blomster og busker, og lurer stygt på korleis eg skal få vekk ugraset. I år blomstrar det nye Victoriatreet skikkelig, så no håper vi på frukt. Det treet har vore klipt av gartnar kvart år heilt sidan det vart planta, så vi håper det skal bli finare på skap enn dei andre.

Vi har tre Opaltre oppe på plenen som er meir og mindre skamklipte, men sjølv eit gammalt tre kan kome med nye skot og blomster.

Rhododendronen, eller strengt tatt er det vel ein hageasalea, er litt seint ute i år, men no kjem den også i blomst. Det meste er seint ute i år.Det er utruleg kor mange grønfargar som finst i naturen. Det er "Fifty shades of green".

I dag var det "Verdens aktivitetsdag" på Bakk-Ola, for den eldre garde. Vi får berre venne oss til at det er der vi høyrer heime no. Datoen er eigentleg den 10.mai, men aktivitetssenteret er stengt i helgane.
Derfor fall dagen i år saman med frigjeringsdagen, noko som både Eli og ordføraren nemnde i talane sine. Eg synest det er rart at eg kan hugse 70 år tilbake i tid! Hugsar så tydeleg då besten heiste flagget og eg såg eit norsk flagg for første gong.
Etter at leiaren i pensjonistlaget og ordføraen hadde halde talar, fekk seniordansarane vise oss to fine dansar. Det var ingen slinger i valsen der, sjølv om fleire av dansarane er nærmare 90 enn 80 år. I den tredje dansen fekk publikum vere med, og sidan der var folk frå opplæringssenteret og hjelpte til i dag, vart det eit fargerikt fellesskap. Så gjekk vi trimrunda. Eg kom meg rundt den lengste løypa i år også, ein får vel vere glad over at ein i alle fall greier det.
Etter strabasane var vi inn på kafeen på Bakk-Ola og kjøpte mat. Dei serverte betasuppe, blant anna, men vi kjøpte berre sveler og kaffi.Ei gruppe med toradar-spelemenn frå Volda spelte eine slåtten føre og den andre etter. Nokre av pensjonistane dreiv det så langt at dei dansa, på den vesle plassen som var til overs.
Eli lurte på korleis dei unge afrikanarane opplevde å vere i lag med oss. Dei er nok vane med andre dansar og rytmer.
Vi for rett heim etter at det var slutt på Bakk-Ola, for vi hadde handla før vi gjekk dit. Blant anna hadde vi brukt alle rabattkupongane på Coop. Blant tilboda var det ein stor pizza, så det vart middagen i dag.
I morgon før middag skal Nils vere med Jørn ut i Fosnavågen og hente båten hans.Elles har vi ikkje så mange planar før vi kjem til tysdag. Litt uvant, etter alt som har vore i det siste. Vi er ikkje heilt bra etter forkjølinga, men eg har friskmeldt meg sjølv no.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...