tirsdag, mai 19, 2015

Dagbok 2015: 19.mai

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er + 14 grader C, det har stort sett vore overskya i dag, men ikkje nedbør.
Vi var ikkje så energiske i dag som i går, men litt har vi no utretta, om det er viktig? Nils starta dagen med å skaffe seg ei ny reim til grasklipparen, og så fekk han den i orden igjen. Det er altfor tungt å skubbe den klipparen i motbakke.
Eg fann ein haug klede som eg strauk mens eg høyrde lydbok. Eg hadde eit ærend på biblioteket for å hente ei bok, og så ville eg til Volda for å kjøpe lestegarn. Eg kan ikkje strikke så mykje som eg har lyst til, men litt kan eg no hengre fingrane borti.
Som alltid når vi er i Volda i "lunsjtid" vil Nils ha Kina-mat, ja, det vil no eg også, sjølvsagt. I dag vart det "dagens", som var mistenkelig lik den retten vi oftast kjøper. Kina-dama "vår" ville no vite om det var døtra vår vi hadde med oss sist vi var der, osv. Vi er blitt godt kjende etter kvart.
Eg likar godt Regia lestegarn, relativt tynt, som eg strikkar på pinnar nr.3. I dag kjøpte eg einsfarga, så kan eg stripe med diverse restar om eg vil. Viss de lurer på kvifor eg har kjøpt den lys-beige fargen, er det fordi den liknar litt på heildekkingsteppet på stova, så slepp vi at det ligg ulldottar og "skin" på golvet.(Eg er litt smart ?)Fargen er ikkje heilt som på bildet.
Vi var også innom Tussa og snakka med dei om telefonterroren som vi er utsette for. Kvar kveld/natt klokka 1.00 ringer telefonen - lenge. Vi har for lengst slutta å ta telefonen, men då vi gjorde det, kom der ikkje noko tal på displayet. Dei jobbar med saka, men det er visst ikkje enkelt.
Vi hadde ein pause då vi kom heim, så eg fekk lese ut lydboka mi og blogga om den. Så har eg hatt ein heil jobb med å rippe dei tre bøkene eg kom heim med i dag. Mens eg rippa fekk eg strikka nesten eit heilt lestebrot.
No skal eg begynne på den islandske krimromanen eg lånte i dag, trur eg. Men først skal eg sjå hageprogram og MGP ! Nils skal på styremøte i SV.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...