onsdag, mai 20, 2015

Dagbok 2015: 20.mai

Klokka er 17.40, temperaturen ute er + 9,4 grader C, og vi har atter ein gong fått snø langt ned i fjella. Elles har det styrtregna det meste av dagen.
Om det er vêret si skuld, eller det faktum at eg strikka litt i går, som gjer det, veit eg ikkje, men i dag har eg verkt ganske mykje i venstre hofte og fot. Eg toler ikkje så godt vått vêr så eg vurderer ein ørkenferie.
Vi hadde ingen spesifikke planar i dag, men eg har mykje på vent. Eg kunne ha gått laus på vaskekjellaren, men det frista liksom ikkje.
Men bake brød, det går an om ein ikkje er i toppform. I dag vart det tre Ingers-lenge sidan eg har hatt det no.
Mens brøda heva begynte eg å male. Det er litt restriksjonar på malearbeid her i huset, for Nils toler ikkje dunsten. Men no hadde eg altså kjøpt ein boks kvitmaling som var garantert luktfri, penslar hadde eg også handla inn, så i dag begynte eg så smått. Planen er å få mala vinduskarmane, ev. dørlistene etc. Mala ein vinduskarm i dag, flikka nokre lister og mala badinnreiinga. Alt vart gjort fort og gale, -det er min måte. Så får vi sjå korleis det går, om Nils reagerer på ev. avgassar.(Eg likar i grunnen godt å male).
Han kokte tidleg middag, i dag var det kokt lange, og eg vart liggande ganske lenge på sofaen med lydbok etter måltidet. Elles har eg lagt i hop klesvask, vaska opp, etc.etc. slikt som ein gjer kvar dag.Når ein er pensjonist går dagane med til det arbeidet ein gjorde på "fritida" før.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...