tirsdag, april 30, 2019

Dagbok 2019: 30.april.





Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 15 grader. Sola har omsider kjempa seg gjennom skodda. Då eg stod opp i dag vart eg litt forundra over av det var så sid skodde, men det er nokså typisk.
Eg hadde ikkje noko spesielt på programmet i dag, så eg vart sittande å lese litt og så fekk eg løyst sudokuen i Møre-Nytt. Fekk melding frå Bodil at ho og Svein ville komme på besøk, og det var no veldig hyggeleg. Svein føler stort ansvar for bilen min, sidan det var han som ordna kjøpet, så denne gongen kom han med fullt utstyr og skifta om til sommardekk. Det var finare felgar på dei enn på vinterdekka. Han hadde også med seg utstyr til å måle lufttrykket og fylle på det som mangla. Bodil hjelpte meg med å finne fram på nettet, så det var reine hjelpekorpset som kom her i dag. Eg steikte sveler og kokte kaffi, det var mitt bidrag. Dei kunne forresten fortelle at det ikkje var skodde på Eid, men slik er det ofte, for det hugsar eg frå den tida eg var meir på Eid enn no. Dagen har gått så fort som ein røyk, og eg har ikkje gjort noko, så no skal eg ut og orne med diverse, trur eg. 
I morgon skal eg på 1.maitilstelling i Volda, Margrete hentar meg kl.12.
……………………………………………………………………………………………………………………………….
Freistinga vart for stor. Eg starta klipparen og klipte plen innafor, nedanfor og utafor huset. Skråninga og plenen opp mot vegen skal eg ta ein annan dag.



mandag, april 29, 2019

Dagbok 2019: 29.april




Feiesett 100 kr.

Klokka er 18.40, temperaturen er + 19 grader C og det har vore ein nydeleg sommardag med mykje sol.
Eg vakna tidleg i dag og stod tidleg opp, ikkje fordi eg hadde lyst, men fordi eg verkte i knea. Etter frokost var eg sittande å sløve i ein stol. Så bestemte Marit og eg oss for å fare bort i Furene på Coop, der ho hadde eit ærend og så skulle vi begge handle litt. Etterpå hadde eg tenkt meg på Plantasjen, men det vart Felleskjøpet i staden og der fekk eg kjøpt meg mold til ein bra pris. Marit hadde ærend på apoteket, og eg hadde også eit ærend på Amfi. Der trefte vi mange andre eldre damer som vi begge kjenner. Eg fann fort det eg skulle ha på Europris, nemleg kost og brett-eller Feiesett som det heiter. Kost hadde eg for så vidt frå før, men kvar gong eg har kosta i garasjen eller i tilbygget, har eg sakna eit brett. "Sårpbrett" kalla vi det heime i gamle dagar. 
Sidan eg hadde ei potet att frå i går, kjøpte eg meg eit stykke spekeskinke, det er god sommarmat.
Eg prøvde ut den retten i dag, og etterpå la eg meg på solsenga med ei bok. Og sovna. Klokka var 16.00 før eg kom meg på beina att. Då tok eg spanskleksa før eg gjekk ut og jobba litt. 
Tok moldsekkene ut or bilen og over i trillbår for frakting nedom huset. Eg har ei hole som skal fyllast, men tenkte å ta noko ringare mold først og den fine øvst. Skal også ha mold på nokre berre flekkar og så i, må då må det først komme nedbør. Stakk eit par bytter med løvetann og anna ugras. Det er tidleg vår, plommetrea er snart ferdigblomstra og no er det like før epletreet er i fullt flor. Skogen er grøn langt oppetter fjellsidene, og tankane går til diverse 17.mai-ar då ein måtte reise ut på Vartdalstranda for å hente bjørk til å pynte med ute. Det er  redd for no er at vi får frost som øydelegg. Der bur ein liten bode i dei fleste. Eg prøver å ver mest mogleg ute så lenge som finevêret varer.

søndag, april 28, 2019

Dagbok 2019: 28.april

Klokka er 18.10, temperaturen er + 18 grader, det hadde regna sist natt,  i dag har det vore opplett, men ikkje sol.
Sist natt sov eg veldig godt og vakna ikkje før klokka var nærmare 9. Eg har gått her heime og vimsa åleine i heile dag, likevel har dagen gått altfor fort,- men det er no ei stund til leggetid enno.
No har eg vore ute ei stund. Først stakk eg løvetannrøter til eg hadde ei full bøtte, då gjekk eg over til å dra skvallerkål ut frå bringebæråkeren. Gjorde meg ikkje ferdig der heller. Gløymde å ha på meg hanskar, som vanleg, og hendene ser ut deretter.
Eg har sett ut papirdunken, for eg fekk melding på mobilen at dei skulle tømme mandag i staden for tysdag. Dunken min er tom. Så lenge eg fyrer litt i omnen av og til, så brukar eg papir til kveikje. Naboar som har papirboss er hermed invitert til å fylle opp.
Tidlegare i dag har eg sete og strikka og høyrt radio, eg har kava med ein Sudoku som eg ikkje har greidd å løyse enno, og så har eg laga meg middag og vaska klede og hengt ut. Ja, innimellom er eg inn på datamaskina for litt "Spanish With Paul." Med andre ord så har eg stort sett slappa av.  Men det er vel det ein skal gjere på Kviledagen-når ein ikkje kan gå tur.
Eg kunne ha vore på korkafé i dag. Marit skulle. Janne dirigerer i alle fall to kor, og i dag var det song og mat på kulturhuset. Eg hadde lyst, men ikkje tiltak. 
Onsdag 1.mai skal eg til Volda, det er ein tradisjon. Nils sine partifeller var der alltid første mai, og dei siste åra vart eg med Nils. I fjor var eg der i lag med Margrete. Det er alltid kjekt der, og eg kjenner no mange av SV-arane både i Volda og Ørsta. Mange av dei møtte fram i gravferda til Nils. Eg har stått som listefyll på SV-lista i mange år, men no har eg meldt meg inn i partiet, og står  på nest siste plass. Anders Roald (H) og eg er dei to eldste som står på val, begge er vi født i mars 1940. Han er 8 dagar eldre enn eg. SV i Ørsta har ei veldig dyktig dame i Marit Aklestad. Ho er flink!Margrete er no i kommunestyret i Volda for AP, men tilstellinga er eit samarbeid mellom dei to partia, derfor kan vi gå  lag.
I morgon trur eg at eg må komme meg bort på Plantasjen og handle litt av kvart som eg treng i hagen. Eg kjøper ikkje plantar som kan fryse for eg har høyrt at det skal bli kaldt om nokre dagar. men eg treng andre ting. 

lørdag, april 27, 2019

Dagbok 2019: 27.april






Klokka er 18.55, temperaturen er + 17 grader C og det er ganske mange skyer på himmelen. Tidlegare i dag var det sol. Det er sommarleg og fint. Ikkje så ofte vi har sommar i april.
Eg hadde som mål for dagen og klippe resten av tomta i dag, dvs. graset. Men først måtte eg kjøpe bensin på kanna mi, og det var for gjort. Det var ein ganske bra jobb å klippe alt graset, men eg kom i mål. Det var mykje gras og eg måtte tømme mange gonger. For kvar tømming tok eg ei lita pause, for det røynte på knea.
Då eg kom inn att fekk eg melding frå Solveig om at ho ville ta ein liten tur innover og kjøpe seg nokre klede på ein butikk her. Ho er fast kunde der.
Vi for i lag ned på Amfi, og ho fekk kjøpt seg bukse. Eg skulle berre ha nokre småting, og så kjøpte vi oss kake og kaffi i kafeen. Ho kjøpte nokre gåver, og eg fann ei veske eg likte , så eg kjøpte den. Dei veskene eg har er stygge og slitne.(Dårleg behandla !).
Matvarer kjøpte vi på KIWI i Vik.
Etter at Solveig hadde reist vart Marit og eg ståande og prate oppe på vegen. No er eg komen i hus, og skal slappe av resten av kvelden, dvs. eg er ikkje heilt ferdig med spanskleksa.



                                    De ser vel at der er ein liten raud lapp?

fredag, april 26, 2019

Dagbok 2019: 26.april



Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 22 grader C, det er fint lettskya vêr og no har sla vore borte ei stund for å komme att til kvelden. Dette har vore ein ekte sommardag i Starevegen, med hagearbeid og prat med naboar. Vi får nyte kvar dag, for det er meldt minusgrader neste veke. Eg håper det er feilmelding, for blir det kaldt no kan mykje bli øydelagt, og då tenkjer eg på plantar. Eg har ikkje planta mykje, men her er ein del frå før som er kome vel langt for årstida. Kamera mitt funkar ikkje som det skal, så det er vanskeleg å få fine bilde å legge ut. Bildet av rabarbraen er bra, og den er såpass stor no at eg godt kan bruke den til syltetøy eller dessert. Eg har vatna den nesten kvar dag.
I dag har eg dessutan reinska opp litt i bedet ved garasjen. Det bedet var fullt av avblomsta "blåblomster". Kan ikkje gjere det heilt fint, for då kan det gå med diverse anna også.
Før eg gjekk ut i dag vaska eg grundig på bad og kjøkken; støvsuging av teppegolv får vente. Marit var ute og reinska ugras, så eg måtte ut og prate med henne, så kom den 2. Marit og det vart meir prat. Eg måtte også bort og prate med naboen som hadde ei rot som skulle opp. Treet var saga ned i fjor, men rota hadde godt feste. Eg er sjølvsagt ekspert på å ta opp røter også, har mange års erfaring med slikt. Eg har for det meste vore tilskodar, eg skal innrømme det. Rett nok tok eg nyleg opp ei rot, men det treet hadde velta og rota var delvis oppe frå før. No i kveld ser eg at rota til naboen er kome opp av hola, så eg lyt få greie på korleis det gjekk til.
Skrekk og gru-i dag fann eg ut at eg hadde brukt feil førenamn på ei dame som var med på møtet eg skreiv referat frå. Eg sende henne ei unnskyldning for eg rekna med det var for seint å endre noko når avisa skal kome ut i morgon. Men somme gonger er ein heldige. Eg plar aldri få tilbakemeldingar frå avisa, men i dag skreiv redaktøren ei hyggeleg helsing til meg og skreiv også at referatet kjem i avisa på tysdag -og då greip eg sjansen og fekk retta namnet frå Hilde til Berit, som dama heiter.
I tillegg til å luke har eg også vatna i dag. Marit og eg hadde tenkt oss ein tur nedover i dag, eg skal kjøpe bensin på kanna og så har vi andre ærend. Men vi utsette det til i morgon eller ein annan dag. Det er den bensinen det hastar med, for no er det alle rundt omkring som klipper plen.
Etter at eg hadde ete la eg meg ut på altanen med ei bok og då ringde det på døra. Eg kjende ikkje dama som stod der og akkurat då hugsa eg ikkje kven som skulle komme i dag. Det var ei av venninnene til Margrete, den gjengen ser enno for mitt indre blikk som småjenter - men dei er no 50 år minst. Ho kom med noko som Margrete skulle ha, og som Margrete hadde orientert meg om. 
No er det fredag igjen, og det er ikkje så lenge før eg sig ned i ein stol framfor TV-en med strikketøy. Eigentleg har e mest lyst å vere ute, men no kom eg på at eg ikkje har gjort spanskleksa mi enno. Cada dia! Eg er streng med meg sjølv.
Ønsker alle ei god helg! Og så er det 1. mai på onsdag! Og då møtest somme av oss på valen-"seieren vet vi at vi får!"




torsdag, april 25, 2019

Dagbok 2019: 25.april




Klokks er 17.40, temperaturen er + 23 grader - det er sol og sommar ute. tidlegare i dag var det litt skya og heilt klårt er det ikkje no heller.
Dette har vore ein litt tullete dag, har rota vekk mykje tid til ingenting.
Ret etter frokost sette eg meg til å skrive referat frå møtet i går, skreiv på Word, som vanleg og lagra som vanleg. Og så fann eg ikkje att innlegget. Dette har hendt meg ein gong før, og eg burde ha lært at eg må passe på overskrifta. Eg har truleg hatt samme overskrift som ein gong før, og dermed forsvann innlegget for meg og eg fann det ikkje att same kor eg søkte og leita. Til slutt måtte eg bite i det sure eple og skrive heile greia om att, ca. 800 ord. Å prøve å skrive det same ein gong til er ikkje kjekt, men eg hadde spart tid om eg hadde gjort det straks. Då eg endelig var ferdig og hadde sendt manus til avisa, måtte eg ha mat.
Eg har diskutert litt med naboar om det hadde vore lurt å klippe plen no. Mange av oss har masse ugras i plenen i form av engkarse som ragar høgt over vanleg gras. eg bestemte meg for å ta den flate plenen nedanfor huset i dag. Eg gløymde å kjøpe bensin i går, så eg tok den gamle el-klipparen. Den er grei nok på flata men ikkje i bakken, for den har ikkje "drag"- og så er det eit styr med dei leidningane. Marit U var ute så vi vart sittane å prate ei stund. Eg var nøgd med plenslåtten og nøgd med at eg greidde den med mine dårlege kne. Då eg kom inn att tok eg ei kvilestund med Spanskleksjon nummer 3. Tek samme programmet om att mange gonger før det sit sånn nokolunde.
Det er mange som har fødselsdag i april, mellom anna dei tre svigerinnene mine, og i dag er det svigerdottera Wenche  som feirer dagen sin i Kongsberg Vi gjer det lettvint med gratulasjonane her i huset, det blir som regel ei helsing på Facebook og kanskje på blogg.
Gratulerer med dagen, Wenche !


onsdag, april 24, 2019

Dagbok 2019: 24.april

Klokka er 20.15, temperaturen + 18 grader og enda ein nydeleg dag har gått over i historia. Sidan eg har kluss med kamera , blir det berre eit mobilbilde i dag også. Den mumifiserte frosken fann eg i hagen i dag då eg var ute og tok opp løvetannrøter, eg trudde først det var eit plastleiketøy. No heng har på ein tørr stad til vidare foredling. Sjå berre på dei grasiøse beina!
I dag før middag vart eg sittande å strikke ei stund, for eg skulle nedover i 11-tida, så det var ikkje nødvendig å begynne på noko arbeid. Eg er så fri no som eg køyrer sjølv, så eg for nedover tidlegare enn eg hadde tenkt, så då dei andre kom hadde eg fått koppar og fat utover alle borda, dei andre hadde baka kringler og kransar som vi skulle ha til kaffien på møtet, så det var berre rett og riktig at eg tok min tørn.
Då eg kom heim att laga eg meg litt mat-etter ein snartur i hagen- og så la eg meg ut på solsenga og kvilte litt. Eg søv ikkje så godt om nettene, så det hender eg sovnar på dagtid om eg legg meg i sola, eller om kvelden framfor TV-en. I går oppdaga eg at eg hadde eit skrubbsår mellom augo, eg trur eg må ha sovna med brillene på.
Då klokka nærma seg 16.30 køyrde Marit og eg i MIN bil til pensjonistmøtet. Det var bra mange frammøtte, eg ser at det kjem nye til i laget, men at fleire "fell i frå"- dei treng ikkje å vere døde for det, men dei greier kanskje ikkje å kome seg på møta. Og alle ein spør er for unge til å begynne, eller så har dei så mykje anna å styre med.
No er eg godt kjend med dei fleste etter kvart, og det er nesten rørande kor glade dei er for at eg har begynt å køyre bil igjen. Ja, nokon elitesjåfør er eg ikkje, men det var eg ikkje før heller.
Det var eit koselig møte, men på grunn av misforståingar var det ingen som kom for å lage kaffi og vaske opp, så det var det folk i styret som måtte ordne med. Min jobb blir å skrive referat i morgon. Ikkje heilt enkelt å gjengi kåseriet til Terje, men jammen gjekk dei glipp av mykje dei som ikkje møtte fram.
Etter møtet var Marit og eg på Spar og handla før vi for heim- vi er glade for vi har kvarandre og kan hjelpast åt. 
No skal eg slappe av med ein ny lest som eg skal legge opp i kveld - og felle av i morgon, eg har felt av ein i dag også. 
Eg hadde tenkt å kjøpe bensin til klipparen i dag, men gløymde å ta med kanna. Men.......eg har ein elektrisk klipper også eg. Graset og særleg ugraset begynner å bli høgt.

tirsdag, april 23, 2019

Bok nr.11- 2019:Gylne tider

Eg har lese dei fleste av Jan Mehlum sine krimromanar som lydbøker. No har heile serien om advokaten Sven Foyn kome i Pocket-utgåve ser det ut til. Dei to første fekk eg av Einar til bursdagen min, og no har eg lese den første, som kom ut første gong i 1996. Eg likar måten Mehlun skriv på og har stor sans for sarkasmane og sleivesparka hans. Mykje av handlinga går for seg i heimbyen til forfattaren, nemleg Tønsberg, der har eg no vore nokre gongar-men kan ikkje seie at eg er kjend der. 
Det kan i første omgang virke som om det berre er spenning og eventyr, men han har alltid ei meir seriøs meining med det han skriv. Eg ser fram til å lese neste bok på papir. "Kalde hender" heiter den og er frå 1998.

Dagbok 2019: 23.april

Klokka er17.30, temperaturen på trappa er +21 grader C og sola skin!
Etter at eg hadde ete middag la eg meg ut på altanen på solsenga, las og sov ei heil stund, men så vart det for varmt, så eg måtte inn og drikke. No skal eg om ei lita stund ta inn ein klesvask og henge ut ein ny, og så blir det kanskje litt meir hagearbeid. Eg er ikkje så sprek som eg har vore dei tre siste somrane, så det er bra at eg gjorde såpass mykje i fjor at det ikkje er så mykje som må gjerast. Dette blir den fjerde sommaren eg er åleine om hagearbeidet.
Det første eg gjorde i dag etter at eg var ferdig med morgonstellet, var å plante dei tre buskene eg kjøpte i går nedanfor garasjen. Tulipanane eg fekk av Solveig vart også planta der i håp om at dei kjem att neste år. Så tok eg ein sekk eg hadde med kugjødselkompost og strødde oppå det bedet og eitt til. Til sist vatna eg godt.
Så tok eg og stakk opp nokre løvetannrøter, før eg hengde ut klesvasken. Innimellom prata eg med tre av nabodamene, når det er sol og fint utevêr blir det meir sosialt her i gata. Det er heller ikkje sikkert kor lenge vi har sola, så vi my nytte den mens vi har den.
I morgon er det møte i pensjonistlaget klokka 17. Men vi i styret møter opp klokka 12 for å dekke bord etc. Så eg har ikkje dårleg samvit om eg tek meg litt "fri" i dag. No når eg kan køyre med min eigen bil, er det ikkje problem med å komme seg nedover-slik det var før. Knea mine har ikkje vore så verst i dag, så eg har utsett operasjonen på ubestemt tid.
Eg har ikkje fått fiksa kamera mitt, så eg lyt sjå om her sleng eit gammalt fotoapparat i huset.
Har ikkje lese ut boka mi enno heller, og har ikkje hatt spansktime enno. Det er heldigvis lenge til leggetid.

mandag, april 22, 2019

Dagbok 2019: 22.april


Klokka er 19.15, sola skin og det er + 20 grader ute. Eg kom nettopp inn frå altanen der eg har lege på solsenga og lese i ei bok, delvis avkledd. Så nydeleg vêr i april! Gjev det ville vare - og vare. Har heller ikkje hatt så vondt i knea i dag-det er meir enn positivt. Det som ikkje er positivt er at eg ikkje får kamera til å virke, så bildet av eit blomstrande plommetre er tatt med ein enkel mobiltelefon.
Marit og eg var samde om å fare bort på Plantasjen i dag ,så tidleg som mulig for å unngå stor trafikk. Vi stod utanfor døra då dei opna klokka 12.00. Og vi var ikkje åleine!
Der var mykje fint å sjå, men eg handla berre ei tung sekk med gjødsel til å ha liggande i bilen ei stund, og så kjøpte eg tre rosa potentilla som eg skal plante nedanfor garasjen. Ein potteplante i form av engelsk pelargonium vart også med heim. Marit handla til krukker og kar som ho har ståande ute.
Vi tok ein liten tur frampå kyrkjegarden sidan vi var i siget. Dei har enno ikkje skrudd på vatnet der.

Eg la meg ut på altanen då eg kom heim, men Marit ringde og sa eg måtte komme opp der for ho var åleine heime i dag, og så hadde ho kokt kaffi. Vi ler litt av oss sjølve av og til-at vi kan ha noko å snakke om enno. Men går vi tomme for stoff, får vi begynne på igjen. Eg kom ned att i 16.30-tida og la meg ut att på solsenga med boka mi. Eg hadde som mål for dagen og strikke ferdig ein lest og lese ut boka- eg er ikkje i mål med nokon av delane, men spansken har eg ikkje skulka.

søndag, april 21, 2019

Dagbok 2019: 21.april

Klokka er 18.20, temperaturen er + 11 grader, det er overskya, og vi har hatt regn sist natt og i dag. For ein gongs skuld synest eg det var bra med regn, for alt som veks no treng væte.
I går og sist natt hadde eg mykje vondt i knea og hadde problem med å sove. Men då eg stod opp i dag var det ikkje så gale som eg frykta.
Likevel har eg vore veldig roleg i dag, har stort sett sete i ein stol, høyrt radio, sett TV og strikka og så har eg lese i ei krim-bok eg fekk av Einar. Har ikkje snakka med ei sjel anna enn på Messenger.
Når eg sit her  ved dataen kan eg sjå ut i hagen og registrere at både plomme- og epletre held på å få lauv, og då kjem vel blomstringa snart i gang også. Naturen fekk ei vitaminsprøyte med regnet som kom.
Eg har sjølvsagt hatt ein liten spansktime i dag også, det kan eg ikkje styre unna. Det er ikkje vanskeleg å lære frå dataen-problemet er å hugse-akkurat det blir verre med åra.
Strikka ferdig ein lest på føremiddagen, og felte av. Eg har som mål å felle av ein lest kvar dag, så eg har lagt opp ein ny som skal fellast av i morgon. Hadde eg ikkje hatt vondt i føtene hadde eg ikkje sete så mykje i ro.
I morgon kan det hende Marit og eg tek oss ein tur med bilen. Eg har automatgir, så eg treng ikkje venstrefoten- og det er jammen bra. No er påska snart slutt og barnebarna reiser tilbake til jobb og studiar, men det er no kjekt å få treffe dei av og til. Nokre av dei held seg i nærleiken også, slik at eg får treffe dei relativt ofte. 
I dag fekk eg melding om at ei "gammal" venninne var død. Eg visste at ho var sjuk og ikkje hadde lenge att. Men det er trist uansett.
Eg skriv blogg så tidleg på kveld, for når eg set på TV-en klokka 19, eller litt før, går det som regel i eitt resten av kvelden.
No er ferien snart slutt for dei yrkesaktive, for meg går det stort sett i samme tralten. Men eg klagar ikkje-anna enn på knea; må vel skifte dei ut snart.

lørdag, april 20, 2019

Dagbok 2019: 20.april

Klokka er no 18.05, temperaturen er + 18 grader C. Det har vore ein fin dag, men ikkje så mykje sol. Eg har for det meste vore inne.
I dag vakna eg tidleg med verk både i kne og hofte, eg stod opp i 7-tida, og kom meg i beina når eg kom i bevegelse, men eg går no berre og vaggar.
I dag hadde eg planlagt å vaske litt til helga, og det var høveleg vêr til lufting av sengetøy og golvtepper. Klokka ti hadde eg vaska soverom , kjøkken og bad. Då sette eg meg ned med Paul for å ha spansk-time.(Spanish With Paul på You Tube) Kan no trene dei små grå om ikkje anna.
Eg heldt på å strekke på senga igjen, då det ringde på døra og der stod to unge menn som hadde kome i kvar sin bil. Det var Håkon og Audun som kom på besøk. Eg hadde ikkje så mykje å by dei, men kaffi ville dei ha, og så fann eg tilfeldigvis ei iskake. Eg har så ymse i diverse frysarar rundt omkring, men det meste treng å tinast opp. Dei var her ikkje så leng, men det var kjekt at dei stakk innom.
Eg tok fram støvsugaren og gjorde eit halvhjarta forsøk på å støvsuge teppegolva.
Så slappa eg av ei stund med strikketøy og bok. Har felt av ein lest pr. dag no ei tid, men i dag la eg opp ein lest med tynt garn, så den kjem eg vel til å bruke minst to dagar på. Det kjem no litt an på kva som elles dukkar opp.
Marit kom ned ein liten tur før dei skulle ete middag, dei skulle ha lammesteik i dag. Eg kjøpte ikkje lammelår i år, for då må ein vere litt fleire til bords- og vi har no hatt ei stor familiesamling denne påska, så det får halde. Det kjem dagar etter desse ! Mai med alle sine høgtids og helgedagar og juni med veldig mange fødselsdagar. Eg har ikkje vore på butikk i dag-eg treng ikkje så mykje når eg er her åleine. 
Når eg skriv at eg er her åleine, høyrest det ut som om eg synest synd i meg sjølv. Det gjer eg absolutt ikkje. Eg trivast godt i mitt eige selskap og eg har alltid noko å styre med. Det spirer og gror i hagen, for eksempel, og der er nok å ta tak i. Til dømes løvetann og anna ugras som eg ikkje vil ha.
Rabarbraen veks med rekordfart, tulipanar blomstrar, gravmyrten som eg klipte heilt ned sist haust veks opp att no og har alt begynt å blomstre. Men tulipanane på trappa blomstrar av no. 
Eg har avtalt med Einar at vi skal male sprinkelveggen nedafor tilbygget før roser og klematis veks opp.
I dag er det laurdag og påskeaftan,  så då blir det sikkert mykje å sjå på TV mens eg strikkar på lesten min. Eg synest at påska kan kome like seint kvart år viss vi får like fint vêr som i år. Håper alle har hatt det bra hittil og at det  framleis blir GOD PÅSKE !
Grunnlovsdessert 17.mai ?


Trur desse små tidlegtulipanane heiter Rødhette

Her veks det tre sortar klematis, New Dawn-rose og diverse løkplantar

Dei kvite kuleprimulane har er fått med ein nabo, dei plar vere større og kraftigare enn dei er i år. Kanskje har dei det litt magert?

Gravmyrten er ein villig sort.

fredag, april 19, 2019

Dagbok 2019: 19.april





Jettefossen og Jettehølen

Elva, Rossåa, kjem frå Vallasetra, den renn saman med Ørstaelva på Velle.

Her på denne kvilesteinen sat eg og prata med ei dame eg ikkje kjende frå før, og ei som eg kjende.


Klokka er 18.30, temperaturen er + 19 grader på trappa, men eg kan ikkje garantere at det ikkje har vore ein stråle av sol på termometeret. Samme det, vi har hatt den finaste og varmastedagen hittil i vår, og bjørkene grønkast.
I dag sov eg til klokka var over 8, og det var godt. Sola kom ikkje først dagen, så eg sat og strikka og høyrde radio, til eg sette på TV og såg gudstenesta der. Må  få kjensle av helg her eg går og surrar, forresten var det ei fin og enkel gudsteneste med vakker solosong og ein blind prest.
Etterpå tok eg på meg den tjukke genseren og køyrde fram på gravplassen for å sjå nærmare på steinen. Fann ein liten feil der fuglane har vore, men dei må berre ha vore limt på, for der var ikkje bora hol.
Etterpå gjekk eg eit lite stykke innover Dalateigane og trefte veldig mange som eg kjenner, det er mange eldre med vonde bein som går der. Mine kne var eigentleg altfor vonde til å gå i dag, dei var verre enn dei har vore på lenge, så eg var glad då eg kom meg ned att til bilen og køyrde heim. Det er lenge sidan eg har vore i Dalateigane og der har vakse opp mykje krattskog, så eg såg ikkje bort på andre sida av elva, der vi budde ein gong.
Då eg kom heim laga eg meg litt mat og åt. Så kledde eg av meg litt og la meg ut på solsenga, det var varmt og godt. Hadde både papirbok og lydbok. Det var ikkje kaldt då eg gjekk inn att heller, men det er ikkje så lenge til sola vert borte frå uteplassen.
Eg les på Facebook om alle dei fine turane som folk går, og er sjølvsagt lei meg for at eg er så skrøpelig i bena. men det eg veldig mange på min alder -og yngre- som har problem med knea. No kan eg i alle fall ta meg turar med bilen, og det er no ei lita trøst.
Får vi to slike dagar til, er påska redda. Det har vore strålande hittil.

torsdag, april 18, 2019

Dagbok 2019: 18.april



I dag er det 1 år sidan Nils døde, gravsteinen kom opp rett før jul. I dag tok Margrete ein tur til grava, og ho sakna fuglane som skulle vere på steinen. Vi begynte å røkje etter kva tid dei kunne ha blitt borte, og Einar fann fram eit bilde frå 15.februar, då var han og eg der, og då var fuglane vekk. Eg la ikkje merke til det då, og ikkje seinare.
Vi tenkjer på kva som kan ha hendt, har dei falle av, eller har nokon fjerna dei? Og kvifor er det ikkje merke i steinen der som dei har vore festa? Har dei vore får dårleg festa? Eller kva er det som har skjedd? Det kan no vel aldri vere nokon som TEK fuglar frå ein gravstein?
………………………………………………………………………………
Klokka er no 20.10, temperaturen er + 15 grader og det er fint og lettskya vêr. Før i dag var temperaturen oppe i 18 grader C. Det var heilt herleg å kjenne varmen. 
Eg var her åleine før middag, strikka litt etc. Klokka 14.15 kom Håkon og henta meg som avtalt og vi køyrde til Hareid der heile storfamilien var invitert til "julemiddag" eller rettare sagt julemat. Vi fekk pinnekjøt, pølser og alt som høyrer til og mykje god dessertar : karamellpudding, bær i gelé, bær i krydderlake, vaniljesaus etc. Og kaffi, mykje kaffi. Solveig og Øystein hadde alle barna sine heime og Margrete kom med sine fire, så vi vart ein bra flokk. Men dei har god plass både ute og inne. Vi måtte ut for å ta eit nytt familiebilde. Det høyrer til når alle er samla.
Det var fint å komme nærmare kysten, for der var våren komen, med små lauv på bjørketrea, blant anna. Ja, eg har fått køyrt meg denne påska og sett meg om både i indre og ytre strøk. Ja, det er kjekt å farte på litt no, eg har vore nokså stadbunden siste åra 
I dag må eg få lov å takke heile storfamilien for ein fin dag. Det var berre Rasmus og familien som mangla, men dei har det sikkert fint på hytta si ; den ligg ikkje så veldig langt frå Kongsberg.
Ønsker alle blogglesarane ei God Påske-den er ikkje slutt enno.
Den høge karen mellom Solveig og Einar er Alexander, kjæresten til Olaug.


onsdag, april 17, 2019

Dagbok 2019: 17.april


Klokka er17.50, temperaturen + 24 grader og det er lette skyer over heile himmelen, men framleis sol og fint.
I dag har eg vore veldig lat, og gjort veldig lite. Må ladde opp til i morgon, for då skal vi samlast på Hareid i denne utruleg vakre påska.
Vakna lenge før klokka sju i dag også, men tvinga meg sjølv til å ligge til nærmare åtte. I går kveld heldt eg på å sovne framfor TV-en, og det var ikkje så kjekt når eg eigentleg skulle følgje med.
Måtte ein liten tur på butikken i dag, så den turen tok eg relativt tidleg. Men først hadde eg festa trådane på ein lest og lagt opp ein ny. Har ikkje strikka mykje i dag, for eg ville prøve å spare høgrearmen slik at den kanskje kan bli bra. Det er ikkje så bra når både armar og bein sviktar. I dag har det forresten knirka veldig i eine kneet.
Så laga eg til ei kake eg skal ha med meg i morgon. Solveig spanderer "julemiddag". Eg trefte ei av HBO-ane som eg ikkje har treft på lenge, då eg var på butikken, ho skulle til Urke og lage julemiddag til 24 stk. i morgon. Det var visst heile bygda som skulle samlast, dei som bur der, og dei som er "heime" i påska. Det held visst på å lage seg ein jule-påskemiddagtradisjon. Før laga eg alltid lammesteik i påska, det blir ikkje i år.
Eg hadde ei glasrute ståande i garasjen. Svein anbefalte meg å knuse den og ha den i bosset. I dag tok eg hammaren og banka den sund så no er den ein saga blott.
Ein annan ting eg gjorde i dag, var å vaske den oransje kofta mi, den har eg ikkje vaska før, så det var eit visst behov.
Då eg køyrde på butikken i dagtok eg på meg den nye stripa-genseren, for den er veldig varm. Etter at eg hadde ete middag tok eg den på meg igjen og la meg på sofaen og slappa av. Det er ikkje ofte eg ligg der, men av og til er det godt å strekke seg ut. Hadde eigentleg tenkt å legge meg ut på solsenga, men det var ikkje så mykje sol akkurat då. 
Eg har så lyst å jobbe i hagen, men det er for tidleg for det meste, så det er berre å vente.
Dette innlegget er vel om lag like spennande som denne dagen har vore, men det kan ikkje skje så mykje kvar dag. I morgon blir det full fart igjen, med familiesamver. Ingeborg skal reise tilbake til Oslo med fly i morgon kveld, dei andre studentane har fri litt lenger.

tirsdag, april 16, 2019

Dagbok 2019: 16.april


Eirik, Erlend, Ingeborg og Amanda på kyrkjetrappa i Innvik

Klokka er no 20.10, temperaturen er + 10 grader, det har vore nydeleg vêr i dag også. No er det nokre lette skyer på himmelen, men det er ikkje så sikkert det blir vêrbyte for det.
I dag har det vore ein annleis dag. Margrete og eg har snakka om ein tur til Innvik blant anna. Og sidan bror min er den som har best greie på slektshistoria vår, spurde eg om han og Bodil ville vere med. Det var litt logistikk inne i bildet også, men vi kom i land: Eg køyrde med min bil til Volda og parkerte på kaia, tok ferja over og der stod Eirik med sin bil. Han og eg køyrde til Eid, mens Margrete og dei tre andre tok av på Hjelle og køyrde innover. Eirik og eg sat på med Bodil og Svein. Margrete køyrde beine vegen til Innvik og vi kom ei stund etterpå. Vi såg på den store, gamle fabrikkbygningen, der både mamma og bror hennar hadde jobba; mamma ei kort tid i ungdommen og Matias, bror hennar, heile sitt yrkesaktive liv. Så var vi på kyrkjegarden og leitte opp nokre av gravene. Vi fekk også komme inn i kyrkja og sjå oss om. Det er ei lita gammal kyrkje.meg støtt når  Eg er ikkje døypt der, for eg vart døypt heime i stova til mormora mi. Dette var i 1940, og krigen var i gang. Det hasta med å døype, for folk var redde for at prestane skulle bli sendt bort. Visstnok var eg velsigna i kyrkja seinare. Og eg meiner mamma og pappa vart vigde i denne kyrkja. Vi såg oss litt om i sentrum og både Svein og eg hadde litt å bidra med. Han frå gammal tid, eg frå litt nyare tid.
Det nærma seg middagstid og vi måtte finne noko å ete. Vi fann ein ganske koseleg kafé, og der bestilte vi Hamburger til alle, slik at det ikkje skulle gå altfor lang tid. Det var reine slektstreffet-med tre generasjonar. Og så hadde dei kaffi-meny på spansk! Såpass eg fekk bløffe litt. Svein trefte ein eldre mann, ein pensjonert politimann, som han kjende og fekk prate med.
Etter kvart tenkte vi på heimvegen, og vart samde om å ta den over Utvikfjellet og til Ree (På Breim) der besta kom ifrå, vi såg også huset der ho hadde gått på skule. Ho budde i barndommen høgt opp i bakkane nokså nær skulen. Kanskje var det derfor ho alltid var så lett på foten?Vi var også ned til vatnet der campingplasssen ligg, det var framleis sol og varmt. Siste etappen var å køyre til ferjeleiet på Anda og ta elektrisk ferje over fjorden. Eirik og eg måtte hente bilen "vår" på Hildegard. Eirik køyrde meg til ferjeleiet på Folkestad, så tok eg ferja over, fann att bilen min og køyrde heim. Og vi var alle samde om at vi hadde hatt ein fin tur- i eit strålande vêr.

mandag, april 15, 2019

Dagbok 2019: 15.april


Klokka er no 17.50, temperaturen er + 12 grader C, og vi har snart ete opp enda ein fin dag.
Eg plar skrive her på bloggen om alt eg har gjort i løpet av dagen. I dag har eg vore veldig fornuftig- eg har gjort INGEN TING- berre sete i sola og kosa meg i finevêret. Slike dagar har vi ikkje for mange av, så det gjeld å sette pris på dei ein får.
Som vanleg vakna eg tidleg og som vanleg var det kaldt då eg stod opp, så eg var no inne ei stund. Då sat eg og strikka og høyrde radio, til det vart tid for biltur. I dag var Marit og eg på REMA 1000 og handla før middag. Men i dag fekk eg Coop-kort i posten, så heretter blir det kanskje storhandel i Furene. Kjøpte bensin også i dag, så no er tanken så full at eg kan dra på langtur om eg vill. Eg likar godt at Marit er med, så er vi liksom to om det.
Etter at eg hadde ete middag og tatt ei økt med spansk på You Tube, tok eg ei runde rundt huset og bort til naboen, så sende Marit melding - og sidan vart vi sittande på uteplassen hennar og drikke kaffi og prate. Ho har skikkelege møblar på sin uteplass, det har ikkje eg, men det må eg skaffe meg. Ja, ein får vere optimistisk når vi har det så fint i april - då får vi vel fin sommar også. Det er alltid lov å håpe.
Når eg ikkje gjer så mykje er det ikkje berre latskap, eg har diverse problem både med armar og bein, så eg må roe ned litt. Så kjem eg sterkt tilbake.


I dag fyller barnebarnet Eirik 22 år, og akkurat no er han heime på ferie, elles studerer han musikk i Trondheim. "Tvillingen" hans, Olaug, fyller 22år den 6.juni, så han har eit lite forsprang. Eg har ikkje heilt oversikt over kven av barnebarna som er heime i påska, men eg trur dei fleste er komne i hus. Tenk å få så fint påskevêr når alle kan få nyte det. Håper det varer påska til ende.

Her er Eirik og søskena hans i Trovågen, Solund. Eirik i kvit Baalsrud-genser

søndag, april 14, 2019

Dagbok 2019: 14.april





 Klokka er 17.30, temperaturen er no + 12 grader, og vêret er berre nydelig, slik det har vore ganske lenge. Vi plar ikkje ha meir enn eit par finevêrsdagar om gongen, så dette er bonus. Men det er kaldt om natta og lenge utover dagen. Blomstrane som eg fekk av Margrete og Solveig står like fine etter 14 dagar på trappa. Eg har ikkje ein gong tatt dei inn om natta.
Denne dagen har vore rimeleg sløv. Eg vakna tidleg fordi eg verkte i armen, og i knea, men så snart eg fekk leda litt på meg, vart eg betre. På føremiddagen sat eg mykje og strikka og høyrde radio, før eg tok meg på tak og dusja og vaska håret. Så gjekk eg ein tur rundt på Vallabøens øvre del og såg på hus og hagar. Trefte eitt einaste menneske som eg kjenner. Eg kan ikkje gå så mykje på asfalt, men eg tok tida og det var 40 minutt-men eg gjekk ikkje fort.
Då eg kom heim åt eg "middag"-og så la eg meg ut på solsenga med lydbok.
Har ikkje gjort mykje til nytte i dag, men eg har hatt to økter med "Spanish With Paul"-det tek si tid å få noko til å sitte i eit gammalt haud, men når ein repeterer mange nok gonger er det eit håp. Eg ser på det som hjernetrim. Eg har ikkje lagt planar for morgondagen, men eg skulle ha fylt bensin på bilen, så det blir vel ein tur nedover i alle fall. No er denne dagen også snart over i historia. I dag er det Sommardag, dvs. at vi går over på sommarhalvåret på primstaven. Dagen blir også kalla flyttedag, for denne dagen kunne tenestefolk byte jobb i gamle dagar, viss dei ville. Viss det snødde på denne dagen, fekk ein snø 9 gonger til, sa dei gamle. Fint vêr denne dagen er eit godt teikn.

lørdag, april 13, 2019

Dagbok 2019: 13.april

Klokka er no 16.40, temperaturen er + 11 grader og sola skin framleis. Det ser ut til at vi skal ha fleire fine dagar framover.
Det første eg så i dag då eg drog frå gardinene på soverommet var ei gedigen røyksøyle. Eg var snar å komme meg inn på nettet og fekk vite at det var eit hus på Langebakkane som stod i fyr og flamme. Heldigvis hadde alle som budde der kome seg ut i tide. Brannen vart meld klokka 6.00- så det var bra at folk vakna før det vart for seint. Elden spreidde seg ikkje sidan det var vindstille. Huset er ikkje så langt frå det nye legesenteret.
Etter at eg hadde ete frokost og løyst laurdags - sudokuen, begynte eg å vaske og rydde litt. I dag var det bad og kjøkken som stod for tur. Etterpå vart det spansktime på data. "Spanish With Paul" på You tube. Skal prøve å ta ei økt kvar dag, så eg ikkje gløymer det vesle eg kan. "Cada dia" seier la profesora (Eli).
Strikka litt og så kom Margrete på besøk. Ho hadde kaffimat med seg, og så drakk vi kaffi og prata ei stund. Eg har hatt litt problem med kamera siste dagane og så bad eg Margrete om å kjøpe ei ny brikke. Den ville ikkje kamera ha. Etter at Margrete hadde reist, fann eg ei løysing, så no virkar kamera igjen-med den gamle minnebrikka.
Kunne ha tenkt meg ei lita handlerunde i dag, men ville ikkje køyre i den trafikken som er slike dagar. Det var ikkje noko spesielt eg skulle ha heller. Eg har ikkje program for resten av dagen, men det kan hende eg tek meg ein liten tur ut. Naboen har alle fire barnebarna på besøk, så der er det litt liv og røre. Elles er her veldig fredeleg i Starevegen.
Her skal det plantast tre og busker når det blir varmare i vêret.

fredag, april 12, 2019

Dagbok 2019: 12.april



Klokka er snart 18.30. Det er sol og fint vêr ute, men framleis litt kaldt. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, men halde meg inne og styrt med litt av kvart.
Eg venta Einar og Audun til middag i dag, så for ein gongs skuld laga eg mat. Gutane (eg skulle kanskje skrive mennene ?) kom til fastsett tid og vi kunne ete middag. Ikkje heilt uventa vart det kjøtt og kjøttkaker i brun saus. "Gamle folk skal servere gammaldags mat",  seier eg av og til- når det passar slik. Vi drakk kaffi og prata ei stund, før dei ville fare. Dei ville fare nedom grava, for Audun hadde ikkje sett gravsteinen før. Eg kunne ha vore med, men sidan eg ar der i går, stod eg over i dag.
Etter at dei var vekk rydda eg opp og sette på oppvaskmaskina og gjorde diverse anna husarbeid.
Så hadde eg ein liten "sagetime"-har ikkje blitt så mykje saging i det siste, etter at eg slo armen i "fallet". Innimellom  har eg vore på data, strikka etc. Og så skreiv eg ein omtale til avisa. 
Dagane går som ein røyk og ein får ikkje alltid "gjort" så mykje. Eg ringde til Anne Marie, systera til Nils og gratulerte henne med 84-årsdagen i dag-vi hadde mykje å prate om.
I går kveld ringde Ambjørg til meg, ho hadde fått sitt andre oldebarn, ei jente -broren er ca. 4 år no om eg hugsar rett. Ambjørg har berre to barnebarn, begge jenter, og den eine har no to barn.
Så må eg rette opp ein misforståelse. Eg skreiv om saging av plommetre og mange trur eg saga ned det treet, men det gjorde eg altså ikkje. Det var vinden som la det ned sist haust, og eg klipte og saga av kvistar og greiner, men den tjukkaste stammen greidde eg ikkje å sage med handsag, så den vart liggande over vinteren, til eg tok den med motorsag no. Som vi sikkert hugsar alle så regna det nesten heile hausten og så kom snøen. 
No har eg to gamle plommetre igjen, og eitt nyare. Reknar med at i alle fall det ein treet kjem til å velte i neste vindkast, så eg har planar om å plante minst eitt nytt tre.
Eg likar så godt å halde på med utearbeid, berre no knea mine held til over sommaren. Det som er rart er at eg verker om nettene når eg ligg i senga, men så blir eg ganske bra når eg står opp.
Fredagskveld er TV-kveld, så no skal eg snart parkere framfor TV-apparatet med strikketøy i hendene. Det går i lestar no, så då blir eg ikkje heilt hekta slik som når eg held på med større plagg. Strikkar eg ein lest per dag held det!
Så vil eg ønske alle ei god helg og sidan vi går inn i påskeveka: GOD PÅSKE !

torsdag, april 11, 2019

Dagbok 2019: 11.april

Nærbutikken vår: Kiwi på Vallabøen.


Klokka er 19.45, det er sol og fint vêr ute, men det er framleis kaldt. No er det + 8 grader C  på trappa.
I dag tidleg vakna eg klokka 4 og verkte i beina, låg og dorma ei stund, men sovna ikkje skikkeleg, så til slutt stod eg opp. Eg blir betre i knea så snart eg får røre på meg. Eg fekk rydda og støvsuga i huset, men vaskinga utsette eg til i morgon eller laurdag.
Marit og eg hadde avtalt å fare ned i Vik å kjøpe blomster til å ha på gravene. Det vart til at vi kjøpte lyng, for dei andre plantane tolte ikkje kulden, og samanplantingane vert for store til opninga i steinen. Vi for rett fram på gravplassen og ordna ut. No er det snart eitt år sidan Nils døde, og på den tida har det kome 12 nye graver attmed grava hans, to av dei døde er frå Starevegen.
Vi handla litt på Kiwi før vi for heim. Det var første dagen eg køyrde i sentrumsgatene, men det var ikkje noko problem. Kjekt å ha Marit med seg, ho får ikkje køyre sjølv før ho har operert augene. 
Då eg kom heim åt eg litt, ordna nokre ark til spanskpermen og skreiv ein omtale til avisa. Vi skal ha pensjonistmøte rett etter påske.
Audun er komen heim, og i morgon kjem han og Audun på besøk. Då skal dei få middag og kaffi med meg. Eg hadde nesten gløymt heile påska, før dei begynte å snakke om den i går. Silje reiste heim til Molde i dag.
Eg oppdaga at eg mangla både det eine og det andre, så det vart til at eg tok ein tur ned på Kiwi i kveld også , så slepp eg i morgon. Det var nokså mykje folk på butikken begge gongane eg var der. Reknar med å få litt besøk av barnebarn som vender heim til påske. Sjølv har eg ingen planar, men eg er med på det meste som ikkje fordrar sterke, friske bein.
I morgon er det fødselsdagen til Anne Marie, systera til Nils, ho var fødd på same dato som mora. Eg får framleis ikkje ta bilde med kamera mitt, så de saknar vel utsikta frå trappa og altanen min.

onsdag, april 10, 2019

Dagbok 2019: 10.april

Klokka er 20.20, temperaturen ute er +4  grader C, og vi har hatt sol og  fint vêr i dag også. Litt kald vind, særleg tidleg på dag. 
I dag var det siste dagen på spanskkurset og vi hadde "eksamen"-vi arbeidde to og to i lag og fekk bruke alle hjelpemidlane vi hadde. Noko har vi lært, men er langt frå utlærde. Vi har hatt det kjekt og  vore sosiale -det er det viktigaste.
Eg gløymde for andre gong å sette bossdunkane opp til vegen i dag, så no er bosset mitt temmeleg gammalt - det gjeld restavfall og matavfall. Hadde det enda vore papir og glas. Jaja, den tida vi hadde bosstømming på fredagar gløymde eg det aldri. No er det mange som har ein app på telefonen som varskuar  om bosshenting. Men eg har berre ein steinaldermobil …...så då så.
Etter spanskkurset, var det styremøte i pensjonistlaget på same staden. Neste møte i laget blir den 24.april, så eg må snart hive meg rundt å skrive omtale. Eg var ikkje heilt klar over at påska kom så snart-og då kjem det ikkje ut avis.
Då eg kom heim måtte eg berre ut i finevêret, og som god unnskyldning fann eg ut at eg kunne rake litt. Prata litt med naboen også.
Så gjekk eg inn og reinskreiv eksamensoppgåva vår på data. Så kom Marit nedom så vi fekk planlegge morgondagen. Vi skal nedover og handle når ho er ferdig hos fysioterapeuten ca.13.30 .Eg skulle ha kjøpt ny brikke til fotoapparatet for den eg har no må vere defekt. Trur eg.

tirsdag, april 09, 2019

Dagbok 2019: 9.april

Her stod det eit plommetre!


Klokka er 17.20, temperaturen på trappa er +   grader C, det er lettskya, litt sol og litt vind.Fint vêr, men ikkje så varmt.
Eg har nettopp vore ute i hagen, og etter ein del strev fekk eg opp rota til plommetreet heilt åleine. Brukte:spade, spett, øks og sag. No står det berre att å få tak i meir mold så eg kan få fylle hola. Så må eg begynne å tenke på kva eg skal plante og kvar eg skal plante det. Eg skal i alle fall plante eit plommetre, for no har eg mist to dei to siste åra.
I dag då eg stod opp var eg nokså invalidisert, greidde nesten ikkje å gå, men utover dagen kvikna eg til. Mens eg var rekonvalesent sette eg ein brøddeig, og mens den heva og steikte, strikka eg ferdig eit lestepar i Opal på pinnar nr.2,5.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, men litt husarbeid blir det kvar dag sjølv om ein er åleine.
Eg ser at taket her på datarommet skulle vore mala, det vart stygt no når vi tok ned den gamle lampen og sette opp ein ny som hadde ei heilt anna form. Eg gjer mykje rart, men akkurat maling av tak har eg ikkje prøvd meg på. Eg kjøpte ein slik LED-lampe som Svein anbefalte-på Coop-bygg i Ulsteinvik. Og eg er veldig fornøgd med den. Eg trur den er litt mindre enn Svein sin, men dei hadde ikkje større -i Ulsteinvik.
Fotoapparatet mitt påstår at eg ikkje har sett inn minnebrikka, men det har eg, så det må vere noko feil med brikka. Derfor har eg berre bilde frå steinaldermobilen min å legge inn i dag.
I morgon er det siste dag på spanskkurset, eg kjem til å sakne kurs-onsdagane, det har vore veldig kjekt. Håper vi kan fortsette til hausten.
Torsdag har Marit og eg tenkt å kjøpe blomster og pynte på gravene.
Det er herleg med desse fine dagane då vi kan vere ute, men i dag har eg ikkje lege på solsenga.

mandag, april 08, 2019

Dagbok 2019: 8.april






Klokka er no 18.55, sola skin, men det er litt kald vind, temperaturen er + 6  grader C.
Eg likar best kvardagar, då er det meir å finne på. "Å finne på" er vel ikkje rette uttrykket, eg har tusen ting som skulle ha vore gjort, så eg slepp å finne på noko som helst.
Eg har drive og høyrt Tore Renberg si bok "Skada gods" på MP3-en. Og i dag føremiddag sette eg meg til å høyre siste delen. Plar sjeldan sitte å lese på blanke føremiddagen, men som unnskyldning strikka eg mens eg las. Det tok litt lenger tid enn eg hadde tenkt, så då måtte eg vere ekstra aktiv etterpå. Sist haust blés der overende eit plommetre. Eg klipte opp dei minstegreinene og saga dei litt tjukkare med handsag.  Stammen var liggande att over vinteren, på grunn av regn, snø etc. I dag gjekk eg laus på stammen med motorsag. Bror min har filt, rensa og smurt saga, så den virka bra. Likevel vart det litt av ein jobb å kutte opp stammen som var nokså fuktig i veden. Eg har berre sett på når Nils har saga med den andre motorsaga, den som går på bensin, så eg trudde det var enkelt. Men eg fekk no kutta stammen i bra korte kubbar, så eg trur eg får dei opp på kløyvaren. Å kløyve har vore min jobb i mange år, så det kan eg! No får veden tørke litt før eg går til det neste steget.
Etter at eg hadde ete middag. la eg meg ut på altanen og sola meg, trur eg sovna litt også. Så la eg i hop ein klesvask som eg hengde ut i går. Ikkje ofte eg har tørka klede ute siste halvåret.
Eg hadde hengt ut golvteppa på roserommet, så eg tok og vaska golvet der. Då kom Helge og sette opp den nye lampen i taket på datarommet. Den har lagt lenge på vent. No har eg snart så mykje el-boss at eg må ha meg ein tur på VØR. Det er gratis å levere slik og også metall, som eg har litt av.
I dag er det svigerinna mi, Mimi, som har fødselsdag. Ho er nokre år yngre enn eg og eg har kjent henne lenge. Då eg kom til Solund i 1958 stod ho på butikken på Nåra innimellom. Ho er gift med Rolf, broren til Nils. 
Gratulerer med dagen, Mimi ! Skulle gjerne ha vore der i dag.

Bok nr.10 - 2019: Skada gods



«Skada gods» er tredje bok i Tore Renbergs Teksas-serie.

Det er desember 2012, og alle julehandelrekorder er i ferd med å slås til pinneved. Pengene yngler i oljeland, og i skyggen av oppgangstidene gjør Hillevågsgjengen så godt de kan. I det snødekte huset skal den førti år gamle gjenglederen Jan Inge feire bryllup med amerikanerinnen Beverly. Chessi er gravid med tvillinger, og Rudi står foran de farligste ukene i sitt liv. I kjelleren koker det i blodet til de unge gangsteremnene Ben, Rudi og Dejan. Hvordan skal Jan Inge & co. komme seg ut av det lovløse livet de lever? Hvor mange liv skal de ha på samvittigheten før nok er nok? For mange.

Etter «Vi ses i morgen» (2013) og «Angrep fra alle kanter» (2014) er Stavanger-forfatteren tilbake med mer barokk galskap og kriminell humanisme fra Norges sørstater. 
……….…………………………………………………………………………………………
Det er lenge sidan eg las dei to første bøkene i serien, eg syntest det gjekk over alle støvleskaft i bok nr. 2, så eg stod over nr.3. Eg tenkte heilt "feil"-eg hadde misforstått sjangeren. Etter å ha lese bok nr.3 er eg heilfrelst når det gjeld denne gjengen. Til tross for mykje bannskap og andre "stygge" ord-er det ein poesi i teksten, i språket som er så frodig og  kreativt som det går an. NEI-eg kan ikkje beskrive denne boka, den må lesast. Eg anbefaler lydbokversjonen der forfattaren sjølv les på stavangerdialekt-heilt eminent. Eg har nesten ikkje dårleg samvit for å ha sete heile føremiddagen og høyrt siste plata- til unnskyldning har eg at eg strikka ferdig ein lest.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...