tirsdag, januar 31, 2023

Dagbok 2023: 31.januar


 Klokka er no16,45, temperaturen på trappa er +2 grader. I dag morgon var det nesten regn, men no ser det ut til å klårne opp, då blir det vel kaldare , men vi får sol. Eg har alt snudd kalenderbildet over på Februar.

I dag var det min tur å køyre på trening, men sidan det var moka oppe hos Marit, tilbaud ho å køyre. Eg er ikkje så flink å moke i år som eg var i fjor. Det har med ryggen å gjere. Men då vi kom heim att var mykje av tunet mitt moka, så no trur eg at eg kjem ut med bilen om eg vil. Det er sikkert ein av naboane som har hjelpt meg igjen. Marit og eg handla litt på KIWI i dag også, men først var vi innom apoteket.

Då eg kom heim såg eg litt på TV før eg laga meg mat. Eg hadde tenkt å gå ein tur etterpå, men så måtte eg ha litt kaffi først. Og då var det gjort. Eg blir så sigande trøtt når eg er mett at eg søv eller "halvsøv "så snart eg set meg inn i stolen. Og så syntest eg ikkje der var varmt, enda eg hadde fyrt godt i omnen, så eg var ut og henta meir ved. I dag gjekk eg i ein genser som ikkje var ULL-eg trur det er derfor eg er frostig, så eg skal byte om til den gamle oransje kofta mi-det er den eg likar best å ha på meg heime, eg har slete hol på begge albogane, men strikka nye ermar. Eg må seie at den er velbrukt. Eg har tre andre kofter som er uskada.

Bodil informerte meg om at raset på Eid ikkje gjekk på Torheim, men på Taklo. Taklo ligg på sørsida av fjorden og er ikkje så lagt frå sentrum, men på TV seier dei heile tida Torheim. Torheim ser ein ikkje frå sentrum.

Då eg sette meg til å skrive var det heilt lyst ute, no er det skymt, men det er opplett.




mandag, januar 30, 2023

Dgbok 2023


 Klokka er no16.53, temperaturen ute er + 1grad, og vi har fått ny forsyning med våt og tung snø. Eg likar det ikkje. Eg har nettopp vore ute og gått ei lita strafferunde, men eg vart så låk i ryggen at eg tok kortaste vegen heim.Eg vart litt skuffa over ryggen, for eg trudde den hadde lækt seg sjølv. Kan ein få vondt i ryggen av å strikke?- for noko anna har eg ikkje gjort i dag.

I dag var det fridag, så eg hadde lagt diverse planar. Eg skulle farge håret mitt, det er lenge sidan sist eg gjorde det sjølv. Eg var hos frisør den 1.desember og då farga ho det. Eg har hatt problem med at håret vert altfor mørkt når eg fargar det sjølv. Eg har prøvd ut heile fargeskalaen ned tll  lys blond. Men håret blir svart uansett. I dag prøvde eg "lys brun"- som sjølvsagt også blei svart.

 Neste gong skal frisøren få farge det- eg tru vi tek GRÅTT-Eg hadde tenkt å køyre til Vik og gjere nokre ærend i dag. Men det snødde masse tung snø, så det vart ikkje til at eg for. Sidan eg var heime likevel fekk eg tatt to klesvaskar og ei runde med oppvaskmaskina. No står det att å få alt på plass. I dag kokte eg risgraut til middag, det var det eg hadde lyst på i dag. Innimellom sat eg å strikka på ein lest-som vanleg-og hadde TV-en på NYHEITER.  Eg veit ikkje kor mange gonger eg såg og høyrde om alt som skjer. Det var no mykje frå Nordfjordeid-eller rettare sagt  frå Torheim- Eg er fødd og oppvaksen på Eid, men eg har nesten aldri vore på Torheim, berre ein gong har vi køyrt inn til gatneriet.

Eg orkar ikkje å moke mykje snø i dag, og det er min tur å køyre til treninga i morgon. Det blir vel ei råd. I dag såg eg snurten av sola både før og etter toppen på Melshornet, så viss det blir klårver no, kan det bli fint. I går bles det så kraftig at eg måtte ut og berge bossdukar m.m,


PS: Sudokuen som eg bala slik med, fekk eg fullført i går ettermiddag-så hjernen er ikkje heilt død.


søndag, januar 29, 2023

Dagbok 2023: 29.januar

Storebakken

 Klokka er no 16.36,temperaturen ue er + 8 grader, og der regnar og blæs-

Eg vakna ikkje før klokka 9 i dag, men eg la meg no ikkje så tidleg i går-trur klokka var 2 minst-dåeg sovna. Eg må ha ei unnskyldning for å vere så lat. Føremiddagen vart ikkje så lang, eg rydda litt, kveikte opp omnen og så sat eg ei stund og såg TV og strikka.Marit kom ned i 13-tida slik vi hadde avtalt.Ho var heime åleine i dag. Vi drakk kaffi, åt kake og prata. Vi går aldri tom for stoff.

Etter at Marit hadde gått opp att, tok eg på med godt med klede og gjekk tur. Skam å seie, eg har ikkje gått meir enn to små turar sidan førre søndagen. Det regna og det bles, det gjekk bra så lenge eg hadde vinden i ryggen, det vart verre då eg snudde. Eg trefte ikkje ei levande sjel.

No skal eg rydde litt i huset-der er alltid eit behov, og så skal eg strikke ferdig ein lest som eg begynte påi går kveld. Eg gler meg til å strikke av det fine garnet som Margrete kom med i går. Då lyt eg ned på pinnar nr, 2,5, men eg har strikka så tynt garn før også.

Førre veka kom eg ikkje i hamn meg fredags-sudokuen, og denne veka har eg samme problem. Men sudokuen ligg på kjøkkenbordet og kvar gong eg har gått forbi, har eg plassert eit tal. Eg har frist til i morgon kveld, då kjem tysdagsavisa på nettet-og der ligg løysinga+ ein ny sudoku.



            Desse fine bjørkene veks i skogen ovafor millionæsvingen, her er det                    mykje ved å hente.


Godt å komme heim att og få tørke og varme seg. Men det er no friskt å komme seg ut litt også. Under all denne snøen som ligg på plenen spirer det snart vakre blå blomster. Snart kjem våren! Trur eg.

lørdag, januar 28, 2023

Dagbok 2023: 28.januar

 





Klokka er no 21.27, temperaturen ute er + 3 grader C  og eg trur det regnar litt.

I dag har det vore ein dag litt utom det vanlige. Eg fekk melding frå Margrete som spurde om eg ville ha besøk. Sjølvsagt ville eg det. Ho skulle komme ca kl.14, så eg hadde tid å gå tur før den tid. Eg har slurva litt med mosjoneringa i det siste. 

Marit og eg gjekk i lag ut Starevegen og eg ville på Vernet etterpå. Hadde tenkt å gå runde, men på eine sida var det nesten berre is på vegen, så eg måtte gi meg på det, for eg hadde ikkje piggskorne på meg. Det er no tøya på alle vegar no-men altså ikkje på Vernet. 

Då eg kom heim laga eg til litt kaffimat til Margrete kom. Vi drakk kaffi og prata ei heil stund, men så fekk eg melding frå Solveig som hadde lyst på ein tur innover, ho hadde no lyst å treffe Margrete også. Så dermed vart vi tre-og det var veldig kjekt. Det er ikkje så altfor ofte vi tre er i lag utanom dei store "selskapa".

Etter at eg hadde rydda opp vart det Melodi Grand Prix som eg måtte sjå-til tross for at eg ikkje forstår meg så godt på denne moderne varianten av konkurransen.Rettare sagt:Eg kan ikkje så godt finne ut kva for melodi som er berst. Nok om det.eg er snart 83 år gammal og då må eg ha lov til å ha gammal smak-

Telefonen min gjekk tom for straum så eg får ikkje legge inn bilde enno. Synest det er rart at den var tom no igjen.




fredag, januar 27, 2023

Dagbok 2023: 27.januar.

 


Dette er også ein orkide som kjem att og blomstrar. Eg har hatt så mange som eg berre har kasta fordi dei aldri blomstra. Derfor synest eg det er så kjekt når dei kjem att.




Klokka er no 17.05, temperaturen ute er +5 grader. "Regn i morgen" står det på skjermen min. Greitt nok, betre enn kulde i alle fall. 

No sit eg og er så sint at eg burde kanskje ikkje skrive i det heile tatt. Kven eg er sint på? Meg sjølv!!!! Eg har løyst kvar ein einaste sudoku i Møre Nuytt sidan dei begynte å ha to sudokuar i veka, ein lett på tysdag og ein litt vanskelegare på fredag. Eg har løyst alle -inntil førre fredagen, då kom eg ikkje i mål, eg måtte gi meg til slutt. Så vart det fredag igjen og i dag skulle eg ikkje gi opp-men no er det like før.

Eg starta dagen med å vaske og rydde i huset, så sette eg meg til med blyant og viskeler, det gjekk bra heil til eg var nesten ferdig-då var det feil. Eg varma opp att suppe frå i går og åt til middag. Så var det på an igjen, og eg blir nesten ferdig-då er der ein feil som øydelegg alt, og eg kan ikkje rette det opp. No tek eg ut frustrasjonen her på tastaturet-men det spørs om eg ikkje prøver meg igjen. Sjølvsagt er det ikkje viktig å løyse gåta- for andre enn meg sjølv, eg tek det som hjernetrim, og når eg ikkje får det til, trur eg at det er demensen som kjem sigande- og kven veit.

Det har ikkje hendt så mykje hittil i dag, og det blir vel ikkje så mykje som skjer heretter heller.. 

Eg måtte ned på plenen og ta opp eit golvteppe som hadde falle ned frå altanen. Det er full vår ute og eg hadde litt lyst å begynne med hagearbeidet .For to år sidan klipte naboen og eg hekken vår i januar, og køyrde på VØR med hageavfall. Og eg hugsar 30 år tilbake i tid, då var Nils og eg på biltur i februar. Mellom anna var vi til Selje og der var ein hage som var kvit av snøklokker i blomst, så vinter kan vere så mangt. At eg hugsar dette så godt kjem av at eit barnebarn såg dagsens lys ei tid etter, han vart fødd den 22.februar.

Eg er så irritert på meg sjølv for at eg ikkje kom meg ut å gå tur i dag-men eg får ta straffa i morgon og gå ein lang tur i regnveret.

Elles vil eg ønske alle ei fin helg. Eg trur eg skal prøve den sudokuen ein gong til mens eg drikk kaffi.

torsdag, januar 26, 2023

Dagbok 2023: 26.januar

 

Fleire av dei "gamle" orkideane mine har funne ut at dei vil blomstre no. Eg synest dei er vakre-og det seier eg til dei-og eg trur dei likar det.


Klokka er no 20.32, temperaturen har gått ned til minus 2 grader C, håper at den stig igjen til i morgon.

Det vart seint før eg kom i gang med bloggen i kveld, men det er fordi eg har sete her med PC-en og sett frå markeringa og fakkeltoget for å behalde Mork- senteret og "Føden" i Volda. Sunnmørsposten sende filmopptak frå seremonien "live" på data. Og sidan Einar representerte Sunnmørsposten måtte eg sjå alt. Sjølvsagt! Eg tok mange bilde av skjermen undervegs, men det vart berre surr, så eg får heller legge inn det som kjem i Mørenytt med tid og stunder.

I dag var vi på trening som vanleg, og etterpå var vi på apoteket og på KIWI. I dag hamstra eg kaffi og litt av kvart anna, i normale mengder.

Eg hadde sagt til Einar at han kunne få middag med meg i dag før han skulle på jobb i Volda. Eg kokte kjøttsuppe med mykje grønsaker pluss litt fårekjøt og svenske kjøttbollar. Desserten var kaffi med litt kaker og litt is. Einar viste meg korleis eg skulle få med meg det som skulle skje. Og så fekk eg ein telefon , så no har eg sete her attmed PC-en i over to timar. Eg fekk enda ein telefon etter at eg hadde begynt å skrive. Og no er det mindre enn ein time til sudokuen kjem i mørenytt så dette blir ein travel kveld. Og i morgon er det frdag igjen. Tempus fugit !

onsdag, januar 25, 2023

Dagbok 2023: 25.januar


Klokka er no17.02 , temperaturen ute er +5 grader. På varselet på PC-en står det: "Regn og snø"- men på vermeldinga har dei meldt snø berre i høgda. Det gode med regnet er at ein slepp å moke og så er det heller ikkje så kaldt.

I dag var det heimedag og eg skulle prøve å få gjort litt skikkeleg husarbeid. Det er litt vanskeleg for den lyse stunda på dagen varer ikkje så lenge-og så er eg heller ikkje så ivrig etter å få gjort noko. Det var heilt annleis i fjor, men eg veit ikkje kva grunnen er til det.

Men eg sette no inn litt krefter for å få rydda opp litt og så støvsuga eg alle teppegolva, sette på ein klesvask og la i hop den førre. Ikkje mykje å skryte av-og det gjer eg heller ikkje. I dag laga eg skikkeleg middag, dvs,. eg tok resten av Brudevollmåren og varma opp. Eg gjentok suksessen frå førre veka og laga stappe av potet, rabbe og gulrot. Det er ei god oppfinning. 

Eg  heldt på å koste ute i garasjen, men måtte ned i tilbygget etter kost og brett. Då fekk eg ei kjensle av vår, der eg gjekk på grønt gras. Eg såg diverse plantar som skulle vore klipte etc. og begynte å føle på at det var tid for hagearbeid. Men eg vart søkkvåt på beina etter å ha gått ute i crox. 

Etter middagen vart eg fryktelig trøtt, som vanleg, og sette meg inn i godstolen og sov aldri så lite. Det er vel det som heiter høneblund, men eg vakna fort igjen og såg litt TV. TV og strikketøy kjem det vel til å bli resten av kvelden også.

Eli er i Spania, men når dei kjem heim att blir det vel spansk igjen, så eg må vel snart ta fram boka og repetere litt. Det går nokså lett inn, men enda lettare ut-det vi lærer. I morgon er det trening og eter treninga skal vi hamstre-kaffi om ikkje anna. Apropos så skal eg sette på kaffien no.

tirsdag, januar 24, 2023

Dagbok 2023: 24.januar


 Klokka er no16.32,temperaturen er+7 graderC, det mørknar ute og så regnar det litt, det er ikkje typisk januar-ver, men det er herleg å sleppe snø og is på tunet, eller eventuelt is-kulde. Vinteren kjem nok tilbake, men blir det klart og kaldt no, så får vi sol både ute og inne.
Det er mykje snø att av brøytekantane , men det kjem vel meir. I dag var Marit og eg på trening igjen. Etter treninga var vi på SPAR og "hamstra". Fekk det rådet på TV i går at det var lurt å hamstre, for prisane skulle gå opp i februar. Men kva skal ein hamstre? Eg kjøpte ein ost pluss mjøl og sukker, men då eg kom i kassa , sa dama at det var lurt å kjøpe kaffi. Så langt hadde eg ikkje tenkt. Men torsdag skal vi på trening igjen, og d kan vi "hamstre" på KIWI. Eg måtte også kjøpe litt garn i dag for å få gjort ferdig eit par lestepar til.

Eg visste ikkje kva eg skulle ha til middag, men det enda opp i at eg laga ei pannekakerøre, så dei blei pannekaker med bacon og blåbærsylte i dag, Eg må vel ete pannekaker til kvelds også, for det er vanskeleg å lage rører som ikkje er for store. 

Etter middag sette eg meg inn for å sjå TV, med kaffikoppen i handa. Og då hende det som alltid skjer, eg sovna med koppen i handa, og teppet har fått ein ny flekk. 

 Litt etter ringde det på døra, og det var Helge som kom og ville hjelpe meg medTV-en. No hadde eg fått til ein del sjølv, men eg fekk mange gode tips, og så fekk eg tekst på norske program også-det er ikkje alle som er lette å forstå sjølv om dei snakkar  morsmålet, og det hjelper ikkje alltid med høyreapparat heller.

Eg skulle ha skrive opp alt slik at eg hugsa det, men den boka Solveig gav meg til slikt bruk, finn eg ikkje att. Der hadde eg t.d.alle passorda mine. Eg snakka med Helge om ny utelampe, viss eg får tak i det, må han komme og innstallere. Det er mykje eg ikkje kan gjere sjølv-ser det ut til. I dag har eg ikkje gjort anna husarbeid enn å fyre i omnen, så no må eg ta meg saman og rydde litt om ikkje anna. I morgon blir det  vel heimedag så då må eg  få gjort noko fornuftig. No blir det vel strikketøy og TV resten av dagen-det blir tidleg kveld enno. Ein månad sidan julaftan i dag.


mandag, januar 23, 2023

Dagbok 2023: 23.januar


 Klokka er no16.32, temperaturen ute er+ 5 grader C, og vêret er begredelig, det regnar og det er is både her og der-snøen smeltar etter kvart. Eg hat hatt ein heller uheldig dag, men det er ikkje alvorleg.

Det starta med at eg ikkje fekk tak i serien min på TV , den eg plar sjå etter frokost, eg leita og leita på TV men kom ikkje der eg ville. Men til slutt fann eg rette serien, men den var lydlaus. Heldigvis er den teksta på norsk. Eg har hatt nokre TV-utfordringar i dt siste, men har no på ein måte fått ordna det sjølv.Merit og eg sytest ikkje det var så fristande å gå tur i dag-ikkje med rullator i alle fall, så Marit foreslo at eg skulle komme op og drikke kaffi med henne-og eg takka JA. Men eg måha hjelp med TV-en så eg skulle sende ei melding til Helge,mens eg skreiv ringde telefonen, og eg såg at det var ei venninne som ringde-men DER! var telefonen tom for straum. Eg måtte lade opp før eg kunne ringe opp att. Venninna ville invitere meg på formiddagsmat, men eg hadde alt takka ja til Marit, så eg måtte avslå.

Marit og eg hadde ei koseleg stund med kaffi og kaker. Og vi har no alltid noko å snakke om, og har vi ikkje det kan vi ta opp att noko vi har snakka om før-

Då eg kom heim att, virka TV-en slik han skulle(trur eg) Men eg har ei kjensle av at det er når eg går inn på Netflix og skal ut att at det skjer det som hende i dag.

No skal eg sjå om eg finn litt saltmat i kjøleskapet, eg kan ikkje leve berre på kaker.

                 "Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn"

               Mellom anna fjøler frå ein heil vegg og ei kassert kjellardør.

søndag, januar 22, 2023

Dagbok 2023: 22-januar


 Klokka er no15.35, temperaturen ute er +5 grader C. Det har vore ein fin dag, frå morgonen av var det nokså klårt og eg fekk ha sol i stova ei stund. Men då Marit og eg skullew gå tur klokka 12, heldt det på å skye over, men det ar no fint å vere ute likevel. Sjølv om det er vinter og kvitt,så er det ikkje så kaldt. Etter at Marit og eg hadde gått ein runde ut Starevegen og inn Olavsgata og tilbake til start, tok eg meg ein tur på Vernet. Det er lenge sian eg har vore der, men mange andre har gått der, så eg rekna med at der var framkomeleg, og det var der no. Men ein blir trøtt i føtene når ein går med piggsko på ujamn veg, Men eg kom meg rundt, og eg møtte folk som slo av ein prat, både folk eg kjende og dei eg ikkje kjende. Det rare var at då eg kom heim, hadde eg ikkje vondt verken i føtene eller ryggen.Det var litt uventa. Men det skya meir og meir over, og eg såg ikkje meir til sola. Eg har ikkje fyrt i omnen enno, men no må eg vel snart til. Eg laga meg god middag då eg kom heim Brudevoll mår og stappe av potet,gulrot og rabbe. Det er enno litt spesielt for meg å lage middag berre til ein.Dei første åra eg var åleine åt eg nesten berre brødskiver.








Fonnvernet i Ørsta er blitt for oss her om lag som Eiffeltårnet er for folk i Paris. Det har vore bilde av det i TV mange gonger. Og det er ei fabelaktig fin utsikt der oppe.


lørdag, januar 21, 2023

Dagbok 2022: 21.januar


 Klokka er no16.15, temperaturen ute er + 5 graderC og det har skya over, men himmelen i vest er vakker og raud-enn så lenge-
I dag tidleg sov eg lenge noko som er relativt sjelden, Men eg hadde ingen planar for dagen, så eg kunne like godt halde sehga der det var varmt og godt. Etter frokost etc vaska eg håret og kledde meg litt skikkeleg. Eg hadde tenkt å gå tur når det leid på, men så ville Marit også gå tur, så vi gjekk i lag, ikkje så langt, men det var kjekt å vere i lag. Etter at eg kom heim att bestemte eg meg for å ta ein tur til Vik-eg synest eg er litt for mykje heime og inne. Så eg bytta so og fekk ut bilen-han hadde stått i garasjen sidan tysdag.

Eg hadde eit lite ærend på ALTI og så gjekk eg og såg på det eine og det andre på butikkane utan å kjøpe noko.Tok ein tur innom SPAR og handla litt matvarer før eg køyrde heim. Det er ikkje så kjekt å gå heilt åleine og luske i butikkar. På Spar møtte eg faktisk ei venninne som eg adde tekt å kontakte ein dag. I dag skulle ho og mannen på kunstutstilling.

På heimvegen såg eg noko kjekt.No når straumen vart så dyr, sa eg at no blir vi kanskje kvitt all skoden som står langs vegane og hindrar utsikt. I dag såg eg at dei saga ned skog på høgre sida då eg køyrde Mosmark-vegen heim- Det var tydeleg å sjå at det skulle bli ved. Akkurat der har ikkje utsikta så mykje å seie, men skogen har no ikkje noko der å gjere heller. Eg syntest det var positivt og eg håper at det blir rydda opp langs vegar som går nær sjø og vatn slik at utsikta blir betre.

Eg har enno ikkje fått til heile sudokuen, og no må eg visst gi opp.

I dag før middag fekk eg heile sola inn i stova ei stund, men så fer ho bak Melshornet og kjem kanskje ein liten tur på ettermidagen også. Men det fekk eg ikkje testa fordi det skya over.Eg kveikte ikkje i omnen før klokka var 16, men varmepumpa har no stått på. No blir det vel til at eg blir sittande å strikke framfor YTV-en. Men eg må vere litt forsiktig, for det er noko rusk i venstre skuldra som eg ikkje likar.





fredag, januar 20, 2023

Dagbok 2023: 20.januar

 

Klokka er no 15.52, temperaturen ute er ca. 0 grader C, det vil seie at temperaturen har stige sidan i går, før eg la meg i går kveld/natt var det minus 6 grader.

I dag hadde eg planlagt at eg skulle gå tur i solskinnet på Vernet når klokka vart 14, men først skulle eg ta fredagsvasken. Det tek ikkje all verda med tid, så eg var no ferdig lenge før den tida.Eg balte litt med å få fyr i omnen også. Men kvar vart det av sola? Nei, den var ikkje å sjå-og då hadde eg ikkje lyst ut heller. Nei, då var det betre å jobbe med sudokuen i Møre-Nytt! Eg gjorde eit par forsøk i går kveld, men kom ikkje heilt i mål. Eg har løyst alle sudokuane i Møre-Nytt sidan dei starta med det, så eg har ikkje lyst å dette av lasset. Eg innbiller meg at det er god trim for hovudet. Så i dag gjekk er laus på det tredje forsøket, og kom nesten i mål, men då såg eg at det var noko som ikkje stemte. Då vart eg litt oppgitt, så eg måtte ta meg litt mat. Middag hadde eg ikkje tenkt på så det blei berre brødskiver. No sit eg og lurer på om eg skal gjere enda eit forsøg på å løyse sudokuen, eller om eg skal strikke vidare på lesten eg held på med.

Eg går her mykje og surrar åleine, men kjeder meg aldri. Livet er for kort til å kjede seg. Eg har strikketøy, bøker i lassevis, Storytel på telefonen og alt eg kan ønske meg av film etc. på TV-en.  Det er eit luksusliv, eigentleg, når ein er så heldig å få vere frisk pensjonist. Men eg skulle gjerne ha vore meir på farten, på butikkar etc. men det er ikkje så gøy å gå åleine, og Marit er ikkje heilt i form for tida. Eg lurer på om eg greier å rygge bilen ut utan å moke snø-men det går no an å prøve.

No er vi komne til fredag alt, og det minkar på januar, Eg er glad for at det skal bli mildare, no når det er så dyrt å varme opp.

Uansett vil eg ønske alle ei god helg.

                                    Bilda tok eg rett før eg skreiv

torsdag, januar 19, 2023

Bok nr 2-2023; Vidunderlrge Vera

 








OmtaleVidunderlege V av Siri M. Kvamme er ein roman breddfull av liv og lyst, kjærleik og løgner, humor og varme, rør og opprør, latter og reinspikka desperasjon.

I Vrangdal sit Vera i billettluka på den lokale svømmehallen og håper at nokon i kommuneadministrasjonen skal døy. Eller gå av med pensjon. Ho er ikkje ondskapsfull, berre desperat. Og det med god grunn, skal det vise seg.

...................................................................................................................................................

Eg likte denne boka fordi den var enkel, humoristisk og optimistisk. Den er skriven på nynorsk, så det var ikkje fritt for at eg fann ein god del feil i rettskrivinga. Det er slikt som ein gammal lærar aldri vi oversjå.

Dagbok 2023: 19.januar


 Klokka er no 12.07, temperaturen ute er minus 3 grader, og det er nesten heilt klårt på himmelen. Eg var litt spent på om det hadde snødd i natt då eg stod opp, men der hadde ikkje kome meir enn det som var. Meininga var at eg skulle køyre til treninga i dag og eg hadde ikkje lyst å moke. Eg kunne ha spart meg for den grublinga for på telefonen låg det melding frå fysioterapeuten at ho måtte vere heime i dag på grunn av sjukdom i heimen.

Eg plar sjå litt av serien min før eg fer på trening, men i dag kunne eg sjå heile episoden....trudde eg. Men eg kom meg ikkje inn på maskina på rette staden same kor eg bala, drog ut ledninga fleire gonger, men ikkje tale om at eg kom meg inn. 

Ja, men så kunne eg lese ferdig boka som eg har hatt til sengelektyre ei stund. Og det gjorde eg. Men før eg sende bod til Helge, ville eg prøve TV-en ein gong til, det var like håplaust, heilt til der kom opp ei adreesse til PC-en, og då greidde eg å komme inn att på TV-en. Når eg tenker meg om har det samme skjedd før. Då fekk eg endeleg sett serien min,- eg strikkar sjølvsagt heile tida langsmed så det er ikkje slik at eg berre sit og latar meg. DET skulle ta seg ut. Men eg vart litt forsinka, for eg skulle dusje og vaske håret i dag. Men no har eg fått gjort det også. 

Eg har planer om å gå eit tur i fineveret. I dag hadde eg sol i stova ei stund rundt klokka 11. Det er fjella som bestemmer kven som får sol, og kven som må vere utan. Då vi budde på Melle fekk vi ikkje sol før langt utpå våren, her får vi sola att i desse dagar.

Det er litt tidleg å oppsummere dagen, men eg kan no skrive meir seinare viss det skjer noko.

Fonnavegen

No har eg vore ute og gått tur i over ein time. Eg gjekk opp Storebakken, ned Fonnavegen,og ut Olavsgata. Då var der sol i nedste delen av Storebakken og på VERNET. Viss det blir samme veret i morgon, kan eg gå på Vernet og sole meg. Grunnen til at eg ikkje fekk ta bilde der, var at telefonen var tom for straum.

onsdag, januar 18, 2023

Dagbok 2023: 18.januar

                                                   Lyngvegen

Klokka er no15.40, temperaturen ute er + 1grad og det snøar. Eg kom nettopp inn frå dagens trimtur, rimeleg våt i håret. Eg gjekk samme runda som i går, og det tok mindre enn ein time,  då må ein hugse at eg går i piggsko og då går eg ikkje fort-Same om eg ikkje likar snø, så synest eg det er godt at det ikkje er så kaldt. Eg håper berre at eg kjem meg ut med bilen i morgon, for eg skal køyre til treninga.

Føremiddagen i dag gjekk veldig fort. Etter at eg hadde gjort unna morgonstellet, sett serien min og fyrt godt i omnen, kom Marit ned til føremiddagskaffi og litt kaker. Det var så lenge sidan ho hadde vore her,  ikkje før i år, trur eg. Og vi har ikkje fått prata så mykje til denne tid -før i dag altså. Elles har det ikkje hendt så mykje her hos oss, men når ein set seg til å sjå og høyre kva som skjer- på TV, då kan ein rett og slett bli skræmde. Eg orkar snart ikkje å høyre om krigen i Ukraina, ein kan få angst av mindre-

I dag fyller Håkon, den yngste av gutane på Hareid, 29 år. Han vart fødd i OL-året 1994 .Eg har no gratulert han fleire stader, men kan no gjere der her også.


Gratulerer med dagen, Håkon!

 

Starevegen

tirsdag, januar 17, 2023

Dagbok 2023: 17.januar


 Klokka er no 17.oo Temperaturen ute er minus 3 grader og det klårnar meir og meir opp. Tidlegare i dag var det mildare og meir skya.Hadde det vore klårt så hadde vi sett heile sola her heime i dag.

I dag var det trening igjen og min tur å køyre. Etter treninga var eg innom Europris og kjøpte meir garn, Då eg kom heim bytte eg over til piggsko og gjekk ein tur mens eg var godt påkledd, Eg har funne ut at viss eg ventar litt med å fyre i omnen, så går det litt mindre ved-ergo er det lurt å gå tur først. Varmepumpa er på heile døgnet så her er aldri iskaldt. Det blir mykje til at eg sit framfor TVen og strikkar, og dei siste dagane har eg hatt litt proplem med å finne fram til rette programma,eg har måtta ta ut stikk-kontakten fleire gonger, men no trur eg at eg har lært litt. 

Til middag i dag tok eg ei skål med risgraut som eg hadde ståande. Eg vart kjempemett og då blir eg søvnig. Eg var nesten sovna då telefonen ringde. Samme nummer som i går. Eg tek ikkje telefonen viss eg ikkje veit kven som ringer, så eg måtte undersøke. Ikkje uventa var det nokon som hadde noko å selje, nemleg utelampar. Ja, ein må vere forsiktig med kva ein ønsker seg på FB.

På telefonen har eg ei dame som driv og "spår" meg og vil gi meg gode råd, ho har eit namn også(Det skal eg ta å sjekke opp) og så står deg under:RING meg!

EG har skrive tilbake at eg kjem ikkje til å ringe henne, og viss ho ikkje held opp , skal eg melde henne. Men der var melding i dag også.

Eg er litt irritert på meg sjølv at eg ikkje får gjort noko. I fjor på denne tid hadde eg vaska alle veggane på stova-til dømes. I år har eg gjort ingenting. Men så sat eg og tenkte litt. At no er det verken snø eller regn i lufta, så no kunne eg hatt ut teppa og vaska på soverommet, og så gjorde eg det. Eg er ikkkje så flink å vaske golv lenger, det er ryggen som plagar meg , men det går fort over når eg kviler litt. Teppa får lufte seg mens eg skriv, og så skal eg ta dei inn før det blir mørkt- I morgon har Håkon fødselsdag-han vart fødd i OL-året 1994.


mandag, januar 16, 2023

Dagbok 2023 : 16.januar


Klokka er no16.42, temperaturen er minus 2-3 grader C, og det har vore ein nydeleg dag med litt nysnø og sol. Ja, det er no ikkje alle som får sola inn til seg enno, men det kjem seg litt om senn: Eg gjekk ein tur på føremiddagen og då gjekk eg opp Storebakken, og på toppen fekk eg sjå heile sola for første gong i år. Slikt ver kan vi gjerne ha ei stund. Eg gjekk i piggsko i dag også, då går eg trygt-men ikkje fort.

Eg skal innrømme at eg ikkje er så flink i historiefaget, til tross for at eg har grunnfag i historie med bra karakter. Ei av hendingane i andre verdenskrig har alltid vore litt diffus for meg,  det var mykje derfor eg valde å sjå filmen "Kampen om Narvik" i dag. Marit og eg hadde avtalt og Marit hadde bestilt billettar. Filmen skulle begynne klokka 13.30, men når det er Dagkino har dei ofte kaffi og kaker før filmen tek til. Derfor samlar vi oss i foajeen og pratar med kjende og ukjende. Det er no mest pensjonistar som går på kino midt på dagen.

Filmen varte minst 2 timar, men det var full fart heile tida. Eg kan med handa på hjartet seie at det er den beste krigsfilm eg har sett. Og eg har sett mange. Eg meiner denne filmen var så ærleg som han kunne bli, ingen heltar eller skurkar her. På teksten etter filmen fekk vi sjå korleis det gjekk med byen Narvik seinare i krigen, filmen handla om det som hende i 1940. Eg trur at alle som var der fekk ei ekstra sterk oppleving i og med av vi kvar dag ser bilde av det som hender i Ukraina. Krig er ikkje berre på film.

Det var Marit som køyrde i dag, og då vi for heim att ca kl.15.30 var det framleis lyst, så det går framover.

Då eg kom heim, la eg to poteter i mikrobølgeomnen, før eg varma siste resten av middagen frå laurdag. Etter tre dagar er eg ferdig med Gildes medisterkaker-men dei var no ikkje så verst. Når eg går tur før middag og så på kino etterpå sparer eg mykje ved, men no har eg kveikt opp i omnen, og så skal eg legge opp enda eit lestepar. I morgon er det trening, og då skal eg kanskje sjå meg om etter meir garn også.


                                       Det er no fint med snø og sol ?

 

søndag, januar 15, 2023

Dagbok 2023: 15.januar


                                                              Lyngvegen

Klokka er noeit par minutt på 16, temperaturen ute er så vidt under 0. Datamaskina melder at det skal kome snø, noko som eg ikkje er så glad for.

Dagen i dag har gått veldig fort hittil. Eg stod opp i 9-tida og etter at eg var ferdig med frokosten m.m. sette eg meg til å strikke ferdig lesten eg hadde begynt på i går. Då klokka var 11.40ca gjekk eg tur, eg vurderte å gå på Vernet, men valde å gå på vegane. Med piggskor. Det var sanda nesten alle stader, men ein går likevel tryggare med piggar. EG gjekk opp og ned, framog tilbake på Vallabøen i over ein time. Eg traff eit ektepar som eg kjenner og prata litt med dei, elles var det ikkje så mykje folk ute.

Då eg kom heim fekk eg litt jobb med å få det til å brenne i omnen, og då det var gjort åt eg middag, set var restar frå i går. Eg sette meg inn i godstolen etterpå og der vart eg sittande ei god stund, for eg vart så trøtt-den einaste tida på døgnet eg er trøtt er rett etter middag. Elles har eg problem med å legge meg om kvelden-fordå er eg ikkje trøtt-

No skal eg koke meg litt kaffi, TV står på, og så skal eg strikke lest nr 2. Solveig kom med garn til meg i går, ein ny sort som eg skal prøve ut.

Eg er ikkje komen i gang med noko skikkeleg arbeid enno, i fjor på denne tid var eg ferdig å vaske veggane på stova-men dei skal ikkje vaskast i år. Eg trur eg var litt sprekare i fjor.

I morgon skal Marit og eg sjå krigsfilmen frå Narvik; eg er ikkje så glad i krigsfilmar eigentleg, men dette er no ein del av historia, som eg ikkje veit altfor mykje om frå før. Det er Dagkino, og tek til kl.13.30.


                                              Olavsgata

lørdag, januar 14, 2023

Dagbok 2023: 14.januar

 

Klokka er no16-00 og temperaturen er minus 5 grader C--

Med det samme eg skreiv overskrifta her, var det noko som datt ned i tenkeboksen min .14.januar? det må vere einkvan i slekta som har fødselsdag i dag! Kan det vere Roar? Eg sjekka  -og det var det. Då er han alt blitt 55 år, det er ikkje til å tru. Han vart fødd same året som Margrete.
I dag hadde eg program for dagen. Eg stod ikkje direkte tidleg opp, men ikkje så seint heller. I dag såg eg fram til besøk av Einar, han ville komme til middag. I dag gjorde eg det lettvint; eg tok fram medisterkakene frå Gilde som eg hadde kjøpt til jul, og så var det berre å brune saus og skrelle poteter. Då eg hadde gjort det, tok eg ein tur på butikken, og i dag hadde eg handleliste og kjøpte berre det er skulle-i alle fall nesten. Dessutan panta eg flasker. Einar kom som avtalt, vi åt middag og til dessert vart det berre småkaker (kjøpt til jul) og kaffi- 


Eg utnyttar alle som kjem på besøk. Alle må hjelpe meg med noko eg ikkje greier åleine. Eg hadde ei lang liste først i veka, men mykje har eg fått til sjølv, og så skjer det at noko blir bra -heilt utan hjelp-. 
Men bytte pære i utelampen, det såg eg meg ikkje syn med, høgt heng den og glatt er det på trappa. Einar prøvde å få laus glaskuppelen , men den sat fast, kanskje på grunn av frost? Eg såg nærmare på lampen som har hange der i mange, mange år. Eg meiner at heile lampen må skiftast ut, så då får vi ta der derifrå. Det er ein lysstolpe rett over gata , så her blir aldri heilt mørkt. Så må eg berre finne fram til nokon som sel slike lampar.

I 10-tida i dag skein sola på himmelen i aust, ho var ikkje så høgt på himmelen at vi såg sjølve sola, men noko av sol-lyset kom heilt inn i stova. Det er ikkje så lenge att no før vi får sjå heile sola ei stund mellom klokka 10 og 11.

                                       Slik såg det ut i stova i dag

Det er fint og lyst ute med snø og sol, men kvelden kjem fort. Klokka er ca halv 5 og det skymest fort no. Det vart ikkje turgåing i dag heller, men i morgon.............viss det er same fine vêret- Eg har fyrt i omnen, slått av  varmepumpa og sett på oppvaskmaskina, og no skal eg snart legge opp eit lestepar og strikke av garnet Solveig kom med i går- Sjølv strikkar ho nydelege kofter og genserar, men eg synest det er heilt greitt å strikke slikt som blir fort ferdig.

fredag, januar 13, 2023

Dagbok 2023;:13.januar


                                                       Dette bildet er tatt klokka 15.45
                                                         
                                                    

                                                 -   dette ein halv time seinare.

Klokka er no 16.51, temperaturen ute er nede på minus 3, skodda som låg tjukk for ei stund sidan er vekke no.

Eg hadde ikkje så store planar for dagen, men eg skulle i alle fall ta fredagsvasken -og det gjorde eg. Det er som regel fort gjort. Så var det å fyre opp i omnen og få opp temperaturen, men i dag virka varmepumpa, så det gjekk greitt å få her varmt. Eg fekk melding frå Solveig at ho ville komme innover ein  tur i 18-tida, så det ser eg fram til no.

Eg hadde tenkt å gå ein tur i dag men veret var så utriveleg, med skodde og litt regn etc. Så eg heldt meg inne. No er det blitt finare ver , men også kaldare. Eg syntest det var ein nytelse med varmegrader, men det går mot den tida då vi får sola tilbake, i dag er det den 13, og vi plar få sol rundt den 17-18.jan, Men det er ikkje så mange minutt til å begynne med viss vi ikkje går høgare opp. I fjor vinter kom det folk frå heile bygda og gjekk tur på Fonnvernet og Storebakken. Eg tenkjer litt på at fleire av spansk-vennane mine er i Spania og soler seg på stranda. Men det er fritt fram for dei som vil.

No skal eg gjere i stand litt kaffimat til Solveig kjem.

Eg ønsker alle ei god helg!

torsdag, januar 12, 2023

Dagbok 2023: 12.januar

Eg slapp å moke altanen denne gongen.


Alle bilda er tatt ca. 14.30.


Klokka er no17.25, temperaturen ute er + 3grader C og det er opplett. Tidlegare i dag regna det visst aldri så lite. I dag var vi på trening og det var Marit sin tur å køyre. På heimvegen stoppa vi og handla litt på KIWI. 
Eg hadde tenkt å gå tur i dag, men først måtte eg få eld i omnen, lage litt mat, sette på tørketrommelen etc.etc. Det tok si tid alt, og eg hadde litt strev med å få eld i omnen. Og då eg endeleg hadde fått meg litt mat, vart eg så trøtt at eg sette meg inn og såg TV, då måtte eg ha litt kaffi etter kvart for å halde meg vaken.
Og brått var det mørkt ute og det blei ingen tur, men då eg gjekk ut i garasjen for å hente noko møtte eg naboane som eg ikkje har sett sidan før jul. Eg får heller ta ein tur i morgon, etter fredagsvasken. No nærmar det seg at kleda i trommelen er tørre, så er det kanskje noko som må strykast.-Ja, slik går no dagane, det er alltid noko å gjere for den som vil. I dag har eg leita febrilsk etter noko som eg hugsar at eg la på ein LUR plass. Ja, det kjem vel fram ein dag.....

 

onsdag, januar 11, 2023

Dagbok 2023: 11.januar



 

Klokka er no 15.50 og bilda eg legg inn er heilt ferske. Det har regna så smått i heile dag og temperaturen er ca +5 grader. Eg som ikkje vil ha verken snø eller kulde må vel vere nøgd no? Det er likevel ikkje så lenge til vi kan få sol inn i stova og då kan det gjerne klårne opp. Men det er ikkje eg som styrer veret-det skulle tatt seg ut!-

I dag hadde eg tenkt å vaske og rydde på soverommet og datarommet, men der er så mykje teppe på desse romma at eg må ha opplett når eg skal gjere reint. Soverommet fekk stå, men eg tørka støv, støvsuga og rydda på "kontoret" mitt - der var eit visst behov. Men først støvsuga eg stova og gangane. Det tek si tid alt; når ryggen ikkje er så god, blir det mange pausar. Men eg har tid!

Elles har eg heimedag i dag, eg var ikkje freista til å gå ut, så eg har halde meg inne, strikka, sett TV lese spansk etc. Til middag fann eg meg diverse som må forlate kjøleskapet, med andre ord det som vart kjøpt for mykje av før jul, det er ikkje altid så fristande å ete restar, men eg har god appetitt, så det går bra-

Først på dagen vart eg frustrert over alt eg ikkje får til på telefon, datamaskin og i det heile tatt. No fekk eg i alle fall til å retta appen for bosstømming, så no viser den rett. Her har vore kurs for eldre, både for telefon og datamaskin, men eg har ikkje vore der- det passa ikkje for meg akkurat då. Eg får melde meg på neste kurs.

I morgon er det trening igjen, og då blir det gjerne tur innom ein butikk med det samme-same kor mykje eg har i hus så er det alltid noko som manglar. No har eg strikka 6 par lester etter jul, men eg har enno garn til to par att, såpass eg har noko å ha på hendene når eg ser TV. Eg har ofte nyheiter ståande på i timesvis, og då får eg med meg litt av kvart. Ikkje alt er like kjekt.

 





tirsdag, januar 10, 2023

Dagbok 2023: 10.januar

 

Dette er ryggebuska mi, den er god å ha når eg skal rygge ut av garasjen og opp på vegen.

Klokka er no 16.57, temperaturen ute er + 6 grader og det har regna litt no. Det er greitt nok at sola ikkje er framme, for ho hadde ikkje skine hit ned likevel. Eg er glad for kvar dag vêret går i pluss.

Sist natt sov eg lite og dårleg, så eg var kjempetrøtt då eg stod opp, men vi kom oss no på trening i dag også. Før vi reiste heim var vi innom SPAR og handla litt, eg kjøpte stort sett berre garn. Eg hadde tre garnnøstar att av dei eg fekk med Solveig, men dette garnet må eg ha to små buntar av for å få eit lestepar, eg strikka ein lest i går kveld og i kveld skal han få selskap.

Eg måtte sage av ryggebuska mi eit par greiner som var delvis brotna av i snøen, må nok stusse litt meir når snøen blir borte.

I dag vart det siste resten av fårikålen  til middag, så no er den ute av verda. Eg har lagt ned veto på at eg ikkje skal kjøpe i hop meir mat, men ete av det er har- og det er ikkje så lite.

Og så var eg spent på korleis det ville gå med oppvasken. Eg hadde ikkje vaska opp etter at Helge fiksa maskina, men i dag var den full, så då sette eg i gang. Og maskina virka heilt fint, så no har eg tømt den og fått alt på plass. Eg vippsa ei lita takk til elektrikaren.

Eg hadde tenkt eg skulle få gjort noko nyttig når eg hadde heile ettermiddagen ledig, men det som skjedde var at eg datt ned i godstolen  med strikketøy- og seriar på TV.   Dagen er ikkje slutt enno, men det er lett å gi seg når det blir mørkt ute.

Eg fekk eit digi-brev som eg ikkje har fått til å opne enno, eg har no opna mange slike brev før. Dette handlar om skatten-trur eg. Og det er ikke så  spennande.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...