lørdag, august 31, 2019

Dagbok 2019:31.august

 Svartsurbærbusken held på å få haustfarge.

Klokka er 17.45, temperaturen ute er +23 grader C, det har vore eit par våte dagar, men no lettar det opp, ser det ut til.
1.august var ein viktig dag i min barndom og ungdom. Det var den siste feriedagen før skulen tok til 1.september, og så var det pappa sin bursdag, i dag er det 120 år sidan han vart fødd i Horten. I barndommen budde han fleire stader på Austlandet, lengste tida på Skarnes, der far hans var stasjonsmeister. Faren døde då pappa var 11 år, og etter det budde han t.d. i Oslo. Då har var 17 år flytta han til Eid, sidan mor hans hadde gifta seg med ein eidar.
Mormora mi, som eg kalla besta, var på dagen 20 år eldre enn pappa, ho var fødd på Breim, men gifta seg med besten og flytta til Innvik. Ikkje berre var pappa og besta fødde på same dato, sidan det var 20 år mellom dei, vart det jubileum same åra. No kan eg ikkje hugse at det var så mange feiringar, men eg hugsa at vi feira 50-årsdagen til pappa oppå Tua i Stigedalen. Den tida budde både besteforeldra mine og tanta mi (Systera til pappa)med familie på Eid, så då var vi ein flokk. Eg brukar alltid å mimre litt denne dagen, og tenke på alle dei som er borte.


Dagen i dag har eg berre sosa bort; når eg ikkje planlegg noko på førehand blir det ofte slik.
Eg starta dagen med frokost og Sudoku, hadde jobba med sudokuen sidan torsdag kveld, og hadde eigentleg gitt opp. Men brått kom eg meg vidare og heilt i mål. Det er ein seier for meg kvar gong.
Eg gjekk ut og plukka plommer opp frå marka, eg plukka ikkje i går, så dei som låg der gjekk rett i komposten. Eg raka marka. Så plukka eg opp i eit fat, som eg fraus, og etterpå ein porsjon til Marit. Plommene er overmodne og ikkje så gode lenger. Men Victoriaplommene held på å bli modne. Eg skulle ha plukka opp nedfallsepla også, men det han eg no gjere i morgon, sjølv om det er sundag ?
Eg har snakka litt med Marit i dag også, og med Solveig i telefonen, og så har eg fått meldingar på mobil og på data.
Fekk melding frå Eli om at vi startar opp att med spanskkurs komande onsdag. Det blir ei "travel" veke; trening på tysdag og spansk på onsdag, og i tillegg skal eg skrive omtale av pensjonistmøtet veka etter. Den blir enda travlare, med trening, kino, spansk, pensjonistmøte, og skriving av referat. Men det er kjekt at det skjer noko. Marit og eg skal på kino. Downton Abbey + "Afternoon tea" før filmframsyninga. Då skal yrkesskuleelevane servere "engelsk" afternoon tea. Det blir sikkert artig.
I dag seig eg ned framfor TV-en på ettermiddagen og såg reprisen av Norske talenter. Hadde eg visst at prinsessa skulle konfirmerast i dag, hadde eg sjølvsagt hatt på TV-en og sett då. Eg veit som regel om kva som skal skje både her og der, men eg har ein uvane med å aldri hugse dag og dato. Men vi får no sjå litt av det i nyheitssendingane. Og no er det snart tid for nyheiter.





fredag, august 30, 2019

Dagbok 2019: 30.august





Klokka er 16.00, og temperaturen er + 16 grader C, så det passa bra. Det regnar stort sett heile tida og det har det gjort heile dagen.
I dag hadde eg planane klar, og då får eg gjort det eg skal. Først shina eg og vaska kjøkken og bad, etterpå støvsuga eg alle teppegolva, så no har eg gjort skikkeleg fredagsreint for ein gongs skuld.
I går fekk eg melding om at dei nye brillene mine var på plass, så eg ville hente dei i dag. Eg for nedover i 14-tida, og hadde heilt gløymt sist eg var til sentrum klokka 14 ein fredag. Då er det nemleg max trafikk. Men det gjekk heilt bra i dag også. Eg fekk henta brillene, hadde nesten gløymt at det var to par- vanlege-og solbriller med styrke. Betalte for eitt par og fekk det andre "gratis". No sit eg og skriv med dei nye brillene på, og eg ser godt. Dei gamle hadde slitne glas så eg såg ikkje heilt klårt. Så får eg berre håpe at det blir sol så eg får prøve solbrillene. Eg vart skuffa og vonbroten då eg såg i speilet, det var ikkje noko gale med brillene, men eg vart tydeleg eldre og styggare. Men det er vel ikkje så mykje å gjere med det- eg vurderer Botox, men då får eg vel Ingeborg på nakken. 
Då eg kom heim fann eg eit brev i postkassa, det var frå "Skatteoppkreveren i Ørsta"- eg var skuldig 200 kr. Eg har ikkje fått krav før, men var inn på skattelikninga og såg korleis det låg an, så eg visste eg skulle betale  den summen. Eg trudde faktisk eg hadde betalt, men eg ombestemte meg visst og ville vente til eg fekk krav. Det var no ingen stor sum. Eg handla litt på Spar før eg køyrde heim, men det var ikkje mykje eg trong i dag.
Eg ser at det har falle ned fleire plommer, men orkar ikkje å plukke dei opp no det er så vått. Noko heng att på trea enno. På butikken kosta tilsvarande plommer 49 kr kiloen.
No skal eg ta meg ein leksjon i spansk før eg flatar ut og tek helg. 
Eg ønsker alle ei fin og god helg. Helst skulle det vore same vêret som først i veka, men det kan vi visst berre gløyme.
Eg slit med fredags -sudokuen denne gongen, eg begynte i går kveld, og har ikkje fått den til enno.


torsdag, august 29, 2019

Dagbok 2019: 29.august

Klokka er 16.55, temperaturen ute er + 18 grader. Det har regna før i dag, men no var sola framme ei stund.
Det var bra at eg skulle på kurs i dag, for eg var ikkje vidare arbeidsdyktig. Det er den høgre armen som plagar meg- knea er rimeleg bra for tida, men eit kvart skal det no vere støtt.
Kurset skulle starte klokka 12-så eg la ikkje opp til så mykje aktivitet før den tid. Eg dusja og vaska håret, og så studerte eg litt spansk mens eg venta på at klokka skulle bli så mykje at eg kunne fare.
På kurset møtte ein del kommunalt tilsette, pluss representantar frå eldrerådet og frå pensjonistlaget.
Det var ei nordnorsk dame på 53 år som heldt kurset, og ho var dyktig. Ho hadde ein kraftig stemme , og brukte ikkje mikrofon.
Det var interessant å høyre på henne, og få innblikk i kva som finst av digitale og mekaniske hjelpemiddel for gamle og sjuke. Eller for folk som skadar seg. No har eg eit bra innblikk i mykje av dette frå før, men mykje var nytt.
Noko som ho sa er eg veldig enig i: Ein må sette seg inn i bruken av hjelpemidla før ein ev. treng dei. Dette gjeld spesielt dei digitale  hjelpemidla. Ordføraren var også til stades og kunne gjere greie for mykje av det kommunen har ansvar for. Vi fekk mat sånn midt i kurset, det var bagettar med godt pålegg i og så kaffi til. Vi var tre som møtte for pensjonistlaget: Eli, som er leiar, og Kari og eg som er med i styret. Kari kar ikkje vore med så lenge, så eg nytta høvet til å bli betre kjent med henne.
 Etter møtet køyrde eg opp til Kiwi og handla litt der før eg for heim.
Her heime plukka eg nedfallsplommer og sorterte dei, det vart mest til komposten og minst i frysaren. Der er enno mykje plommer på trea, så eg håper at nokon i familien skal få glede av dei. Dei modna så altfor fort i varmen.
I dag har eg ikkje snakka med Marit anna enn på Messenger. Eg er ikkje blitt fortrolig med mobilen enno, veit ikkje kva tid den ringer, eller kva tid det er meldingar som tikka inn. Og viss den ringer veit eg ikkje korleis eg svarer, kanskje er eg for gammal til ein slik mobil? Håper Amanda får ordna det slik at eg får bruke Doroen snart. Viss de vil ringe og snakke med meg, er det smartast å ringe fasttelefonen: 70066849.
No kom Jørn med plommekake til meg. To stykke, så eg må kanskje invitere Marit på kaffi ? 

onsdag, august 28, 2019

Bok nr. 24 - 2019: Organhøsteren




Forlagets omtale: 
En seksåring får lov til å være alene på lekeplassen i Sande sentrum mens moren er på butikken og handler. Når hun skal hente datteren, er barnet sporløst forsvunnet. Førskolejenta lever med en alvorlig sykdom og har tidligere gjennomgått en lungetransplantasjon. 
En uke senere blir et annet barn borte fra Konnerud barnehage. Det viser seg at hun har en lang sykdomshistorie og at hun ble nyretransplantert i treårsalderen.
Jentene er avhengige av livsviktige medisiner i hverdagen, og tiden jobber mot dem på alle måter. Etterforskerne ved Sande lensmannskontor må etter hvert få hjelp av Kripos for å nøste opp i trådene, når flere organbarn forsvinner på Østlandet.

……………………………………………………………………………………………………….
Denne boka er på 323 tettskrivne sider. Eg er ei utolmodig sjel, og syntest først det gjekk litt treigt, det var for mange uvesenlege ting som vart tekne med i teksten. Men det var noko som dreiv meg til å lese vidare. Boka er godt skriven, og så få vi lære mykje om organdonasjon etc. Heile boka er ei oppmoding om å donere organ.Og slutten vart spennande.

Dagbok 2019: 28.august

Klokka er no 19.20, temperaturen er + 21 grader C, det har nettopp vore ei regnbyge, så den kjølte ned lufta. Max temperatur i dag var + 31 grader C. 
På føremiddagen var det ikkje så mykje sol så då var det råd å jobbe litt ute. Eg reinska ugras, rydda i bringebæråkeren, plukka plommer. I tillegg vaska eg eit par maskiner med klede og hengde ut.
Etter kvart vart det varmare og då sat eg ei stund oppe på platten med Marit og prata.
Så veldig effektive kan ein ikkje vere i slik varme. Eg hadde sendt melding til Jørn at han kunne komme og plukke plommer, og i kveld kom heile familien etter at dei hadde vore på Rjåneset og bada. Ungane åt plommer, mens vi vaksne plukka. Då dei hadde fått så mykje som dei ville ha, såg Jørn på treet og sa: "Det ser ikkje ut som om vi har vore her." Og det var sant. Eg plukka opp i ein balje etterpå. Og då var eg framleis på det vesle treet. Plommene modna veldig fort i varmen, så det vert ei hektisk innhausting. Eg tenkte på at viss det kom torden og voldsomme regnbyger, ville det gå heilt gale. Eg har nesten ikkje sett minsteguten deira, Jaron, før men han var heilt skjønn, med mørkebrune auge. Han likte godt plommer han også.
Etter vi var ferdige med innhaustinga gjekk eg inn og las ferdig boka mi.
I morgon skal eg på kurs for å lære om Velferdsteknologi. Eg ser fram til å få vite litt meir om det.

tirsdag, august 27, 2019

Dagbok 2019: 27.august.




Klokka er no 17.50, temperaturen har gått ned til +24 grader C, etter å ha vore oppe i 30 grader før i dag. Men i fjor hadde vi temperaturar opp i 36 grader, det har vi ikkje hatt i år. No har det kome litt skyer på himmelen så sola er borte.
I dag skulle Marit og eg på trening klokka 10. Alt då var det heitt, men fysioterapeut Elisabeth sette opp alle dører og glas, så det gjekk heilt fint å trene. Etterpå reiste vi beine vegen heim. Men så fekk Marit melding om at bilen hennar var ferdigbehandla på verkstaden, så eg køyrde henne ned, så ho fekk henta den. På heimvegen stakk vi bortom gravplassen og vatna litt. Vi må snart plante på nytt, og då blir det lyng. Vi ventar i det lengste.
Då vi kom heim plukka vi plommer, eg plukkar stort sett berre dei som ligg på marka, og så skyller eg dei og ser etter at dei er OK før eg frys dei.Det er fleire i storfamilien som er forkjøla for tida, derfor kjem dei ikkje og plukkar plommer.
Elles har det ikkje skjedd så mykje. Eg låg ei stund på magen på solsenga, men etterpå vart eg sittande i ein stol på altanen og lese i ei krimbok. Den er tjukk og lang, og nokså omstendeleg. No veit eg snart alt som er verd å vite om organ- trasplansjon. Om eg skulle få bruk for det. 
Fekk melding frå Eli i dag med spørsmål om eg er interessert i framhald av spansk-kurset. Ja, det er eg! Eg studerer spansk kvar dag på nettet, men eg er fullt klar over at eg ville vere heilt hjelpelaus om eg måtte snakke spansk med levande folk i staden for ein maskin.
Eg legg inn eit bilde av svartsurbær - busken min, eg har skrive om den på Facebook også. Bæra skal vere reine medisinen. Mine er ikkje heilt modne enno, men eg et litt av dei kvar dag for sikkerheits skuld.
No må eg ut att og plukke nedfallsfrukt. Leigebuarane mine er på Bjørkedalen, i eit opplegg frå studiet  "Friluftsliv".
Eg må no nemne at eg har gjort LITT hagearbeid i dag også, i morgon har eg ingen plikter så vidt eg veit. Torsdag skal eg på kurs.


mandag, august 26, 2019

Dagbok 2019: 26.august

Klokka er no  16.32, temperaturen på trappa er + 28 grader  C, og det er og har vore ein strålande dag med sol og litt fin vind. 
Men det er ikkje det ultimate arbeidsvêret. Eg starta opp med å klippe Skråninga i 9-tida; det var for tidleg, graset var langt og vått, så jobben vart litt tung, men eg fekk no gjort det, sjølv om det ligg litt gras att her og der. Då eg skulle klippe plenstykka opp mot gata, begynte klipparen å ryke, så eg torde ikkje anna enn å stoppe. Eg prøvde igjen, men den rauk framleis. Eg har ikkje gitt opp, men tenkte eg kunne vente til det vart litt kaldare i lufta.
Elles driv eg heile tida og plukkar plommer som dett ned; det gjeld å ta dei før dei små dyra går til angrep. Apropos så såg eg ein relativt liten og slank lysebrun snigel i dag. Har ikkje sett den sorten før, og lurer no på om det var ein "brunsnigel". Ja, VAR, for den finst ikkje lenger. Det vart eit lite klipp der også.
Eg åt relativt tidleg middag i dag, hadde att tomatsuppe frå i går, og så la eg meg ut på altanen for å sole meg. Prøvde å lese litt i ei bok, men det funka ikkje. Det vart ein relativt lang pause. Sjølv om eg er vekselvarm og får meir energi når det er varmt, så går det ei grense. Kanskje ved + 25 grader?
I morgon skal Marit og eg på trening klokka 10- 11. Bra at det er såpass tidleg viss det blir like fint i morgon.
Eg ønska meg ein " Indian summer" og eg trur vi har fått det no.

søndag, august 25, 2019

Dagbok 2019: 25.august


Klokka er 17.24, temperaturen er deilige +22 grader, det er skya, men ikkje regn.
Første post på programmet i dag etter frokost var å plukke nedfallsplommer før sniglane tok dei, det lykkast eg med, så no er plommene komne i fryseboksen; snart må eg ta ein runde til.
Eg veit at eg ikkje skal strikke, men i dag vart freistinga for stor, så eg la opp eit brot og strikka eit par cm på lest nummer to, det er no berre altfor dumt å ha eit halvt lestepar.
Så tok eg ned alle bilda på barnebarn-veggen i gangen, vaska veggen, tørka støv og pussa glaset på bilda. For å hugse korleis bilda skal henge tek eg alltid eit bilde først. Dei store vaksne barnebarna likar å stå framfor denne veggen og sjå seg sjølv og dei andre slik dei eingong var.
Marit bad meg opp til kaffi, så vi sat og prata eit par timar. Vi har ikkje gått tome for tema enno, og går det tomt får vi begynne på att.
Eg veit ikkje kva det kom av, men eg fekk så lyst på tomatsuppe i dag. Eg hadde ikkje posesuppe på lager, så eg måtte lage den på gamlemåten. Det greidde eg fint på den tida som gjekk med til å koke egg. Eg hadde nesten gløymt korleis det var å lage suppa frå "grunnen" , men det gjekk heilt fint. Først ein liten smør/mjøl jevning, så ein boks hermetiske tomatar+ nokre teskeier med tomatpuré, buljongterning +  fond, litt kvitløk og vatn til passeleg  konsistens. Eg "serverte" den med ein fløteskvett og hardkokt egg. Det var veldig godt, og eg har ein porsjon til, som eg kan ete i morgon; det er vanskeleg å koke til berre ein.
No har eg leita etter nokre papir som vi fekk frå VØR då vi fekk nye bossdunkar, der stod kvar ein skulle ha dei ulike tinga ein kasta. Eg trur eg har kasta det eg fekk, så no har eg ikkje noko å gi leigebuarane. Får høyre om nokon av naboane har tatt vare på sin "plakat", så kan eg berre kopiere.
Det er berre påmelding til kurset i morgon, sjølve kurset er torsdag 29.aug.

lørdag, august 24, 2019

Dagbok 2019: 24.august. Barsok.



Klokka er 16.10, temperaturen ute er + 20 grader, det har vore stort sett opphaldsvêr i dag, men no nyss kom det nokre dropar. Eg visste ikkje at det var så varmt, så eg var godt kledd og sveitta som ein sil då eg klipte plen.
Eg har klaga over at eg ikkje har fått gjort noko særleg denne veka, men i dag har eg vore litt flinkare.
Eg har vaska og rydda kjøkken og bad, plukka plommer, og ikkje minst klipt plenen rundt huset. Dei andre stykka må få stå litt til, dei er grøne og fine, men eg ser at graset gulnar litt ved rota etter kvart. Eg dreiv og plukka nedfallsplommer då eg fann ut at graset var for langt.
Eg blir i betre humør når eg får "gjort" noko, særleg sidan eg ikkje kan strikke i ledige stunder.
Eg verker mykje i armen om natta og søv lite og dårleg; det er litt dumt for då får eg ein lei tendens til å sovne framfor TV-en når det lid utover kvelden.
Eg får alltid tid til å ta ein liten spansktime-kor mykje eg lærer er eg ikkje sikker på.
I dag har eg ikkje snakka med andre enn Marit og eg har ikkje vore på butikk. Får klare meg med det eg har til over helga.

I dagboka mi står det at det er BARSOK i dag, eg måtte slå opp i ei bok eg har, og der fann eg ut at denne dagen er til minne om Apostelen Bartholomeus "som utbredte evangeliet til Arabia, Mesopotamia og Armenia. Han ble fengslet for sin tro og levende flådd - andre legender sier at han ble halshugget. Han ble fiskernes skytshelgen." Det siste synest eg var litt rart. Dei landa er vel ikkje akkurat fiskerinasjonar?
I eldre tider vart dagen rekna som første haustdagen og det var på tide å få buskapen ned frå fjellet.

Eit gode med hausten er at det blir betre program på Tv, og i kveld ser eg fram til første programmet med "Stjernekamp". Ei av dei som er med reknar vi som volding Beate ( Slettevoll )Lech. Far hennar er/var polsk fiolinist.
Eg held på å lese ei bok som er litt travel å lese fordi det er relativt små bokstavar de, men det blir vel betre når eg får nye briller.

fredag, august 23, 2019

Dagbok 2019: 23. august. Siste hundedag.




Motiva er kjende, men no tek eg bilde med mobilen.

Klokka er 16.10, temperaturen ute er + 16 grader, det har vore nokså vått i dag også, så det blir ikkje plenslått. Plenane er forresten så fine no at det er synd å klippe dei. Eg sette meg ned for å lese litt i ei bok eg held på med, men eg var frostig, så eg lurer på om eg skal fyre opp i omnen. Leigebuarane er ikkje heime, så eg har huset for meg sjølv. Eg tenkte eg ville skrive blogg tidleg, for det blir mykje å sjå på TV i dag/kveld. det første er at ei "gammal" studievenninne skal vere på Dagsnytt 18 i dag. Det kan eg ikkje gå glipp av.
Eg har ikkje vore så veldig flink å "gjere" allverda i det siste, det har mange årsaker. Eg likar best å jobbe ute, eg kan ikkje gjere alt eg har lyst til på grunn av ein vond arm - og så er eg kanskje litt lat. Eg er som eit vekselvarmt dyr, har mest energi når det er rimeleg varmt i vêret.
I dag tok eg meg saman og vaska og rydda i kjøleskapet før eg handla inn litt mat til helga.
Eg heldt på å bli sprø då eg skulle nedover og handle. Eg fann ikkje jakka mi! Eg har aldri gjort av den jakka anna enn i vindfanget. Likevel gjekk eg gjennom alle klesskapa fleire gonger, før eg kom på den tanken at eg kunne ha lagt den att på kafeen der Ragnhild og eg drakk kaffi på onsdag.
Eg køyrde beine vegen ned dit, og ja, der var jakka! Det er heilt typisk meg, eg er den typen som legg att klede og vesker overalt; eg var meir forundra over at Ragnhild ikkje hadde oppdaga at eg gjekk utan jakke - ho plar vere observant. Det var rett nok fint vêr akkurat då.
Var ein tur innom på Amfi, på apoteket, etterpå handla eg mat på Spar. det kan godt hende eg må handle litt i morgon også, kven veit.
Eg kjøpte meg ein salat som eg åt til lunsj, fekk ikkje direkte "kjøttskam" av det kyllingkjøttet som var i.
Komande mandag skal eg på kurs på rådhuset. Det er styret i pensjonistlaget som skal skolerast i velferdsteknologi. Det kan bli interessant nok; eg meiner eg har litt innsyn i slikt no, så då er det lettare å forstå det som vert snakka om og gjere seg opp meiningar.
Plommene dett ned på marka ei etter ei, og når ein kjem og vil plukke dei opp er det andre som har vore der før, eg tenkjer då på sniglar og andre dyr, så då er det berre å kaste. Dei skulle hatt ein varm og tørr dag eller to før ein plukka. Eg kan ikkje ete opp alt etter kvart, så eg må nok plukke og fryse.
Det ser ut til å lette ute no; det er typisk at det er finast når det lid mot kveld.
Eg trefte ei eg kjenner i dag, ho fortalde meg at barnebarnet hennar hadde hatt det så kjekt i lag med Erlend på Malakoff. Hennar barnebarn heiter August og er venner med Birk som Erlend spelar i lag med.
Då står det berre att å ønske alle ei god helg.

torsdag, august 22, 2019

Dagbok 2019: 22.august

Klokka er 17.40, temperaturen ute er no ca. +20 grader, det er framleis skyer, men det regnar ikkje lenger. 
I dag morgon var det surt, kaldt og vått, så det freista ikkje å gå ut. Etterkvart kom eg meg ut døra og fekk plukka litt rips. Men ripsen smakar ikkje slik han skal i år, eg synest den smakar bittert. Så eg brydde meg ikkje om å plukke så mykje. Eg har heldigvis berre ein busk. Men eg rensa og fraus det vesle som var. Plommene er betre, så dei forsyner eg meg av stadig vekk. Dei er ikkje heilt modne, men dei har ein tendens til å hamne på marka uansett. 
Eg orka ikkje å vere inne når eg ikkje ein gong kan strikke. Eg har nok å gjere, mykje står på vent, mens eg samlar energi. I dag var eg litt tutlete, men så kom eg på at eg kunne ta opp potetene som eg sette langs bringebæråkeren. For to år sidan sette eg 1 potet der nede, i fjor planta eg to rader, i år vart det berre 1 og 1/2. Det var nokre store raude poteter som eg kjøpte ein gong, men ikkje likte. No kan ein seie at det er dumt å så noko ein ikkje likar, men slik vart det. Eg har truleg putta nedi nokre mandelpoteter også, eller så har dei lagt der frå før. Eg fekk mange store raude poteter, men også mange små kvite (mandel?). Eg kokte ei heil panne med små kvite som eg hadde til middag attåt litt spekemat. Det var veldig godt, men eg åt ikkje opp meir enn halvparten, så resten får eg ete kalde, eller så steiker eg dei. Ein kan ikkje kaste slikt ein har dyrka sjølv !
Etter at eg hadde fylt opp magen med poteter måtte eg ha ein pause før eg gjekk ut att og jobba litt meir i hagen. Då var sola komen fram og det regna ikkje lenger. 
Eg har snakka med Marit i dag, elles har eg vore her åleine, men eg kjeder meg aldri. Eg "pratar" på dataen og så tek eg eit spanskkurs innimellom. I morgon må eg kanskje klippe plen viss det er opplett, men Skråninga skal få vente. 
I morgon er det siste "Hundedagen"-og det går mot haust anten vi likar det eller ei.

onsdag, august 21, 2019

Dagbok 2019: 21.august





Klokka er 17.05, temperaturen ute er +17  grader C. Eg held på å lære meg å ta bilde med mobilen, så dette her er nokre knips frå altanen.Eg høyrer nokre plenklipperar som surrar, men eg lét meg ikkje freiste i dag.
Eg skreiv for nokre dagar sidan om ein lopradag, i dag vart det enda ein. Eg hadde avtale med Ragnhild som skulle hente meg 11-11.30. Vi skulle gå på butikkar og på kafé, var planen. Eg har gått til det store skritt det er å kjøpe nye briller, dei gamle er ikkje så klåre lenger og eg har hatt dei i mange år. Eg prøvde eit par, men dei var ikkje så fine, par nummer to fall eg for, og butikkdama var einig, Ragnhild kom og ho tykte det samme som vi. Men for sikkerheits skuld prøvde eg fleire innfatningar, men ingen var betre enn nr.2. Så det vart bestemt. For same prisen får eit eit par solbriller med styrke. Det kan vere kjekt å ha om ein vil sitte ute og lese t.d. Prisen vart på ca 8000 kr, så det er ikkje billeg å kjøpe briller, men sjå må ein no. Då eg kom heim vart eg ståande ei stund og snakke med nabo-Solveig, og jammen trur eg ikkje ho har same sorten briller som eg skal ha.
Men før eg kom så langt hadde Ragnhild og eg vore på Clas Ohlson og kjøpt plastknivar til kantklipparane våre og så hadde vi vore på "Fru Svendsen" og drukke kaffi. Vi hadde ein kjekk dag. Eg vart ståande lenge og prate med naboane då eg kom heim, og så måtte eg prøve kantklipparen før eg gjekk inn. Den fungerte heilt bra så lenge til eg hadde brukt opp batteriet.Det står på ladding no.
Eg måtte ha litt meir mat etter ei stund, og så har eg drive og fikla med mobilen-det er ingen veg utanom-dette må eg lære. Og det gjer eg. I dag har eg sendt meldingar, vore på FB og fotografert med mobilen. Viss de ser godt etter vil de sjå at plommene driv og modnast i ein viss fart. Eg trur eg snart må til å plukke og fryse viss eg skal berge alt.







tirsdag, august 20, 2019

Dagbok 2019: 20.august

Klokka er 17.05, temperaturen er + 16 grader og vi har hatt mange regnbyger i dag. No ser det ut til å lette opp litt. 
I dag har eg vore på farten det meste av tida. Marit og eg var på trening frå 10-11, og etterpå var vi på butikk. Eg trudde eg skulle fått slappa av litt før frisøren, men det vart litt å styre med her heime, og så måtte eg ha litt mat, og brått var det på tide å fare fram i Mosmarka.
No sit eg her åleine med ny sveis. Men Ragnhild ringde nettopp og ville at vi skulle ta ein lunsj på kafé i lag i morgon, så då får eg håpe frisyren varer. Eg har tenkt å kjøpe meg nye briller, så då skal eg kanskje ta ut innfatningar i morgon.
Eg kavar litt med å få tak i røyrleggar, men eg får stikke ut på butikken til ØB rør i morgon, og høyre om dei tek jobben. Eg har ein del ting som eg må få orden på før eg kan slappe av. For min del hadde det vore heilt greitt at ein amatør gjorde det, for det er no i kjellaren, så det hadde vel ikkje hendt så mykje om det vart ein lite oversvømmelse. Det er på grunn av forsikringa at ein skal bruke fagfolk.
Plommene modnar fort no, eg er nede på slang fleire gonger for dag, men det er vel like før eg må sylte. Eg prøver å plukke etter kvart slik at eg får tynna ut.
Støvsugaren har stått klar i heile går og i heile dag, utan at eg har tatt den i bruk, men eg får kanskje ta ein sveip i kveld.
Elles skjer det ikkje så mykje. Å gå til frisør er på ein måte å gå på besøk til kjentfolk. Åse har vore frisøren min i over 20 år, så vi kjenner kvarandre godt etter kvart; og så tek ho sjeldan inn meir enn ein kunde om gongen, så vi kan prate fritt.
Eg hadde i oppdrag frå pensjonistlage å ringe til ei dame, det gjorde eg, men fekk ikkje svar, så blir det å prøve igjen. Eg er glad eg har fasttelefonen, for det kan eg med.
Har ikkje pugga spansk enno, så det må eg også gjere, dagane strekk ikkje til -til alt eg VIL !

mandag, august 19, 2019

Dagbok 2019: 19.august

Klokka er no 19.50, temperaturen ute er+ 14 grader og vi har hatt mange regnbyger i dag. Dagen har gått fort, og eg hadde nesten gløymt at eg skulle skrive blogg.
Eg rakk å vaske og stelle på soverommet før eg kjørte ned til kulturhuset for å vere på styremøte. 
Då eg kom heim skreiv eg referat frå møtet før eg laga meg litt mat. Så måtte eg sjå om att krimmen som eg sov meg gjennom i går kveld.
Marit kom ned for å fortelje frå turen ho hadde i helga i lag med sonen og svigerdottera. Og det var kjekt å få henne heim att såpass vi fekk prate litt om laust og fast. I morgon skal vi på trening i lag, og ho skal køyre.

Leigebuaren min driv og kjøper og set opp fleire brannvarslerar og så ville ho kjøpe brannslokkingsapparat. Eg veit ikkje om det er påbode, for då var det vel eg som skulle kjøpe det?
Eg har ikkje fått ordna med røyrleggar, men i kveld la eg inn eit "forespørsmål" på nettet, så får eg sjå om eg får napp. Ingen eg har snakka med kjenner til folk som driv for seg sjølv, så eg må vel innom eit firma. Elektrikar treng eg ikkje likevel.
Det er mykje eg ikkje kan, men eg får prøve å ro det i land. I morgon skal eg endeleg få klipt håret mitt, så då letnar det vel i tankegongen også.
Resten av kvelden hadde eg tenkt å sitte framfor TV-en, men det er lite å sjå på kanalen min NRK 1i kveld.
Plommene driv og modnar så fort no at eg greier ikkje å ete unna , så eg må vel plukke for sylting etc. 
Eg er spent på korleis det går med alle som tek til på nytt skuleår i dag. Av våre er det vel to som skiftar beite, Vebjørn tek til på ungdomsskulen, og Erlend på vidaregåande. Eg ønsker dei spesielt lykke til.

søndag, august 18, 2019

Dagbok 2019: 18.august

Klokka er17.00, Temperaturen ute er + 19 grader C, det er overskya, og det blæs litt. Eg har to plommetre fulle av plommer , så eg håper ikkje vinden veltar dei. I fjor tok vinden tak i det gamle Rivers Early -treet og velta det over, året før fór det finaste Opaltreet. No har eg to Opal-tre og det eine har berre liv i halve stammen. Derfor ønsker eg ikkje så mykje vind. Eg har vore ute og rista litt i trea, for å få dei modne plommene til å dette ned. Greinene treng å bli letta.
I dag har det ikkje hendt så mykje. eg har vore her åleine heile dagen.
Det første eg gjorde var å shine opp kjøkken og bad og vaske golva. Det blei liksom ikkje tid til det i går. Elles har eg ikkje gjort så mykje, anna enn å lese ut ei bok. Eg saknar veldig å gripe til strikketøyet + radio eller TV i ledige stunder. Men eg kan berre ikkje trigge armen min. Eg får vere glad for at eg kan gjere såpass som eg kan.
Komande veke har eg diverse avtalar. I morgon , måndag, er det styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00 på biblioteket. Tysdag er det trening klokka 10 og frisør klokka 14. Håret mitt har ikkje vore i kontakt med frisør sidan mai månad-så det er på tide.
Elles har eg ikkje så mange planar, men eg har eit lite problem. Eg må skaffe ein rørleggar til å kople på oppvaskmaskina i kjellaren. Eg kjenner ingen rørleggarar, men dei finst vel? Etter kvart som tida går og eg er her åleine, ser eg at det dukkar opp nokså mykje som eg ikkje klarer sjølv. Heldigvis har eg mange gode hjelparar-men somme gonger trengst det fagfolk.
Eg er ikkje sikker på om Marit er komen heim enno, men ho skulle kome i dag. Lollo kom no og fekk frokost her hos meg i dag.
Eg har ikkje laga meg middag enno i dag, men inntil vidare er eg nokså mett av plommer.
No må eg ta ein spanskleksjon, og så har eg eit treningsopplegg for armen.
I morgon er det vel skulestart for elevane. Og så er det fødselsdagen til Mette Marit. To grunnar for å heise flagget ved skulen, slik vi gjorde i mi tid også.

Bok nr.23 - 2019: La meg ikke huske

Om La meg ikke huske


KLIMAFORSKER NINA BERGER, 41 år, våkner på Ullevål sykehus med hukommelsestap etter en kollisjon. Når hun kommer hjem, finner hun leiligheten endevendt, men ingenting er stjålet. Tre menn blir bedøvet, kidnappet og våkner opp innestengt i en kjeller. Christian Falchner og Georg Moen er finanstopper, Bjørn Gran er sjef for oljeselskapet Noroil. Vil Nina få hukommelsen tilbake slik at hun kan stå opp mot det som truer henne? Vil de tre mennene i kjelleren bli reddet? LA MEG IKKE HUSKE er en thriller med høyt spenningsnivå, en sterk kvinne og en truet maktelite. Denne thrilleren vil overraske deg.
Kriminelt bra debut 
……………………………………………………………………………..
Det blir til at eg les ein del no når eg ikkje får strikke. Og sidan eg har mange papirbøker på lager, har eg litt å velje mellom. Denne boka er på 320 relativt tettskrivne sider, men eg har ikkje brukt så lang tid på den. Det kjem av at boka er lettlesen og rimeleg spennande. Mot slutten tykte eg det drog ut, men sjølve slutten vart forrykande. Heile boka er litt "eventyrleg", men den er godt skriven. I mange bøker, særleg krimromanar får eg ofte problem med å halde styr på personane. Det problemet hadde eg ikkje her.

lørdag, august 17, 2019

Dagbok 2019: 17.august


Klokka er no 17.50.temperaturen på trappa steig til + 21 grader då regnbyga tok slutt og sola kom fram. No ser det ut til at vi får ein fin kveld.
Dagen har gått fort. Eg vakna som vanleg tidleg, men stod ikkje opp med det same. Då eg først var oppe, åt eg frokost etc. og så køyrde eg ned på Kiwi og handla. Sidan Solveig og Øystein skulle komme, og eg ikkje hadde handla i går, måtte eg ha litt ekstra i huset. I eit lyst øyeblikk fann eg ut kva eg skulle servere i dag. 
Øystein kom for å male dei høgste partia på huset, Solveig vart med for å støtte stigen, og for å hjelpe meg med mobilen. Den nye mobilen er no komen i bruk, men eg har ikkje fått lagt til alle kontaktene mine enno. Den første som ringde meg på nyetelefonen var Eli som opplyste om at vi skulle ha styremøte i pensjonistlaget på mandag. Så no er det slutt på ferien.
Øystein fekk låne stigar med to naboar, den eg eig vart for kort. No er det berre nedste delen av veggen mot Urke som står att+ litt av rekkverket. LITT kan eg vel klare sjølv, men den høgre armen er ikkje heilt god.
Solveig og eg rusla litt i hagen, og fann oss litt plommer  før vi sette oss til med telefonen. Eg ser at eg har mykje å lære, så eg får ta det over tid. Meininga var at eg skulle bruke den gamle DORO-en til å ha med meg i lomma slik eg plar. Men SIM-kortet virkar framleis ikkje. Eg har samme telefonnummeret som før. 48048946. Etter kvart har eg tenkt å kutte ut fasttelefonen.Det blei nokså mykje arbeid på Øystein i dag, det er ikkje berre å male, men stigar skal flyttast og sikrast. Solveig stod stundevis på nedste trinnet og støtta opp.
Det blei no til slutt vi fekk tid å ete, og Øystein fekk ein av livrettane sine: Rømmegraut, som eg hadde kokt før dei kom. Vi hadde diverse spekemat ved sidan av. Eg kjenner at eg ikkje kjem til å bli svolten så fort.
Takk til Solveig og Øystein for all god hjelp.
Eg ser at Margrete har stått på stand i dag, for Volda arbeidarparti. Eg skulkar unna alt arbeid i mitt parti, men dei reknar vel ikkje så mykje på det sidan eg står nest sist på lista. Eg har fått mange fine bilde frå aktiviteten i Vik i dag. Så vil eg ønske alle som er innom bloggen min ei fortsatt god helg.

SV-stand med fin bakgrunn.

Bente og Magnar-begge på val.

fredag, august 16, 2019

Dagbok 2019: 16.august



Dette er ikkje Lollo, men ein annan av nabokattane. Han liknar på ein leopard. Eg hadde gitt Lollo ein leverposteiboks, men ho hadde ikkje ete alt.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 19 grader C. Eg ropte på Lollo i går, og fleire gonger i dag, men først no kom ho og fekk mat på trappa mi.
I går kveld vart det til at eg klipte plenane opp mot vegen, og begynte så vidt på Skråninga. Seinare på kveld då eg skulle sjekke temperaturen ute, før eg la meg, oppdaga eg at det hadde silregna !
 Det var ikkje heilt tørt i graset då eg starta klippinga i dag. Men eg blei no ferdig til slutt og fekk spylt klipparen før eg tok helg. Eg hadde eigentleg tenkt å vaske golv først, men så kom eg på at det var dumt, for så kom eg inn att skiten og fæl full av gras. Vaskinga vartutsett. Då eg kom inn att til slutt var eg veldig svolten,  fann ut at eg ville ha middag. Eg kokte poteter og steikte pølse, så det var ikkje måte på. 
Etter at eg hadde ete vart eg så døsig at måtte slappe av i godstolen, før eg manna meg opp til å koke kaffi. Attåt kaffien fann eg fram boka eg les på, så alt tok si tid. Då eg endeleg kom så langt at eg gjekk inn på data, såg eg at Øystein ville komme og male i morgon -og  Solveig skulle vere med.
Det var litt overraskande-men sjølvsagt bra. Eg har ikkje vaska, eg har ikkje bytta om og eg har ikkje vore på butikken. Eg trur det kan utsettast til i morgon. ….? Butikkane er opne både tidleg og seint.
Eg skal sjekke om naboen har stigar til låns.
Eg et plommer frå trea mine så snart dei er aldri så lite modne, så slepp eg kanskje at greinene brotnar.

torsdag, august 15, 2019

Dagbok 2019: 15.august

Klokka er 18.15. Temperaturen er + 21 grader og vi har hatt ein nydeleg dag med sol frå nesten klår himmel. Og eg har hatt ein fin dag på alle mulege måtar.
Sidan Linda og faren skulle komme, tok eg ut den elektriske klipparen og klipte på og rundt "steinvegen" + resten av den halva av plenen. Skal eg klippe heile plenen må eg ha to lange leidningar og det blir litt travel. Andre halvparten tok eg med bensinklipparen litt seinare. Naboane var ute og plukka rips, så vi var litt sosiale langsmed.
Marit U kom ein tur for å få att nøklane sine, eg har vatna blomster og tatt inn post mens dei var på Island. Vi sat ei stund på altanen, og eg fekk høyre om reisa.
Linda og faren kom ca 14.30. Dei bar inn møblar og stabla vedsekker under altanen. Vi diskuterte korleis vi skulle gjere det med oppvaskmaskina, for faren hadde ein Toyota i dag, og han måtte legge ned seta for å kunne ha oppvaskmaskina inn i bilen. Enden på visa vart at han og eg for på EL-kjøp Ørsta og kjøpte maskin. Han skulle vere den sakkyndige, og eg betalte. Han meinte vi skulle ta den billegaste og det gjorde vi. No er maskina komen i hus, men så er det monteringa. Eg reknar med at Helge tek det elektriske, men så må eg finne ein rørleggar.  Dei hadde eit tilbod på butikken om montering etc., men faren meinte det var altfor dyrt. (Han har vore selgar på El-kjøp). Dei er nede enno, men Linda skal vere med tilbake til Oppdal i kveld, så kjem ho att over helga - for godt. 
Innimellom alt styret har eg fått tid til eit spanskkurs og til å lese i ei bok.
Tysdag førstkomande har eg fått time hos frisøren min kl. 14. Same dagen skal eg på trening kl.10.Så det passar bra.
Det var så godt med ein finevêrsdag no. Få smake litt på sommaren igjen.
I dag fekk eg til å ringe frå fasttelefonen til mobilen min-det har eg ikkje fått til før. Men så er det DORO-en som ikkje har brukbart SIM-kort, då. 
Marit er på hytta med Kjartan, og eg skal passe Lollo. Eg har ein liten godbit på lur som ho skal få.Eg får gå og rope på henne. Lolloooooo !

onsdag, august 14, 2019

Bok nr. 22 - 2019: "Snøen stryk ut alle spor"



 I en industriby i en vestlandsfjord har en tolv år gammel farløs gutt vært hos rektor og fått med seg lapp hjem som han skal vise til moren. Så langt kommer han aldri. Det snør og han blir syklende rundt på kaia med lappen i baklomma med tanker og minner kvernende rundt i hodet. Under halvtaket på et repos like ved viser de andre guttene fra klassen sine sykkelkunster for hverandre. Han er utstøtt. Hjemme i leiligheten er moren. Hun er ute hver natt og drikker sammen med andre likesinnede. Om dagen sover hun og går på piller utskrevet av fastlegen. Hun har også minner. Gjennom disse to fortelles en roman om overgrep, omsorgssvikt og mobbing på skole og i lokalsamfunn, og om en mann og en far som var lyset og tryggheten, og som ga gutten ansvaret for moren og lillebroren da han ble syk. Familien er alt han har.
Romanen er en proletarballade om å bli voksen i en hard verden.
……………………………………………………………………………..
Denne boka tok eg fram til ettermiddagskaffien, og eg la den ikkje frå meg før eg hadde lese den ut. Den er på 100 små sider. Slike bøker likar eg ekstra godt. Boka er skriven på nynorsk noko som høver ekstra godt når innhaldet er så kompakt. Her er ingen overflødige ord eller forklaringar, og mykje må ein lese mellom linjene. Eg anbefaler varmt denne boka.

Dagbok 2019: 14.august









Desse bilda tok eg med DORO-en. Eg er så stolt av klematisane mine, aldri har dei blomstra som i år.
Den mørke lillablå prøver å dominere over dei andre to. Men eg må nok skilje dei litt etter kvar. Den rosa (ser nesten kvit ut på bildet) er ein liten avleggar som eg tik i fjor eller året før. Kanskje skal alle få kvar sin stolpe å klatre på ?Eg har to mørkeblå i tillegg til denne-andre stader i hagen




Klokka er 15.50, temperaturen er + 15 grader og det er vekselvis sol- og regnbyger. I dag morgon var det så kaldt at eg henta litt ved og kveikte i omnen i tillegg til at varmepumpa var på.Og så sette eg meg til og las ut boka mi, det var ikkje mange sidene att.
Eg fekk melding på PC-en om at pakken min var komen og kunne hentast på Bunnpris. Det vanlege er at ein berre viser fram mobilen, for å få ut pakken, men eg har ikkje mobilar som virkar, så eg måtte finne ei anna råd. Eg prøvde å printe ut frå data-det gjekk ikkje, men eg skreiv ned eit tal på ein liten lapp. Seinare fekk eg følgeseddel som eg kunne printe ut. Det vart litt krøll då eg skulle hente pakken. Følgeseddelen var ikkje hjelp i, men nr. som eg hadde skrive ned gjorde at dei kunnelevere ut pakken. Det var eit par skor som eg skal ha på treninga, fann ikkje slike på butikkane her- og dei som var i nærleiken var dyre. Skorne var akkurat slik eg trudde og passa 100%.
Eg hadde fare nedover tidlegare viss eg hadde visst dette, men eg venta på ein lapp i posten, som med vanlege pakkar, så eg måtte vente til posten hadde kome.
Eg skulle kjøpe medisin på apoteket, det var ærend nr. 2. Eg kjøpte ei treningsbukse nr. 2 på Cubus, for eg var så nøgd med den første. Mat kjøpte eg ikkje i dag.
På føremiddagen i dag gjekk eg og leita etter oppgåver. Noko stort prosjekt maktar eg ikkje med ein vond arm, så det vart berre småting: Strauk litt, vatna blomster hos naboen som kjem heim i kveld, delte utover litt kugjødselkompost til rosene og blåbærbuska etc. Fekk tid til ein spanskleksjon også, det er ikkje plikt, berre kjekt.
Trefte ikkje kjentfolk på AMFI i dag.
I morgon skal Marit ut og reise, og eg skal passe LOLLO. Så snart Marit er vekke kjem ho ned til meg-men ho vil ikkje vere inne.
Diskuterte med naboen om vi skulle gjødsle plenane meir i år, men kom til at det var for seint. Og slik går no dagane. Det er meldt fint vêr i morgon, så vi får håpe på meir sommar.

Bok nr. 21 -2019: Egne rom

Sommeren 1985 opplever Sigrid at hun endelig har fått større frihet. Den pleietrengende faren har fått sykehjemsplass, og barna lever sitt liv i hovedstaden. Men da Sigrid begynner å rydde ut av barndomshjemmet, oppdager hun at det nesten ikke finnes spor etter kvinnene i familien. I de to foregående romanene utforsket Line Baugstø kvinners livsvilkår på seksti- og syttitallet. Bakteppet for «Egne rom» er åttitallet og den nyliberalistiske vendingen. Det er den individuelle friheten som gjelder, men Sigrid kan ikke løpe fra ansvaret for de andre. Romanene om Sigrid dreier rundt pliktfølelse og frihetstrang, fravær og tilstedeværelse, og hvordan relasjonene i en familie stadig er i forandring. 
…………………………………………………………………………………..
Denne boka har eg også lese på papir, ca.250 sider.
Det er den tredje boka om Sigrid, men eg har ikkje lese dei to første.
Det er noko rart med det å kjenne seg att i personen, kva ho gjer og korleis ho tenkjer-det er så kjent. Eg tenkte undervegs at denne boka kunne eg ha skrive sjølv- nesten. Boka er lettlesen og heilt grei-utan dei heilt store overraskingane.

tirsdag, august 13, 2019

Dagbok 2019: 13.august

Klokka er no 17.50, temperaturen er + 13 grader C, og i dag har det vore tett mellom regnbygene.
Eg vakna tidleg i dag, altfor tidleg, sidan eg skulle ut og farte. Det er ein uvane eg har, at eg ikkje får sove så godt, same kor lite det er eg har på programmet.
Eg for heimanfrå vel 9.30, men då hadde eg i tillegg til vanleg morgonrutine, løyst sudokuen og lese avisa. Marit og eg for ikkje i lag i dag, sidan eg tjuvstarta og så skulle eg til legen etterpå.
Vi har det kjekt på trening, det er Marit og eg + andre på nokolunde same alder, og dei fleste kjenner vi frå før. Anne Elisabeth, fysioterapeuten, er heller ingen ungdom, men lett på foten og kvikk på alle måtar. Eg har gått hos henne eit par gongar før, så vi er gamle kjende.
Etter vel ein time med trening, køyrde eg opp til legesenteret, det er ikkje lange stubben. Der måtte eg vente ei stund, men så var eg også litt for tidleg ute.
Legen min skifta hofte tidleg i år, om lag på same tid som eg var dårleg i kneet. Det var derfor eg skulle til henne no, for å snakke om kneet, om tablettar etc. Så det var ikkje noko alvorleg. Ho målte blodtrykket, og det var fint, og så var eg innom laboratoriet og tok blodprøve. Det gjer eg for å teste om tablettar som eg tek gjer skade på "innvollane", prøvene eg tok sist vår var heilt fine. Ikkje så skummelt å gå til lege når ein er såpass frisk. 
Eg spurde henne også ut om førerkortet, eg visste det var endringar der. Men den einaste endringa er at før skulle ein ha legeattest når ein vart 75 år, det er utsett til 80. Så eg må altså fornye til våren igjen.
Eg handla litt på Kiwi på heimvegen, for eg var blitt svolten igjen etter alt styret.
Etter at eg hadde ete, seig eg ned i godstolen framfor TV-en og sat der og halvsov gjennom eit par program før eg henta boka mi og begynte å lese.
Eg har elles vatna blomster hos naboen, og vore nede i hagen og funne meg eit par plommer. Ja, viss dei vert modne alle som heng på treet, må eg vel til å "selje".
Linda reiste tilbake i lag med faren i går, men dei kjem visst att begge to på torsdag.
I dag har eg ikkje tatt spanskleksa mi, men rekk det vel før Nyheitene. Eg synest det er morsomt med dei politiske diskusjonane-berre det ikkje blir altfor mykje. Eg har tatt Valgomaten for Ørsta, og resultatet samsvarar med det partiet eg stemmer på -og er medlem i.

mandag, august 12, 2019

Dagbok 2019: 12.august



Bilda er tatt med Doroen.

Klokka er 17.20, temperaturen er + 14 grader C og det er overskya. Kan ikkje hugse at det har regna i dag, så langt.
Då har vi brukt opp enda ein sommardag, men eg håper vi får fleire.
Måndagane brukar eg å klippe plen, men i dag var det vått i graset, dessutan veks ikkje graset så fort lenger. No lurer eg på om ein skal gjødsle plenane om hausten?
Det første eg sette i gang med i dag, etter morgonstellet, var å rydde i tilbygget, slik at eg fekk sette inn begge plenklipparane, så det skulle bli ledig under altanen. Linda, leigebuaren, vil stable ved der.
Eg har gått og tenkt på at eg skulle ha ringt til kusina mi, det er lenge sidan vi hadde ein prat no. Som tenkt , så gjort, og det vart ein lang prat.
Eg venta leigebuaren og faren i 14-tida, så eg tok tak i litt hagearbeid mens eg venta, fekk blant anna planta blåbærbuska som eg kjøpte i går. I dag fann eg fleire modne plommer, som hadde falle ned av trea, og dei var gode. Ein kan ete nedfallsplommene om ein tek dei straks, elles kjem det einkvan og et på dei - då tenkjer eg spesielt på sniglar og fuglar.
Eg snakka litt med Linda og faren, men så let eg ei styre seg sjølve. Eg tok meg eit par spansk-leksjonar og litt mat.
Mobilane mine verkar ikkje som dei skal, men det skjer litt kvar dag, trur eg. Eg kan sende og ta imot meldingar, men ikkje ringe.
I morgon skal eg på trening først, og til legen rett etterpå. Eg er ikkje sjuk eller noko, men ho ville eg skulle komme ein tur etter ferien, sidan eg ikkje fekk snakke med henne etter at eg hadde vore på røntgen og CT. Eg må kanskje avgi ei blodprøve eller to også. 
Apropos så begynte kvepsestikka å klø igjen i går kveld, no når eg trudde eg var ferdig med dei. Litt hovne er dei også. Det er ei veke sidan i dag at eg vart stukken. Eg skal ta ein skikkeleg sjekk i garasjen når det lid på, og passe på at ingen kvepsar slår seg til der igjen. Skal tru om dei ville budd i eit "Biehotell"?  I så fall kunne eg bestemt kvar dei skulle vere.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...