søndag, august 25, 2019

Dagbok 2019: 25.august


Klokka er 17.24, temperaturen er deilige +22 grader, det er skya, men ikkje regn.
Første post på programmet i dag etter frokost var å plukke nedfallsplommer før sniglane tok dei, det lykkast eg med, så no er plommene komne i fryseboksen; snart må eg ta ein runde til.
Eg veit at eg ikkje skal strikke, men i dag vart freistinga for stor, så eg la opp eit brot og strikka eit par cm på lest nummer to, det er no berre altfor dumt å ha eit halvt lestepar.
Så tok eg ned alle bilda på barnebarn-veggen i gangen, vaska veggen, tørka støv og pussa glaset på bilda. For å hugse korleis bilda skal henge tek eg alltid eit bilde først. Dei store vaksne barnebarna likar å stå framfor denne veggen og sjå seg sjølv og dei andre slik dei eingong var.
Marit bad meg opp til kaffi, så vi sat og prata eit par timar. Vi har ikkje gått tome for tema enno, og går det tomt får vi begynne på att.
Eg veit ikkje kva det kom av, men eg fekk så lyst på tomatsuppe i dag. Eg hadde ikkje posesuppe på lager, så eg måtte lage den på gamlemåten. Det greidde eg fint på den tida som gjekk med til å koke egg. Eg hadde nesten gløymt korleis det var å lage suppa frå "grunnen" , men det gjekk heilt fint. Først ein liten smør/mjøl jevning, så ein boks hermetiske tomatar+ nokre teskeier med tomatpuré, buljongterning +  fond, litt kvitløk og vatn til passeleg  konsistens. Eg "serverte" den med ein fløteskvett og hardkokt egg. Det var veldig godt, og eg har ein porsjon til, som eg kan ete i morgon; det er vanskeleg å koke til berre ein.
No har eg leita etter nokre papir som vi fekk frå VØR då vi fekk nye bossdunkar, der stod kvar ein skulle ha dei ulike tinga ein kasta. Eg trur eg har kasta det eg fekk, så no har eg ikkje noko å gi leigebuarane. Får høyre om nokon av naboane har tatt vare på sin "plakat", så kan eg berre kopiere.
Det er berre påmelding til kurset i morgon, sjølve kurset er torsdag 29.aug.

1 kommentar:

solveig sa...

Tippar informasjonen ligg på nett...

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...