lørdag, august 24, 2019

Dagbok 2019: 24.august. Barsok.



Klokka er 16.10, temperaturen ute er + 20 grader, det har vore stort sett opphaldsvêr i dag, men no nyss kom det nokre dropar. Eg visste ikkje at det var så varmt, så eg var godt kledd og sveitta som ein sil då eg klipte plen.
Eg har klaga over at eg ikkje har fått gjort noko særleg denne veka, men i dag har eg vore litt flinkare.
Eg har vaska og rydda kjøkken og bad, plukka plommer, og ikkje minst klipt plenen rundt huset. Dei andre stykka må få stå litt til, dei er grøne og fine, men eg ser at graset gulnar litt ved rota etter kvart. Eg dreiv og plukka nedfallsplommer då eg fann ut at graset var for langt.
Eg blir i betre humør når eg får "gjort" noko, særleg sidan eg ikkje kan strikke i ledige stunder.
Eg verker mykje i armen om natta og søv lite og dårleg; det er litt dumt for då får eg ein lei tendens til å sovne framfor TV-en når det lid utover kvelden.
Eg får alltid tid til å ta ein liten spansktime-kor mykje eg lærer er eg ikkje sikker på.
I dag har eg ikkje snakka med andre enn Marit og eg har ikkje vore på butikk. Får klare meg med det eg har til over helga.

I dagboka mi står det at det er BARSOK i dag, eg måtte slå opp i ei bok eg har, og der fann eg ut at denne dagen er til minne om Apostelen Bartholomeus "som utbredte evangeliet til Arabia, Mesopotamia og Armenia. Han ble fengslet for sin tro og levende flådd - andre legender sier at han ble halshugget. Han ble fiskernes skytshelgen." Det siste synest eg var litt rart. Dei landa er vel ikkje akkurat fiskerinasjonar?
I eldre tider vart dagen rekna som første haustdagen og det var på tide å få buskapen ned frå fjellet.

Eit gode med hausten er at det blir betre program på Tv, og i kveld ser eg fram til første programmet med "Stjernekamp". Ei av dei som er med reknar vi som volding Beate ( Slettevoll )Lech. Far hennar er/var polsk fiolinist.
Eg held på å lese ei bok som er litt travel å lese fordi det er relativt små bokstavar de, men det blir vel betre når eg får nye briller.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...