fredag, august 23, 2019

Dagbok 2019: 23. august. Siste hundedag.




Motiva er kjende, men no tek eg bilde med mobilen.

Klokka er 16.10, temperaturen ute er + 16 grader, det har vore nokså vått i dag også, så det blir ikkje plenslått. Plenane er forresten så fine no at det er synd å klippe dei. Eg sette meg ned for å lese litt i ei bok eg held på med, men eg var frostig, så eg lurer på om eg skal fyre opp i omnen. Leigebuarane er ikkje heime, så eg har huset for meg sjølv. Eg tenkte eg ville skrive blogg tidleg, for det blir mykje å sjå på TV i dag/kveld. det første er at ei "gammal" studievenninne skal vere på Dagsnytt 18 i dag. Det kan eg ikkje gå glipp av.
Eg har ikkje vore så veldig flink å "gjere" allverda i det siste, det har mange årsaker. Eg likar best å jobbe ute, eg kan ikkje gjere alt eg har lyst til på grunn av ein vond arm - og så er eg kanskje litt lat. Eg er som eit vekselvarmt dyr, har mest energi når det er rimeleg varmt i vêret.
I dag tok eg meg saman og vaska og rydda i kjøleskapet før eg handla inn litt mat til helga.
Eg heldt på å bli sprø då eg skulle nedover og handle. Eg fann ikkje jakka mi! Eg har aldri gjort av den jakka anna enn i vindfanget. Likevel gjekk eg gjennom alle klesskapa fleire gonger, før eg kom på den tanken at eg kunne ha lagt den att på kafeen der Ragnhild og eg drakk kaffi på onsdag.
Eg køyrde beine vegen ned dit, og ja, der var jakka! Det er heilt typisk meg, eg er den typen som legg att klede og vesker overalt; eg var meir forundra over at Ragnhild ikkje hadde oppdaga at eg gjekk utan jakke - ho plar vere observant. Det var rett nok fint vêr akkurat då.
Var ein tur innom på Amfi, på apoteket, etterpå handla eg mat på Spar. det kan godt hende eg må handle litt i morgon også, kven veit.
Eg kjøpte meg ein salat som eg åt til lunsj, fekk ikkje direkte "kjøttskam" av det kyllingkjøttet som var i.
Komande mandag skal eg på kurs på rådhuset. Det er styret i pensjonistlaget som skal skolerast i velferdsteknologi. Det kan bli interessant nok; eg meiner eg har litt innsyn i slikt no, så då er det lettare å forstå det som vert snakka om og gjere seg opp meiningar.
Plommene dett ned på marka ei etter ei, og når ein kjem og vil plukke dei opp er det andre som har vore der før, eg tenkjer då på sniglar og andre dyr, så då er det berre å kaste. Dei skulle hatt ein varm og tørr dag eller to før ein plukka. Eg kan ikkje ete opp alt etter kvart, så eg må nok plukke og fryse.
Det ser ut til å lette ute no; det er typisk at det er finast når det lid mot kveld.
Eg trefte ei eg kjenner i dag, ho fortalde meg at barnebarnet hennar hadde hatt det så kjekt i lag med Erlend på Malakoff. Hennar barnebarn heiter August og er venner med Birk som Erlend spelar i lag med.
Då står det berre att å ønske alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...