lørdag, juni 30, 2018

Dagbok 2018: 30.juni


Klokka er no 19.45, temperaturen ute er + 22 grader C og det har vore strålande vêr i heile dag. Det var kaldt i dag tidleg, men så vart det betre etter kvar. Akkurat sveittetemperatur har det ikkje vore. Ein held heten når ein jobbar litt-eller ligg på solsenga.
På føremiddagen var eg med Marit og handla, på REMA 1000 og på Spar. Det var ikkje så veldig mykje eg tron, men det vart litt i posen i dag også.
For skam skuld måtte eg jobbe litt i hagen i dag også, trudde ikkje der var så mykje å gjere, men rett som det er ser ein tusen ting som skulle ha vore gjort. I dag reinska eg gras og ugras rundt dei fem buskane på bildet, så hadde eg på kunstgjødsel først og kugjødselkompost etterpå. Til slutt starta eg opp klipparen og klipte mellom buskane. Eg stelte også litt med sukkerertene, dei har fått ein skrøpeleg start i år, men kven veit kva som kan skje. Ugras er det overalt, så arbeidslaus blir eg ikkje. Klipte litt nede i skråninga, der det var mest gras.
Etter at eg hadde ete eit par skiver til lunsj la eg meg ut på solsenga med lydbok. Bøkene blir mykje meir interessante når ein får lese mykje om gongen.
Eg har litt dårleg samvit fordi eg nesten aldr lagar middag, og særleg fordi eg aldri et fisk. Den tida Nils fiska hadde vi fiskerelaterte middagar opp til fem gonger i veka. Eg hadde frosen laks på lager og sette på steikomnen, skulle lage ovnsbakt laks med pesto og spagetti, for det synest eg er godt. Eg sette laksen inn i varm omn og tenkte at det skulle bli fort ferdig. Spagetti fann eg ikkje så eg tok poteter i staden, og skar opp litt agurk. Eg er vant til at laksen blir ferdig på samme tid som potetene, men der er kanskje når laksen er tint? Men brått ropte det frå stova: Brannalarm! Det brenner! De veit eg har slikt alarmsystem for brannvarslar, telefon og dørklokke. Eg var snar og hive opp dørene og få på ventilatoren, for det som var saka var at steikomnen  ikkje var heilt gullande rein, så det kom noko os! Ja, ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv.
Laksen vart sjølvsagt ikkje ferdig når han skulle, men eg fekk no tak i litt som eg åt attåt poteter. Det var ikkje så veldig godt-og eg må vel ete av det i morgon også. No har eg spraya steikomnen og må vaske den.Desserten var betre: Is med bær i krydderlake til. Hadde tenkt på jordbær, men dei fer skjora med. Eg kom brått på at Nils sa at skjora og kråka skydde sen, så kanskje eg skal lage til ei felle. Dei tøyremsene har dei avslørt. 
Solveig, Øystein og Audun kom att i går, Eirik er på veg heim og så kjem vel musikarane att frå Bergen snart. Rasmus skal tilbringe enda ei natt ved Limfjorden.
I morgon er det 1.juli-men vi har alt hatt mykje sommar.


fredag, juni 29, 2018

Dagbok 2018: 29.juni





Klokka er 19.50,sola skin frå skyfri himmel, og slik har det vore i heile dag. Men så veldig varmt har det ikkje vore. No viser termometeret på trappa + 17 grader C, mobilen seier 13.
Eg diskuterte med meg sjølv kva eg skulle gjere i dag, men då eg var ferdig å støvsuge inne, fall eg for freistinga å klippe plenane, opp mot vegen og rundt huset. Det var ikkje så høgt gras, men det var så ujamnt. Det vart finare etter at eg hadde klipt. Eg likar å ha det velstelt rundt dørene, sjølv om her ikkje er så mykje fine blomster etc. i år.
Sist natt sov eg berre 2-3 timar, men eg har vore i fin form i dag. Etter at eg hadde ete "middag" la eg meg på solsenga med lydbok, så no ser det ut til at eg kan komme gjennom "80-tallet" også, det har gått treigt. Boka er på 23 plater. No har eg dusja og vaska håret til helga, og så må eg rydde på altanen før eg tek fri.
Det er noko tull med bildeprogrammet mitt på data, så bilda i dag er ikkje redigerte. Eg ville berre at de skulle få sjå plenane mine, og skjærsminen som blomstrar no. I dag har eg snakka med eitt menneske, og det var Marit G. Ho spurde om eg ville vere med og handle i morgon, og det vil eg sjølvsagt dersom ikkje nokon i familien har tenkt seg hit. I så fall vil eg gjerne vite det på førehand.
Det er tilbod på diverse plantar på Tilseth såg eg på FB. Skulle hatt noko nytt på grava, men det er vanskeleg å finne noko som høver. Denne veka har eg ikkje vore på gravplassen, men Marit vatna Nils si grav også då ho var der.
Eg ønsker alle ei god helg.

torsdag, juni 28, 2018

Dagbok 2018: 28.juni Bok nr.19 - 2018: Italiensk reise

Klokka er 20.10, temperaturen er + 15 grader, C og no skin sola delvis. Tidlegare i dag regna det, men eg trur det var berre EI lang byge. Elles har det vore ein litt rar dag for meg. Eg bestemte i går at viss det ikkje vart ute-vêr i dag, så skulle eg lese ut boka til Øystein.
I går kveld kom eg meg i seng litt før klokka 2, og sov godt til klokka 9 i dag. Det skulle vere eit godt utgangspunkt, men eg vakna sigande trøtt, og det kom seg ikkje sjølv etter at eg hadde ete frokost og drukke kaffi. Etter diverse gjeremål, på data blant anna, sette eg meg ned for å lese, men augeloka datt att og etter få setningar dikta eg vidare sjølv i halvsøvne. NB: Det var ikkje boka det var noko i vegen med. ( No er eg litt uvand med å lese papirbøker, har halde meg til lydbøker, men har konsentrasjons-vanskar med dei også.)
Eg sette meg til å strikke i staden for å lese, la opp to parallelle lestar etter å ha festa trådar på eit ferdigstrikka par. Det har hendt at eg har sovna over strikketøyet også, men det er sjeldan, og eg gjorde det ikkje i dag. Eg tok att boka og las ei stund, og slik heldt eg det gåande. Brått var klokka halv 4 og eg måtte ha litt mat. Etterpå gjekk eg ut i hagen og jobba litt. Det hadde slutta å regne og eg lurte igjen på om eg skulle gjødsle, men så såg eg på vêrmeldinga at det skal vere sol heile neste veke, så då let eg gjødslinga vere.
Endeleg var eg såpass vaken at eg kunne ta fatt på boka att, og no har eg lese heile.
No trur vel lesarane mine at boka er kjedelig og uinteressant, men det er den ikkje. Tvert imot er den veldig interessant og lærerik, men den kan ikkje lesast i halvsøvne.
Øystein har vore mykje i Italia, og han har reist landet på kryss og tvers. Dette er ei fortelling om turane hans, men det er berre ein liten del av teksten. For kvar by han stoppar i deler han kunnskapane sine om den byen, det gjeld historie, politikk, folkeliv, mat, filmar, bildekunst, songar og ikkje minst bøker som har tilknytting til staden. 
Han fortel også om andre sine reiser og opplevingar i landet. Ja, her er så mykje informasjon at det er nok å lese eit par sider om gongen, i alle fall viss ein vil absorbere og hugse stoffet. Eg ser for meg at ein kunne reise same ruta, med tog til dømes, og lese i boka før neste stopp. Slik ville boka fungere som ei "reisehandbok", men den er mykje meir enn det.
Eg vil gjerne anbefale boka til alle som er interessert i å lære meir om Italia. Dette er ikkje ein underhaldningsroman! Eg er mektig imponert over all kunnskapen som Øystein har tileigna seg om landet, og måten han gir det vidare på. Trur denne boka blir ein klassikar for alle som interesserer seg for Italia.
Eg var så heldig at eg fekk denne boka av svigersonen. Takk til Øystein !
Eg kjem til å lese boka om att i sakte tempo.

Avslutningsfest på Krigsskolen i dag. Solveig har kledd seg for å matche Audun ser det ut til. Uniforma minner meg om den som Eivind Os hadde.

Og Ingar kosar seg i Legoland.



onsdag, juni 27, 2018

Dabbok 2018: 27.juni

Far og son målar det grøne huset grått. Sonen er i gult.


Klokka er 20.10, temperaturen er + 16 grader, og i dag har det vore nydeleg vêr, litt vind i dag også, men ikkje så kald som i går.
Med det samme eg skulle til å skrive blogg kom eg på at eg ikkje hadde henta posten. I dag var der berre ein kvit konvolutt og det var tilbakebetaling på skatten-til Nils, så no kan eg snart fare til Ulsteinvik og gjere opp skattekontoen hans. Var inn på Sparebanken og der var kome inn eit par beløp sidan i går, det eine var sikkert skatten MIN, for eg skulle også ha noko att. Ja, eg får stole på at alt går rett for seg, for eg maktar ikkje å følgje med på alt. Økonomi har aldri vore mi sterke side.
I dag har eg ikkje vore så sosial som i går. Først av alt tok eg eit lite lakkstrøk til på skapdørene-eg ser ingen skilnad, men håper at lakken verkar som han skal uansett. Elles styrte eg litt i hagen, som vanleg. Har ein hus og hage har ein alltid noko å gjere -det er derfor eg vil ha det.
I dag la eg meg på solsenga med lydbok- og sov meir og mindre-ikkje mange gonger eg har gjort det denne sommaren. 
Så skulle eg ut att å jobbe meir, eg skulle sette opp att nettingen på garasjen, den som blomkarsen klatrar i, men det fekk eg ikkje til! Eg har vore i tvil om eg skulle ha netting og blomkarse lenger, og no trur eg at eg bestemmer meg for heller å plante ei rose. Kunne tenke meg ei New Dawn-rose på den mørkeraude veggen-eller to. Der er alltid tørt i det bedet derfor brukar alle kattane i nabolaget bedet til do. Det er bra festlig.
Eg rulla saman nettingen igjen og var den inn i tilbygget.
Så var eg ned på grensa til "Frikyrkjetomta" og luka og rydda der, det vart sekker full med ugras og anna rusk. Til takk for all jobbinga vart eg beden på jordbær i min eigen åker. Det er mange år sidan vi har hatt så mykje og fine jordbær som i år. men så langt har alle gått i eitt gap.
Margrete er komen att frå Solund -heile familien er trygt heime, men i morgon skal dei to yngste på korpstur til Bergen, Ingeborg skal tilbake til Oslo og Eirik skal ein tur til Trondheim i helga. I morgon er det avslutningsseremoni på Krigsskolen, og fredag kjem Solveig og Co heim. Solveig stressar litt med å finne ein dag då dei fleste kan samlast og feire dei sju fødselsdagane.
Når det er fint ver vert dagane altfor korte for meg, sjølv om eg går her mykje åleine og rotar.

tirsdag, juni 26, 2018

Dagbok 2018: 26.juni

Trovågen i dag.



Barnebarna på Dyngja, høgste fjellet i Trovågen.


Klokka er 19.45, temperaturen er ca.15 grader C, men det har vore kald vind i heile dag. Elles har det vore sol og fint vêr. Viss det blir meldt skikkeleg regn på torsdag, så skal eg gjødsle skråninga, viss det blir berre nokre dropar, får eg vente. No er det relativt fint og grønt i hagen.
Eg har vore heime i heile dag, men eg har hatt det kjekt, han snakka med mange og gjort litt av kvart, aberet er at dagane blir litt for korte.
På føremiddagen var eg ute og brukte kantklipparen her og der, så reinska eg bedet ved garasjen og styrte på. Men så kom Arne Ola og stoppa bilen og prata. Vi hadde mykje å snakke om i dag; han hadde vore i bryllaup til yngste sonen sin, og eg hadde besøkt ein "Grimsting" på Leikong som er  "dobbel-tremenningen" til AO.
Marit U og Anne Elise var ute, så eg måtte prate litt med dei også, heilt til posten kom. I dag var det krav om betaling for grava som kom i kassa. Eg må betale for dobbelt-grav, det er som å betale for hotellrommet før ein bookar inn. Men det er heilt greitt. Eg fekk betale for 20 år med det samme, så eg får vel ikkje fleire krav. Eg er glad for at eg har nettbank, det gjer det veldig lettvint å betale, og så har ein kvittering i det samme.
Brått var klokka nesten halv fire, og eg kjende at eg måtte ha mat. Då eg akkurat var ferdig å ete ringde Einar og vi prata både vel og lenge. Han har hatt mykje jobb sidan han kom nedover, men no skulle han ha litt fri. Han får no treffe både Audun og foreldra no, reknar eg med. 
Eg lurte på kva eg skulle prioritere resten av dagen, og fann ut at eg kunne lakke kjøkkeninnreiinga. Eg hadde vaska skapdører og skuffefrontar med salmiakk tidleg på dag, slik dei sa eg skulle gjere då eg kjøpte lakken. No var det tørt nok til å lakke, og det var fort gjort, men eg trur kanskje eg skal ta eit strøk til. Lakken er nesten usynleg, men eg ville sikre med at ikkje vatn skulle øydelegge treverket-det var noko slite her og der. Dette var enda eit kapittel i serien "Mor gjer noko ho ikkje kan". 
Eg har ein mistanke om at skjora et opp jordbæra mine etter kvart dei modnar, så no har eg hengt ut lange strimlar av kvitt stoff på stauren, det funkar kanskje som fugleskremsel så lenge det blæs. Marit U var ute og reinska ugras og eg sette meg bort på trappa for å prate litt. Mens vi prata hadde Torbjørn, utan at eg såg det, kokt kaffi og dekka på hagebordet, så fekk eg vere i selskap i dag også. Jordbær, is og kake serverte dei. 
Eg er spent på kva Margrete og borna har funne på i dag, har ikkje verken sett eller høyrt noko i dag. I morgon skal dei kome heim att.


Det er i dag Birte har fødselsdag. Gratulerer med 23-årsdagen, Birte !

mandag, juni 25, 2018

Dagbok 2018: 25.juni








Klokka er snart 21, noko som eg slett ikkje forstår når eg ser kor sola skin ute. Eg kan heller ikkje lese av temperaturen, for sola skin på termometeret. På mobilen står det + 11 grader C. Det er i alle fall ikkje særleg varmt.
Eg kom nettopp heim att, frå Leikong, der vi har feira fødselsdagen til Birte, som er i morgon. Vi heldt til hos foreldra hennar i huset de ser på bildet. Håkon og Birte henta og bringa meg på veg frå og til Volda. Solveig og Øystein var der også, pluss mor til Birte. Det vart mange nye bekjentskap for meg, og det er no litt spennande. Ikkje vanskeleg å bli kjend med dei folka. Bestefaren heiter Grimstad og er frå Hareid, og det seier sitt. Vi hadde ei kjekk stund i den koselege heimen deira.
Det heile kom litt brått på meg. Solveig kom innover og køyrde meg rundt på all verdens butikkar før vi stoppa på Amfi og kjøpte oss kaffi og kake. Då ringde Birte på Solveig sin telefon, ho hadde ringt heim til meg - men eg no ikkje heime.
Meir kaffi og kaker vart det på Leikong. Eg kan berre takke alle for ein fin dag, og for at eg fekk vere i lag og feire Birte. Grunnen til at vi markerte dagen i dag er at Solveig og Øystein skal reise austover i morgon, som kjent skal dei hente Audun heim.
Eg har vore ganske bra i kneet i dag-berre eg ikkje går for bratt nedover. No er det heilt klårt ute, men eg må sjå om det kjem regn snart igjen-for DÅ kan eg gjødsle skråninga. Vi var og handle gjødsel m.m. hos Tor Stian, kameraten til Eirik i dag. Kjekk gut, det også.
Solveig kom med kofta mi i dag, ferdig montert, men eg har att å strikke halskanten. Eg er bra heldig.
Men bilda blei ikkje så bra, eg må ha kome borti eitt eller anna på fotoapparatet. Det er ei fantastisk utsikt frå huset til besteforeldra.

søndag, juni 24, 2018

Dagbok 2018: 24.juni

Fersk bilde frå Trovåg i Solund. Huset til høgre er barndomsheimen til Nils, han vart fødd i det huset kort tid etter at dei hadde flytta inn. Til venstre ser vi skulehuset, der eg hadde min første jobb. Det er påbygt og ombygt fleire gonger. Eg kom til Trovåg i august 1958 for å vikariere som lærar. Eg fekk nesten sjokk då eg fekk sjå staden der eg skulle vere;  4 hus, ingen veg, og dett var dett. Hadde lyst å snu i døra. Men eg vart verande, og etter ein månads tid ca. var Nils og eg komne i lag. No er det snart 60 år sidan. Margrete og barna er i Solund no, dei møter slekt og andre kjende, ser til gravene osb. Folk i Solund er lette å komme i kontakt med, og så er vi no i slekt og familie med dei fleste. Men veldig mange av dei eg kjende ligg på kyrkjegarden no. Eg synest eg kjennar att kvar stein i terrenget. Har sjølvsagt vore der mange gonger i tida som har gått, men etter at Johanna, mor til Nils, døde vart det ikkje så mange besøk. 
Eg synest det er fint at Margrete tek denne "pilegrimsreisa" med barna akkurat i år. Dei to yngste har ikkje vore der før.
Klokka er snart 19.00, temperaturen er + 13 grader og det er grått og regn, då eg skulle sjå ut på temperaturen måtte eg låse opp utedøra, noko som er teikn på at eg ikkje har vore ute for ei dør før i dag.
Sist natt sov eg godt, det var sikkert derfor eg ikkje var så trøytt trasig i dag. Eg var ikkje før ferdig med frokosten før eg fann på ting eg ville gjere. Ikkje store arbeidsoppgåver, men alt tek tid. Eg skal innrømme at eg har brukt ganske mykje tid framfor datamaskina i dag også. Og så har eg leita etter diverse bilde i gamle album m.a.
Eg har ikkje hatt meir problem med kneet  enn vanleg- med tanke på plenklippinga i går. Eg er veldig glad for at eg klipte, no då det kom meir regn.
I morgon kjem Solveig innover, så då skal eg få ordna diverse innkjøp, som t.d. kunstgjødsel etc. Eg skal også innom Clas for meir gaffateip-det er slikt ein lett kan få bruk for. Ja, eg skal ha ei liste klar. Eg skal kjøpe lakk og fare over kjøkkeninnreiinga med, ser at det trengst. Eg likar å male og gjere diverse "manna-ting"-sjølv om ikkje resultatet alltid er like bra.
Solveig har montert kofta som eg strikka til meg sjølv no i vår, men så skal eg strikke halskant sjølv.
Solveig og Øystein skal til Oslo og hente Audun-dei blir med på avslutninga på Krigsskolen, og kjem heim att fredag. Margrete kjem heim onsdag - og torsdag skal dei to yngste på korpstur til Bergen. Eg har litt hjernetrim med å halde greie på kvar alle er.
I dag fyller Einar 31 år, og eg har gratulert han på Face. Han er på jobb til kl. 23 i kveld, men så skal han ha fri i tre dagar. Det er vel ein del å jobbe med i sportsredaksjonen i desse tider. Gratulerer med dagen og lykke til vidare, Einar!



lørdag, juni 23, 2018

Dagbok 2018: 23. juni

Rasmus og Co er på Rødtangen, der broren til Wenche og fam. har hytte.

Amanda er i Solund.


Klokka er 18.10, temperaturen er + 20 grader C og det vart finare og finare vêr utover ettermiddagen. Før på dag var det overskya, kaldt og litt regn. Eg heldt meg inne, men hadde verken arbeidslyst eller leselyst, var berre trøtt. Men etter kvar begynte eg å lure på om det var tørt nok å klippe plen ovafor garasjen, sist eg klipte let eg plenbitane opp mot vegen stå att, så no hadde dei fått godgjort seg lenge. Else Snipsøyr kom forbi så eg fekk prata litt med henne, og så kom Marit ut så vi fekk veksle nokre ord , vi og. Men skal ein klippe plen, så kan ein ikkje prate seg vekk. Og det vart ikkje så verst resultat i dag, sjølv om det står att litt tustar her og der som eg må ta med kantklippar eller med hand.
Sidan det er ugraset som veks best var det ikkje fint rundt huset heller, så eg tok ein runde med klipparen der også, og sidan eg var så godt i gang, tok eg skråninga også, så no er heile tomta klipt. Skråninga har ikkje fått gjødsel i år, så der blir det ikkje så lett grønt, der er mykje mose. Så snart eg har bil og sjåfør må eg få kjøpt gjødsel m.m. Å gå med grasklipparen er det arbeidet eg toler best for foten, det er som å gå med rullator.
Eg ser der er mange skjorer i hagen i dag, dei stel vel av jordbæra mine, trur ikkje fugleskremselet imponerte dei.
Sidan det er jonsokafta kokte eg meg ein slags rømmegraut før eg gjekk ut og slo, håper eg brende nokre kaloriar.
Eg hadde hatt lyst ned på Amfi før middag, men problemet mitt er å gå nedover, det er også problem å gå inne på kjøpesenter etc. Så no har eg funne fram stav så eg kan gå i terrenget viss eg vil. Det er fysioterapeuten som seier eg skal gå med stav.
Eg er litt misunneleg på Margrete og ungane som er i Sula, skal no ha meg ein tur utover eg også viss/når eg blir bra i foten. I august er det 60 år sidan eg steig i land i Trovågen for første gong; ca. ein mnd. seinare blei Nils og eg i lag-og det varte i nesten 60 år. Ikkje alle er så heldige. 
Fekk eit bilde frå Rasmus som viser at dei alt har starta campinglivet, men eg veit ikkje kvar dei er.
I morgon har Einar fødselsdag,  han er i Oslo, jobbar i NRK - sporten.




fredag, juni 22, 2018

Dagbok 2018: 22.juni.

Klokka er 19.45, temperaturen er +13 grader, og sola skin frå nesten klår himmel.
Marit og eg kom nettopp att, vi var først ein tur på kyrkjegarden, så var vi på Plantasjen, der vi ikkje fann akkurat det vi ville ha. Eg kjøpte ikkje noko nytt til grava sidan eg ikkje fann noko eg likte, blomsten som vi hadde der for ro veker sidan var ikkje visna, så den kan stå litt til. Marit kjøpte noko ho skulle ha med heim. Så handla vi mat på Coop i Furene. 
Vi var innom Hageland også utan at eg fann det eg ville ha.
Elles har det vore ein ganske lang, lat dag. Har ikkje all verda å gjere i huset, og noko storarbeid går eg ikkje laus på med den vonde foten. No ser det ut for at det kan bli plenslått i morgon, ein av naboane har alt starta opp.
Eg les i boka til Øystein innimellom, men det går ikkje fort, for det er mykje som skjer-i boka altså. Elles har eg hengt ut ein klesvask, mala litt på badet vaska litt golv etc.
No skal eg snart ha meg ei skikkelig måltid. Kjøpte ei pæreskinke i dag, det plar vere godt å ha å ta til når ein skal ha litt saltmat, men den var litt i overkant salt, ja. Har mest av alt lyst å klage på den-men fabrikken er langt vekke herifrå, så det får stå til.
Margrete og ungane var komne til Rysjedalsvika sist eg høyrde frå henne, men dei er sikkert i Solund no.
I dag er det Øystein som fyller år, og det er berre å gratulere! Det er litt vanskeleg for meg å forstå at dei som eg ser på som "unge" ikkje er SÅ unge lenger. Men eg vil i alle fall seie at Øystein er veldig sprek"for alderen". Håper at han han hatt ein fin dag, og så kan eg no røpe at eg har begynt å planlegge ein togtur til Italia "når eg blir bra i foten".

torsdag, juni 21, 2018

Dagbok 2018: 21.juni

Klokka er 18.40, temperaturen er + 13 grader C og akkurat no er det opplett med små streif av blå himmel. Eg har knapt vore ute for døra i dag, men kanskje eg tek ein liten kveldstur, men då må eg først lirke ned gå-stavane frå garasjeloftet, for no har eg fått ordre om å gå med stav. Eg har brukt turstavar før og veit at det er ei god hjelp i motbakkar, men eg har aldri fått til å gå med stavar nedover.
Eg føler litt på at et sit på stas for tida, for det blir ikkje mykje gjort. No har det sant å seie ikkje vore vêr til utearbeid, og ikkje er det ikkje all verda eg kan gjere. I dag begrensa eg meg til å støvsuge teppegolva og lage vaflar. 
Eg fekk besøk av Ingeborg og Eirik og vi hadde oss ei lang og koseleg pratestund. Når Ingeborg og eg kjem i lag vert det ikkje stilt ein augneblink. Ingeborg meiner at det kanskje kjem av at vi begge er VÆRAR (stjerneteikn) - men det er no Eirik også, og han kom knapt til orde. Men det er annleis med gutar, seier Ingeborg. Ho har sett seg inn i astrologien.
Men Eirik er ein smarting, for han fekk lirka plata ut or CD-spelaren. Eg har bala med det i fleire dagar, men hadde gitt opp.
I morgon reiser Margrete med barn og hund til Solund. Dei reiser i to bilar for å få med seg alt. Eg håper at kan få meg ein tur utover også, men akkurat no er eg ikkje så "flakkfør" på grunn av kneet mitt.
Solveig og Øystein skal snart til Oslo for å hente heim Audun, då skal dei på "avslutning" på Krigsskolen. Audun skal nordover og vere i det militære no, kva han skal gjere der er eg ikkje sikker på.
Einar er i Oslo, men vi har ikkje høyrt så mykje frå han, så eg reknar med at har er fullt opptatt. Ingeborg skal tilbake til Oslo etter Solund-turen, akkurat no før ho kom heim hadde ho fire jobbar der, så ho manglar ikkje sysselsetting.
Målinga har stått på vent no ei stund, både på grunn av vêret og eksamenar.
I morgon har Øystein fødselsdag, og så blir det eine "dagen " føre og den andre etter.
No skin det opp. så eg må ha meg ein tur ut i hagen. Det er kjekt å sjå at dei brunsvidde flekkane minkar etter kvart, og blir det opplett eit par dagar får eg klippe plen. DET er hobbyen min.
Men eg må ha meg ein tur på eit plantesenter snart. Eg skal kjøpe eit plommetre og ein sekk med gjødsel.
Det blei ein liten tur i hagen. Og kva fann eg der? Mange fine modne jordbær! Då eg hadde ete alle som var, kan eg på at eg hadde fløte i kjøleskapet. Eg måtte lage eit midlertidig fugleskremsel i full fart, men trur ikkje det skremmer fuglane frå å ete bære mine. Det tidlegaste vi har hatt sjølvdyrka jordbær før er 22.juni. No er den rekorden slått!

Eføyen klarer seg fint etter den hardhendte behandlinga han fekk i fjor.

Og potetene trivst godt i lag med bringebæra. Dummaste bonden får største potetene pla Nils seie. Eg håper det er sant.

Det står dårleg til med sukkerertene, men det er lenge til hausten. Dei har no fått både vatn og gjødsel no, så det er eit håp.

onsdag, juni 20, 2018

Dagbok 2018: 20.juni

Margrete fyller 50 år i dag. Eg gratulerer! Så vidt eg veit er ho bortreist på dagen. Dersom vi tek med Amanda som er fødd 29.mai og Solveig som har fødselsdag 3.juli så har vi 7 fødselsdagar å feire i desse dagar. Det vil sikkert resultere i eit sommartreff der vi samlar alle som samlast kan. Tida vil vise kva det blir til.

No er klokka snart 21 og dagen har gått altfor fort. Vêret har vore bra i dag, ein god del sol, men lite varme. No er det + 12 grader. Har ikkje hatt tid å kjede meg eit minutt i dag, men har heller ikkje "gjort" så mykje. Har rett nok strikka ferdig eit lestepar som eg har halde på med nokre dagar. Og så tok eg ein razzia og rydda litt i kleskapa mine. Dessverre fann eg ikkje så mykje å kaste. Har liksom bruk for alt, ein har alltid bruk for litt arbeidsklede etc. Nokon som kjenner seg att?
Ragnhild ringde på føremiddagen og spurde om eg ville vere med å besøke ei felles venninne i morgon, og det ville eg; men i kveld kom det beskjed om at det ikkje passa med dagen. Ergo blir eg heime, men må prøve å få av garde brevet til Hønefoss.
Då eg så vidt var ferdig med middagen, ringde Ellen Marie og vi prata så lenge at mobilen min gjekk tom for straum. 
Eg hadde avtalt med Marit at ho skulle komme og besøke meg og fortelle frå pensjonistturen og det gjorde ho. Dei hadde hatt ein fin tur. Kjekt at Ragnhild og Marit har funne vegen heim att til Ørsta. Eg er bra i kneet når eg ikkje anstrenger meg, det var slik eg kom meg til att første gongen. Eg har ikkje gjort alle øvingane mine enno i dag, men kvelden er ung.
Eg har problem med å sovne om kveldane, prøver å komme meg opp i senga før halv to-det greidde eg i går, men det gjekk timesvis før eg sovna. Om morgonen søv eg godt! Men eg blir litt trøtt midt på dagen-utan at eg sovnar av den grunn.
No ser eg fram til at barn og barnebarn skal få ferie slik at eg kan få litt transporthjelp etter kvart. Eg har eigentleg mange jern i elden.

tirsdag, juni 19, 2018

Dagbok 2018: 19.juni



Klokka er snart halv seks og det er litt tidleg å skrive blogg, men sidan eg ikkje gjer noko anna fornuftig, så...……………Temperaturen er + 9 grader, det regnar og det blæs.
Eg har hatt mykje trøbbel med datamaskina mi siste tida, og no har eg problem med bildebehandlingsprogrammet. Så snart eg trykker på "Rediger" så blir skjermen svart. Slike småting irriterer og det stel tid. No har eg for så vidt god tid til å sitte her og fikle, men når eg ikkje får det til likevel så er det ikkje så kjekt.
I dag har det vore ein trasig dag med tanke på vêret. Eg hadde nesten gøymt korleis det var å ha det så kaldt og vått. I går kveld sat eg og strikka og vakna i natt med ei skulder som verkte så grassat at eg måtte sette på det elektriske varmeteppet. Det hjelpte heldigvis. Det er visst mykje som dukkar opp etter som åra går.
I dag var det høveleg vêr til å rydde skap, tenkte eg, så eg begynte med friskt mot. Men det varde ikkje så lenge før eg var lei. Trøytt var eg også, hadde mest lyst å sove og sove. Skulle prøve  å lese litt, men det funka heller ikkje, så tok eg lydboka, men nei. Strikketøyet fekk litt fart i meg. I grunnen så er det sunt å ha faste plikter, slik eg har hatt før. Lett å bli sløv når ein ikkje må.
Men eg laga meg i alle fall middag - og trur de ikkje at eg greidde å ete opp sursilda eg kjøpte i går. Der vart rett nok ein del løk att, men resten åt eg. Eg tekte som så at blir silda ståande i kjøleskapet ein dag til blir det berre å kaste. Den var faktisk god i dag også.
Innimellom tek eg øvingane mine, strekk og bøy i føtene . 
I går då eg var hos fysioterapeuten hadde ho ei rund pute som eg skulle rulle føtene på. Ho spurde om eg hadde ei slik heime, men det hadde eg sjølvsagt ikkje. "Men eg trur eg skal greie å lage ei", sa eg. I dag tok eg eit plastrør eg hadde liggande, pakka det godt inn i bobleplast og festa med gaffateip. Gjekk tom for gaffa, så eg måtte skøyte på med elektro-teip. Eg har prøvekøyrd den på stovegolvet, og det funka heilt fint. Det verste var då eg skulle reise meg opp att, men då sette eg rullen på ende og greidde å reise meg opp. Eg har tatt bilde, men får altså ikkje redigert det.(Sette dei inn slik som dei er.) Neste prosjekt blir å lage fugleskremsel.
Eg visste at Ingeborg skulle komme med fly frå Oslo i dag, så eg følgde litt med. Eg såg og høyrde flyet kome, men høyrde ikkje at det landa, så eg gjekk inn på data og sjekka. Fekk straks etter melding frå Margrete om at Ingeborg var komen vel fram. Grunnen til skepsisen var vêret, er det for dårleg reiser dei til Vigra og landar der, det slapp ho heldigvis i dag. Det er ikkje så ofte det blæs her i Ørsta, men i dag er det ikkje heilt fritt. Dvs. her på Vallabøen merkar vi lite til vind.
I dag gratulerer eg Eli, som bur på Rygg, med dagen !

mandag, juni 18, 2018

Dagbok 2018: 18.juni

Klokka er 18.00, temperaturen er + 14 grader C, akkurat no er det opplett, men vi har hatt nokre gode regnbyger før på dagen. Hagen trong vatn, så bygene er velkomne, berre dei har vit å forsvinne når vi har fått nok. I dag har eg gjort lite og ingenting, så eg har ikkje noko å skryte av. Tvert imot. 
I dag skjedde det som eg har vore redd for kvar dag sidan eg sende av garde papira mine  til aust og vest. Eg fekk eit brev i retur frå "Kartverket". Der mangla Uskifteattest. Korleis eg har klart å ikkje sende den med, forsår eg ikkje. Men no har eg lagt ved attesten og må sende heile smørja tilbake til HØNEFOSS. 
Det er ikkje så enkelt å få sendt brev, her er ikkje postkasse så nær og eg lyt i alle høve ned på "Post i butikk" sidan eg ikkje anar kva det kostar å sende brevet. Sist var det 14 kr, men med eitt ark til kan det lett bli dyrare. Ja, det er eit lite problem.
Men eg ville gjerne bli ferdig med "papirmølla".
I dag skulle eg vere hos fysioterapeuten klokka 12.30 og Marit U køyrde meg ned. Eg vart grundig undersøkt, og konklusjonen var at det er ein senebetennelse. Eg fekk gode råd og eit program eg kan gjennomføre heime. Eg fekk også behandling med ultralyd. Viss eg ville ha meir behandling skulle eg ringe. 
Det var ikkje snakk om trening i apparat, tvert imot skulle eg halde meg nokså roleg, men hagearbeid og gange i terreng var bra. Eg har liggande nokre bitar av plastrør som eg hadde tenkt å kaste i bosset, men no skal i alle fall det eine bli eit "treningsapparat".
Det vart ikkje sagt noko om taxi, så eg tenkte eg kunne gå opp att, sidan motbakke ikkje er det verste. Men eg kjende fort at det ikkje var ein god idé, så eg ringde Solveig nabo, hadde sånn halvvegs ein avtale med henne. Eg gjekk ned på Kiwi i Vik der ho plar handle, og så handla vi litt begge to. Det var ikkje så mykje eg hadde behov for, eg handla sist fredag, men eg kjøpte meg mellom anna ein boks sursild. Det vart middagen i dag; sursild og hardkokte egg. Det var veldig godt. Men der er mykje sild att, så det spørs om eg får lyst på meir innan rimeleg tid.
Eg har ikkje "gjort" noko i dag; når eg ikkje startar frå morgonen av blir det liksom ikkje noko med meg. Det kan hende eg tek ein tur ut i hagen, eller sit med beina høgt og gjer øvingar, begge delar er lov.
I dag er det 2 månader sidan Nils døde. Tida har gått fort, men likevel verkar det som det er lenge sidan.

søndag, juni 17, 2018

Dagbok 2018: 17.juni

Klokka er 20.00, temperaturen er + 21 grader C og sola skin til tross for ein del skyer på himmelen. Det har ikkje vore så fint før i dag, og det er meldt litt regn i morgon. Heldigvis! Sidan eg har strødd utover gjødsel.
I går snakka eg ikkje med eit menneske, mange har vore bortreiste i helga, og Marit er på pensjonisttur. Men i dag kom Marit U bortom ein tur, og ho vil køyre meg ned til fysioterapeuten i morgon. Viss eg ikkje kan gå til og frå behandlingane, har eg rett på Taxi, men i morgon er det først og fremst undersøking. Har vore relativt bra i kneet siste dagane, men det å gå nedover er ikkje bra. Eg verker ikkje når eg sit i eo eller går rundt i huset.
I går kveld nærma klokka seg halv tre før eg kom meg i seng, og så stod eg opp til rimeleg tid i dag. Eg var så trøtt etter frokost at eg sovna ei stund. Før eg festa trådar på to par lester.(Det eine paret skal eg ha sjølv). Så skal eg sjå kva eg kan få til av dei restane eg har-litt artig, det.
Før eg åt middag var eg ute og jobba ei stund, stilt og fredeleg. Eg rydda og raka under altanen. I heile vinter har kattane i nabolaget hatt do i singelen der, og det kjendest på lukta. 
Etter at eg hadde ete, las eg litt i boka til Øystein, men då vart eg søvnig igjen. Eg skulle sjølvsagt ha kokt meg kaffi, men då kan det bli til at eg ikkje legg meg i kveld heller.
Eg synest det er godt at det er kvardag i morgon såpass eg ser litt folk. Skal vere hos fysioterapeuten kl.12.30.
No skal eg ta ein tur rundt huset og sjå om eg finn noko å ta bilde av.

Fann ikkje så mykje å ta bilde av, men her er litt:
Raka og rydda!
Klokkebusken har blomstra lenge no.

Må visst lage meg fugleskremsel no snart.

Er ikkje sikker på kva desse blomstrane heiter, men i vill tilstand er det Storkenebb. Eg har mange slike, dei er veldig hardføre og blomstrar gjerne fleire gonger i løpet av sommaren om ein klipper dei ned etter blomstringa. I krukka har eg ruccolasalat. Eg har ikkje mykje hage å skryte av, men eg ser med glede at graset veks på plenen no då vi fekk litt regn.


lørdag, juni 16, 2018

Dagbok 2018: 16.juni

Klokka er snart 18.00, sola skin og temperaturen er +19  grader C. Det var ikkje så fint i dag tidleg og på føremiddagen, så eg hadde planlagt å halde meg inne. Nok å gjere her også for den som vil. I dag skulle eg blant anna strikke ferdig nokre lester og så skulle eg rippe ei bok på 14 CD-ar. Det er ting som kan gjerast samtidig, og det funka bra, men plate nr. 19 sette seg fast i CD spelaren, og eg har enno ikkje greidd å få den ut. Slikt har hendt før, særleg på den CD -spelaren som var i maskina då eg kjøpte de, men eg har alltid fått platene ut att. Men ikkje i dag. I tillegg så har maskina "oppdatert " seg heilt på eiga hand, så det er mykje nytt å sette seg inn i, får stadig overraskingar.
Men lestane vart ferdige, og eg høyrde lydbok i staden for å rippe. 
Då var eg svolten og i dag blei det suppe frå frysaren til middag.
Då eg såg kor fintvêret var gjekk eg ut og hadde utover gjødselen som har lege på vent lenge. Eg gjødsla plenen rundt huset og opp mot vegen, men eg må nok skaffe meg litt meir , for skråninga treng også gjødsel, i høgste grad. Eg luka litt ugras og rydda litt her og der når eg likevel var ute. Eg blei litt redd då det skein slik opp etter at eg hadde gjødsl, men det kjem no visst regn på mandag ,om ikkje før. 
Eg kan gå rundt huset å stulle, men veit ikkje om kneet held til ein liten tur. Kanskje eg skal prøve? 
Eg har ikkje sett eit menneske i heile dag og ikkje snakka med ei sjel. Men eg har mange bøker eg kan lese og kanskje blir det noko kjekt på TV i løpet av kvelden. Eg kjeder meg aldri.
Trur eg skal ta og gå ein liten tur med fotoapparatet.

Det vart ein liten tur, og no kan de få vere med. Eg gjekk beint innover og kom meg på toppen av Storebakken relativt kvikt. Det beste for kneet er å gå oppover. Det er faktisk ganske lenge sidan eg var der oppe, trur ikkje eg har vore opp sidan i fjor sommar. Eg har gått mykje siste året, men ikkje den vegen.


Heilt på toppen var der eit hus til sals.

Det skal byggast eit 500 meter langt fonnvern ovafor bebyggelsen. Dei let det stå att litt lauvskog nedst, men alle granene ovafor vert felt. Det tømmeret som ingen vil ha + kvist og kvas vert mele opp i store flisekutterar. Det er gjerde langs grova ("elva") heilt til toppen av bakken.

Utsikta er fin her oppe på toppen.

Her kan de sjå litt av det lange gjerdet, og oppe i skogen ligg tømmeret.

Frå øvste brua har dei laga veg opp i skogen. Det var her vi gjekk opp i "klasserommet" til Vikemarka. Eg var der i fjor, og då fann eg ei lita solbærbuske med nydelege bær på. Hadde tenkt meg opp i år og hente buska, grave den opp med rot. Men kvar er den no? Eg tippar den er bak tømmeret på bildet under, viss den framleis lever.


Eg måtte ta den slakkaste vegen heim. Då eg gjekk inn Starevegen kom eg til å tenkje på alle seine kveldar eg kom i full fart heim denne vegen i vinter. På is og snø, i stjerneklare kveldar,  i regn, snø og sludd. Men då hadde eg ikkje vondt i kneet. Og takk og pris for det.


fredag, juni 15, 2018

Dagbok 2018: 15.juni




Klokka er23.15, temperaturen er + 12 grader, det har vore regnbyger og litt vind i dag. Ikkje dramatikk her i alle fall.
Eg vart sittande og sjå på ein serie på TV, ikkje at den interesserte meg så mykje, men med strikketøy attåt vart det bra. No er det ein liten pause så eg kan skrive. Har ikkje skjedd så mykje i dag. Eg vaska og rydda litt på føremiddagen, så strikka eg litt etc. til klokka nærma seg halv seks. Då kom Solveig og vi for på handel. Var først innom Amfi, der vi ikkje kjøpte så mykje. Etterpå handla vi mat etc. på Spar. Eg serverte ost og kjeks til kaffien i dag. Skulle vel vore te eller noko anna, men vi er tross alt kaffikjerringar. Solveig hadde med Øystein si nye bok både til meg og Margret, så no får eg ta meg sammen og lese på papir. Det er litt vanskeleg å konsentrere seg når ein ikkje kan strikke mens ein les. Må "ha noko på hendene". 
Ho hadde med seg andre bøker også, som Margrete og eg kan dele på.
Solveig tok ein del bilde som ho skal vise snikkaren på Hareid, han som skal fikse huset vårt utpå sommaren ein gong. Blir ikkje med det første.
I dag er det Hilde på Eid som fyller år, og eg gratulerer. I løpet av siste delen i juni er det fire i familien som har fødselsdag, den 20,22,24 og 26. Solveig har bursdag 3.juli, men då er det pause heilt til oktober.

torsdag, juni 14, 2018

Dagbok 2018: 14.juni


Klokka er 19.00, temperaturen er + 19 grader C, det blæs og regnar litt no, men det er ingen dramatikk. Må innrømme at det var godt å stå opp i dag og sjå at hagen allereie var vatna, så i dag har eg ikkje gått med bøtter og kanner for å berge vekstane mine. Det har stort sett vore opplett i dag, heilt til no. Stilt har det også vore, men no blæs det litt. Margrete er vel heime etter at ho har vore sensor i Ålesund i dag. I morgon skal ho til Stranda og sensurere der. I tillegg har ho hatt opp nokre eigne elevar til muntleg eksamen. Ja, det er travle tider i skulen på slutten av året, men så får vi håpe ho får ein fin ferie/avspasering  når så langt kjem. Ho og alle "barna" skal ein tur til Solund så snart alle er klare.
Eg ser det blæs meir og meir, men vind er sjeldan i Ørsta; verre for pensjonistane som skal reise med Hurtigruten frå Ålesund i morgon kveld. Håper vinden er stilna då. Eg har no rydda i hop litt på altanen, det gjer eg kvar gong dei melder sterk vind-men vinden plar aldri kome. Dette er kanskje unntaket.
I går ettermiddag og kveld vart eg brått så trøytt, eg sat framfor TV-en og sovna gong etter gong. I dag var det same elendet, så no tok eg og koka meg litt god kaffi. Håper det kvikkar opp.
I dag har eg ikkje vore lenger enn til postkassa og har ikkje snakka med nokon. Eg kjem meg ikkje så langt viss eg må gå, men så hadde eg ingen ærend heller. Det går bra med kneet så lenge eg berre går på golva og i hagen.
Hadde ingen planar for kva eg skulle gjere i dag, så det vart ikkje så mykje gjort. Men fekk no støvsuga alle teppegolva og så baka eg 6 brød. Det går ein del brød sidan eg ikkje lagar så mykje middag og kjøpebrøda blir fort tørre - og seige i skorpene. Så har eg strikka litt innimellom, det går i lester for tida.
I morgon kjem truleg Solveig innover ein tur, eg har nokre papirer som ho skal ha, mellom anna. Elles får eg mailar og brev frå banken og andre heile tida. Best som det er får eg relativt store beløp inn på kontoen min, det er pengar som Nils har betalt for mykje. Men så kjem der vel krav til meg på samme beløpa. (Forsikringar etc.) Det er litt å halde greie på, men eg tek vare på alle "papir"- og sidan eg har nettbank har eg heile tida oversikt på kva som går inn og ut. Eg vil anbefale andre ektepar å ha felles bankkonto, særleg viss ein har avtalegiro. Hadde vi hatt det hadde eg vore spart for mykje "arbeid". Men eg skal ikkje klage, eg fekk kjempegod hjelp i banken. Gratis.

Typisk! Eg set meg til å skrive dagbok rett før dagsnytt, så eg får ikkje høyre nyheiter før seinare, elles reknar eg med at det blir mykje fotball framover, eg plar sjå dei siste kampane. Gjorde i alle fall det då eg hadde Nils å sjå dei i lag med. Men eg brukar å ha på DAB-radioen når eg styrer på kjøkkenet, så litt får eg med meg av det som hender i verda. Og så har eg no "Nyhetskanalen". I morgon er det fredag igjen, så i kveld blir det å sette ut bossdunken.
Boka som eg driv og les, gjer at eg sovnar og så hugsar eg aldri kor langt eg er komen, så det blir til at eg les om att det same fleire gonger.


onsdag, juni 13, 2018

Dagbok 2018: 13.juni.

Klokka er18.15, temperaturen er + 17 grader C. Det er fint, lettskya vêr, med litt sol av og til. La meg ut på solsenga for ei lita stund sidan, fekk ligge der i ca.5 minutt før sola for bak ei sky og det vart "kaldt". No er det vel ikkje langt att før regnet og vinden kjem. Alt i hagen treng vatn, og i dag oppdaga eg at det vesle Victoriaplommetreet var litt slapt i blada. Trudde at trea hadde såpass lange røter at dei fann vatn, men eg bar to store bytter vatn ned til treet, før eg vatna med slangen. Det var så mykje og så gode plommer på det i fjor haust og eg har ikkje lyst å miste det.
Eg har ikkje vore så "hyper" i dag, heller litt slapp og sløv. Begynte å renske vekk gras på steinvegen i føremiddag, men det var ikkje så kjekt. Prata ei stund med Solveig nabo, gjekk inn att og strikka litt etc. Må legge til at eg var ikkje heilt god i kneet.
Mens eg åt "middag" sat eg og såg ut på graset, og såg at der var ein del ugras innblanda. Etter å ha tenkt litt fram og tilbake tok eg like godt og klipte skråninga og rundt huset, men ikkje opp mot vegen. Tenkte kanskje det vart finare når regnet kom og graset tek til å vekse at ugraset er borte. Eg stilte ikkje klipparen ned så mykje, så eg tok berre toppane. Synest sjølv det ser betre ut no. Skulle sikkert klipt opp mot vegen også, men det får vere. 
Fredag reiser pensjonistlaget på tur til Bergen , Haugesund og Stavanger. Dei skal gå om bord i Hurtigruta fredags kvelden i Ålesund, så får håpe vinden har spakna til den tid. Marit G skal vere med.
No er det snart kvelden, dvs. nyheiter på TV og strikketøy.
Naboane rett over vegen er i full gang med å måle huset sitt. 80-åringen litt lenger ute, har vore på taket i dag også, han malar takplatene, dvs. flikkar på dei, kvart år. Har går oppreist på taket utan noka form for sikring. Alle kjerringane i nabolaget, deriblant eg, skjenner på han kvart år, utan at det hjelper.

tirsdag, juni 12, 2018

Dagbok 2018: 12.juni

Treng ikkje å klippe plenen!

Klokka er 19.00, temperaturen er ca. + 15 grader C, det er lettskya og fint, og akkurat no skin sola. Eg likar godt dette vêret, men ser at det trengst vatn, og torsdag kjem regnet, om ein skal tru vêrmeldingane. Og då kjem det visst til å regne både lenge og vel. Eg har vatna litt dei mest utsette plantane i dag, det er om lag det eg har gjort.
Ingen arbeidsdag i dag, men kan vel ikkje vere like flittig støtt.
Eg hadde sett meg ut ein genser på Miss B som eg hadde bede dei legge til sides til meg. Det var ein av grunnane til at eg vart med Marit nedover i dag då ho skulle til fysioterapeut. Ikkje alle butikkane var opne på Amfi då eg kom, men klokka 10 vart det klart for handel. I tillegg til genseren kjøpte eg litt på parfymeriet og noko nytt sengetøy. Har nok av alt, men treng å fornye litt. Og det er som regel halv pris på Kid….. 
Så gjekk eg opp til fysioterapeuten der Marit var, og fekk snakke med ho som driv gesjeften. Eg har gått hos henne før, og no bestilte eg time hos henne komande mandag, for det vonde kneet mitt. I går gjekk det heilt fint med foten, for då var eg berre ute i hagen, det er når eg skal gå på gater og vegar det er verst. Men i dag , som i går, tok eg to Paracet og hadde på "støtta" . Det gjekk ganske bra i dag også, men fysioterapeuten sa at eg skulle ikkje gå med den støtta heile tida.
Vi var innom Spar også før vi for heim, eg måtte ha litt garn for å skøyte på restane mine; driv og strikkar restelestar. Matvarer trong eg ikkje. 
Bodil ringde mens eg var på butikken, vi kunne ikkje snakke då, så eg ringde henne opp att då eg kom heim.
Etter at eg hadde ete litt og styrt litt i huset, kom posten med ein bunke brev til meg. Det var frå Tindekraft, Tussa og Nav. Eg er blitt ny kunde overalt, og alle desse papira forstår eg meg lite på. Men eg held auge med bankkontoen og ser kva som går inn og ut. Har ikkje oppretta avtalegiro nokon stad enno - det var det Nils hadde så mange av. 
Margrete ringde etter at eg hadde underretta henne om at ein vi kjende var død, og ikkje lenge etter kom Eirik på besøk. Han har ikkje vore her etter at han kom heim frå Trøndelag før i dag. Han jobbar litt på Møbelringen. Vi avtalte at han og Håkon kunne samarbeide litt om målinga, for Håkon er godt inne i det no. Eg har ikkje så mykje peiling; det er Einar som har vore primus motor for prosjektet, og no er han i Oslo. Vi åt is og drakk kaffi; kjekt med desse barnebarna som etter kvart blir veldig vaksne.
Som de forstår lid eg ikkje av einsemd, men har det bra. Og i dag då eg var nedover såpass tidleg på dag trefte eg fleire pensjonistar som eg kjenner. Hadde eg vore litt meir gangfør kunne det blitt turar i skog og mark også, men det lyt visst bero. Så lenge.

mandag, juni 11, 2018

Dagbok 2018: 11.juni

Klokka er19.55, temperaturen + 15 grader, det har vore opplett i dag også, men ikkje skodde og ikkje sol. Det er nesten fælt å seie det, men no må vi få regn, ikkje fordi eg har lyst på det, men jorda og alt som skal vekse treng væte no. Kan ikkje vatne så mykje med slangen, for det er eigentleg ikkje lov.
I dag var eg rimeleg bra i kneet då eg stod opp, så eg tok to Paracet og hadde på "knebeskyttaren."
Dermed fekk eg jobba ute, arbeidde flittig til klokka var ca.14.30, då måtte eg inn og ha meg litt mat.
I fjor tok eg og klipte heilt ned Rosa Moyesi-buska, ei diger klungerliknande buske. Rota fekk eg ikkje opp, så den spirer i år igjen. Men rundt omkring hadde eg sprøyta ugras og anna gras og der var som ei hole i terrenget. I dag hakka eg opp heile stykket, fylte på to sekker med mold og sådde i, så får vi håpe det blir litt finare etter kvart. Elles har eg rydda bedet mot nabogarasjen og fylt på mold, trimma litt gyvelen som står der, og planta ein avleggar i ei potte til Margrete. Jammen kom det vel med at Solveig kom med seks sekker mold, no har eg berre ein att. 
Eg slepp å klippe plen, derfor får eg tid og krefter til andre gjeremål i hagen. Var ute ei lita stund no i kveld også, må då var knotten komen, så eg var snar å gå inn att. Eit prosjekt som eg jobbar med kvar sommar, meir og mindre, er å fjerne gras og torver mellom steinane på hagestigen. I fjor begynte eg ved inngangen til kjellarleilegheita og kom om lag halvvegs, i dag starta eg i motsett lei, så får vi sjå kor langt eg kjem.
Elles har eg vaska eit par maskiner med klede, som eg hengde ut og tok inn att. Litt vind i dag og god klestørke.
Eg såg ein genser på FB som eg likte, det var på Miss B. Eg har bedt dei henge den til sides til meg.
Fekk "brev " frå Oslo i dag om at eg er godkjend som Tussa-kunde. Det er no betryggande. Alle abonnement stod i Nils sitt namn, så eg har drive og ført alt over på meg. Det er litt av ein prosess. Eg treng vel ikkje legge til at Tussa er ei høgst lokal bedrift som leverer straum etc. Vi har Tussa fiber til telefon, data og TV. Som Margrete seier: "Det måtte no vere litt enklare, når ein har vore innom skifteretten".
No må eg sjå kva som er på TV i kveld. Eg plar aldri ha på TV på dagtid, men høyrer litt DAB til frokost. Prøver å få med meg nyheitene klokka 21, men det kan skje mykje i verda før eg veit om det.
Valmuane som blomstrar på bildet ættar frå bestemor sin hage på Eid.


Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...