mandag, oktober 12, 2026

Dagbok 2026_12.oktober



Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +8 grader C  og sola skin, slik ho ofte gjer når kvelden nærmar seg, men eg trur det har vore opplett i heile dag.

I går då vi var på Hareid fekk eg med meg eit eksemplar av den hittil siste boka til Øystein -"Borodino" heiter den. Heilt frå eg lærte å lese har eg vore veldig glad i å lese bøker, men siste åra har det dabba av. I gamle dagar las vi no bøkene på papir, seinare vart det lydbøker på "plater" og så lydbok på telefon. Og eg har lese og lese heile tida, med unntak av siste åra- eg har ikkje lese ei heil bok på mange år. Før i dag. I dag sat eg pal og las Øystein si bok - og eg likte boka. Og når ein bur åleine kan ein ta seg ein slik fridag. 

Men eigentleg trur eg at eg las litt FOR fort, så eg kjem ikkje til å hugse så mykje av det eg las. Med då er det enkelt å ta fram boka igjen. "Borodino" heiter den. Det høyrest litt framant ut, men hendingane er lagt til  kysten på Nordvestlandet. Eg har ikkje gjort stort anna i dag enn å lese og ete, så no må eg sjå til å legge opp eit strikketøy igjen. 

Eg brukar å strikke lestar til heile slekta, så strikkar Solveig og Margrete den eine fine genseren etter den andre.

Eg har tatt bilde til bloggen , men har ikkje fått til å sette det inn -enno. Eg får prøve igjen

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026_12.oktober

Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +8 grader C  og sola skin, slik ho ofte gjer når kvelden nærmar seg, men eg trur det har vore opplet...