fredag, november 30, 2012

Vêrmelding 30.11. 2012

Klokka er 18.30. Ute er det opphaldsver og minus 4 grader C. Det har vore ein nydelig dag.Lettskya og tørre vegar. Berre synd at sola ikkje lenger når ned til oss. Det er fint med slike dagar i november, men skal eg vere heilt ærlig, ville eg heller hatt finevêret om sommaren ! Dessverre får eg ikkje lagt bilde ut på bloggen, men sjekk Facebook.
Sidan Nils er forkjøla og går rundt og hostar, skjer det ikkje så mykje her. I dag pussa eg stuevindua innvendig etc. før eg gikk tur i nærmare ein time, mens Nils koka lapskaus. Det er slik mat han likar å lage, og det smakte godt. Eg blir sliten i ryggen når eg går, så etter middag måtte eg berre kveile meg på sofaen. Etterpå har eg strikka mens eg las ut boka mi. Dagane går som ein røyk anten ein gjer noko eller ikkje.Men det er vel snart på tide å tenkje på jula?
Fredagskveld er TV-kveld her i huset, så no er det vel snart berre å benke seg.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, november 29, 2012

Bok nr.59 - 2012: En god sak.


Et planlagt boligprosjekt på Fornebu lar seg ikke realisere. De som har kjøpt seg inn i prosjektet taper alle pengene sine. Folkene som står bak, investorer og meklere, stikker av med gevinsten. Økokrim får ikke noe på noen av dem. Er dette et bevisst bedrageri eller er samfunnets regler virkelig såtilrettelagt for de sterke ?

Dette er grunnen til at ein pensjonert universitetslektor med matematikk som fag , og som i tillegg er ein skikkelig datanerd, set seg føre å drepe dei mest skuldige i at ho og mange andre miste pengane dei hadde investert.Ho er ei søt gammal dame som heiter Anna. Ho hadde først berre tenkt å presse dei for pengar, men så ballar det på seg. Med seg får ho Cecilie, ei ung kvinne med god utdanning.Faren hennar har tatt livet av seg på grunn av tapsprosjektet.
Eg synest historia er svært lite truverdig, og ikkje ein gong særlig spennande, sidan vi heile tida har full kontroll på både "politi og røvar". Lesaren er allvitande.
Eg plar like godt Mehlum sine bøker, men denne historia blei for tynn. Synd, for han skriv godt. Her er både ironi og humor, som vanlig, men eg skal innrømme at eg lurte litt. Er historia ein parodi?
Boka tok seg opp litt på slutten, men er stort sett nokså kjedelig. Ikkje anbefalt.

Vêrmelding 29.11. 2011

Klokka er ca 18.30. Det har vore fint vêr og opplett i dag også, men eg er ei fryse-pyse og kjem meg ikkje ut. Akkurat no er temperaturen + 1 grad, så det skulle ikkje vere så avskrekkande.
Ikkje får eg gjort noko inne heller. Nils er forkjøla og snufsete, eg er ganske frisk enno, men går og liksom ventar på at noko skal bryte ut. Naboane våre er også forkjøla, så vi kan ikkje skulde på at vi har vore uforsiktige på turen o.l. Det er ikkje noko alvorlig problem.
I dag har eg skrive eit referat frå styremøtet i går, gjort det heilt nødvendige i huset, laga middag, strikka og høyrt lydbok -  mens eg strikka. Held på med ei bok som eg har lyst å bli ferdig med, slik at eg kan begynne på "Agnes i senga", som eg lånte i går.
Nils hadde besøk av ein profesjonell gartnar i dag, som klipte det nye Victoriaplommetreet vårt.Det hadde vokse så altfor mykje i det gode grovêret vi hadde sist sommar.
I dag har mobilen min ringt to gonger, men med det same eg får den i handa, bryt eg samtalen. Det er ein knapp på sida eg kjem borti. Og ikkje ser eg kven som har ringt heller. Møkkatelefon! Så viss det er nokon som vil meg noko, så ring på fasttelefonen! Eller send SMS.
Har ikkje fått gjort noko med bloggen enno, så den er framleis utan bilde.

onsdag, november 28, 2012

Vêrmelding 28.11. 2012


Klokka  har passert 18.30 med god margin. Temperaturen ute er + 1 grad C, men inne har vi det godt og varmt. Nils har ei forkjøling på gang, så han han benka seg framfor TV-en og ser skiløp. Eg somna etter middag i dag også- det var så vidt eg vakna att. Litt sår i halsen er eg også, så eg går vel ikkje heilt klar forkjøling. Det er lett å få slike sykjer når ein er ute og fartar. Men ein får ta det som det kjem, vi har no berre oss sjølve å ta omsyn til.
I dag skulle eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00, så det vart ikkje gjort så veldig mykje før den tid. Møtet varte ca 2 timar og etterpå var vi på Amfi. Eg skulle ha reseptbelagt medisin og då lyt ein vere tolmodig, det er ofte lang ventetid på apoteket. Etterpå handla vi litt mat før vi for heim att og åt middag. Vi hadde både saus og kjøttkaker i frysaren, så i dag fekk vi ete frå lageret.
No skal eg ta meg av noko klesvask etc. og så blir det vel ikkje så mykje meir gjort i dag. Eg har ikkje baka ei kake og ikkje pussa verken det eine eller andre til jul enno. Har ikkje tenkt å gjere så mykje heller. Men litt må ein ha og "stresse" med - det høyrer til. Vi får håpe på at det blir nok smør denne jula og at vi ikkje misser straumen.
Lurer på om Rasmus og fam. fekk den nye oppvaskmaskina si i dag?

tirsdag, november 27, 2012

Bok nr. 58: De ensomme


Eg sette meg føre at eg ville lese Barbarottikvartetten i rett rekkefølge. Eg visste at eg hadde lese bok nr.3 før, men avgjorde at eg ville lese den om att. Då eg endelig fekk tak i nr.4, fann eg ut at eg hadde lese den også, men las den ein gong til. Eg har utrulig dårlig hukommelse, så eg les gjerne bøker om att. Det har eg forresten gjort heile mitt liv- ein får som regel meir ut av bøkene når ein les dei for andre gong. Som før sagt, likar eg dei fleste bøkene til Håkan Nesser. Sjølv om det er krim, så er det også god litteratur.
Krim er ikkje som før; no brukar mange forfattarar krimsjangeren for å belyse mange spørsmål om livet og samfunnet.Håkan Nesser skriv godt, og omsettaren må vel også ha sin del av æra for det gode språket.

Her er dei fire bøkene i kvartetten:
1.Menneske uten hund.
2.En helt annen historie.
3.Beretningen om herr Roos
4.De ensomme.

Bok nr.3 er min absolutte favoritt.
Dei som vil vite meir om bøkene finn mykje stoff på nettet.

Vêrmelding 27.11. 2012

Klokka er 20.30, temperaturen ute er minus 3 grader C og vi har hatt ein nydelig dag.
Det har vore sol frå klår himmel, men no kjem ikkje sola heilt ned til oss lenger. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, vart litt giddalaus etter reisedagen i går.
Og når ein er heime hos seg sjølv etter å ha vore vekke nokre dagar, er det aviser som ventar, data som skal oppdaterast, klede som skal vaskast etc.
I dag vart det tidlig middag. Steikt sei smaka heilt fortreffelig etter fleire fiskelause dagar. Ikkje at eg klagar på maten vi fekk austaføre altså.
La meg på sofaen etterpå for å lese i krim-boka mi, og der sovna eg, enda eg ikkje var det minste trøtt. For å bøte på samvitet gjorde eg ein bra jobb etterpå; strauk klede, dukar, julegardiner til kjøkkenet, lilla løperar m.m. Så no er her delvis pynta til advent.
Har også strikka litt mens eg høyrde på lydbok.
I går kveld fekk eg melding frå kinosjefen om at det skulle vere dagkino i dag, men eg var ikkje heilt i modus til å sette meg i ein mørk kinosal i finevêret. Dessutan er både Nils og eg litt snufsete, blir trulg forkjøla. Time will show.
Synest det er litt kjipt med blogg utan bilde, men eg får altså ikkje lagt inn noko. Så det blir kanskje til at eg lagar meg ein ny blogg.

mandag, november 26, 2012

Vêrmelding 26.11.2012

Klokka er snart 21, så det er ei stund sidan vi kom heim. Men så var det diverse som skulle gjerast før eg kunne sette meg til å skrive. Vi hadde varmepumpa på mens vi var vekke, så heilt utkaldt var her ikkje, men Nils fyrte i omnen, så no begynner her å bli koselig.
Ute er det, så vidt eg kan sjå, lettskya og fint og +2 grader C.
Elles har vi hatt mykje forskjellig vêr i dag. I Kongsberg var det snø og vinter, og slik var det også oppover Hallingdalen, men etter kvart vart det mindre snø. Vi måtte kjøre ganske sakte for der var både glatt og sørpete her og der.Vegarbeid med trafikkale stansar vart det i dag også. På fjellet var vêret ganske fint og minus 4 grader. Men då vi kom ned i Lærdalen, var det bert og tørre vegar. Då først fekk vi litt fart på oss. Vi tok oss forresten litt mat på ein kafé på Gol.
I Lærdal stoppa vi på ein gard og kjøpte potet,gulrot og rabbe. Ein sekk av kvar.Og så var vi innom Kiwi ein snartur. Då vi kom til Byrkjelo, fann vi ut at det kom til å passe litt dårlig med ferja, så vi kunne like godt kjøre over Utvikfjellet og ta Kvivsvegen. Det blei gjort. Om det var lurt kan diskuterast, men det er i alle fall prøvd. Utvikfjellet var som før, men vegen frå Innvik til Olden var veldig bra NESTEN heile vegen.
Vi tenkte vi skulle sjå om vi fekk oss middag på Raftevold hotell, men kaféen var stengt, så det vart strake råsa heim. Her fann vi bacon og egg, og då var dagen redda.
Eg får framleis ikkje til å legge inn bilde på bloggen, så enten må eg betale eller så må eg lage ein ny blogg.
Heile rommet siglar rundt for meg eller all bilinga, så eg har problem med å skrive.
Eg vil takke vertskapet i Kongsberg for koselige dagar. Nils har fått eit minne for livet. Tenk å vere til stades då HØDD tok gull!

søndag, november 25, 2012

Vêrmelding 25.11.2012

Klokka er ca 23.30, og vi er på rommet vårt i andre etasje. Vi skal legge oss tidlig i kveld, for i morgon er det full fart på alle, det er jobb, barnehage og skule på dei her i huset. Og vi tek på heimveg.
I dag har det snøa her i Kongsberg, og vi har halde oss inne. Nils reiste til Oslo i dag tidleg og kom att i kveld. Det var ein kjekk dag for alle HØDD -tilhengarar, og eit minne for livet for han som fekk vere der. Vi andre her i huset følgde kampen på TV. Sjølv eg, som eigentlig ikkje bryr meg om fotball, vart riven med.Blir liksom meir "sunnmøring" når ein er på Austlandet.
Temperaturen ute er 0 grader C ogdet er ganske vinterleg. Håper fineveret varer enno når vi kjem heim att.

lørdag, november 24, 2012

Vêrmelding 24.11.2012

Klokka er snart halv åtte.Ute er det framleis skodde og 0 grader C. Då vi stod opp i dag låg skodda heilt ned, og det var noko som likna på rim på marka og trea. Men er det november må ein vere budd på det meste, og vi hadde inga naud.
Då det leid på dag tok Nils, Rasmus og eg ein tur for å handle. Vi skulle ha Ingar med oss, og så ville Vebjørn også vere med. Eg skulle kjøpe julegaveklede til gutane, og Vebjørn var behjelpelig med å plukke fram det han likte både til seg sjølv og brørne. Det vart kanskje ikkje det same som eg hadde valt, men det er heit greitt. Og han har sikkert gløymt heile greia før julafta kjem.
Wenche var av garde og kika på oppvaskmaskiner, og no har dei bestemt seg for merke og type,og maskina er bestilt, men dei får den ikkje før på onsdag.
I dag laga Wenche deilig elggryte til middag og vi skålte for Erlend som fyller 9 år i dag. Håper han har hatt ein fin bursdag utan oss. Vi feira han jo litt forrige laurdag.
No  har eg befalt Rasmus å lage kaffi til eg kjem ned att, eg sit på loftet og skriv på ein vanleg PC.Skal få Rasmus til å fikse iPaden min slik at den ikkje driv og "rettar" i hytt og pine, då blir det kjekkare å bruke den.
Ha ei god helg alle saman! Og gratulerer med dagen, Erlend.

fredag, november 23, 2012

Vêrmelding 23.11.2012

Klokka er snart 18.30. Ute er det overskya, litt regn og mildt.
I dag var både Wenche og Rasmus på jobb og gutane på skule og barnehage.Nils og eg skulle inn på Storsenteret og handle julegaver, men det vart nokså mislykke. Det blei mykje trakking og lite handel. Aldri lurt å handle på frammande plassar. Og så var der varmt, og eg hadde altfor mykje klede på meg, så eg vart temmelig "mødde".Vi får prøve med lettare antrekk i morgon.
Det vart til at vi for "heim" att, der eg steikte bacon og ein diger haug med pannekaker, som vi åt då alle var komne heim. Dvs. gutane fekk ete etter kvart eg steikte-det er no litt ekstra stas.
Elles så det det litt unntakstilstand her for tida ; oppvaskmaskina streika dagen før vi kom. Så Wenche og eg har vaska opp kvar sin gong. Den maskina Rasmus vil ha, har dei visst ikkje på lager, men det ordnar seg vel på sikt. Den gamle maskina er 15 år gammal, så det er ingen ting å reparere på i alle fall.Vi kosar oss og slappar av, det er først på søndag det blir "kamp".

torsdag, november 22, 2012

Vêrmelding 22. 11. 2012

I dag har vi hatt nesten all slags vêr.I Ørsta var det regn, i Nordfjord skodde, i Sogn
opplett og ganske fint.På Hemsedalsfjellet var det lite snø, men is på vegen. I Hemsedal var det snø på markane men bert på vegane. Etter kvart vart vêret berre finare. Det var bert over alt og stort sett opplett. Vi var framme i 17-tida. Det er mykje vegarbeid over alt, spesielt er det mange midt- delarar som skal på plass. Her i Kongsberg har vi det berre bra. I morgon skal vi på ei lita handlerunde.

onsdag, november 21, 2012

Vêrmelding 21.11.2012

Klokka har passert 15.00. Det er + 10 grader ute, opplett og deilig vêr. Men har eg vore ute? Nei! Eg finn støtt noko å gjere inne, dessverre. Og no har det så vidt begynt å skymest også. Ja, eg var ut for døra i fem minutt og rydda litt i beddet ved garasjen. Då klokka var 14.00 kom sola fram ein augneblink og eg var ut og tok bilde. Men kva skjer? Eg får ikkje lagt dei inn på bloggen. Har prøvd tre nettlesarar, men det er det samme overalt, eg må kjøpe meg plass. Dette har skjedd mange gonger før, så det rettar seg vel denne gongen også.
Elles har eg støvsuga og rydda, lagt i hop klede etc.etc. og laga middag. I dag måtte eg koke graut for å få brukt opp all melka vi hadde hamstra. No er eg veldig mett og trøtt, så eg skal ha meg ein pause før eg finn på meir å styre med.

tirsdag, november 20, 2012

Vêrmelding 20.11. 2012

Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 12 grader C. I dag har det vore deilig ver ute, opplett og vind. Eg likar at det blæs somme tider, det er sjeldan med vind her.
Skulle no hatt eit vêrbilde, men dagen var så brått over.
Så no vart dei endelig tørre, kleda som hang på stativet på altanen.Fekk tatt inn kleda og lagt i hop  og hengt opp nye i dag f.m. Det var nesten det einaste eg fekk gjort før eg for til frisøren og fekk stelt håret mitt "til jul". Eg hadde venta i lengste laget, for å sleppe å klippe meg to gonger før høgtida.
Etterpå var vi på handlerunde, eg var til Volda og sikra meg meir lestegarn, denne gongen kjøpte eg Regia Fantastico; det er same garnet som eg kjøpte sist, berre namnet og fargane er nye.Det blir ikkje strikka anna enn lester - før jul i alle fall.
Fiskegratengen eg laga i går kveld, var nok til middag i dag også - og enno er det meir att.
No har eg slappa av med lydboka, og så har eg drukke kaffi. Snart kjem Margrete og hentar fotoapparatet sitt. Og etterpå skal eg stryke ein haug med klede. Eg likar å stryke, då kan eg høyre bok på samme tid.
Var innom biblio også i dag. Fann ei ny Mehlum-bok. Greitt å ha noko lettfattelig på øyret når ein er på tur.

mandag, november 19, 2012

Vêrmelding 19.11. 2012

Klokka har passert 19.00. Ute er det overskya og litt regn, som vanleg. Temperaturen er + 5 grader C.
Nils for på sjøen før eg var oppe i dag. Han måtte sjå til båten før vi reiser, og så fiska han litt med det same. Han fekk både småsei og litt større fisk. Mesteparten av filetane blir vel med til Kongsberg.
Eg gjorde ein del husarbeid mens han var vekke, og då han kom heim laga eg fiskesuppe. Venta Bodil og Svein på snarvisitt, så eg tenkte det kunne vere godt med litt fiskerelatert mat i tillegg til kaffi og kake.
Det var kjekt med besøk, som alltid.
Etter at dei reiste vart det ei stund med lydbok på sofaen, før eg sette i gang med meir husarbeid i form av rydding og vasking. I morgon skal eg til frisør, så då blir det ikkje gjort så mykje. Må ha meg ein butikkrunde også. Veit ikkje om vi reiser torsdag eller fredag.
No har Nils reinska opp fisk så eg skal prøve å lage fiskegrateng, trur det er mange år sidan sist. 
PS: Kan nokon forklare meg kvifor alle "kommando-orda" på bloggen min brått har blitt endra til engelsk?

søndag, november 18, 2012

Vêrmelding 18.11. 2012

Klokka er 17.15 og det er mørke natta ute, så det er litt vanskeleg å forstå at det ikkje er seint på kveld.
Temperaturen er + 3 grader C.
I dag vakna vi til ein skikkelig grå morgon, med snø langt ned i fjella-det er ikkje så mildt lenger som det har vore siste tida. Rundt klokka 14.00 kom sola i Osskaret og skein inn i stova, og då måtte eg ta bilde.Når ein vender kamera mot himmelen, blir det litt mørkt på jorda, det reknar eg med at alle forstår.
Sola er her enno- det er godt å sjå.Og det vart lyst ei lita stund.
I dag har vi hatt ein lat dag! Før middag sat eg framfor datamaskina og strikka mens eg høyrde ferdig Trude Teige si bok.
Til middag i dag var det restar frå i går, og  til kaffi hadde vi eit ganske stort kakestykke som vi delte. Dermed vart det enda ein dag med overfóring! Men no blir det ikkje meir godt før til jul! Dersom vi kan unngå det. Ein føler seg betre med litt mindre mat, for å vere ærlig.Særlig når ein ikkje kjem seg ut for å gå det AV seg.

Bok nr. 57 -2012: Svik

Denne boka har Margrete skrive om før, så eg gjer det kort. Faktisk likte eg boka ganske godt, den kan minne om bøkene til Camilla Läckberg, men utan så mykje fyllstoff.
Det einaste eg har alvorleg innvending mot er at Trude Teige ikkje skriv på nynorsk, sidan handlinga i boka er lagt til Sunnmørskysten. Det høver dårlig å sitere ekte sunnmøringar på nokså konservativt bokmål.

lørdag, november 17, 2012

Vêrmelding 17.11.2012

   Orkidéen var det Solveig som kom med.Ny farge i samlinga.

Klokka er snart 19.00. Ute er det overskya og regn, temperaturen er + 6 grader C.
I dag har vi vore bra mange av familien samla her i Starevegen, feira både Nils og Erlend, sidan vi blir bortreiste på Erlend sin dag, om alt går etter planen. Vi vart berre 9 til bords i dag sidan fleire i familien er ute og reiser.
Einar og ein kamerat var så vidt innom også, men då var ikkje maten ferdig.........
Det vart første gongen med juleribbe denne sesongen, og to sortar pølser, mør frå Vigra, såkalla Vigramør, og julepølser frå Jakobsen i Volda.
Til dessert hadde vi karamellpudding som Solveig kom med, is og kransekake som vi hadde kjøpt.
Seinare hadde vi bløtkake og kaffi, men ingen var særlig svoltne då.
Nils var ein tur nedover og handla litt f.m. -eg har vore heime heile dagen. Det er ikkje så mykje program på desse familiesamkomene våre, det blir helst mat og prat. "Ungane" begynner så smått å bli vaksne vaksne, så dei styrer med sist. Solveig kom med ein fin orkidé, og Margrete med eit heilt nett med godsaker. Det var vel eigentlig til Nils, men det dryp vel litt på "klokkaren" også. No har eg ein 1/2-time til å lese bok, før det blir dansefinale. Heia Ben!
PS: Ei av døtrene saknar sikkert fotoapparatet sitt.

fredag, november 16, 2012

Vêrmelding 16.11. 2012

Klokka er snart 18.00. Ute er det overskya, litt regn og +7 grader.
Dagen i dag har vore nokså grei. Var nedover og handla mat før middag, men gløymde å fare innom biblio og hente boka som ventar på meg; fjerde boka i Barbarotti -kvartetten.
Då vi kom heim fekk eg endelig gjort ferdig referatet og sendt det til avisa. Måtte inn i banken for å få lister og bilde.
Til middag i dag laga eg sei i kvit saus med løk og paprika, må prøve å variere litt. Det har lett for å bli litt for mykje steikt mat.
Slappa av ei stund før eg no har gjort litt husarbeid igjen.Og så er det fredagskveld! Enno sit det i meg frå eg var yrkesaktiv at det er noko stort.Den tida eg gikk på skule og dei første åra eg jobba, var det ikkje fri om laurdagane, godt at det ikkje er slik no.
Eg vil ønske alle ei god helg!

torsdag, november 15, 2012

Vêrmelding 15.11. 2012

                              Nils "rakar" lauv.
Klokka er 15.30, temperaturen er +7 grader C, det er overskya og regn av og til.
I dag har eg vore nokså flittig. Eg har støvsuga og vaska til helga, hengt opp klede og lagt i hop klede, og ikkje minst -skrive referat frå møtet i går. Eg slit litt med dei referata somme tider og dei blir ikkje alltid like bra. Det får stå sin prøve.
Nils har også jobba på. Vi brukar ikkje å rake lauv etter kvart slik som anna folk. Vi ventar til alt har falle ned og så fer Nils over med plenklipparen og samlar det opp. I år var lauvet tungt og vått, så han fekk ein hard jobb.Men så blir det veldig fint når han er ferdig.
Vi tok oss litt mat i 14-tida, men middag har det ikkje blitt enno.
Då eg la meg i går kveld, var eg redd eg ikkje kom meg opp i dag, så låk var eg i ryggen. Men eg tok eit par smertestillande tablettar, og vakna i dag, sprek som ein fole-eller berre nesten.Godt med alt som går over.
                      Himmelen over Ørsta klokka 16.00.

onsdag, november 14, 2012

Vêrmelding 14.11 2012

Klokka er ca 19.30, temperaturen +7 grader og det er regn og grått. Men heller det enn at det kjem mykje snø og kulde så tidlig på vinteren.
I dag har vi vore på Kulturhuset for det meste. Før middag var vi ned og dekka borda og gjorde klart til møtet som tok til klokka 16.00.
Vi var heimom og åt oss ein god middag av restar frå måndag. Det var nesten så eg angra etterpå,vart litt tung i sessen.
Møtet gikk knirkefritt og greitt på alle måtar. Representantar frå Sparebank 1 var der og delte ut premiar til dei som er med på "Den gylne spaserstokk". Dei hadde også med seg eit heilt orkester frå FOLKESTAD som kallar seg "Caféensemblet"- dei spela  gammaldags New Orleans-jazz. Leiaren, som også song, meiner eg å ha høyrt i Kilsfjord kyrkje.
Mange av pensjonistane er i Spania i lag med Seniordans-gruppa, men det var bra frammøte likevel. Eg skal skrive referat i morgon, så det skal eg ikkje gjere her og no.(Føler at det var det eg hadde begynt på.)
Det har altså ikkje vore feiring her i dag, men vi tek det att til helga. No kjenner eg at eg må kvile hovudet mitt, har det med å bli sliten når det blir mykje lyd.(/Tinnitus!) No regnar det noko voldsomt ute.
Bildet: Dette er eit gammalt "lysbilde" frå Trovågen som eg har prøvd å fikse litt på. Fargane var så å seie vekke.
14.november 1936 vart Nils fødd i dette huset.Det var ikkje aktuelt å reise til sjukehus for å føde den tida, for folk som budde ute i periferien. Huset var nyss ferdig og familen på tre hadde flytta inn før vesleguten kom til verda.Først i 1956 fekk dei elektrisk lys, og i mellomtida hadde enda to gutar kome til verda i kammerset.

tirsdag, november 13, 2012

Vêrmelding 13.11. 2012

Armenia Albania Argentina
Klokka er snart halv seks og det er mørke natta ute. Temperaturen er det ingen ting i vegen med, nærmare +11 grader C. Det er overskya og litt regn.
Dagane er korte på denne årstida, men som eg sa til Nils nettopp: Dagen treng ikkje vere slutt fordi om det er mørkt. Så no er han i garasjen og fileterer fisk, og etterpå skal eg lage fiskekaker. Han mel fisken ein gong på handkvern, og så rører eg farsen på Kenwood Major-miksaren.
Ja, vi har kvern til Kenwooden, og ja, vi har foodprosessor, men vi har funne ut korleis vi likar best å gjere det. Eg brukar Wenche på frokost-TV si oppskrift, sånn cirka. Det er fleire som har spurt etter oppskrift på fiskekaker, men ein kvar har sin eigen vri, så det er vanskelig å gi ei nøyaktig  oppskrift. Kor mykje ein skal spe t.d., kjem mykje an på fisken. 

For dei som har lyst å prøve, er det berre å finne seg ei oppskrift på nettet og sette i gang. Øving gjer meister. Det lettaste eg å bruke foodprosessor og ha alt oppi på ein gong og så køyre farsen på fullt. Då blir kakene finmelne. Aberet er at prosessoren tek berre 700 gram fisk.
Tidlegare i dag har vi vore til Vik og handla, så steikte eg sei til middag. Etterpå måtte eg ligge på sofaen, for eg plagast med hofta. No skal eg sette i gang med fiskekakene.Har dessverre berre sei i dag, ville gjerne hatt hyse og lyr også.

Klokka 19.00:
No er fiskekakene i boks-eller rettare sagt, dei står til kjøling oppå fryseboksen. Og kjøkkenet er rydda. Ikkje all verdens arbeid.

I dag fekk eg pakke i posten-frå haugen bok.no Når eg ein sjeldan gong kjøper papirbøker, brukar eg denne nettbokhandelen i Volda. Bestilte boka sundag kveld og i dag låg den i postkasse, 30 kr billegare enn på vanlig bokhandet og tilsendt gratis. Veldig lurt, særlig viss ein har tenkt å gi bort bøker, då sender dei boka til mottakaren og rekninga til meg.(Eller eg betaler på nett med det same).
Boka eg kjøpte er skriven av mi gamle veninne og kollega Rønnaug Kleiva frå Vartdal. Ho skriv ein flott nynorsk i ein ordknapp stil. Har lese mange av bøkene hennar, men denne har eg sjølvsagt ikkje lese enno. Skal blogge om den når det er gjort.

mandag, november 12, 2012

Vërmelding 12.11.2012

Klokka er 20.30, temperaturen + 3grader C- og det har regna det meste av dagen. Føremiddagen var skoddefull og grå, men det letna litt opp rett før det mørkna. Det er typisk november. Det har kome meir snø i fjella, men heldigvis kom den ikkje heilt ned denne gongen.
Sidan det var stilt på sjøen tok Nils seg ein tur utpå. Han fekk ein del sei, av ein sånn halvstor storleik, men alt er betre enn ingenting.
Eg heldt meg heime med grytene. I dag var det "Margrete-mandag", det tyder at eg lagar mat til meir enn to. Det likar eg.Eg brukar å lage "gammaldags" mat når dei er her. Då blir det ofte,som i dag, heimelaga kjøttkaker og kjøt i masse heimelaga brun saus. Poteter, grønsaker og tyttebærsylte. Eg veit ein som skulle ha vore her i dag!! Til dessert vart det berre is i dag.
No har eg rydda, sett på oppvaskmaskina og vaska opp det som ikkje kom med der. 
Ei veninne ringde og vi fekk ein god prat. Eg synest det skjer noko kjekt kvar dag, om det ikkje er dei heilt store hendingane. No skal eg lese resten av boka som eg har halde på med ei stund, før eg bloggar ferdig om den.

Bok nr. 56: Himmel over London


Himmel over London

En gammel, døende mann inviterer sine nærmeste til en middag i London. Han bærer på en stor hemmelighet som ikke skal avsløres før alle sitter rundt bordet. Vi følger hans og gjestenes forberedelser til den store middagen. Men er de egentlig ekte - eller bare figurer i romanprosjektet til den andre hovedpersonen?
Det begynner kl. 14.50 på Paddington Station, i hjertet av London. Eller en septemberkveld i 1968, på Trafalgar Square. Eller enda lenger tilbake i tiden, med en løgnaktig stasjonsbetjent og sønnen hans i byen K-.
Himmel over London er en ny sjanger, som beholder både krimmens spenning og skjønnlitteraturens dybde. Det handler om mord og kjærlighet, og det utspiller seg i London, den evige byen. Det handler om bøker, om hvorfor de ikke er til å leve uten. Og så handler det om tiden som stjal livene våre og om «sjelens obotliga ensamhet», som Hjalmar Söderberg kalte det.
Dette kan ein lese om boka på nettet, og sikkert mykje meir også.
No likar eg svært godt forfattaren Håkan Nesser og har lese mange bøker av han. Dei fleste har eg likt godt. Men denne gongen forvirrar han meg, og eg blir noko frustrert etter kvart som eg les-til eg etter kvart begynner å forstå. Forfattaren skriv godt, eg finn att hans vanlige humor og ironi og han filosoferer over liv og død, som alltid. Men, så er det slutt på det vanlige. Her er eit konglomerat av historier og tilsvarande mange personar, nokre reelle andre fiktive, og desse blir blanda i hop så ein til slutt  ikkje forstår bæra. 
Det er ein slags meta-roman, som blant anna handlar om det å skrive, men for meg blir det noko forvirrande og langdrygt. Eg veit eigentlig ikkje kva eg skal meine om boka- og om sjangeren i det heile. Ein ting er eg likevel sikker på:Boka er for lang! 12 CD plater er i meste laget for denne historia.


søndag, november 11, 2012

Vêrmelding 11.11. 2012.

                            Starevegen i dag ca klokka 12.00

Klokka er no 17.00, temperaturen er + 4 grader C og det regnar. Ute er det bekmørkt.
Før middag i dag var det fint ute, så vi gjekk ein liten tur i nærmiljøet. Men eg kjende at foten og hofta begynte å trøble, noko som gjerne skjer når det er regn i vente. Det kan også kome av at eg har vore meir aktiv enn vanlig siste dagane. Får håpe det vert likare i morgon.
Då vi kom heim laga eg ein stor porsjon fiskesuppe, det var det Nils ønska seg på farsdagen. Etterpå sov vi middag. Mange ser på middagskvil som ein dårlig vane, men for oss som likar å vere oppe om kveldane er det midt i blinken. Ein kvar får gjere som han likar best.Vi søv ikkje meir enn folk flest.
Elles prøver eg å bli ferdig med ei nokså kjedelig bok mens eg strikkar lestar på same tid. Helst når Nils ser fotball. Ein rolig og stille dag i pensjonistheimen i alle fall.

lørdag, november 10, 2012

Vêrmelding 10. november - 2012


                            Himmelen over Ørsta.

Klokka er 15.30. Det er lettskya og fint ute, temperaturen er mellom 7-8 grader C.
Vi har nettopp gått ei runde rundt Storebakken og bildet over tok eg frå toppunktet. Det er ikkje mørkt ute, men rettar ein kamera mot himmelen, ser det slik ut.
I dag har det vore ein aktiv og kjekk dag så langt. Vi var først ein tur innom Amfi, der vi som vanlig trefte kjentfolk og slo av ein prat. Eg stod med korga klar og skulle inn på Coop, men så var det ingen av oss som fann ut noko som mangla i heimen, så vi let det vere.
Neste post på programmet var basar på Kulturhuset. Der kjøpte vi oss kvar sin tallerk med brennsnut (betasuppe)+ bløtkake og kaffi. Dermed slepp vi å lage middag heime i dag. Vi vart sittande i lag med nærmaste naboane våre, ikkje kvar dag vi treffer dei.
Det vart til at vi overvar "Familiesamlinga" også, der det var sang av eit barnekor og tale av ei som arbeider i Det norske misjonsselskap. 
Ho var frå Mexico, men gift med ein norsk mann. Ho var utdanna jurist , 35 år gammal og hadde budd i Norge i 9 år. Å halde tale i forsamling på norsk er godt gjort etter så pass kort tid i landet.Ho fortalde litt om kor stor hjelp det var for barn frå slummen i fattige land at nokon tok seg av dei. Ho sa også at det er vanskelig for oss som bur i eit rikt og velordna samfunn å forstå kor vanskelig det kan vere å klare seg der tilhøva er så mykje annleis.
Eg synest det var lærerikt å få vere med å førebu litt av dette arrangementet, og ikkje berre vere på møta i pensjonistlaget. Eg får meir og meir syn for kor mykje godt, frivillig arbeid som blir gjort rundt omkring i bygda. Den tid eg var i skulen følte eg at eg hadde nok med dei arrangementa som var knytt til jobben, så noko "foreiningsmenneske" har eg aldri vore.
Det er framleis fint ute, og mykje som skulle vore gjort i hagen, så eg håper vi får det fint nokre dagar til.
I Millionærsvingen veks dei to nye husa opp. Det skal vere to leilegheiter i kvart hus.

fredag, november 09, 2012

Vêrmelding 9.november - 2012

Klokka er 15.30, temperaturen ute er +7-8 grader C, det er overskya og vind frå sør. 
Så no håper eg snøen forsvinn og at vi får ein ørliten "vår" før den eigentlige vinteren kjem.
I natt stod vekkarklokka på.Den skulle ringe 7.30 i tilfelle vi forsov oss til tannlegetimen eg hadde klokka 9. Ingen fare for det, eg vakna klokka 5.00. Enno sit tannlegeskrekken frå barndommen i kroppen og dukkar opp framfor den årlige kontrollen. Enda eg veit at det ikkje er vondt å gå til tannlege i våre dagar, og som regel slepp eg berre med skrekken.Slik var det også i dag, to røntgenbilde og fjerning av tannstein, så var eg ute att. Ingen vits å gå på Amfi så tidlig på dag, trur ikkje der er ope ein gong, så vi køyrde heim, handla litt på nærbutikken undervegs. 
Sidan vi likevel var påkledde gikk vi ein tur rundt i dei nærmaste gatene, cruisa litt fram og tilbake og prata med eit par stykke som var ute og lufta hundar. Vi var heime før klokka var 11.00.Ikkje ofte eg er å sjå i vegane såpass tidlig på dag.
Det vart tidlig middag i dag, hadde kjøpt med oss spekesild frå butikken, og så laga eg kålstuing til. Etterpå fekk eg meg ein god middagslur på sofaen.
Denne veka har Nils hatt legetime og begge to har vore til tannlegen, men no var vi utan plikter - trudde vi. Men så kom Nils på at det var i dag vi skulle på Kulturhuset og lage til for "basar" i morgon.
Det skal vere såkalla Misjonsmesse til inntekt for Ørsta Kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Bankok i Thailand. Ørsta Kyrkjelyd støttar arbeid som vil gi fattige barn høve til utdanning og ei betre framtid.
Misjonsmessa begynner klokka 11.00 og varer til kl.16.00. Det vert loddsal og sal av mat og kaffi - blant anna.
Viss de lurer på kvifor vi er involverte i førebuingane, så er det kort og godt fordi vi er medlemmer i Ørsta Kyrkjelyd. No er vi relativt vande med å dekke opp på Kulturhuset, det gjer vi før møta i pensjonistlaget også, så komande onsdag er det ny pådekking. Det er no godt å vere brukbare til eit kvart.
Vi har ingen spesielle planar for helga, men neste helg blir det feiring av han far sjølv.
Vil ønske alle ei god helg, same kva de finn på.
Såg bilde av Ingrid frå Eid i avisa Møre i dag.

torsdag, november 08, 2012

Vêrmelding 8.november - 2012

Klokka er har passert 16.00 og sola har gått ned. Temperaturen er så vidt under 0 grader C.
Det har vore ein strålande dag med sol frå skyfri himmel, men dessverre litt glatt på vegane.
Eg var ganske flittig før middag, fekk både støvsuga og vaska til helga. Nils hadde tannlegetime kl.11.30, og då han kom opp att reiste vi til Vik for å handle. Sjølv om veret er fint, er det ikkje så mykje å ta seg til ute når det er snø og is rundt dørene. 
Det var for det meste mat vi handla i dag. Då vi kom heim steikte vi oss fiskekaker til middag.Og no måtte Nils bort på kaia for å fiske, han såg teikn til makrell i fjorden i dag-sjølv om det er lovlig seint på året for den slags.
I morgon klokka 9.00 er det min tur å ta min årlige tannsjekk. Vi har bedt om å bli innkalla på same tid og det har funka i årevis,  no har vel systemet feila litt. Men sidan tannlegen har flytta tilbake til Ørsta betyr det ikkje så mykje.
Bilda eg legg ut i dag, er tekne på ulike tidspunkt. Dei to i midten har eg tatt frå parkeringsplassen på Amfi.
Solveig har gitt meg ein "award" for bloggen min, og det er no kjekt. Eg reknar meg ikkje for nokon typisk bloggar, men fortel litt om veret og daglige gjeremål. Eg veit også litt om kven lesarane mine er; det er stort sett familien, naboane og tidlegare naboar som har flytta frå Ørsta og synest det er kjekt å følge litt med på det som skjer her. Elles veit eg godt at kven som helst kan finne bloggen min og lese den, derfor skriv eg ikkje noko "hemmelig" her. Eg synest det er kjekt at folk les det eg skriv, men skulle gjerne hatt fleire tilbakemeldingar.
Elles er det mange som trur at eg lagar fiskekaker heile tida, det stemmer ikkje.

onsdag, november 07, 2012

Vêrmelding 7.nov. - 2012

Klokka er no 14.15. Temperaturen ute er knapt 2 grader C og det slapsar ned litt heile tida. Som der ser ligg her att ein del snø ovafor garasjen og langs vegen der plogen har gått. 
Det blei tidlig middag i dag, og no blir det ein liten pause før kaffi. Til middag i dag laga eg ein kinesisk- inspirert gryterett med ris til.Det er slike rettar eg likar å lage, då snokar eg i skuffer og skap og tek det eg finn. Det blir alltid godt. På den nye Asia-butikken i gågata kjøpte eg ei flaske som eg trudde var mangochutny-det er det ikkje, og no veit eg ikkje kva eg skal bruke innhaldet til Nokon som har eit tips.Sjå på bildet.
Før den tid hadde eg ei ryddestund på kjøkkenet-det er alltid eit skap eller to som treng ein omgang også. Og så har eg skrive eit avisinnlegg, ein omtale for å lokke pensjonistar på møtet vi skal ha neste onsdag. Mange av dei faste medlemmene våre er i Spania så eg håper på at nokre nye kjem til,så det ikkje blir stusslig.

tirsdag, november 06, 2012

Vêrmelding 6.november - 2011

Klokka har passert halv seks og det er bekmørkt ute. Temperaturen er + 3 grader og det regnar. Snøen er på langt nær vekk, men den minkar, særlig på nedsida av huset.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør, men jobba inne heile dagen. Først baka eg seks brød, og då dei første var ferdige åt vi lunsj. Deretter fekk eg Nils til å gå opp på loftet og hente ned dei gamle stovegardinene, som etter ti år i stova har fått kvilt seg på loftet i to år.
Eg er fornøgd med gardinene som eg kjøpte for to år sidan- heile året, berre ikkje i jula. Likar ikkje å pynte med skrikande raudfargar når gardinene er fulle av blomster i duse lilla og beige fargar. 
"Gamlegardinene" var eigentlig ecru-farga, men har blitt kvitare for kvar vask, og no er eg tilbøyelig til å kalle dei kvite. Det vart i alle fall veldig kvitt i stova no, men sidan eg ikkje har noko anna kvitt, verken møblar eller vegger, kan det vere OK. No kan eg i alle fall pøse på med fargar både i advent og jul. Dei 12 år gamle gardinene er faktisk veldig fine, så Elin, eg trur ikkje eg kjem til å selje dei no heller.
Har stått i timesvis og stroke, men no skal eg lage middag. I dag blir det steikt sei med rivne gulrøter og heimelaga remuladesaus. Tykte eg måtte variere tilbehøret litt. 
Nokre dagar med fint vêr og litt slendrian, gjorde at eg fekk arbeidslysta tilbake.Håper det varer.

mandag, november 05, 2012

Bok nr. 55 - 2012: Sluk.

Sluk; roman
Denne boka er skriven av ein av favorittforfattarane mine. Og han skuffar ikkje denne gongen heller. Boka er gripande, den er lett å lese, men ikkje SÅ lett å forstå. Det likar eg. For på den måten held eg fram med å tenkje på det eg har lese. Eg vil ikkje gi meg ut på å fortelle kva boka handlar om, men slik eg oppfattar det er det ei blanding av ein sjølvbiografi( forfattarens eigen?) og fiksjon-eller kanskje ikkje? Hovudpersonane til Lars SC har alltid eitt eller anna lyte som alle kan sjå-men også indre "bristar" som ikkje er synlige for alle."Gjennomgangsmelodien" i boka er "Blue skies" med Ella Fitzgerald. Eg vil anbefale boka.

Frå nettet.
Beskrivelse:
"Det gror ikke før det har blødd. Var det ikke det alle hadde sagt før jeg dro min vei? At jeg måtte finne meg selv? Jeg måtte finne meg selv, sa de. Men jeg ville ikke det. Den siste jeg ville finne var meg selv. Jeg ville finne en annen, som var lettere å ha med å gjøre enn meg, en jeg kunne komme overens med, som jeg kunne leve med uten å dø.

SLUK er historien om forfatteren Funder, en roman med mange stemmer og uttrykk, bundet sammen av vers og refrenger. Den forener en strålende sommerfortelling fra Oslo på sekstitallet med et marerittaktig opphold i den amerikanske småbyen Karmack.

Femtenåringen Funder med kallenavnet Chaplin skal være en sommer alene med moren på Nesodden, men tvinges til å se seg selv med nye øyne da han i august tar båten hjem. Senere skriver han en fortelling om ulykkesfuglen Frank Farreli som også bor sammen med mor, men i likhet med Funder ikke kan fortelle om det han roter seg bort i. Det handler blant annet om trofasthet, om å settes på prøve som menneske, om avgjørende begivenheter som viser hva slags stoff man er laget av.


http://www.dagbladet.no/2012/07/16/kultur/lars_saabye_christensen/litteratur/bok/sluk/22506468/
Her kan de lese eit intervju med forfattaren

Vêrmelding 5.november 2012

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 4 grader og det regnar litt.
Vi var tidlig oppe i dag for Nils skulle til legesjekk i samband med fornying av sertifikatet. Han fekk lov å køyre i to år til-i første omgang, så det var best å nytte tida godt. Tenkte eg. Så eg foreslo ein tur ut mot havet.Vêret var litt utrygt, men vi rekna med at det var finare på kysten. Vi reiste til Vigra på direkten, køyrde ut til Roald og snudde.Vi har vore der før og kjende oss att, men eg trur det har blitt bygt mange nye hus på øyane Vigra, Valderøya og Ellingsøya etter at det vart gratis å reise gjennom tunnelane. I alle fall var det mange fine hus å sjå, både heilt nye og nyrestaurerte.
Så tok vi av og køyrde mot vest og kom til Molnes. Der fann vi dette huset som hyser eit slags galleri, men vi var ikkje inn. På Molnes hadde vi også vore før.
Neste sideveg gjekk til Synnes, og der hadde vi ikkje vore . Der fann vi Vigra Fjord Hotell, eit nokså nytt hotell ytst mot havet. Leigehytter hadde dei også. Der såg det veldig fint ut, hadde det vore ein varm sommardag kunne ein bada frå svaberga der. I dag frista ikkje det.
 Det blir ikkje alltid vellykka når ein fotograferer i låg sol. hotellet hadde ein fløy til, der det var spisesal etc.,så bygget var ikkje så kjedelig som det ser ut på bildet.
Vi hadde tenkt oss ein tur opp i Skjonghellaren (buplass frå Steinalderen). Men vi fann ikkje fram. Vi visste at det var i nærleiken av Valder stadion, men der var alt så forandra. I tillegg til den gamle grasbana var det no kome ei stor kunstgrasbane og ei bane med belegg som kan brukast både til basket og anna. Då får ein heller unnskylde at dei har skote i fjellet.Men hola har dei nok ikkje øydelagt, får vi håpe.
Så tok vi ein liten tur til Ålesund, men stoppa ikkje lenge. Var innom Storsenteret,  det var ingen ting vi skulle ha, kjedeforretningar har vi i Ørsta også. Men vi gikk oss på ei dame vi kjenner, nemlig eldste systra til Harald.
Og frå parkeringsplassen fekk eg tatt eit bilde av hurtigruta Nord-Norge som låg ved kai. Dei er sannelig store desse nye hurtigrutene.
Som vanlig enda vi opp på Dolly Dimple på Moa, der vi kjøpte oss ein herlig pizza. Så kjøpte eg litt lestegarn før vi reiste heim.

søndag, november 04, 2012

Vêrmelding 4.november - 2012

Klokka er no 17.00, og det mørknar ute. Det har vore ein strålande dag med sol og blå himmel her hos oss.Men det er nokså nattekaldt, så snøsmeltinga går seint. Det er stort sett bert på vegane. No er temperaturen ca 0 grader C.
I dag var eg oppe før sola kom ned til oss, men det vart ei stund før vi kom oss ut på tur. Ikkje blei det nokon lang tur heller, berre rundt her på Vallabøen. Men vi må vere der sola er, og nede i sentrum og på andre sida av fjorden, er det grått og kaldt. Både i fjor og året før hadde vi  finevêrsperiodar i oktober-november, men då var det bert og relativt mildt så vi kunne styre med ting ute.Det går ikkje no, for det er snø og frosne markar.
Det har vore ein veldig rolig dag i dag. Etter middag har eg strikka litt mens eg høyrer lydbok.Og så blir det vel litt TV utover kvelden.
                         Frå Olavsgata opp mot Vallahornet.

lørdag, november 03, 2012

Vêrmelding 3.november - 2012

Klokka er berre vel halv seks, men det er bekmørkt ute, så det følest som seine kvelden. Det er nesten klårt og + 3 grader C ute.
I dag stod Nils tidlig opp og fór på sjøen for å fiske. Eg tenkte eg kunne ligge frampå litt, men det andra eg på då eg stod opp og såg det fine veret!
Etter at eg hadde gjort litt husarbeid, gikk eg ein tur rundt Storebakken i det herlige veret, kjende fort at eg hadde kledd meg litt for godt. Temperaturen var +8-10 grader. Som de ser på bildet ligg den store tømmerdungen der oppe enno, ser ikkje heilt ufarlig ut.
Då eg kom heim var Nils komen heim, han hadde fått sei, men berre småfisk.  Blodfersk småsei/pale er veldig godt det, men søvndyssande, så det blei ein liten strekk på sofaen i dag også. Etter ein god kaffikopp vart det ein liten tur på nærbutikken for å sikre oss diverse nødvendige matvarer som vi gløymde i går. Og så er kvelden her. Irriterer meg litt over at vi ikkje kunne ha sommartida lenger.Kanskje eg må til å sette på vekkerklokka for å få meir dagslys? Det nyttar i alle fall ikkje å irritere seg over det ein ikkje kan gjere noko med.

fredag, november 02, 2012

Vêrmelding 2. november - 2012

Klokka har passert halv seks og det er for mørkt ute til at eg kan ta bilde. Temperaturen er + 4 grader, og det ligg enno ein god del snø att her på Vallabøen.På andre sida av fjorden er det så å seie bert.I ettermiddag har det regna.
Hadde tenkt at vi skulle ta ein tur ein eller annan stad i dag, men då fredagen endelig kom, var vi ikkje heilt i form, i alle fall ikkje med det same vi var oppe. Eg går framleis og kjenner på ei forkjøling som aldri bryt ut, og det samme gjer Nils. Derfor vart det berre ei shoppingrunde til Volda og Ørsta. Eg kjøpte meg tunika til juleklede, så no er det i boks. Nils ønska seg ein god varm fleece til å ha under allvêrsjakka når han skal på cup-kamp, så det skulle han få i presang med meg. Vi var innom sportsbutikken  i 2.etasje på Amfi, og der fann han ein som han likte. Eigentlig kosta den 799,-kr ,men den var sett ned til 199,- . Det er då er lurer på: Kva er den eigentlig verdt ? Vi handla med ein kjekk ung gut som fortalde at også han skulle på cup. Eg høyrde at han var "uta øyane"-og spurde kvar han kom frå, slik eldre folk plar gjere her i Ørsta. Han var frå Haddal og kjende alle "Hareids-gutane" våre og hadde hatt Øystein til lærar.
Så skulle vi ha aldri så lite matvarer, og på Coop trefte vi mange vi kjenner, deriblant folk vi ikkje har sett på lenge, så det vart mykje prat.Det er veldig kjekt å treffe kjentfolk, men dessverre er det mange som ikkje lenger er heilt friske og raske.
Vi er ikkje akkurat lens for fisk, men det minkar, så eg smelte ihop litt Taco til middag.Etterpå måtte vi slappe av litt på sofaen.
No vil eg ønske alle ei god helg. Nils har planer om å fiske i morgon om vêret blir bra, så då får eg også finne på noko fornuftig.Spørs kva det blir.

torsdag, november 01, 2012

Vêrmelding 1.november - 2012

Klokka er 16.45.Temperaturen ute er +10 grader C, det er overskya, opplett og litt vind. Det har minka på snøen, særlig i fjella, derfor er dei så spesielle, ser ut som om dei et teikna i svart/kvitt.
I dag fekk eg gjort litt husarbeid før eg skulle på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. Møtet varte i vel to timar. Det blei speilegg og flesk til middag i dag. Greitt å ha det litt lettvint innimellom.
No har eg hatt meg ei stille stund på sofaen med lydbok, så må eg vel skrive eit lite referat frå møtet i dag. 
Eli viser seg å vere ein framifrå leiar og har mange gode idéar for laget. No håper vi å få med oss fleire yngre pensjonistar, slik at der er nokre til å ta over når vi blir "gamle". Vi er ikkje så altfor mange til å gjere jobben, men det er givande og interessant når ein kjem inni det. NB: Ingen blir valde til å vere med i styret utan å bli spurt på førehand, så det er heilt trygt å kome på møta. Alle pensjonistar er velkomne,- også dei som ikkje er medlemmer.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...