Klokka er snart halv åtte.Ute er det framleis skodde og 0 grader C. Då vi stod opp i dag låg skodda heilt ned, og det var noko som likna på rim på marka og trea. Men er det november må ein vere budd på det meste, og vi hadde inga naud.
Då det leid på dag tok Nils, Rasmus og eg ein tur for å handle. Vi skulle ha Ingar med oss, og så ville Vebjørn også vere med. Eg skulle kjøpe julegaveklede til gutane, og Vebjørn var behjelpelig med å plukke fram det han likte både til seg sjølv og brørne. Det vart kanskje ikkje det same som eg hadde valt, men det er heit greitt. Og han har sikkert gløymt heile greia før julafta kjem.
Wenche var av garde og kika på oppvaskmaskiner, og no har dei bestemt seg for merke og type,og maskina er bestilt, men dei får den ikkje før på onsdag.
I dag laga Wenche deilig elggryte til middag og vi skålte for Erlend som fyller 9 år i dag. Håper han har hatt ein fin bursdag utan oss. Vi feira han jo litt forrige laurdag.
No har eg befalt Rasmus å lage kaffi til eg kjem ned att, eg sit på loftet og skriv på ein vanleg PC.Skal få Rasmus til å fikse iPaden min slik at den ikkje driv og "rettar" i hytt og pine, då blir det kjekkare å bruke den.
Ha ei god helg alle saman! Og gratulerer med dagen, Erlend.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 3. mars
Klokka er no16.25, ute regnar det og temperaturen er ca 4graderC, det er eit kjedelig ver, men vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar