Klokka er snart 18.30. Ute er det overskya, litt regn og mildt.
I dag var både Wenche og Rasmus på jobb og gutane på skule og barnehage.Nils og eg skulle inn på Storsenteret og handle julegaver, men det vart nokså mislykke. Det blei mykje trakking og lite handel. Aldri lurt å handle på frammande plassar. Og så var der varmt, og eg hadde altfor mykje klede på meg, så eg vart temmelig "mødde".Vi får prøve med lettare antrekk i morgon.
Det vart til at vi for "heim" att, der eg steikte bacon og ein diger haug med pannekaker, som vi åt då alle var komne heim. Dvs. gutane fekk ete etter kvart eg steikte-det er no litt ekstra stas.
Elles så det det litt unntakstilstand her for tida ; oppvaskmaskina streika dagen før vi kom. Så Wenche og eg har vaska opp kvar sin gong. Den maskina Rasmus vil ha, har dei visst ikkje på lager, men det ordnar seg vel på sikt. Den gamle maskina er 15 år gammal, så det er ingen ting å reparere på i alle fall.Vi kosar oss og slappar av, det er først på søndag det blir "kamp".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Dei fleste kjøpesenter har vel altfor høg temperatur. Her regnar det "trollkjerringar" i kveld, men det skal visst bli bra i morgon. Vi passer Mira, den yngre garde er i Bergen med studentane. Fortsatt fin miniferie!
Legg inn en kommentar