søndag, januar 31, 2010

Vallabøen i snø og sol

Har vore ein tur med Rapp, ikkje hunden, men sparken min, rundt på Vallabøen. Bilda er plassert i tilfeldig rekkefølge, men skulle bevise påstanden min om at Ørsta er vakrast om vinteren. Med sol og snø sjølvsagt.

Vermelding31.januar 2010

I dag skin sola frå skyfri himmel, og det er heilt fantastisk flott ute.
Temperaturen er minus 11 grader, men kjem nok til å stige når sola får varma opp litt.
Berre nokre få av naboane har vore på taket enno,vi ser det an litt.
Naboen rett over vegen har hatt traktor til å mòke; det er ikkje lett å "gjere av" snøen.
Nils skal ut og finpusse tunet, og etterpå skal han ta altanen, seier han.
Eg mistenker han for å vere lystmòkar. Sjølv skal eg ut ein tur med sparken når det lid på.
No har eg strikka for mykje igjen, så skuldra har slått seg vrang. Og det no når eg var så godt i gang! Må til å dra i taua igjen!

lørdag, januar 30, 2010

Tur til Hareid.

I dag var vi til Hareid og feira Håkon sin 16-årsdag litt på etterskot. Det var nesten litt nifst å ta ut i dag, for det snødde tett, bilrutene dogga innvendig, og det var såleis dårleg sikt. Ein slik dag er det bra med tunnelar! Og då vi var gjennom den lange undersjøiske, kom vi opp i eit nytt land, med sol og lite snø.Det var altså Eiksund.Litt meir skya vart det etterkvart, men ikkje noko som likna på veret her Ørsta.
Hos Solveig fekk vi nydelig kjøttsuppe, med påfølgande dessertar og kaffi. Seinare enda eit måltid med brød og kaker.Ja, eg skal ikkje gå i detalj.De kan no lese bloggen hennar også.
Vi var spente på kor mykje snø som hadde kome her mens vi var borte, men det var heldigvis ikkje gale.Nils fekk låne truger på Hareid i fall han må på taka i morgon. Så det er berre å følge med på bloggen.
NB: Når det er så lite snø under kjøkenglasa, er det fodi Nils har kjørt vekk snøen etter kvart.Berre det han mòka i dag tidleg ligg att

Vermelding 30.januar 2010

Det snør og det snør, og det vil ingen ende ta. Nils meiner det har kome 30 nye centimeter sidan i går kveld.
Held det fram slik, må ein snart til å mòke tak, og det er jammen lenge sidan sist ...........
Vi skal til Hareid i dag, så vi får håpe det lettar litt, elles kjem vi oss ikkje inn på tunet i kveld.
Temperaturen no klokka 11.30 er minus 2 grader C.

fredag, januar 29, 2010

Vermelding 29.januar 2010


I dag stod vi opp til klår himmel.Klokka 10.30 skein sola og det var nydelig ute.
Klokka 12.00 hadde det skya over, og då var temperaturen minus 5 grader.
Det er opplett ute i dag, men i går e.m. og kveld snøa det jamnt og det var ikkje små mengder som kom.
Nils mòkar og mòkar (pratar med naboane innimellom)- han får god trim.
Eg bakar kake og brød, legg i hop klede etc. etc.- ikkje så mykje mosjon i det.

torsdag, januar 28, 2010

Bok nr.7- 2010:Senor Peregrino


Lat det vere sagt: Eg er ingen romantikar. I alle fall ikkje når det gjeld bøker.
Denne forfattaren blir samanlikna med Isabell Allende og Paulo Coelho, noko som eg til ei viss grad kan forstå.Men etter mi meining når ho ikkje opp til midja på Allende i alle fall.
Følte meg tilbake i ei fjern fortid då eg las denne boka, den tid då alt gikk bra til slutt, i alle fall i bøkene, og dei mest utrulige sammentreff kunne skje.
Likevel er ikkje boka utan sjarm. På ein eller annan måte minner boka om Øya, tema og innhald er interessant nok, men blir øydelagt av fortellestilen. Boka er lettlesen og enkel på alle måtar.

Her er til tider eit ordgyteri utan like. Eg ser ikkje bort frå at dette kan fungere betre i eit anna land og miljø enn vårt. Les gjerne om boka på nettet, og les gjerne boka.
Det eg gir uttrykk for er mi sterkt subjektive meining, og der er mange som meiner noko anna.

Tova vottar.


For tida er eg i tove-modus. Dvs. eg prøver å utstyre nokre av familiemedlemmene med varme vottar til dei mange skiturane som eg reknar med framover. Dei observante lesarane la kanskje merke til eit par lyseblå vottar på Januarstrikk- kollasjen? No held eg på med eit par i litt mørkare blått, og så har eg kjøpt raudmelert og rosa garn også. Brukar to buntar til eitt par vottar. Oppskrifta har eg i eit hefte.
Det er ein tredje garn-/ brodeributikk i Ørsta som ikkje alle kjenner til. Den heiter Signy Digernes og ligg i Kyrkjegata, dvs.vegen til Ålesund. Det er eit gammalt,kvitt hus med eit lite tårn .
På denne butikken sel dei hovudsakleg garn frå Rauma fabrikkar, men dei garnsortane finst i eit utal av fargar. Finullgarnet kjenner vel dei fleste til, men også Vamsegarnet som eg brukar til vottar, finst i utruleg mange vakre fargar.Det er nesten vanskelig å velje, men som de ser har eg safa sidan eg skal strikke til andre.( Sjølv er eg så varm på hendene at eg sjeldan går med hanskar.)
Det er Nils som er tovaren, gi han eit vaskefat med varmt grønsåpevatn så set han i gang. Fordelen med å hand-tove er at då kan ein slutte prosessen når vottane er passelig store. Nils er veldig glad i dei grøne vad-vottane eg strikka til han i fjor.
                                 

Vermelding 28.januar 2010


Denne bloggen min liknar meir og meir på yr.no- men har eg sagt A får eg også seie B.
Med andre ord : Det blir vermelding! Kvar dag.
I dag klokka 12.00 var temperaturen 0 grader C, og då var det opplett.No ser eg skinet av sola over Melshornet. Men i går kveld og i natt har det kome meir snø- mykje meir, så Nils har full jobb med å mòke.
Eg tek helgavasken inne; til eldre ein blir, til tidlegare må ein starte opp for å komme i mål.
Elles er det litt av kvart anna også som må gjerast. " En husmor har aldri fri," som bestemor sa.

                                              
                                                      Melshornet klokka 12.45

onsdag, januar 27, 2010

Vermelding 27.januar 2010.


I dag klokka 12.00 var temperaturen + 2 grader C.
Det er skodde og regn i dag, vanlig vinterver på desse kantar.
Nils har vore og sjekka nabohuset,  og der var alt i orden.


No skal vi ha oss ei lita butikkrunde, treng meir strikkegarn m.a.

tirsdag, januar 26, 2010

Bok nr 6- 2010: Nattefokk


Denne boka har eg lese litt "langsmed" andre bøker fordi eg måtte spele av platene på datamaskina.
Dette er andre boka i ein serie på fire frå Øland, den første heitte Skumringstimen og eg har skrive om den før.Denne boka fekk eg liksom ikkje tak på, eg hadde problem med å konsentrere meg, og datt ut heile tida.Ser at den har  fått ein svensk pris, noko eg ikkje heilt kan forstå.
Den er, som den første boka, ei blanding av krim og spøkelseshistorie; det er no for så vidt greitt nok, men her er så mange trådar som skal knytast. Handlinga spring frå det eine til det andre, og det passar ikkje for meg som likar fokuserte bøker.Eg tykte rett og slett det vart kjedelig, og spennande var det i alle fall ikkje. Opplesaren las på ein langsom og lite engasjert måte, så kanskje det er hans skuld at eg tykte boka vart noko langdryg? Eg likar sjølvsagt å kome ein tur tilbake til Øland, men eg håper neste bok vil bli ei sommarbok.No har eg fått nok av snødrev!
Eg vil ikkje råde folk frå å lese denne boka, det kan vere at andre likar den betre enn eg gjorde.
Eg har ikkje fått kopla scanneren til den nyinstallerte maskina, derfor blir det dårlige bilde av bokomslaga.Men om ein forstørrar bildet, kan ein fint lese teksten.

Vermelding 26.januar 2010.


I dag klokka 13.00 er temperaturen + 1 grad C.
Det er lett snøver.
Vi ventar Margrete og ungane på besøk etter skuletid.

mandag, januar 25, 2010

Vermelding 25.januar 2010.


I dag klokka 12.00 var det + 1 grad C. Det har kome noko nysnø av tvilsom kvalitet, med andre ord nesten slaps.Vi ønsker oss klårver og (litt) kulde igjen slik at vi får nyte godt av sola. Men så mykje finever som vi har hatt i vinter er det vel for mykje å håpe på.

søndag, januar 24, 2010

Januarstrikk.


No er eg ikkje så veldig produktiv på strikkefronten. Nokre sokkar vart det til jul i fjor, men ikkje så mange som året før.Litt anna også faktisk.Men så har eg vore så heldig at eg har kunna strikke litt i januar også, som de ser går det mest i sokkar.No er ikkje desse arbeida mine så mykje å skryte av, men det er eit lite prov på at eg ikkje sit med hendene i fanget mens eg les alle desse lydbøkene.Eg strikkar for det meste. Nemlig.

Vermelding 24.januar 2010.


I dag er det overskya, men opphaldsver.
Temperaturen ligg kring 0 grader C, men det er på ein måte råkaldt.
Nils er ute og går tur, men eg er ikkje komen så langt i programmet.

lørdag, januar 23, 2010

Vermelding 23.januar 2010.


I dag er det overskya, men fint likevel, for det er opphaldsver.
Temperaturen klokka 13.00 var minus 1 grad C.
Eg var på ein liten tur med sparken min. Hadde kamera i lomma, men etter eitt bilde var det slutt på batteriet.
I dag er det overskya, men opphaldsver og fint. Temperaturen no klokka 13.00 er minus 1 grad C.
Eg var på ein liten tur med sparken min og hadde fotoapparat i lomma. Etter eitt bilde var det slutt på batteriet.
I dag er det overskya, men fint likevel.Det er opphaldsver.
Temperaturen no klokka 13.00 er minus 1 grad C.
Var på ein liten tur med sparken og hadde fotoapparatet i lomma. Etter eitt bilde var batteriet tomt.

fredag, januar 22, 2010

Bok nr 5- 2010: Kneleren

Denne boka kåra eg til beste bok i 2009.
No har eg lese den for andre gong, og det angrar eg ikkje på. Eg ser ikkje bort frå at eg kjem til å lese den fleire gongar.
Sidan det er lydbokutgåva eg les, må eg nemne den emimente opplesaren Nils Ole Oftebro.
Han har fått ein pris som beste opplesar, noko han absolutt fortener.

Vermelding 22.januar 2010


Klokka er11.00,og sola skin frå klår himmel.
Temperaturen er minus 4-5 grader, og det er nydelig ute.Vi blir heilt bortskjemt med finever.Det blir litt av ein nedtur når det ein gong tek slutt. For alle yrkesaktive si skuld håper eg fineveret varer over helga.
                                         



                                         
Nils har grave fram både båt og båtvogn i tilfelle det blir ver å fare på sjøen. Det gjeld å vere optimist.

torsdag, januar 21, 2010

Apropos Face Book

Rett som det er får eg spørsmål frå folk som vil ha meg som venn på Face Book, og sidan eg gjerne vil ha mange venner, svarer eg sjølvsagt ja. Det samme skjer når eg blir beden om  å vere med i ei gruppe- eg svarer ja. Utan å ha særlig peiling. Har rett og slett ikkje sett meg inn i bruken av denne nettstaden, og veit ikkje om eg kjem til å gjere det. Har i grunnen nok "datakommunikasjon" når eg bruker mail og blogg. Dessutan får eg små sjokk når eg ein hende gong forvillar meg inn på FB og ser at eg har vore med på diverse testar som eg ikkje har den minste aning om.Veit ikkje om dette er vanlig.Så de får ha meg unnskyldt om eg ikkje svarer på FB-innlegg.

Vermelding 21.januar 2010


Same fine veret i dag også. No klokka 11 er det minus 5 grader C og sol frå klår himmel.
Det er veldig kjekt, særlig for den yngre garde som får prøve seg både på ski og skeiser denne vinteren.

onsdag, januar 20, 2010

Vermelding 20.januar 2010


I dag kom sola inn i stova klokka 10.40. Det er berre små lette skyer på himmelen.
Temperaturen er no klokka 11.00 minus 4 grader C.
Med andre ord, aldeles strålande vinterver.
Ingen har klaga på veret, utanom kulden då, dei siste månadane; det har vore stort sett fint ver sidan midt i oktober.
Det einaste minuset med dette veret er at no kjem det  fram både støv og anna uhumske som t.d. skitne vindu.Men ein kan då tenkje som eg: Det er for kaldt å pusse vindu no!
Og så kan ein heller ta ein tur ut!

                             
Klokka 14.30 kom sola att etter ein tur bak Melshornet. Men ho vart verande berre 5 minutt.

Pensjonisttreff.




På Velle skule har det i mange år vore tradisjon å invitere pensjonistane til ei hyggestund midt i januar månad.
I kveld hadde vi det årlege treffet. Det er nokre av dei lærarane som enno er yrkesaktive som inviterer, lagar mat og dekker på borda. Vi fekk både smørbrød og kaker, pluss omvising på skulen, som er under stadig oppussing.
Vi hadde det som vanleg veldig kjekt i lag, og som vanleg prata vi om "gamle dagar", men også om nyare hendingar. Vi snakka mest om hyggelige ting og let ev.problem ligge. Fleire av dei gamle kollegaene mine er etter kvart blitt mange og åtti år, men er framleis unge til sinns.
Takk til arrangørane for eit trivelig tiltak, som andre skular burde ta etter!
NB: Bildet har eg rappa frå bloggen til Bjørg. Sjølv hadde eg ikkje med meg fotoapparat.

tirsdag, januar 19, 2010

Vermelding 19.januar 2010.


I dag klokka 12.15 var temperaturen + 2 grader C. Det er skya, opplett og små solstreif.
Sjølv håper eg på litt kaldare ver, slik at vi fått sparkføre att.Hadde ein fin liten tur med sparken i går.
Nils driv og lettar båten for snø, men han greier nok ikkje å moke den fram. Problemet er:Kvar skal ein gjere av snøen?

I dag vil vi nytte høvet til å gratulere Øyvind på Eid med dagen.

mandag, januar 18, 2010

Bok nr.4- 2010: Jegerdukken



Denne boka har Solveig skrive om før. Ho har lagt boka inn på MP3-spelaren min.
No kan det hende eg har litt meir sans for denne boka enn ho hadde, eller kanskje har eg lese den på ein annan måte enn ho?
Sidan opplesaren les med eit litt sarkastisk tonefall, ligg det nært å lese boka som ein slags sjangerparodi, og det kan ein lett gjere.
Elles er boka ei blanding av vitskap og eventyr, som eg finn ganske artig. Her får ein lære om mat og vin, sidan detektiven, Fedric Drum, er kokk og driv restaurant i Oslo. Den same Fredric har arkeologi og dechiffrering av gamle dokument som hobby, så får vi ei lita innføring i det faget.Denne gongen har han også besøk av ein engelsk venn som underviser han i flugefiske..........Sjølv vart eg veldig fascinert av forklaringa om korleis lik "oppfører" seg nedgrevne i myr.
Viss du les om forfattaren, vil du finne at også han har mange interesser, så eg har ein mistanke om at han brukar krimsjangeren for å få skrive om det han er oppteken av.
Ein av historielærarane mine ville gått amok om ho hadde sett at han brukte omgrepet "overtru" i staden for "folketru".
Summa summarum tykte eg boka var morsom og underhaldande.Mysteriet kom i andre rekke.

Les om forfattaren her:

Vermelding 18.januar 2010



Temperatur klokka 11.15 - minus 1 grad C. Nesten klår himmel.
Klokka 10.45 fekk vi sjå heile sola her frå stova vår, det er første gongen i år.Ho vart verande ca 1/2 time og vi kjende varmen.
Vi har framleis mykje snø i Ørsta, men det merkelige er at det er svært lite snø i fjella.




                                                    


I dag fyller barnebarnet vårt, Håkon, 16 år ,og vi gratulerer han så mykje med dagen. Bildet er frå konfirmasjonsdagen hans i fjor vår.Vi plar ha rikelig med bilde av denne guten, for han har vore ivrig å fiske i lag med morfaren. Men i seinare tid har visst andre interesser dominert? Han er mykje oppteken med sport, særlig fotball.

søndag, januar 17, 2010

Vermelding 17.januar 2010


I dag klokka 12.00 var temperaturen + 3 grader.
Det er overskya, men opphaldsver.
Ikkje så fint som det var i kuldeperioden, men godt å sleppe gnallkulden.
Nils har sjekka nabohuset, og der var alt i orden.

lørdag, januar 16, 2010

Vermelding 16.januar 2010



Bilda er tatt klokka 10.45.Då var temperaturen + 2 grader C

Det er eit stadig tilbakevendande tema i nabolaget kva tid vi "får sola." Men det er noko som er vanskelig å kontrollere, fordi det ikkje er klårver KVAR dag, og fordi vi kanskje definerer litt ulikt. Eg hevder å kunne dokumentere at vi får sola 18.-19. januar. Då meiner eg at vi ser heile solauget.
I dag såg vi ein del av sola og det skein litt inn på veggen.Eg vil kalle det ein liten forsmak.

fredag, januar 15, 2010

Det store korslaget 2.

Stadig nokon som oppmodar om å stemme på Team Simone? Dei er flinke, og syng godt.
Mulig det, men kva med låtvalet? Ein utsliten GP-melodi og ein nordnorsk solist.........Bånn spør du meg!!!! Dette utfordrar verken kor eller publikum.Det blir berre platt om dei syng aldri så bra.
Tuva er flink, men eg kan fostå at publikum ikkje tenner på den folkemusikken i denne settinga.
Favorittane mine er som før Joddski og Aage.Men heller ikkje dei var på topp i kveld etter mi meining.
Var litt skuffa over programmet i kveld, for eg synest solistane fekk for stor plass og koret vart redusert til "bakgrunn"- det er jo eit "korslag". Og det med å hente ein solist utanfrå synest eg var ein ekstremt dårlig idé.
Dette er sjølvsagt mi særdeles subjektive meining. Ikkje har eg særlig god greie på kor heller, så eg skriv dette eigentlig berre for å provosere.
PS: Eg kan gjerne stemme på Simone, men då må ho komme med nokre sprekare songar!

Bok nr.3 -2010: Varsleren



Denne boka har Solveig skrive om på sin blogg.Og er er enig med henne i det ho skriv.
Ein ung gut lever eit miserabelt liv i lag med ei alkoholisert mor. Han begynner med å gjere diverse "skøyerstreker" for å skremme folk, utan å forstå kva konsekvensar det har for dei som blir råka.
Dette er ein psykologisk roman, meir enn krim. Og som i den førre boka eg las av Karin Fossum, fekk eg stor sympati for den "kriminelle". Les gjerne denne boka. Den set mange tankar i sving, men er ikkje vanskelig og tung å lese.

Vermelding 15.januar 2010


I dag klokka 12.00 er det minus 6 grader og framleis like fint ver.
Men ser du godt etter, kan du sjå at der er nokre små skyer over fjella i sørvest,
så vi får kanskje ver-byte.
Kan aldri hugse vi har hatt ein slik vinter som hittil i år. Vi har hatt nesten berre finever sidan midt i oktober.Og mørketida har heilt uteblitt.
Når det ikkje er kaldare enn no, går det fint an å vere ute også.Nils har moka altanen, og no går han seg ein liten tur. Eg VURDERER å komme meg ut ein tur, men er redd det blir med tanken.

torsdag, januar 14, 2010

Vermelding 14.januar 2010




Dei blir litt stereotype, desse verbilda mine, men det er sjeldan vi har så stabilt ver som vi har hatt denne vinteren, så langt.

I dag klokka 12.00 var det minus 4 grader, og det er ikkje noko å klage over. Sola kjem litt nærmare for kvar dag.Det kan de sjå mellom dei to husa på bildet. Det er lyst og fint ute.
Nils skal på kommunestyremøte i dag. Han møter ganske ofte, som vara.Eg nyttar høvet til å få orden på huset.
Vi gratulerer Roar Jarle som fyller 42 år i dag!

onsdag, januar 13, 2010

Vermelding 13.januar 2010



I dag klokka 13.00 var det minus 4 grader her på Vallabøen.
I sentrum var det minus 9 grader.
Dette er eit kjent fenomen på Austlandet, at kulden legg seg nede i "gropene", mens det er mindre kaldt i høgda.

Sidan vermeldingane mine etter kvart har tatt form som dagboksnotatar, kan eg fortelle at eg kjøpte ny ledning til MP3-spelaren i dag. Og eg fekk ekspeditøren til å forklare meg skilnaden på MP 3-spelar og i-pod. Men i følge Rasmus er det ein multi-media-playar eg har.Framleis forvirra?..
Så no skal eg snart halde fram med Varsleren av Karin Fossum

tirsdag, januar 12, 2010

Med hue under armen.............

I dag skulle eg ta ut pengar i minibanken, men same kva eg gjorde, ville den ikkje ut med ei krone. Inne i banken er der ein annan automat, så eg ville prøve den. Den sprekka eg skulle putte Visakortet inni fann eg rettnok ikkje, berre eit stort gapande hol der den eigentlig skulle ha vore, så eg kasta kortet inn der.
Utan å tenkje på følgene. Ein bankmann som heldt på å reparere ein annan automat, antyda høflig at det alltid er lurt å lese på skjermen først. Eg var samd med han i det. Han beklaga at Visakortet var tapt for alltid, men eg skulle saktens få eit nytt tilsendt , og eg takka for det. Så skulle han ta ut pengar til meg, berre han fekk bankkoden min, og den hadde eg sjølvsagt i hovudet,er ikkje heilt blåst heller, men heller ikkje han fekk ut pengar.(Koden var rett.)
Og inne i banken er der ikkje eit øre å oppdrive.(Er dei redde for ran?)
I Volda er der to minibankar, og den andre vi prøvde, spytta endelig ut dei stakkars hundrelappane.På Nils sitt kort. Mitt var jo tapt, trulig makulert.
Så neste gong eg skal putte inn kortet, vil eg forsikre meg om at kortlesarboksen, eller kva det no heiter, er på plass. "Durch Schade wird man klug, aber nicht reich"-
PS: Venninna mi påstår at eg er ko-ko fordi eg er gammal, men det avviser eg fullstendig! Eg har vore ko-ko heile livet- sporadisk!

Vermelding 12.januar 2010







Ørsta klokka 18.00: Her hos oss er det minus 7 grader C.
Nede i sentrum var det minus 11 grader.


I dag har vi vore på Stårheim og på Eid i gravferd.Sjølve gravferda var på Stårheim og minnestunda på Eid. Begge stader var det kaldare enn her. Og rimet låg tjukt på trea ved Kyrkjelydshuset. Det minte om slik eg hugsar vintrane var før "i gamle dagar". Men på vegen frå Stårheim til Eid fekk vi køyre i solskinn eit lite stykke.

PS:
På veg til Eid hadde vi ei litt artig oppleving.Ved Søvika kom ein litt hufsete "katt" mot oss på vegen. Ved nærmare ettersyn viste det seg at det var ein oter.Vi unngikk så vidt å køyre på han.

Bok nr.2 - 2010:Hundre år


No har eg lese ut denne boka, den var lettlesen med sine 13 CD-ar.
Denne lydboka er spesiell på den måten at heile boka blir lesen på nordlandsdialekt, ikkje berre dialogane.Og det er drivande godt lese.Lesaren varierer stemmen, men ho overdriv ikkje.
Boka er mangfoldig; eg vil ikkje kome med noka lang bokmelding, men eg vil tilrå at de les boka sjølve.Det er ei slik bok eg gjerne skulle ha skrive sjølv, hadde eg visst meir om formødrene mine( og vore forfattar).
Det er ikkje sikkert Wassmo veit alt heller, men det ho ikkje veit, det diktar ho.Dette med å blande fiksjon og fakta er visst noko som er veldig in for tida.
Ho hoppar fram og tilbake i tid, men det er ikkje noko problem, for ho opplyser om tid og stad først i alle kapittel.Menneska skildrar ho så det er ei fryd, vi ser dei for oss og synest vi kjenner dei etter kvart: Oldemora, det staselige Sara Susanna som står modell for engelen på altartavla; bestemora Elida som flyttar med heile familien til Oslo, og mora som kjøper seg sykkel for pengar ho sparer.
Wassmo er to år yngre enn eg, derfor tenkjer eg mine eigne formødrer inn i rollane, sidan dei levde på samme tid som forfattaren sine. Ho tek også med ein heil del av det som rører seg i tida, både politisk og kulturelt.

Om boka har stor litterær verdi, kan eg ikkje svare på. Men eg hadde i alle fall glede av å lese den.
Boka kan minne både om bøkene om Tora og dei om Dina. Og eg tek vel ikkje mykje feil om eg meiner boka vil bli lesen og likt av kvinner, heller enn av menn.
Dette var ein rotete og ufullstendig omtale, de finn sikkert betre bokmeldingar på nettet.
PS: Eg vil tilrå at de les boka som lydbok, det gjer den veldig autentisk!

mandag, januar 11, 2010

Vermelding 11.januar 2010


Dett bildet er tatt frå trappa mot nord.Her ser ein at sola nærmar seg litt for kvar dag.


Dette bilde er tatt frå altanen mot sør, der Melshornet stenger for sola enno ei veke.



Vi har kjørt rundt i ein utrulig skiten bil heilt sidan vi var på Kongsberg.Det er ikkje enkelt å få vaska i kulden, men i dag måtte Nils berre bite i det sure eple og vaske bilen i lunka vatn her på tunet.Det ser ut til å gå bra.Han kunne sjølvsagt ha vaska den på bensinstasjonen, men var redd for å få vatn over alt der det ikkje bør vere.

Temperaturen i dag klokka 12 er minus 7 grader C,det er nesten mildt, men følest ikkje slik.Det er nok mange grader kaldare nede i sentrum.Av ein eller annan grunn er det mindre kaldt her hos oss enn mange andre stader for tida.Himmelen er framleis klår, og sola skin i fjellet.

søndag, januar 10, 2010

Vermelding 10.januar 2010



Temperatur klokka 12.15: minus 10 grader.
Klårt og kaldt.
Synest vi har hatt dette veret i det uendelige, men det er faktisk mindre enn ei veke.
Og når det ikkje er kaldare enn i dag, er det veldig fint.

lørdag, januar 09, 2010

Det store korslaget.

Det er stadige påminningar på bloggen om å stemme Team Simone, fordi ho representerer vår landsdel.
Dette kan eg ikkje godta, som før sagt. Eg meiner ein skal stemme på den ein likar best. Men det kjem an på så mykje, ikkje minst låtvalet. Kunsten er, meiner eg, å velje noko som er kjent, men ikkje heilt oppbrukt.Første gongen synda Simone stort, i dag bomma Aage. Bjarne bomma også på ein måte, men han fekk tilgjeving.(Fordi han er frå samme by som Åge Alexandersen).
Favoritten min var i utgangspunktet Team Aage, men første gongen fall eg for Team Joddski. I dag har eg sett programmet i reprise,så eg kunne ikkje stemme. Men hadde eg kunna, hadde stemma mi gått til Tuva, med Joddski på andreplass.Vart nesten sjokka då kordirigentane stort sett var samde med meg.
Eg skal  (noko motvillig) innrømme at eg ikkje har peiling på korsong. Har aldri sunge i kor, og eig ikkje sangstemme. Så kanskje eg like godt kan stemme patriotisk?

Vermelding 9.januar 2010



Temperatur klokka 11.40: minus 11 grader C.
Veret er som før, kaldt og klårt, men sola kjem litt lenger ned for kvar dag som går.
No har vi tenkt oss ein tur ned i sentrum for å handle, der er det nok kaldare enn her oppe hos oss.
Kulderekorden for Ørsta kommune denne sesongen er det Follestaddalen som har.
Den er på minus 31,5 grader C.


Dette bildet er tatt mot vest klokka 16.30.Temperaturen er ca 10 grader.





I dag har søsken-barnet mitt på Sørumsand fødselsdag og vi gratulerer.
Då han var liten og budde på Eid, var det fast program-post i barne-selskapet å hauste juletreet, som deretter vart tatt ut.Då var jula definitivt over.
Her sit han på fanget til vår felles bestemor på Hildegard.
(Eg presser meg så vidt inn i bildet heilt til høgre).

fredag, januar 08, 2010

Vermelding 8.januar 2010.



Temperatur klokka 12.30: minus 15 grader.(Sikkert kaldare i sentrum)
Det er klårt og fint ute, med sol i fjella.
Vi ser skinet av sola inn på veggene i stova, men må vente til den 18. for å få skikkelig sol,om det er klårt då.
Har sett ein del på TV i dag f.m. der det stort sett er prat om ver og kulde.Konklusjonen er at vi vil få ein periode med kalde vintrar no, heilt uavhengig av global oppvarming. Slike periodar har vi alltid hatt.
Den første vinteren vi var i Ørsta, låg temperaturen jamnt på minus 20 grader, og det var mange kalde vintrar etter kvarandre. No har vi hatt svært milde vintrar i mange år, men perioden er visst over. Den som lever får sjå.
Varmetips i kulden:
Vi fann ut at varmepumpa var utan effekt i kulden. No har vi slått den av og henta fram ein vifteomn i staden.
I tillegg fyrer vi med ved. Vi varmar opp berre stova og kjøkkenet, så det går bra.
I senga har vi elektrisk varmeteppe, som vi slår av når vi legg oss.Dessutan søv vi med attlate vindu, noko som er heller sjeldan her i huset. Og som før sagt kler vi oss godt.
Det er ikkje verst for oss som kan vere inne heile dagen om vi vil, og ikkje har stort anna å gjere enn å passe på oss sjølve og kvarandre.Og fyre i omnen!
No har eg eit tips til møbelprodusentane:Elektrisk sofa.Det finst no elektriske stolar, så kvifor ikkje? Fekk idéen etter å ha lagt på sofaen med eit elektrisk varmeteppe under meg.(Skulle teste om det virka.)

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...