torsdag, januar 14, 2010

Vermelding 14.januar 2010




Dei blir litt stereotype, desse verbilda mine, men det er sjeldan vi har så stabilt ver som vi har hatt denne vinteren, så langt.

I dag klokka 12.00 var det minus 4 grader, og det er ikkje noko å klage over. Sola kjem litt nærmare for kvar dag.Det kan de sjå mellom dei to husa på bildet. Det er lyst og fint ute.
Nils skal på kommunestyremøte i dag. Han møter ganske ofte, som vara.Eg nyttar høvet til å få orden på huset.
Vi gratulerer Roar Jarle som fyller 42 år i dag!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 11,februar

  Klokka er no 20.36, temperaturen på trappa mi er minus7grader, og så fekk vi enda ein strålande vinterdag, med sol frå morgon til kveld. I...