fredag, mai 31, 2019

Dagbok 2019: 31.mai


Klokka er 17.30, temperaturen er + 13  grader C og det har vore grått og vått i dag også, no er det lysare og lettare og litt sol. Og temperaturen er til å leve med sjølv om det framleis er nysnø i fjellet. Men når eg ser vêrmeldinga skal det regne langt ut i neste veke. Eg håper det er feil, for den 5.juni har pensjonistlaget planlagt tur til Trandal og då vil vi helst ha godt vêr.
Etter ein veldig kjekk dag i går la eg meg til å sove sånn i 1-tida i går kveld, som vanleg. Klokka to vakna eg opp att og verkte forferdelig i venstre kneet. Eg stod opp, tok to Paracet til   (eg hadde tatt to før eg la meg) sovna igjen og sov til klokka var nærmare halv 9 i dag. Det gjorde godt. Og eg har ikkje vondt no.
Eg hadde ikkje noko spesielt eg skulle gjere i dag, så eg vart gåande å småpusle, tørke støv, vatne blomster etc. Fekk også den lyse ideen at eg kunne pusse kopar og messing. Innimellom strikka eg litt og var innom FB.
Marit "passa" barnebarnet i dag, så vi måtte vente til Janne kom heim før vi tok handlerunda vår. Hadde tenkt å stoppe på Kiwi i dag, men der var så fullt på parkeringsplassen, at eg køyrde like godt ned på Spar. Eg kjøpte m.a. ingrediensar til ostekake, og den laga eg etter Margrete si oppskrift etter at eg kom heim. No står den til stivning i kjøleskapet.
Håper venninna som kjem på besøk i morgon likar ostekake-eg har enno ikkje møtt nokon som mislikar slike kaker.
Elles har eg ein del kakerestar i frysaren, men viss nokon vil smake dei, må dei seie ifrå i tide så eg kan tine dei opp.
Resten av dagen/ kvelden blir det vel strikketøy og TV, som vanleg. Eg har sjeldan på TV før kl.19, men eg høyrer litt radio mens eg strikkar. Det er ei stund sidan eg høyrde Einar no -  på P1 Møre og Romsdal.
Eg skulle skifte utsjåande på bloggen i går, men det vart ei større omvelting enn eg hadde trudd.Men eg håper det går bra.
Det er visst fredag i dag så eg vil ønske alle GOD HELG, mange har vel lenger fri enn vanleg denne gongen, så dei har begynt på helga.

torsdag, mai 30, 2019

Dagbok 2019: 30.mai

(Bildet fann eg på nettet)

Klokka er 20.00, temperaturen er + 6 grader, det er framleis vått og grått, med snø i fjella. Men ein gong går den vel over - denne kuldebolken også.
Eg har hatt ein kjempefin dag- eg har vore på Eid i konfirmasjon til yngste barnebarnet til bror min. Henning heiter han. Solveig, Øystein Margrete, Eirik, Amanda og Erlend var med også. Det er lenge sidan eg har treft familien på Eid, i alle fall mange av dei, og det vart ein veldig kjekk dag.
Konfirmasjonsgudstenesta kan eg nesten ikkje beskrive-det gjekk heilt vilt for seg-på ein god måte. Konfirmasjonspresten var ein pensjonert 74 år gammal mann med bergensdialekt. Han hadde gammaldags prestekjole med pipekrage, men det var ikkje noko gammaldags gudsteneste , nei. Han gjekk opp på preikestolen og såg ned på konfirmantane og sa noko om at dei var så fine der dei sat, dei likna på...."Englar" sa ein av konfirmantane. "Jag trodde englarna fanst bara, bara i himmelen", song presten med kraftig røyst frå preikestolen, og så kom heile verset vekselvis frå presten og konfirmantane. Etterpå song heile kyrkjelyden same songen og så klappa vi i hendene! "No vart det festivalstemning her!" sa presten.
No høyrest dette litt vilt ut, og det vart ikkje mykje tammare etterpå. Presten heldt ei ganske lang tale, men kjedelig vart det ikkje. Då han gjekk ned frå preikestolen vart det kraftig applaus. Men opp i det heile fekk presten sagt veldig mykje bra og fornuftig på ein litt uortodoks måte. Det var faktisk ein god tale. Han var reine skodespelaren !Trur ikkje eg gløymer denne gudstenesta så fort.
Etterpå var vi på bedehuset der vi fekk mykje god mat. Det vart song og talar. Faren heldt tale og fortalde litt om Henning. Konfirmanten er den yngste av fire brødre, og den eldste heldt tale til broren. Besteforeldra på farsida, 90 og 91 år gamle, heldt også talar.
Det som var det aller kjekkaste for meg var å treffe heile familien  til bror min. I seinare år har det ikkje vore så mykje samkvem, sidan eg har vore mykje stadbunden. Eg kjenner jo også fleire farsfamilien til konfirmanten sidan dei også er frå Eid.
Vi fekk ikkje sett oss så mykje om på Eid denne gongen, men det blir vel snart ein tur igjen. Eg føler på at eg må gjenoppdage barndomsbygda, for det er så mykje som er forandra sidan eg budde der.
Solveig og Øystein henta og bringa meg, så det står ikkje på.
Konfirmanten Henning

Bror min og mine barnebarn, dvs. nokre av dei. Til saman har vi 22. Mine tre
(Tre av Margrete sine fire) på bildet under.


onsdag, mai 29, 2019

Dagbok 2019: 29.mai


Klokka er 17.45, temperaturen er + 8 grader, det snør stadig ned i fjella, men her i lavlandet regnar det. Det var rimeleg bra vêr i går ettermiddag og kveld, men i dag har det berre vore kaldt og vått. Og dessverre ser det ikkje ut til at det skal bli betre med det første.
I dag fyller Amanda 19 år; ho blir ferdig med vidaregåande i år, og så har ho tenkt å jobbe eitt år før ho går meir på skule/studerer. Amanda er ei kjekk og grei jente, fornuftig også, har eg inntrykk av. Ho vart fødd i det Herrens år 2000. Eg hadde strikka henteklede i ull til henne. Margrete var litt skeptisk, og minte meg på at det var mai! Men vesle Amanda fekk bruk for ullkleda sine, for heile sommaren var det regn og kulde. Det var det året dei flytta til Bjørneset. Den tida Amanda gjekk på ballettskulen brukte det å vere framsyning på bursdagen hennar, og etterpå brukte vi å feire henne på Rosabella eller ein annan kafé. 
I år er det ikkje lagt opptil feiring, men vi treffast i morgon, store deler av slekta, for då er det konfirmasjon på Eid. Det er Henning, den yngste av Hilde sine fire gutar som skal konfirmerast. Han er den yngste av alle barnebarna til Bodil og Svein. Eg ser fram til å treffe slekta mi, mange av dei har eg ikkje sett på fleire år.
I dag har eg ikkje vore på rek, men eg har jobba inne. Eg har vaska golv, stroke klede, og gjort mykje slikt som har stått litt på vent. Innimellom har eg strikka på jakka mi og høyrt lydbok.
Solveig ringde; ho og Øystein kjem oppom og hentar meg, så eg sit på med dei til Eid. Vi må tidleg opp for vi skal vere i kyrkja klokka 11. Eg håper at det blir mindre vått og kaldt enn det er i dag, men det er liten sjanse for det.

tirsdag, mai 28, 2019

Dagbok 2019: 28.mai

Klokka er 17.10, temperaturen ute er + 12 grader, akkurat no skin sola, en det er kald vind. Eg lengtar etter varme. Både i går og i dag kveikte eg i omnen fordi eg fraus.
Sist natt hadde eg ei verkenatt igjen, og sov ikkje etter klokka 5, men når eg står opp og begynner å gå rundt, så blir eg mykje betre
Tysdag er treningsdag, så i dag var Marit og eg på trening frå 10-11.Eg klarer heilt fint å gjere øvingane som eg har fått -og kjenner ikkje noko vondt etterpå heller.
Mellomrommet mellom trening og frisør (11-14) vart brukt til strikking, TV og spansk. Og så åt eg litt. Var ikkje opplagt til å gjere noko arbeid.
Det var kjekt å kunne ta bilen og køyre fram til den "gamle" frisørdama mi. Eg har no prøvd mange andre i seinare tid, med vekslande hell. Eg har vore kunde hos Åse sidan lenge før eg vart pensjonist-sikkert over 20 år.
Eg har i grunnen lyst å gå ut å gjere noko hagearbeid, men då må eg byte om og så er det kaldt osb. Trur eg ventar til i morgon.
Skulle så absolutt vore fram på EIK-senteret på Mosflata og kjøpt kalksalpeter. Naboen gjødsla før snøen kom og plenen hans er veldig fin no.
Eg har også tenkt å kjøpe diverse plantar-men det kan bli med tanken.
Eg har nokre klede som skulle vore strokne-men det blir kanskje i tanken det også ?
I morgon fyller Amanda 19 år, men eg trur ikkje det blir noko stor feiring i år. I alle fall ikkje akkurat no. I juni er det så mange som har bursdag at då plar det bli ei felles feiring som Amanda kan henge seg på, og så tek vi med Solveig som er fødd 3.juli - då skulle det bli 7 fødselsdag i ein jafs.
Eg må i alle fall ta meg ein tur rundt huset og sjå etter at alt er nokolunde i orden. Eventuelt legge ein plan.
Kl. 20.30: Det blei litt hagearbeid i form av vatning og kalking etc. Det var knusktørt i beda-endå det har regna litt kvar dag.  Så sette eg meg i garasjen og pirka ut stein på dei fire heilårsdekka mine. Det tok si tid med det første, litt mindre med det andre, og dei to siste vart fort gjort, for der var det ikkje mykje småstein. Det var Svein som påla meg denne jobben. Etterpå var eg opp til Marit og fekk nybakte rundstykke og kaffi. I morgon er det fridag-trur eg.

mandag, mai 27, 2019

Dagbok 2019: 27.mai

Klokka er 19.30, temperaturen er + 8 grader C, akkurat no er det opplett, men det har vore regnbyger i heile dag- og det er KALDT.
Hadde berre ein plan for dagen i dag og det var at eg skulle ein tur på Amfi. Men før eg kom så langt, hadde eg strikka ein del, høyrt lydbok, shina kjøkkenet og vaska kjøleskapet. Å vaske kjøleskap er ein jobb eg har ein tendens til å utsette, men passar på når det ikkje er så fullt.
Eg handla litt klede til meg sjølv i dag, og så stakk eg innom Bunnpris og kjøpte litt mat.
Då eg kom heim laga eg middag til meg sjølv. I dag vart det steikt laks- med poteter og grønnsaker, fordi eg hadde skrella litt for mykje på laurdag. No har eg ete skikkelig middag tre dagar på rad, men håper det blir ein overgang. Vart så mett etter middagen i dag at eg måtte ta meg ein blund i godstolen etterpå. Men først fyrte eg i omnen og stilte opp varmepumpa så det vart godt og varmt. 
Eg har så mykje eg skal gjere ute, så eg lengtar etter varme og opplett. Eg må snart komme i gang med å plante diverse no ! Ser at Margrete har planta både det eine og det andre.
Etter middagskvilda var det spanskleksjon. Og så kom Marit, ho har vore vekke i helga og på røntgen m.m. i dag så vi måtte oppdatere litt over ein kaffikopp.
I morgon skal vi på trening klokka 10, og eg skal til frisør klokka 13, så det blir ein "travel" dag.
Så mykje har det ikkje hendt i dag, så det blir eit kort innlegg.

søndag, mai 26, 2019

Dagbok 2019: 26.mai

Ein av dei siste litt lengre turane Nils og eg var på, gjekk til Stadlandet. Då var vi mellom anna til Fure, der vi tok dette bildet. Det var den 24.august 2015. Vêret var utruleg fint. Eg har lagt merke til at roser trivst godt på kysten.



Klokka er 17.20, temperaturen ute er + 16 grader. Akkurat no er det litt sol, men det har vore fleire regnbyger i dag. I dag - morgon var det nysnø i fjella; vi har hatt to somrar hittil i år, og eg vonar det vert fleire.
Sist natt sov eg godt- til ei forandring, sov framfor TV-en i går kveld også, og etter middagen i dag,  så no må eg vel snart vere utsøvd.
I dag har eg vore åleine heile dagen, og det er heilt greitt, for eg hadde noko eg måtte gjere.
Ei lita stund etter frokost tok eg meg på tak og la opp den nye buksa mi. Trur det blei bra-nok!
Her har vore mykje rot i huset ei tid, men nytt TV på plass etc. I dag tok eg meg saman og støvsugde alle teppegolva; det var eit visst behov, for å seie det slik. Har no prøvd å plassere møblane - men kjem kanskje til å endre på det. 
Eg sette ope dørene mens eg støvsuga, og så tok eg ein kvilepause med Paul. Då eg hadde kjølt meg ned var huset enda meir nedkjølt og eg måtte til å fyre i omnen. Ja, måtte og måtte, men det var kaldt og varmepumpa treng ei tid for å få opp varmen.
Til middag åt eg restar frå i går, og det var heilt greitt. Eg sette meg til med lydbok i godstolen - og sovna. Men eg har i alle fall fått med meg det meste av første plata om Isbjørnsaka.
Har vaska eit par små maskiner med klede også, og tatt inn og lagt i hop det som hang ute. Hadde tenkt å gjere noko ute, men det er ikkje fristande å gå ut når regnbygene kjem.
Janne og familien kom att i går kveld, så i dag var ikkje Lollo her nede. Ho låg så majestetisk på taket på  Marit sin bil-der ho plar vere når familien er heime.
I morgon har eg ærend til Vik; eg skulle også ha kjøpt litt meir plantar til hagen, men tenkte eg skulle vente til finevêret kom att.
Eg strikka litt på føremiddagen mens eg høyrde radio, og no skal eg strikke litt mens eg høyrer lydbok.
Så er det ei ny arbeidsveke for den litt yngre garde. Den veka blir vel relativt kort, med helg på torsdag og "Gro-dag" på fredag? Ja, ikkje veit eg.

lørdag, mai 25, 2019

Dagbok 2019: 25.mai




Klokka er 16.50, temperaturen er + 16 grader C, det er overskya og opphaldsvêr. No er sola framme så vidt det er.
Måling av hus vart utsett, vêrmeldingane for dagen var ikkje gode, men vêret vart betre enn forventa.
Eg merkar at vêret skifta. Sist natt var eg plaga med verk i føtene og kramper i leggane. Eg søv ikkje så godt når eg har det slik, så eg var ikkje direkte utkvild då eg stod opp i 7-tida.
Eg går ut og hentar avisa så snart eg har kledd på meg, må ha sudoku til frokost. Med det samme eg let opp døra kom Lollo, trur ho lag under trappa. Eg gav henne mat-men inn vil ho ikkje. Eg såg henne ikkje att i heile dag, men ista ropte eg på henne og då kom ho. Det er litt artig å vere kattepassar. Men eg vil ikkje ha katt sjølv for her er nok av sorten frå før.
På føremiddagen var eg litt sløv, skulle strikke og høyre lydbok, då sovna eg nesten. Einar var i Volda og sprang rundt Rotevatnet, og eg hadde invitert han til middag etterpå. Det er ei stund sidan førre kjøttkakemiddag, så eg trur det smakte godt både for han og meg. Ingen av oss et middag kvar dag.
Etter at Einar hadde fare gjekk eg ut i hagen og rydda beda. Har ikkje så mange bed, så eg greier å ta vare på det som er-sånn nokolunde. Eg vil ikkje legge opp til så mykje hagearbeid at det blir stress. Eg likar godt å vere ute og jobbe-men ryggen min er ikkje så begeistra.
Eigentleg skulle eg ha vaska , støvsuga og rydda i huset, det vart utsett på grunn at TV-flytting etc. No har TV-en funne sin plass, så då blir det å flytte på bilde, stolar og andre møblar. Forandring fryder når ein får det til slik ein vil. Men ein har dei tinga ein har og kan ikkje hive dei ut og kjøpe alt nytt heller.
For nokre år sidan kjøpte vi ein rododendron og planta, året etter fann vi ut at vi ville ha ein til, og planta den ved sidan av den første. Så viste det seg at dei var akkurat like, same farge, så no ser det ut som ein einaste stor plante. I år blomstrar den veldig flott for første gong. Eg skal sjå om eg får tatt eit bilde, men det er noko ugreie med kamera mitt.
Eg har ingen planar for morgondagen, men neste veke er det fullt køyr.

fredag, mai 24, 2019

Dagbok 2019: 24.mai

Klokka er no 21.30, og dagen forsvann som ein røyk. Det har vore overskya det meste av dagen, og det er ikkje så varmt lenger. Det var rett og slett litt kald vind. Akkurat no er temperaturen + 11 grader C, og skodda ligg langt nedetter fjellsidene.
I dag begynte eg å lage mat straks etter frokosten. Så var det å rydde kjøkkenet og få på oppvaskmaskina før eg gjekk ut. I dag tok eg fram kompostkverna og mol opp greiner av tuja  og sypress og nokre plommetre-greiner som låg på vent. Det vart nesten fullt i plastsekken. Eg likar å rydde opp etter kvart, så blir det overkomeleg. Måtte kvile litt etterpå, og då tek eg meg ei stund med Spanish With Paul-ein lærer ikkje så fort i min alder og ikkje sit kunnskapen så lenge i heller.
Eg strikka også litt, før eg køyrde Marit ned til bussen, ho skulle på hytta.
Då eg kom opp att laga eg vaffelrøre, og sette meg så til å strikke. Eg venta Solveig klokka 18, men først kom Helge ein halvtime før. Han la opp ny ledning til TV-en, for den gamle var for kort og han festa ledningen til veggen slik at den er nesten usynleg. Så no har TV fått ny plass og heile stova, nesten, må ommøblerast. Helge , Solveig og eg drakk kaffi og åt vaflar.
Eg hadde eit lite dataproblem som Solveig hjelpte meg med.
Solveig hadde med seg maling som Øystein hadde kjøpt; viss det blir høveleg vêr i morgon skal Einar og Håkon male. Einar skal i alle fall springe rundt Rotevatnet, og då kjem han hit etterpå. Håper han har tid å ete middag med meg.
Vi er ikkje ferdige med mai enno, men har allereie hatt mange fine sommardagar. I dag såg eg at der er tillaga masse plommer på tre, så viss det blir høveleg ver framover kan vi sjå fram til ein god plommehaust.
Eg skal passe katte Lollo mens Marit er på hytta, og då Solveig skulle fare, låg han i ein stol ved sidan av trappa mi. Eg gav han dvs. HO mat og vatn- og ho åt og drakk. Det er no merkeleg at katten forstår at han skal komme hit?
No måeg snart benke meg ved TV-en med strikketøyet mitt. Ønsker alle ei god helg!

torsdag, mai 23, 2019

Dagbok 2019: 23.mai

Klokka er 19.30, temperaturen er + 15 grader C, det er litt skyer og vind, og ikkje så varmt som det var, men deilig vêr. Eg kom nettopp inn etter å ha klipt skråninga i fleire etappar med drikkepause mellom øktene. Der var mykje gras og så er det mose i underlaget, så det er tungt å klippe. Eg har ikkje skaffa meg kantklipper enno, så her er ikkje så strigla.
I dag har det vore ein spennande dag for meg. Ragnhild og eg reiste til Volda på shopping. Det var eg som hadde behov for litt nye klede, og med hjelp av ei god venninne fann eg det eg hadde bruk for. Sidan vi er pensjonistar begge to kan vi bruke all den tid vi treng til å sjå oss om. Vi nytta også høvet til å besøke ei anna venninne som bur i Voda. Det var også veldig hyggelig. Vi reiste frå Ørsta klokka 10 i dag føremiddag og var heime att i 15-tida.
Då eg kom heim bytte eg om fordi eg skulle ut og klippe plen, og hengde buksa på badet. Etter ei stund sakna eg mobilen, og gjekk for å finne den i bukselomma. Der var den ikkje. Eg tok fasttelefonen og ringde, men høyrde ingen ting. Litt seinare ringde eg igjen og gjekk ut på badet. Der ringde det i den andre bukselomma. Ja, det er utruleg at det går an.
I går strikka eg på kofta mi, i dag rekte eg opp att alt, ned til brotet, og no skal eg gjere det skikkeleg. Eg har den feilen at eg aldri hugsar at eg skal lese heile oppskrifta før eg begynner, men no har eg fått instruks frå Solveig korleis eg skal gjere det. Det er ho som skal montere, så eg kan ikkje jukse det til.
I morgon kjem truleg Øystein og Solveig innover, Øystein skal kjøpe maling, gutane skal male, og då snakkar eg om huset mitt- utanpå. Solveig ville vere med innover - og kanskje handle på Amfi?
Eg må kanskje lage meg litt middagsmat før eg begynner å strikke?

onsdag, mai 22, 2019

Dagbok 2019: 22.mai

Klokka er 18.10, temperaturen er + 18-19 grader, det er overskya og det regnar litt av og til, men det er berre lekkert, så slepp eg å vatne i dag.
Eg vakna litt før klokka sju i dag morgon og såg ut glaset. Då såg eg at det var vått og grått ute, så eg la meg igjen og slappa av til det var tid å stå opp.
Eg hadde tenkt å klippe skråninga i dag, men det var ikkje til å tenke på, det var vått nok i graset i går, og i dag hadde det regna meir. Eg vart litt i tvil om kva eg skulle jobbe med, og mens eg tenkte på det, strikka eg. Eg la opp brotet på den nye kofta mi i går og strikka vidare i dag.
Så gjekk eg ned i vaskekjellaren og vaska grundig det kjøleskapet som står der. Eg tømte det og drog ut støpselet for nokre dagar sidan. No sette eg det på att, for om sommaren er det kjekt å ha eit ekstra skap med eit lite lager av brus etc.
Vaskekjellaren er ein stad ser det samlar seg mykje støv, ikkje minst på grunn av klesvask og tørking. Så eg vaska vekk støv på maskinene etc. Golvet får eg ta ein annan dag; eg har ein gammal støvsuger som eg brukar der, men av og til må eg vaske.
Måtte ha ei lita spanskpause før eg åt middag- i dag vart det makrell i tomat. Dei har slike små kjekke boksar no, som passar for ein person.
Eg vart så sigande trøtt at eg trudde eg måtte sove, men den gang ei. Eg sette meg til å strikke, før Marit og eg bestemte oss for handlerunde. Eg måtte ned att på apoteket i dag igjen fordi eg ikkje fekk det eg skulle ha i går, og så kjøpte eg blomsterjord og blomster til grava. Vi handla litt på Spar også, før vi køyrde opp på gravplassen og planta. Det var veldig tørt i jorda, så eg tømde ei heil kanne med vatn ned i molda før eg sette blomstrane ned.
Marit og eg er samde om at bilen og sjåføren er betre enn ingen ting; vi har no kome heile heim til denne tid.
I morgon skal eg altså til Volda i lag med Ragnhild og vi skal besøke Tone med det samme.
Så har eg bestilt meg time hos den "gamle" frisøren min, no kan eg fare fram i Mosmarka til henne igjen - fordi eg har bil. Skal dit den 28.mai. Den 30. er det konfirmasjon på Eid og 1.juni får eg besøk av ei barne-/ og ungdomsvenninne frå Eid. Ja, ho bur i Florø, altså. 5.juni er det pensjonisttur til Trandal. Så det blir ei travel tid framover. Men kjekt, særleg viss vêret held seg nokolunde bra.
Det har gått betre med knea mine no etter at eg begynte å ta tablettar, men eg veit ikkje kor lenge eg kan halde på med det. Eg hadde ikkje vondt sist natt enda eg hadde både trena og klipt plen i går.
No er det snart til for TV og spøt; eg plar sette på Tv-en til klokka 19-nyheitene.

tirsdag, mai 21, 2019

Dagbok 2019: 21.mai

Klokka er no 17.45, temperaturen er + 23 grader C.  Vi har hatt enda ein fin sommardag. Då eg var ute og henta posten i dag morgon, såg eg at det hadde regna sist natt, og det var i grunnen berre bra.  I same stunda høyrde eg gauken for første gong i år, og lyden kom frå nord. Det er heilt naturleg sidan vi har skogen i nord. Men eg meiner å hugse at i gamle dagar var det eit dårleg teikn. Seinare såg eg eit stor fugl på plenen, eg trur det var ein trost. Elles er her lite fuglar med oss, viss eg ikkje reknar med kråke og skjor.
Eg sov ikkje godt sist natt og vakna grytidleg, men låg til nærmare halv åtte. Det var vel litt spenning med det at eg skulle begynne treninga i dag. Vi køyrde nedover kvart på ti. Eg hadde tatt med utskriftene frå røntgen og CT, så dei skulle fysioterapeuten studere nærmare. I dag kom eg i gang med trening av kne og føter generelt. Eg bad også om å få øvingar for resten av kroppen, for det er ikkje så lett å trene seg opp når ein ikkje kan gå så mykje. Eg fekk øvingar for armar, rygg, mage osb. Eg greidde alle øvingane heilt fint utan å få vondt. Men som eg sa til henne, eg har tatt tablett ! Dei tablettane eg fekk for første kneet, har eg tatt i bruk utan legen sitt samtykke - og dei hjelper.
Treninga tek 1 klokketime. Eg spurde korleis det var med betalinga. Ho sa at før var artrosebehandling gratis, men no er der ein eigenandel på 2000 kr. Etterpå er det gratis. Det går ikkje på den vanlege "sjuketrygda"-det hjelper ikkje å ha frikort der. Eg spurde for å ha "alt på det rene".
Eg har gått der før, utan å betale.
Då eg kom heim skulle eg liksom kvile, så eg sette meg framfor datamaskina og gjorde ferdig eit lestepar, mens er repeterte Mini-kurs 1og 2 av "Spanish With Paul". Snakka spansk med PC-en med andre ord.
Åt eitt lite måltid før eg gjekk ut og klipte plenen opp mot vegen. 
Etter ei lita drikkepause gjekk eg ut og klipte plen rundt huset, så no er det berre skråninga att. Kunne godt tatt den også, men må vere litt forsiktig så eg ikkje skadar knea mine. Plenen er ikkje så fin som han skulle ha vore, for eg har ikkje fått gjødsla enno. Naboen gjødsla før snøen kom, så hans plen er veldig fin. Elles har eg vatna litt her og der. Og så har eg gått rundt og vurdert kva eg skal gjere vidare. Det låg mykje gras att på plenen etter klippinga, så det kan ikkje ha vore så tørt. Men eg får fare over å finpusse i morgon. Å klippe plen er noko av det kjekkaste arbeid eg veit.
I morgon skal eg ikkje på noko før utpå ettermiddagen. Då skal Marit og eg kjøpe blomster og stelle gravene. Eg likte ikkje at det var såpass ustelt  går. Fuglane er ikkje komne på plass heller.
No har eg ikkje fleire lestar på gang, så det blir kanskje til at eg startar opp kofta snart?
Torsdag kl. 10. kjem Ragnhild og vi to skal ha ein tur til Volda. Då køyrer ho. Eg må dresse meg opp litt. Sjølv om skapa er fulle med klede, må ein ha litt nytt av og til. Ragnhild er ein flink shopping-assistent. Eg har tatt litt bilde i dag slik at de kan få sjå korleis her ser ut.

Marit har fire fine rododendron i rosa toner. Dei er på det finaste no. Eg har to lilla som så vidt har begynt å blomstre.


Denne syrinen er ikkje så gammal, men i år skulle den blomstre så fint. Det var før snøen og kulden kom etter den tidlege våren. Den blomstrar i toppen, men mykje er øydelagt. Eg har ikkje klipt vekk noko enno, ville sjå om det livna til.


Klipperen har "spytta" på plenen, men det fiksar eg i morgon.

I bedet bort mot nabogarasjen er det ikkje så mykje fint enno. Gyvelen blomstrar og så likar eg bladplanten Hosta som er ein villig sort.

Laurbærheggen blomstrar. Denne buska klipte og saga eg mykje av for eit par år sidan. No har den vakse seg fin og stor igjen. Eg synest laurbærhegg er eit rart namn, men blada liknar laurbærblad og blomstrane kan minne litt om hegg. Så kanskje det er forklaringa ?










mandag, mai 20, 2019

Dagbok 2019: 20.mai

Klokka er 20, temperaturen er + 19 grader, høgaste temperaturen eg har lese av i dag var+25 grader C. Det er berre heilt nydelig for oss som har heilårsferie.
I dag har eg vore relativt aktiv, litt ute og litt inne. Bytta på senga og hengde ut sengetøyet var det første eg gjorde etter frokost. Seinare på dag vaska eg rommet og sidan eg hadde så godt grønsåpevatn tok eg badet og kjøkkenet også. Klesvask vart det også, og i dag hengde eg ut kleda.
På føremiddagen var eg ute i hagen og rydda litt, reinska ugras, fylte på mold i beda og vatna, blant anna. Etter at eg hadde ete "middag", som i dag var wienerpølse  i tacolefse, låg eg på altanen og sola meg ei stund.
Marit og eg hadde planlagt å fare ned på AMFI klokka 17, og det gjorde vi. Men først måtte eg dusje og vaske håret slik at eg såg litt meir sivilisert ut. Ærendet mitt var å kjøpe tablettar og å kjøpe bukse til å ha på treninga i morgon kl.10.
Eg fekk tak i det eg skulle ha, og på heimvegen var vi opp på gravplassen og vatna. Eg må opp att i morgon for lyngen eg hadde planta var ikkje fin lenger, så eg må plante noko nytt.
Elles har eg gjort avtale med Ragnhild om at vi skal fare til Volda på torsdag , då skal vi sjå om vi finn klede til meg. Vi skal fare klokka 10. Det er bra at eg er blitt morgonfugl ! Sist natt la eg meg litt før klokka 1, og vakna klokka 2 og trudde det var morgon -då klokka nærma seg 8 fekk eg endeleg stå opp.
No har eg tatt inn att sengkleda og golvteppa, så no skal eg ete og slappe av med strikketøy. Det er framleis varmt i huset; temperaturen nede i Vik var ikkje så høg som her oppe i bakkane, der nede bles det. No håper at ikkje denne sommaren tek slutt på lenge-lenge.
Eg har ikkje klipt plen på nokre dagar no-så det blir ikkje tatt bilde.

søndag, mai 19, 2019

Dagbok 2019: 19.mai

Klokka er 17,40, temperaturen er + 19 grader. no er det lettskya, men det har vore mykje sol i dag. Det er berre å nyte desse dagane, veit ikkje kor lenge dei varer. Eg høyrde nettopp ein flokk kråer som kraa, trur dei ropte etter regn. Faktisk er det litt tørt, det har lett for å bli det denne årstida.
I dag har eg gått her å sulla åleine. Etter frokost vart det radio og strikketøy, blant anna. 
Så var eg ute og luka litt ugras og grov ned nokre mandelpoteter ved bringebæråkeren, der eg hadde poteter i fjor. Men eg har ikkje tru på prosjektet i år. Det er alltid noko å gjere i hagen, men eg får ikkje utretta så mykje. det skal lite til før knea protesterer. Har no tenkt å plante litt, gjødsle og klippe m.m. Eg har jobba mykje i hagen dei siste åra, og forenkla veldig mykje slik at eg skal klare å halde nokolunde orden.
Til middag i dag hadde eg det samme som i går; spekemat+ jordbær med fløte. Det var billige jordbær på Spar i går.
Eg la meg ut på solsenga med lydbok, og hadde berre så vidt fått på meg litt klede då Øystein og Olaug jr. kom innom. Øystein køyrde Olaug til flyplassen , ho har fem veker att av skuleåret i Bergen før ho kjem heim .
Innimellom tek eg ei Økt på data med "Spanish With Paul" Eg har no begynt på Mini-course 10, det siste av den typen. Men der er mange andre. Kvart "kurs" går eg gjennom mange gonger. Og så startar eg på nr.1 igjen og repeterer. Det er trim for hjernen. Tysdag skal eg endeleg få begynne på trim hos fysioterapeut, og kanskje eg kan sleppe unna eller i alle fall utsette operasjon.
No blir det snart TV-tid, og eg har ein lest å strikke ferdig i kveld. Den nest siste på ei stund. Trur eg.

lørdag, mai 18, 2019

Dagbok 2019: 18.mai

Klokka er no 19.00, temperaturen er + 21 grader C og det er nokså overskya. Det var det også før middag, men på ettermiddagen kom sola.
Eg sov godt sist natt og heilt til klokka var nærmare 9 i dag morgon.
Etter frokost prøvde eg å sette på TV-men det var ikkje råd, eg trykte på alle knappar og sjekka alle leidningar utan å få kontakt. Gjekk så lagt at eg slo av ruteren uten at det hjelpte. Sende SOS til heile slekta på  face-book utan at det hjelpte.
Men sidan eg må flytte TV-en sende eg ei melding til min faste "elektrikar"- eg må nemlig ha lengre kabel for å nå fram til den nye plasseringa. (Det er ikkje berre-berre å kjøpe ny TV.)
Helge kom, og det første han måtte hjelpe meg med, var å få på TV-en. Det viste seg at han måtte bruke begge fjernkontrollane-verre var det ikkje.
Eg var veldig redd for at eg ikkje skulle få det i orden til Melodi Grand Prix-for det MÅ eg sjå. Eg er sjølvsagt aller mest spent på kor høgt opp Norge kan komme-eg likar songen "vår" veldig godt i år, elles likar eg Sverige og Nederland blant andre. 
Det var ikkje så mykje eg fekk gjort elles i dag, var ute ei lita stund og tok litt ugras, strikka litt og rydda litt. Kl.15.30 reiste Marit og eg til Vik; vi handla litt på AMFI, og resten på SPAR, og så fylte eg ein skvett bensin på bilen, eg er alltid redd for å gå tom.
Då eg kom heim kokte eg kaffi, så kom Marit ned og vi sat på altanen og drakk kaffi og åt is. Vi må nyte kvar einaste fine, varme dag når vi kan.  Ungefolket til Marit er på tur, så no må vi halde kvarandre med selskap. N.B: eg har gjort spanskleksa i dag også !
Ønsker alle god helg vidare.

fredag, mai 17, 2019

Dagbok 2019: 17.mai

Klokka er 19.30, temperaturen er + 21 grader C og det har vore ein strålande 17.mai, med sol og varme frå morgon til kveld. Eg var oppe før klokka 8 i dag tidleg og hengde ut flagget. Det var ikkje såpass mykje bris at det falda seg ut.
Eg hadde sagt ifrå til slekta at eg skulle vere her heime åleine i dag - det å trakke rundt er liksom ikkje det beste når ein har vonde kne. Men Margrete skulle til Volda og sjå folketoget, så ho ville hente og bringe meg. 
På føremiddagen gjekk eg her og surra som vanleg, sette på ein klesvask og ein oppvask, strikka litt etc.
Margrete og Erlend kom og henta meg i 15-tida og så var det Volda neste. Det varte og rakk før toget kom i bevegelse, så vi stod /og sat og venta ved gata.
Det var eit ganske morsomt tog. Det artigaste var dei som gjekk under fana "Drillkorps"-det var ingen søte småjenter, men ein hær med godt vaksne menn, med kvar sin motoriserte drill, der dei hadde festa nokre kvite greier på.
Russen kom i mange store raude bilar. Amanda var ikkje medeigar i nokon av dei, så ho sat på i ein annan bil.
Etter toget var det samling i parken. Eg ville gå litt seinare enn dei andre og ta meg god tid, så dei for føre. Med det resultat at vi ikkje fann kvarandre att før det var slutt på talar, song og russedans. Då fann eg Amanda og i fellesskap greidde vi å finne dei andre to. Pluss at vi fann  nabofamilien, inkludert ei dotter med ektemann og to søner. Elles så er det veldig artig å sjå på folk slike dagar-ikkje minst er det interessant å sjå kva folk har på seg av klede. Eg vil seie det slik at i dag var alt tillatt- frå hijab til shorts. Bunadsgjengen var sjølvsagt på plass også. Eg synest det er heilt topp at alle kan komme som dei vil. Då slepp ein å føle på at ein ikkje har heilt rett kleskode.
Amanda skulle opp på hybelen sin, men ville vere med heim til Margrete i kveld. Erlend og Margrete blei med hit og fekk is, brus og kaffi-som det seg hør og bør på ein 17.mai.
Eg synest eg har hatt ein veldig fin dag! Skal innrømme at eg har sett litt på TV-en min innimellom.

torsdag, mai 16, 2019

Dagbok 2019: 16.mai

Klokka er 17.45, temperaturen er + 21,5 grader C og det er full sommar ute. Kjekt for både store og små om det blir fint i morgon. Eg har valt å vere heime, men Margrete hentar meg slik at eg skal få sjå russen i folketoget. Ja, sidan Amanda er russ altså.
Eg kom nyss inn frå altanen der eg har lege på magen på solsenga og høyrt lydbok. Det vart rett i dusjen etterpå, så no har eg nyvaska hår om ikkje anna. Følte meg brått litt uvel-men det kjem seg vel snart.
Knea og føtene plagar meg om natta, men om dagen går det betre. I dag fekk eg melding frå fysioterapeuten at eg kan få begynne å trene på tysdag, på samme parti som Marit; då køyrer eg og Marit slepp å ta taxi.
Vaska bad og kjøkken i dag etter at eg hadde laga ein kakebotn-i tilfelle det skulle bli bruk for den. Så var eg ute i hagen ei lita stund, men gav meg mens leiken var god. 
Einar stakk innom ein liten tur, han hadde eit oppdrag for NRK på Folkestad. Han fekk med seg det gamle TV-bordet ut igjen. Han fekk det inn i baksetet på bilen. Eg er glad for at andre kan bruke det som blir til overs her-så kan eg få meg litt nytt av og til. Einar og eg tok eit par brødskiver + kaffi i lag.
Elles har eg no hatt litt kontakt med naboane i dag. Eg må ha litt rettleiing når det gjeld gjødsling av plen m.a. Naboen sin plen er veldig fin i år, han har klipt berre ein gong, mens min plen er snauklipt for andre gong.
Eivind på Kongsberg fyller 17 år i dag, kanskje ikkje kjekkaste dagen å ha fødselsdag på. Eivind har nyss vore i Italia. Eg har ikkje fått heilt med meg kva turen gjekk ut på, men eg trur det har noko med matematikk å gjere. Eg veit at han er interessert i det faget -og det visest på T-skjorta.Eg har gratulert han før, men atter ein gong:        

                          Gratulerer med dagen!
Eg har ikkje gjort spanskleksa mi enno og ikkje har eg strikka ei maske i dag-men ein må nyte finevêret mens det er her. 
I kveld blir det stor spenning i Melodi Grand Prix- eg vil no gjerne ha Norge med. 
I første semifinale var det mange som song surt- det blir noko anna når ein skal opptre live enn når ein lagar ein video. Eg beklagar at Belgia ikkje kom med, for dei hadde ein fin låt, men når ikkje songaren presterer er det ingen pardon. Elles er det nesten like mange meiningar som sjåarar. Her i familien er det som regel Margrete som tippar rett. Eg kjenner mi besøkelsestid og innrømmer at min smak kanskje er litt gammaldags. Ha ein fin dag i morgon!


onsdag, mai 15, 2019

Dagbok 2019: 15.mai

Klokka er 18.20, temperaturen ligg på + 17 grader og det er nydeleg vêr og sol ute.
Vakna tidleg i dag også, men stod ikkje opp før eg hadde sett fleire gonger på klokka og konkludert med at den stod. Det gjorde den ikkje, så i dag var eg oppe før klokka 7.
Marit skulle vere hos frisøren 10.15 så eg hadde god tid til å gjere litt oppryddingsarbeid i heimen før vi tok laus. 
Eg var spent på korleis forma vart i dag etter all klippinga i går, men eg var ikkje verre enn vanleg. Tok ein tablett til frokost og den funka bra. Etter at eg hadde sett Marit av i gågata, køyrde eg opp til legesenteret med eit brev til legen min.(Eg har avtale med henne om at eg kan skrive slike brev.) Eg forklarte korleis det er med beina mine, og spurde om eg kunne fortsette å ta dei tablettane som eg alt har tatt. På butikken seinare trefte eg ein tidlegare nabo som hadde operert eine kneet sidan sist eg såg henne. Ho var veldig positiv !
Mens Marit var hos frisøren, gjekk eg litt fram og tilbake i gata - eg parkerte på plassen i enden på gata, der er det lov å køyre. Var innom strikkebutikken og kjøpte 5-pinnar nr. 2,5. Slike har eg massevis av, men eg irriterer meg litt over at dei er så lange. Dei nye er korte. Eg strikkar no alle lester på tynne pinnar. Og jammen hadde dei Regia-garn i dag. Dei har det somme tider ,sa ho. Eg tok med eit nøste av samme sorten som eg driv og strikkar restelestar av. Då får eg i alle fall nok til å fullføre dei, pluss at eg får eit par til. Så blir kofta utsett enda ein gong. Men det er lenge til jul!
Kunne ikkje gå å trakke så lenge, så eg sette meg inn i bilen og venta. Det vart litt kjedelig ! Men eg er nokså oppfinnsom, og her låg løysinga i baksetet: Garn og pinnar ! Dermed fekk eg lagt opp og strikka litt på eit brot før Marit kom, fin og nystrigla. 
Neste post på programmet var handling av mat på SPAR. Eg kjøpte ikkje så mykje, for no er eg så ofte på butikk at eg begynner å få lager som eg ikkje har oversikt over. Har 4 frysarar når eg reknar med dei som er i dei to kjøleskapa, og kva dei inneheld er eg ikkje heilt sikker på. Trur eg må begynne å ete unna.
No i ettermiddag la eg meg ut på solsenga ei lita stund før eg gjekk ut og tok opp løvetann ovafor garasjen, og reinska litt ugras i beda. Rosene ser ikkje heilt bra ut. Dessverre så ville ikkje knea meir i dag, så no sit eg her. Sat her ei stund før i dag også og hadde "Spanish With Paul".

tirsdag, mai 14, 2019

Dagbok 2019: 14.mai


Klokka er 17.10, temperaturen er + 14 grader og det er overskya og stilt.
I går kveld var eg låk i knea, i ryggen og i eine hofta då eg la meg. Til mi forundring sov eg godt heile natta og var rimeleg bra då morgonen kom.
Etter frokost, avis og sudoku, begynte eg å tenke på plenslåtten som eg måtte gi opp i går. Etterkvar høyrde eg at naboen klipte, så då fekk eg blod på tann. Eg gjekk laus på skråninga og fekk etter kvart klipt heile. Men eg måtte stille klipparen opp eit hakk og sette på "draget". Når det ligg mykje gras att på marka er det ikkje fordi det vart for fullt i boksen, eg tømte nokså ofte, men fordi det enno er vått i marka og graset.
Etter klippinga vart eg svolten, og laga middag til meg sjølv-det skjer ikkje ofte. I dag var det litt meir innvikla mat enn det eg plar ha: Pasta Carbonara, med saus frå Knorr ! Kokte spagettien og steikte bacon sjølv - og det smakte himmels. Restane la eg på ein tallerk -dei skal eg ha til kvelds !
Etter middagen festa eg trådar på eit lestepar og la opp eit nytt brot. Det vart ei halvhjarta strikking med TV-en på, så eg kom ikkje langt.
Det vart til at eg reiste meg opp og gjekk ut og klipte resten av plenen, dvs. området rundt huset. Så blir det i år som dei fleste år, to klipp før 17.mai.
Eg har litt vanskeleg for å hald styr på tida, på dagar, veker etc. Så eg trudde det var i dag Marit skulle klippe seg, men det er i morgon. Bilen har fått kvilt seg i mange dagar no, men alle seier eg må køyre kvar dag. Eg får meg berre ikkje til å fare å køyre utan mål og meining. 
Det som står på kjøpelista mi no er ein elektrisk kantklippar med sen. Den eg hadde kollapsa i fjor, og den batteridrivne, som eg kjøpte for eit par år sidan, var berre ein vits. "Knivar" av plast som fauk  vegge - mellom,  og eit batteri som måtte laddast etter 15 minutt. Men det var greitt å sleppe leidningane. Eg spurde på Jernia etter klippar, dei hadde ikkje- no lurer eg på om dei har på Felleskjøpet. 
Eg har mykje arbeid med plenar og gras, så det blir ikkje gjort så mykje anna hagearbeid. Ser på det som vart øydelagt etter snøen og kulden som kom så bardus. Syrinen ser ikkje heilt bra ut, trur somme av greinene kjem til å visne. Epleblomstrane fekk kuldesjokk før dei spratt ut, bærbuskane ser fine ut. Etter 17. mai skal eg no plante litt av kvart-trur eg.
No skal eg ta spanskleksa mi før eg tek kvelden med strikketøy og TV.

mandag, mai 13, 2019

Dagbok 2019: 13.mai



Klokka er 18.20, temperaturen ute er no + 12 grader og det er ei stor forbetring. Tidlegare i dag var det kald vind, så då var det ikkje ute verande.
Vakna grytidleg i dag - fordi eg verkte sjølvsagt, men greidde å sovne igjen, så eg var ikkje så tidleg oppe.
Eg var bestemt på å gjere litt i huset i dag, så eg starta med å støvsuge, sette på oppvaskmaskina etc. Gjekk ut og plukka rabarbraen, dvs. tynna ut, der er meir att. Rabarbraen er særs frodig i år, trur det kjem av at eg gjødsla den så bra i fjor. Eg reinska stilkane, skar dei opp og fraus. Ingen vits å lage noko berre til meg sjølv.
Mens eg kvilte beina gjekk eg gjennom spanskleksa to gongar. Det blir vanskelegare etter kvart. Men eg står på.
Etter å ha ete middag, som også i dag vart salat, sette eg meg endeleg til å strikke, mens eg hadde på TV-en. Det gjekk ikkje betre enn at eg sovna litt. Eg er ikkje komen så langt som eg skulle på "dagens lest"-men kjem vel i mål. Begynner å sjå fram til å strikke noko anna enn lester , har ein 10-12 par liggande no.
Så kom eg til det som eg har ruga på i heile dag: Plenklipping. Det har vore opplett såpass lenge at eg tenkte det var tørt nok. Eg starta klipparen og sette i gang nede i skråninga, men dessverre, det gjekk ikkje sjølv om eg sette på drag der det var flatt også. Eg måtte gi meg på det, men no høyrer eg surr av klipparar i alle retningar. Eg kunne klipt på flat mark nedanfor huset, men der var det ikkje så mykje gras. I staden saga eg litt, reinska litt ugras etc. før eg gjekk inn att.
Eg håper det blir litt finare og varmare vêr framover, det er jo 17.mai også denne veka- det kom litt brått på meg.
I morgon skal Marit og eg til Vik, ho skal klippe seg, blant anna. Eg finn vel på eitkvart, eg også.


Forsøk på plenslått.

søndag, mai 12, 2019

Dagbok 2019: 12.mai.

Klokka er 18.20, temperaturen er + 7 grader og det regnar.
Eg vakna relativt tidleg i dag også, det venstre kneet sørger for at eg ikkje søv for mykje. I dag tok eg ein av dei tablettane som eg fekk då det første kneet blei dårleg. Dei tablettane verkar bra, men eg kan ikkje ta ubegrensa av dei, for dei kan skade nyrefunksjonen.
Eg var ferdig med frokosten og sat og streva med sudokuen då Håkon og ein til kom, dei skulle ut og fiske. Eg fekk dei til å flytte på eit par møblar mens dei var her.
Så vart eg sittande ei god stund å høyre radio og strikke. Vêret var så fint at det var fristande å gå ut -om det ikkje var direkte varmt, så var det sol. Eg gjorde eit stillferdig arbeid, tok opp ei heil stor bøtte med løvetann. Den trivst godt no når eg ikkje får klippe graset. eg hadde no tenkt at eg skulle få gjere det i morgon...……
Til middag laga eg meg salat av diverse grønnsaker+ fetaost i olje. Akkurat då var visst hjernen på topp for då drog eg i land sudokuen som ingen ting. Så tok eg spanskleksa i same rennet, eg er no komen til Mini-kurs 8.Det er bra hjernetrim!
Så sette eg på TV-en og såg eit program eg har sett før-mens eg strikka. Målet om ein lest for dag, det må eg nå.
Sjølv om eg har vore åleine i heile dag så går tida fort, og kveldane blir for korte for då er det som regel mykje å sjå på TV. Eg kosar meg med den nye TV-en min- der er det store, fine bilde.
Har ingen planar for morgondagen, men eg har nok å gjere om eg vil og kan. Berre så sørgelig at ikkje vêret kan bli litt betre.

lørdag, mai 11, 2019

Dagbok 2019: 11.mai




Klokka er 18.55, temperaturen er + 10 grader og no skin sola. Det har ho ikkje gjort før i dag, men no er det nydeleg ute.
Dette har vore ein slik laber dag, og det kan eg takke meg sjølv for. Eg hadde ikkje så mykje tiltak i dag. I går kveld dreiv eg og flytta litt på møblar, men eg har ikkje fått det slik eg vil ha det enno. Når ein tek eit stort TV med tilhøyrande benk i hus, då kan det oppstå diverse problem. Nok om det -eg finn vel ut av det.Etter at eg hadde vaska håret, henta avisa og ete frokost, var det tid for laurdagens høgdepunkt: Løysing av sudoku. Eg har gjort to forsøk, men er enno ikkje komen i mål. Men eit par lestar kunne eg sluttstille i dag.
I dag fekk eg brått lyst på pannekaker med bacon og blåbærsylte. Det var fort gjort å lage det. Men eg er ikkje vant til å lage røre til ein person-så no blir det vel fleire dagar med samme menyen. Eg
tenkte eg skulle fare nedpå Kiwi i kveldinga og handle, det var ikkje mykje eg skulle ha. No har eg vore der, og svinga bortom gravplassen med det samme for å sjå om fuglane var komne. Det var dei ikkje.
sidan eg stort sett har sete i ro i dag, har eg ikkje hatt vondt i knea, men så snart eg begynte å gå litt, komsmertene tilbake. No har eg tatt ein Ibux, det plar hjelpe litt. Eg tek så lite medisin som muleg.
Margrete har vore i Volda på Bygde-Pride i lag med partikameratar, trur eg. I fjor på Pride-dagen kom dei frå Sula og Gulen for å vere i konfirmasjonen til Erlend.
No skal eg snart sette meg framfor TV-en, så har eg selskap resten av kvelden. Marit var nedom ein tur i går kveld, men no skal ho "passe" Mari Ella nokre dagar, så då må ho halde seg heime. Eg får vel legge opp eit par lestar igjen; to par til no, så skal eg kanskje begynne på kofta.
Eg var utpå altanen og skura litt i dag, men eg må få i orden spyleslangen, for no må eg spyle både her og der. Det vart lite gjort i fjor haust for då regna det heile tida. Eg får vel gå ut og ta eit bilde av vêret.

fredag, mai 10, 2019

Dagbok 2019: 10.mai


Klokka er no 16.40, temperaturen er + 9 grader og det har regna så smått i heile dag. Eg vakna tidleg, som vanleg, men låg i ro til klokka 8. Så snart eg hadde fått kleda på meg, var det full fart ut for å hente avisa med laurdags-sudokuen. Eg stirte ned i ei tom postkasse og kom så på at det var FREDAG. Det er eit styr å halde orden på dagane når ein ikkje har timeplan.
Men eg hadde ein PLAN. Fekk melding frå Håkon om at han ville komme og montere TV-benken for meg, men eg rekna ikkje med at han kom så tidleg. Eg vaska det som skulle vaskast i dag, bad og kjøkken. Sette meg til å sjå TV og strikke. Eg har sett fleire dyrefilmar/naturfimar på den nye TV-en og det er veldig flott å sjå. Håkon kom før klokka var 14 og sette i gang å montere. Der var faktisk veldig god bruksanvisning til montasjen, så det gjekk nesten heilt prikkfritt. Ja, ikkje det at eg kunne ha gjort det sjølv. No er benken og TV på plass, men eg trur ikkje det kan stå på samme plassen som det førre TV-apparatet stod. Det kunne vi svinge rundt, det kan vi ikkje no. Hjernen min er litt overarbeidd for tida, men no strever den med å ommøblere stova. Eg må ha planane klar til eg får nokon å hjelpe meg. Når skjermen er såpass stor, 49 tommar, må ein ha litt avstand. No passar det best å sitte på kjøkkenet. Halve stova er oppfylt med det gamle oppsettet, som delvis går til gjenbruk i familien. Eg synest det gjekk fort og greitt å skifte TV og benk- "With a little help from my friends."-Eg har lært at eg ikkje greier alt sjølv.
I morgon blir det kanskje ein tur på byn for Marit og meg, vi skal handle inn litt mat etc. til helga.
Neste veke er det 17.mai, men den trur eg at eg hoppar over i år. Feira den 1. det får halde. Men eg må i alle tilfelle ha litt nye klede til vår og sommar, så det blir kanskje ein Volda-tur neste veke.
Då håper eg alle får ei fin helg, det ser faktisk ut til at det kan lette opp litt, så ein får vere ute.

torsdag, mai 09, 2019

Dagbok 2029: 9.mai

Klokka er 17.30. Temperaturen er +9 grader og det regnar så smått. Eg er trøtt og frostig.
Eg har ikkje fått gjort mykje denne veka, det har gått litt opp i tull, men det er vel ikkje så farleg?
I går kveld klipte eg dei to plenlappane opp mot vegen, og då det leid på natt fekk eg krampe i legger og lår på begge føtene. Måtte ta litt ekstra magnesium for å få sove vidare. I dag hadde eg tenkt å klippe skråninga, men så begynte det å regne. 
Elles spekulerer eg på korleis eg skal få møblert stova med det nye TV-apparatet. At eg måtte ha nytt bord/ benk var klart. Eg prøvde på data å få lagt til sides eitt som var på tilbod på Jysk, men var ikkje sikker på at eg hadde gjort det rett, så eg tok turen bort, etter å ha tenkt ei stund. 
Somme tider på dagen er det voldsom trafikk mellom Ørsta og Volda, og både i går og i dag var eg heldig med å treffe opp i den. Men eg kom meg både fram og tilbake utan mein. Det var bra at eg for bort, for bestillinga mi var ikkje gått inn. Eg betalte, men let pakken ligge att, for eg ville ikkje prøve å få den inn i min bil. Hadde vel ikkje fått den ut att heller-eg er ingen ungdom lenger det har eg endeleg forstått. 
Eg har spurt Einar om han kunne hjelpe meg, men han hadde ikkje fri før den 20.mai, så eg lyt spørje einkvan annan. Trur ikkje eg er så flink å sette sammen flatpakka møblar heller; eg brukte no å hjelpe Nils med slikt, men ingen av oss var veldig flinke til den slags arbeid. 
Det er ikkje sikkert at alle har fått med seg at Jysk har flytta bort i Furene. Der har dei ein stor, flott butikk, mellom El-kjøp (før Lefdal) og Plantasjen.
På heimvegen stakk eg innom AMFI for eg måtte ha litt meir garn, eg driv og strikkar restelestar men må spe på med litt fersk innimellom. Eg er nøydd til å sitte i ro lange stunder og då blir det å strikke. På Amfi trefte eg folk eg kjenner, ei gratulerte meg med nytt TV-ho hadde sett det på FB. Elles møter eg mange som synest det er kjekt at eg har begynt å køyre igjen, dei synest det er tøft gjort i min alder. Men det er ikkje berre for moro skuld eg køyrer, det er for at eg skal kunne bu her eg bur-med vonde kne og det heile.
Uansett  så skulle eg ønske meg finare og varmare vêr slik at eg kunne styre på litt ute. Her sørger vi over plommetre, epletre og rododendron som har blitt øydelagde av vêret, men eg såg ein mann på TV som hadde tusenvis av epletre som var skada av snø og kulde. Det er verre for dei som skal leve av fruktdyrking enn for oss som berre er amatørar. Eg sette meg i godstolen og skulle strikke, men eg heldt på å sovne frå heile greia. Trur eg må lage ein kaffikopp ?

onsdag, mai 08, 2019

Dagbok 2019: 8.mai.

Klokka er 16.20, temperaturen er + 12 grader C, det er delvis skya og gløtt av sol. Sist natt vakna eg klokka 3 og verkte i heile kroppen. Det som hjelper er varme og bevegelse, så det vart å sette på varmeteppet, og sprelle med beina. Då eg stod opp nokre timar seinare var eg ikkje verre i beina enn vanleg, og det er nok.
Eg har grubla eit par dagar på korleis eg skal ordne meg for å få ny TV, og i dag hadde eg planen klar. Køyrde bort til El-kjøp, tok meg ut ein 49 "Samsung (110 cm brei) og avtalte at dei som frakta den skulle sette den opp og koble til, ferdig til bruk. Det kosta litt- men så slapp eg å bry andre, for eg sjølv kunne ikkje greie det.
Eg hadde ærend på Amfi og på Sissels blomster før eg for heim, og så tok eg ein sving oppom gravplassen for å sjå om fuglane var komne, det var dei ikkje. 
Sette meg til med data ei stund og så ringde det på døra. Det var to unge karar som kom med TV-en min. Og det tok ikkje så lang tid før den var ferdig til bruk. Fekk ein liten støkk då ein av dei sa:  "Her ligg ei laus ledning."  Eg hadde no verkeleg sjekka at alt var i orden då eg prøvde å få gamle-TV-en i gang! Men det var dårleg lyd i den uansett.
Dei tok ikkje med seg gamle-TV-en, tenkte eg måtte spørje om det er noko den kan brukast til. Den er no eigentleg like fin...…..Ja,ja, den blir vel kassert, men eg må venje meg til tanken.
Som eg hadde tenkt, blei TV-benken som vi har for liten, og no har eg søkt på nettet og funne ein heilt grei ein, på Jysk. Billeg var den også 850 kr - flatpakka ! Og der er eg heller ikkje sjølvhjelpt- har ikkje tolmodet som skal til heller. Så no blir utfordringa: Den som monterer  den nye benken, får den gamle! Margrete? Er ikkje du ekspert på slikt? Det var no eg skulle hatt Eirik på Møbelringen.
Elles må eg nok ommøblere i stova, men det var eg budd på. Eg har ikkje kjøpt benken enno altså.
Eg kunne fått eit oppheng til å ha skjermen på veggen, men eg syntest ikkje det var så fint.
Trudde det snart skulle bli såpass tørt at eg fekk klippe plen, men eg må kanskje vente litt til? 
Eg surrar vekk tida mi utan å få gjort så mykje-men så er eg også halvt sjukmeldt.
P.S. Noko av det første eg såg på den nye TV-en var den nye prinsen i England!
Elles så har eg no flagga med det norske flagget i dag. Det såg eg for første gong 8.mai 1945 -då var eg 5 år.

tirsdag, mai 07, 2019

Dagbok 2019: 7.mai



Kjøpte denne orkideen på Kiwi i dag.


Klokka er 21.22 , temperaturen ute er + 4 grader C, det er delvis skya og opplett. Trudde knapt mine eigne auge då eg såg ut glaset i dag tidleg. Kvitt! No igjen! Synest det er nok no.
Hadde ingen spesifikke planar for dagen, men grunda litt på korleis eg skulle få kjøpt meg TV. Fekk råd frå Rasmus om kva merke eg skulle ha, men det vart ikkje til at eg kom meg på butikk i dag. Eg køyrde Marit ned til kyrkja i 10.30 tida, då hadde eg ete, lese avisa og løyst sudoku og begynt på spanskleksa. No har eg gått gjennom 6 Minikurs og i dag vart det repetisjon, dei tre første er gjennomgått. No er eg min eigen lærar og elev på samme tid. Eg ser på dette som hjernetrim, for eg reknar ikkje med å få så mykje nytte av dei spanske glosene mine. Likevel er det kjekt å sjå at ein ikkje er for gammal å lære-LITT.
Eg handla litt på Kiwi på heimvegen frå kyrkja. Blant anna kjøpte eg ein Taco- salat som eg skulle ha til middag. Eg trudde ikkje eg hadde smakt sorten før, men då eg smakte den kjende eg den att. Den var ikkje god denne gongen heller.
Var ein liten snartur ned i hagen og sådde grasfrø på dei berre flekkane og der plommetreet hadde stått. 
Marit spurde om eg ville vere med på strikkekafé i revmatikarlaget, og det hadde eg no lyst til. Det begynte klokka 18. Vi sat i lag med Arnhild Vartdal, som vi begge kjenner, og to som ingen av oss kjende frå før. Men det var trivelege damer, dei var frå Vartdal men gifte i Ørsta. Vi hadde det veldig kjekt og prata om alt mogleg - og var gamle kjende etter eit par timar. Ja, vi strikka litt også - altså. Og så fekk vi kveldsmat. Det var brødskiver+ smør og pålegg, vi smurde på sjølve. Sidan det var arbeidsmøte var maten gratis. Så var det loddsal med små enkle gevinstar-så slapp eg kjenne meg som snyltegjest. Eg sluttar aldri å undre meg over at det er så mange i Ørsta eg ikkje kjenner, etter å ha budd her i over 50 år. Vi kom oss heile heim i dag også - både vi og Yaris.
I morgon må eg prøve å komme meg på El-kjøp og få meg tak i TV; eg får sjå om eg finn nokon som kan hjelpe meg litt - reknar med at det ikkje er berre å stikke inn kontakten. Viss det ikkje er noko spesielt eg vil sjå i kveld, så kan eg like godt høyre radio. Men eg ser TV på datamaskina om det røyner på.

mandag, mai 06, 2019

Dagbok 2019: 6.mai

Bildet tok eg kl.8.05 i dag morgon.


Klokka er 17.10, temperaturen ute er + 10 grader C, og no skin sola ,etter at det kom ei regnbyge for ei stund sidan. 
Det var kjekt å trekke gardinene til side i dag tidleg og registrere at sola og det fine vêret var tilbake. Då vaknar også energien til live. Morgontimane gjekk fort - til frokost, shining av kjøkkenet, litt Facebook og "Spanish With Paul" på You tube.
Eg har tusen jobbar som ventar både ute og inne, men det er utejobbane eg likar best.I dag starta eg med å koste og rydde litt i tilbygget og utanfor. Saga sund treramma som vinduet kom i, det blir til ved, fylte hola etter plommetreet med mold, ei grein på epletreet var brotna så den måtte demonterast, ei bøtte med løvetannrøter blei tatt opp osb. Mange små jobbar blei ein stor. Hadde eg vore i toppform hadde eg sikkert gjort mykje meir, men det kjem vel fleire dagar ?
Eg gjekk inn og laga meg smørbrød med egg og sild, og etterpå sette eg meg i godstolen med lydbok.Eg ser ikkje bort frå at eg småsov.
 Kunne ikkje sette meg til å strikke, for høgrearmen var litt i ulage etter saginga. Men eg skal snart legge opp eit nytt lestepar. Eg har til no 9 par som er ferdige, men så lenge eg har garn , så strikkar eg. Når eg har brukt opp alt lestegarnet, skal eg begynne på kofta som eg fekk av Solveig til bursdagen min -  dvs. eg fekk garn og mønster, strikke gjer eg sjølv, men Solveig monterer. Godt å ha strikketøy når ein må vere så mykje i ro.
Då eg sat i godstolen attmed bokhylla såg eg ei bok eg ikkje har sett før. Det må vere ei som Nils fekk då han var i kommunestyret. Det var utdrag frå Møre-Nytt i tida 1940-45. Den skal eg blade meir i. Blant anna var der ein ung mann som søkte etter kjæraste-"Ikkje over 1 meter høg"-lurer på om han fekk "treff" på den.

Med Møre-Nytt i krig 1940-45


I dag er det tre som eg kjenner som har fødselsdag. Det er Stein Inge, son til bror min, han feirer 50-årsdag i dag. Og endå hugsar eg veldig godt då han vart fødd. Eg var på Eid nokre dagar og passa dei to søstrene hans, og det var ulideleg heitt.
Så er det Lise i Stryn som også fyller år, ho er gift med søskenbarnet mitt frå Innvik, men dei bur i Stryn.
Og den tredje er ein tidlegare kollega som hadde Margrete til elev i alle seks åra på barneskulen. Eg har gratulert alle på FB, men om dei skulle kome til å lese bloggen, så sender eg ei helsing her også: 
                                             GRATULERER MED DAGEN!






Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...