Klokka er no 21.30, og dagen forsvann som ein røyk. Det har vore overskya det meste av dagen, og det er ikkje så varmt lenger. Det var rett og slett litt kald vind. Akkurat no er temperaturen + 11 grader C, og skodda ligg langt nedetter fjellsidene.
I dag begynte eg å lage mat straks etter frokosten. Så var det å rydde kjøkkenet og få på oppvaskmaskina før eg gjekk ut. I dag tok eg fram kompostkverna og mol opp greiner av tuja og sypress og nokre plommetre-greiner som låg på vent. Det vart nesten fullt i plastsekken. Eg likar å rydde opp etter kvart, så blir det overkomeleg. Måtte kvile litt etterpå, og då tek eg meg ei stund med Spanish With Paul-ein lærer ikkje så fort i min alder og ikkje sit kunnskapen så lenge i heller.
Eg strikka også litt, før eg køyrde Marit ned til bussen, ho skulle på hytta.
Då eg kom opp att laga eg vaffelrøre, og sette meg så til å strikke. Eg venta Solveig klokka 18, men først kom Helge ein halvtime før. Han la opp ny ledning til TV-en, for den gamle var for kort og han festa ledningen til veggen slik at den er nesten usynleg. Så no har TV fått ny plass og heile stova, nesten, må ommøblerast. Helge , Solveig og eg drakk kaffi og åt vaflar.
Eg hadde eit lite dataproblem som Solveig hjelpte meg med.
Solveig hadde med seg maling som Øystein hadde kjøpt; viss det blir høveleg vêr i morgon skal Einar og Håkon male. Einar skal i alle fall springe rundt Rotevatnet, og då kjem han hit etterpå. Håper han har tid å ete middag med meg.
Vi er ikkje ferdige med mai enno, men har allereie hatt mange fine sommardagar. I dag såg eg at der er tillaga masse plommer på tre, så viss det blir høveleg ver framover kan vi sjå fram til ein god plommehaust.
Eg skal passe katte Lollo mens Marit er på hytta, og då Solveig skulle fare, låg han i ein stol ved sidan av trappa mi. Eg gav han dvs. HO mat og vatn- og ho åt og drakk. Det er no merkeleg at katten forstår at han skal komme hit?
No måeg snart benke meg ved TV-en med strikketøyet mitt. Ønsker alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar