torsdag, mai 31, 2012

Vêrmelding 31.mai - 2012

Klokka er snart halv sju. Ute er det overskya, regnbyger og + 7 grader C. Forrige torsdag var det + 30 grader C. Eg berre nemner det. Det einaste positive eg kan finne med dette veret er at dei tulipanane som kom sist får eit litt lengre liv enn forventa.
I dag har eg vore inne og tatt verda med ro, heilt frivillig er det ikkje. Det gikk bra med meg etter den hasardiøse turen eg tok 2.pinsedag. Trudde eg. Men i går, då eg gikk ein liten,  slapp tur rundt Storebakken, kom verken som eg frykta. Tok rikelig med smertestillande før eg la meg i går kveld, og sov til klokka halv ti i dag. Så har eg berre tusla rundt og gjort litt husarbeid i dag.
Eg strikka ferdig ein lest i går kveld, slik med skiftefarga garn, og så måtte eg ha dagslys for å finne fram til der eg skulle begynne på nr.2. Heldigvis hadde eg kjøpt to nøster med garn, så eg tok det nøstet som vart minst "svinn"på. Eg trudde eg var på rett spor, heilt til eg oppdaga at det andre nøstet var nøsta opp motsett veg. Ja, det er vel berre dei som strikkar med slikt garn sjølve som forstår problemet. Men no har eg heldigvis nok garn til to par lestar, så det blir eitt par av kvart nøste. Eg har hatt større problem i livet enn dette.
Sidan vi har tett program for tida håper eg å bli heilt bra til i morgon. Vi skal på ballett, og så skal vi ha middag her etterpå.
Kjøpte ein 10-pakning med små stemorsblomster som eg planta langs kanten av garasjebeddet.Dei toler det meste.

onsdag, mai 30, 2012

Vêrmelding 30.mai - 2012

Klokka er snart 19.00. Ute er det lettskya, ganske bra ver, men kaldt. + 10 grader på baksida av huset, og litt vind. Eg har nettopp gått ein liten tur "rundt Sorebakken", forma er ikkje klar for lange turar enno.Bildet er frå Vallabøvegen, gata ovafor Starevegen. Eg likar å rusle rundt i nabolaget og sjå på hagane og det som ev. skjer.
Her har Link endelig fått lagt fiberkabel under gata. Dei trudde dei skulle klare å bore seg veg under asfalten, men det gikk ikkje. Derfor er dei kraftig forsinka, glad for at vi har fått det i orden.
Dagen i dag har eg brukt til litt husarbeid, og Nils har klipt plen. Graset veks bra til tross for kulden.
Det er ikkje alle dagar det skjer så mykje, og det treng det heller ikkje gjere.

tirsdag, mai 29, 2012

Vêrmelding 29.mai - 2012

Klokka er no 20.00, sola skin frå nesten klår himmel, det blæs litt og temperaturen er berre + 11 grader. Med andre ord ganske kaldt.
Vi er nettopp komne heim frå Bulduks restaurant der vi har feira Amanda i lag med foreldre, søsken og besteforeldre. Det var pizza på menyen i dag. Ho skal ha bowling-selskap med venner og veninner komande sundag, etter at dei har fått ballettferie. Dei skal ha framsyning fredag og laurdag, vi skal på fredag.
Dagen i dag vart finare enn vi rekna med kva veret angår, så det vart litt uteliv både i hagen og på altanen.
Eg verkte i ryggen sist natt, men etter at eg kom meg i sving i dag, var eg god som ny. Så no ser eg lyst på det å bli ein flittig turgåar.
Eg hadde litt husarbeid som måtte gjerast i dag, men fekk meg ei stund på altanen etterpå-med lydbok. Mannfolka her i nabolaget er for det meste pensjonistar og dei har alltid mykje å prate om, vi damene er ikkje fullt så laid back som dei. Kjekt at dei kosar seg.
Sjølv om det er kjekt med sol, er ikkje dette veret noko særlig bra for alt som skal vekse og gro-slik er det berre.

Amanda 12 år i dag.

Den 29 mai  i året 2000 vart Amanda fødd.. Det var ein kald og regnfull dag, og slik vart heile sommaren.
Det året skjedde det veldig mykje i slekta vår, og det mest gledelige var vel at Amanda kom. Ho kom til verda med langt svart hår, lubben og god! Rolig og ganske alvorlig etter kvart som ho vaks til. Og vi tykte ho passa til å heite Amanda, slik som oldemora på Eid.
I dag fyller ho 12 år, og har vakse opp til å bli ei stor og flink jente, Ho dansar ballett, spelar fotball, spelar kornett i korps og har tenkt å lære seg å spele piano også. Ho er målmedviten og greier nok det ho set seg føre.
I dag skal vi feire henne i lag med foreldre, søsken og dei andre besteforeldra, noko som vi ser fram til.
                                  
                GRATULERER MED DAGEN AMANDA.
                       (Dette bildet er tatt på Bulduks restaurant i dag.)

mandag, mai 28, 2012

Bok nr. 22 - 2012: Øya under havet.

No har eg lese denne boka for andre gong. Då eg las den første gongen, følte eg på at eg ikkje hadde fått skikkelig med meg alt, så alt då bestemte eg meg for å lese den ein gong til. Det har eg gjort, og eg angrar ikkje.
No er eg stort sett begeistra for Allende, ikkje minst fordi ho faktisk kan kunsten å fortelje ei historie. HISTORIA er alltid til stades i romanane hennar som bakgrunn , men også meir enn det. I denne boka fortel ho om  øya Haiti på slutten av 1700-talet og begynnelsen av 1800-talet. Så vi får med oss både Den franske revolusjonen og Napoleonskrigane. Sidan øya på den tida var ein fransk koloni, hadde det som skjedde i Europa ringverknader til øya. På denne bakgrunnen har forfattaren plassert eit rikt persongalleri av svarte, kvite, mulattar m.m. Somme frie og andre slavar. Hovudpersonen er Tété som vi får følgje frå ho er ca 9 år til ho er 40år.
Å fortelje historia hennar verken kan eller vil eg. Det er betre å lese boka sjølv.
Her er mange histriske hendingar, mange personar å halde orden på. Det blir nesten for mykje av det gode. Etter mi meining er boka litt for omfattande, trur forfattaren ville tent på å vere litt meir fokusert. Men eg skal ikkje lære Allende å skrive bøker!!!
For dei som enno ikkje har lese boka, vil eg anbefale å lese litt om boka på førehand. Mykje stoff på nettet.

Vêrmelding 28.mai - 2012

Klokka er 14.30. Temperaturen er + 12 grader C , det er skya, med litt regn og litt sol innimellom. Avgjort ikkje vêr for soling på altanen. Så etter litt fram og tilbake-prat, vart vi enige om å køyre fram i Nupen og gå framover setrevegen eit stykke. Vi ville no sjå på herjingane til Dagmar og naturen elles. Det går an å køyre fram på setra, der er bra veg, men mange gjer som vi og går! Før gikk vi ofte denne turen, for spreke folk er det ingen lang eller tung tur, men det er 8 år sidan eg sist var i stand til å gå her. For jammen kom eg meg heilt fram. Det hadde eg knapt drøymt om at eg skulle oppleve.Litt pussig at eg vi møtte samme personen på same staden som for 8 år sidan, men så går han der nesten kvar dag.
Elva på bildet heiter Rossåa og renn saman med Ørstaelva  (Ose-elva) nede på Mo. Det er to setrar her framme, Mo-setra og Valla-setra, før måtte vi vasse over elva for å komme frå den eine til den andre, men for nokre år sidan vart brua bygt. Den er så gammal at eg har gått over den før. Der er bilveg til Mo-setra også. No driv Nils og lagar til middag. Hadde ein porsjon blandaball i frysaren som skal smake godt i dag.
Her er nokre bilde frå turen:

                            Mykje øydelagd skog over alt.
                            Her har det gått eit ras.

          Dette er restane av den gamle Engesetsetra.

Og her er hyttene på den "nye" Engesetsetra.På andre sida av vegen.
                            Dette er fossen i Tverrberget. 
  Rossåa hadde fått godt påfyll med vatn, ville nødig hamna uti der i dag.
 Vallasetra. Her er det "ekte" hytter og ingen luksuspalass.

søndag, mai 27, 2012

Vêrmelding 27.mai - 2012



Klokka har passert 17.30, vêret er stålande, med ein liten bris, og temperaturen er + 23 grader C.
Det har vore tilløp til skyer eit par gonger, men så har det klarna opp att.
Det var såpass med vind i dag at det å fare på sjøen ikkje var noko alternativ. Eg greier ikkje å gå når det er varmt, beina mine blir som bly, så det vart til at Nils gikk tur i skogen mens eg sola meg med lydbok på altanen. 
Han gjekk opp skogsvegane i fjellsida her, så langt opp som vegen går, og det var utrulig kor mykja Dagmar hadde meia ned.Det er fint å gå på desse vegane, men ganske langt om ein går heilt opp. Ja, i alle fall for meg. Eg HAR vore der, men det er lenge sidan.
Eg må tilstå at eg var så syndig at eg nytta den gode klestørken til å bytte på sengane, vaske sengetøyet og ha det på att. Litt anna klesvask vart det også.
Elles tek vi det lettvint med maten slike dagar, men passar på å få i oss nok kaloriar.
Reknar med at det beste veret er over for denne gongen, men vi får kanskje meir seinare? Håper det!

lørdag, mai 26, 2012

Vêrmelding 26.mai - 2012

Klokka er ca 19.00. Temperaturen er +23  grader C og veret har vore strålande i heile dag.Vi får nyte dei dagane vi får, og det er jo flott at veret er bra i pinshelga når mange er fri.
Nils har hatt eit prosjekt på gang, nemlig beising av altanrekkverk. Han må ta det i etappar, for han reagerer på "dunsten" av beisen. Eg har gjort litt lettare husarbeid, shina opp kjøkkenet, vaska klede etc etc. Det er ikkje fritt for at eg har sola meg på altanen, men eg heldt ikkje ut så lenge om gongen. Det har vore varmt. Vi var ein liten tur på nærbutikken f.m. elles har vi vore heime.
Var ut og plukka inn rabarbra, som no er blitt til ei skål rabarbragrøt.Kokte nokre tørre vaniljestenger i lag med rabarbraen, noko som gav ein litt meir spennande smak.Nils er kry av sukkerertene som han som vanlig sådde tidlig og som no spirer. Han har ikkje kjøpt nye frø (erter) på mange år, men tek til sides så-erter av våre eigne.


No blomstrar buska som vi kjøpte i staden for den døde skjærsminen. Hageperlebusk heiter den.Dreiv og vatna tidlegare i dag, det som er nyplanta må få ein ekstra tår.
Og i kveld er det MGP . Favoritten min er Serbia, men håper det beste for Norge og Tooji.Det er i alle fall mykje kjekkare når Norge er med.
Eivind hadde vore på besøk på Kulturskulen, og der var ein av dansarane frå Fairytail og lærte dei å "sparke hatten". No er Rasmus med familie i Daftø, der dei skal feire pinsa i leikeland.

fredag, mai 25, 2012

Vêrmelding 25. mai - 2012

Klokka har passert halv åtte, vart nesten forskrekka då eg oppdaga det. For ute er det +21 grader C, sol og sommar. Nils klipper plen, men fekk tid til ein liten pust i bakken i lag med Peder-som de ser.
Sist natt hadde det regna litt, noko som trulig forlenga livet til tulipanane med ein dag eller to. Dessutan var det bra for meg at det ikkje vart så mykje sol i dag, for eg var litt solbrent frå i går. 
Etter at eg hadde støvsuga og rydda til helga tok vi oss ei shoppingrunde i Ørsta og Volda. Eg kjøpte meg ei sommarleg strikkejakke, litt garn, og elles vart det stort sett mat.
Vi hadde tenkt å ete lunsj/middag på Landskape i Volda, men dei hadde endra opningstida, så det blei til at vi kjøpte med oss pizza heim.
Etter at vi hadde ete, la eg meg ut på solsenga og sovna som ein stein. I dag var det akkurat passe varmt til å ligge ute, i går var det ikkje mulig. Då bikka tempen her + 30 grader.
Det klårnar meir og meir opp, så det er håp om ei fin pinshelg. Vi har ingen spesielle planar, men vi er fri til å fare dit vi vil. 
Handa som eg skada i går var heilt fin att i løpet av nokre timar.
Ønsker alle ei kjempefin pinse!

torsdag, mai 24, 2012

Vêrmelding 24.mai - 2012

                         Steinnes til høgre i bildet.
Klokka har passert 16.00, temperaturen er + 29 grader C, og vi har hatt enda ein nydelig sommardag. Eg har sett på yr.no at det er meldt regn i morgon, og små skyer har alt vist seg på himmelen.
Før middag i dag sette eg meg til i nærmare to timar for å få i hop eit referat frå møtet i går. Nils dreiv og beisa altanrekkverk. 
Vi var samde om at i dag var det ikkje råd å ligge på altanen og sole seg, så vi tok ein tur ut med båten. Det var friskt på sjøen, men varmt nok til å kle av seg så mykje ein ville. Deilig! Nils prøvde å fiske litt, men fekk ingen ting. Eg skulle fotografere, men såg ikkje kva eg tok bilde av, og når ein dertil sit i ein gyngande båt, vart ikkje resultatet det heilt store.
Vi gjorde eit lite strandhogg, såpass eg ramla i fjøresteinane og tok meg føre med høgre handa, så den er ikkje er heilt i form. Trur ikkje den er broten, for brote den har eg gjort før ein gong, og det var mykje verre. Eg gløymer at eg er gammal og stort sett berre har gått på flate golvet i mange år. (Godt at eg har skrive referatet i alle fall).
Kjende med handa på sjøen, og eg skulle fint ha greidd å bade i dag."Dessverre" hadde eg ikkje badedrakt med meg.
Når ein køyrer rundt Berkneset, ser ein at det er ein heil hytteby ned mot sjøen. I dag fekk eg Nils til å gå med båten langs stranda så eg fekk sjå hyttene.Der var hytter i alle prisklassar, for å seie det på den måten.
Det var veldig fint å vere på sjøen i dag, men kunne tenkt meg ein meir komfortabel båt.

onsdag, mai 23, 2012

Vêrmelding 23. mai - 2012

Klokka er no 21.00, og enda ein nydelig dag har gått over i historia. På trappa vår er det +22 grader C, men det har nok vore minst +25 før i dag. Det er berre lekkert! Dessverre måtte vi vere ein del inne i dag, men fekk oss ei stund på altanen mellom øktene.
Klokka 12-13 var vi på kulturhuset og dekka bord, bretta serviettar m.m. Så var det pause til møtet skulle begynne klokka 16.00. Vi brukte pausen til å ete, sole oss og dusje m.m.
Det var eit innhaldsrikt møte og klokka var 19 før det var heilt slutt. Nokre av dei som brukar å hjelpe til var sjuke i dag, så det blei litt ekstra på oss andre. Men det gikk fint.
Eg noterte så mykje under programmet at det blir litt av ein jobb å velje ut kva eg skal ta med i avisreferatet. Eg orka ikkje å begynne på det i kveld. I staden gikk vi oss ein liten tur, prata med naboar og andre vi møtte på vegen. Godt å kjøle seg ned litt.
Det er kjekt å sjå på hagane til folk også. På bildet over kan de sjå at sola er vekke her i vårt område, mens dei enno har sol i Mosmarka, og på andre sida av fjorden. Høyrer motorsager over alt, og mange tre, både små og store, blir felt i desse dagar.
Ein av naboane i Starevegen har laga til denne skråninga ned mot vegen. Den er ekstra fin på denne årstida.
Desse tulipanane er nye av året her hos oss. Sette løkane sist haust.Eg er ekstremt glad i tulipanar.
 Og slik kan det bli om ein tek bilde MOT sola i det ho går bak fjella i vest.

tirsdag, mai 22, 2012

Vêrmelding 22.mai - 2012

Klokka er snart halv fem, og vi måtte inn ein tur for å avkjøle oss. Vi har lagt på altanen ei stund, eg har sove middag og lese bok- og sola meg.
Temperaturen ute er no + 25 grader og det er SOMMAR! Det er så vidt nokre små skyer på himmelen, men dei er berre til pynt.
Frå morgonen av var vi ute i hagen og jobba skikkelig. Nils tømde eine kompostbingen og la molda ned mot grensa til naboen, så vil han så i, og prøve å kvele skvallerkålen. Eg reinska ugras, fleire bøtter fulle med skvallerkål blant anna. Vi har prøvd å vere mest mulig ute i dag, sidan det er pensjonistmøte i morgon og vi må halde oss inne då.
I fjor kjøpte eg nokre sommarblomster som eg hadde i beddet , blant anna nokre blå som heiter Surfinia(? Eller noko liknande). No fekk eg same sorten , men fleire fargar i ei potte. Det er den de ser på bildet.Eg synest dei gjer mykje av seg og så dekker dei "botnen" etter kvart.
Eg likar godt å jobbe i hagen, men kan ikkje styre på så mykje som eg eigentlig har lyst til, på grunn av ryggen.
Eg har opplevd det før, og i år har eg fått fleire slike. Eg plantar raude og gule tulipanar i lag, og så får eg etter ei tid slike spraglete. Fekk forresten sådd blomkarse nedanfor garasjen i går, og så planta eg ut to rosa pelargoniar frå i fjor- i krukker på trappa. Viss veret held seg lenge nok, skal vi beise altanrekkverket.
Når vinden (utrønå) stilnar, skal Hassan og Nils ut og sjå om makrellen er komen.
Det er mykje å bruke fineversdagane til!

mandag, mai 21, 2012

Vêrmelding 21.mai - 2012

Klokka er snart halv to, og vi har fått middagen på kok. Ute er det ein strålande sommardag, den første i år. Temperaturmålaren på baksida av huset viser utrulige +20 grader C, og eg har vore ute i korterma T-skjorte. Heilt fantastisk.
Vi starta dagen med å fare bort på Rystelandet og handle mold og plantar. Beddet ved garasjen hadde eg reinska ferdig laurdag ettermiddag, så vi fylte berre på litt mold og planta ein del sommarblomster. Dei er ikkje så store enno, så enn så lenge er det tulipanane som dominerer. Vanskelig å vite korleis det blir etter kvar som tullipanane vert borte og staudene veks opp. I fjpor hadde eg ein idé om at beddet skulle vere så stilig i berre rosa og raude nyansar, pluss litt blått. Det gikk sjølvsagt heilt skeis, for det dukka i tillegg opp stauder og roser i gult og orange.Så i år satsar vi på "Mixed colours".
Sette nokre nye tylipanar sist haust, som er litt seinare enn dei andre. Berre ein er fullt utsprungen, og den var vakker.Den står i beddet nedanfor garasjen, der vi kvart år sår blomkarse i tillegg til dei som sår seg sjølv, slik at både beddet og veggen blir heildekt.

Bok nr.21 - 2012: Paganinikontrakten

Denne boka las eg ferdig sist natt. Har aldri lese noko av Lars Kepler før, og lenge trudde eg at eg hadde funne nummer tre i topplista mi, for boka var virkelig god på mange måtar.
På første plass har eg Jussi Adler Olsen, frå Danmark, på andre plass tronar Leif GW Persson frå Sverige. 
Grunnen til at Kepler ikkje får tredjeplassen, er først og fremst språket, det er alminnelig og greitt, men utan originalitet. Og her ryggar dei bakover.
Boka har eit alvorlig og spennande tema; nemlig sal av våpen til land som er i krig og konflikt.
Her er mange personar og mange "parallelle" historier, men det er ikkje vanskelig å følge med, for forfattaren sørger for å oppdatere oss.Boka er på mange måtar enkel, og byr ikkje på dei heilt store overraskingane. Det som er av spenning kjem i scenene med forfølging, skyting, dreping etc. og det er liksom ikkje MIN stil.Mykje blod!
Les gjerne om boka på nettet-eller les den sjølv.

søndag, mai 20, 2012

Vêrmelding 20.mai - 2012

Klokka er snart 13.00, ute er det nydelig , lettskya ver, men berre + 12 grader.
Før, då eg var lettare til beins enn no, gjekk vi som regel  tur om sundagane. Ein kort og lett tur var å gå rundt Bjørdalsvatnet, eller Dalsvatnet, som er det rette namnet. Denne turen har eg lengta etter å gå igjen, og i dag greidde eg det. Det er grusa "bilveg" heilt rundt, så det er ingen krevande tur. Vi hadde høyrt rykte om at Dagmar hadde herja vilt inne i dette området, som er nesten som ei gryte med fjell på tre kantar. Og rykta laug ikkje. Mykje granskog hadde vinden tatt, og mykje var blitt saga ned. For med var det berre ein fordel, for no fekk vi sjå glimt av vatnet mens vi gjekk. Detsom ein går over fjellet her, kjem ein ned i Austefjorden, på vegen til Volda.
Ved inste enden av vatnet var all skogen borte.
    Somme stader hadde det nok gått ras også.
Her er vi komne rundt, og ser oss tilbake; då var sola skikkelig framme også.
På vegen heim, stoppa vi ved denne brua som ligg nær Dalane skule. Fabelaktig ingeniørkunst frå gamle dagar!


lørdag, mai 19, 2012

Vêrmelding 19.mai -- 2012

Klokka er 19.00, temperaturen er + 12 grader og det er lettskya ,nydelig ver. Då vi stod opp i dag var det både vått, kaldt og grått, men så blei det finare og finare utover dagen.
Før middag var vi på ei lita handlerunde, kjøpte mellom anna litt plantar til kassene utanfor kjøkkenvindua og ei buske til hagen.
Då vi kom heim vart det litt hagearbeid, eg skulle prøve å rydde beddet opp mot vegen, men det gjorde ikkje heilt godt for ryggen å bøye seg så mykje. Var vel litt overmodig i går, då eg etter å ha vaska skap heile føremiddagen, tok ein heller lang (for meg) tur i skogen. Beddet vart ikkje heilt blåst, men mykje betre enn det var.
Nils reiste til Volda klokka 15 for å sjå Erlend sparke fotball, men eg vart verande heime, var redd for at det vart kaldt å vere tilskodar. Eg jobba litt meir i beddet, og så la eg meg ut på solsenga(godt påkledd) og høyrde lydbok.No er det aldeles nydelig ute, og hadde eg vore i form til det, skulle eg hatt meg ein tur i skogen i kveld også. Men eg får vente ein dag eller to.
Ønsker alle ei god helg. Nyt fineveret mens vi har det.

fredag, mai 18, 2012

Vêrmelding 18. mai - 2012

Klokka har passert 14.00 og Nils kokar salta lange til middag. Ute er det skya vêr, men det ser ut til å bli lettare etter kvart. Temperaturen er + 11 grader. Det første Nils gjorde i dag, var å ta opp rota til den døde skjærsminen, den som ein gong var så vakker. For to år sidan fann eg ut at vi skulle klippe den skikkelig ned, så skulle den få fred å vokse og blomstre i mange år. Det gikk IKKJE bra.
I dag er eg skikkelig kry av meg sjølv. Å starte opp med å vaske og rydde skap, er ikkje det første eg gjer, for å seie det slik, men det er kjekt når ein først kjem i gang. I dag tok eg og vaska og systematiserte alle klesskapa våre, og oppdaga at vi har store mengder med klede hengande som sjelden er i bruk. Ikkje noko av det er gammalt. Så no blir det kjøpestopp. Kanskje. Eg får ikkje så mykje skryt her heime for det eg gjer, så no har eg lagt det inn på FB slik at eg kan få litt forståelse.Å rydde skapa mine på kontoret er ekstra kjekt, for då høyrer eg lydbok på datamaskina.
Håpet no er at det skal bli utever, så eg få ordne blomsterbedda før ugraset tek aldeles overhand.
                     Slik såg skjærsminen ut før klipping.

torsdag, mai 17, 2012

Vêrmelding 17.mai 2012

Klokka er snart halv seks, vêret i dag har vore kaldt og grått, og ut på ettermiddagen kom regnet -så då vart det innedag for oss. Vi er i den situasjon at vi bestemmer sjølve kva vi vil gjere. Temperaturen er no + 9 grader C.
Tenkjer på alle dei åra eg gikk i barnetoget med klassene mine. Det kunne vere både kaldt og vått somme år, men eg hugsar også at det vart varmt i ryggen på veg opp mot aldersheimen. Når vi gikk nedover den bratte Prestebrauta var det mange som miste sløyfene sine, og somme trakka skorne av den som gjekk framfor dei. Same kor det var, så likte eg å gå denne runda og vinke og helse på kjentfolk langs vegen. Såg meir kjentfolk den dagen enn heile resten av året.
Etter at eg slutta å gå i toget, og heller ikkje har barn eller barnebarn i bygda her, har eg ikkje brydd meg så mykje om å delta i feiringa av dagen. Like greitt å  vere heime og sjå TV, lese etc.
Det har vi gjort i dag. Har ikkje hatt verken kake eller anna godt heller, for den sorten har det blitt nok av dei to siste månadane.
Til middag i dag, fann vi fram nokre restar, så vi hadde god mat. Etterpå var det ein strekk på sofaen-Nils var stille så lenge at eg fekk lese ei heil plate av boka mi. Han hadde brukt mykje av føremiddagen til å filetere fisk, så eg var redd eg måtte til å lage fiskekaker i dag- DET slapp eg heldigvis. Men fisken ligg i kjøleskapet på vent.
No fekk eg ikkje til å legge blogginnlegget på Google Chrome heller. Heldigvis virkar Mozilla- enn så lenge.
Det har vore ein kald og våt vår, men eg kan ikkje hugse at påskeliljene har stått så lenge nokon gong før. 
Håper at de har hatt ein fin dag tross regn og kulde.

onsdag, mai 16, 2012

17.mai i sol og regn.

Vi hadde ein del 17.maibilde på dias som Rasmus fekk lagt inn på data. Eg veit ikkje kva årstal bilda er frå, men eg ser at Solveig går i 2. eller 3. klasse, og Rasmus ei klasse under. Margrete er ikkje med på bilda, så det er før ho begynte på skulen.
Solveig begynte på skulen i 1970, så bilda må vere frå -72-73.På det øvste bildet er det mykje mindre snø i Melshornet enn det er i år.







DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...