mandag, mai 21, 2012

Vêrmelding 21.mai - 2012

Klokka er snart halv to, og vi har fått middagen på kok. Ute er det ein strålande sommardag, den første i år. Temperaturmålaren på baksida av huset viser utrulige +20 grader C, og eg har vore ute i korterma T-skjorte. Heilt fantastisk.
Vi starta dagen med å fare bort på Rystelandet og handle mold og plantar. Beddet ved garasjen hadde eg reinska ferdig laurdag ettermiddag, så vi fylte berre på litt mold og planta ein del sommarblomster. Dei er ikkje så store enno, så enn så lenge er det tulipanane som dominerer. Vanskelig å vite korleis det blir etter kvar som tullipanane vert borte og staudene veks opp. I fjpor hadde eg ein idé om at beddet skulle vere så stilig i berre rosa og raude nyansar, pluss litt blått. Det gikk sjølvsagt heilt skeis, for det dukka i tillegg opp stauder og roser i gult og orange.Så i år satsar vi på "Mixed colours".
Sette nokre nye tylipanar sist haust, som er litt seinare enn dei andre. Berre ein er fullt utsprungen, og den var vakker.Den står i beddet nedanfor garasjen, der vi kvart år sår blomkarse i tillegg til dei som sår seg sjølv, slik at både beddet og veggen blir heildekt.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg bruker å seie at ein set mest pris på dei første og dei siste blomane i hagen - sjølv om roser og peonar er dei finaste!

Dagbok 2024: 16.november

  Utsikt frå trappa Klokka er no16.11, temperaturen ute er +4 grader og i dag har det blese aldri så lite . Eg burde vel vere glad for det, ...