Eg var litt låk i føtene etter gårsdagens jobb, men det går relativt fort over når eg tek ein halv strikkedag. Det var så kjekt å få strikke litt igjen, men eg må vere veldig forsiktig, for no er det venstre handa som protesterer litt, det er den handa som eg braut for nokre år sidan.
Eg hadde ingen planar for morgondagen, men no fekk eg melding frå Margrete om at ho har fri i morgon og vil komme ein tur. Eg ser fram til å få høyre nytt frå jobben hennar etc, vi får sjå kva vi finn på. Eg må kanskje ein tur på butikken før ho kjem, for eg gløymde diverse i dag. No kan eg fare på butikk kvar dag om eg vil.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar