Klokka er no 17.10, temperaturen ute er +18 graderC og sola skin, det har ho gjort i heile dag.
I dag hadde eg bestemt meg for å gjere diverse, og eg starta opp med å spyle altanen. Eg forar ein skokk med fuglar der ute og dei rotar med frøa dei får, der er nemnleg skal å frøa og desse skala ligg att.Og når vi går ut på altanen dreg vi med oss rusk inn. Men i dag vart der altså reingjort og desse frøa har eg brukt opp..
Då eg var ferdig med den jobben tok eg fredagsvasken som eg brukar å kalle den, det vil seie at eg vaskar skikkeleg på bad og kjøkken.- Og så var det tid for grasklipp. Batteriet var ladda så det var berre å sette i gang, eg må berre seie at den klipparen eg har no høver ikkje så godt for meg, men eg kjem no i land på ein måte. Heldigvis klipper naboen den plenen som ligg opp til vegen, så ser no der skikkeleg ut.
Då vart det tid for å sette batteriet på ladding, og eg kunne lage meg litt mat- og så såg eg at Marit var ute, så eg måtte opp og prate litt med henne etterpå-
Eg strikka ferdig andre lesten i går kveld, men der er noko eg må fikse før den er heilt i orden. Veldig kjekt å få strikke litt igjen, no må eg berre ikkje overdrive.
Fint ver har vi i alle fall hatt i dag, så sommaren er ikkje heilt over for oss som har heilårsferie.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar