fredag, november 30, 2018

Dagbok 2018: 30.november



Klokka er 19.30, temperaturen er + 9 grader, og det blæs og regnar litt. Berre lekkert, så lenge det er så mildt. Eg slepp å fyre i omnen, har det meir enn varmt nok med varmepumpa.
I går kveld var det vanskeleg å sovne, vanskeleg å finne ei stilling som ikkje var vond. Eg vurderte å stå opp og sove i ein  stol i staden, men følte at eg trong å strekke meg ut. Ved hjelp av litt ekstra medisin sovna eg til slutt og sov til klokka var nærmare 9 i dag. 
Eg var LITT betre i foten i dag, så eg greier faktisk å gå litt utan støtte, men verker viss eg går berre litt for mykje. Eg kjenner så att symptoma frå sist vår, då gjekk eg på samme måten. Men eg kjeder meg ikkje og tida går fort, sjølv om eg for det meste sit og strikkar.Eg held på å stikke lestar av garn og mønster som eg har fått av Solveig. Ho hadde kjøpt ein såkalla "garnpakke". Og det garnet er så hardt og ekkelt å strikke-heilt sånn gammeldags, men kjekt mønster på brotet. Har snart strikka ferdig begge brota, resten gjer eg på min eigen måte.
Marit kom nedom i går kveld og heldt meg med selskap, ho sette bossdunken opp til vegen for meg og i dag trilla ho den ned att og så henta ho posten til meg. Men i kveld reiser ho på weekend-tur til Kjartan.
Elles hadde eg besøk i kveld av ei gut frå fotballaget som selde skrapelodd til 50 kr stk. og eg kjøpte to. Skrapa og skrapa -men vann ingen ting. Men han ønskte meg i all fall god betring med foten. Det samme gjorde ein som kom frå Folkehøgskulen, ein som samla panteflasker. Eg forklarte han kvar flaskene var, hadde ein heil sekk i vaskekjellaren, så han henta dei sjølv. Mor mi lærte meg eit uttrykk: "Intet kommer i en lukket hånd"-så no er eg spent på lottotrekninga i morgon.
Eg greier meg fint her åleine, men reknar med at det kjem einkvan i morgon, det minkar på brødet, og eg kjem meg knapt nok ned i kjellaren, går i alle fall ikkje trappa. No blæs det got ute - og eg elskar å høyre vinden. Resten av kvelden blir det strikketøy og TV, same procedure as every night.
God helg til alle ! I morgon startar vi på julemånaden og søndag er det første søndag i advent. Får håpe her kjem einkvan og kryp opp på loftet mitt og hentar ned pynten! Såg at Jørn lenger ute i gata alt hadde lyst opp huset sitt.

torsdag, november 29, 2018

Dagbok 2018: 29.november

Klokka er 17.00, det er mørkt ute, opplett og + 9 grader. Temperaturen er det mest positive i dag.
No vil er påstå at året 2018 har vore eit rimeleg bratt år for meg og mine. No var mykje kome på plass og eg har hatt mange fine opplevingar av konsertar og ymse sosiale samver.
Siste veka eller vel så det  har eg hatt vondt i venstre foten - litt irriterande no når høgrefoten hadde kome seg til slik at eg kunne gå både hit og dit. Følte meg litt mindre handikappa enn før. 
Men venstrefoten vart berre verre og verre, det var først og fremst kneet som var vondt.
I dag tenkte eg at viss eg tok det heilt med ro, kunne eg kanskje klare å rense teppet på stovegolvet, og sette i gang med det. Men då eg skulle dra fram ein stol, var det som om noko slitna i knehasen på venstrefoten. Det var så låkt at eg ropte høgt sjølv om eg var heilt åleine.
Eg har gått og lurt på om eg skulle kontakte fysioterapeut, lege eller smerteklinikk, men no vart det "Øyeblikkelig hjelp". Eg ringde legesenteret og fekk time 13.40, tinga Taxi og kom inn med det samme. Det var ein kvinneleg lege, og ho stilte diagnosen utifrå det eg fortalde og det ho undersøkte. Ho meinte det var ei cyste på baksida av kneet som hadde sprukke-det var heilt typisk etter slik eg hadde opplevd det. Det var ikkje mykje å gjere med det, berre ta det med ro og vente til det kjem seg. Eg spurde om eg ikkje kunne få ei sprøyte eller liknande mot smertene, men det var ikkje aktuelt. Eg kan sjølvsagt ta smertestillande tablettar. Då eg hadde det på samme måten i høgrefoten, sat eg med beina høgt, og det har eg gjort i dag også, etter at eg kom heim, tok Taxi då også. Eg kommanderer på taxisjåførane så dei må både leie og støtte meg. 
Inne i hus går eg med dusjkrakken eg kjøpte til Nils som støtte, men går det som sist greier eg snart å gå for eiga maskin.
Apropos maskin, så står tepperensmaskina midt på golvet enno. Viss nokon kjem på besøk så berre ring på og gå rett inn-ikkje vent på at eg skal komme og late opp. Døra er ikkje låst, men den er treig.

Bok nr.39 -2018: Armauer



Omtale fra forlaget

I Armauer befinner vi oss i Bergen på slutten av 1800-tallet, der oppdageren av leprabasillen, legen Gerhard Armauer Hansen, er aktiv. Midt i dette miljøet finner vi også en kvinneskjebne som lever i skyggen av den store oppdageren.


«Armauer er ikke Gud, sier Inger. Nei da. Hun ler litt og ser ned i koppen, gjør store øyne. Det har jeg aldri sagt. Armauer, han er bare et menneske. Av kjøtt og blod, som deg og meg, han. En dag kommer han tilbake. Da vil Armauer spørre: Hva gjør den kvinnen her blant alle de glemte, døde?»


Inger og den unge Johanne bor på leprahospitalet St. Jørgens i Bergen. De drømmer om å komme seg vekk derfra.
………..…………………………………………………………
Denne boka har eg lese på papir i ein viss fart, og det var ei litt uvanleg bok, så eg veit ikkje heilt om eg likte den. Eg skulle kanskje ha lese den sakte og tenkt litt meir langsmed, men når eg les papirbøker går det fort for seg.

onsdag, november 28, 2018

Dagbok 2018: 28. november


Klokka er 18.50, temperaturen ute er + 7 grader C. Klokka 10 i dag føremiddag var det minus 5 grader C, så det er snakk om ei alvorleg stiging på temperaturen. Og det merkast inne også. Ikkje meg imot, eg likar ikkje kulde. Noko som er merkeleg, og som eg aldri har sett før, er at det ligg snø på marka og på gata, men ikkje i fjellet.
Eg er framleis ikkje særleg mykje betre i venstrefoten, kneet er ein ting, verre med hofta, den gjer at det er vondt både å sitte og å ligge. Eg er også litt sår i halsen, men eg er ikkje sjuk!
Eg har vore litt passiv desse siste dagane, men eg har i alle fall strikka litt. Eg har strikka meg ein god varm "hals"-kanskje derfor vi fekk mildvêr ? Og så stoppa eg hol i nokre lestepar. Det høyrest sikkert litt rart ut, men eg likar å stoppe sokkar.
Elles har eg ikkje gjort så mykje. Men så fann eg ei melding på Messenger-Audun ville ta seg ein tur innover. Eg hadde ikkje tid til å lage noko spektakulært, så det vart sveler. Mens eg steikte dei siste svelene ringde Ellen Marie, så vi fekk oss ein hyggeleg prat før Audun kom. Vi drakk kaffi og såg sjakk. No har eg ikkje sett TV på ei stund, så no må eg sjekke korleis det går med Magnus. No blomstrar den siste novemberkaktusen min, Den heng frå taket her på datarommet mitt. Eg har fire som er avblomstra.



tirsdag, november 27, 2018

Dagbok 2018: 27.november

Klokka er 16.50, temperaturen ute er minus 4 grader, og det er framleis kaldt og fint vêr, men sola når ikkje lenger ned til oss.
I dag har eg ikkje hatt det så bra. Eg sovna bra tidleg i går kveld, men vakna opp att klokka 3 og fekk ikkje til å sovne igjen. Eg las ut lydboka eg heldt på med, men til slutt måtte eg opp og ta meg litt mat, sovna i 7 -tida og sov til klokka 9. Stod opp, men var ikkje i form, det var foten som verkte, eg var trøtt og fraus, same kor eg fyrte.
Fekk no lagt i hop ein klesvask og gjort litt småtteri før eg tok dyna med meg inn på datarommet og la meg på dagsenga her. Etter å ha lese ei halv papirbok mens eg fraus og fraus til tross for at her var varmt i rommet, stod eg opp og dusja og vaska håret. Då slutta eg i alle fall å fryse. Så åt eg litt, og fann ut at eg skulle legge utover nokre lilla løparar sidan det snart er advent, og dermed måtte eg stryke både det eine og det andre. Og tørka støv på stova. Meir har eg ikkje gjort i dag.
Eg er ikkje i form! Eg plar sjeldan og aldri vere sjuk, men no lurer eg på om eg har eit snev av influensa til tross for vaksinen. Eg er vant til å ha vondt i beina, men ikkje til å vere generelt uvel, og eg likar det ikkje. Har ikkje annan medisin enn Coca Cola. Eg har ikkje feber-det har eg nesten aldri hatt.
No fekk eg syte og klage litt, men håper eg er i litt betre form i morgon.

Bok nr.38 -2018: Det innerste rommet

Dette er den 13. boka om William Wisting.

Da den respekterte arbeiderpartikjempen Bernhard Clausen dør av et hjerteinfarkt blir Wisting hasteinnkalt til et møte på Riksadvokatens kontor. På hytta til Clausen er det gjort funn som er uforenelig med bildet av ham som en drivende dyktig og helstøpt politiker. Nasjonale interesser kan være i fare og saken må utredes uten at presse og publikum får vite hva det dreier seg om. I tillegg til noen få, utvalgte politifolk engasjerer Wisting også datteren Line i den hemmelige etterforskningsgruppen.

Sporene i flere uløste kriminalsaker krysser den avdøde partiveteranens fortid. Blant annet forsvant det i 2003 en ung mann på fisketur ved Gjersjøen i Oppegård, og ikke lenge etter fikk Riksadvokaten et anonymt brev med teksten: Sjekk helseminister Bernhard Clausen i Gjersjø-saken. Tipset ble den gangen vurdert til å være uten verdi og aldri fulgt opp. Tilfeldighetene vil at Adrian Stiller i Kripos sin cold case-gruppe har fått Gjersjø-saken på sitt bord, og motvillig innser Wisting at han trenger Stillers hjelp for å avsløre Bernhard Clausens innerste hemmeligheter.
…………………………………………………………………….
Denne boka las eg ferdig i natt då eg låg og ikkje fekk sove. Eg er ikkje så begeistra verken for denne forfattaren eller opplesaren, så boka er ikkje min favoritt. Lier  Horst er sjølv politimann og skriv truverdig om måten politiet arbeider på. Men eg vil heller ha litt eventyr og action når eg les krim. Krim frå røyndommen får vi på TV.

mandag, november 26, 2018

Dagbok 2018: 26.november

Klokka er 17.15, temperaturen er minus 2 grader, det er lettskya og opplett. I dag tidleg då eg stod opp hadde det kome litt snø på marka, det kvite var ikkje rim i dag. Eg la meg rimeleg tidleg i går kveld, klokka hadde berre så vidt passert midnatt, og eg hadde ikkje noko særleg eg skulle gjere i dag, så eg bestemte meg for å sove LENGE. Jau takk som byr, eg vakna før klokka var 6. Låg ei stund og las i den varme senga før eg stod opp i 8-tida. Eg tok oska ut or omnen og kveikte opp før eg laga meg frokost. Venstre foten var vond, men eg greidde no å gå litt omkring, ut og hente meir ved, ned i kjellaren og sette på vaskemaskin etc. Så vaska eg bad og kjøkken, det hadde eg ikkje gjort før helga. 
Kladda eit lite avisinnlegg , og så vidare. Har lagt meg opp nytt strikketøy og så driv eg og lagar ein liten julekviss innimellom. Best som eg sat og halvsov over strikketøyet, ropar det borte i hjørnet: Brannalarm! Brannalarm!. Eg har ei slik forsterkar som går på brannalarm, telefon og dørklokke fordi eg høyrer dårleg. Eg trudde sånn passeleg på den alarmen, men gjekk no innom alle romma og sjekka. Eg rekna med at det var tørketrommelen som var syndaren-for den stod på og produserte varm damp i rommet. Litt etter kom det ny alarm og eg måtte ta runden om att. Då let eg att døra til vaskekjellaren og sidan har eg ikkje høyrt noko.
Til middag i dag hadde eg ein rest frå laurdag. Trur ikkje eg har fleire restar no. Håper det.
Elles har det vore ein veldig fredeleg dag, men eg kunne tenkt meg å vore litt sprekare no i førjulstida, blir eg ikkje betre snart, så ringer eg til anestesilegen "min"- og får nokre sprøyter. Tenk kor lenge eg var bra, og så begynne å plagast att no. Det er surt.
No skal eg ut og tømme oppvaskmaskina, hendene er det ikkje noko i vegen med, heldigvis.


søndag, november 25, 2018

Dagbok 2018: 25.november

Leiteaksjon

Klokka er no 17.40, temperaturen er minus 4 garder og vi har hatt fint v, kaldt vêr i dag også. Trur temperaturen var nede i minus 6 grader,  eller endå lenger nede,til å begynne med. E g vakna tidleg men låg og kosa meg i den varme senga før eg stod opp i 8 tida. Det vart ein kald oppstandelse, eg hadde vore så uheldig at eg hadde rykt ut stikkontakta til varmepumpa under sløkkerunden i går kveld. Det vart full fart på pumpa og ein liten vifteomn eg har før eg fekk kveikt opp i omnen, det varde ikkje så altfor lenge før her var leveleg. For slike varmkjære dyr som meg er alle temperaturar under + 20 grader "frysihel"- sjølv om eg kler meg varmt.
Heldigvis hadde eg litt å styre med, det hjelper også på varmen. Eg hadde leita fram det meste i går kveld, så det var fort gjort å lage ei panne med ein slags brennsnut.
Bodil og Svein skulle komme med bilen min i dag, så vi måtte ha litt mat, rekna eg med. Eg fekk vite at Audny skulle vere med, så då ville Solveig også ta seg ein tur. Det var meininga at eidarane skulle ta laust før klokka 11. Så fekk eg melding frå Bodil, dei hadde køyrt bilen min ned til Audny for å plukke opp henne, men då dei skulle fare vidare, stod bilen i sju steinar. Bodil og Svein kom likevel, og dei er så flinke å ordne opp. Svein stilte ein førebels diagnose, 
Og etter at vi hadde ete ringde Bodil verkstaden, og for ei lita stund sidan ringde Svein. Det var berre ein bagatell som feila bilen, slik han trudde, og no kjem alt til å ordne seg. Det står ikkje på når ein får så god hjelp. Svein tok også med seg den elektriske motorsaga mi for å file den skikkeleg opp-den beit ikkje i det heile tatt.
Til tross for alle problema hadde vi ei kjekk stund, vi har alltid mykje å snakke om. Solveig kom heldigvis, såpass ho fekk med seg resten av suppa heim.( Eg hatar å ete restar i dagevis.) Bodil syntest ommøbleringa var så kjekk, for i dag kunne vi sitte og sjå ut på fuglane som var og åt av all maten eg har lagt ut-mens vi drakk kaffi.
Dei har leita etter den bortkomne dama i dag også. Det er eit mysterium kvar ho kan vere, og kva som har skjedd. Det var vondt for mange her i bygda i går når NRK-TV sende innslaget om råning i Ørsta, på samme tid som heile bygda engasjerer seg i leiteaksjonen. Ørsta er ikkje først og fremst ei "rånebygd"- om nokon trur det.

lørdag, november 24, 2018

Dagbok 2018: 24. november


Klokka er 17.05. Temperaturen er minus 3 grader C men det kjennest ikkje lenger så kaldt ut som det gjorde med det samme kulden kom, ein grunn kan vere at ein venner seg til den, og så kan det vere at lufta vert tørrare etter kvart.
I dag tok eg tida på sola. Ho kom inn i stova til meg klokka 10.20 og var her ca.1/2 time. Ikkje lenge nok til å varme opp huset. Eg fyrer med ved i tillegg til at varmepumpa står på heile døgnet.
Har ikkje gjort så mykje i dag. Einar bestemte seg for å springe rundt Rotevatnet tross kulden. Han kom hit og dusja etterpå, då hadde han fått frosten i seg. 
Eg synest det er kjekt at han kjem på besøk, og derfor laga eg middag til oss to. Det var lettvint, for eg hadde laga nokre kjøttkaker før i vega, og hadde ferdig saus i frysaren. eg synest ikkje det er noko kjekt å lage middag berre til meg sjølv, men når eg har nokon å ete i lag med blir det til at eg et for mykje.
Etter at Einar hadde reist tok eg ein tur på butikken, det var litt småting eg trong, men mest gjekk eg for frisk luft og mosjon. No når eg er passeleg låk i begge knea haltar eg ikkje så mykje-det jamnar seg liksom ut.
Bodil har meldt at dei kjem oppover i morgon, tidleg på dag, dei vil vel utnytte dagslyset. Viss andre i familien har lyst å helse på dei, er det berre å stikke innom.
I dag fyller minsteguten til Margrete, Erlend, 15 år. Han er den einaste av barnebarna som har bursdag på denne tida av året. Då han var liten fekk han somme gonger feire i lag med begge bestefedrane, som også var fødde i november. Og i dag er det faktisk ein heil månad att til julaftan.
I går kveld vart eg sittande altfor lenge framfor TV-en, men kva anna kan ein gjere i mørke kveldar? Strikka no litt langs med, då. Det blir vel det same i kveld.
Dei har enno ikkje funne den polske dama endå dei har leita heilt sidan onsdag, med helikopter, hundepatruljar, Røde kors, osb. Mange frivillige har også stilt opp.Det er veldig uforståeleg at ho ikkje er funnen for det er eit relativt oversiktleg terreng oppi fjellet her. Men i dag har eg verken sett eller høyrt helikopter etter middag.

Gratulerer med 15-årsdagen, Erlend !

fredag, november 23, 2018

Dagbok 2018: 23.november

Klokka er 17.20, det er minus 4 grader C ute på trappa og vêret har vore fint i dag også. Tenk om vi hadde hatt det lik tidlegare i haust då det berre regna. I dag kom sola inn i stova  klokka 10.30, eg skulle passe på kor lenge ho var her, men sette meg inn til datamaskina -og då eg kom inn att i stova klokka 11.00 var sola vekke i alle fall. Men ein liten halvtime er betre enn ingen ting. Men særleg varme får vi ikkje av den. Eg er av desse varmekjære så eg fyrer i omnen attåt at varmepumpa er på. I dag tok eg inn enda ein sekk klungerved frå i fjor sommar-eg brukte tjukke hanskar då eg saga ned klungerbuska-det gjer eg ikkje når eg fyrer. Men eg vil fyre opp all ruskeveden før eg kjøper skikkelig ved.
Helikopter har surra oppe i fjellsida heile dagen, men så vidt eg veit har dei ikkje funne den polske dama enno. I fall ho gjekk der ho hadde sagt ho skulle, burde dei ha funne henne for lengst, for der er eit nokså ope terreng.
Eg vakna før klokka 7 i dag, men låg til nærmare 8 , då var det litt lysare ute. Eg såg over papira mine enda ein gong, og skulle nok fått det til sjølv, men bestemte meg for å fare bort på Biltilsynet, for då ville eg få ein midlertidig køyrelapp opp i handa. Det blei Marit som køyrde meg bort, ho likar ikkje å køyre på glatta, men det var ikkje glatt på vegen. I og med at dei stenger kl.15.15 så kan ein ikkje "bruke" dei som er på skule eller jobb. Eg fann ut at det var 6.gongen eg var på Biltilsynet på eit halvår. Eg var heldig og trefte på ei som eg kjenner der borte, og ho ordna opp i ein fart, så no har eg lov å køyre bilen min. Bodil og eg chatta og vart samde om at dei skulle komme ein annan dag, dei vil helst køyre i dagslys , dei også. Eg var veldig fornøgd med å vere ferdig med alle skjema, men då eg kika i postkassa var der to kvite vinduskonvoluttar der, så eg måtte fram att med Bank-ID-en. Eg blir like forskrekka kvar gong eg får desse rekningane, for så lenge Nils levde var alt på avtalegiro på hans konto, så eg visste knapt kva ein betalte i forsikring, straum , avis etc.  Eg meiner ikkje å syte og klage, det ein får må ein betale for, akkurat det er likt for alle.
Eg hadde begynt å støvsuge  før eg var bort på Biltilsynet, så no gjorde eg meg ferdig, og så laga eg meg litt mat. Etterpå sette eg meg i godstolen med lydbok og kaffi, og halvsov, så no har eg sett  på meir kaffi. TV-kvelden blir sikkert lang. For å beklage meg litt over helsa så er ikkje høgre kneet mitt heilt bra enno, men eg kan like godt gå som å sitte i ro. Verre er det at venstre kneet har begynt å plage meg på ein litt annan måte, trur det er gikt-eller så er det artrose.  No haltar eg meir og mindre på begge føtene, så då går det kanskje opp i opp ? Eg veit ikkje om Einar kjem innover i morgon for å springe rundt Rotevatnet, viss det fortsatt er like kaldt vil eg ikkje anbefale det. Trur det blir for mykje kald luft i lungene.
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg! Eg har ingen planar for helga, og det kan vere like godt. Eg har nok å ta meg til viss eg vil-men når det er kaldt vil eg helst vere der som er varmt. I dag har det vore mange småfuglar på "fuglemataren" min. Må kanskje fylle på.


torsdag, november 22, 2018

Dagbok 2018: 22.november




Klokka er 22.15, temperaturen ute er minus 4 grader C, det er fint vêr, med sol i fjella om dagane og litt her nede også . Men kaldt!
I dag skulle eg på styremøte klokka 12.00, men gjekk nedover i god tid, så eg skulle rekke både banken og apoteket. Det gjorde eg sjølvsagt, med god margin. Etter møtet skulle eg gå heim, men då kom dei ei nabodame og plukka meg opp i bilen sin, og ho skulle handle litt på Kiwi på heimvegen, så eg såg mitt snitt til å kjøpe med meg litt tunge ting. Det som er lett å bere det handlar eg når eg går ein tur nedover.
Då eg kom heim vart det å sitte å plundre med datamaskina i det uendelege. trudde det skulle gå greitt å ordne alt på data, men SÅ enkelt var det ikkje. I kveld fekk eg eit digibrev om kva eg skal gjere, men eg trur det tryggaste er å fare bort på biltilsynet. Det kan hende Bodil og Svein kjem med bilen i morgon. Eg skulle ringe bort i dag-men då stod der på nettet at der var stengt i dag. Ja, ja, blir vel ferdig med desse papira ein gong også.
Eg gad ikkje å begynne å styre med noko, men tok meg litt mat og slappa av ei stund, så sett eg på TV-en og der var det sjakk- og eg blir så lett riven med, men eg er ei veldig utolmodig sjel, så sjakk i DEN farten blir stressande, eg veit enno ikkje korleis det har gått.
Men det skjer heldigvis kjekke ting også, klokka 18.30 kom Margrete og henta meg, til konsert med musikklinje-elevane i Voldakyrkja.  Det var berre heilt fantastisk. Amanda var med både i koret og i ei mindre gruppe, fekk snakka litt med henne etterpå. Trefte også Ruth og snakka med henne. Eg trudde ho var der åleine, men så gjorde Margrete meg merksam på at Lars og fam. sat på samme benken.
Svigerfar Rasmus hadde fødselsdag 7. november, Nils den 14. og Rolf den 22. Altså fyller Rolf 77 år i dag og eg vil gratulere han med dagen her også. Har gjort det på Facebook før. 

onsdag, november 21, 2018

Dagbok 2018: 21. november

Klokka er 18.00. Eg var nettopp ute og såg på gradestokken, og den var ikkje langt under 0, det var kaldare tidlegare i dag. 
I dag har eg gjort lite og ingen ting til nytte. Prøvde å få gjort diverse "kontorarbeid" på data, men det sjølvslutta då ID-brikka slutta å virke. Men eg er no bra heldig, for det gjekk ikkje lang tid før ein hyggeleg mann ringde frå banken og gjorde meg merksam på at eg ikkje hadde fylt ut BONUS-feltet på forsikringspapira. Eg sa som sant er at eg har ikkje køyrt bil i mitt eige namn, men så viser det seg at eg har "arva" Nils sin bonus. Då blir forsikringa billegare. Mens eg likevel hadde "banken" på tråden, fekk eg bestilt meg ny ID-brikke. Den skal eg innom banken og hente i morgon når eg skal på styremøte. Då går eg nedover, for i dag har det ikkje blitt mykje mosjon!
Eg har kun gått frå nr. 7 til nr.5  Vi var fire nabodamer som kosa oss med kaffi og god mat hos Marit. Ja, vi strikka litt også, slik som skikkelege kjerringar skal gjere når dei sit i lag og pratar. Hugsar at svigermor mi meinte at ein måtte "ha noko på hendene" når ein sat i ro. Trur ikkje samme regelen galdt for menn?
Då eg kom heim att konsentrerte eg meg om å få opp temperaturen. Varmepumpa stod sjølvsagt på, men her trengst det skikkeleg vedfyring i tillegg. Det vart veldig råkaldt no nokre dagar, og sola hadde vi berre nokre få minutt i dag. Vi trøsta kvarandre med at om ein månad begynner dagane å bli lengre igjen. Og takk for det. No er det mørkt når ein står opp og mørkt tidleg på ettermiddagen.
Det er så mykje som skjer denne tida. I morgon skal Amanda og dei andre på musikklinja synge i Voldakyrkja. Då er det planen at eg skal få vere med-å høyre på altså. Desse førjulskonsertane er fine og stemningsfulle. I min barndom var det jul og juletrefestar til langt ut i januar. No begynner jula tidleg, men så er den liksom slutt til nyttår. Skikkane endrer seg.
Eg sette på kaffien, så no skal eg ha meg ein kopp før dagsnytt og andre TV-program tek over. Men eg har strikketøy. 

tirsdag, november 20, 2018

Dagbok 2018: 20.november



Klokka er no 18.10. Temperaturen er minus 2 grader og det er klår himmel ute.
I dag morgon låg skodda sid slik ho har gjort i fleire dagar, men så braut sola gjennom, og det vart skikkeleg fint etter kvart. Men så vart det sjølvsagt også kaldare. Så i dag har eg fyrt godt, har brent opp ei heil stor rosebuske som eg saga ned i fjor, ikkje verdens beste ved, men den varmar i alle fall ei stund. Eg har sjølvsagt varmepumpe, men eg vil ha det SKIKKELEG varmt og då er ikkje det nok. At kjellarleilegheita står tom gjer også sitt til at eg treng å fyre meir enn elles. Leigebuaren min har ikkje flytta ut, men ho har vore i praksis på Vestnes heile hausten.
Bodil og Svein har ordna alt med bilkjøpet mitt, og i dag har eg sjølv forsikra den i Sparebank 1 -  på nettet. 
Kva har eg elles gjort i dag? Ikkje så mykje. Laga opp nokre kjøttkaker på føremiddagen av noko kjøttdeig eg hadde i kjøleskapet. Godt å ha litt mat på lur i tilfelle her kjem svoltne folk på besøk. Sjølv åt eg den sjølvkomponerte indiske retten min tredje dag på rad, men no er det heldigvis ikkje meir att. 
Og så fann eg ut at eg skulle pusse sølvtøy for det gjorde Marit i går. Eigentleg var det ikkje nødvendig for sølvet har lagt i tette posar sidan sist det var pussa. Her i huset likar vi stålbestikket best, så sølvet får stort sett ligge i fred. Ja, så måtte eg berre sage litt i dag også, men i dag skjedde det nede på plenen, hadde nokre fjøler ståande ute-no er dei i ein sekk. Prøvde meg med handsag på plommetreet, men det gjekk ikkje bra. Der må nok større krefter til.
Etter at eg hadde ete middag skulle eg slappe av litt, og så plutseleg er det mørkt. Mens det enno er dag. Eg tok å shina opp kjøkkenet om ikkje anna. Har mange jobbar på vent, men eg likar best å arbeide mens det er lyst.
I morgon skal eg bort til Marit U på føremiddagen i lag med andre "nabofruer"-det blir sikkert koseleg. 

mandag, november 19, 2018

Dagbok 2018: 19.november

Klokka er 18.20, temperaturen er + 5 grader C. I dag har det vore opplett og skodde, om lag som i går. Eg syntest det var råkaldt då eg kom ut i dag.
I tillegg til det vanlege husarbeidet har eg i dag prøvd å lage plass til Yarisen min midt på garasjegolvet. Der har det i lengre tid lagt ein stabel med material frå rivinga av husveggen. Eg har saga litt av og til, men i dag bestemte eg meg for å gjere kort prosess, så no har eg fylt mange svarte sekker med kapp. Men tru berre ikkje at løpet er køyrt , eg har mykje liggande i tilbygget og under altanen. Det høyrest nesten dumt ut, men eg likar å sage-med handsag, og trur det skal gjere underverk for bicepsane-det har enno ikkje skjedd. Som de ser er det på ingen måte tomt i garasjen, men eg plukkar no vekk litt etter litt av det som ikkje skal brukast.
Eg hadde så mykje att av den indiske retten frå i går at eg måtte ete av den i dag også - og enda er der meir att ! Etter hovudretten tok eg meg kaffi og kake, og skulle slappe av med lydbok. Då nærma klokka seg 15.30, og eg sovna tvert.
Men etter kvart som eg kvikna til att bestemte eg meg for å mosjonere ned på Kiwi og opp att. Det er ingen lang tur, men ein kort tur er betre enn ingen tur, tenker eg. Det var ikkje så mykje eg trong, men bæreposen vart tung nok. Får håpe den drog nokre kaloriar. 
Eg fekk melding frå Bodil, ho veit ikkje kva dag dei kjem med bilen, dei venta å høyre frå seljaren, han er visst i forsikringsbransjen, så alt blir vel gjort slik det skal. Einar og eg var no nettopp gjennom ein slik prosess, då han kjøpte bilen min. Der fekk vi ordna det meste på Biltilsynet, han ordna forsikring på mobilen sin, eg sende mail til banken. Så det var veldig enkelt. No har eg både selt og kjøpt bil i løpet av kort tid. Vurderer å ta nokre køyretimar på køyreskulen for å komme i gang, har aldri køyrt med automatgir, men det er det Marit har, så eg har i alle fall SETT kor det verkar.
Skulle ha vore til Volda og kjøpt meir lestegarn. Eg har garn som eg kan strikke, men ikkje rette sorten, eg må ha noko å henge fingrane borti når eg ser TV. Onsdag skal eg til naboen på lunsj, torsdag er det styremøte i pensjonistlaget. Det plar ikkje vare så lenge, ca. 12-13. Det var kome julemotiv på melkekartongane i dag-litt for tidleg etter min smak. Ser fram til å pynte litt til jul i år, det vart ikkje så mykje i fjor, og så ser eg fram til å samle barn og barnebarn 2.juledag slik som før i tida. Baking blir det mindre av.

søndag, november 18, 2018

Dagbok 2018: 18.november

Klokka er 18.50, temperaturen er + 6 grader C, det har vore opplett i heile dag, med skodde nesten heilt ned. Det var ikkje så fristande å gå ut i første omgang, så eg fann på noko inne.
Først vaska er taket i stova med mopp på langt skaft. Det var ikkje så mykje arbeid, men eg måtte pause ofte, fordi eg vart låk i nakken. Kan ikkje garantere at det vart så godt vaska, men litt vask er betre enn ingen vask. Litt rart å ta det på ein sundag, men det er den dagen det sjeldan skjer noko, så då har eg god tid.
Og så fekk eg den meir eller mindre lyse ideen at eg skulle lage middag til meg sjølv. Eg sat i godstolen med lydbok då eg fekk auge på ei lita bok i bokhylla- med indiske middagsrettar. Eg visste at eg hadde kyllingbitar i frysaren, at eg hadde sopp i kjøleskapet etc. og veldig mykje krydder på lager. Ris har eg sjølvsagt alltid, så no måtte eg vere kreativ. Først steikte eg soppen og sette den til side. Kyllingen blei tint i mikroen og steikt i smør. Kylling, sopp, løk, kvitløk og paprika blei kokt i melk og fløte, krydra med Tikka Masala-krydder, karri  m.m. og det blei slett ikkje gale. Det blei så mykje at eg har i morgon også. Når ein er åleine, må ein som regel ete det same to dagar i strekk. No må det seiast at den indiske retten min var langtfrå så god som den vi fekk på restauranten i går.
Det blei ikkje garasjerydding i dag, for eg sende melding til Marit, så ho kom ned og drakk kaffi med meg. Dagane er så altfor korte til å få gjort alt ein vil. Men eg får ikkje nok mosjon no når det er slutt på hagearbeidet, så no må eg vere kreativ på andre måtar også.
Akkurat no blir det vel å finne fram spøtet og sette på TV-en.

lørdag, november 17, 2018

Dagbok 2018: 17.november





Klokka er no 20.10, temperaturen er + 9 grader C. Det er opplett og nesten klårt, trur eg, såg litt sol i fjella i dag. Det er berre det at det er for mørkt til å styre med noko ute etter klokka 16.00 i alle fall.
Denne siste veke har det hendt noko nesten kvar dag, eg har i alle fall ikkje kjeda meg. Og meir spenning blir det vel neste veke.
I dag gjorde eg litt husarbeid før middag, vaska golv mellom anna, og rydda i garasjen. Må vel rydde meir i morgon, for snart kjem bilen min på plass.
Eg ønska meg ein liten bruktbil med automatgir, den var ikkje så lett å finne. Bror min vart sett på saka, og etter å ha fått eit tips har han i dag vore på Sandane og fått med seg ein bil heim til Eid. Omregistrering, betaling etc. skal vi ordne når helga er over. Det er ein Toyota Yaris. Piggfrie vinterdekk og sommardekk er med. (Bilda er ikkje frå Eid) . Bror min har jobba med bilar om lag heile sitt liv, først på bilverkstad og seinare har han halde heile bilparken til barn, svigerbarn og barnebarn i orden, pluss at han driv med veteranbilar som hobby. Så eg stoler fullt og fast på dømmekrafta hans. Kva tid de får sjå meg bak rattet kan eg enno ikkje opplyse om.
Margrete skulle til Volda og demonstrere i dag, etterpå kom ho og dei to (delvis) heimeverande barna
hit og henta meg. Vi hadde avtale om å ete indisk i dag, og så skulle vi ha kaffi og kake her hos meg etterpå. Alt for å "feire" snartfemtenåringen -som har bursdag den 24.nov. Då guten var liten slo vi ofte saman tre fødselsdagar; Erlend + morfaren (14.) og farfaren den 25.nov. Då var vi ofte ein heil flokk, men i dag var vi berre 4. Margrete spanderte indisk mat og den var utruleg god, fint servert var den også, på varme tallerkar. Og så var det veldig rikeleg med mat. Eg må berre tilstå at eg måtte slakke ut eit hol på buksebeltet. Det seier seg nesten sjølv at eg ikkje fekk så stort innhogg i kakene mine, men dei var laga til å frysast så det gjorde ikkje noko. Merkeleg, men det smakte indiske krydder av eplekaka, og enno kjenner eg smaken i munnen. Maten var på ingen måte for sterk for meg.
No blir det vel å slappe av med TV og strikketøy resten av kvelden, blir godt det også, eg har hatt ei innhaldsrik veke.
At bursdagsbarnet og eg begge hadde valt oransje, var ikkje avtalt på førehand.


fredag, november 16, 2018

Dagbok 2018: 16.november.

Klokka er 19.00, temperaturen er + 10 grader og i dag har det regna litt. Men betre med regn enn med snø, for dei som skal moke.
Dagen i dag begynte med stor aktivitet. Eg hadde bestemt meg for å bake, og då gjorde eg det. Det var eit par småting eg mangla, men så skulle Marit handle og eg kunne få vere med. Det vart tur både på AMFI og Kiwi i dag. 
Hadde ikkje så mykje eg måtte gjere då eg kom heim, så etter at eg hadde tatt meg litt mat skulle eg lese litt i boka mi, og der sovna eg. Det er den einaste tida på døgnet eg er trøtt, sånn ca. mellom kl.15-18. Det var då eg burde ha gått ut! Då eg kom til meg sjølv igjen (Ja, eg sov ikkje i tre timar, berre ei lita stund) sette eg eg meg til å strikke og høyre ferdig boka.
Elles så driv eg og chattar med både den eine og den andre på nettet. No er det særleg Bodil eg chattar meg - eg skal truleg kjøpe ein bil som står inn på Sandane. Men det er ikkje så mykje ein kan få ordna i helga, for då er både banken og biltilsynet stengt. Eg har sagt at Svein får vurdere bilen, eg stoler på at han har betre greie på bilar enn eg har. Men eg har litt peiling på å selje og omregistrere bilar, for det har eg nettopp vore med på. Vi får vel ikkje gjort så mykje før etter helga.
I morgon skal Margrete demonstrere i Volda, og etterpå skal vi på indisk restaurant i Ørsta og "feire" Erlend sin fødselsdag. Til slutt blir det kaffi og kaker etc. i Starevegen. Slik er i alle fall planen-så langt.
Elles har det hendt veldig lite i dag-heldigvis, det har vore ei litt oppstykka veke for ein gammal pensjonist, med det meiner eg at eg har vore ein del ute og flaksa, så eg har ikkje fått styrt så mykje her heime. Men det er no kjekt å vere litt på farten. Dagane er veldig korte no, så eg kom meg ikkje ut å gå tur i dag.
Sidan det er fredag (i hovudet mitt er det laurdag) vil eg ønske alle ei god helg.  Dei fleste har vel begynt å stresse med juleprogrammet. Eg bakar småkakene mine på Kiwi i år også. I dag såg eg at svineribbene var komne på plass. Nils brukte å salte på slike ribber, så hadde vi dei når han kokte"Erter kjøt og flesk" som han var spesialist på. Eg synest slike salte ribber er gode til ballj (klubb) så eg trur eg må salte ei i år også.(Sjølvsagt er ribbe godt som ribbe også. Vi brukte det ofte slik før at vi hadde saueribbe til jul, og svineribbe til nyttår.)

Bok nr.37 - 2018: Ultimatum




Anders de la Motte regnes som en av Sveriges aller beste krimforfattere og bøkene hans leses og elskes av tilhengere over hele verden. Dette er den andre lydboken om David Sarac.

Når et i lik dukker opp i vannet utenfor regjeringspartiets kurssted, havner saken på førstebetjent Julia Gabrielssons bord. Hvem er den døde og hvorfor har noen anstrengt seg til det ytterste for at kroppen ikke skal kunne identifiseres? Snart innser Julia at det finnes noen som er villige til å gå langt for å hindre at sannheten kommer fram.

Politimannen David Sarac jages av demoner. Etter et voldsomt oppgjør som nesten kostet ham livet blir han nå tatt hånd om på en klinikk langt fra hovedstaden. Han gjemmer sovetablettene han får av pleierne. Nå har han samlet tjueto stykker, det er snart på tide å ta dem så de anklagende stemmene i hodet skal tie stille for alltid. Men et mystisk tilbud får ham til å utsette døden: Hva sier du om et bytte? Quid pro quo? Din hemmelighet i bytte mot min. 
……….………………………………………………………………………….
Eg trur ein bør vere vaken når ein les denne boka (som lydbok). For meg har lesinga vore som å vandre i ein labyrint, der eg verken fann fram eller tilbake, ut eller inn. Så i dag bestemte eg meg for å gjere kort prosess, eg sette meg til med strikketøy og las slutten, så den fekk eg i alle fall med meg.
Bøker med eit utal av namn og  hendingar som er snart her, snart der, høver ikkje så godt for lydbøker. Det er ikkje sikkert at eg vurderer boka rettferdig, men det var slik eg opplevde den.

torsdag, november 15, 2018

Dagbok 2018: 15.november

Klokka er 17.15. Temperaturen ute er + 15 grader - det har vore opplett og litt vind i dag. Betre kan det ikkje bli. Det einaste teiknet på at vi er midt i november er lyset-eller mangel på lys. No er det alt bekmørkt ute. Hadde vi fått ha sommartida, hadde vi hatt dagslys ein time lenger.
I dag har eg hatt ein slikkeleg lopradag, har ikkje gjort det skapte grann.
Klokka 11.20 kom Ragnhild og henta meg, som avtalt. Då hadde eg stort sett berre ete, dusja,vaska håret og kledd på meg. Astrid plukka vi opp på vegen og så for vi til Volda for å feire at Tone fyller 65 år i dag. 
Dei har bygt nytt hus attmed det gamle huset sitt i Heltne/Bratteberg-feltet. Og for eit hus! Kjempelekkert og lyst og tilpassa Tone som stort sett må bruke rullator når ho skal gå. Heis frå inngangen og opp i hovudetasjen. Vi hadde ei koseleg stund, vi fire pluss ei nabodame som var veldig hyggelig. Eg var ikkje heime att før klokka nærma seg 15.30. Då kledde eg meg om, og gjekk ned på KIWI-det var eitt og anna eg trong, men det viktigaste var å få vere ute i det fine vêret og å få litt mosjon. Eg kunne fått skyss med nokre naboar heim att, men takka nei-fordi eg treng mosjonen når eg har slike late dagar. 
I morgon har eg tenkt å bake eit par kaker, slik at vi kan feire Erlend litt på førehand komande laurdag.Det er ikkje så mange fødselsdagar å feire på denne tid av året i vår familie no lenger. På denne tida av døgnet-altså ettermiddagen- er eg så trøtt at eg må finne på alt muleg for å halde meg vaken. No skal eg sjå om eg finn noko eg kan kalle middag-eg finn stadig på nye rettar. Vi fekk mykje god mat hos Tone, så det er ikkje noko som hastar.

onsdag, november 14, 2018

Dagbok 2018: 14.november

Klokka er 16.15, temperaturen er ca. + 16 grader, det er opplett og ganske fint. Men det er alt begynt å bli mørkt. Dagane er korte, så korte at lite og ingenting har blitt gjort.
Om Nils hadde fått leve hadde han fylt 82 år i dag, men det fekk han ikkje oppleve. På sjølve 80-årsdagen for to år sidan vart han sjuk for alvor og den dagen enda med at han vart henta i sjukebilen, og blei lagt inn på sjukehuset -det var første gongen. Det vart mange gonger seinare. På 81-årsdagen i fjor, hadde vi ei lita "feiring", men mindre enn ein månad etterpå flytta han på Ørstaheimen. I dag har eg vore og tent eit lys på grava hans, ei veninne var med meg, og vi fekk også tent lyset som Solveig og eg sette opp allehelgensaftan- det var berre halvbrent. Steinen er enno ikkje komen på plass. Blomster og julekrans ventar vi litt med.

I dag har eg vore veldig "sosete". Eg hadde mobilen på vekking klokka 8.30, men då den ringde, måtte eg berre seie til meg sjølv at eg skulle ikkje på skulen i dag, dermed sovna eg igjen og vakna halv ti.(Hadde lagt vaken ei god stund midt på natta) Då var eg klar som blekk. Marit og eg skulle nedover klokka 10.00 og ta influensavaksine !. Eg sende ei melding til Marit om at eg kanskje blei litt forseinka, så fekk eg kledd på meg, ete frokost osb. i ein viss fart. 10.02 var eg ferdig.
Det var ei litt artig køordning på Bakk-Ola. Alle sat på stolar langs ein vegg, for kvar som slapp inn, flytta alle seg ein plass nærmare døra. Det gjekk fort og greitt. Etter at vi hadde fått vaksinen skulle vi sitte i ro i 20 minutt, då gjekk vi ned i kafeen og sat der. 
Eg sat på med Marit ned på kulturhuset og gjekk derifrå ned på Amfi. Eg skulle ha noko medisin på apoteket, og så skulle eg treffe Ragnhild. Men før eg fekk sendt melding til henne møtte eg mange kjende som eg måtte prate med. Eg har ikkje vore så ofte på AMFI på føremiddagane, det er då dei fleste pensjonistane er der. 
Ragnhild og eg var på blomsterbutikken, der var mykje fint, og veldig fint pynta. Eg kjøpte eit gravlys. Eg tenker ikkje så klårt alltid, men Ragnhild spurde om eg hadde fyrstikker.....det hadde eg ikkje, så vi måtte stanse ved Kiwi, eg kjøpte også gjær-det gløymde eg i går. Det er alltid problematisk. På alle butikkar plasserer dei gjæren så høgt at eg ikkje når den. Heldigvis kom der ei dame som er kjenner og som er noko høgare enn eg, så eg slapp å klatre. 
Etter at eg kom heim har eg ikkje gjort anna enn å fyre i omnen. Det plar ikkje bli så mykje gjort når eg ikkje får begynne frå morgonen av. 
I morgon skal eg til Volda kl.11.30. Men eg reknar med å kome heim att rimeleg tidleg, om nokon treng husly nokre timar.

tirsdag, november 13, 2018

Dagbok 2018: 13.november

Klokka er  berre 17.00, temperaturen er + 10  grader C og det er opplett og litt vind. Eg er glad for kvar dag vi slepp å ha snø å mòke på.
I går var eg så  aktiv at eg kjende det i ryggen før eg stod opp i dag, men då eg kom i siget var smertene vekke. Eg hadde ingen planar for dagen, anna enn at Marit og eg skulle handle mat når ho kom att frå trening 11.15. Vi tok kortaste vegen og hamna på Kiwi. Eg hadde ei lang liste, og fekk med meg det meste. Fiskeretten på bildet kjøpte eg for å prøve den ut. Før åt Nils og eg fisk eller fiskemat bortimot fem dagar i veka, og no var eg i ferd med å tru at eg leid av fiskemangel. Porsjonen over var rikeleg til meg, eg kokte til og med poteter til. Det var godt, men smakte ikkje så mykje fisk. Passar sikkert ekstra godt for dei som ikkje likar fisk. Eg fekk ein veldig hunger etter FISK-mykje fisk. Ein annan gong skal eg heller kjøpe vanleg frosen fisk og lage til sjølv. Men det krev meir tiltak. Porsjonen over er frosen og må tinast/varmast i steikomnen. Retten var appetittleg og velsmakande. Eg skreiv dette på sida vår på FB men av ein eller annan grunn forsvann det.
I morgon skal Marit og eg på Bakk-Ola og vaksinere oss. Etterpå skal eg på Amfi og møte Ragnhild, vi skal kjøpe noko, og så skal vi på kafé etterpå.  Eg skal kanskje ein liten tur på grava til Nils i løpet av dagen; sidan det er fødselsdagen hans vil eg gjerne tenne eit lys.
Torsdag skal venninnene frå Velle til Volda og feire Tone sin fødselsdag, så denne veka blir det berre rek.
Etter ein aktiv dag i går, har det vore stillstand i dag, men litt skal eg no få gjort -det er enno tidleg dag, sjølv om mørket sig på ute.
Eg var litt i tvil om eg skulle tore å vaske sommargardinene i vaskemaskina, men då dei var ferdigvaska var dei så fine at eg kunne ha hengt dei rett opp utan å stryke dei ein gong.
Etter middagen i dag har eg sete og lese lydbok, men det er heilt forkasteleg-må lese heile greia om att. Ikkje rart det tek tid å lese lydbøker!

mandag, november 12, 2018

Dagbok 2018: 12.november



Klokka er 19.40, temperaturen er + 9 grader C og det har regna ein del i dag. Er ikkje sikker på kor mykje, for eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen.
I dag har eg vore veldig flink for alderen, eg har fått gjort mykje husarbeid. Det er i grunnen rart, men det er ganske mykje som skal gjerast sjølv om ein er åleine.
I dag har eg mellom anna bytta på senga og vaska på soverommet, men før det mala eg ei skapdør, det var tredje strøket så no får det vere nok. Elles har eg tatt meg av eit par klesvaskar, baka brød osb. 
Største jobben gjorde eg frå klokka 17 og utover. Då tok eg ned gardinene på stova og strauk og hengde opp dei gamle, kvite vintergardinene. Seks lange lengder. Gardinene er meir enn 18 år gamle. Då dei var nye rakk dei heilt ned i golvet, med ein oppbrett på 30 cm. Etter alle vaskane har dei krympa så mykje at dei er nesten 30 cm frå golvet, enda eg har lagt ned heile falden. Elles har dei blitt kvitare og finare for kvar vask. Det er litt av ein jobb å stryke og henge dei opp, og det går nokre dager før dei heng som dei skal.
Gardinene som eg tok ned, har aldri vore vaska før, eg har levert dei til rensing, men no tok eg sjansen og putta dei i vaskemaskina på "Gardin"-program. Det får bere eller breste. Både dei gamle og dei nyaste var dyre, god kvalitet, og så fekk eg dei ferdig sydde frå butikken.
Eg åt av det nybakte brødet til lunsj -men det er lenge sidan no. Det blir vel brødskiver til kvelds også. Hadde ei lita pause etter lunsj og strikka litt-elles har eg styrt med noko heile dagen. No er eg litt sliten, men det gjer ingen ting. Eg er ikkje 20 år lenger.

søndag, november 11, 2018

Dagbok 2018: 11.november


Klokka er 18.45, temperaturen er + 9 grader. Det har vore opplett i dag, men ikkje sol, og det var vått på gata i dag tidleg. Men eg er veldig nøgd med novembervêret, så langt. 
I går ettermiddag og kveld var eg trøtt og trasig, men i dag vakna eg full av energi og arbeidslyst. Kanskje fordi eg ikkje hadde spøt på gang, så eg ikkje fall for freistinga å sette meg ned. Eg rydda litt både her og der, festa trådar på ferdigstrikka lestar, vaska blomsterpotter etc. etc. Fekk tid å støvsuge litt også. 
Vi som skulle på konsert måtte fare nedover alt 15.15, men det gjekk fint. Eg dusja, vaska håret og kledde meg om i god tid. Even køyrde Marit, Mari Ella og meg i Marit sin bil; Janne måtte fare nedover før. Det var dekka 8-mannsbord akkurat som på pensjonistmøta. Eg sat i lag med Marit sin familie pluss foreldra til Even som kom frå Volda. Mat og kaffi var inkludert i billettprisen. 
Eg trefte ein del folk som eg kjenner, mellom anna Åse Melle, som fortalde at dottera til Jan Kåre hadde overtatt huset hennar og så lagar dei til leilegheit på loftet til Åse. Dottera til Jan Kåre kjenner eg frå ho gjekk på Velle skule, og så trefte eg henne att på sjukehuset i Volda og snakka med henne der. Trur ho var sjukepleiar.
Hornmusikken spelte først, dei har fått ny dirigent, ei relativt ung dame. Dei spelte nokre nummer, dei fleste melodiane var kjende. Så var det matpause, og vi fekk forsyne oss så mykje vi ville av medbrakt mat, kaker, smørbrød m.m.("Mat på fat")
Så var det Janne og koret hennar sin tur. Det er berre damer i det koret, men dei er flinke. Berre så synd med den dårlege akustikken i flatsalen. Janne var veldig flink konferansier og leiar. Dette kan ho !
Så vart det ei nyavdeling med hornmusikken, og no vart det spanske rytmer , paso double og tango. Dirigenten fortalde litt om kvar musikkstykke. Det vart ein fin konsert. Då det var slutt hadde eg 20 minutt igjen til filmen skulle begynne, men eg syntest eg hadde fått nok musikk i dag, og Janne sa at filmen skal gå minst ein gong til. Eg snakkar om "Bohemian Rhapsody"- ser på facebook at dei som har sett filmen om Queen har likt den godt.
No går vel resten av kvelden med til å leite etter husnøklane. Eg hugsar eg hadde dei i handa og skulle låse opp døra då Einar og eg kom att på fredag, og i går var eg ingen stader, så nøklane MÅ vere her ein stad.

Den kvite novemberkaktusen har så vidt begynt å blomstre.


lørdag, november 10, 2018

Dagbok 2018: 10.november

Klokka er 18.00, temperaturen er + 14 grader og det har vore ein fin haustdag. Hadde til og med sol før middag. Når vêret er bra får eg energi, så det varte ikkje lenge før eg hadde fått vaska bad og kjøkken. Støvsuging er utsett på ubestemt tid, for i dag måtte eg nytte høvet til å få klippe bio nede i skråninga. Eg fylte bensin på klipparen og sette i gang. Eg fekk klipt, men ikkje så veldig fint akkurat. Poenget er at gras og lauv skal gjødsle jorda. Viss de ser på bildet over, ser de at når lauvet fell av trea får vi mykje betre utsikt, dei store bjørkene stenger for utsynet heile sommarhalvåret. Men slik er det, somme likar skog og andre vil ha "øppna landskap".
Gudmund har klipt deira plen før, så i dag spylte han både min og deira klippar med høgtrykksspylar.
Eg var litt sliten av så mykje arbeid, er litt ute av trening visst. Eg gjekk inn og åt godt av middagsrestane frå i går, og så sette eg meg i godstolen med lydbok. Eg skal ikkje seie at eg sovna, men kan ikkje avkrefte det heller. No har eg sete og strikka ei stund.

Dei som budde i det kvite huset nedanfor oss, Brit og Nils Inge, selde huset for nokre år sidan og flytta til Ålesund. Brit og eg har hatt ein del kontakt på Messenger, og i går kveld skreiv ho at Nils Inge var komen på sjukehus for hjerteinfarkt- det tredje. I dag tidleg fekk eg melding om at han var død. Han var på same alder som vår Nils;  Brit og eg er også same årgang. Det tynnast ut i rekkene i aldersgruppa vår. 
Sidan Brit les bloggen vil eg kondolere heile familien deira frå oss. Solveig og Margrete gjekk i same klasse som dei to gutane deira. Det er alltid trist når nokon går bort.



fredag, november 09, 2018

Dagbok 2018: 9.november

Klokka er ca.20.00, temperaturen ute er + 2 grader. Det har vore ein fin, klår dag, og vi som bur her oppe i bakkane har hatt sol inn vindua mykje av dagen. 
Heilt frå eg vakna i dag var det laurdag oppe i hovudet mitt, og det gjekk aldri over. Så det blei ingen fredagsvask i dag.
Planen for dagen var at Einar skulle komme innover og vi skulle på biltilsynet. Han kom i 12-tida, og som vanleg var vi effektive. Så no eig eg ingen bil lenger, den er no overført til Einar sitt namn, forsikringa måtte også ordnast på dagen, for den som eig bilen må også ha forsikringa i sitt namn. Elles får han 150 kr dagen i bot.
Det tok litt tid på biltilsynet, først sitte i kø, så fylle ut skjema og Einar måtte ringe forsikringsselskapet osb. Men Einar er flink å ordne ut. 
Eg hadde funne fram litt skrammel som vi leverte på VØR sidan vi var på dei kantar. Så fylte vi bensin på bilen og på ei fin 5-literskanne som eg fann i garasjen, så no kan det hende det blir bioslått i morgon. Greiare for meg å ha ei mindre kanne, så kan eg fylle på direkten. Vi var også ein tur ut på Jernia og spurde etter elektriske motorsager, men det hadde dei ikkje inne. Men dei hadde mykje anna, for å seie det slik.
Middagen var klar, så det var berre å koke poteter då vi kom heim. Og åt godt gjorde vi begge. Einar hadde sagt at vi ikkje skulle ha dessert,så det blei ein kaffikopp og julekaker frå Kiwi. 
Einar spurde om det var noko eg skulle handle, men eg ville ikkje ha meir mat i hus akkurat no.
Etter at Einar hadde reist var eg ein tur opp til Marit, ho var åleine heime i dag. 
Viss det går etter planen skal ho og eg på korkafé på sundag, med hornmusikken og Åmdalskoret "Berre damer". Det er på kulturhuset.
Eg sette på oppvaskmaskina før eg gjekk opp til Marit, så no må eg tømme den, før det blir TV og strikketøy.
Ønsker alle ei fin helg-uansett vêr og føreforhold.

torsdag, november 08, 2018

Dagbok 2018: 8.november

Klokka er 18.25 , temperaturen er + 11 grader. Det regnar aldri så lite, gata er våt, men ikkje trappa.Eg har ikkje vore så mykje ute i dag. Stod opp seint, fordi eg låg lenge før eg sovna i går kveld, og sovna "attpå" i dag. Kven bryr seg?
Så snart eg var ferdig med morgonstell og frokost sette eg meg ved maskina og skreiv referat frå møtet i går. Det var ikkje vanskeleg, men det var mykje som skulle med, så det vart litt lengre enn eg likar å ha det. OK-eg var ferdig og hadde sendt det til avisa før klokka 13, så spørs det kva tid dei får plass til det i avisa.
Eg hadde ikkje så mykje planar for dagen, men eg fekk rydda opp i eit par skuffer, og samla i hop noko metall som Einar og eg skal ha med oss på VØR i morgon. Vi skal bort dit uansett, for vi skal på biltilsynet, der eg har vore tre gonger før, siste halvåret. Saga litt og kosta garasjegolvet også.
Til middag i dag hadde eg grillpølser i Taco-lefse, med ketchup og sennep. Det er ikkje kvar dag eg lakar like enkel mat.
Det verste med å ete seg mett og fyre godt i omnen, det er at ein kan sovne med strikketøyet i handa. Ikkje at eg søv lenge, men med ein liten høneblund held eg ut lenger utover kvelden, det er den beste tida på døgnet, med strikketøy og TV eller lydbok. No når eg er her åleine ser eg meir TV enn før, og konsentrerer meg betre om nyheiter og diskusjonsprogram til dømes. Elles så ser eg ein heil del seriar , meir og mindre heilhjarta.
I morgon ventar eg altså Einar innover og då er vi alt komne til fredag igjen-tida går så altfor fort. Eg føler på at eg må bake til jul i år, men eg har no alt bakt eit par boksar med småkaker-bakte dei på Kiwi. Er det noko eg hatar å gjere, så er det å bake. Så please lat meg sleppe ! No er det snart dagsnytt og i dag har eg ikkje høyrt nyheiter, så kva veit eg om det som skjer. Har ikkje snakka med ei sjel i dag- men mange i går.

onsdag, november 07, 2018

Dagbok 2018: 7.november

Mathias Kalvatsvik.

Klokka er 19.50, temperaturen er + 10 grader og det er overskya. Sidan gata er våt reknar eg med at det har regna litt innimellom også.
I dag har eg nesten ikkje vore heime. Eg fann ut at eg skulle gå tidleg nedover, såpass eg fekk hente litt cash i minibanken før eg gjekk opp på kulturhuset for å dekke bord.
Klokka var ikkje stort meir enn 11 då eg kom dit som førstemann, men eg begynte no å telle opp asjettar, tefat og koppar, så mykje var klart før dei andre kom. Vi dekka 9 bord i dag-sidan dei som er med på Spaserstokken sikkert kom mannsterke- og det gjorde dei.
Eli ville køyre meg heim etterpå men eg bad henne sette meg av i Håkonsgata såpass eg fekk litt mosjon.
Vart ståande å prate med nokre naboar ved postkassa då eg kom heim, og sidan eg fekk rekninga frå snikkaren-endeleg- gjekk eg inn å betalte den på nettbank.
Ho som skulle frakte Marit og meg i dag ville fare tidleg nedover, så eg fekk så vidt lure i meg litt mat før eg måtte kle meg om.
Det vart eit livat møte med pensjonistane i dag- med dansebandmusikk, trekkspel og allsong. Mathias Kalvatsvik er vokalist  i Bjørns orkester, og veldig blid og sjarmerande. Han gjorde kva han kunne for å få litt liv i alle dei kvithåre, pluss dei som hadde farga håret i anledning dagen. No må eg visst lære meg å stikke fingrane i munnen og "plystre" slik somme andre i familien gjer når dei er på konsert. Eg sat i lag med leiaren i Eldrerådet, som berre er 70 år. Ho,  Eli og eg kom så langt at vi ropte Hei ! på rette plassane. Vi var dei modigaste, men alle koste seg!
No er ikkje trekkspel og danseband mi greie i det heile tatt, men i pensjonistlaget var det opplivande. No har eg prøvd å få eld i omnen, og så vil eg ha meg litt meir å ete før eg legg opp til eit nytt lestepar.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...