onsdag, oktober 31, 2012

Vêrmelding 31.oktober - 2012

Klokka er snart 17.00 og det mørknar ute. Temperaturen er + 7 grader C, så no smeltar snøen. Heldigvis. Og kjem den att, så har eg broddane klar. Det er overskya, men opphaldsvêr.
I dag har det vore den store rydde og reparasjonsdagen i nr.7. Vi hadde planane klar frå morgonen av, så eg sette i gang støvsugaren rett etter frokost. Nils skulle tømme dei store blomsterpottene på trappa.
Forrige gong eg støvsuga tykte eg det var dårlig effekt på støvsugaren, og oppdaga at kosten ikkje gikk rundt på teppebankaren. Nils fiksa det, men i dag var det dårligare effekt enn nokon gong. Eg skulle sjekke posen, og då fekk eg forklaringa. Berre litt av støvet hadde hamna i posen, resten var rundt i "rommet" og hadde tetta alle filter. Eg forstod grunnen, for sist vi kjøpte posar hadde dei ikkje rette sorten, så ekspeditøren fann fram nokre andre som han meinte kunne brukast......Ein stor pakke måtte vi også kjøpe sidan dei ikkje hadde små. Trur den kosta over 500kr. Vi tok med oss pakken som mangla ein pose og reiste bort på El-kjøp der vi trefte ein ekspeditør som vi kjenner godt. Han fann fram rette sorten posar, og vi fekk full kompensasjon for det vi leverte tilbake. For det overskytande kjøpte vi 4 kilo kaffi, Løfbergs Lila. Vi kjøper all vår kaffi på El-kjøp. Det var ei fryd å støvsuge då alt var i orden. "Feilen" med posen vi hadde brukt, var at holet var for lite.
Då eg skulle "betale" spurde kassadama om eg var mora til Margrete, ho hadde hatt henne som norsklærar i to år, fortalde ho.Før spurde folk om Margrete var døtra mi, no er det omvendt.
Så var det ei hylle på kontoret som måtte flyttast fram, og der var bakstykka lause. Nok ein jobb for handy-mannen.Godt alt som blir ordna. Eg fekk i alle fall både støvsuga og vaska i dag, så no er det gjort til helga.
Men eg har ingen som kan hjelpe meg med dei teknologiske problema mine. Til denne tid har det gått fint å rippe CD-plater inn på datamaskina, og så synkronisere dei over på MP 3- spelaren. Men no er det berre tull. Det går fint å få bøkene inn på maskina, men så blir det berre rot når eg skal ha dei over på MP3-spelaren. Eg kunne sjølvsagt ha høyrt dei på Walkman -det er berre det at eg har levert frå meg platene etter ripping. Får sjå kva eg gjer i morgon, då skal eg inn på biblio uansett, for vi skal ha styremøte der.

tirsdag, oktober 30, 2012

Bok nr. 54 - 2012: Beretningen om herr Roos.

Dette er tredje boka i Barbarottikvartetten, og den hittil beste.
Eg har lese boka ein gong før, men likar å lese bøker om att, denne gongen også for å få lese heile kvartetten nokonlunde i samanheng. Boka er på 14 CD-plater, men detektiven Barbarotti dukkar ikkje opp før på plate nr.7. 
Første delen handlar om herr Roos, som på mange måtar liknar mykje på den noko yngre Barbarotti. Dei er begge menn som er godt vaksne og som grundar over mykje i livet. Her er utrulig mange suverene formuleringar og språklige "blomster" og då meiner eg det positivt.
Nils Ole Oftebro les så godt at han kunne fått ein monterings-maual frå Ikea til å røre oss i hjerterota, så han løfter boka til dei store høgdene.
Håkan Nesser blir kanskje ikkje sett på som ein stor forfattar- nettopp fordi han skriv krim. Men det "kriminelle" er eigentlig underordna; han skildrer menneskelagnader, og viser på ein måte at alle kan kome i situasjonar som resulterer i brotsverk. Eg anbefaler bøkene hans, særlig Barbarottikvartetten.

Vêrmelding 30.oktober - 2012

Klokka er ca 17.30 og ute er det mørkt! Temperaturen ligg og vaker kring 0 grader C - det overskya og opplett.
Nils står alltid opp litt før meg, og i dag då eg kom inn på stova kunne han fortelje at det hadde vore eit voldsomt jordskjelv. Eg hadde ikkje merka noko, enda eg låg vaken. Ikkje lenge etter kunne vi lese om jordskjelvet på nettet. Det merkelige er at slett ikkje alle har merka det.
I dag har det vore ein slik slyngardag. Etter at eg hadde vaska og tørka håret etc. tok vi oss ein tur til Vik. Første stopp var biblioteket der eg berre leverte i dag. Neste stopp var apotekeket der eg kjøpte broddar, så no reknar eg med at vi får berre vegar resten av vinteren. 279 kr kosta herligheita.
Det har kome ny Asia-butikk i gågata og eg måtte inn og sjå. Vareutvalet var ikkje imponerande, men eg håper mange handlar der, så dei slepp å legge ned. Då vil dei vel også ta inn fleire varer. Eg kjøpte litt småtteri, men treng ikkje all verda, og har dessutan litt av kvart på lager.
Då kulden kom berga vi inn Gullbusken som vi fekk til gullbryllaupet, men geraniane vart ikkje tekne inn. Dei var store og frodige, så vi kunne fått mange avleggarar. Det blir dessverre ikkje noko av, for frosten har gjort ende på plantane for godt. Dei må snarast mulig fjernast frå trappa der dei slett ikkje pyntar opp.

mandag, oktober 29, 2012

Vêrmelding 29.oktober - 2012

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er minus 6 grader C. Det har vore ein strålande vakker dag, med sol frå klår himmel. Eg har likevel halde meg inne, er redd å gå ut på glatta.I morgon den dag skal eg kjøpe broddar.
Eg har styrt med litt av kvart inne, litt husarbeid og litt handarbeid.
Og så laga vi middag til Margrete og ungane som kom i halv fire-tida. I dag vart det svineribbe, medisterpølser etc, og til dessert hadde vi skogsbær i kryddersaus + vanileis og pepperkaker. Eg er av dei som synest jula begynner altfor tidlig på butikkane, men som likevel går fem på og kjøper julemat så det held.
Sidan det går mot halloween, prøvde eg å dekke bordet med mest mulig svart og orange. Hadde ikkje kjøpt inn noko spesielt, så eg tok det eg fann på lageret.
Elles fekk eg melding om at Rasmus & co ikkje hadde vore i Sarpsborg i helga, dei fekk ikkje plass på hotellet, så dei måtte utsette turen ei veke.
Vi er heldige som har sola rett på veggen om dagane, her blir nesten FOR varmt inne. Og vi har sola ca 1 mnd. til. 
I kveld er månen full! Ei lita helsing til gutane i Kongsberg. I kveld ser vi månen frå altanen.

søndag, oktober 28, 2012

Vêrmelding 28.oktober - 2012

Klokka er 14.00-normal tid- temperaturen er 0 grader C. Det er overskya, men sola er der.
Var litt redd for at eg skulle vakne veldig tidlig i dag, sidan vi hadde skrudd klokka tilbake. Den frykta var heilt ubegrunna. Då eg stod opp var det som ein vakker februardag ute, med sol frå klår himmel. Ei stund etter skya det over. Nils gikk ein tur åleine først, mens eg sat og strikka. Etterpå stolpra eg meg rundt Storebakken med to stavar. Skal kjøpe meg broddar ved første høve. No må det vere slutt med å ta sjansar på glatta. Kom meg i alle fall heil heim i dag. Godt med frisk luft i alle fall.
No skal vi snart ete middag, det blir enkel mat i dag, så får vi slå til med søndagsmiddag i morgon når Margrete og ungane kjem. Eg ser at sola får meir og meir overtak på skyene. Det ER fint ute, men litt for tidlig for vinter. Vi må berre ta det vi får- og prøve å la vere å syte over vêret. (Note to self).
Håper Rasmus og familien har det fint, dei er på badeferie i Sarpsborg. 

lørdag, oktober 27, 2012

Vêrmelding 27.oktober - 2012

Klokka er 14.00, temperaturen ute er +2 grader og det er overskya med snøbyger.
Nils måtte mòke i dag også, for plogen hadde vore her. Snøen er tung og våt.
Mens han styrte på ute, fekk eg unna litt husarbeid; finn litt å henge fingrane i kvar dag sjølv om vi berre er to.
I avisa i dag stod det at dei som hadde båt i Rjåneshamna måtte kontrollere at alt var i orden, for det bles litt torsdags kvelden. Så fekk vi oss ein tur i dag også. Eg likar å vere med ut, så får eg gå ein tur på stien og ta bilde.
Når eg ser på bloggen min skulle ein nesten tru at vi har finevêr støtt - det har vi ikkje. Men det er dei fine dagane eg fotograferer. Så i dag gjorde eg eit unntak.
Etter at vi kom inn att i sentrum, var vi så vidt innom Amfi, men der var det berre framande folk i dag. Så ein viss handelslekkasje er det.
No har Nils koka salta lange til middag, og det er ein av yndlingsrettane mine.
I dag er det Bjørnar på Eid som har bursdag. Han fyller 17 år, og vi gratulerer!

fredag, oktober 26, 2012

Vêrmelding 26.oktober - 2012

Klokka er snart 16.00. Ute skin sola gjennom skydekket, det er så fint og kvitt.
Temperaturen er + 3 grader. Det einaste aberet er at det er for tidlig på hausten til å få vinter. For to år sidan hende akkurat det. Vi fekk snø i grønt lauv-snø som låg til våren kom. OK-vi kan ikkje gjere noko frå eller til, så det er berre å ta det som det kjem.
Denne helga skal vi stille klokka tilbake til normaltid, eg likar ikkje det heller, men hovudet mitt har visst gjort det allereie- så seint som eg vakna i dag.
Nils var ute og moka med hand i dag, tek ikkje fram fresaren for så lite. Då han hadde frest ifrå seg, reiste vi ein tur til VIk og handla inn litt mat til helga. Eg var innom blomsterbutikken og kjøpte med ein lysrosa orkidé - blomster er eit must, og orkidéar er lette å stelle.
Vi hadde kjøpepizza til middag med "nogo attåt".
I dag fyller Rasmus 48 år, så eg må vel finne meg i at han begynner å bli vaksen, litt rart med det, barna våre vil vi vel alltid sjå på som unge.Og det er dei- i forhold til oss.
Gratulerer med dagen, Rasmus!
Ønsker alle ei fin helg anten det blir utevêr eller ein må halde seg inne.

torsdag, oktober 25, 2012

Vêrmelding 25.oktober - 2012

Klokka er no ca 19.45. Ute snøar det og temperaturen er 0 grader C. Riktig eit ønskevêr ?
På bildet over kan de sjå synet som møtte oss i dag tidlig då vi stod opp. Fint er det saktens med rein, kvit snø, men ikkje fullt så tidlig på hausten! Ikkje for det, eg kan hugse at det mange gonger har kome snø den 25.oktober-som er fødselsdagen til bror min. Og eg kan hugse eit par gonger då snøen har kome på den dagen og lagt like til våren.Vil berre muntre lesarane opp litt.

Ut på ettermiddagen skein det opp og sola kom fram, men det var berre lureri, for straks etter fauk snøen kring novene.
Eg brukte føremiddagen til diverse husarbeid, og laga tidlig middag. Eg likar å finne på "nye" rettar av ting som eg finn i skuffer og skap. I dag ønska Nils seg "Pasta Carbonara "- ein rett som eg lagar av posesaus og skinkeboks, såkalla nødproviant. Men så hadde eg ikkje Carbonarasaus, og ikkje fløte og ikkje bacon. Løysinga vart ein pose med Bali kyllingsaus, ein boks skinke og ein liten boks ananas. Og godt vart det. Eg brukar sjølvsagt berre GROV spaghetti. Litt sunt må det vere.
Margrete køyrde Amanda på ballettskulen i dag, og kom oppom mens jenta dansa. Då fekk eg brukt det nye vaffeljernet mitt.
Amanda skulle spele på elevkonserten i Volda-kyrkja i dag, så dei for rett dit. Vi kom etter litt seinare. Alle var på plass med unntak av dei to eldste søskena, både foreldra og fire besteforeldre var der for å høyre Amanda spele "Blott en dag" solo på kornett. Det gjorde ho heilt perfekt-som alltid.
Minstebroren vart lei ganske snart, så han forkynte: "Eg trur eg søve meg gjennom det!" Dermed bikka han over og sov. Han har måtta vere med på eit utal konsertar og ballettframsyningar opp gjennom åra, så det er fare for at han sjølv verken kjem til å spele eller danse. Eg synest alltid det er kjekt å vere på desse konsertane, men det hadde vel ikkje blitt til at vi hadde gått om ikkje vi hadde nokon som verna oss til.

I dag fyller den einaste broren min 71 år og vi gratulerer så mykje ! Det var stor feiring i fjor, så det har vel vore enklare i år når det ikkje er jubileum.Håper det har vore ein fin dag likevel.Gratulerer, Svein!

onsdag, oktober 24, 2012

Bok nr. 53 - 2012: Mokka.

Dei fleste kjenner vel til boka, og filmen, "Saras nøkkel". Forfattaren Tatiana de Rosnay har skrive fleire bøker som eg har lese, utan særlig begeistring. Bøkene er lettlesne, ja helst vil eg kalle dei "lettvekterar".
Denne boka, "Mokka", er heller ikkje stor litteratur, likevel var der NOKO med den. Handlinga er i kortheit den at ein 13 år gammal gut blir påkøyrt av ein bil. Bilen stoppar ikkje, men stikk av frå åstaden.
Guten blir liggande i koma, mens politiet somlar med å finne gjerningsmannen/-kvinna.
Det er mor til guten som har forteljestemma gjennom heile boka; ho fortel ikkkje berre om det som skjer eller har hendt før, men om alle tankane ho gjer seg. Ho blir heilt hekta på at ho skal finne den som har skada sonen. Det er ikkje vanskelig å sette seg inn i korleis ho har det -mens vekene går og guten ikkje vaknar. 
Boka er enkel, og løysinga kjem ikkje som noka bombe. Det beste med boka er at ein så lett kan følgje tankane og kjenslene hennar, sjølv om forfattaren med fordel kunne ha korta teksten ned litt. Boka er på 6 CD-plater.

Vêrmelding 24.oktober 2012

Klokka er 18.00. Temperaturen er + 4 grader C, og det er overskya, men berre litt regn av og til. Nysnø på alle fjelltoppar.
Før middag var Nils nedover og klipte seg. Eg laga ei eplekake til frysaren, og vaska og rydda kjøkkenet etterpå. Blant anna. Då Nils kom att, ville han ut på Rjåneset og pakke inn motoren på båten, og eg blei gjerne med ein tur, så eg fekk meg ein tur ut i frisk luft. Likar godt å ta bilde der ute, og enno er det lauv att på trea og vakre fargar.
Etterpå var vi ein tur innom Europris, og ein tur fram i Mosmarka for å sjå alle dei nye husa som skyt opp som paddehattar.Lurer på kven som skal bu der?
Då vi kom heim steikte eg sei til middag for andre gong denne veka, blir aldri lei av den retten. I dag hadde vi råraspa gulrøtter til + løk og sukkererter som eg woka på panna. Etterpå las eg ut boka mi. Nils held på å bygge over diverse plantar og busker ute, i vent på eit stort snøfall.
Vi gler oss til at vi skal på konsert i Volda i morgon, der Amanda skal spele solo.

På dei to nedste bilda ser de litt av badestranda på Rjåneset og litt av det fine uteområdet som høyrer til.

tirsdag, oktober 23, 2012

Vêrmelding 23.oktober - 2012

Klokka er 16.00, temperaturen er + 9 grader og det er regnvêr. Ja, vi er no glade så lenge nedbøren ikkje kjem som snø.
I dag har vi vore på rek, men berre nede i Vik. Eg var litt lur i dag, koka brennsnut/betasuppe før vi for på handel, så var det fort gjort å berre varme opp då vi endelig kom heim. Var innom biblioteket, Amfi, Europris og Jysk, og alle stader møtte vi folk vi kjende, så det vart mykje prat. Noko spesielt spennande kjøpte vi ikkje i dag.
I dag har eg lagt inn bilde av huset til Ingunn og Peder. Eg hugsa godt då Peder bygde huset sjølv, og at dei laga den fine husmuren med steinar frå Mo i Rana, der dei hadde budd før. Huset er påbygt fleire gonger etterpå, og alt arbeid er av topp kvalitet, Peder var ikkje den som juksa.
No skal huset seljast. Det er litt trist, men enda tristare at det står tomt. Vil berre seie at dei er heldige dei som får flytte inn i eit så velstelt hus.

mandag, oktober 22, 2012

Vêrmelding 22.oktober - 2012

Klokka er 18.00. Ute er det overskya og opphaldsvêr akkurat no, før i dag har det vore skodde og regn. Typisk at det blir litt lettare mot kveld. Temperaturen er + 8 grader. Men viss yr.no melder rett, blir det vinterlig vêr lenger ut i veka.I fjor hadde vi ikkje vinter før oppunder jul, og ein fin novembermånad med blomster i hagen. Ikkje slik i år.
I dag styra eg på inne på kjøkkenet heile føremiddagen. Eg laga kakebotn og baka brød, og innimellom rydda eg skap.Eg raspa gulrot og kålrabi på den nye maskina mi , så i dag vart det råkost attåt den steikte seien. 
Måtte legge meg på sofaen ei stund etter at vi hadde ete, for sist natt slo hofta seg vrang så eg sov ikkje så mykje. Typisk at den begynner å trøble etter at ryggen har kome seg til. Ja, det er no ikkje noko stort problem, det hjelper å røre litt på seg.
No er Nils ute og går tur, han er litt flinkare å komme seg ut enn eg er. 
Og der ser eg månen i søraust, han er så halv som det går an å bli.(Sjekka kalenderen for sikkerheits skuld.)Kanskje eg skal ut og gå når det blir mørkare. Saknar Kongsberg-gutane å gå måneskinnstur med.Eg likar å gå der som det er skikkelig mørkt, slik at eg ser både stjerner og planetar. Ikkje så lett her i bustadfeltet.

søndag, oktober 21, 2012

Vêrmelding 21.oktober - 2012

Klokka er no ca 20.30, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar så smått. 
Eg vakna åleine i dag; Nils hadde vakna tidlig og fare ut for å fiske, det er ganske lenge sidan sist han var utpå. Han fekk ikkje så mykje, berre fire mellomstore seiar, men vi har fisk til eige bruk.
I dag  var ryggsmertene borte, så den bilsetekuren var kanskje ikkje så dum. Eg brukte føremiddagen til å ta att diverse husarbeid, og så vart det middag og lydbok på sofaen etterpå. Sidan det har vore fotballkampar på TV-en vår heile ettermiddagen, har eg lese ut boka eg heldt på med, og strikka ferdig eit lestepar. Eg er ikkje flink å kome meg ut når ikkje veret fristar. Men når ein er pensjo, kan ein gå tur midt i veka, eller fare på rek om ein det vil. Ein har friheit til det.

Bok nr. 53 -- 2012: En blå kjole fra herr Hitler.



En blå kjole fra herr Hitler
Liv har isolert seg i familiens sommerhus og planlegger å ta livet av seg. Naboen 
Irma er tysk og ferierer hver sommer i Norge. De to blir fortrolige. Begge har de en historie som de aldri har fortalt. Irma var kontordame for Gestapo og har en fortid i Norge under okkupasjonen. Livs historie handler om en kjærlighet hun hadde som barn og om en ung manns svik.
"I romanen «En blå kjole fra herr Hitler» spelar Toril Brekke krigen inn i ein roman på originalt vis, og viser at å fortelje livshistoria si kan føre til så mangt. Årets roman frå Brekke er kort, men med ein fyldig klangbotn." Marta Norheim NRK.

Eg likte godt denne vesle romanen på berre 3 CD-plater. Torill Brekke er historikar og har skrive mange historiske romanar, mellom anna ein trilogi om innvandrear til Nord-Amerika. I desse romanane var historia i framgrunnen og menneska statistar. I "En blå kjole fra herr Hitler" er det annleis. Den gamle tyske dama og den unge jenta har kvar si historie, som delvis blir avdekte i samtalane mellom dei to. Men mykje må ein lese mellom linjene. Det likar eg godt. Eg vil anbefale denne boka. Opplesaren gjer ein god jobb. Her er mykje dialog, og ho klarer å få den tyske dama til å snakke norsk med tysk aksent-utan at det blir irriterande.

lørdag, oktober 20, 2012

Vêrmelding 20.oktober - 2012

                         Utsikt mot dei gamle gardshusa.

Klokka er no 18.15, Temperaturen ute er + 9 grader C. Det er overskya og litt regn av og til.
Vi hadde ingen planar for dagen i dag, men eg hadde lyst på ein biltur, mest for å få sitte og varme ryggen min i det elektriske bilsetet.
Vi bestemte oss for å ta ein tur i Markane, der nokre av naboane våre har kjøpt eit småbruk og bygt seg nytt hus. Vi var sjølvsagt litt nysgjerrige. Etter litt pluder fann vi fram og fann folket heime i fullt arbeid, dei har gjort det meste sjølve. Ganske tøft av to pensjonistar ! Vi fekk full omvisning både ute og inne, men eg tok ikkje bilde inne. Dei reknar med å kunne flytte inn før jul. Nydelig natur var der, og fint turterreng, så eg trur dei kjem til å trivast der. Der var alt i alt 9 hus på garden, dei fleste uthus og driftsbygningar. Mykje kjem dei nok lit å rive, men noko skal stå att.
Og her ligg det nye huset. Vegen som går opp til huset held fram som skogsveg lenger oppe.
Vi hadde ein fin tur gjennom mange tunnelar både fram og tilbake.

fredag, oktober 19, 2012

Vêrmelding 19.oktober - 2012



Klokka er snart 15.00, ute er det skya men opplett og temperaturen er + 10 grader C.
I dag har vi vore nedover ein tur, og bilda har eg  tatt frå parkeringsplassen ved Amfi.
Etter at vi kom heim, laga eg Taco, så det vart middagen i dag.
Det vart litt nytt til huset på Clas Ohlsen i dag. Eg har rettnok høve til å rive grønsaker på foodprosessoren, men eg tykte denne vesle "maskina" var så snedig at eg fall for freistinga. No spørs det berre om vi blir flinkare å ete rå grønsaker. Eg tenkte no også på finraspa gulrøter til gulrotkake.Legg merke til at rivjerna har ulik farge, så det er lett å finne den som passar til "oppskrifta".
I alle fall vil eg ønske alle ei god helg, før eg legg meg på sofaen og kviler ryggen.

Bok nr. 52 - 2012: Lukkede rom.


Lukkede rom er en frodig, stor familieroman om hemmeligheter, drama og farlig kjærlighet. Selv om romanen er en bestselger og lettlest, har den en spesiell komposisjon. Fortellingen springer frem og tilbake i tid, og som leser får du stadige pirrende, men forskjellige smakebiter av historien. Om Peer Gynt kan sammenlikne seg med en løk uten kjerne, kan denne romanen sies å være som et artisjokkhjerte – en delikatesse du alt for sjelden smaker.
I forbindelse med en ombygging av den gamle villaen til familien Lax kommer en godt bevart hemmelighet for en dag. Huset tilhørte den berømte maleren Amadeu Lax, og bak en av hans veggmalerier av hans vakre kone, Teresa, finner man et skjult kott. Der finner man et mumifisert kvinnelik som viser seg å være restene av nettopp den vakre Teresa, hun som angivelig skulle ha stukket av til Amerika sammen med sin elsker i 1936.
Dette har eg henta frå nettet, og der finn de meir om de er interesserte. Eg var skeptisk då eg begynte på denne romanen, trudde det var ein såkalla "bestseller" igjen, men faktisk var boka betre enn forventa.Det gikk ei stund før eg fekk orden på personane i notid og fortid, sidan fortellinga hoppar fram og tilbake i tid. Forteljestemma er heller ikkje den same heile tida. Etter kvart som eg fekk taket på handlinga var ikkje boka så verst. Det mest interessante for meg var likevel miljøskildringane frå herskapshuset i Barcelona. Eit slags "Downton Abbey".

torsdag, oktober 18, 2012

Vêrmelding 18.oktober - 2012

Klokka er 21.30. Det er mørkt ute og, litt regn og temperaturen er + 6 grader C.
Har ikkje vore overvettes flittig i dag heller. Før middag vaska eg til helga, for å ha fri i morgon.Litt klesvask etc. vart det også. Til middag laga eg fiskesuppe, ein stor porsjon som gikk ned på høgkant, som vanlig.
Som kjent er fiskesuppe veldig søvndyssande så det blei ein strekk på sofaen etter middagen. 
Eg vart liggande litt lenger enn vanlig på grunn av ryggen. Har ikkje vore bra sidan eg var ute i hagen forrige fredag og laurdag, så no skulle eg prøve om det hjelpte å ta det heilt med ro. Er relativt bra no, men så berre MÅ eg strikke litt og det er kanskje ikkje så lurt.Det går vel over på sikt. Elles har det ikkje hendt mykje i dag, Nils har no vore litt ut for døra og snakka med folk, ein liten tur gikk han også, men eg kom aldri så langt.I morgon har vi planer om litt shopping for eksempel.Får sjå korleis vêret blir.

onsdag, oktober 17, 2012

Vêrmelding 17.oktober - 2012

Klokka er 19.15, temperaturen + 7 grader og det har vore overskya opphaldsvêr i dag.
Når ein har hatt fleire dagar med sol og lys, blir ein litt nedstemt  når ein møter det grå lyset som eg assosierer meir med november enn med oktober.
Kjende at aktivitetslysta nådde ein minimum, så det vart ikkje mykje gjort i dag utan om det heilt nødvendige husarbeidet. Eg har strikka litt, men må vere litt forsiktig med det på grunn av ryggen.Kjenner at det gjer ikkje så godt.
Til middag hadde vi oppvarma ballj, og det var like godt i dag som sist. Vart nesten like mett også.
Held på med ein såkalla "Barcelonaroman" som til tider er nokså interessant, så det blir ein del lesing.
No må eg legge planar for morgondagen, slik at eg ikkje blir gåande å dra meg. Likar det eigentlig ikkje.
Bildet tok eg i går.

tirsdag, oktober 16, 2012

Vêrmelding 16.oktober - 2012


Klokka er no 18.30. Temperaturen er + 7 grader og det har vore ein nydelig dag. Litt skyer først på dagen, men finare etter kvart. Det var fristande å komme seg ut på tur i dag, men forma var ikkje på topp, så det vart berre ein tur til Volda og litt trakking rundt der. Hadde eit par små ærend å skulde på. Var innom Amfi også som snarast.
Då vi kom heim steikte vi  ein porsjon fiskekaker til middag. Det var behov for litt lettare mat i dag.
Elles har det ikkje skjedd mykje. Etter at eg hadde kvilt ryggen på sofaen ei stund har eg site og strikka med lydbok på datamaskina.
Nils skal på eit lite møte i kveld.
Bildet over er frå hamna i Volda. Eg kan ikkje la vere å tenke at vi skulle hatt dette fine veret mens det var sommar; sjølv om det er fint om hausten er det ikkje heilt det samme.
Strikkegarnet Regia FJORD har skifta namn til AQUARIUS. Eg strikkar lestar av det, på pinnar nr.3. Likar godt dette garnet.

mandag, oktober 15, 2012

Vêrmelding 15.oktober - 2012

Klokka er 22.15, temperaturen ute er + 2 grader C og det har vore nok ein fin dag.Det var litt skya då vi stod opp, men det klårna etter kvart.
Eg brukte føremiddagen til å støvsuge og lage middag. Sidan Margrete og dei to yngste er hos oss annakvar mandag, blir det litt meir matlaging då enn elles. I dag laga eg ball, eller klubb som vi seier i Nordfjord, med mykje godt tilbehør.Det var knokar, stripete flesk, steikt bacon, rabbe (kålrabi)+ noko som ikkje er heilt vanlig her , rømme med sukker på (i staden for sirup).Det er ca 6 timar sidan vi åt, men eg er framleis like mett. Åt ein ball for mykje føler eg på.
Då eg hadde dekka på bordet, kom eg på at eg hadde eit fat som stod til serviettane, berre sjå ! Fatet var sjølvsagt ikkje tomt då det vart sett på bordet for alvor. Måtte ta av to tallerkar fordi dei to eldste barna ikkje var med. Elles passa det ikkje med lys når sola skin, og blomster hadde vi ikkje plass til! 
Etter kjempemåltidet har eg stort sett ikkje gjort noko, men fekk tid til ein liten luftetur før gjestane kom.
Nils har jobba i hagen i dag, har ikkje vore og studert resultatet enno.

søndag, oktober 14, 2012

Vêrmelding 14.oktober - 2012

Klokka  er ca 13.00. Temperaturen ute er + 2 grader C. Det er overskya og litt hustre, men opplett. Vi saknar sola som har varma godt opp huset for oss på solsida siste dagane.
Eg har vondt i ryggen etter hagearbeidet i går, men det er slikt som går over.Det var derfor Nils gikk tur åleine i dag. 
Alle som har vore her i Ørsta i seinare tid,har lagt merke til eit stort hogstfelt i fjellsida her. Eg har ikkje tort meg så langt opp i bratta, men i dag tok Nils turen og tok bilde, slik at eg også fekk sjå. Det er utrulig mykje tømmer som er felt og ligg lagra.
Legg inn nokre bilde, men vi er ikkje fornøgde med fotoapparatet lenger.







Bok nr. 51 - 2012: En helt annen historie


En helt annen historie - Håkan Nesser Elisabeth Bjørnson
Den andre av fem bøker om kriminalinspektør Gunnar Barbarotti.  Noen svenske turister - to par og to single - omgås et par sommeruker i Finistère i Bretagne på begynnelsen av 2000-tallet. Seks nyblivne venner ristes sammen. De bader, spiser, drar på turer og flørter en smule på tvers av ekteskapsgrensene. Etter dem finnes noen spredte fotografier, muligens et gruppebilde, en akvarell og en anonym dagbok som skildrer deres eskapader. Fem år senere begynner noen å drepe dem, en etter en, men først etter at kriminalinspektør Gunnar Barbarotti i Kymlinge i brevs form har blitt advart om mordene som skal skje. Sakene får voldsom medieoppmerksomhet og politiet presses til det ytterste for å finne ugjerningsmannen. Morderen fortsetter likevel å leke katt og mus med etterforskerne og fremstår som stadig mer ubegripelig og umulig å gripe. I den andre boken om Gunnar Barbarotti, "En helt annen historie" får vi på nytt møte den grublende tvileren som stadig er i diskusjon med sin Gud. Første gang møtte vi ham i den svært kritikerroste "Menneske uten hund". Gunnar Barbarottis yrkeskarriere fremstår for ham som stadig mindre meningsfull, samtidig som tilværelsen ellers viser seg fra sin mer forlokkende side.
Dette har eg henta frå nettet.
Her er mi meining. Denne boka er veldig bra, betre enn den første i serien.
Den tredje har eg lese før, så den veit eg er god.
Også denne gongen kjem Håkan Nesser levert førsteklasses krim, med ein finurlig slutt.
Likevel er det tankane og funderingane til detektiven som fengslar meg mest. I denne boka har han også gjort den genistreken å få skrive inn ein meir "litterær"tekst. Boka og serien er anbefalt.

lørdag, oktober 13, 2012

Klokka er 18.50, temperaturen ute er+ 3 grader C , inne nærmar den seg kokepunktet så lenge sola er oppe.Enda ein nydelig dag har vi fått.
I dag gjorde eg berre litt husarbeid før vi reiste til Vik. Vi hadde ærend på biblioteket, og diverse butikkar. Var ein tur opp i gågata, men der var knapt ei sjel å sjå. Slik går det når ein får store kjøpesenter. Men i regn, snø og slaps er det greitt å kunne handle inne.
Vel heime jobba eg i hagen ei stund, og så åt vi middag. Etter ei pause var vi ut att og fullførte hageprosjektet ,som var å klippe ned alle dei store staudene og få rusket i komposten. Vi greidde det før sola gikk ned. Det er fine dagar, berre synd at det frys om natta. Vi har lagt om til vinterhjul for sikkerheits skuld.
No skal eg snart sjå på danseprogrammet i TV, så får eg sjå Stjernekamp i reprise-om eg ikkje skal prøve å ta opp på boks, då.
Ønsker alle ei god og vakker helg.

fredag, oktober 12, 2012

Vêrmelding 12.oktober - 2012

Klokka er snart 19.00. Det har vore enda ein nydelig dag kva vêret angår, sol frå  skyfri himmel. Men det er nokså kaldt, akkurat no +4 grader C.
I dag har vi vore i gravferd til naboen vår, Peder. Det var ei fin høgtidsstund i kyrkja, med mange vakre kransar og andre blomster. Vakker song og musikk var det også.
Peder vart gravlagd på gravplassen ved Askjelhaugen, der det etter kvart er mange vi kjende som ligg. Han vart sjølvsagt gravlagd ved sidan av Ingunn. Han har sjølv hogge til og forma gravsteinen. Det gjorde han etter at Ingunn døde.Vi saknar dei begge i nabolaget vårt.
Etter jordfestinga vart vi bedne til minnestund i Bedehuskjellaren. Vi fekk nydelig suppe og mange gode kaker. Same opplegget som i gravferda til Ingunn, men då var vi på Røde Kors-huset.
Klokka var ca 15.30 då vi kom heim, så det vart ikkje noko uteliv i dag. Ikkje var eg heilt god i foten heller etter turen i går. Eg blir irritert over at eg ikkje kan gå ein liten tur utan å få problem. Men eg har vel ikkje mykje å klage over.
Vaska over eit par golv, men meir har eg ikkje gjort til helga.
Ønsker alle ei god helg! Hugsar de at eg lova finevêr i haustferien? Dette har vel vore ei bra veke?( Ja, eg skal ikkje ta æra for det,altså).

torsdag, oktober 11, 2012

Vêrmelding 11.oktober - 2012.

Klokka er snart 18.00, himmelen er blå og sola skin. Temperaturen er + 8 grader C i skyggen.
I dag etter frokost gjorde Nils seg klar for å drage krabbeteiner, og eg sette i gang med å lage fiskekaker.
Det varte og rakk før Nils kom att så eg spedde på med litt meir husarbeid, strikking etc. Han kom heim med store mengder krabbe, hadde hatt litt av ein jobb med å få alt opp i båten. Han har delt ut til diverse naboar og andre kjende, så eg håper der er litt meir mat i dei enn dei vi hadde i går.
Det blei fiskekaker til middag, ein liten strekk på sofaen og ein kopp kaffi. Nils hadde eit ærend til Vik, men eg tok meg ein skogstur. Ville opp og sjå kvar det kjem frå alt tømmeret som ligg lagra i Storebakken.
Nils og eg har våre eigne namn på vegane i skogen, og i dag gikk eg utover Raudhyttevegen, der eg fann hogstfeltet. Skogen er snaua på begge sider av skogsvegen. Sist eg gikk der låg trea nede-brotna og rotvelta.
Det var herlig å komme seg ut i frisk luft, og eg håper ikkje eg får mein av denne turen.

onsdag, oktober 10, 2012

Vêrmelding 10.oktober - 2012

Klokka har passert 19.00 og det er ganske mørkt ute. Temperaturen er + 7 grader, det er vått og rått. Det har vore regnbyger i heile dag, så eg har ikkje vore frista til å gå ut. Det er mykje som skulle vore gjort i hagen, men orkar ikkje å styre ute så lenge det er så vått. I fjor fekk vi ei finevêrsperiode i november og eg håper på det same i år.
Nils fór ut etter frokost for å drage krabbeteinene og sette dei igjen. Eg var heime og pusla i huset, rydda, tørka støv m.m. Slikt som berre eg ser.
Nils kom heim med ca 30 krabbar og kokte 20 av dei. Det var lite mat i dei, men vi fann såpass mykje at vi vart ulysta. Særlig eg. Trur eg er litt allergisk mot krabbe også, ikkje berre hummar, som eg ikkje kan smake i det heile tatt.
Elles har eg vore noko sløv i dag, var ein travel dag i går, for meg som ikkje er van med så mykje sosialt liv.Og så mykje lyd. Men eg angrar på ingen måte at eg vart med på operaturen.

tirsdag, oktober 09, 2012

Vêrmelding 9.oktober - 2012

Klokka er snart halv 12, temperaturen er +4,5 grader C og det regnar.
Eg er nettopp komen heim frå pensjonisttur til operaen på Eid.
Vi reiste frå Ørsta klokka 13.00, og køyrde Kvivsvegen bortover i nydelig vêr, sol frå klår himmel og strålande haustfargar overalt.
Første post på programmet  var kunstutstilling på Gamlebanken. Mykje fint å sjå, men også ein del utfordrande kunst. Det vart ikkje middag på Kyrkjetun, men på Bryggen hotell. Stor porsjon med kjøttkaker og godt tilbehør. Gulrotkake og kaffi til dessert.
Vi møtte fram i god tid til operaen og fekk sett oss litt omkring før framsyninga. Sjølve operasalen var mindre enn eg trudde, scena også. Men vi sat relativt langt framme, så det var kanskje derfor det virka slik.
Operaen var sjølvsagt flott med flinke songerar, særlig Madame Butterfly sjølv. Eit lite sjokk fekk eg då eg brått fekk auge på tannlegen "min" i ei av dei mindre rollane.
No var eg litt spent på korleis det ville gå med tinnitusen min med så mykje høg song og musikk. Og la meg seie det slik at det gjekk ikkje så bra-har eit heilt orkester i øyret enno.
Trefte Margrete i pausen og prata med henne. 
Då vi kom ut regna det, og så var det full fart på bussen for å nå ferja.Ingen hadde lyst å køyre Kviven tilbake også. Vi rakk ferja, men eg vart litt kvalm.
Det har vore ein innhaldsrik og sosial dag.
Utsikt frå operaen mot tunet der eg budde ein gong.1946-48.

mandag, oktober 08, 2012

Klokka har passert 18.00. Temperaturen er + 5 grader C og no har det endelig slutta å regne, i alle fall for ei stund. I dag vakna eg stiv og støl i heile kroppen, ikkje rart sidan det var snø langt nedover i fjella. Denne gongen hadde også Melshornet fått sitt.
Hadde ingen spesielle planar for dagen, men Nils hadde eit ærend ned på Clas Ohlson, så eg blei med. Var så vidt innom før helga. Det er ein stor butikk som held til i 2.etasje på Amfi. 
Når ein kjem inn på store, ukjende butikkar, blir det ofte til at ein blir gåande å leite. Ikkje hadde vi skaffa oss katalogar heller. Etter at eg hadde funne klessnora som eg leitte etter, oppdaga eg at der var ein dataskjerm der ein kunne søke etter produktet, for så å få hyllenummeret. Eg prøvde med ordet "klessnor". Ingen treff. Så såg eg at det stod "tvettsnor" på svensk , men heller ikkje det funka. Ein ung sørlending kom og ville hjelpe; då kom det fram at det heiter "tørkesnor", på norsk. 
Eit godt råd til alle som leitar, finn katalogen og bruk den. Nils kjøpte ny slange til dusjen, for ca 1/3 av prisen hos rørleggaren.
Det blir nok smalhans for andre butikkar etter at Clas  har flytta inn på Amfi." Den enes brød, den andres død." Men det er ein "krig" mellom kjeder, ikkje personar.
Til middag i dag vart det nr.2 av dei fire billigpizzaane. Denne gongen piffa opp med diverse pølser, ost og tomatar. Så var eg så syndig at eg la meg på sofaen med lydbok, noko som i utgangspunktet var dømt til å mislykkast. Trur eg har fått sovesykja, men får håpe eg held meg våken under operaframsyninga i morgon. Har høyrt rykte om at ein av ørstapensjonistane sov seg gjennom heile Tryllefløyten i fjor.
Har ikkje gjort det skapte grann i dag, men no skal eg tømme både oppvaskmaskina og tørketrommelen, og kanskje strikke litt?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...