onsdag, oktober 10, 2012

Vêrmelding 10.oktober - 2012

Klokka har passert 19.00 og det er ganske mørkt ute. Temperaturen er + 7 grader, det er vått og rått. Det har vore regnbyger i heile dag, så eg har ikkje vore frista til å gå ut. Det er mykje som skulle vore gjort i hagen, men orkar ikkje å styre ute så lenge det er så vått. I fjor fekk vi ei finevêrsperiode i november og eg håper på det same i år.
Nils fór ut etter frokost for å drage krabbeteinene og sette dei igjen. Eg var heime og pusla i huset, rydda, tørka støv m.m. Slikt som berre eg ser.
Nils kom heim med ca 30 krabbar og kokte 20 av dei. Det var lite mat i dei, men vi fann såpass mykje at vi vart ulysta. Særlig eg. Trur eg er litt allergisk mot krabbe også, ikkje berre hummar, som eg ikkje kan smake i det heile tatt.
Elles har eg vore noko sløv i dag, var ein travel dag i går, for meg som ikkje er van med så mykje sosialt liv.Og så mykje lyd. Men eg angrar på ingen måte at eg vart med på operaturen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg drøymer om krabbemåltid på steinbordet på Nesje, men no er det vel i seinaste laget.
Eidabesta

Besta sa...

Krabbe er kjekt å ete ute, så slepp ein rotet inne. I Trovågen sat vi alltid ute og åt krabbe og knuste klør etc med steinar-og let måsane rydde opp.
Eg toler ikkje så godt krabbe lenger. Hummar blir eg "dødsens" sjuk av, så eg har vel ein allergi eller intoleranse når det gjeld skaldyr.