tirsdag, oktober 09, 2012

Vêrmelding 9.oktober - 2012

Klokka er snart halv 12, temperaturen er +4,5 grader C og det regnar.
Eg er nettopp komen heim frå pensjonisttur til operaen på Eid.
Vi reiste frå Ørsta klokka 13.00, og køyrde Kvivsvegen bortover i nydelig vêr, sol frå klår himmel og strålande haustfargar overalt.
Første post på programmet  var kunstutstilling på Gamlebanken. Mykje fint å sjå, men også ein del utfordrande kunst. Det vart ikkje middag på Kyrkjetun, men på Bryggen hotell. Stor porsjon med kjøttkaker og godt tilbehør. Gulrotkake og kaffi til dessert.
Vi møtte fram i god tid til operaen og fekk sett oss litt omkring før framsyninga. Sjølve operasalen var mindre enn eg trudde, scena også. Men vi sat relativt langt framme, så det var kanskje derfor det virka slik.
Operaen var sjølvsagt flott med flinke songerar, særlig Madame Butterfly sjølv. Eit lite sjokk fekk eg då eg brått fekk auge på tannlegen "min" i ei av dei mindre rollane.
No var eg litt spent på korleis det ville gå med tinnitusen min med så mykje høg song og musikk. Og la meg seie det slik at det gjekk ikkje så bra-har eit heilt orkester i øyret enno.
Trefte Margrete i pausen og prata med henne. 
Då vi kom ut regna det, og så var det full fart på bussen for å nå ferja.Ingen hadde lyst å køyre Kviven tilbake også. Vi rakk ferja, men eg vart litt kvalm.
Det har vore ein innhaldsrik og sosial dag.
Utsikt frå operaen mot tunet der eg budde ein gong.1946-48.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Har tenkt på deg i dag, men rekna med at du ville følgje programmet dykkar. Byggjearbeid på Kyrkjetunet, men på Bryggen er det også koseleg og dei har god mat. Eid Pensjonistlag har medlemsmøta sine der.

Besta sa...

Vi hadde i grunnen fullsett program, så det vart ikkje tid å ta kontakt.
Tenkte eg skulle spørje deg om møta de har på Bryggen hotell, kva de betalar osv.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...