onsdag, september 30, 2009

Heimturen.

Eivind smiler velvillig til fotografen, som vil ha eit lite bilde før avreise.
Men ikkje alle likar like godt å bli fotografert.

Det var litt for tidleg å få den første smaken av vinter på septembers siste dag.


No er vi vel heime etter ein lang dag i bilen.Vi stoppa ei stund på Gol, fekk oss litt mat og shoppa litt. Vi var spente på veret over fjellet,og om der var glatt på vegen,men der var det tørre vegar og ingen problem.Vi stoppa hos ein bonde i Lærdal og kjøpte med oss litt poteter, eple og grønsaker heim.
Elendet begynte først då vi var komne gjennom Fodnestunnelen. Det regna trollkjerringar og etter kvart gikk regnet delvis over i sludd. Og slik var det resten av turen. Vi køyrde rundt Austefjorden og stoppa ei lita stund hos Margrete.Her heime hadde vi slått av all varme før vi reiste, så her var det + 10 grader i huset. Ikkje akkurat det vi her i Ørsta kallar fjelgt.
Samme om dagen i dag vart litt av ein baksmell når det galdt veret, hadde vi i alle fall nokre fine dagar ausanfor fjella.

tirsdag, september 29, 2009

Heimreise.

Her er det strålande sol i dag og, men ikkje varmt. Ca 11 grader på føremiddagen, så det er om ikkje ver-så stort temperaturomslag. Vi hadde tenkt å besøke både den eine og den andre mens vi var her aust, men venninna mi i Fredrikstad er på tur til Berlin, så dit er det ingen vits å reise.Så hadde eg tenkt at vi kunne reise om Oslo, treffe Audun og så besøke Ellen Marie på Skedsmokorset, før vi tok Strynefjellsvegen heim. Men så ser og høyrer vi om glatte vegar og snø både her og der, og om bussulukke.Vi har sjølvsagt berre sommardekk på bilen, så no sit vi nesten landfaste her sør.Det einaste som er sikkert er at vi tek på heimveg i morgon ein gong, og så får vi sjå kvar vi endar, ikkje i grøfta får vi håpe.Trudde ikkje det skulle bli slike problem så tidleg på hausten. Nils har sjølvsagt lyst å ta vegen over Hemsedal, mens eg alltid har lyst å ta "omvegar".Same procedure as every year....

søndag, september 27, 2009

Kongsberg sundag.


Det vart ikkje så fint ver i dag som i går.I dag har det vore overskya, men opplett.Vi har stort sett halde oss inne, laga mat, ete og prata.Gutane får besøk av kameratane til Eivind og er flinke å sysselsette seg sjølve.Dei synest det er kjekt å vere heime og styre med leikene sine og med data.Ei økt på trampolina har det også blitt.I morgon må W. på jobb, så då får vi andre finne på noko også.Dette blir som ein liten dagboksnotat sidan eg ikkje har dagboka med meg.

lørdag, september 26, 2009

Sol og sommar på Kongsberg.




Veit ikkje akkurat kor mange grader det er, men det kjennest i alle fall varmt i dag. Med eit lite vindpust innimellom. Har ikkje hatt såpass fine dagar på Vestlandet på velig lenge, så dette er som ein sydenferie.W.har vore ute i hagen og plukka store, søte bjørnebær på plantane dei fekk av oss, fordi bæra aldri vart modne i Ørsta.Mor til W kom ein tur på sykkel og besøkte oss og då testa vi aprikoskaka med vaniljeis til.Den var skikkelig god, sjølv om aprikosane var på botnen av forma.Ein liten boks var kanskje i minste laget også? Så no får vi sjå kven som finn på neste vri.Ja, aprikosane var no Margrete sin ide, eg skal innrømme det.Elles så sløvar vi for det meste og slappar av.

fredag, september 25, 2009

Helsing frå Kongsberg.

Vi er vel framme på Kongsberg og har fått god mat.Turen gikk veldig fint, men først i Lærdal vart det nokonlunde opplett. Seinare vart veret berre finare og finare med sol og varme. Det var som å komme til eit anna land.Vi åt nista vår i Nesbyen utanfor kjøpesenteret,det var vind, men fin teperatur.Over 20 grader. Det vart trafikkø då vi nærma oss byen, så vi vart ca 1/2 time forsinka.Vi hadde ein fin tur, men det ER langt.Det gikk heldigvis heilt fint med meg og sittinga.

torsdag, september 24, 2009

Livs beste eplekake.


Liv beste eplekake:
Deig:
400 gram smør eller margarin
8 dl kveitemjøl
10 ss vatn
1 ts eddik

Fyll:
10 eple
200 gram rosiner
100 gram hasselnøtter
sukker
kanel
2 egg
2 beger rømme (= 6 dl)

Deigen lagar du slik: Smuldre saman smør og mjøl, ha i vatn og eddik og rør raskt saman til ein deig(eller bruk foodprosessor).
Trykk deigen ut i ei stor langpanne.
Reins epla og skjer i båtar.Legg eplebåtane jamnt utover deigen,strø over nøtter og rosiner, sukker og kanel.
Rør saman egg og rømme og slå over.
Steik kaka på 200 grader midt i omnen. Steiketid ca 40 minutt.
Server kaka lunka med krem.


Denne eplekakeoppskrifta vann 1.premie i ein konkurranse i Ukebladet for mange år sida.Det var Liv Solveig Brendefur frå Nordfjordeid som hadde sendt inn oppskrifta. Eg har laga den nokre gonger, og den er virkelig god. Prøv denne og du vil ikkje angre.Ein fordel med denne oppskrifta er at ein kan bruke Fruktose i staden for vanleg sukker og såleis tilpasse den til diabetikarar.(Ein kan sikkert også bruke kunstig søtstoff.) Og så kan ein strø på mykje eller lite sukker alt etter smaken på epla.

onsdag, september 23, 2009

Bok nr.63: Begravde hunder biter ikke.

No les eg om Varg Veum igjen. Ikkje min favoritt-krim; men som lydbok, lese av Lasse Lindtner er det god, lett underhaldning. Eg er ikkje sikker- kanskje eg har lese denne før? Eller har eg sett filmen? Det betyr ikkje så mykje frå eller til.

Bok nr.62: Ondskapens hjerte.

Solveig har skrive om denne boka på sin blogg, så de kan lese der.
No er eg ikkje fullt så "begeistra" for seriemorderar som ho er, men boka er bra den.Det finst mange sprø folk rundt omkring, dessverre, men dei som held seg innafor permane er relativt ufarlige, får vi håpe.Så kan ein unne seg eit lite grøss i kvardagen.
Det mest interessante i denne boka er psykologien. Den gir faktisk eit slags svar på spørsmålet om det finst menneske som er vonde, tvers igjennom.

Aprikosane som forsvann.


I dag måtte eg berre prøve oppskrifta som Margrete la ut på bloggen.Men sidan eg verken hadde eple eller plommer som var gode nok, tok eg ein liten boks hermetiske aprikosar. Eg let dei renne godt av seg og la dei på tørkepapir, før eg danderte dei i mitt vanlege mønster rundt kanten og i midten på kaka. Som de ser blei kaka bra, den, og så får vi håpe at aprikosane har gitt kaka ein god smak. Med krem eller is til, blir det meste godt.
Dei fleste gongane eg lagar kake, er det for å frakte dei med meg. Eg har to små langpanner med plastlok som eg plar bruke, og så har eg også kjøpt ei rund form med lok. Veldig praktisk også når ein skal fryse kakene/-restane.
"Kjekt å ha" med andre ord.

lørdag, september 19, 2009

Litt reklame.


Frå Hareid fekk vi i dag med oss heim den blodferske boka til Øystein.
Dette er ei dokumentarbok, og vi har følgt arbeidet med boka frå første stund, så og seie.Vi har på den måten fått ein lite innblikk i kva arbeid som ligg bak ei slik bok.Kvar minste detalj må stemme, så det er ikkje få intervju, telefonsamtalar, mailar og anna kommunikasjon som har vore med å gjere boka så "sannferdig" som det vel er mulig.Det hasta også å få skrive denne boka, for det er etter kvart blitt tynt i rekkene av dei som var med på desse dramatiske handlingane under 2. verdskrigen. Nils har vore ein nyttig koordinator sidan fleire av slekta hans var med på å frakte folk frå Norge til Shetland og Skottland.Nokre av dei er framleis i live.
Denne boka skal eg lese, sjølv om ho dessverre berre finst i papirutgåve.
For dei som ikkje veit det, vil eg opplyse om at Øystein er svigersonen vår.

fredag, september 18, 2009

Dagens sei !

Nils var ut og såg etter båten, og måtte ein liten tur utpå og prøve fiskelykka. Han fekk 14 mellomstore seiar. Så no blir det å lage store seikaker og ha med til Kongsberg.Blant anna.

tirsdag, september 15, 2009

Gratulerer med valet !!!


I dag vil eg gratulere alle som har stemt raud-grønt med eit fantastisk valresultat. Eg er veldig glad for at Norge framleis skal få lov til å vere eit sosialdemokratisk land, og at Jens skal halde fram som VÅR statsminister.
No kan Siv vaske bussen sin rein for idiotiske slagord som "Morna Jens"- eller endre det til Jensen?
Det einaste eg beklager er at vi har fått ei tydelig polarisering i politikken med liten plass til sentrumspartia. Og at Sponheim går ut. Han har vore ein fargeklatt i det politiske livet. Han skulle heller ha slutta seg til venstresida i tide.
Og lat det berre vere sagt:Det er ikkje personlig skattelette vi treng, men MEIR pengar til det offentlege, slik at vi kan få løyst mange kommunale og statlege oppgåver på ein betre måte.
Eg skal feire dagen med å gå til frisør!
PS: Liljebuketten fann vi i gangen etter at vi kom heim frå ein tur nedover. Mistenker ei av naboane.

mandag, september 14, 2009

Stortingsvalet 2009.


Vi har enno ikkje røysta; Nils skal vere vakt i vallokalet frå klokka 16.00, og då kjem vi til å røyste rett før det.Eg har bestemt meg no for at eg vil stemme som eg alltid har gjort. Viss vi ikkje får raud-grøn regjering, har eg planar om å emigrere. Eg vil ikkje bu i eit land som blir styrt, heilt eller delvis, av Frp. Eg vil bu i eit land som har offentleg skule, offentleg helsevesen og fellesskapsløysingar på det meste.Sjølvsagt skal det vere lov med private bedrifter, men det er det ingen som er imot.Norge er verdens beste land å bu i, så kvifor skal vi skifte system? Nei, det vi skal gjere er å få dei offentlege tilboda enda betre. Så vil eg krysse fingrane for at vi framleis er raudgrøne når vi vaknar i morgon.Godt raud-grønt val!!!!
Unnskyld at eg stal bildet ditt,Margrete, men eg fann ikkje noko anna.

søndag, september 13, 2009

Bok nr.61: Ruth Maiers dagbok.

Denne boka har Margrete skrive om før, og eg har lese berre 3 CD-ar av den enno. Om eg kjem til å lese alle 16, står att å sjå.Der er nemlig ein "feil" med denne boka, og det er at opplesaren les så vakkert og poetisk at eg er i draumeland før eg veit ordet av det.Så kanskje eg forlenger lånefristen og har den til "sengelektyre" framover hausten?
PS:Det blei til at eg las ferdig denne boka, og angrar ikkje på det. Sjølv om den ikkje er direkte spennande eller innheld så mykje ytre handling, så er her mange tankar og betraktningar. Frå den unge jødiske jenta som levde nokre år i Norge, for seinare å bli ført til gasskammeret. Ein av grunnane til at boka fengsla, er forfattaren, som les boka sjølv. Det er som alt blir eit poetisk epos i hans munn. Les og nyt! Det er mitt råd.

fredag, september 11, 2009

Bok nr.60: Nattmannen

No har eg lese ut enda ei bok, heller ikkje denne særleg lang, berre 7 CD-ar.
Dette er også ei krimbok, men det finst mange typar krim, denne kjem i kategorien politiroman.Boka verkar svært autentisk, og det er ikkje så rart når han som skriv er politimann og kjenner yrket. Døtra hans i boka er journalist i VG, så vi får også inntrykk av korleis avisfolk jobbar og krigar om å vere først å skrive om det som skjer.Boka handlar om "Det kriminelle Norge", med mord, narkotikasmugling, kvitvasking av pengar m.m. Elles får vi eit innblikk i det nynazistiske miljøet og korleis dei folka tenkjer.Og så er det flyktningpolitikk og krigen i Afganistan som blir skildra og kommentert. Eg er nesten frista til å kalle boka ein dokumentarroman.
Boka er skikkelig og truverdig på alle måtar,og det som skjer kunne godt vore sant, så på den måten kan den vere opplysande og lærerik.Det er berre det at vi har høyrt om det meste før,så ingen ting blir særlig overraskande eller spennande.
Det er med vilje eg ikkje har googla boka, for då blir det ikkje MI meining som kjem fram.
Han som les gjer ein bra jobb, men det er noko "gale" med stemma hans, eller med opptaket.

onsdag, september 09, 2009

Lærerne.

I dag er det ny episode i "realityserien" om lærarane.No trur eg ikkje desse klippa er så ekte som vi har ein tendens til å tru.Det er nok ganske regisserte episodar, sidan det både er lyd- og bilde- folk stasjonert i klasseromma. Kanskje spelar lærarar og elevar om att hendingar som har skjedd før? Ikkje veit eg, men det er i alle fall interessant å følgje med; særleg den unge, urøynde læraren. Eg tippar at han får gode råd, jobbar med seg sjølv og får taket på yrket.Vi får i alle fall meir å diskutere både heime, på bloggen og på jobben (for dei som er der.)

tirsdag, september 08, 2009

Bok nr.59: Drømmenes land.


No har eg lese ferdig denne boka, og eg må innrømme at det er vanskelig å formulere kva eg meiner om den.Det har noko med sjangerforventning å gjere. Denne boka er kategorisert som krim, men her er lite action og spenning. Her er likevel mykje anna som gjer boka vel verd å lese.
Handlinga er lagt til Minnesota,ved Lake Superior, der det er mange norskætta amerikanerar.
Her er interessante skildringar av natur og folkeliv, og ikkje minst historier frå fortida.Familiemyter og andre myter blant anna.
Hovudpersonen Lance Hansen er "skogpurk" og driv med slektsgransking på fritida.Dei fleste i dette området ættar frå Norge og Sverige, men har også anna blod i årane.Dei fleste tenkjer ikkje så mykje på det, men Lance er svært oppteken av fortida, og særlig si eiga slekt .Han er i det heile ein grublande type, og det er tankane hans som dominerer mykje av teksten.Til å vere ein mann på 40+ er han litt gammelmodig synest eg.
Noko som er veldig spesielt er at her ikkje finst banning i boka, noko som var ei kvild for øyrene mine.
Opplesaren er flink, men les litt for fort etter mi meining.Særleg i dei lange historiske utgreiingane er det vanskelig å henge med. Dessutan forstår eg ikkje heilt vitsen med tjukke l-ar i denne sammenhengen.
Konklusjon: Ei god bok, vel verd å lese.Gode miljøskildringar og lærerik historie. Krimmen kjem litt i bakgrunnen.
Elles kan de lese om boka på nettet om de vil.Og les gjerne boka sjølv.

Apropos tilbakeblikk.

Då eg vart pensjonist, bestemte eg meg for å skrive "livshistoria" mi,slik at barn og barnebarn kunne få vite litt om korleis det var å vekse opp under og etter KRIGEN.Og om åra fram mot den tida dei kan hugse sjølve.
Eg sette i gang med friskt mot, og skreiv meg fram til 13-årsdagen.Då kollapsa harddisken og eg miste alt.Eg orka ikkje å begynne om att på samme historia ein gong til, men fekk eit tips frå Solveig om at eg kunne skrive litt på bloggen innimellom.Det er derfor eg skriv desse historiene frå gamle dagar. På Internett ligg dei trygt får vi tru?

søndag, september 06, 2009

Flash-back.

I kjellaren på det det gule huset midt i bildet, budde vi første tida på Raudeberg. Dei tre første bilda er tekne frå samme ståstad.
Raudeberg skule. Bygget til høgre var der i mi tid,det til venstre er mykje nyare og har teke plassen til Gamleskulen.

Her budde vi 1964-65. Kjekt å sjå at eigedomen er så fint helden.Ragnhild,som vi budde hos,var ikkje gift,og det var ein gut ho var tante til som arva huset.

Nord-Vågsøy kyrkje. Her vart Solveig og Rasmus døypte av den islandske soknepresten.


Refviksanden. Det var her, på den delen av stranda som veninna mi eig, at Toralv Maurstad gifta seg siste(?) gongen.

I dag var det så kjedelig ver at vi fann ut at det var dagen for biltur. Vi køyrde utover og skulle ta ferja Årvik -Koparnes. Hadde sjekka ruta og funne ut at den gikk kvar halvtime.Det var litt lenger å køyre enn vi trudde og vi kom 2 min for seint. Så venta vi på neste ferje- som aldri kom.Akkurat DEN gikk nemleg ikkje, så det vart langt på dag før vi kom oss over fjorden.Vi køyrde over Maurstadeidet, til Måløy og Raudeberg.
Etter kvart som vi nærma oss Raudebrg begynte den eine personen føre og den andre etter å dukke opp i tankane våre, og vi hugsa brått alt som skjedde for over 40 år sidan.
Frå 1962-1965 budde vi nemleg på Raudeberg og eg jobba på skulen der to av åra. Nils jobba på fiskemottak. Begge dei eldste borna våre vart fødde mens vi var der, og vart døypte i Nord- Vågsøy kyrkje.
I mi tid var der to skulehus, Nyeskulen og Gamleskulen. No var gamleskulen borte og eit nytt bygg hadde kome i staden. Første tida vi budde der, hadde vi ei lita nett kjellerleilegheit, seinare flytte vi inn i 2.etasje hos ei pensjonert lærarinne.Det var veldig kort veg til skulen. For å illustrere det, stilte eg meg opp på same staden og tok bilde av huset, som no er påbygt og oppussa,og skulen.
Vi har vore på Raudeberg fleire gonger sidan vi flytte derifrå, men akkurat i dag gav vi oss tid å sjå oss litt ekstra omkring og minnast korleis det var då vi kom dit unge og nygifte, med heile livet framfor oss.Kan ikkje nekte for at det var litt vemodig.
Vi var også ein tur til Refvik og Vedvik, før vi for tilbake. Då hamna vi først på Kinarestaurant på Eid, og så på Hildegard.Vi hadde så smått tenkt oss innom Bjørnaset også, men fann ut at vi då ville komme midt i leggetida, så det droppa vi denne gongen.

Slik vart ein grå dag ein skikkelig opplevingsdag.Carpe Diem !!!!


Korleis vinne eit skuleval ?




Ingeborg fortel litt om skulevalet i Volda på Margrete sin blogg. Og ho vil gjerne ha politisk diskusjon på bloggane om eg forstår henne rett.No er meiningane ulike om kva parti som har dei beste løysingane, og ikkje alle parti har fått "prøve seg". Sjølv er eg godt nøgd med den regjeringa vi har, og for min del kan dei berre få sitte. Elles er eg stort sett samd i det som Randi Langeland Mork skreiv i avisa .Partia må sjølvsagt få lov å meine det dei vil, men det går ei grense! Når Frp.går så langt som dei gjer for å "fange opp" dei yngste veljarane, då meiner eg at det er rett og slett USØMELIG. Og når dei unge let seg påvirke av slikt bondefangeri, kan dei ikkje ha fått mykje ballast med seg heimanfrå.Dette er mi objektive meining, som eg plar seie.
Les her.

fredag, september 04, 2009

Bok nr.58: Ned til hundene

Dette er ei veldig kort bok, berre 3CD-ar.Og boka er spesiell.Forteljaren fortel lite,berre det som skjer der og då - og litt til. Resten må ein finne ut av sjølv.For å seie det slik: Her er få linjer, men mykje mellom linjene.Boka har ein utrulig "nerve", og fortener meir konsentrasjon enn det eg har hatt under lesinga.Som de ser har boka fått terningkast 6.
Eg trur eg skal lese boka ein gong til, det fortener den.
De kan også lese om den her.
No har eg leseboka ein gong til, spela cd-ane av på Pc-en mens eg strikka. Det var noko eg ikkje heilt forstod første gongen.Eg forstod det ikkje no heller.

Russekort anno 1958.

Dersom du trudde at russekort var ei ny oppfinning, må du tru om igjen. Alt i 1958 var det ein godt innarbeida skikk, rettnok berre for gymnaselevane. I dag driv eg og ryddar skuffer, det er derfor eg er så nostalgisk.

Eid skulehus.




I denne bygningen gikk eg på skule frå eg var sju til eg var 18 år.
I kjellaren var det sløydsal, kjemirom og skulekjøkken. Ikkje undervisningskjøkken, men laging og servering av middag for utanbygds elevar.I første etasje heldt folkeskulen til. Vi greidde oss med tre rom,for vi gjekk berre annan kvar deg. I mi tid gjekk ein anten to år i 5.klasse eller to år i 6., skulen var dermed ikkje heilt fulldelt, og vi greidde oss med tre lærarar.
I 2.etasje var det gymnas, med engelsklinje og reallinje.Sidan skulen var to-årig var det ikkje behov for meir enn fire klasserom.Dei som gjekk på engelsklinja, gikk andre året i 3.etasje. Der heldt også realskulen med sine to klassar til.
Såleis var skuletida mi ei vandring mellom romma i dette huset, berre to rom har eg ikkje hatt som klasserom.
Denne praktfulle bygningen fekk ei sørgelig endelikt då han brann ned til grunnen 14.april 1978.Men då var det lenge sidan eg hadde vore innom døra. Som mange veit er det bygt ny fin vidaregåande skule i samme området, og no har også operebygget kome til.
Det er bygt ny barneskule for mange år sidan, den heiter Nordfjordeid skule, ikkje Eid skule som i "mi tid".

For 60 år sidan.

Dette bildet er frå skuleåret 1948-49. Då gikk eg i 2.klasse på Eid skule.Læraren vår heitte Astrid Midthjell.Vi var 18 elevar i klassen, og vi gjekk alle i lag dei 7 åra på Folkeskulen, som det heitte den gongen.
Vi må ha vore ei flink klasse for mange av oss tok det som den tida vart kalla "høgane utdanning". Det er ikkje så mange av klassekameratane eg har hatt kontakt med, men ho som var besteveninna mi då vi begynte på skulen, snakka eg med seinast i går. Om nokon av klassekameratane skulle råke til å sjå dette innlegget, ville det vere kjekt å få eit lite livsteikn.

onsdag, september 02, 2009

Bok nr.57: Til din vrede går over.

Dette er Åsa Larsons fjerde bok, og eg har lese alle- i rette rekkefølge.Eg har likt alle, men denne aller best.Det er ikkje ein typisk kriminalroman,men meir ei fortelling om menneske og kva dei kan komme til å gjere og kvifor.
Hendinga er lagt til Kiruna i Nord-Sverige og helst til utkantane av byen, der det stort sett bur eldre folk og såkalla "bygdeoriginalar". Alle er tospråklige, snakkar både svensk og finsk flytande. Naturen spelar ei stor rolle i denne boka, og ikkje alt er like realistisk. Det gjer boka meir spennande etter mi meining.Å skildre ein kriminalroman som rørande kan virke litt undelig, men på denne passar det.Opplesaren gjer ein kjempegod jobb etter mi meining.
Å prøve å formidle kvifor ein likar ei bok, kan vere vanskelig, og det blir i alle tilfelle ei subjektiv vurdering.De kan jo lese om forfattarskapen til ÅL og kanskje starte med første boka om de er interesserte.
Les om forfattaren her.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...