
Hendinga er lagt til Kiruna i Nord-Sverige og helst til utkantane av byen, der det stort sett bur eldre folk og såkalla "bygdeoriginalar". Alle er tospråklige, snakkar både svensk og finsk flytande. Naturen spelar ei stor rolle i denne boka, og ikkje alt er like realistisk. Det gjer boka meir spennande etter mi meining.Å skildre ein kriminalroman som rørande kan virke litt undelig, men på denne passar det.Opplesaren gjer ein kjempegod jobb etter mi meining.
Å prøve å formidle kvifor ein likar ei bok, kan vere vanskelig, og det blir i alle tilfelle ei subjektiv vurdering.De kan jo lese om forfattarskapen til ÅL og kanskje starte med første boka om de er interesserte.
Les om forfattaren her.
3 kommentarer:
Denne forfattaren må eg føre på lista! Eg nikosar meg med Francis Mayers lidenskap som lydbok, verkeleg ein godbit etter min smak!
Den boka har eg ikkje sett her på vårt biblio.Kjekt å få tips om at den er bra, for eg hadde neppe lånt den utfrå tittelen.
Det som er med desse krim-seriane er at privatlivet til personane er så "viktig" at det er ein STOR fordel å lese i rette rekkefølga.
Francis Meyer er ikkje krim, men ei kjempeartig roman frå universitetsmiljøet på Blindern, og masse om Petter Dass og Dorthe Engelbregtson...hehe
Legg inn en kommentar