Dette bildet er frå skuleåret 1948-49. Då gikk eg i 2.klasse på Eid skule.Læraren vår heitte Astrid Midthjell.Vi var 18 elevar i klassen, og vi gjekk alle i lag dei 7 åra på Folkeskulen, som det heitte den gongen.Vi må ha vore ei flink klasse for mange av oss tok det som den tida vart kalla "høgane utdanning". Det er ikkje så mange av klassekameratane eg har hatt kontakt med, men ho som var besteveninna mi då vi begynte på skulen, snakka eg med seinast i går. Om nokon av klassekameratane skulle råke til å sjå dette innlegget, ville det vere kjekt å få eit lite livsteikn.
2 kommentarer:
Ser at det er ei viss tøtte i familien som har trekk frå deg...nemner ikkje namn!
Ja likskapen er der, og den skriv seg nok attende til Amanda.
Eidabesta
Legg inn en kommentar