tirsdag, april 21, 2026

Dagbok 2026: 21.april

Klokka er no18.40, temperaturen ute er +10 grader og det har ikkje vore sol i dag, trur eg.

I dag hadde eg tenkt at eg skulle få gjort litt ute i hagen, viss handa mi ville vere med på det. Eg har hatt ei kasse ståande i årevis der eg har samla diverse hageavfall. Trur ikkje den kassa har vore tømt nokon gong og mesteparten av innhaldet har gått over til mold, slik vi venta det skulle. Men eg var lei av å ha kassa ståande, og meiner at vi kan bruke molda i hagen. Eg sette i gang med å tømme kassa for mold og for rusk, og det gjekk ganske bra, det som vart att i kassa vart etter kvart rein mold. Eg hadde tenkt å fjerna kassa , men til det trong eg hjelp, og han som bur i kjellaren var ikkje heime-trur eg. Eg vart ikkje ferdig i dag, men eg fekk no gjort mykje, synest eg sjølv. Attmed kassa veks det opp litt av kvart, så eg vil samarbeide med naboane om kva vi eventuelt skal fjerne.

Viss vi får opplett i mange dagar kan eg få gjort litt av kvart i hagen, der er 1000 løvetannrøter som skal opp, for eksemperl. Eg er ikkje bra igjen i handa mi,den er framleis vond, men eg blir ikkje betre av å sitte i ro, så eg kan like godt bruke den. Eg er framleis bilfri, og i dag har eg ikkje gått tur heller. I morgon har eg vaskedag,men det tek no ikkje heile dagen, så eg får sjå kva eg kan finne på då.

Eg prøver no å sjå TV innimelleom, men det er då eg saknar strikketøyet mitt mest. Eg får vel snart ny fastlege, så då kan eg no gå og helse på henne og kanskje få hjelp for handa og armane mine.

Hageavfall


 
 

mandag, april 20, 2026

Dagbok 2026:mandag 20-april

 




Klokka er no 17.06, temperaturen ute er +15 graderC, det er både skyer og blå himmel. Ein slik vår som dette har eg ikkje opplevd før. Marit og eg sat ute ei lang stund og kosa oss i det fine veret,Så gjekk eg ned att etter eit par timar og sette på TV-en.Og kva er det der? 

Berre krig og uvennskap mellom landa - eg blir så sint  fordi folk absolutt må krige.

Eg lurer på om det hadde hjelpt på at kvinnene tok seg av politikken, så kunne mennene sitte og strikke og vere venner. Eg blir heit satt ut nesten kvar gong eg ser nyheiter, det er så infantilt det mange av politikarane driv med. Særleg Trump. Ja, nok om det, eg får no gå her og småskjenne-det hjelper likevel ikkje.

I dag blei det ein tur på butikken. Eg gjekk både ned og oppatt, det er ikkje så langt å gå, men ikkje godt å ha for mykje å bere. Eg får bli litt flinkare å kjøpe det eg treng når eg har skyss heim.

Eg har gjort lite og ingenting i dag, men det var fint å sitte ute i sola og prate med Marit og litt andre. Eg ser også mykje på plenen nedafor huset, der er det både gras og blomster, men eg må snart klippe. Problemet er at eine hjulet på klipperen ikkje er som det skal. Det var slik i fjor også, men eg kan ikkje ha det slik eit år til. Eg får sjå når Rasmus kjem om han har ei råd med det. Eg er ingen reparatør-tvert imot!

No skin sola som den finaste sommardag, eg har lyst å gå på Vernet, men det får bli i morgon. Eg har mykje å gjere i hagen, men somme ting må eg vente litt med, det er tross alt berre april enno.

Eg hadde ein rabarbra som eg hadde planta på heilt feil stad. Eg har prøvd å få den vekk, men den kjem att likevel. Enno er der litt igjen, men no skal eg spade den opp-og så skal Margrete få den.Ho treng sikkert ein slik


Denne kompostkassa har eg hatt oi mange år, det var vel Nils som laga den. Men no skal den vekk, eg treng ikkje kompost når eg har VØR. Der er nesten berre mold no, så det bør gå greit. 

Eg prøver å rydde hagen på ein måte som ikkje treng så mykje stell. Det blir alltid nok!

søndag, april 19, 2026

Dagbok 2026: 19,april

Klokka er no 17.51, temperaturen på trappa er +13 graderC, og eg synest det har vore litt kaldt i dag, men det kan vere for at det har vore litt vind etc. No kom eg nettopp heim frå ein tur på Vernet, eg skulle eigentleg gå berre annankvar dag, men eg fann ikkje på noka anna å gjere i dag. Der var andre også som var ute på tur, men ingen eg kjende.
Eg likar å vere ute og sjå kva som skjer i naturen, særleg no om våren. Kan ikkje hugse ein einast vår før der bjørka stod med grønt lauv i april. I dag såg eg mykje kvitveis, men den brukar no å vere tidleg.
Her heime har eg gjort fint lite i dag, eg skulle prøve meg på litt hagearbeid, men då syntest eg det var litt for kaldt. Eit problem har eg med hagen min i år-der er frykteleg mykje mose i alle plenar og eg veit ikkje korleis eg kan få den bort utan å blakke meg.
Eg har ikkje laga middag i dag og kjem ikkje til å gjere det heller, men han som bur i kjellaren til bestemora har gått til VIk og handla på søndagsopen butikk; han kom  att no og - skulle lage seg middag.
Det vart altså tur på Vernet med meg i dag også, og no smeltar det i fjella, det såg eg på elva.Så det er vår sjølv om eg syntest det var litt kaldt i dag




 

fredag, april 17, 2026

Dagbok 2026:18.april


Eg kom nettopp heim frå ein fantastisk tur med Margrete og Svein. Det var Svein som køyrde i den nye elektriske bilen sin, og vi har vore i Ålesund. Det er mange år sidan eg har vore til byen, og aldri før har eg sett så mykje av den. Vi var på museum og såg på gamle båtar t.d. og så køyrde Svein heit opp til Sukkertoppen     der vi fekk nyte den fantastiske utsikta til byen og øyar omkring. Eg plar sjelden legge att telefonen heime, men i dag gjekk det i ein viss fart då vi skulle fare, og dermed var eg utan fotoapparet. Men Margrete tok bilde, så det kan hende ef kan få nokre fleire med tid og stunder.

Då Nils levde men var sjuk, var vi ofte til Ålesund, på sjukehuset som regel, og då brukte vi å ete pizza på kafeen ved rutebilstasjonen på Moa, så det gjorde vi i dag også. Vi var svoltne og pizzaen var god. Det vart ein veldig kjekk dag for meg , stor takk til Svein og Margrete.





Dagbok 2026;17.april

                                       Tulipanane blomstrar i april
 


Klokka er no17.06, temperaturen ute er +17-18 grader C. Det er ikkje så mykje sol, men det er skyene sin feil.

I går planla Marit U og eg at vi skulle fare på VØR med hageavfall i dag. Sidan eg er bil-laus for tida skulle vi fare begge i Marit sin bil.

I går kveld la vi siste handa på verket, dvs.klipping av hekk.Eg vakna og stod opp i 6-tida i dag, og var framleis veldig låk i handa mi, men etter at eg hadde ete frokost gjekk eg og la meg igjen og sovna. Då eg stod opp for andre gong var eg heilt i orden. Det var flaks.

Vi fekk alle sekkane våre inn i bilen  og Marit køyrde til VØR, der vi heiv frå oss alt hagebosset vårt. Neste stopp var ALTI, Marit skulle kjøpe noko, men først måtte vi ha ein kaffi-kopp og eit Wienerbrød. Det var godt etter alt strevet. Eg var også på Bunnpris og handla mat til meg sjølv, så slepp eg å gå på butikken her. Kjekt å handle på andre butikkar somme tider.

Då eg kom heim laga eg meg eit måltid og etterpå gjekk eg opp til Marit G som sat ute på Platten. Etter ei stund tok eg meg sammen og gjekk  eg ned og fekk vekk litt av eføyen som veks på tilbygg-veggen. Det er samme jobben kvart år, og det verste er at eg er allergisk mot eføy-det er det einaste eg er allergisk mot i heile verda ,trur eg. Eg er langt frå ferdig med jobben, for eføyen veks gjonnom veggar og sprekker.

Grunnen til at eg planta den eføyen, var at Nils ikkje hadde lyst å begynne å ha "støype" utanpå veggane. Då var det eg som kom på at vi kunne kle veggane med EFØY i staden - så det vart det.

Vi har nydelege dagar denne våren, varmt og fint-heilt utruleg eigentleg. Dei som har vit på det er nok ikkje så begeistra for dette veret. Men det bryr eg meg ikkje så mykje om.

I dag er vi komne til fredag igjen, og i morgon skal eg kanskje  på tur med Margrete.

Eg vil ønske alle som er innom ei fin helg.

torsdag, april 16, 2026

Dagbok 2026: 16.april


 Klokka er no19.20, temperaturen ute er +14 grader C. Det har vore mykje skyer i dag, men no kom sola fram, og den har har vel vore framme før i dag også.I dag hadde eg ingen planer og derfor vart det litt rotete med meg. Eg har mykje eg kan gjere, men så er det ikkje alt eg greier. I dag fekk eg ein ide om å pusse det "nye" viduet i stova, så gjorde eg det og var veldig fornøgd med resultatet , heilt til no, då såg eg at eg ikkje hadde skylt godt nok på utsida. Eg prøver å få gå på Vernet annankvar dag, og så gjekke eg i dag. Det var ein fin tur, men eg møtte ingen eg kjenner.

Då eg kom heim skulle eg gå ein tur nedom huset og hente noko. Då var Marit Urke i full gang med å klippe vår felles hekk. Vi jobba med den i lag sist haust men vart ikkje ferdige, så no hjelpte eg til så vi fekk gjort litt meir og i morgon skal vi på VØR, Marit køyrer sjølvsagt, men eg skal vere med.  

Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skulle ha til middag, men eg fann ei fin løysing i kjøleskapet: Slik blei middagen: Sursild på glas+hardkokte egg pluss brød-man tager hva man haver.

Så sette eg meg inn i godstolen og slappa av, det var ein "travel" førmiddag, og no kjenner eg at eg er tørst.Det er vel silda! Eg jobbar med høgrehanda sjølv om det er lit låkt. Eg trur ikkje den blir verre av det. 

No skal eg koke meg ein god kopp kaffi og slappe godt av. Eg er så glad for at Rasmus jobbar med bilen min,for eg treng den verkeleg. Så må han ta godt vare på alle rekningar etc, så han ikkje går med altfor stort tap.


Det var dei to øvste vi klipte i dag, no ser eg at vi hadde klipt altfor lite på dei andre. Men det er der råd med. Den hekken stod i altfor mange år utan å få stell/klipping. 

No må eg lage meg ein kaffikopp, så  skal eg sjå meir på alt Rasmus har sendt av bilde etc.



onsdag, april 15, 2026

Dagbok 2026: 15.april


 Klokka er no17.43; temperaturen ute er +15 grader C og sola skin og skin, både ute og inne.Eg har vore oppe hos Marit ei god stund no, vi sit ute på Platten og pratar og ser på veret. Vi kunne ha vore på Pensjonistmøte, men det er litt plundrete når ein ikkje har bil sjølve, og vi syntest også at det var heilt greit å bli heime i dag.

Tidlegare i dag har eg vaska "fredagsvask", som no har blitt til onsdagsvask. Det er vel ikkje så nøye med kva dag ein vaskar.

Det er mykje å gjere i hagen no frametter og eg veit ikkje kor mykje eg klarar sjølv, viljen er der men kanskje ikkje kreftene strekk til. Eg får gjere det eg kan, og så få vi sjå korleis det blir.

I dag fekk eg sjølvsagt lyst å køyre  både hit og dit, men bilen min står framleis på Kongsberg og der vil den vere enda ei stund; det var mykje arbeid Rasmus hadde tatt på seg. Men eg ser no kor godt det er å ha den bilen, så kjem ein seg i alle fall rundt her i Ørsta om ikkje anna. Og no blir det snart turar til VØR også, med hageavfall.

Eg har ikkje jobba i hagen i dag,men eg får mykje å gjere om eg skal få orden på sakene, så eg blir nok nøydd til å få litt hjelp.

Eg har vore ute lenge, men no må eg snart ta på Tv-en og sjå kva dei styrer med i VERDA i dag-det er som regel ikkje så kjekt.

I dag fyller Eirik 29 år. Han bur no i Trondheim , der han og Nora har kjøpt seg hus ,eller leilegheit, eg er ikkje sikker. Eirik jobbar som musikklærar. Eg fekk ikkje treffe han då han var her i påska, tida vart for knapp. Men snart er det sommar og då har han lærarferie.

Gratulerer med dagen, Eirik!

                                                                      Ein strålande dag

tirsdag, april 14, 2026

Dagbok 2026: 14.april


 Klokka er no 17.22. Temperaturen ute er + 11graderC, Det er overskya men opplett.

I går var det fint ver og sol og eg fekk jobba litt i hagen. T dag var det meir ein grå dag, og eg kom meg ikkje til med noko verken ute eller inne. Åt og sov litt  men så kom eg meg ut og gå. Og eg gjekk sjølvsagt på Vernet. Det er mykje å sjå på i naturen når eg går der. I dag fokuserte eg på Lerketrea. Litt nedanfor den store skogen er der tusenvis av små lerketre. På nedsida av sjølve fonnvernet veks der også opp lerkeskog. Eg trur at det har vore mykje lerkeskog langt nedover på Vallabøen før i tida. Dei fleste av oss som har bygt hus her, har nok hatt lerk i hagen sin. Vi hadde i alle fall eit digert lerketre i vår hage, men vi likte ikkje å få lerkenåler inn i huset og i takrennene. Så treet gjekk i bakken ein vakker dag.

Vi snakka om lerk ein gong vi gjekk på Vernet, Solveig og eg. Ho mente at der vaks ikkje lerk på Hareid, og ho lurte på om ho skulle ta med seg ei. Eg trudde ikkje det var så populært.


                 Her veks det lerk i skråninga. Tusenvis!.

Eg har ikkje gjort mykje til gagns i dag, men i morgon skal eg ha vaskedag.

Eg ser i avisa at det er mykje som skjer i bygda, men eg står utanfor alt no, har ikkje vore på mange pensjonistmøter heller, etter at eg hadde vore 11 år i styret og aldri skulka eit møte.. Det er ikkje så enkelt lenger, ein må melde seg på før møtet, og så er det transporten ned og opp eller heilt ut på Rjåneset. Og no har eg ikkje bil ein gong, så eg kjem ikkje til å møte opp i morgon heller. Eg saknar bilen min veldig, men Rasmus driv og jobbar på den så den skal bli køyrbar igjen, håper eg. Hadde eg vore ung skulle eg ha kjøpt meng ein elektrisk bil, slik som alle kjøper no.No skal eg kanskje sjå litt TV, men eg synest ikkje det er så kjekt når eg ikkje få strikke..

I morgon fyller barnebarnet Eirik 29 år, det er ikkje måte på kor fort tida går.Han bur og jobbar i Trondheim.

mandag, april 13, 2026

Dagbok 2026: 13.april

                         Dette er utsikta vår når Marit og eg sit på Platten.
 

Klokka er no18.30, temperaturen ute er +14 graderC, og det er stort sett overskya, men opplett.

I dag tidleg då eg stod opp var eg ikkje i form . Eg trudde ikkje eg kunne få gjort noko i dag for hendene var vonde og eg var ikkje i form.

Der tok eg feil, for når eg hadde kledd på meg og ete frokost var eg heilt i orden.

Eg fann ut at det beste eg kunne få gjort i dag, var å få singelen vekk frå plenane ovafor huset. Det gjekk fint , men det tok si tid, eg raka først, men så måtte eg plukke opp steinane for hand. Eg rydda meir også, så no ser det bra ut opp mot vegen. Eg var veldig glad for at eg greier å stelle i hagen, om eg ikkje greier alt som før.

Etter at eg hadde vore inne og ete, gjekk eg ut til Marit som sat på Platten, så fekk vi dagens pratestund. Det er godt å få vere ute anten ein jobbar eller slappar av-

No skal eg snart sete på TV-en og få all slags problem servert. Eg skulle ønske at dei som styrer landa ville ha fred framfor alt anna.


søndag, april 12, 2026

Dagbok 2026: 12.april



Klokka er no16.20, temperaturen ute er19 graderC-og sola skin. Litt tidleg å oppsummere dagen, men om det hender noko heretter så kan eg no berre plusse på. Idag var eg litt skeptisk då eg stod opp, for armane plaga meg då eg la meg i går kveld; heldigvis var dei betre i dag.
Eg hadde noko kjøt som eg ville bruke opp, så eg laga ei suppe av poteter, grønsaker etc. Eg trudde ikkje den skulle bli så god, men eg er ikkje kresen, og eg vil nødig kaste mat. Eg ville gå ein tur på Vernet og så kunne eg ete suppe når eg kom heim.
Der var fint på Vernet i dag sol og vind, og der var folk ute og gjekk, men ikkje så mange. Då eg kom opp trappa på bildet kom eg i prat med ei eldre dame og vi snakk om alder etc. Så kom der ei anna litt eldre dame og vi prata og prata, og fann ut litt av kvart. Då eg sa at eg var frå Eid, fortalde ho at ho hadde jobba i lag med Hilde-mannen hennar var prest og dei hadde budd i prestegarden-"der har eg også budd" kunne eg fortelje og sånn gjekk det til vi var blitt ganske godt kjende og eg hadde fortalt at eg jobba i lag med far hennar, eg kjende mora også. Det  var kjekt å bli kjent med den dama, og eg fekk sendt helsing til far hennar som eg ikkje har sett på mange år. Han er godt over 90,men køyrer framleis bil og går fjellturar.
Når eg går desse turane mine er det ikkje berre for trimmen, men eg møter folk eg kjenner eller har kjent eller blir kjent med, så får eg noko nytt å tenkje på. Når ein er gamle og held seg mest heime,kan det bli litt stussleg somme tider, eg saknar å vere meir i lag med folk og i veka som kjem skal det vere pensjonistmøte på Kulturhuset, og då kan eg gå. Ja, eg må kanskje GÅ,men Marit og eg snakka om å spleise på drosje. Vi får sjå kva det blir til.


Så er tida komen for at desse blomstrane pyntar opp i plenen opp mot gata. Eg hugsar aldri kva dei heiter og eg har aldri planta dei. Kvar dei kom frå veit ikkje eg.


                                                                      Akkurat no
 Klokka er no 19.57, temperaturen ute er +5 grader C, og det er overskya , men opplett. Eg har ikkje vore ute og gått i dag, men eg trur veret har vore bra.

I dag hadde eg ikkje så mykje eg måtte gjere, så eg tok meg god tid med avisa og las om Erlend og dei han spelar i lag med. Det var artig å lese, men eg stussar litt når dei skriv at Erlend bur i kjellaren til bestemora.Det er no sant på ein måte, men eg vil presisere at Erlend bur i ei godt utstyrt leilegheit i huset mitt, han har til og med oppvaskmaskin.

Solveig skulle komme innover i dag og ta meg med på handel. Eg hadde no ikkje så mykje eg mangla, eg var på handel tildlegare i veka. Men jammen vart det kjøpt litt i dag også. Og Solveig finn saker og ting som eg ikkje veit om; då tenkjer eg spesielt på mat No har eg fått i hus eit par rettar som eg ikkje har smakt før. Så no blir det spennande.

Solveig kom i den nye El-bilen deira, så då fekk eg oppleve den også, det er ikkje første El-bilen i familien. Og i slike urolege tider kan det vere trygt å ikkje vere avhengig av bensin og olje.

No håper eg det blir ein litt kjekk TV-kveld utan for mange krigar og ulukker etc. 


lørdag, april 11, 2026

Dagbok 2026: 11.april.


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er +10 graderC og vi har  hatt ein strålande dag med tanke på veret.Og sola skin enno

I dag gjekk eg tur på Vernet tidleg på dag, eg nyt å gå der oppe og sjå utover fjorden og på dei snøkledde fjella langt borte. Eg kunne godt tenkt meg å vore der oppe ei stund, men kanskje ikkje heilt åleine. 

I dag møtte eg ei dame som eg har snakka med fleire gonger -ho er frå Butan i Asia, viss eg ikkje hugsar feil. Ho synest at eg er veldig gammal og så håper ho at barna tek godt vare på meg. Det er litt artig å snakke med folk som er så langt borte frå oss. Eg blei litt kjent med henne ein gong  eller fleire , men det er litt lenge sidan eg har sett henne.

Då eg kom heim tok eg meg litt mat og så gjekk eg opp til Marit som sat ute i solveggen. Det er der vi likar best å sitte begge to, for då ser vi ned på vegen/gata-og kan sjå kva som skjer i gata vår. Men det er no mest for sola og varmen vi sit der. Den andre Nabo - Marit kom også opp til oss og prata.

Eg veit at det er laurdag i dag, men eg synest det er  sundag for eg har ikkje gjort det skapte grann. No har eg sett på TV-en, men eg synest sjelden at programma er så kjekke. Eg hugsar i gamle dagar, då var det kjekk laurdags -underhaldning i store studio. Og då såg alle samme programma og vi kunne snakke om det vi hadde sett. No synest eg det er for mykje å velje i,og ingen ser dei samme programma, men det er vel fordi eg er gammal eg tenkjer slik.

EG vil ønske alle ei god helg, håper det fine veret held seg.Lenge- ---!


Påskepynten frå Einar held seg godt, og det gjer dei fleste blomstrane eg fekk også.


torsdag, april 09, 2026

Dagbok 2026: 9.april

Klokka er no 18.36, temperaturen på trappa er +11grader C, det er overskya no, men opplett.
 Det har ikkje hendt så mykje i dag og eg har heller ikkje utretta noko særleg; eg hadde ingen plan for dagen , og då skjer det ikkje så mykje heller.( Og det er kanskje det beste).

På føremiddagen rydda eg litt i huset, strauk litt klede, stoppa eit hol i lestane mine. etc.etc.

I 13- tida fann eg ut at eg kunne gå ein tur på Vernet, og det gjorde eg. Og då eg kom heim vart det ein tur opp til Marit til dagleg pratestund.

Eg må no sette på TV-en og sjå kva som skjer i verda, men eg likar det ikkje. Tenk kor godt vi kunne ha det om alle heldt fred. Det som har hendt i verda dei siste  par åra har ikkje vore så kjekt-eller det begynte vel før , med krig i Ukraina og pandemi.

I dag er det 86år sidan andre verdenskrig kom til Norge, då var eg ein nyfødd baby på sjukehuset på Eid, eg vart så vidt fødd før krigen

Etter at eg kom heim har eg ete litt og sett TV. Det blir vel ikkje gjort så mykje meir i dag, og eg kan ikkje strikke  på grunn av vonde hender og armar. Men eg greidde å stoppe eit hol i eine lesten min i dag, så det er no framgang- Eg gleder meg til i morgon for då kjem Solveig ein tur innom.



onsdag, april 08, 2026

Dagbok 2026: 8.april






 Klokka er no19.50, temperaturen ute er + 10 grader C. I heile  dag har det vore litt grått og trist, men klokka halv åtte skein sola på altanen,- men det er slutt no.

Dette har vore ein litt sløv dag for meg, har ikkje kome meg i gang med noko særleg. Eg har no tatt onsdagsvasken etc, men det er no ikkje så mykje: men nok når ein er handikappa. Ja, handa mi er ikkje så veldig låk lenger, men ikkje heilt i orden heller. 

Eg var ute og gjekk ein liten tur med Marit; og så var eg oppe med henne ei stund etterpå. Her heime vart eg sittande å sjå TV, men det var ikkje kjekt. Eg syntest det hadde blitt litt fredelegare i verda ei stund, men no er det full krig igjen. Eg blir så fortvila over dei som styrer i verda , at dei ikkje jobbar for å få fred, men stadig finn nye ting å krangle om. Krangle er vel ikkje det dei gjer mest-men skyt og drep folk heile tida , det er så utruleg umenneskeleg. Eg kan ikkje halde på å sjå alle nyheits-sendingar for då blir eg heilt  sprø-.

 Eg ser fram til fredag , for då kjem Solveig ein tur innover.Kanskje skal vi sjå på nye briller til meg? Det var i fjor eg tok synstest før eg fornya sertifikatet, men eg kjøpte ilkkjer briller då, for dei gamle var gode nok. No er dei litt sltne,  eg ser godt i dei enno, men kanskje enda betre i dei som eg skal ha vidare.

                         Kan de sjå at det er krokus i plenen også.?



tirsdag, april 07, 2026

Dagbok 2026: 7.april

Klokka er no19.00, temperaturen ute er +6 grader C og sola skin. Dette har vore ein litt annleis dag. I går hadde eg tenkt ut at eg skulle handle i dag, eg har ikkje bil for tida, men eg kunne spørje naboen om ho skulle handle og så kunne eg vere med .Og slik vart det. I dag fekk eg handle på KiWi i sentrum, den butikken er litt større enn den som ligg på Vallabøen. Det var veldig kjekt å få handle der og sjå noko nytt, og eg trur vareutvalet er større der. Så det vart ein kjekk tur for meg.

Då eg kom heim skulle eg gå tur med Marit her i Starevegen- det er ikkje lange turar enno. Etterpå sat vi ei lang stund på "Platten" der oppe og prata og sola oss.

Då Marit gjekk inn gjekk eg heim og så gjekk eg på Vernet. Eg tok ikkje staven min med i dag, men det angra eg på; den er så god å ha for å halde seg oppreist mens ein går. Eg var trøtt i ryggen då eg kom heim, eg er ingen ungdom lenger om nokon skulle tru det.

Det som er fint her med meg no det er krokusane som blomstrar både i beddet og rundt omkring i hagen.

Dette er berre halve beddet nedafor tilbygget. og der er krokus mange stader utanfor bedda. Eg ser at det blir ikkje så lenge før eg må begynne med hagestellet, så spørs det kor mykje eg greier av det i år. Eg er eit år eldre enn i fjor og i tillegg har eg vonde armar og hender. Men vi får sjå kor det går.

I morgon skal eg prøve å vaske og støvsuge litt, onsdag er vaskedagen min no, eg får no sjå kva eg greier med låke hender og armar etc.

I går la eg ut eit bilde av Erlend og bandet hans, i dag var det vekke, men de kan lese om det på Margrete si FB side. Eg veit ikkje om det kjem i Møre-Nytt.
 

mandag, april 06, 2026

Dagbok 2026:6.april


Klokka er no 20.33, temperaturen ute er+4 graderC og i dag har det vore lite sol å sjå. Eg har vore mest inne og gjort minimalt, for eg var ikkje så god i hendene mine. No er hendene betre og eg håper dei blir bra i morgon for då må eg komme meg på butikk. Eg har rikeleg med mat, men ikkje alt eg treng likevel.

I dag har eg ikkje gjort mykje, men har no vaska klede til dømes.Eg fekk liksom ikkje inn i hovudet at det var helgedag, i dag. Tenkte meg en tur på Vernet, men det vart heller ikkje noko av- No har eg vore oppe hos Marit ein tur, er ofte der tidleg på kvelden.

No skal eg hente opp klede som er vaska og tørka i kjellaren. I morgon er det kvardag igjen, så då må eg komme meg på butikk på ein eller annan  måte- det er ymse ting eg har gått tom for, eg får lage meg ei liste. Men om eg ikkje kjem meg på butikk så svelt eg ikkje i hel av den grunn, for her er ikkje heilt tomt i skuffer og skap. Eg saknar bilen min og håper Rasmus får den på vegen igjen med tid og stunder.


søndag, april 05, 2026

Dagbok2026:5.april Påskedag.



Klokka er no 20.28, temperaturen ute er+3graderC. Det er grått og vått og ikkje antydning til påskever med sol og blå himmel. Men det kjem nok ein dag...

I dag skulle Ingeborg komme på besøk f.m. og det gjorde ho. Eg hadde ikkje så mykje godt å by på, ikkje hadde eg baka og ikkje kjøpt inn så mykje. Men eg hadde kremfløte som går ut på tid i morgon, så då brukte eg fløten i staden for melk og laga vafler. Is har eg alltid, så det vart no greit no. At eg ikkje har baka kaker det forstår alle. 

Ingeborg og eg hadde mykje å prate om, og så kom Martin og Amanda i den nye bilen sin, og Erlend kom opp frå kjellaren , så var vi plutseleg mange og hunden til Amanda leita etter ballen sin bak sofaen , som vanleg. Barnebarna skulle fram til faren og ete middag i dag, så då fekk kanskje Margrete kvile seg litt. Ho er ikkje bra i handa og det går kanskje ei god tid før ho blir smertefri i alle fall. Det var no veldig trasig at ho skulle få den skaden. Eg går no her med ei dårleg hand sjølv, men det er no berre ein bagatell i samanlikning.

No når eg vart åleine, fekk eg endeleg sett slutten på "Team Pølsa" -det er det beste dei har laga på TV, eg såg serien i fjor også-og var imponert. Kjekt å sjå noko som er meining i.

Elles går no dagane og tida nokså fort, eg saknar bilen min, og gleder meg til eg får den att.I dag har oldebarnet Amund fødselsdag, han er 6 år no og skal begynne på skulen til hausten. Han er ein kjekk liten gut.

Så er det helg i morgon også-og då hadde det vore kjekt om veret vart litt betre. Eg er så fornøgd når eg kan gå tur på Vernet og komme meg ut litt--










lørdag, april 04, 2026

Dagbok 20 26

Klokka er no 19.20, veret har ikkje vore så fint i dag, men det lysna opp no mot kvelden;temperaturen ute er no + 5 graderC, og sola var så vidt framme. Det har ikkje vore så fint i dag, men akkurat korleis det har vore, har eg gløymt. PÅ føremiddagen gjekk eg å lurte på å gå ein tur på butikken, men slo det i frå meg, for eg syntest ikkje eg var i så god form. Og på Vernet ville eg i alle fall ikkje gå i dag. Eg visste i det heile tatt ikkje kva eg ville. 

Men då det leid på dag fann eg ut at eg ville lage middag, eg hadde litt spekesild liggande, og eg hadde poteter og litt gulrot.Så det blei eit herremåltid for meg . Eg brukar å lage kålstuing , men i dag vart det gulrot i kvit saus. Eg vart i alle fall mett og veldig tørst. Så då eg gjekk opp til Marit litt seinare, tok eg med meg den store Zalo-flaska mi.

Eg har altså ikkje gjort nokon ting i huset i dag, men eg kan  no ta imot barnebarn med andre , for eg har alltid kaffi og is. 

No vart det så bra at eg fekk lyst å gå ein tur på Vernet, men eg trur eg ventar til i morgon ein gong. I morgon kjem Ingeborg på besøk, det har ho sagt og det ser eg fram til. No håper eg at det blir bra program i TV i kveld.


 

fredag, april 03, 2026

Dagbok 2026: 3.april


                                            Langfredag

Klokka er no19.05, temperaturen ute er +7 grader C, det er opplett ,men overskya, ikkje vidare påskestemning akkurat, men det regnar ikkje i alle fall. Det har ikkje hendt så mykje i dag, så det er ikkje mykje eg kan skrive om heller. Men eg var i alle fall ein tur på Fonnvernet før middag. Der trefte eg Terje Kjøde med diverse tilhengerar og hund. Elles såg eg ikkje kjentfolk.

Då eg kom heim att gjekk eg tur med Marit her i Starevegen. Ho er så frisk at ho kan begynne å trimme litt, så ho går med rullator ut og innat Starevegen. Og katten Lollo får vere med.

Eg tok meg litt mat før eg sette meg til å sløve framfor TV-en. Det har i heilt tatt vore ein litt sløv dag. Men i morgon er det kvardag og opne butikkar  så då blir det kanskje ein tur.

Eg var ikkje heilt fornøgd med veret i dag, men no såg eg på PC-en her at det skal regne i morgon- Ja, for min del er ikkje veret så viktig, for eg har fri kvar dag så eg kan nyte fineveret når det kjem.

Eg sat og såg litt TV-og trur eg sovna litt, i alle fall hadde klokka gått fort. Håper eg finn noko kjekt å sjå i kveld.

Så vil el ønske alle som er på påskeferie  at dei får nokre fine dagar før dei skal på jobb igjen. Det er ikkje så nøye med meg som har heilårsferie.

torsdag, april 02, 2026

Dagbok 2026:2.april

No er klokka 19.46, og temperaturen ute er +2 grader C. Fekk eit lite sjokk i dag morgon då eg såg ut og vinteren hadde kome tilbake. Heile tunet var dekt av snø,og snøen låg over alt. NO er mesteparten av snøen borte igjen- Eg hugsar kva naboen svara då eg spurde om eg skulle legge på sommardekk. "Nei, det kan komme snø i april også "sa han-og han fekk rett.

Eg hadde ikkje planlagt noko for denne dagen, så den vart som den vart. Eg har gått å pusla inne, og eg har tatt ein tur på Vernet i dag også. Freistinga vart for stor. For å få litt variasjon starta eg på toppen av  Storebakken og gjekk "feil" veg rundt. Det var fint å gå der for all snøen hadde smelta. Men eg møtte ingen eg kjende og ikkje så mange andre heller.

Etter at eg var komen heim gjekk eg og pusla litt rundt før eg gjekk opp til Marit. Der var eg heilt til ho skulle ha middag. Då gjekk eg heim att og fann meg litt middagsmat her også.

No skin sola så fint ute og mesteparten av snøen er vekk, så no håper eg at våren får kome igjen.

 

Her, ved toppen av Storebakken,starta og slutta turen i dag, dvs eg måtte no gå på bilvegen  herfrå og heim.

onsdag, april 01, 2026

Dagbok 2026: 1,april

                                                                Gåve frå Einar

 Klokka er no18.35, temperaturen ute er +1 grad, og i dag har vi visst fått både snø og regn. I heile vinter og våren hittil har vi stost set hatt fint ver, så litt dumt at det blir slik som dette i påska. Men påska er no ikkje over enno, knapt nok begynt.

Onsdag er min nye vaskedag, så i dag gjorde eg ein liten  jobb. Heldigvis har handa mi vore heilt bra i dag, merkeleg nok. Eg vaskar ikkje så mykje men det vart i alle fall gjort. 

Så kom Einar på besøk , han hadde ikkje vore her på fødselsdagen min , så i dag kom han med blomster. Han er så flink å kjøpe sammenplantingar, så det hadde han med i dag også. Eg henta fram resten av bløtkaka som eg fekk av døtrene mine, så det vart selskapsmaten i dag.

Det vart litt att som eg tok med til Marit då eg gjekk opp til henne litt seinare, Det var ei veldig god kake forresten.

Eg fekk ikkje Pc-en min til å fungere i dag, men Einar hadde ikkje problem med det, derfor kan eg no sitte og skrive blogg. Eg kan å bruke PC-en så lenge den virkar som den skal, men når det blir trøbbel så får eg problem.

No er det no snart nyheiter så får vi dagens hendingar med krig og elende, nesten som ein gruer seg litt for å slå på TVen-

Men no skal vi feire påske og er ser fram til å sjå att barnebarna som bur andre stader-men kjem heim til påske . Den eldste av oldebarna fyller 6 år no i påska-tida går fort.

Eg ønsker alle som er innom bloggen ei god påske.


Dagbok 2026: 21.april

Klokka er no18.40, temperaturen ute er +10 grader og det har ikkje vore sol i dag, trur eg. I dag hadde eg tenkt at eg skulle få gjort litt ...