Klokka er 16.47, temperaturen ute er + 8 graderC, og det er overskya. Tidleg i dag såg det ut som vi skulle få enda ein nydeleg dag, men slik vart det ikkje, no er det næmast overskya og grått, og det var eit vonbrot. Eg var mykje betre i handa mi i dag enn i går, men heilt bra er den ikkje.
Eg trudde eg skulle få gjort litt i hagen idag, så eg gjekk ut og tok fram plenklipparen, den har eit hjul som ikkje er i orden, men det går an å bruke klipparen slik, for det gjorde eg i heile fjor sommar.
Men eg måtte ladde opp batteriet før eg kunne sette i gang. Batteriet kjøpte eg for to år sidan, og eg har tatt godt vare på det, for slike batteri kostar om lag 1100 kr- Batteriet har overvintra her på datarommet mitt, så det kan umuleg vere skada. Eg sette det på ladding i mange timar, likevel fekk eg ikkje start på klipparen, så det måtte eg gi opp. Men batteriet kan no ikkje vere skada når det har lagt i ei eske her inne på rommet?
Det er no diverse eg kunne ha gjort inne også, men eg har ikkje kome i gang med noko enno. Det blir vel til at eg tek ein tur på Vernet når det lid på, eg likar å komme meg ut litt. Inne blir eg berre sittande og sjå TV-utan å strikke; så lenge ein strikkar er det greit nok, men ikkje å sitte med hendene i fanget.
Eg har mykje ugjort, så eg har å gjere viss eg vil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar