fredag, januar 31, 2020

Dagbok- 2020 : 31.januar


Slik såg det ut på altanen vår 31.januar for fire år sidan.

Klokka er no 20.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar. Eit par dagar denne veka har det vore sol og lyst, men elles er det framleis mørketid. Men januar månad som brukar å vere litt langdryg har gått veldig fort. Denne siste veka har gåttekstra fort.
I dag har eg halde meg heime. Etter frokost shina eg kjøkkenet og vaska bad og kjøkken. Støvsuginga er sett på vent.
Marit kom ein tur ned på føremiddagen, for vi hadde litt å prate om. Vi drakk litt kaffi og åt opp ein is-rest. Eg er glad for alt som forsvinn frå fryserane. Ho blei ikkje så lenge for ho skulle nedover og handle, så eg trur vi må ha fleire "møte".
Innimellom  jobbar eg med spanskleksa, det synest eg er berre kjekt. Særleg no når eg begynner å forstå litt meir. Jobbar med spansken på data i tillegg til leksa.
Klokka 17 fann eg ei melding på data frå Solveig. Ho skulle til Ørsta og handle og ville komme opp hit ca.kl.18. Eg laga ei vaffelrøre, så vart det kaffi og vaflar då ho kom. Ho hadde med seg diverse garnrestar som eg kan bruke opp. Skulle ønske eg var litt betre i armane og hendene såpass eg kunne strikke meir. I fjor vinter sat eg med eit dårleg kne, då strikka eg fem genserar før påske. Og ei kofte litt seinare+ diverse lestar. Det er kanskje derfor eg slit med armane no.
For morgondagen har eg ikkje andre planar enn at eg må handle litt mat.
Ønsker alle blogglesarane ei god helg.

torsdag, januar 30, 2020

Dagbok 2020: 30.januar



Klokka er no17.10 og temperaturen på trappa er + 4 grader. Eg har ikkje sett regnet, men eg såg at det var blitt vått på trappa. Då eg køyrde nedover i dag såg eg at vegane var sanda. Eg forstod det ikkje skikkeleg før eg bremsa litt.
Eg skulle ikkje vere på styremøtet før kl.11.30 i dag, så eg stod ikkje opp i gryotta. Då eg var ferdig med frokosten og alt det andre i morgon-programmet, sette eg meg ned ei lita stund med spansken. Det var så kjekt at eg gløymde klokka ei lita stund, men greidde å kome presis til møtet.
Der fekk vi mellom anna utdelt desse tre hefta som vi har fått i oppgåve og lese, med tanke på korleis ein kan ta opp desse tema i pensjonistlaget.
Møtet gjekk elles greitt unna, årsmøtet blir i år den 12.februar. Vi har ikkje hatt møte i januar i år. Då eg kom heim skreiv eg referat frå møtet
Til middag i dag laga eg tomatsuppe med hardkokte egg, så det vart eit solid måltid. Eg prøvde å ikkje lage for mykje, men der er ei lita skål att til i morgon.
God og mett sette eg meg til å lese i det eine heftet, men eg datt ut rett som det var. Då tok eg meg sjølv i nakken og tok på meg hageklede og gjekk ut og rydda litt her og der. Eg har no tre fulle sekker, mest klematis som blomstra i haust heilt til snøen kom. No var dei fine og tørre til å ta ned. Må vel ha meg ein tur bort på VØR ein dag der er ope. I går hadde vi den fine bilen til Urke heilt stappfull med hageboss. Men jammen var det bra vi fekk tatt hekken, det var begynt å kome grøne blad på den og så snart blomsterknoppane kjem er det ikkje kjekt å klippe. I fjor kom det snø og kulde etter at plommetrea hadde blomstra ifrå seg, men eg fekk mykje plommer likevel.

onsdag, januar 29, 2020

Dagbok 2020: 29.januar

Dette er nesten heile hekken-tre busker oppe ved vegen kjem i tillegg.





Klokka er no 16.35, temperaturen er + 2 grader. I dag har det vore overskya og verken sol eller regn. Saknar sola, men så vart det mindre kaldt. No har eg nettopp ete "middag"- det vart litt seint, men eg har vore på rek mykje av dagen sidan kl.10.30.
Sist natt sov eg godt og har ikkje verkt i dag heller. Etter spanskkurset var eg på Specsavers og fekk fiksa brillene mine. Då eg datt i førre veka kom brillene ut av kontroll så eg vart litt skeiv i augene, med det eine brilleglaset hengande lenger ned enn det andre. Det fiksa dama fort og greitt -heilt gratis.
På heimvegen køyrde eg bortom gravplassen for å sjå om fuglane var komne på plass -og det var dei.Hadde to fuglar der først, men så forsvann dei mellom jul og påske i fjor. Eg fekk nye-gratis, med han eg kjøpte gravsteinen av.
Marit U. og eg begynte å klippe hekken i går, og Marit hadde jobba mens eg var vekke i dag. Ho hadde hatt mykje kvist og kvas i sekker, så det første vi gjorde i dag var å køyre bort på VØR og tømme sekkane. Litt rart å levere hageavfall i januar. Resten av buskene klipte vi då vi kom heim. Og, ja, Marit gjorde mest i dag også. Eg greier ikkje å ta så altfor hardt i med hendene og armane mine. Men no er det gjort! Eg har litt meir i min eigen hage som må ryddast opp i, litt har eg tatt og meir står att. Hausten kom så brått på at ein var ikkje klar, til dømes stod klematisane mine og blomstra då snøen kom, og mykje som eg plar gjere om hausten var ikkje gjort.
No skal eg slange meg litt i godstolen-i dag fortener eg det.

tirsdag, januar 28, 2020

Dagbok 2020 : 28. januar.

Kokka er no 16.50, temperaturen er så vidt under 0 - og i dag har vi hatt sol og fint vêr. Vi har ikkje sola så lenge, men det er i alle fall lyst. Det vart veldig avslørande for stoveglasa. Dei har ikkje vore vaska på ei stund-for å seie det forsiktig. Men  kven går ut og pussar vindua i silande regn?
Sist natt hadde eg det ikkje godt. Først fekk eg ikkje til å sove, og då eg sovna ein gong i tretida, vakna eg opp att etter eit par timar og verkte såpass eg ikkje fekk til å sovne igjen. Særleg var det venstre tommelen som var heilt rabiat. Ja, det var sikker ei som strikka litt for mykje i går kveld. Då eg var oppe og kom i sving, slutta tommelen å verke. 
Marit og eg var på trening 10-11, og så handla vi etterpå. Då eg kom heim måtte eg sette meg til med spanskleksa ei stund, til det vart tid å ete. Etter maten sløva eg litt i godstolen. Det ringde på døra, og det var Marit U som ville høyre om vi skulle klippe hekk i lag.  Eg var litt usikker på om eg hadde krefter nok i hendene, men eg kledde no på med og gjekk ut. Vi fekk tatt dei to buskene lengst oppe mot vegen, og det gjorde godt å vere ute i frisk luft og jobbe litt. Eg skal ikkje stikke under stol at Marit var den som jobba mest.
Men ho kunne fortelje at ho hadde hatt slike strikkearmar også, og ho fekk sprøyte med legen - og vart bra. Eg tenkte på det i natt at eg ville gå til legen og høye om det var noko å gjere-for den treninga trur eg vil ta litt tid -om eg skal bli bra av den. I morgon, etter at eg har vore på spanskkurs, skal vi jobbe vidare med hekken. Dessutan har eg mykje meir som eg må gjere ute viss vêret held seg slik som no. Eg lurer på om eg skal sage ned det minste plommetreet-ikkje er det fint og ikkje treng eg plommene. Litt rart å halde på med hagearbeid i januar.

mandag, januar 27, 2020

Dagbok 2020: 27.januar.



Klokka er no 20.50, temperaturen ute er + 5 grader C. I går kveld var trappa tørr, i dag tidleg våt, men eg kan ikkje svare på om det har regna i dag.
Då eg la meg i går kveld hadde eg store planar om alt eg skulle gjere i dag. Når det kom til stykke vart det ikkje så veldig mykje.
Etter det vanlege morgon - programmet, sette eg meg ved datamaskina ei stund- og så fekk eg farga håret. Det hadde vore på planen sidan fredag.
Dernest tok eg med saman og rydda og vaska kjøleskapet, og fylte opp med saker og ting frå kjellarkjøleskapet m.m.
Eg fann så mykje lettrømme som eg ville få brukt opp. Eg har funne ut at eg kan lage rømmegraut av lettrømme viss eg har ein fløteskvett i tillegg og det hadde eg. Det skulle bli middagen min i dag+ litt spekepølse. Men eg er streng med meg sjølv. "Du får ikkje smake den grauten viss du ikkje tek ei runde på Fonnvernet først!" Og då gjorde eg det. Solveig nabo var ute og rydda rundt huset då eg kom heim, så eg vart sittane på båtvogna deira og prate ei stund.
Så åt eg grauten min og vart veldig mett, så eg måtte sette meg i godstolen og slappe heilt av. Sat der ikkje så veldig lenge, så fekk eg melding frå Marit at eg måtte komme opp ein tur. Vi drakk kaffi og prata i over ein time, men eg kom heim til nyheitene på Tv. Eg fann fram strikketøyet og har no sete og sett TV og strikka sidan. Så det vart ikkje den store arbeidsdagen-ikkje i dag heller, nei.
I morgon er det trening, onsdag spansk (og eg har ikkje gjort leksa skikkeleg enno) og så fekk eg melding frå Eli at vi skal ha styremøte på torsdag. Møtet vi skal ha er flytta fram frå den 19 til den 15. februar. Då er det årsmøte og eg må ha klar ei oppsummering av året som var. Så de forstår at eg ikkje er heilt avskilta enno.
Eg tok bilde på Fonnvern-turen min i dag også. Ikkje alle er klar over korleis ein kjem seg dit. Eg GÅR heimanfrå, men ein kan også køyre Vikegeila oppover til den staden de ser på bildet øvst på sida. Der kan ein svinge inn til høgre så kjem ein til brua. Den er om lag der den gamle brua var, og då er ein på vegen, den eg no kallar Lynvegen. Eg har snakka om Skålavegen, men har slått opp på kartet og namnet heilt opp i Skåla er Vikegeila, som tek til i sentrum. Viss ein køyrer enda lenger opp kjem ein til eit hus som høyrer til vassverket og derifrå kan ein gå Kanalvegen til venstre heilt ned til Vinjevoll. Nils og eg gjekk den vegen ofte, men helst køyrde vi til Vinjevoll og gjekk opp og ned att.
Eg tok mange bilde i dag også, men de treng ikkje sjå på dei viss de ei lei av desse bilda mine. Det er no for å vise vêret blant anna






søndag, januar 26, 2020

Dagbok 2020: 26.januar

Klokka er no 19.53, temperaturen på trappa er + 8 grader C og det er opplett. På føremiddagen såg eg sola i stova for første gong i år-rettnok gjennom eit skylag.
Sist natt sov eg godt og lenge, hadde ikkje noko å syte for når bad-golvet var blitt varmt igjen. Eg blir litt for mykje stressa når det skjer ting eg ikkje kan ordne opp med sjølv. Eg kavar meg opp i staden for å tenke logist. Det må eg slutte med. 
Frå 11-12 i dag høyrde eg radio. Det var Byfuglien si "avskjedspreike" frå Nidarosdomen. Den dama likar eg, og eg tenkte på det at kyrkja har blitt opnare og mindre dømmande etter at kvinnene fekk meir "makt". Eg sat sjølvsagt og strikka, til tross for at eg var heilt gåen i armane av å strikke i går kveld. Då var eg så ivrig at eg strikka og tok opp att fleire gonger, men no er eg på rett spor. Og strikketøyet ligg der og fristar meg heile tida. Eg har ei bok som fristar også, men den kan eg ikkje kombinere med TV.
Rakk også å legge i hop ein klesvask, stryke litt, vatne plantane og jobbe litt med spansken, før eg tok ein tut på "Vernet" i 16-tida. Fekk ikkje tatt bilde i dag, for mobilen var utladda.
Då eg kom heim att ein liten time seinare, laga eg meg middag og åt, pluss at eg kokte kaffi for at eg ikkje skulle bli så trøtt. Ein bitteliten "spansktime" vart det også. Sette meg inn i godstolen og sovna tvert. Mellom klokka 4 og 5 på ettermiddagen kan eg sovne ståande eller framfor datamaskina. Så fekk eg lese litt i boka mi før det vart tid for dagsnytt.
No blir det å benke seg framfor TV resten av kvelden, med eller utan strikketøy.
Marit er på Eid i dag, ho skulle sjå balletten der barnebarnet er med.
I morgon skal eg ikkje på noko, som eg veit om enda.Tysdag er det trening, onsdag er det spansk, og så kan det hende eg reiser til Volda på ettermiddagen og høyrer på Jan Davidsen. Eg har ei eg kan haike med.

lørdag, januar 25, 2020

Dagbok 2020: 25.januar



Klokka er no ca. 17.55. Veret er som vanlen vått og mørkt, men temperaturen er + 7 grader C, så det er nesten sommar. Mange saknar vinteren, men eg synest det er godt å sleppe snømoking, no når armane sviktar meg.
Eg hadde tenkt å farge håret mitt i går kveld, men eg vart sittande å sjå TV, og utsette farginga til i dag. Dessutan var det kaldt på badet. Eg skrudde litt på termostaten og trudde alt ville vere i orden i dag. Det var det ikkje, golvet var iskaldt og eg vart skikkelig bekymra, så bekymra at eg ikkje fekk sove meir enda klokka berre var 6. For å gjere ei lang historie kort, så fann Margrete feilen. Brytaren var av. Eg plar aldri slå av brytaren, så eg hadde gløymt at han var der. Men i går må eg ha kome bort i den med moppeskaftet då eg vaska golva. No er alt i orden. 
Marit og eg var ein tur på Kivi på føremiddagen.
I dag skulle Margrete og ungane til Ørsta og handle, og ville komme opp her. Eg visste ikkje akkurat kva tid dei kom, men Amanda ringde. Eg laga ein lettvint middag til dei kom, men dei var ikkje så svoltne. Det blei is og kaffi etterpå. 
Dei hadde med fine, gule roser som dei hadde kjøpt av nokon som dreiv med veldedigheit. Samme det, rosene var fine og lyser opp i stova.
Resten av kvelden blir det vel å sjå TV-og kanskje strikke litt- eller lese i den andre krimboka av Jan-Erik Fjell. Skulle ha jobba med spansken, men det får bli i morgon

fredag, januar 24, 2020

Dagbok 2020: 24.januar

Klokka er 16.35, temperaturen er + 2,5 grader C og eg er trøtt som ei strømpe.
Etter frokost og ein liten tur på nett, vaska eg bad og kjøkken, meir husarbeid trong eg ikkje å gjere i dag. Eg studerte litt spansk, men var så trøtt at eg sette meg framfor TV og sovna rett framfor alle dei nye ministrane og blomsterbukettane deira. Då eg vakna var eg litt kvikkare, så då varma eg opp restar frå i går og åt middag.
Så bestemte eg meg for å lese ferdig boka mi - og det gjorde eg. Når eg les bøker på papir er det lettare å halde greie på personar og stader, når dei flyttar i tid og rom. Og så kan ein blade tilbake om det er naudsynt. Aberet er at ein ikkje kan gjere på noko anna samstundes.
Eg hadde tenkt å farge håret mitt i kveld, men det er vel mykje å sjå på TV så det kjem an på om eg får tid. 
I morgon kjem Margrete og dei to heimeverande borna på besøk.
I dag er det 1 mnd. sidan julaftan. Eg synest tida går fort same kor mørkt og trasig ver vi har.
Så er det fredag og dei fleste har to dagar fri. Eg ønsker alle ei god helg.

Bok nr.7 - 2020 :Tysteren

Da Fredrikstads rikeste mann blir drept, kommer overbetjent Anton Brekke fra Kripos til byen for å lede etterforskninga. Sammen med politistudenten Magnus Torp begynner han å rulle opp flere historier som viser seg å ha sammenheng med drapet på en tyster som mafiaen i New York får utfør 1960-tallet. Dette er den første boka om Anton Brekket på
…………………………………………………………………
På grunn av dårleg vêr og lav energi, blir det til at eg sit mykje åog les. Sette er den 7.boka i år, og denne var tjukk nok, heile 380 sider-så det hartatt litt tid.
Eg fekk to krimbøker av denne forfattaren til jul-av Einar. Eg trur ikkje eg har lese noko av han før, dette er i alle fall første boka han skreiv, og hav fekk bokhandlarprisen for den i 2010.
Boka er godt skriven og nokså ryddig, sjøv om hendingane går føre seg både i Norge og USA.
Den andre boka eg fekk, heiter Hevneren, og den skal eg lese no-men ikkje akkurat NO.


torsdag, januar 23, 2020

Dagbok 2020: 23.januar

Klokka er 17.10, temperaturen er + 6 grader C, og regnet og mørkret har kome tilbake, akkurat slik dei sa på vêrmeldinga i går.
Marit var ikkje i form til trening i dag, og eg venta Einar på besøk, så derfor "skulka" vi.
Eg vakna tidleg i dag, men nekta å stå opp, og jammen greidde eg å sovne igjen. Føremiddagen gjekk med til litt matlaging etc. Litt tid vart det også til å studere spansk på nettet og drive med andre nettsyslar.
Einar kom som han hadde sagt klokka 14.30. Då vart det kjøttkakemiddag igjen, det er ei stund sidan sist. Hadde så mykje kjøttkaker i frysaren at eg slapp å lage nye. Det er sjeldan eg lagar skikkelig middag, derfor smakar det ekstra godt dei gongane eg gjer det. Etterpå hadde vi kaffi og is …..same procedure  as usual.
Vi har alltid mykje å prate om når Einar kjem, og det er kjekt. Dagane og vekene går fort og i morgon er det fredag igjen. Laurdag får eg besøk av Margrete og ungane. I morgon har eg ingen spesielle planer, men eg kjem kanskje til å vaske litt. Og så må eg kanskje ein tur på butikken.
Resten av dagen/kvelden blir det å lese bok, sjå TV og kanskje strikke litt. Har planer om eit litt større arbeid-eg treng ikkje å stresse med det. Det er langt opp og fram.
I kveld klokka 22 går eg inn på Møre-Nytt på data og hentar ut sudokuen-det er like spennande kvar gong, men til denne tid har eg løyst alle.

onsdag, januar 22, 2020

Dagbok 2020: 22.januar

Kjend utsikt. Ikkje så klar luft i dag.

Vallabøen

Her skal raset legge seg når/viss det kjem

Dette er "Lynvegen" , men vi ser berre halve lengda.


Klokka er no 16.05, temperaturen er berre 1,5grader C, og veret er fint å lyst i dag. Det skal visst vere ein overgang. Hadde eg vore heime i dag så hadde eg sikkert sett sola i stova.
Men i dag var det Spansk-dag, så vel halv 11 for eg heimanfrå. Det var kjekt på kurset, det er det alltid. 
Marit og eg hadde ein avtale om å møtast på strikkebutikken etter kurset for vi hadde begge ærend dit. Avtalen var at eg skulle køyre bort og parkere i enden på Gågata.(Det er lov) Men der var det fullt , så eg måtte køyre rundt litt for å finne ein stad å parkere, nær nok. Eg parkerte i nedste gata og gjekk gjennom ein hage opp til neste gate. I hagen var det gras og graset var vått og graset var glatt. Og plutseleg tryna eg. Det skjedde ikkje noko verre enn at brillene var halvt av, men eg var fort på beina.Eg henta Marit og kjøpte litt garn, og så for vi og handla på Spar. Marit er så flink å følgje med på "tilboda" så i dag kjøpte vi indrefilet til 10 kr. - ferdig krydra.
Då vi kom heim låg passet mitt i postkassa. Sidan eg likevel var på farten tok eg enda ein tur til Vik. Då var eg innom banken så dei fekk tatt kopi av passet, og så var eg på apoteket og kjøpte nokre tablettar som eg var lens for. 
Då eg kom heim andre gongen hadde eg ikkje lyst å gå inn, så då tok eg ein tur på "Vernet"-og sjølvsagt måtte eg ta bilde i dag også. Elles har eg døypt om Turvegen til "Lynvegen", den er dobbelt så lang som det bildet viser, så kan dokke berre prøve å tenke dokker inn i staden min då eg kappsprang med lynet,-og tapte. Eg er litt snurt for at ingen i Trovågfamilien har vore på Vernet enno.
No har eg ete meg eit bra  måltid, og så skal eg sløve litt i godstolen. Sist natt vart eg grisebanka av opp til fleire vaksne mannfolk-ikkje rart eg hadde vondt i armane då eg vakna.Men eg kom fort til hektene igjen.

tirsdag, januar 21, 2020

Dagbok 2020: 21.januar

Dette bildet er litt forvirrande. Vinduet fungerer som speil.

Klokka er 18.30, temperaturen ute er +4-5 grader; det regnar og blæs, men inne er det lyst og lunt.
I dag har eg vore rimeleg lat. Ja, eg trente ein klokketime først på dagen, så køyrde vi rett heim, for Marit skulle til tannlegen litt seinare.
Eg hadde, for ein gongs skuld gløymt å hente ut sudokuen i Møre-Nytt frå nettutgåva, så eg hadde den å gripe tak i då eg kom heim. det var fort gjort å løyse den, tysdags-sudokuane er ikkje så utfordrande som den som kjem fredag.
 (Eller helst torsdag kveld).
Det er noko eg har tenkt på siste dagane. Eg meinte eg hadde sett i papira mine at bilen min skulle på EU - kontroll i januar. Eg leita fram alle papir eg kunne finne som omtala bilen, men fann ikkje det eg var ute etter. Men på vognkortet stod der eit nummer, ein kunne skrive registreringsnummeret og sende på telefon til eit oppgitt nummer, så kunne ein få vite kva tid ein skulle ta EU-kontroll. Eg sende ei melding og fekk svar, eg hadde gjort ein liten feil, så eg måtte sende om att-og sidan det har eg ikkje høyrt noko. Hadde ein liten samtale med Bodil på Mesenger, ho meinte at det siste talet i registreringsnummeret indikerte månaden ein skulle på kontroll. Eg meiner å ha høyrt det same, og sidan det talet er fire, kan eg kanskje vente til april?
Eg har i grunnen berre lata meg i dag. Har lese på spanskleksa for i morgon blir vi høyrde alle i hop, så ein må vere godt budd. Eg har strikka litt og sett nyheiter på TV etc.etc.
Og så her eg lese vel 100 sider i ein krimroman eg fekk til jul. Eg fekk to bøker av same forfattaren, og han har fått gode kritikkar. Eg begynner å bli flink å lese på papir no, og eg passar på å få med alt, ikkje berre skumme nedetter sidene.
No skal eg inn å sjå nyheiter igjen, snart. Det er mykje som skjer både i politikken og elles. Stakkars Erna, no får ho enda fleire problem å stri med. Eg forstår ikkje at folk orkar å vere heildøgnspolitikarar.
PS: Bodil gjekk inn på Statens vegvesen på data, og der fann ut at siste frist for meg å ta EU- kontroll er i april. Då kan eg slappe av. Bodil er så flink å finne slike lure ting på data.

mandag, januar 20, 2020

Dagbok 2020: 20.januar

Klokka er no18.40 og temperaturen ute er + 9 grader C. Det er framleis mørkt og vått. Vinteren er vel slik som klimaforskarane snakka om for nokre år sidan. 
Sovna seint sist natt, men var oppe til tilnærma normal tid i dag.
Etter at eg hadde gjort unna morgonstellet og sjekka dataen, fann eg ut at armane kunne greie å støvsuge i dag. Eg støvsuga grundig på stova og lufta godt ut med open verandadør, tok gangane og datarommet med det samme. 
Dusja og vaska håret etter at huset var i orden. Så vart det spansktime - denne veka handlar leksa om korleis ein skal oppføre seg for å ha eit sunt og godt liv. Det er litt artig no når vi greier å lese og forstå ein lengre tekst.
Eg åt "middag" i 16-tida, så shina eg opp kjøkkenet,før eg på sette eg meg til å lese i ei krimbok som eg begynte på i går kveld. Eg vart veldig trøtt , men ville ikkje sove. Det heldt hardt. 
Men så ringde det på døra. Det var min venn Helge. Det gjeld TV og Wi Fi i kjellaren. No har Helge overtatt problemet og kommuniserer direkte med Linda og Erik. Han gjorde eit forsøk på å få det til i dag, men heilt bra blei det ikkje, han skal sjå det litt an, og eventuelt komme tilbake til det.
Elles skjer det ikkje så mykje. Dei to siste dagane har eg vore her åleine, men i dag kom altså Helge. I morgon skal Marit og eg på trening igjen. Det er ikkje så sosialt i Starevegen no vinters dag når alle held seg inne. Hadde det vore snø, så hadde ein vore ute og moka-men no held alle seg inne. Det er eit trasig vêr, men det gode er at ein slepp å fyre så mykje og så slepp ein mokinga-så langt. Etter gammal skikk her i Ørsta er det Februar som er verste snømånaden-så får vi sjå . No skal eg slå på TV og sjå nyheiter.

søndag, januar 19, 2020

Dagbok 2020: 19.januar

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 4 grader og det er framleis vått. Eg hadde store planar om kva eg skulle gjere i dag, -det var i går kveld, men då eg vakna i dag hadde eg vondt både i skuldrar og armar. Med det same eg trekte gardinene frå glaset, venta eg å sjå snø; plenen var grøn, men eg såg noko kvitt i jordbæråkeren.
I dag har eg ikkje gjort noko særleg fornuftig. Eg har sett opptak frå TV, lese ut ei bok etc. Og så har eg vatna potteplantane, det gjer eg kvar søndag, så då blir ikkje det gløymt.
Til middag laga eg meg omelett med vårløk og paprika, tok ei brødskive og litt spekepølse til. Så det vart fullgod middag.
Eg hadde tenkt å gå tur i dag, men vêret frista ikkje til uteliv. Får håpe eg får ta meg ein arbeidsdag i morgon, då har eg ikkje noko spesielt på programmet. Resten av kvelden går vel med til litt spanskepugg og TV. Eg er blitt altfor flink til å sjå TV denne vinteren. Det er lite utevêr og korte dagar er det også.

Bok nr. 6 - 2020: Datteren

No har eg lese ut enda ei bok, og denne var på over 300 normale sider.
Etter eit langt avbrekk kom Anne B. Ragde med enda ei bok om folket på Neshov. Det var visst mange som ønskte å vite korleis det gjekk med dei. Eg trur Anne B. slepp å skrive fleire bøker om dei no, for alle har det bra både på Neshov og i Danmark, så no får dei leve i fred- håper eg.
Det er det samme kva ein synest om bøkene, ein blir engasjert i handlinga og les vidare og vidare.......for å få vite korleis det går. Boka er sjølvsagt velskriven og lettlest, som dei andre bøkene i serien.

Det var litt artig  med det same eg begynte å lese, andre kapittel begynner slik: 
" Jeg har fått mitt første oldebarn!" ropte Olaug nede ved enden på frokostbordet.-(Dette var på aldersheimen.)

lørdag, januar 18, 2020

Dagbok 2020 : 18.januar

Klokka er no19.25, temperaturen ute er + 5 grader og det har visst regna i dag også. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag. Sov lenge i dag morgon så føremiddagen vart kort. eg fekk lagt i hop klede, vaska golv og gjort diverse husarbeid.
Litt anna stulla eg med også,- på datamaskina.
Til middag woka eg grønnsaker og litt kjøtt som var att etter juleskinka.
Elles har eg lese i boka mi, til eg begynte å sjå TV. No blir eg sikkert sittande framfor TV-en resten av kvelden, så eg burde vel legge opp eit "spøt". Eg har strikka eit par baby-lestar,  dei var altfor store til ein nyfødd, så eg får prøve å strikke noko som er mindre. Eg har ikkje så mange babyoppskrifter no lenger, rekna ikkje med å bli ei strikkande oldemor.
I dag fyller Håkon 26 år. Han vart fødd like før OL i Lillehammer, og eg hugsar så godt den tida. Då var det mykje snø og fint vintervêr, i år er det snakk om vårteikn i januar. I fjor var det også tidleg vår, men så kom det snø i store mengder etter at plommetrea hadde blomstra. Slikt kan skje i år også, men uansett klimakrise etc. er det godt for gamle folk med ein mild vinter.
I dag dreiv eg å fotograferte gamle bilde frå album, eitt av dei skal eg legge inn her.
Her sit Håkon i sportsvogna og på seg har han den første genseren eg strikka til han. Motiva er fiskar og sjøfartsymbol. Eigentleg skulle det vore bilde av han og Nils med fiskefangst, for ingen var vel med Nils på fleire fisketurar enn Håkon.
Gratulerer med dagen Håkon!

fredag, januar 17, 2020

Dagbok 2020: 17.januar

Starevegen -mot vest

Klokka er 16.12, temperaturen ute er + 8 grader C og det har vore nokså fint vêr i dag, opplett og sol i skyene. Hadde det vore klårvêr hadde eg fått sol inn i stova i dag.
I dag vakna eg tidleg, prøvde å sovne igjen, men det kunne eg berre gløyme, så eg stod like godt opp. Har begynt på den sist utkomne boka tol Anne B. Ragde, så eg las litt i den, las avisa også før eg dusja, vaska håret og kledde meg om. Eg var veldig glad for at Marit ville vere med meg til Politiet, for der  har eg aldri vore før. Eg hadde fått beskjed om å ta med førerkort, det har eg no alltid med i lommeboka, men eg tok også med eit gammalt pass, ubedt, og det spurde ho etter. Eg grudde meg til fotograferinga, for eg veit om lag kor gode slike bilde er. Og eg hadde ikkje tenkt feil. EG kjende ikkje den gamle kjerringa som eg såg på skjermen. Så var det fingeravtrykk av nesten alle fingrane på begge hender. 570 kr for eit pass som truleg blir brukt berre av banken. Eg får passet i posten om ca. 1 veke.
Etterpå var vi på SPAR og handla før vi for heim, fleire "utskeiingar" vart det ikkje i dag. 
Då eg kom heim tok eg ein runde i hagen for å sjå. Marit sine krokusar spirer, , og det kan hende mine løkvekster er i gang også. Det er mykje eg skulle ha rydda i hagen, men då måtte eg ha bytta om til arbeidsantrekk.
Eg tok meg litt mat og så vart det ein trimtur på Fonnvernet, kjekkare i dag enn på den førre turen. Eg var vekke ca.1 time, så når eg set meg i godstolen no, kjem eg til å sovne.
Ønsker alle unge og gamle ei god helg! I morgon fyller Håkon 26 år.

Velkjend utsikt frå Fonnvernet


I dag heldt dei på å reparere grøfta ovafor Storebakken-med gravemaskin

torsdag, januar 16, 2020

Dagbok 2020: 16.januar

Klokka er 17.15 og temperaturen er + 6 grader C. Det har regna ganske kraftig  i dag også, men i morgon skal det visst bli betre.
Marit og eg skulle køyre nedover kl.13.15, så føremiddagen vart ikkje så lang. Eg las ut boka mi, og etter det ville eg øve litt på spansk-leksa . Eg skulle lage ei gloseliste på Word, men Word ville ikkje. Eg måtte installere programmet på nytt og det gjekk bra. Så skulle eg hente fram ei tom side, slik eg har gjort tusen gonger før, men det gjekk ikkje. Likevel laga eg ei fin liste med alle nye gloser. Så skulle eg printe den ut, men det gjekk ikkje. Eg bala ei god stund med det, utan å få det til, og no er rådyra gode endå ein gong. Eg øvde no litt på leksa uansett, og føremiddagen gjekk med, eg dusja og bytte om til treningsklede før vi for.
Det vart til at eg trena i dag også, men vi handla ikkje i dag heller, det skal vi gjere i morgon når vi skal på lensmannskontoret. Eg kvir meg litt for det -til å ta bilde. For no har eg sjekka passa frå 1990-åra og funne ut at eg ikkje var så verst å sjå til - då. No kjem eg til å sjå skilnaden svart på kvitt-kanskje ikkje så rart etter 20-30 år?
Det var som vanleg kjekt på treninga, vi møter dei samme på tysdag og torsdag. Eg pratar alltid med ei som eg har kjent i mange år. Eg hadde dottera hennar som elev, og Rasmus var ein del i lag med sonen hennar. Han er no sterkt hjelpetrengande, men bur heime med mora.
Då eg kom heim i dag hadde eg tenkt å lage middag. Eg hadde ei halv ,lita rabbe i kjøleskapet og den hadde eg lyst på. Eg skar den opp og kokte den i lag med nokre små mandelpoteter, det var ei slags stappe og med Gildes kjøttpølse vart det skikkeleg middag. Etter middagen sette eg meg i godstolen med TV på, då fekk eg meg ein liten middagsblund, og det gjorde godt.
Eg har ein liten klesvask på gang, så den må eg ta hand om, elles har eg ikkje tenkt å gjere så mykje meir. Men eg får ta igjen den spansken og heller skrive med hand.
Eg har elles ein del skrivearbeid for Pensjonistlaget fram for årsmøtet, så eg må prøve å få i orden maskina.
I kveld klokka 22 får eg Møre-Nytt innpå data, og då hentar eg ut sudokuen, og prøver å løyse den før eg skal legge meg. Fredags-sudokuen er mykje vanskelegare enn den som kjem tysdag, men eg har greidd alle så langt.

Bok nr.5- 2020: Bergverket



Karsten er en måpende guttunge i en vanlig norsk familie med legefar, lærermor og en lillesøster med bleierompe. Karsten går inn i stort og smått med lik intensitet - enten han holder et miniforedrag om steinens historie eller skjærer ut innvoller av fiskens buk til familiens tirsdagsmiddag. Naboguttene ruller kampestein i den bratte røysa, peker fingre mot Karsten som pistoler og sender ham trusselbrev. Karsten selv mener selv at han står midt i en mordgåte - at en mannekeng nylig er blitt drept - og han påtar seg rollen som etterforsker. En dag kommer faren til Karsten og ber ham si farvel til barndomshjemmet. Faren har pakket en bag og sier at de to skal reise bort. Alt blir satt i bevegelse. Bergverket er et dramatisk og komisk beretning fra det litterære talentet Ingvild Schade. Handlingen er krapp i vendingen, lattervekkende og smertelig. 
……………………………………………………………………...
Då har eg lese ferdig enda ei lita tynn bok på 120 smale sider, og eg forstår ingen ting av den. Eg forstår orda og det som skjer. Eg forstår at Karsten er ein gut med stort ordforråd, men eg forstår ikkje poenget med boka. Eg synest heller ikkje den er spesielt morsom. Men det er eg. Andre finn vel både det eine og det andre i teksten.
Forfattaren har skrive ei bok om Karsten før og dei som har anmeldt boka samen liknar henne med andre kjende forfatterar-som eg ikkje kjenner. Mikhail Bulgakov til dømes.

onsdag, januar 15, 2020

Dagbok 2020: 15.januar

Klokka er 18.05 og temperaturen er + 6 grader. Det er regn og litt vind. Ikkje noko ekstremvêr her, så vidt eg veit.
Denne dagen har vore litt uvanleg i og med at eg har vore på spanskkurs og vore i lag med den gjengen. Etter kurset var det styremøte. Det er ein del utfordringa i pensjonistlaget for tida, så vi slit litt. Eg fekk i oppgåve å skaffe song og musikk til neste møte. Vi skal ha årsmøte midt i februar og ikkje noko møte i januar i år.
Etter at eg var ferdig på Bakk-Ola var eg ein liten tur på ALTI, skulle ta ut cash og så trong eg eit brød og litt frukt.
Då eg kom heim åt eg berre eit eple og surra rundt litt, før eg kveikte i omnen og sette meg ned framfor TV-en. Og sovna ! 
Eg var nyss vakna då det ringde på døra og Helge kom. Eg hadde sendt ei melding til han i går om at dei hadde problem både med data og TV i kjellaren. Helge var ikkje ned i første omgang, men sjekka nettet her hos meg, og det var svakt berre han kom inn på stova. Han lurer på om Tussa har gitt meg eit nett som er så svakt at eg må kjøpe noko meir. 
Dei nede var ikkje heime, men då Helge og eg stod på trappa kom Erik, og Helge blei med han ned. Etter det veit eg ingen ting, men Helge skulle i alle fall snakke med folka på Tussa. Ikkje like enkelt å vere vertinne alltid, så hadde eg ikkje hatt Helge...………….. 
Eg måtte forresten fortelle han om dei to lyna, sidan han er elektrikar. Han fortalde at ute i øyane vart ein mann drept av lynet då han var oppe på eit fjell. Men han snakka også om utlading- og det var det første eg tenkte med det eg såg sidan det gjekk så stille for seg.
Eg åt ein salat på Bakk-Ola i dag i staden for kaffi og kake. Det vart middagen i dag.
I morgon skal eg køyre Marit på trening og viss der ikkje er for fullt an eg trene sjølv også. Viss ikkje kan eg finne på noko anna imens.
No begynner eg så smått å svelte, så eg må vel ha litt mat før kveldsmaten.

tirsdag, januar 14, 2020

Dagbok 2020: 14.januar

Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +4 grader og det er framleis vått og grått. Vi som bur oppe i bakkane treng ikkje tenkje på "vannstanden", her renn det unna og det er langt ned til fjorden. Ergo veit eg ikkje korleis det står til nede på kaiene.
I dag stod eg opp i rimeleg til for å ha litt å gå på før eg skulle vere på treninga klokka 10. I dag vart det litt meir intens trening enn sist, for der var ikkje så fullt. Eg trena i vel ein time.  I dag handla vi ikkje etterpå, men eg var bort i containerane på bensinstasjonen og leverte frå meg kleda eg skulle donere. Eg må sikkert reinse kleskapa meir for å få lov å kjøpe noko nytt.
Då eg kom heim måtte eg ta ut or tørketrommelen og legge i hop klede, eg saga litt ved og fyrte i omnen og las litt i avisa. Så tok eg meg saman og begynte å repetere alt vi har lært sidan vi begynte på spanskkurset i fjor på denne tid. Det tok si tid, og enkelt er det ikkje å hugse alt ein lærer når hukommelsen ikkje lenger er på topp. Men eg håper at litt trening av dei små grå kan vere av det gode. Eg ser fram til å møte spansk-vennane mine i morgon, og å drikke kaffi på Bakk-Ola-marka.
Då eg var ferdig med spansken laga eg meg mat og åt. seig eg ned i godstolen med ei bok, men eg trur ikkje det gjekk mange minutt før augene datt att. Eg sov berre nokre få minutt, men slappa av ei god stund før eg sette på TV. Der såg eg m.a. Filmavisen frå 1962. Det er no ikkje så lenge sidan, tenkte eg, det var det året eg var ferdig på lærarskulen og gifta meg osb. Ja, kor lenge er det sidan? 58 år! Er det mulig?
Eg har tatt fram diverse garn og tenkte eg skulle strikke LITT innimellom-men har ikkje funne mønster enno til det eg tenkte. Kanskje på nettet? Eg har gitt bort alle strikkehefta mine, dei som handla om baby-klede. Eg trudde vel den tida var forbi, men når ein er så heldig at ein skal få bli oldemor, så må ein jo strikke litt til det barnet også. No er det berre spennande om han kjem på 80-årsdagen min.

mandag, januar 13, 2020

Dagbok 2020: 13.januar


Klokka er 16.55, temperaturen er + 6 grader ute, og eg trur det har vore opplett i dag.
I dag hadde eg ein liten plan for dagen, eg skulle fylle nokre posar med klede som eg ikkje brukar lenger, så etter frokost  gjekk eg gjennom klesskapa og fann ein del som eg ville kvitte. Det vart berre tre bereposar i dag, men det kan bli meir seinare. Det meste var klede som eg ikkje har brukt på mange år.
Etter at det var gjort, fann eg ut at i dag kunne eg bytte på senga og vaske soverommet. Det må vere opplett når eg skal ha ut eit stort teppe som ligg på golvet. Då eg var ferdig med soverommet vaska eg like godt golvet på bad og kjøkken, sidan eg hadde så godt grønsåpevatn tillaga.
Men det skal lite til før eg blir trøtt-eg føler at eg har tapt meg- og det har eg vel.  
Eg har ete spekepølse og graut til middag kvar dag sidan fredag, men i dag var det siste gongen. Og i dag koka eg poteter -det er sjeldan kost her hos meg.
Etter middag slappa eg av i godstolen og sovna litt, sov dårleg sist natt. No har eg vore i kjellaren og sett på ei maskin med klesvask. Det er bekmørkt ute, og det vart ikkje tidleg lyst i dag heller. I morgon skal vi på trening klokka 10, men det plar vere lyst då.
Det er fint og grønt ute, men eg kan aldri tru at graset held seg grønt heile vinteren.

søndag, januar 12, 2020

Bok nr.4 - 2020: De siste kjærtegn

No har eg lese ei bok til av samme forfattar som den førre. Også denne veldig kort, ca 140 sider, men ikkje så mykje på kvar side. 
Begge bøken er skrivne i første person, den første som ein 40 år gammal tannlege, og denne siste som ei gammal dame. Språket er ulikt også, tannlegen uttrykker seg i dialektfarga bokmål, den gamle dama i vanleg bokmål.
Sidan eg sjølv er ei gammal dame, kan eg kjenne meg att i mange av tankane til den gamle hjartekirurgen i "De siste kjærtegn"-ikkje at eg har bakgrunn i hjartekirugi  - det vi har til felles er alderen og mange av tankane som kjem når det meste av livet er levd. No las eg boka såpass fort at det var ikkje noko heilt spesielt som vart sittande att, men her er mange gode tankar. Eg likte denne boka også. Eg håper Kjersti Anfinnsen vil skrive fleire slike små bøker. Forresten har mormora hennar hjelpt henne med denne.
                                                    "Ja, ja, samme kan det være.
                                                      Det er sannsynligvis for sent uansett."

Dagbok 2020: 12.januar

Klokka nærmar seg no 19.00, det er + 3 grader C ute, og det er mørkt for lengst. Alle snakkar om denne mørke vinteren, men i dag såg eg glimt av sol i skyene. Dersom det klårnar opp kan eg få sol i stova neste helg, og då er det verste unnagjort når det gjeld vinter og mørketid.
I går kveld sat eg oppe ganske lenge, og sov tilsvarande i dag morgon-det passar veldig bra for meg.
Men føremiddagen vart kort, og lite og ingenting var gjort, men det er heilt OK. 
I dag har eg høyrt radio, sett TV(opptak) og lese bok. I tillegg til at eg har ei tid på datamaskina kvar dag.  På ettermiddagen kom Marit ned ein tur, såpass eg fekk koke kaffi, så no blir eg vel oppegåande til langt på natt. Som sagt har eg ikkje gjort noko fornuftig i heile dag, men det kan hende eg legg opp eit strikketøy i løpet av kvelden-når eg har lese ut boka mi. I morgon trur eg at eg må gjere noko nyttig - eller komme meg ut ein tur.

lørdag, januar 11, 2020

Dagbok 2020: 11.januar.

Det vart seint før eg fekk skrive på bloggen i dag, det kjem blant anna av at eg har sett mykje på TV.
No er klokka snart 23.30 og temperaturen ute er +5 grader C. Det har vore både lyn og torden i dag/kveld også, og dagane er våte, korte og mørke. 
Eg har ikkje gjort mykje til gagns i dag. Var relativt seint oppe, las ut ei bok, repeterte ganske mykje spansk, og då det leid på kom Soveig ein tur innom. Margrete og "ungane" var stasjonert i Volda i dag, og då dei var ferdige med pliktene sine, var det for seint å kome hit. Det var ei slags feiring av den nye VOLDA kommune.
Etter at Solveig reiste, vart det timesvis med TV.
Det var litt krøll med TV-en ei stund, truleg på grunn av torevêr. Det small godt i dag også. Så mykje lyn og torden vinters dag er vel ikkje heilt vanleg.
Eg føler at eg lever eit slaraffenliv for tida, får liksom ikkje "gjort" noko -men når ein nærmar seg 80 kan ein vel få lov å ta det litt med ro? Solveig kom med garn og mønster til meg, så det blir kanskje til at eg strikkar litt småting. Berre armane held. I dag tidleg var dei vonde igjen, men kom seg etter kvart.
Har ingen planar for morgondagen, men til veka har eg fire opptatt-dagar. Tysdag er det trening, onsdag er det spank-kurs, og påfølgande styremøte i pensjonistlaget. Torsdag er det trening igjen og fredag skal eg på lensmannskontoret og få meg pass. Men det er no greitt å ha litt å styre med. Både trening og kurs er sosialt.
Det blir meir TV i kveld, for eg tok opp nokre program på TV2 mens eg såg på NRK 1.

Bok nr. 3 - 2020: Det var grønt



Ein ung kvinneleg tannlege skriv bok om ein mannleg tannlege i 40-+åra. Og boka er god!
Den er på 117 sider og det er nok når ein fokuserer på det som er viktig og ikkje legg inn for mykje "fyllstoff". 
Kort sagt  handlar boka om ein deprimert mann og vegen hans ut av depresjonen. Elles kan de prøve å lese det som står på baksida av boka, men les gjerne boka sjølve.

fredag, januar 10, 2020

Dagbok 2020: 10.januar

Klokka er ca. 18.30, temperaturen ute er + 2 grader C. Det er litt regn og vind innimellom. Eg vakna grytidleg i dag, men sovna att og stod opp når det leid på. Hadde ikkje noko eg skulle og måtte i dag, men hadde nokre småjobbar på lur. 
Til jul kjøpte eg to liter H-melk, eg hadde ikkje brukt ein dråpe av melka og den var langt over tida-men ikkje dårleg. Eg kokte ein ganske stor porsjon risgraut i dag for å få brukt noko av melka, og det blei middagen i dag -flankert med tre sortar spekepølse som eg fekk av Margrete til jul. Både grauten og pølsene smakte fortreffeleg.
Men før eg kom så langt som til grautkoking hadde eg høyrt ferdig boka mi på Storytel, blogga om den og gjort diverse andre småjobbar i huset. Mellom anna fekk eg rydda vekk "juletekstilane". 
Eg tok meg også ei god tid til spanskøving, eg er redd for at eg kjem til å dette av lasset ganske fort om eg ikkje skjerper meg. Hjernen min er like gammal som resten av kroppen !
Etter middag måtte eg sløve litt i godstolen, men først kveikte eg opp i omnen. Etter ei stund fann eg fram ei av bøkene eg fekk til jul og begynte å lese. Det var ei tynn bok på vel 100 sider, så den kjem ikkje til å vare så lenge. Eg likar slike tynne bøker som eg kan sluke i eitt jafs.
Eg hadde i grunnen lyst til å ta ein tur på Fonnvernet igjen, men det mørkna så tidleg at eg slo det frå meg.
Kva eg skal gjere i morgon, har eg enno ikkje bestemt. Ein skulle ikkje tru det, men alle dagar blir for korte for meg og alt eg har lyst å gjere. Eg prøver å komme i seng før klokka er 1-men greier det aldri. Og det er alltid noko ugjort-eg tenkjer ikkje berre på arbeid, altså, men alt eg har lyst å halde på med.
No er det ein heilt alminneleg fredag, og eg vil ønske alle ei god helg.
Eg hadde tenkt å ta bilde av den fine grøne plenen min i dag, men eg rakk det ikkje før det vart mørkt.

Bok nr. 2 - 2020: Den som dreper drømmer sover aldri

1970-tallet. Venstrebølgen fra 1968 blir nærmest som en idyll å regne i sammenligning med den krigen som vokser frem mellom Europas sikkerhetstjenester og en stadig mer splittet venstrebevegelse. Det blir bokstavelig talt et spørsmål om liv eller død. Eric Letang arbeider om dagene som advokatfullmektig ved Henning Sjöstrands legendariske advokatbyrå. Men på nettene og fritiden inngår han i en hemmelig sikkerhetstjeneste innen den delen av venstrebevegelsen som forsøker å organisere forsvaret mot en stadig mer aggressiv statlig fiende. Hans store kjærlighet, Gertrude, jobber som advokat i Hamburg, hvor klimaet dag for dag blir mer brutalt. Hun opplever at vennene fengsles eller blir drept, én etter én. I Sverige arbeider statens hemmelige agenter etter vesttyske prinsipper for å forsøke å provosere frem en åpen konfrontasjon mellom «terrorister» og staten. For motstandsbevegelsen Eric Letang inngår i, utvikler katt og mus-leken seg til et stadig farligere spill. Samtidig vokser Lauritzen-slekten og en ny generasjon kommer til.  
……………………………………………………………………………
Då har eg lese ferdig bok nr.8 i denne serien, bok nr. 9 "Den andre dødssynd" er visst også ferdig skriven, men den har eg ikkje enno.
Det er ein interessant serie, dei to første bøkene las eg for fleire år sidan, men skulle absolutt ha lese dei om att før eg gjekk vidare. Den første boka "Brobyggere" er hermed anbefalt- og så er det berre å bestemme seg for om ein vil lese vidare.




torsdag, januar 09, 2020

Dagbok 2020: 9.januar

Klokka er no18.20, temperaturen er + 3 grader og det regnar litt. På føremiddagen var det fint , med litt sol i fjella. Det beste for oss gemlisane er at det ikkje eg snø. Vi har vel ikkje så mykje imot sjølve snøen om - han hadde kome ned ferdig moka.
Det vart ikkje så mykje om føremiddagen i dag, fekk shina kjøkkenet og meg sjølv før vi køyrde til treninga 12.15. Det vart litt fullt i treningslokala i dag, så det vart kamp om apparata, men det gjekk rimeleg bra. Der er knapt eit menneske under 70 år, så gruppa er nokså homogen. Vi har det kjekt og blir fort kjende med kvarandre. Det er mykje same klientellet på tysdag og torsdag.
Etter treninga var vi på Spar og handla litt. Eg hadde ikkje så stort behov, men fann litt eg trong eg også.
Då eg kom heim hadde eg litt husarbeid å knipe borti, pluss at eg tok ein halvtimes spanskkurs med meg sjølv.
Og så vart det mat, og etter maten seig eg ned i godstolen etter å ha fyrt i omnen, og der vart eg sittande å sløve ei god stund. Ja, eg er ikkje så arbeidsam for tida, men eg er relativt bra i armane akkurat no, så det er best å ikkje ta i for mykje.
Eg har i grunnen lyst til å gjere litt hagearbeid, for vinteren kom på meg før eg hadde fått rydda opp, dvs. plantane var ikkje visna ned før snøen og vinteren var over oss.
I dag har eg ikkje gått tur, men eg grundar veldig på det eg opplevde i går. Var eg verkeleg så nær lynet? Og kunne det ha slått ned i meg for eksempel?
For morgondagen har eg enno ingen planar, men eg får vel sjå å finne på noko nyttig. 

I dag har fetteren min fødselsdag. Då han var liten budde både vi og dei på Eid, og den 9.januar skulle tante ha ut juletreet, etter at vi hadde feira John Per. Kvart år på denne dagen tenkjer eg på den tida. Då budde dei i Alleen i same huset som bestemor og bestefar, der bror min bur no. I 1954 flytta dei til Sørumsand og der bur John Per framleis.
I tilfelle han les bloggen ,kan eg gratulere han her: 
GRATULERER  MED  DAGEN  JOHN  PER!

onsdag, januar 08, 2020

Dagbok 2020: 8.januar

Klokka er15.15, temperaturen er + 4 grader. No har det stilna litt ute , men for ein liten time sidan var det dramatisk vêr. Eg sat ved datamaskina og såg ut glaset og det var så fin himmel over Melshornet. Eg vart inspirert til å ta ein tur på Fonnvernet. Her er det sjeldan langt frå tanke til handling, så eg heiv på meg jakke og støvlettar og spurta opp Storebakken, der eg klivra opp.

Då eg vende nasen mot vest kjende eg vinden for fullt, og ikkje berre det, eg høyrde tordenskrall-ikkje altfor langt vekke. Vurderte å snu, men det var å feige ut. Eg gjekk mot vest og torden og lyn kom stadig nærmare. Sist natt vakna eg av torevêr, men eg er ikkje redd når eg er inne. Då stod eg berre opp og slo av nettverket. 
Men det var skummelt på Fonnvernet, eg tenkte som så at på ein flat veg er EG høgaste punktet. Eg hadde tatt fatt på Turvegen, då eit lyn viste seg rett framfor nasen min- eg har aldri sett lyn så langt nede før, og det gjentok seg ein gong til, utan at det skjedde noko kriminelt.  Då hadde eg for alvor fått farten opp. Men så vart det slutt på torden og det begynte å hagle noko heilt forferdelig. Eg kom meg trygt i hus utan mein - 40 minutt hadde eg vore ute.


Tidlegare i dag har eg gjort LITT husarbeid; eg har vaska bad og kjøkken, lagt i hop klede båre julepynten ned i kjellaren og diverse. Har begynt å øve litt på spansken igjen, for neste veke er det oppstart på kurset.
Det var litt tidleg å skrive blogg, men blir det meir spennande hendingar, skal eg skrive meir i kveld. No skal eg ha litt mat, ikkje fordi eg fortener det, men fordi eg treng det.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...