Klokka har er 23.07, temperaturen ute er pluss 11 grader C og no regnar det. Det var opplett på føremiddagen og vel så det.
I dag har vi vore i familieselskap på Hareid, og der var vi mange Wenche, Rasmus og eg herifrå, Margrete og Svein, frå Volda og på Hareid ver dei nesten fulltallige, berre Einar mangla for han jobbar i Oslo for tida .Minstemann var Tobias, guten til Olaug, han er vel eitt og eit halvt år- og eg var sjølvsagt eldst med mine 86 år-
Solveig hadde laga i stand mykje god mat-veldig mykje faktisk. Og vi kosa oss med både mat og prat. Eg sat på med Rasmus i hans bil begge vegar. Eg har ikkje vore på Hareid sidan julaftan og då var det mørkt. Men i dag fekk eg sett meg litt omkring igjen. Eg vil sende ei takk til Solveig og Øystein for ein veldig fin dag!
Vi har ikkje laga plan for morgondagen, vi må først sjå korleis veret blir. Rasmus spekulerer på korleis han skal få opp resten av rota på treet som vi saga ned i går-det blir ikkje enkelt Eg meinte vi kunne lage eit lite bål nede i hola, men det er visst ikkje lovleg, Så då så !

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar