Klokka er 23.55,temperaturenute er + grader C, men i dag har eg vore inne heile dagen, men det har ikkje vore så fint ute i dag, no har det regna nokså mykje. Rasmus har vore aktiv i dag også; han og Wenche har stått på og hjelp meg med mykje. I dag fekk Rasmus reparert noko som var øydelagt på Grava til Nils. Og det var eg glad for.Elles finn han litt av kvart å reparere i huset og ute. No har han dekt til hola der treet stod. Eg trur eg skal berre la graset vekse der og eventuelt plante noko ein litt annan stad.
Det er veldig kjekt å ha slike folk på besøk, dei treng ikkje oppvarting, men hjelper til med alt. I dag kjøpte Rasmus Pizza til middag, så vi gjer det litt lettvint.
Det einaste som ikkje er kjekt er at eg har fått vondt i venstre hofta. Eg verkte i den hofta i minst 10 år, frå eg var 60-70 år gammal etter den tid har den vore bra, heilt til no, så no er eg spent på korleis det skal gå.Men eg veit kva som må til for å bli bra. Eg håper det beste. No er det snart leggetid, og så håper vi på ein fin dag i morgon.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar