lørdag, juli 25, 2026

Dagbok 2026: 25.juli

Bilen er komen heim

Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive blogg, for no har dei visst forandra på alt igjen -eller så er det eg som er surrete. Men no har eg i alle fall kome meg så langt at eg kan skrive blogg.

I dag reiste gjestene mine, så no er eg her åleine igjen, det er litt stussleg , men det går heilt bra. Det var kjekt å ha dei her i alle fall. At dei jobba for meg var no ekstra bra, No er det mykje som er på plass, men eg må også jobbe, rydde garasjen til dømes, så pass eg får inn bilen min. Det var stas i dag då eg kunne køyre sjølv igjen. Det var litt uvant, men gjekk heilt greit. Eg køyrde ned til gravplassen og såg til grava. Den var ikkje så fin. Solveig planta blomster til 17.mai. men det er lenge sidan. Rasmus sette fast fuglen og laga til ny "glasdør" så det eg kunne gjere i dag var å få bort gras og moserundt steinen, så skal eg kjøpe blomst over helga. 

Då eg kom heim fann eg middagsrestar i kjøleskapet, og etterpå vart eg så trøtt at eg sovna i stolen framfor omnen. Eg hadde kveikt opp så det var varmt og godt.

Elles så har eg sett i gang vaskemaskina, og trommelen.

Men då eg skulle skrive blogg , var det eit svare strev å komme på plass-så no lurer eg på om dei har endra noko, eller om det er eg som ikkje hugsar kva eg skal gjere. 

Eg har ingen planar for helga, men eg hadde håpa på fint ver og sol. Det ser ikkje ut til at vi får det.Men no fekk eg endeleg til Bloggen. God helg til alle!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 25.juli

Bilen er komen heim Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive ...