lørdag, april 30, 2022

Dagbok 2022: 30. april.


Klokka er no 17.57, temperaturen er + 11 grader C, og det er lettskya og fint. I går kjøpte eg ein "pakke" med stemors på Kiwi , som eg har planta i dag. Håper dei skal vekse og trivast og fylle ut i "forma". 

I dag tidleg då eg stod opp var eg så låk i venstre foten og hofta at eg nesten ikkje kunne gå. Eg har funne ut at eg blir slik når eg sit lenge i stolen min og strikkar, så eg skulle ikkje gjere det i dag. Men etter frokost ville eg ta nokre "runder" på genseren som eg rekte opp i går. Eg blei sittande til eg var komen nesten dit eg var i går, men då måtte eg ta pause. Marit bad meg opp klokka 15, etter at eg hadde ete litt middag, og så drakk vi kaffi der oppe.  Kl.17 gjekk eg ned att, for eg skulle ned og fylle bensin, må vere trygg for at eg har nok på tanken, for eg har tenkt å køyre til Volda i morgon. Har avtalt med Margrete, dei skal også dit. Det er ein gammal tradisjon.
Foten min kjem seg når eg går, men sidan eg ikkje har så mykje anna å gjere, blir det vel at eg strikkar i kveld også.
Før i dag har det vore kaldt, så eg har ikkje hatt lyst å gjere noko ute, og no lid det så langt at der er for seint å starte opp.
Om naboane veit vi ikkje anna enn at dei ikkje er heime, og eine bilen er vekk.
I morgon fyller Kjell Skåden 80 år, Lise blir 70 den 6.mai. Bodil har ordna med blomster frå oss begge, og eg har vippsa. Dei har feira dagane litt på førehand, på Josy-buda på Kalvatn.
Lise har vore litt elendig ei stund, ho har hatt korona. Her får vi no tilbod om 4.dosen vaksine og Marit skal bestille til seg sjølv og meg. Ein får ikkje vaksinen om ein ikkje bestiller på førehand. Komande onsdag skal vi på kino og sjå Downton Abbey og drikke "afternoon tea". Det har vi gjort ein gong før, då den førre filmen gjekk- og det var artig.
Det vart så fint no og eg er kledd for å vere ute, så eg går kanskje ein tur. Oppe i hovudet mitt har det vore sundag i dag. Det slapp eg laurdag for ei veke sidan, for då var eg til synskontroll.
I morgon må eg hugse flagget. Nils brukte somme tider å henge det ut før vi la oss kvelden før 1.mai.  Dermed var flagget oppe lenge før vi.



fredag, april 29, 2022

Dagbk 2022: 29.april


KLokka er no 17. 20, temperaturen ute er + 10 grader, det er overskya men opplett . det kjennest veldig kaldt ut, så eg blir ikkje frista til hagearbeid.

Som vanleg var eg nokså tidleg oppe i dfag også, eg er visst blitt reine morgonfuglen, men eg er ikkje trøtt om kvelden heller, så eg er ikkje tidleg i seng. Rett etter middag derimot kan eg sovne utan å ville det.

I dag var det fredagsvasken som stod på programmet, og sidan den ikkje er så omfattande var eg ferdig i 11-tida. Då sette eg meg til med strikketøy og TV- eg har nesten strikka opp att det som eg rekte opp. Men eg fekk ei melding på telefonen og det var at pakken frå Olaug i Bergen var komen til "Post i butikk" på ALTI - og den måtte eg no hente, sjølvsagt. Så då var det berre å ta bilen ned og hente, og på vegen heim stoppa eg ved KIWI og handla litt i dag også.

Olaug hadde pakka gåvene som eg skulle få i ei fin raud eske med gullskrift på, dessverre vart litt av teksten skada på grunn av limpapir. Men eg synest det var ei fin helsing: Happiness can be found in the smallest of things. Det er no sant som det er sagt, og eg vart veldig glad for tinga eg fekk. Litt uvant å få pakke i posten anna enn til jul.

DÅ eg kom heim att sette eg på eit panne med risgraut, og så skulle eg prøve om eg greidde å løyse sudokuen i Møre Nytt, eg måtte gi meg på det i går kveld- Grauten vart ikkje påpassa slik han skulle, så den blei litt brunmelert, men det tek ein ikkje så tungt når det har gått 8 timar sidan frokost. No er eg meir enn mett nok og skal lunke på ein kaffikopp, som eg ikkje bør sovne ifrå.

Sjølv om det er kaldt så smeltar det litt snø i fjella, og plenen blir litt grønare for kvar dag-bjørkene også.

No vil eg berre ønske alle ei fin helg-eg vurderer å fare til Volda 1.mai. Det er ein tradisjon.



torsdag, april 28, 2022

Dagbok 2022: 28.april




Klokka er no16.15, temperaturen er + 9 grader C og akkurat no er det opplett og litt sol. I dag har eg vore ute på rek nesten heile dagen. Eg fekk strikka litt før vi var på trening, men då vi kom att vart Marit og eg sittande og prate i bilen-som vanleg, så då eg kom inn i mitt eige hus, var det stort sett berre å kle seg om og gjere seg klar for neste post i programmet. Vi var fire gamle kollegaer som møttest på "Fru Svendsen". Det er Ragnhild som organiserer såpass vi får treffast av og til. Ho er flink å ta initiativ.Vi hadde som vanleg mykje å prate om. Eg følgde Oddrun heim att, og Ragnhild køyrde Astrid. Eg hadde parkert nede ved ALTI  fordi eg skulle handle litt der før eg for heim. Bilda i dag er frå blomsterbutikken til Tilseth på ALTI. Eg handla litt på Spar også. 

No er eg altså heime igjen, og då blir det vel spøt og TV om ei stund, men eg må ha meg litt "middagsmat" først. På "Fru Svendsen" åt eg eit stykke av den mest berømte kaka deira , men mandelbunn, krem og pærer og eit lokk av sjokolade. Den er himmelsk god. Ho som har drive kafeen til denne tid sluttar til helga, men så er det andre som tek over. No får eg finne meg litt meir kvardagsleg kost.



 

Charlie, hunden til Margrete er 8 år i dagog eg gratulerer han med dagen her!

onsdag, april 27, 2022

Dagbok 2022: 27.april


 Klokka er no 19.10, temperaturen på trappa er + 6 grader og det regnar så smått. Tidlegare i dag var det sol og fint-men kaldt. Det frista ikkje å jobbe ute så eg tenkte eg fekk finne på noko fornuftig inne. Det blei til at eg henta ein pose med plommer i frysaren i garasjen og kokte plommesylte; så fann eg på at eg kunne ta ein pose til når eg først var i gang, der er ikkje så veldig mykje i alle posane. Men no trur eg at eg har plommesylte for ei tid framover; eg var så heldig at eg hadde både sukker og Jam nok. 

Innimellom strikka eg opå genseren min. Eg hadde strikka nokre omgangar med mønster, og alt var tilsynelatande i orden, men så kom eg til ein "runde" der eg ikkje fekk kartet til å stemme med terrenget. Til slutt strikka eg slik som eg meinte det skulle vere, og viss eg kjem i mål med det, får det stå sin prøve.

I dag skulle eg på møte i Pensjonistlaget klokka 16, og før den tid, skulle eg farge håret, dusje og kle meg om så eg begynte tidleg. Eg visste ikkje kva eg skulle ha på meg i dag, men fann ut at eg kunne prøvekøyre den nye, grøne genseren. Og den fekk eg mykje skryt for. 

Det vart eit kjekt møte. Eli snakka og fortalde veldig mykje om Arne og Hulda Garborg m.fl. Det var kanskje fordi pensjonistturen går dit dei budde i Asker.

Så fekk vi god mat, eg hugsar ikkje kva det heiter, men det var slike "lefserullar" med grønsaker m.m. Dei var veldig gode. Så fekk vi også kaffi og kaker.

Underhaldninga i dag var det Børre som stod for, han hadde plukka fram slagerar frå -70-årstalet og framover, og mange nynna med. Då han takka for seg, var det mange som trudde møtet var slutt og så gjekk dei. Dermed vart det ikkje utlodding og anna avslutning.

I morgon er det trening, og så skal eg møte tre kollegavenninner på "Fru Svendsen" etterpå: Ragnhild, Astrid og Oddrun. Det er travle tider og mykje som skjer, samanlikna med slik vi har hatt det, meir og mindre, i dei 2 Korona-åra.

Såg på Messenger at Håkon og Birte har kjøpt seg leilegheit i Volda.

tirsdag, april 26, 2022

Dagbok 2022: 26.april


 Klokka er no16.35,temperaturen er +8 grader C og det kjennest veldig kaldt ut. Eg er ikkje frista til å gjere hagearbeid i alle fall. Eigentleg har eg ikkje gjort noko som helst i dag, ikkje ein gong strikka. Dvs.  Marit og eg var sjølvsagt på trening, men etter den tid har eg ikkje gjort anna en n å sjå litt TV og lage middag til meg sjølv. I dag laga eg grønsaksuppe, det er ei stund sidan sist eg laga det. Etter middagen sette eg meg inn for å sjå litt TV mens eg drakk kaffi, og der sovna eg. Dette er noko nytt eg har begynt med-det å sovne etter middag--eg vakna av at telefonen ringde, men kvar var telefonen, i veska mi, og kvar var veska?....då eg fann den og skulle snakke med vedkomande, dvs. Eli,vart forbindelsen borte, men ho sende melding om det ho ville. I morgon er det pensjonistmøte på Bakk-Ola klokka 16, og då skal eg vere der som vanleg medlem, ikkje styremedlem, for første gong.

I dag hadde eg tenkt å få rydde opp litt i garasjen og ute, men det er for kaldt!. Eg hadde ikkje tenkt å gå tur på Vernet i dag, men kanskje gjer eg det likevel, og så blir det vel strikketøy igjen. Eg har begynt på mønsterborden, og eg vart så letta då masketalet var heilt som det skulle. Eg har mykje fine strikkaklede, men her heime går eg stort sett i den oransje kofta, den strikka eg mens Nils enno var heime.

Det var mykje eg skulle ha gjort, det som det hastar mest med er å få klipt håret mitt, det er eit skrikande behov. Men eg veit ikkje om den "gamle" frisørdama mi har begynt å jobbe igjen. Ho som har klipt meg i seinare tid er her ikkje lenger i alle fall, for frisørsalongen på ALTI er stengt. No er eg så frostig at eg trur det beste er å gå ein tur.



DET blei ein tur i kald nordavind, men bjøkene blir grøne og snøen minkar på Helgehornet

mandag, april 25, 2022

Dagbok 2022: 25.april




 Klokka er no17.15, temperaturen ute er + 16 grader C; det er opplett, men nesten heilt overskya, så vi har ikkje sett sola i dag. I går kveld fekk eg vite at det skulle komme snø, så eg var budd på å vere inne i dag. Men eg har ikkje sett noko til snøen enno. Og no har eg sett vekk mokebrettet for andre gong i år, så eg har lite lyst til å hente det opp att. Men i morgon må eg ha ut bilen, så det spørs.........

I går kveld fekk eg sett ermane inn på rundpinnen i lag med bolen på genseren som eg strikkar til meg sjølv. Men noko gjekk gale, så eg måtte ta  det opp att. Eg let delane ligge til i dag før middag, så eg fekk operere i dagslys. Det gjekk betre, så no strikkar eg godt over 400 masker rundt og rundt. Eg var såpass smart at eg sette ein brøddeig som fekk heve seg mens eg strikka, og litt seinare steikte eg tre veldig gode brød. Det er lenge sidan sist eg bakte brød, men no hadde eg kjøpt for mykje melk igjen, så då måtte eg bruke den. Til middag i dag vart det speilegg og bacon + brødskive. 

Eg strikka litt til og såg  ein episode av ein serie, før eg kledde på meg og gjekk ut. Det vart ein runde på Vernet i dag også. Eg trefte ikkje kjentfolk , så turen tok berre 50 minutt. Men eg fekk litt dårleg samvit då eg såg at naboane jobba i hagen. Det var sikkert mykje eg kunne ha gjort ute, men eg likar å ha det litt varmare når eg skal halde på i hagen.

I dag fylle Wenche år, og eg sende pengar til Rasmus så han skulle kjøpe gåve frå meg. Han kjøpte noko som heiter vertikalskjærer eller noko slikt. Det liknar ein plenklipper, men det er ein  "plenluftar"   som skal få bort mosen. Wenche skriv i dag at ho har vore ute og brukt den så sveitten sila-mens ho hadde Corona altså. No var ho på jobb igjen.


Vertikalskjærer frå Jula.

Ein må kanskje ha ein slik no når kunstgjødselen er så dyr ?

søndag, april 24, 2022


Klokka er no16.40, temperaturen ute er + 5 graderC, det er nydeleg vêr, men kald vind. Eg plar seie at sol og nordavind er det verste ein kan ha om våren, då er det ingen ting som  vil vekse og trivast. Eg kjende i grunnen ikkje kor kaldt det var før eg skulle legge meg ut på solsenga etter middag. Då måtte eg ha eit tjukt pledd over meg. No når eg kom inn att tok eg på meg den oransje kofta som har fåtte kvile seg nokre dagar no. Men eg ser at Marit sit ute på benken sin, og viss ho er der når eg er ferdig å skrive så går eg opp.

I dag vakna eg tidleg, men la meg til å sove igjen. Tredje gongen eg vakna, stod eg opp, då var klokka ca 8. Eg heldt meg inne, såg litt TV og gjorde genseren min klar til å ha ermar og bol på samme rundpinne, det skjer kanskje i kveld.

Då det leid til klokka 12, tok eg ein tur på Vernet. Veret var nydeleg , men vinden enda kaldare enn her nede. Er trefte pensjonistar som eg kjenner godt og prata med dei. Eg får no vere litt meir sosial på møta no når eg ikkje skal skrive. Det er møte komande onsdag.

I dag var det store endringar sidan sist eg var påVernet, elva fossa nedover og ein ser kor ssnøen minkar i fjella dag for dag. Bjørka er begynt å bli grøn og det veks kvitveis alle stader.
 



Etter at eg kom heim frå turen, vart det ikkje så lenge å vente på middagen, som var den samme som i går, det er slik at eg ofte må ete det samme to dagar i strekk. Det gjer med ingen ting, eg har betre appetitt enn eg ønsker meg.

Eg håper det blir fleire fine dagar, for eg har mykje som skal gjerast ute.Tysdag og torsdag blir det trening og onsdag pensjonistmøte. Eg slepp å kjede meg.

I dag tok eg faktisk og vatna rosene, eg las ein gong at roser dør ikkje av kulde om vinteren, men av tørke om våren.



Bok nr. 8 - 2022: Mitt menneske

 

Rut og Gorm. Hun er anerkjent kunstner fra små kår på en øy utenfor kysten av Nord-Norge, han er kjøpmannssønn fra samme landsdel. Fra deres første, tilfeldige møte som barn har de hatt en plass i hverandres bevissthet. Men først som voksne, med havarerte ekteskap og nye begynnelser bak seg, møtes de for alvor. Mitt menneske er historien om disse to, om Ruts forhold til malerkunst og anerkjennelse, om Gorms søken etter et liv med et større innhold. Den trangen de begge har til å leve i noe som kjennes sant, brytes og skjerpes mot nordnorske livsvilkår og kontant jordnærhet. I denne romanen utforsker Wassmo videre noen av de temaene som har preget forfatterskapet: det avgjørende opprøret mot vilkårene livet byr deg, og de omkostningene dette opprøret har for en selv og omgivelsene. Men først og fremst handler det om det brennende behovet for å møte det mennesket i livet som du kan kalle ditt.

Denne boka har eg også lese på senga, nokre få sider kvar kveld, og boka har 460 sider, så det har tatt si tid. Eg likte boka godt, men der var liksom noko som ikkje stemte, eg undersøkte og det var som eg trudde, boka var ein "frittstående oppfølger" til ei anna bok., som heiter "Det sjuende møte". Eg skulle absolutt ha lese den først, for somme ting vart hengande i lause lufta. Eg las siste slutten i dag-ute i sola.

lørdag, april 23, 2022

Dagbok 2022: 23.april


 Klokka er no 17.55, temperaturen på trappa er +16 grader,  det er litt kald vind på altanen i dag, men elles like fint som før. Vi får nyte godvêret mens vi har det, tenkjer eg.

I dag skulle eg komme til synstest kl.12,15, så det var ikkje vits i å begynne på noko arbeid før den tid. Eg sat og strikka og høyrde nyheiter til det var på tide å shine seg opp.

Eg for nedover i god tid, parkerte ved ALTI og gjekk opp i gågata, for å få aldri så lite mosjon.Eg var innom ein butikk og ville hatt meg ein kvit singlet til å ha under ein litt gjennomsiktig genser, og dei hadde nokre som var fine, men dyre så eg avslo. Etterpå angra eg og tenkte å gå inn att å kjøpe den. Men det vart ikkje gjort i dag.

Synstesten varte i ein klokketime, med allslags maskiner etc. Ho fann ikkje noko gale,  synet var ikkje fullt så godt som for 4 år sidan, men eg slepp å få nye briller, eg ser godt i dei eg har. Men ho kunne sjå at der låg grå stær på lur. Men den er ikkje komen så langt enno. Gjennomsnittsalder for å få grå stær er 74 år, kunne ho fortelle meg.

Det at eg tok synstest no, var fordi eg skal fornye sertifikatet. No slepp eg at legen skal drive med å sjekke synet. Eg skal ikkje ha nye briller.

Så gjekk eg ned att på ALTI og kjøpte ein singlet på Cubus, den får duge. Kjøpte litt mat på Bunnpris, men elles var eg ikkje i handlemodus i det heile tatt. 

På heimvegen svinga eg bortom gravplassen og såg om der såg rimeleg bra ut. Og det gjorde det, men heile gravplass-området treng ei oppshining med raking av lauv, grus etc,.men det er "parkvesenet"si oppgåve..

Då eg kom heim laga eg meg litt mat som eg kalla for middag. Så gjekke eg ut på altanen, men der måtte eg legge meg ned på solsenga for å halde varmen. Og der fekk eg meg ein god middagslur, noko som eg trong i dag, for eg sov ikkje mykje sist natt. Eg tenkte litt på å gå ein tur på Vernet, men trur eg ventar til i morgon. Så blir det strikketøy og TV i kveld også. Det nærmar seg at eg skal ha bol og ermar inn på samme pinne, men det blir ikkje i kveld.

I dag er det Bodil sin fødselsdag og eg har gratulert henne på Messenger. Eg fekk også spurt henne om Kjell, om han blir 80-og det blir han. Då blir Lise 70, men ikkje samme dag.

Eg må nok snart finne noko anna å plante på grava, og så må eg få einkvan til å feste fuglane igjen.Dei ligg her på skrivebordet mitt. Viss de ser nøye etter på gravsteinen, så er der speilbilde både av blomstrane og buksebeina mine.

fredag, april 22, 2022

Dagbok 2022: 22. april

                                            Akkurat no kl  17.12

Klokka er no 17.15, temperaturen på trappa er + 17 grader, men det var mykje varmare for ei stund sidan. Vi har framleis strålande vêr, og på bildet over kan ein sjå at dei høge bjørketrea nedanfor her, er begynt å bli grøne. Når dei har fått fullt lauv er det slutt på fjord-utsikta vår. 

I dag sette eg i gang med fredagsreingjering rett etter frokost og tok det litt grundigare enn vanleg. Men klokka 12 var eg ferdig og hadde fått teppe etc. på plass.

Då gjekk eg ut i hagen og jobba ei stund. Fekk vekk meir eføy og flytta ein klematis m.m. Eg lurte på om eg skulle vatne litt, men har ikkje bestemt meg enno. Sette meg i ein stol på tunet og las Møre-Nytt frå første til siste sida. Då oppdaga eg at det skal vere Pensjonistmøte komande onsdag. Litt rart å lese det i avisa utan å vite noko på førehand. Eg fekk MØRE også i dag, men den har eg ikkje lese enno. Det er så mykje som skjer no,  med konsertar og anna, at ein kan ikkje få med seg alt i alle fall.

Då eg skulle til å gå inn, såg eg at Marit sak ute og passa hunden, så eg gjekk opp og sat i lag med henne på benken ei god stund. Det var veldig varmt. 

Til middag varma eg opp ein liten rest frå i går, og så kokte eg litt kaffi til desserten, før eg gjekk ut på solsenga. Eg låg der ei stund, men sovna ikkje i dag, og no var det ikkje så varmt lenger, så eg gjekk inn.

Det er mange dagar sidan eg gjekk på Vernet, det er ikkje på grunn av latskap, men eg har ikkje vore heilt bra i rygg og føter, men no kan det hende eg tek ein tur, eller så ventar eg til i morgon. I morgon må eg til Vik for då skal eg ta synsprøve kl.12.15. Eg likar ikkje slike prøver, men trur ikkje eg har noko å frykte. Når ein har med seg slike resultat til legen, slepp ein å ta synsprøve der. Eg har legetime i samband med sertifikatfornying den 10.mai. Første mai brukar eg å vere i Volda, så det blir kanskje slik i år også. Ørsta SV brukar å vere på tilstellinga i Volda.

Eg har "prata" litt med Rasmus på Messenger i dag.

I går kveld begynte eg på andre erma på genseren min, men det blir ikkje så mykje strikking når det er så fint vêr.

Sidan det er fredag  må eg hugse å ønske alle ei fin helg!



 

torsdag, april 21, 2022

Dagbok 2022: 21.april.


Klokka er no 17.30. Temperaturen på trappa er + 19 grader og det er framleis strålande vêr. Slik kan vi gjerne ha det lenge!

I dag var vi på trening 10-11, og så stoppa vi og handle litt på KIWI på heimvegen. Eg skulle ikkje ha så mykje, men så hadde dei så fine orkidear! Gule! Samme sort som eg kjøpte tidleg i vår, og som no hadde sett sine beste dagar. Eg fall for freistinga og kjøpte ein ny. Eg tok bort påskepynten i går, så det var eit lite behov for å pynte opp litt.

Eg har gjort litt husarbeid i dag, tatt inn ein klesvask og hengt ut ein annan t.d. Så var eg ute i hagen og reiv ned ein del eføy, der blir alltid for mykje både utanpå tilbygget og inni. Det vart ei stor svart sekk full- men meir skal det bli. Eg begynte både å snufse og hoste etter kvart, så no må eg fram att med allergitablettane. Eg reagerer voldsomt på eføy når eg begynner å rive den vekk.

Så laga eg middag, i dag vart det Pasta carbonara, med saus frå Knorr.

Eg vart mett og trøtt og la meg ut på solsenga, og det vart eg liggande å slappe av, sov nok ei stund også, for eg var tidleg oppe i dag.

No skal eg prøve å få gjort litt meir ute i hagen, men det er ikkje så mykje eg greier om gongen- på grunn av ryggen. Såg at rabarbraen var begynt å komme opp. Eg hadde tenkt å kjøpe stemorsblomster i dag, men dei som var på KIWI var så fargelause, dvs. kvite, så eg vil vente til eg finn noko som er betre. Det er mykje fine blomster ute no, mest blå, men løvetannen får lov å blomstre den også i år, i singelen under altanen. Dei er no i grunnen fine!


onsdag, april 20, 2022

Dagbok 2022: 20.april


I beddet nedanfor garasjen har eg greve ned litt av kvart, løkar etter diverse blomster + potteroser, det er mykje fint som kjem opp. I utgangspunktet var der tre små potentillabusker med rosa blomster-og dei lever enno i beste velgåande.

Klokka no er 16.45, temperaturen ute på trappa er +17,5 grader C, og vi har framleis fint ver. Ja, dette treng vi etter ein lang og "utfordrande" vinter. 

I dag stod eg opp som vanleg, med dårleg rygg, som kom seg etter kvart, men ikkje heilt. Etter frokost og etter å ha sett serien min, gjekk eg ut og begynte å klippe hekk. Marit U. kom ei lita stund etterpå, så no er hekken ferdig klipt. Eg raka og plukka singel på plenen med det samme eg  var i gang, men det går ikkje fort med meg, for eg må ha ein stol og sette meg ned titt og ofte og kvile ryggen. Då eg var ferdig med oppryddinga, køyrde eg bort på VØR med 6 sekker med hageavfall, så no er det gjort.

Det var mange bilar som stod i Hovdebakken der vegen kjem opp frå sjøen. Det såg ut som der hadde vore eit uhell/ulykke for der var politi med fleire politibilar. Då eg køyrde tilbake var politibilane der framleis, men ikkje andre. Det kan no ha vore ein slags fartskontroll også, eg finn ikkje noko om det på nettet.

Til middag i dag varma eg opp risgrauten som var att frå i forgårs. Så ringde eg "Synspunkt" og bestilte augekontroll ( Det er dei samme som dreiv "Specsavers" før, som no har skifta namn.) Eg fekk time komande laurdag kl.12.15. Eg har ingen problem med synet, men eg vil kontrollere på grunn av sertifikatet. Det er mange år sidan sist eg var på kontroll.

Eg fann ikkje Møre-Nytt på nettet i går, men i dag fann eg avisa i postkassa (Det er tysdag som er avisdagen, men det var skipla på grunn av påska.)Eg plar løyse sudokuen som eg hentar ut på nettet kvelden før, men no måtte eg ta dagen til hjelp, og eg har gjort fleire forsøk utan å få den til, så no trur eg dei må ha gjort ein feil, det kan ikkje vere noko gale med meg. Eg har vore på altanen og sola meg, men eg sovna ikkje så då vart det kjedelig.

Gudmund hadde kjøpt kunstgjødsel til seg sjølv og i dag for har fram på EIK-senteret og skulle kjøpe til meg. Men då hadde prisane stige så forferdelig at han torde ikkje å kjøpe til meg utan å samrå seg. Eg er ikkje pessimist men eg trur vi kjem til å sjå mange prisstigningar frampver. Men som G, sa, det er ikkje verst for oss, vi skal ikkje leve av jorda.

Eg har mange oppgåver som ventar på meg både ute og inne, men eg kjem vel i mål på ein måte. Det viktigaste no er å nyte og nytte fineveret , så lenge det varer. I morgon blir det vel trening, får eg håpe. Trur kroppen min har godt av det.

Eg trur det er fuglar som bur i fuglekassene på oppsida av huset i år. Eg har ikkje sett fuglane så godt, men dei plystrar.

 

tirsdag, april 19, 2022

Dagbok 2022: 19.april

                                                                        Blå plen
 Klokka er no20.20, temperaturen ute er + 13 grader C og vi har hatt enda ein strålande dag-

Planane for dagen hadde vi klart, men det er ikkje alltid det går som planlagt. Det første som skjedde var at vi fekk melding frå fysioterapeuten om at treninga i dag vart avlyst på grunn av sjukdom. Men Marit og eg hadde avtalt å handle etter treninga så vi måtte ein tur til Vik. Eg skulle ha tablettar på apoteket, og så ville eg handle litt på Spar. Det ville Marit også, og eg fekk tak i liten rundpinne der, så eg slapp å gå inn på andre butikkar. No i kveld tok eg att strikketøyet og det var så kjekt å strikke på rundpinne i staden for dei fem enkle.

Eg hadde planlagt å begynne å rydde i garasjen i dag, og så ville eg på VØR med nokre sekker. Det vart ikkje akkurat slik heller. Marit U. kom og spurde om vi skulle ta hekken vår, vi hadde avtalt laust før påske, men no hasta det. Vi klipte og klipte begge to og Marit bar rusket opp i bilen deira etter kvart. Dei tre buskene som står nedanfor postkassene skal vi ta i morgon. Marit køyrde på VØR og vi hadde med nokre av nmine sekker også. Eg var med  så vi var to om å losse. I morgon skal vi altså ta resten og då har eg sagt at eg køyrer på VØR.

Klipt

                                                     Uklipt

Då var klokka blitt ca 15, og eg laga meg middag. I dag vart det grønnsaksalat med Apetinaost, med riskrem til dessert. Eg måtte legge meg ut på solsenga og kvile etterpå. Men så var det garasjen.........Eg gjekk ut og skulle begynne, men så sat Marit ute på benken og passa hunden, så eg måtte opp og snakke litt med henne......Så var det garasjen!!! Endeleg fekk eg gjort litt, dvs. eg fekk kosta litt. I tillegg til støv og sand er der mykje lauv som fyk inn sidan det er sjeldan eg let att døra. Eg rakk akkurat inn att til 19-nyheitene- og strikketøyet. Etterå kom naboen og ville vite om eg skulle kjøpe gjødsel i år, for så kunne han kjøpe til meg også når han for fram på EIK-senteret.

Det vart så kjekt no når det vart sol og vår og vi kjem oss ut og vere sosiale med naboane. Eg har mykje å gjere ute no, men det er uvisst kor mykje eg får gjort, for ryggen min er ikkje heilt god-det var han ikkje før heller, så det går vel på ein måte denne sommaren også.

mandag, april 18, 2022

Dagbok 2022: 18.april, 2.påskedag.


Klokka er no 17.35, temperaturen ute er + 18 grader og det har vore strålande vêr i heile dag, ca 20 grader på det varmaste. Og det er varmt i forhold til det vi er vande med. Eg har lege og sola meg på altanen, og så har eg lese i ei bok. Eg har ikkje vore på Vernet i dag, for eg var så elendig i føtene i dag tidleg at eg tenkte dei trong å kvile; men det varte ikkje så lenge før eg var i god form.

No syntest eg det var nok helge-og fridagar så i dag tok eg  og støvsuga teppegolva. Men det hadde skjedd noko med støvsugaren, for teppebanke-funksjonen virka ikkje. Men det er no ikkje så farleg.

Eg hadde også ein liten haug med stryke-klede, no når eg ikkje har tørketrommel, blir kleda litt harde og skrukkete, sjølv om eg brukar "mykningsmiddel".

Eg sat oppe på benken med Marit ei stund, mens eg hadde risgraut på kok. Eg berre måtte koke graut i dag for eg hadde så mykje "gammal" melk. Men grauten vart god den, og så får eg bruke fløten som var til overs-så blir det riskrem ein annan dag.

Eg har ikkje strikka i dag, Eg har kome godt i gang med første erma, men eg likar ikkje pinnane eg strikkar med. Eg synest dei er for tjukke, men eg må no ha same nr. som på bolen. Det eg manglar no, som eg får kjøpe i morgon, er ein erm-pinne nr. 3,5. 

Marit og eg skal på trening i morgon igjen, så då handlar vi med det samme. Solveig nabo puslar på i hagen i dag, men eg får ikkje gjort så mykje før eg blir kvitt alle sekkane med hageavfall-eg lyt nok bort på VØR ein av første dagane.

Og så må eg høyre med Gudmund kva tid vi skal gjødsle. Det blir nok å gjere no framover både ute og i garasjen og andre stader.

Eg prøvde å ta eit bilde frå altanen og ned på fjorden, den utsikta misser vi når det kjem lauv på trea. Får gå ut og prøve ein gong til.

                                                                       Akkurat no

PS: I dag er det 4 år sidan Nils døde

søndag, april 17, 2022

Dagbok 2022: 17.april, 1.påskedag

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 17 grader C. Det har vore fint vër i dag også, men det gjekk ei stund før sola kom seg gjennom skylaget- . Eg vakna i vanleg tid i dag også, men låg og slappa av ei stund før eg stod opp. Det er det ikkje ofte eg gjer. Hadde ikkje så mange planar i dag, men eg sette meg no til å sjå TV og strikke på første genser-erma- Etter kvart tok eg meg på tak og gjekk ein runde på Vernet.Den første eg møtte i dag var Eli K. så vi vart ståande å prate ei stund. Eg har ikkje vore heilt kvikk i føtene i det siste, så eg har ikkje gått tur kvar dag. Trur det skal bli bra å begynne å trene igjen, det ser ut til at det hjelper. Når eg går tur på Vernet og det er fint vêr vert det ofte til eg eg sit på benkane og nyt sola. I dag sat eg og såg på kor ho streva for å komme gjennom skylaget.
 


Då eg kom heim frå turen, laga eg middag. I dag fekk eg herleg steikt ørret med poteter, rømme og grønsaker. Eg blei så mett at eg måtte slappe av ei god stund i godstolen, med litt is og TV. Det var berre så vidt eg ikkje sov.

Eg såg at Marit sat ute på benken , så eg var opp og prata med henne, vi har no vore ifrå kvarandre nokre dagar. No skulle dei til å lage middag på grillen ute. Kvar dag tenker eg på at neste dag skal eg køyre hit og dit for å gå tur, men det blir aldri noko av det. Eg har ikkje vore bort til Hovdevatnet ein gong sidan Nils var med. Eg må ta meg sammen, det er mange som går tur åleine.

lørdag, april 16, 2022

Dagbok 2022: 16.april: Påskeaftan




Klokka er no17.30, temperaturen ute er + 14 grader og vi har hatt enda ein nydeleg dag, sola skin framleis ,men det er ikkje heilt klårt. Marit er komen heim frå hytta, så no har eg ikkje lenger ansvar for Lollo.

Sjølv om det er laurdag i dag har eg tatt fredagsvasken, det er no ikkje så mykje arbeid. Fekk melding frå Ingeborg om at dei ville komme på besøk. Eg tok ein tur ned på Amfi for å sjå om eg fann noko godt hos bakaren, men der var manko på både det eine og det andre og heile kjøpesenteret var fullt av folk, eg kjøpte litt gjærbakst, men resten handla eg på Kiwi. Eg såg etter blomster til grava, men dei hadde ikkje anna att enn stemors som ikkje var komne i blomst.

Ingeborg, Daniel og Amanda kom gåande, dei er hos Lars i Ørsta no. Heldigvis hadde eg restar av gulrotkake, det slår aldri feil.

Då dei hadde fare igjen, tok eg turen fram på grava for å ordne litt. I dag hadde eg hugsa alt eg skulle ha med meg- berre mobilen låg att heime, så eg fekk ikkje tatt bilde. Men eg planta påskeliljene som var der og så hadde eg tatt med dei to pottene med blå blomster(perleblomster trur eg dei heiter) som eg har fått av Solveig, planta ei på kvar side av påskliljene og ordna til. Det vart ganske fint. Men plata og steinen hadde behov for litt vask og vatnet var ikkje påkobla. Eg likar å tru at eg er oppfinnsom i slike høve, og i dag fann eg klattar med våt snø rundtomkring som eg brukte til "vaskeklut"- Håper det ser bra ut etter at snøen er smelta.

Apropos smelta snø så har eg bearbeida resten av snøen på tunet slik at den smeltar fort- viss det ikkje blir altfor nattekaldt.

Eg har ikkje sett TV i dag, så eg veit ikkje siste nytt om krigen, det er nesten som eg ikkje orkar å sjå meir på all elendigheita. Det må vere frustrerande for folk i Ukraina at  dei ikkje får hjelp med sjølve Krigen.

Eg hugsar eit år rett etter krigen at vi fekk "svenskepakke". Der følgde med eit kort der det stod GLAD PÅSK, eg var sjokka over rettskrivinga. (Trur ikkje eg var begynt på skulen)

Så no vil eg verkeleg ønske alle ei GLAD PÅSK

fredag, april 15, 2022

Dagbok 2022: 15.april


Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 15 grader C og det har vore nydelig ver i heile dag. I dag har eg vore heime åleine heile dagen, men det har eg ikkje noko imot, for då kan eg gjere akkurat som eg vil. D
et er ikkje slik at eg ikkje vil ha besøk-misforstå meg rett.

Det var kaldt i dag morgon, og snøen som har lege langs husveggen og bort til trappa smelta ikkje i det heile tatt, for der er det nesten aldri sol.

Etter at eg hadde sett serien min og gudstenesta på TV gjekk eg ut og begynte å fjerne snø og is. Kakka sund isen og raka klumpane opp i sola. Dei klumpane er no heilt borte, men eg måtte iut ein tur og lage litt fleire, som ligg og smeltar no. Dette var dagens mosjon i staden for å gå tur på Vernet. I går vart eg litt låk i hoftene og ryggen, så eg tenkte eg kunne kvile litt i dag.

Sjølv om det er helgedag greier eg ikkje å sitte i ro så mykje, så eg har vaska og hengt ut eit par maskiner med klede, og rydda litt i huset. Fredagsvasken skal eg ta i morgon, men då må eg også på butikken, og så må eg fram og stelle i stand på grava.

I dag har eg laga spennande middag til meg sjølv.


Desse kjøpte eg ein gong dei var på sal. Dei var fullt etande, men det var inga kulinarisk oppleving. Det beste eg kan seie om desse bagettane er at dei var sprø og lette å bite i-altså ikkje seige- . Til dessert hadde eg frukt og krem som var att frå selskapet onsdag.

Etter middagen la eg meg ut på solsenga og sov. Eg hadde med meg ei bok, men den vart ikkje opna.

Så var eg ut att og laga fleire snø/is-klumpar og så vart det kaffi- Dette er så langt eg er komen i dag. Innimellom har eg strikka og høyrt nyheiter, som vanleg.

Eg passar Lollo , katten til Marit, men i morgon kveld kjem dei att, dei er på hytta til Janne og Even.

Solveig og Øystein som er i Bergen hos Olaug og Thomas, kjem vel også heim snart. Eg har ingen ting imot å vere heime åleine, men saknar Marit og fam. - litt rart at det er så mange vekke av naboane. Leigebuarane mine er heller ikkje her.

                                    Utsikt frå altanen akkurat no.

torsdag, april 14, 2022

Dagbok 2022: 14.april


Klokka er 15.45, temperaturen ute er+ 15 grader C og det er strålande sol. Eg stod opp relativt tidleg i dag, kan ikkje sove bort slike dagar.

Det vart strikking og TV til det leid ut på føremiddagen, då tok eg ein runde på Vernet 

Laga ikkje skikkeleg middag i dag, men åt litt restar som eg fann. Då fekk eg brått ein idé- eg måtte fare fram på gravplassen og sjå koreleis der såg ut. Der har no vore snø til denne til, men unntak av ein kort periode med vår, før vinteren kom att.

Eg køyrde fram og hadde med diverse, blant anna ein liten tust med påskeliljer som eg tok opp i eit bed. Der var ein del snø enno, men jorda var tina, så eg kunne ta opp dei to lyngplantane med rot og så heiv eg dei + julekransen i bosset der framme. Det lyset som går på batteri, ville ikkje lyse, men eg har fleire slike heime som eg kan ta fram. Viss veret held seg fint, kan eg fare fram påskeaftan og ordne der til.

Eg møtte ei gammal dame som heiter Sunni, eg kjenner henne frå pensjonistlaget, men eg kjenner også sonen og kona, og barnebarnet. Ho er opprinneleg få Stadlandet ein plass. Mannen hennar døde for ei tid sidan, han var senil i mange år før det. Ho var så glad for at eg prata litt med henne, for ho er mykje åleine, sa ho. Det er sikkert mange som veit kven ho er når eg seier at sonen heiter Jostein.

Ho kunne fortelje at Borgny  Sporsheim fyller 100 år om nokre dagar, ho er heilt åndsfrisk og syng som ein engel. Eg hadde yngste dottera hennar som elev første gongen eg hadde 1.klasse. så eg har kjent henne lenge.

Eg kan ikkje sette meg til inne og strikke i dette veret, eg ha prøvd å gjere noko med snøen, den som ligg heilt ned til trappa er kjempehard, men eg fekk i alle fall kosta siste snøen frå altanen. Elles kan eg ikkje jobbe så mykje ute når det er helg. Hadde det ikkje vore for at eg er litt låk både i rygg og føter, så kunne eg no ha gått ein lengre tur. Eg kan no i alle fall gå ut og ta nokre bilde til å pynte opp bloggen med.

Jordbæråkeren ser skrøpeleg ut, men eg får prøve å få den i orden i år også, den andre åkeren hadde eg tenkt til poteter i fjor, men fekk ikkje tak i settepoterer. Eg treng ikkje å dyrke poteter, men det er så kjekt å ta dei opp..

                                   Her sat Lollo i dag tidleg.




onsdag, april 13, 2022

Dagbok 2022: 13.april

 


                                               Akkurat no kl 19.30

  Klokka er no19.05, temperaturen ute er + 9   grader, det er lettskya og sol, ein nydeleg dag.. PÅ føremiddagen laga eg ei kake og så var eg på butikken og handla aldri så lite. Slappa av og kledde meg om til klokka nærma seg 15, då køyrde eg ned til restauranten der vi hadde avtalt å ete pizza i dag, før vi skulle drikke kaffi i Starevegen . Vi var 13 til bords, inklusive Amund på 2 år. Det var berre det aberet at dei ikkje serverte pizza der no lenger. Men vi fekk annan god mat; to ulike kjøttretter i små skåler så vi kunne forsyne oss av. Det var i grunnen betre enn pizza og når vi fekk maten i skåler kunne alle få så mykje eller lite dei ville. Det vart annleis enn tenkt, men i grunnen litt meir spennande. 

Etterpå for vi opp i Starevegen der det blei konsummert ein det kake, kaffi og Cola. Berre Olaug og Eirik av barnebarna var fråverande, Olaug har tannlegevakt i Bergen, Eirik skriv oppgåve i Trondheim. Men Amanda hadde med seg kjæresten sin og Erlend sin. KJæresten til Ingeborg kjem i morgon, så kanskje han kjem hit ein tur også -  ein eller annan dag, No har eg heile kvelden for meg til å strikke og sjå TV. Eg blir berre så oppgitt over at verdenssamfunnet finn seg i at Putin driv og drep og øydelegg i Ukraina. Eg skulle sikkert ha gått ein tur i dag/kveld også, men eg er altfor mett.

Ønsker alle ei fin påskehelg! Det ser ut til at vêret kan bli bra, slik t det går an å komme seg ut ein tur

tirsdag, april 12, 2022

Dagbok 2022: 12.april

Det er ikkje så mykje vatn i elva no



 Klokka er no 16.42, og temperaturen er herlige 12 grader. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, og jammen er eg glad eg hadde gløymt å ha på meg strikkajakka under boblejakka. Sola er ikkje heilt gjennom skylaget enno, men det nærmar seg.

I dag før middag laga eg eit par kaker, og så vaska eg opp både i maskin og med hand. Så vart det pause med strikketøy og TV, før eg tok meg ein matbit.

Anne Marie , søstera til Nils, fyller 87 år i dag. Ho bur på ei øy, mykje av tida heilt åleine, men ho var i fin form og i godt humør, då eg ringde og gratulerte henne med dagen. ho skulle feire den åleine, sa ho, men det kan no fort skje at det kjem ein kvan. 

No veit eg ikkje kva eg skal gjere resten av dagen, det er no fristande å rydde opp litt ute, men det er ein god del snø enno. Den som ligg i skyggen ovafor huset tinar seint.

I morgon skal vi liksom feire bursdagen min, på etterskot, vi kan no feire både 80-81 0g 82 på same tid, for det har vore lite feiring siste åra. Eg hugsar kva mamma sa då ho fylte 80. "No trur eg at eg vil feire alle bursdagane  mine framover. Eg tenker litt slik sjølv,  eg vil ikkje feire at eg blir gammal, men eg vil feire kvart år eg får heretter. "J´ aime la vie" var det ein grand prix-song som heitte - og det kan eg seie (på norsk)også.

Eg likar veldig godt garnet eg fekk av Solveig, det er så mjukt og godt å strikke av, så det er fristande å bli sittande altfor lenge, men eg begrenser strikkinga til TV-tid. Prøver i alle fall.



mandag, april 11, 2022

Dagbok 2022: 11.april


 Klokka er no 17.00, og det er + 7 grader ute. Litt nedbør i dag, men no er det mest opplett. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, prøver å få litt frisk luft og mosjon kvar dag, men i dag hadde eg begynt å gå nedover før eg hugsa å ta bilde.

Eg begynte arbeidsdagen med å moke litt snø, slik at eg skulle få ut bilen-men ikkje meir. Eg var ned på KIWI ein tur og handla inn til familieselskapet som eg skal ha her på onsdag. Eg laga berre ei kake i dag, men det blir vel laga litt meir i morgon. Eg skal syte for at her er nok. Vi skal på restaurant og ete pizza først. Slik gjorde vi det for 4 år sidan også, då var det Rasmus som ordna ut. I dag søkte eg litt hjelp frå "Casa Margarita".

Elles har eg begynt å strikke på genseren som eg fekk garn og mønster til av Solveig i fødselsdagpresang. Eg er ferdig med brotet og har begynt på ei mønsterbord. Eg likar å strikke mens eg ser TV-så då er det bra å strikke ein lang bol utan mønster, nesten.

Det er ikkje så mykje å skrive om når eg går her heime og vasar åleine, men det er no eit livsteikn. Det er mange i familien som fyller år i disse dagar, den neste no er Eirik-han blir 25. Det er lite truleg at han kjem heim for han driv og skriv oppgåver - Han studerer musikk enno. No skal eg strikke ei stund igjen-og høyre på dei grusomme nyheitene. Det er ikkje kjekt, men eg føler at eg vil vite kva som skjer.


søndag, april 10, 2022

Dagbok 2022: 10.april

 

                                     Akkurat no klokka 17.24

Klokka er no 17.25 og temperaturen ute er+ 6 grader, noko som gjer at litt av snøen smeltar. Eg har vore veldig lat i dag, men viss veret held seg opplett ei stund til, må eg prøve å få mosjonert litt.

Etter frokosten i dag, sette eg meg til å sjå nyheiter, strikketøyet kom fram og eg fullførte eit lestepar. Så såg eg ei fin gudsteneste på TV, med song og dans og barnedåp. Litt etter skulle det vere konsert med Bjørn Eidsvåg, og då kom Marit ned. Eg hadde sagt at ho måtte komme og prate litt for ho er også åleine i helga, dei unge er på hytta. Marit og eg drakk kaffi og åt is og såg delvis resten av konserten.

Etter at Marit hadde gått opp att åt eg middag, det var restar av Tacoen som eg hadde fredag. Så fann eg ut at eg ville sjå heile konserten til Bjørn Eidsvåg om att. Då den var slutt oppdaga eg at det var ein gammal konsert som eg hadde sett før. Men det gjer no ingen ting.

Eg har ikkje lagt opp nytt strikketøy, men eg skal strikke ein genser til -til meg sjølv, eg fekk garn og oppskrift av Solveig i bursdagspresang. Eg er berre litt i tvil om kva storleik eg skal strikke.

Når det lid ut i veka skar eg prøve å samle barn og barnebarn til eit lite påsketreff-ikkje alle barnebarna kjem heim til påske, det er aldri heilt enkelt å få alle med, men det får vi ta som det kjem. I morgon får eg prøve å bake litt, det var så mykje anna styr rett før påske at det vart ikkje gjort så mykje i huset.

 No vil eg ønske alle blogglesarane ei fin påske, håper på opplett og fint ver ,men på PC-skjermen min står det: REGN OG SNØ.

 Men i alle fall vil eg seie : GOD PÅSKE (uansett)



Det vart ein liten luftetur på Vernet i dag også

lørdag, april 09, 2022

Dagbok 2022: 9.april



Klokka er no 18.40. Temperaturen ute er + 2 grader og vi har hatt både regn og snø og hagl i dag-
På føremiddagen var eg ein liten tur på butikken før eg gjorde meg klar til å reise i bursdagsselskap på Hareid. Håkon henta meg, og køyrde meg heim att etter selskapet
Det vi feira i dag var 2-årsdagen til oldebarnet Amund; han var sjuk på sjølve dagen, den 5.april, så selskapet vart utsett til i dag. Dei som møtte fram var alle besteforelda, dei tre  oldeforeldra som er still going strong og dei to Onklane på Hareid.
Solveig hadde laga god kjøttsuppe til middag, og så var det fleire som hadde med kaffimat, i tillegg til Solveig sine kaker og karamellpudding. Jubilanten var heilt i hundrede det meste av tida, særleg var det kjekt å leike med ballongane, som av og til sprakk med høge smell. Så det gjekk ikkje heilt stilt føre seg. 
Eg fekk bursdagsgåver både med Solveig og Audun, med Einar hadde eg fått før. Solveig hadde kjøpt garn og mønster til ein genser som eg skal strikke sjølv-
Eg har tenkt å samle familien min ein gong ipåska, så spørs det om vi finn ein dag som passar for alle.


















 

fredag, april 08, 2022

Dagbok 2022: 8.april

 


.

Buketten som eg fekk av Einar står like fin enno. Eg har sett den kaldt om nettene

No er klokka 16.50. Temperaturen ute er + 7 grader og i dag har det snødd veldig lite, no kjem sola fram også, så det er håp om vår. I dag har eg halde meg heime-og inne. I går kveld begynte det å tikke inn meldingar frå BRING, om at no var dei på veg og neste kunde var eg osb. Eg hadde avtale om at dei skulle komme fredag mellom 9 og 15, men i ettertid forstår eg at dette var slike meldingar som dei sender ut i hytt og vêr. 

I dag morgon stod eg opp i god tid, men dei kom ikkje før klokka 10.30 og då var eg ferdig med fredagsvasken. Dei var to menn som kom , ein kvit og ein svart, og eg fekk påtale fordi den gamle komfyren skulle eigentleg stå oppe ved vegen. Eg brydde meg ikkje om det, men dei var ikkje verre enn at dei tok gamlekomfyren med.

Helge kom etter arbeidstid og no har vi fått på plass komfyren og sjekka at alt er i orden. Eg bar vekk innpakninga og rydda opp etter oss. Både Ingrid og Matias har reist heim til foreldra sine i helga. Helge fortalde at han hadde jobba med i lage komfyrar ein gong i tida. Eg vil no betale han skikkeleg , men han vil ikkje ha så mykje. Eg er berre så glad for å ha han å mase på, for skulle eg ha leigt eit "firma" hadde det blitt dyrt, for det er mykje eg ikkje greier sjøv. Eg såg at der skulle ha vore ei plate på veggen bak komfyren, eg får sjå kva ein kan finne på.

Elles har eg halde meg heime i dag, sidan eg ikkje visste kva tid Helge kom. Eg såg litt TV og så laga eg med Taco til middag, fekk plutseleg lyst på det. Eg har vaska to maskiner med klede i dag, og tørkar på altanen og i kjellaren-det går heilt fint.

Eg skulle vel ha gått ein liten tur før eg set meg til med TV og strikketøy. Eg hadde strikka to lestebrot for å ha noko å henge fingrane i og i går kjøpte eg litt garn på Europris såpass eg får eit lestepar.

I morgon blir det vel at eg fer til Hareid og feirar 2-årsdagen til Amund litt på etterskot.

Det er meldt mykje snø, men her har ikkje kome så mange flukser at det gjer noko -enno, og så er det mildare, så mykje smeltar etter kvart. Eg skulle i grunnen hatt ein tur på butikken i kveld , men trur ikkje eg gidder.

I alle fall vil eg ønske alle ei god helg. Søndag er det Palmesøndag -og no er det mange som har fått påskeferie.

I dag har Mimi bursdag, alle svigerinnene mine har fødselsdag i april, svigerdattera også.

torsdag, april 07, 2022

Dagbok 2020: 7.april

Klokka er no 17.38 og temperaturen ute er + 6 grader. Sola skin frå klår himmel og det har ho gjort i heile dag.Bildet over tok eg då vi skulle på trening i dag ca.9.40.Som de ser var halve tunet bert og tørt, men ned mot garasjen var det ca.30 cm med snø.

I dag var det siste treningsdagen før påske, så no har vi fått ferie. Etter treninga hadde både Marit og eg ærend på apoteket, så vi køyrde ned til ALTI. Etter at vi hadde handla(Eg var innom Europris også) kjøpte vi oss kake og kaffi på kaféen under trappa. Vi fall for freistinga og kjøpte ostekake, same sort som Margrete og eg kjøpe då vi var på byen i lag. Og stykka var like store i dag. 

Då vi kom heim att begynte eg å moke tunet, dvs. eg tok snøen på brettet og køyrde den opp i sola, der den fekk ligge å smelte. Noko av snøen hamna oppe på asfalten og det var no det beste av alt. Eg prøvekøyrde bilen etter ei stund, og det gjekk bra-men der er mykje snø att. Eg såg litt etter blomstrane mine. Nedom garasjen er eit bed som blir tidleg bert, der var det mykje påskeliljer. Eg hadde så mykje av den sorten i fjor, både heime og på grava, og alle løkane grov eg ned i beda her. Det ser ut til at der er liv i eine potterosa som eg planta ut også, men kattane er fæle til å rote i beddet.




Då klokka var ca 15 gjekk eg inn og skulle ha meg "middag". Særleg middagsmat vart det ikkje i dag, men ei skive med kjøttpålegg og kjeks med ost fekk vere greitt no. Slappa av ei lita stund med TV og spøt, før eg tok ein runde på Fonnvernet i dag. Vêret var nydelig, men det var kald vind der oppe. Eg prøvde å vere mest muleg ute i dag, sidan eg heldt meg inne i finevêret i går. Men eg er veldig glad for at eg endeleg fekk rensa teppa.




All snøen som eg flytta på er ikkje smelta enno, enda er raka i den til og med. 

I morgon skal dei komme med komfyren som vi skal ha i kjellaren; eg fekk melding om at dei kjem mellom kl.9 og 15. Så spørs det kor lenge eg må gå her og vente. Helge skal komme og innstallere, så alt er godt førebudd.


 

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...