fredag, januar 30, 2009

Fråkopla i dag.




No er eg endelig online igjen etter å ha vore utan Internett i heile dag. Steffen leigebuar kom opp i kveld, også han hadde problem. Det blei til at vi måtte ringe Kongsberg, og no er alt i orden igjen.
I dag skein sola på dei nypussa vindua våre, som vi trudde var så fine...........................I går vaska eg den andre tredelen av stoveveggene, så no er det ikkje så mykje att før eg er ferdig. I dag hadde vi planer om ei lita handlerunde, men så blei vi så sløve, så det vart ikkje. Ikkje noko særleg vart gjort her heime heller.
På Kongsberg er det meir vinter enn her for tida, så eg set inn nokre bilde eg har fått frå Rasmus. Det ser ut for at E. kosar seg i snøen!
For dei som ikkje er kjende i Sandsværveien, kan eg opplyse at det er Rasmus og fam. som eig den kvite og blå garasjen. Den har same fargane som huset deira. Det raude huset bak E. er naboen sitt.

onsdag, januar 28, 2009

Bok nr.6.

Sidan eg ikkje kan strikke, blir det relativt mykje lesing for tida. No har eg lese enda ei krim-bok,også denne på berre 6 CD-ar.Eg har lese dei fleste av Jo Nesbø sine bøker, og er ikkje like begeistra for alle. Denne boka er heilt annleis enn dei andre. Meir elegant i forma og med ein sarkastisk undertone, noko som eg er svak for.(Det kan vere opplesaren som tolkar den slik!) For min del fungerer deler av boka som ein parodi på sjangeren. "Grisete" og brutale scener finn vi denne boka også, som i andre Nesbøbøker.
Eg vil ikkje skrive så mykje om bøkene eg les, andre må lese dei bøkene dei vil, og meine det dei vil.
Men kjem eg frampå ei bok som eg blir skikkelig begeistra for, lovar eg å seie ifrå.

tirsdag, januar 27, 2009

Våronn i Starevegen.


I går fekk eg nyss om at ein av naboane hadde begynt å rydde i hagen.Då fekk eg ei kjensle av at våren nærmar seg, og i dag tok vi til med våronn INNE.Vi har ikkje måla dei trekvite furuveggene våre slik som moten er no. Eg likar å ha dei slik som dei er. Så vaskar eg dei med Faxe-såpe for å halde dei lyse, men slår litt grønsåpe i vatnet for lukta si skuld.Sidan forma ikkje er som før, tek eg stova i etappar, så i dag vart denne kroken ferdig.Mest arbeid var det med bokhylla som vart tømt, teken fram, og vaska. Veggen bak vart også reingjort. Dette gjekk bra with a little help from my friend.
Ser at mange blir inspirert av innlegg om mat og handarbeid.Kanskje nokon får lyst å vaske no? Eller kanskje ikkje?

søndag, januar 25, 2009

Bok nr.5.

No har eg lese ferdig enda ei bok, også denne ein slags krim, men veldig original. Boka vert lesen i ein slags humoristisk/sarkastisk stil og det trur eg er rett.Helten, Fredrik, er ein slags McGyver-type som alltid finn ein utveg i dei håplause situasjonane han hamnar i.
I tillegg til krim-gåta får vi undervisning i tilverking av vin og blir kjende med mangfoldige franske vinmerke -kanskje noko for vinklubben i Kilsfjorden? Sidan Fredrik har dechiffrering av urspråk som hobby,får vi også eit innblikk i den minoiske kulturen på Kreta.Så dette er altså ei "lærerik" bok !
Eg har ikkje skrive noko om treffet på Hareid i går, så der får de ty til innlegga frå Solveig og Margrete.Eg hadde kamera med meg, men det var liksom nok knipsing.Ein koselig dag hadde vi i alle fall.

torsdag, januar 22, 2009

Bok nummer 4.

Dette er bok nr.9 om inspektør Erik Winter. Men kvar vart det av den unge, litt snobbete dandyen som shoppa i London og lytta til jazz? Når eg her møter att W. etter 15 år, er han ein halvsur og halvgammal mann med kone og to barn som han nesten ikkje har tid til. Sjølve historia er bygd opp av puslespel-bitar som til slutt skal danne eit heilt bilde.Men funkar det? Neppe. Boka blir langdryg og tildels ganske kjedelig. Eg likar langsomme bøker, men det er ei grense.
No lurer eg likevel på kva som har skjedd i dei 7 bøkene som ligg mellom dei to eg har lese.................
Under lesinga begynte det å demre for meg at det har gått ein svensk serie på TV som heitte Winter som eg ikkje gad å sjå.

Til lykke med dagen!

I dag fyller Astrid 89 år; ho har oppnådd ein høg alder.
Gjennom dei mange og førti åra vi har kjent henne, har vi lært å sette pris på henne for det hjertevarme mennesket ho er.Mamma var også veldig glad i Astrid, og her sit dei to saman på mamma sin 85 -årsdag i 1989.
Vi gratulerer med dagen!

mandag, januar 19, 2009

Sola er tilbake.


Her vi bur gøymer sola seg bak fjellet Mels-hornet nokre veker midt på vinteren, men i dag kom ho tilbake.At ho avslører skitne vindu og anna snusk, får vi prøve å oversjå og heller glede oss over strålane.Kanskje får vi meir arbeidslyst også?

Vil nytte høvet å gratulere Øyvind på Eid med dagen i dag!

søndag, januar 18, 2009

Håkon 15 år i dag.




I dag
gratu-lerer vi Håkon så mykje med 15 -årsdagen!
Når eg ser ut glaset i dag, minner det ikkje mykje om den kalde, snøfulle dagen han kom til verda.
Kjem i hug kva tanta sa ein gong, då eg meinte at 15 år ikkje var noko langt tidsrom. "Det er jo eit heilt liv!"meinte ho, som då var 15.
Håkon har heile tida vore ein sprek og oppvakt gut.Han begynte å springe rundt då han var 9mnd. og sidan har han sprunge fortare og fortare.Elles har han vore interessert både i fugl og fisk.Klassisk innan familien er ein situasjon då mormora syner han bilde på kakeboksen og spør:"Ser du pip-pipen?Håkon?"
Og han svarar:"Eke pip-pip,de e ei båmeis ".
Han har vore med morfaren på mange fisketurar,både med og utan fangst,men i seinare tid har vel fotballen teke mer og meir tid.Og midt oppi det heile passar han skulearbeidet sitt.
Gratulerer så mykje med dagen, Håkon! Og så kjem vi utover og feirar deg neste helg.
Bilda er frå sommaren 1994 og frå sist jul.

lørdag, januar 17, 2009

Vadvottar 3

No har fiskaren endelig fått seg vottar som han er fornøgd med. Eg har strikka dei, og han har tova dei med hand.Som de ser er dei grøne. Altfor seint kom eg på at venstrevotten skulle ha vore raud, slik at dei kunne vere til hjelp om han kom i tvil om styrbord og babord.Men det hadde neppe vore til særleg hjelp for HAN?

fredag, januar 16, 2009

Bok nummer 3- også den med venger

Dette er den første boka eg har lese av denne forfattaren, men eg har også nummer ni liggande. Denne boka skil seg frå dei fleste krim-/politiromanar eg har lese før.For meg vart den litt for langdryg og utan klart fokus.Det vart så mykje avbrot i handlinga i form av mat, drikke, sigarar, shopping,fuglesong og eg veit ikkje kva.Her er i grunnen lite handling, men mykje tankearbeid og refleksjon.Då eg googla den, fekk eg sjå at den har fått prisar og at den har blitt filma.
Problemet er ofte at eg les bøkene i korte stunder, dei blir betre om ein kan lese i lengre frekvensar.Handlinga går føre seg i Gøteborg og London, og Londondelen innheld mange gode shoppingtips-for menn.
PS: Etter at eg hadde blogga denne boka, oppdaga eg at CD nr.8 mangla.Etter intens leiting fann eg den på badet.Den plata hadde eg ikkje lese! No har eg lese den,og mykje fall på plass.Det var ei særs viktig plate.No skal eg begynne på ei anna bok i samme serien.

onsdag, januar 14, 2009

Unnskyld, Knut!











Men eg vart ein dag for sein! I går hadde eg ikkje det minste lyst å "kaste ut jula",men i dag, då vi hadde nesten sol, kom ånda over meg, og no er nesten alt som minner om jul vekke.
Eg har ei bok om gamle merkedagar og skikkar som eg har fått med Øystein, den tek eg fram og les i somme tider. Som de ser er det ei litt annleis historie her enn den som Strikkemor(o) har funne om Tjuandedags-Knut.
Etter oppryddinga var eg på kaffibar i lag med to veninner som framleis er yrkesaktive,men som var fri i dag.
Nils var beden til pensjonistkaffi på den gamle arbeidsplassen sin.
Elles vil vi gratulere Roar Jarle med dagen . Han fyller 41 år i dag










søndag, januar 11, 2009

Bok nummer to- 2009

Denne boka av Tove Nilsen har eg lese relativt fort. Den var lettlesen og talde berre 7 CD-ar. Det er to forteljestemmer i boka, Elisabeth og Henry. Forfattaren les begge rollene sjølv, og ho er flink å lese. Likevel ville eg likt betre at ein mann hadde gitt stemma til Henry.Elles kan de sjølve lese om boka ved å klikke på bildet. For dei som kjenner Tove Nilsen frå før er denne boka som dei andre ho har skrive. Ho er velformulert og reflektert. Ei bok som passar betre for kvinner enn for menn vil eg tru.

fredag, januar 09, 2009

Oppskrift.

Eg kan ikkje å legge inn lenker(linkar) derfor legg eg inn oppskrifta direkte på bloggen i tilfelle nokon vil prøve seg.


Sjekk strømpene mine!

Dette bilde er teke på altanen i 2.etasje på det gamle apotek-bygget, men utsikt til Almenningen.Trur det må vere frå tida rett etter krigen. Onkel Per var i alle fall apotekar på den tida, og dei budde i leilegheita som følgde med. Frå venstre ser vi Svein, meg, Ellen-Marie og John-Per.
Sistnemnde har forresten fødselsdag i dag, og fyller 66 år. Vi gratulerer med dagen!

Vadvottar ?

I dag var eg inn på ein garnbutikk som har spesialisert seg på Rauma-garn. Tilfeldigvis er det ho som Nils leiger hamn med som driv butikken.Ho hadde ikkje akkurat den oppskrifta som eg var på jakt etter, men eg kjøpte dette heftet med oppskrifter på alle slags strømper og vottar. Også tova vottar. Så no skal eg prøve meg på eit par i vamsegarn. Ho hadde strikka dei med godt resultat, men tova på berre 40 grader. Skal strikke ferdig noko anna før eg set i gang, så det blir ei stund før resultatet vil kome på bloggen.

torsdag, januar 08, 2009

Bok nummer 1 i 2009

Heilt sidan boka Vindens skygge gikk sin seiersgang verda over, har ein venta på forfattaren si neste bok.No har eg lese den - som lydbok, sjølvsagt.Forfattaren skildrar i bøkene sine alle slags gamle hus og labyrintar,og sjølve teksten minner om desse labyrintane.Det gjer det lett å gå seg vill.Det gjorde i alle fall eg. Det er vanskelig å halde styr på alle personane, mellom anna fordi dei spanske namna ofte er nokså vanskelige å halde frå kvarandre når ein ikkje får sjå dei på trykk. Eg må kanskje lese boka ein gong til, slik eg gjorde med Vindens skygge.
Eg vil ikkje uttale meg så mykje om boka, les heller kritikkar på nettet. Men eg vil berre seie til alle som vel å lese lydbøker at Ivar Nørve gjer ein framifrå jobb med å formidle denne teksten.

onsdag, januar 07, 2009

Fråkopla verda.

I går morgon datt Internett ut, og kom ikkje att før vi la oss. Vi følte oss heilt isolert, og eg såg for meg alle mailar og blogginnlegg som eg ikkje fekk opna. Stor spenning då eg sette på i dag, men ingen ting hadde skjedd over natta. Då kontakta eg naboen som også har Telenorabonnement, men der var alt i orden. Han foreslo å kople av og på "boksen" som formidlar breibandkontakt til leigebuaren, og då vart alt i orden! Så no er eg online igjen.Takk og pris!
Telefonen derimot virka. I går ringde dei før vi var oppe, og skulle selje brannvarslarar. Dessverre var det ikkje EG som tok telefonen.Ikkje mykje hjelp i å reservere seg!

tirsdag, januar 06, 2009

Fiskeskøyta Lilly.

Året er 1955 og båten tek inn sild utanfor Florø. For dei som ser ekstra godt er det mulig å finne Nils.
Det var ikkje vanleg å fiske sild på dagtid, men dette var eitt av dei store sildeåra, så det vart fiska døgnet rundt.Denne gongen vart det full last.Alle ombord hadde heimestrikka vadvottar(sjyvottar).


søndag, januar 04, 2009

Vadvottar

Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskrift, men ikkje funne noko eg er fornøgd med.No vonar eg at nokon som veit kva det er snakk om kan hjelpe meg.Fekk ei påminning då Margrete skreiv at ho ville kjøpe seg nye vottar. I eit naturprogram på TV sa dei at det beste ein kunne ha på hendene i snø og kulde var tova ullvottar.
Tova ullvottar er det mange oppskrifter på, men eg er ute etter EKTE VADVOTTAR.

torsdag, januar 01, 2009

Stjernegut på Kongsberg.


Klokka tolv nyttårsafta samlast dei næraste naboane på vegen ovafor huset vårt og somme skyt opp rakettar. Så også i år. Og for ein gongs skuld var nesten alle til stades. I seinare år har det vorte vanleg å reise til barn og barnebarn i jule-og nyttårshelga, men i år var alle heime. Og friske. Som regel går det diverse sykjer rundt juletid, men ikkje i år.Sidan eg ikkje har bilde frå feiringa, set eg inn eit bilde av den eine av gutane på Kongsberg i staden. Minstemann var vel somna.
Godt nytt år til alle!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...