fredag, januar 16, 2009

Bok nummer 3- også den med venger

Dette er den første boka eg har lese av denne forfattaren, men eg har også nummer ni liggande. Denne boka skil seg frå dei fleste krim-/politiromanar eg har lese før.For meg vart den litt for langdryg og utan klart fokus.Det vart så mykje avbrot i handlinga i form av mat, drikke, sigarar, shopping,fuglesong og eg veit ikkje kva.Her er i grunnen lite handling, men mykje tankearbeid og refleksjon.Då eg googla den, fekk eg sjå at den har fått prisar og at den har blitt filma.
Problemet er ofte at eg les bøkene i korte stunder, dei blir betre om ein kan lese i lengre frekvensar.Handlinga går føre seg i Gøteborg og London, og Londondelen innheld mange gode shoppingtips-for menn.
PS: Etter at eg hadde blogga denne boka, oppdaga eg at CD nr.8 mangla.Etter intens leiting fann eg den på badet.Den plata hadde eg ikkje lese! No har eg lese den,og mykje fall på plass.Det var ei særs viktig plate.No skal eg begynne på ei anna bok i samme serien.

2 kommentarer:

solveig sa...

Forfattaren - og boka- er heilt ukjent for meg.

Besta sa...

Heilt ukjend for meg også! Det kom i grunnen ikkje fram i kritikken min at boka er god-men meir som bok enn som krim, om du forstår.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...