mandag, juli 31, 2017

Dagbok 2017: 31.juli

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er +11 grader C, og no er også juli månad blitt historie. Dessverre går det mot haust. Eg trøstar meg med at august ofte er en finaste månaden, og september kan også bli bra. I alle fall slepp eg å begynne på jobb  midt i august, som så mange andre i familien.
I dag var Nils i god form heilt frå morgonen av, og vi har hatt ein god dag.
Den som ikkje sov godt sist natt var eg, men det er ikkje så farleg, eg tok meg ein liten blund i godstolen då det leid på dag.
Eigentleg hadde eg tenkt å jobbe litt ute i dag, men måtte slå det frå meg på grunn av regn. I staden tok eg og vaska og rydda heile kjøleskapet  både kjøle-og fryse-delen. Det er slikt arbeid som eg ikkje likar så godt, men så er det veldig kjekt når det er gjort. Elles så gjekk eg no her og smårydda , som vanleg, og såg litt TV i lag med Nils.
Mens vi var midt i "Kakekrigen" kom Anne Elise på besøk, og det var veldig kjekt, for ho veit litt om kva som rører seg i nabolaget og i bygda-eg kjem ikkje stort lenger enn det Nils gjer. Etter at ho gjekk heim, kom Nabo-Solveig og spurde om vi ville ha makrell. Ho og Gudmund hadde vore og fiska på kaia på Vartdal. Eg var bort og henta middagsmat til i morgon -og Gudmund fileterte fort og greitt. Det er litt bakvendt at vi skal ta imot fisk, sidan Nils i mange år har fiska både til oss sjølv og andre. Flink å filetere har han alltid vore, men no har han problem med det. Men det meste ordnar seg med hjelp frå familie og naboar.
No er det opplett ute, men det er ikkje lenger lummert, slik det har vore siste dagane. I løpet av veka kjem dei fleste familiemedlemmane heim frå ferie, og har sikkert mykje å fortelje.
Einar reiste vel til Oslo i dag, om eg ikkje tek feil, og skal referere frå Norway Cup. Det er Sunnmørsposten som er oppdragsgivar.

søndag, juli 30, 2017

Dagbok 2017: 30.juli



Klokka er snart 19.30, temperaturen ute er + 21 grader C, men det kjennest varmt ut, for det er så stilt. Det har vore ganske fint vêr i heile dag, finast mot kveld. Det har vore lettskya og sol innimellom-temperaturen har vore oppe i + 25 grader C.

Vi har prøvd å gå ned frå tre til to tablettar med prednisolon,  vi har prøvd mange gonger før, men det går ikkje bra. Nils var ikkje i form i dag tidleg, men etter at han hadde fått tablettar og sove litt kom han seg såpass han fekk dusje og barbere seg. Matlysta var laber, så vi bestemte oss for å utsette middagen til Audun skulle komme innover i 16-tida.
Eg veit ikkje så godt kva Audun likar, men rekna med at han liknar litt på Einar, så eg laga kjøttkaker og svinesteik-til tre. Trur maten fall i smak. Is og kaffi til dessert. Einar var på jobb så han fekk ikkje delta, Audun skal reise med bussen frå Ulsteinvik klokka 21. Han skal tilbake til Oslo
Dagen har gått fort, slik alle dagar gjer, og Nils har sett ein del på fotball. .Eg har for det meste styrt med diverse husarbeid. I dag har eg ikkje hatt vondt nokon stad, og det endatil eg styrte voldsomt på i går. Det er nok vêravhengig gikt eg er utsett for. No må eg sjå ut om eg finn nokre fine blomster å ta bilde av. Og så kan eg kanskje prøve å strikke litt igjen.

Vil du ha humler i hagen, så plant lavendel.

Leonardo da Vinci-rosene er seine og små i år.

lørdag, juli 29, 2017

Dagbok 2017: 29.juli

Klokka er 20.00, temperaturen er + 18 grader C. I dag har det for det meste vore lettskya og litt sol, men ut på ettermiddagen kom det ei god regnbyge. No er det fint igjen.
Då eg vakna i går verkte eg overalt, så gale var det ikkje i dag, då var det berre eine armen som slo seg vrang, men no har eg låkt både her og der etter ein relativt aktiv dag. Det går vel over.
I dag har eg bytta på sengene, lufta sengetøy, vaska alle vaskbare golv, klipt graset på heile tomta, laga middag, vaska klede, hengt ut klede, tatt inn klede osb. Då eg var i mål med heile programmet, dusja eg og vaska håret.
I dag er det fredag for meg, laurdag var det i går; dette med vekedagane får eg aldri orden på.
Men eg veit at det er sundag i morgon.
Nils var ikkje heilt i form på føremiddagen, men no er han i orden, sjølv om foten og hofta plagar han.
Vi sat og skulle sjå på TV 2, men så kom eit program vi hadde sett før. Det er mykje repriser no sommars tida, men for slike som Nils betyr det veldig mykje å ha fjernsynet som selskap.
Den siste HBO-en har vore her, ho kom litt for tidleg i kveld, men det gjer ingen ting.
I dag har vi ikkje hatt besøk, men Audun snakka om at han ville komme ein tur i morgon.
Utover i veka dukkar vel dei fleste opp att etter å ha vore på ferietur.

fredag, juli 28, 2017

Dagbok 2017: 28.juli

Bringebær frå eigen hage.

Klokka er ca.19.40, temperaturen ute er + 18-19 grader C, det er lettskya og fint no, men før middag dreiv det og regna litt.
Eg hadde litt vondt i armane og skuldrane i går, og då eg stod opp i dag var det nesten krise; eg følte at eg verkte overalt. Eg såg at eg burde vaske og støvsuge til helga, men eg orka knapt tanken. Det er nokså ulikt meg, for å seie det slik. Eg fann ut at det beste eg kunne gjere var å gå meg skikkeleg varm, dessutan hadde eg ærend på apoteket. Det vart til at eg gjekk ned til Amfi og opp att, iført ullgenser og jakke. Det var varmt nok !Men eg tykte eg vart betre av "gikta".
Nils måtte klare seg heime åleine ei stund, men det gjekk bra. Då eg kom heim laga eg lettvint middag før vi sovna i kvar vår stol.
Fekk mobilmelding frå Bodil, dei var i Ørsta og ville ta seg ein tur oppom viss det passa. Klart det passa. Det er lenge sidan vi har sett kvarandre, men Bodil og eg brukar å oppdatere kvarandre på nettet. Som vanleg hadde vi tusen ting å snakke om, og blei vel ikkje heilt ferdige denne gongen heller.
Eg fekk altså ikkje "gjort" noko i dag, men det kjem vel ein dag i morgon også. Plenen nedanfor huset ser ikkje ut etter gjødslinga. blir nok lenge før der blir grønt igjen. Eg LIKAR å slå plen, men det bør vere tørt i graset.
Eg får problem i skuldrane når eg skriv på PC-en, så eg får vere kort i dag. Vi har det bra !
Ønsker alle ei fin helg.

Det er ikkje så lenge sidan denne vegen vart laga, det er ein gangveg frå hovudvegen til Amfi. Her var det buskar og kratt før-no ein fin, asfaltert gangveg med kvilebenkar.(Mobilbilde)

torsdag, juli 27, 2017

Dagbok 2017: 27.juli.



Kokka er18.45, temperaturen er + 17 grader no, men tidlegare var den oppe i 24 grader; då var det litt "lummert". No er det opplett, men det har nyss vore ei lita regnbyge.
I dag er det 55 år sidan vi gifta oss i Bergen. Nokon stor bryllaupsfest var det ikkje. Vi gjorde det enkelt, fordi far til Nils var alvorleg sjuk, og mora hadde det heller ikkje så bra. Far min døde året før, så det var liksom ikkje tid for fest. Ikkje var eg av dei som hadde så romantiske brudedraumar heller. Hadde eit slør, men det tok eg av meg når det leid på. Vi var til fotograf tidlegare på dag.
Den gongen var laks selskapskost, så middagen vart kald kokt laks med tilbehør. Gjestar var foreldre, søsken og forlovarar. Gifte vart vi i alle fall. I dag bestilte Nils laks til middag, det har blitt kvardagsmat etter kvart.
I går klaga eg over at skjora et opp jordbæra våre-ikkje har det vore så mykje av dei heller. Sidan det er eg som styrer med alt i hagen no, så blir ikkje alt som før og jordbæråkeren har fått lide. Men så ringde det på døra og der stod nabo-Solveig med to korger Valldal- jordbær og ein kartong med fløte ! Eg kunne berre takke og ta imot, men det er no så aldeles for gale. Eg reinska bæra, men sparte dei til ettermiddagskaffien. Dei var utruleg gode! Eg foreslo for Nils at ein annan gong kan vi kutte ut halve jordbæråkeren og sette poteter. Han meiner vi kan sette poteter i heile åkeren og heller kjøpe jordbær frå Valldalen.
Sidan Nils skal til Åse neste veke ville han klippe seg i dag. Vi spurde naboen om han kunne køyre Nils nedover i vår bil og hjelpe han inn til frisøren. Det ville ha. Eg blei også med, og fekk hamstre litt mat på Kiwi i Vik, som er i samme huset. Vi hadde ete middag først for å halde på rutinen. Sjåføren spurde om vi hadde andre ærend, og då kom Nils på at Rasmus hadde bestilt reim til klipparen på EIK-senteret, så vi stoppa der og eg var inn og henta reima. Det blei også ein tur fram på Mosflata til industriområdet der og ein tur fram til nyebrua. Den blir bygt tett attmed hengebrua, og skal avlaste Høgebrua. Så vi fekk oss ein tur ut i verda i dag.
Etter at eg hadde ete meg stappmett på jordbør, var eg ut og prøvde meg på hagearbeid, men det varte ikkje lenge før det både regna og bles. No har eg tatt på meg jakke for eg verker litt i armar, skuldrar, hender etc. Eg veit ikkje om det kjem av strikking, hagearbeid eller om det berre er gikt.
Eg har ikkje fått "gjort" så mykje i dag, men det har vore ein god dag uansett.
Og resten av bæra skal vi spare til i morgon!
I kveld skal vi sjå Lothepus i "Allsang på grensen". Kakekrigen har vi sett. Nils har mykje glede av fjernsynet ettersom han ikkje kjem seg så langt.Og somme program ser vi i lag.


.
Dette står i dagboka mi om dagen i dag:" Syvsoverdagen. Regn i dag betyr regn i hele sju uker fremover"  

onsdag, juli 26, 2017

Dagbok 2017: 26.juli

Klokka er 20.30, temperaturen er + 19 grader C og det kjem ein og annan drope frå himmelen. Eg kunne godt tenkt meg ei lita regnbyge som vætte gjødselen eg hadde utover i går. Elles har det vore lettskya og varmt i heile dag. Det var i alle fall + 25 grader om ikkje meir.
Før middag jobba eg med diverse, eg fekk gjort mykje inne, men ikkje alt viser like mykje att. Eg sa til Nils at i dag har eg sett begge hushjelpene mine i arbeid, den einstår og vaskar opp, den andre står i kjellaren og vaskar klede. Maskinene overtek dei keisame arbeidsoppgåvene i stor grad.
I dag skulle vi ha restemiddag, frysedelen av kjøleskapet på kjøkkenet bør lettast og helst tømmast. Men då Audun sende melding om at han ville komme innover, var eg litt lei meg for at eg ikkje hadde middag å servere, så ein annan gong vil eg ha beskjed i god tid, slik at han kan ete middag med oss.
Audun kom ikkje før klokka 16.30, då fekk han vaflar og kaffi.
I mellomtida hadde Nils lege på dagsenga og kvilt, mens eg sovna på solsenga ute, med lydbok på øyret. Mobilen har eg med meg ut, slik at Nils kan ringe viss det er noko spesielt. Den som ringde etter at eg hadde sove nokre få minutt, var ein mann som ville ha meg til å meine noko om dei ulike bankane. Eg var ikkje lang i praten , for å seie det slik. Er det ingen "telefonseljarar" som tenkjer på at det kanskje ikkje passar å ringe til folk i tide og utide ? Ein kan sjølvsagt la vere å ta telefonen, men sånn i halvsøvne er ein ikkje alltid så klårtenkt.
Ute har eg ikkje gjort så mykje i dag, eg har sjølvsagt fleire prosjekt på gang, men ikkje noko som hastar.
Nils har vore i bra form i dag også, det er berre den hofta som plagar han. Eg plukka ein stor porsjon med bringebær til han, noko han sette pris på.
På bildet over kan de sjå at det endeleg har komelitt blomster i bedet ved garasjen, det er i grunnen einaste skikkelege blomsterbedet vi har for tida. Julidagane går unna som varmt kveitebrød, og eg grøsser ved tanken på at det skal bli haust og vinter i samme farten.
Denne fuglen fann eg død på altanen i dag. Vi trudde først det var ei svartetrost- hoe, men så begynte vi å lure på om det kunne vere ein måltrost. Eg konsulerte Håkon, som er familiens fugleekspert, han meiner at anten er det måltrost eller så er det heipiplerke. Eg pakka den inn i ein serviett med fuglemotiv og grov den ned.


tirsdag, juli 25, 2017

Dagbok 2017: 25.juli



Desse bilda tok eg klokka 8.30 i dag, eg blei så glad for at det ikkje var verken skodde eller regn. Skodde hadde det nok vore tidlegare, men den var nesten borte då vi stod opp.

Dette bildet vart tatt nokså nøyaktig 12 timar seinare, men det har vore litt av kvart innimellom, både sol og regn.

Klokka er no ca 20.30. Temperaturen er + 20 grader, det er lettskya og fint, men det er ikkje så lenge før sola blir borte her på SOLSIDA.
I dag tidleg fekk eg melding frå Marit, ho skulle på Spar og handle og lurte på om eg ville vere med. Det ville eg, sjølvsagt, så eg shina meg opp litt før vi for nedover. Eg går ikkje på butikken med joggebukse og crox, der går grensa.
Hadde ei ubehagelig oppleving på butikken, eg hadde sett inn kortet for å betale, og heilt plutseleg var koden borte-frå hovudet mitt. EG har hatt Visa-kort i mange, mange år, og har hatt samme koden heile tida. Eg vart nesten redd, trudde eg var blitt heilt senil på eit øyeblikk. Ekspeditøren sa at det var heilt normalt, ikkje første gongen han opplevde noko slikt. Heldigvis hadde eg mobilen med meg, for eg måtte ringe heim til Nils. Då eg kom heim att kunne han fortelle at han hadde opplevd det samme to gonger. Då var eg trøsta. Det er noko med at koden min liknar litt på mobilnummeret til Nils...... No har eg skrive ned koden i alle fall-første gong eg har skrive ned ein kode.
Nils tok blodprøver i dag tidleg , då den første HBO-en var her. Resultatet var heilt fint. Viss han hadde vore betre i hofta så hadde alt vore bra. Han var litt trøtt i dag, så han la seg på dagsenga og sov etter middag. Eg hadde tenkt å jobbe ute mens han kvilte, men eg var mett og det var varmt, så eg tok og vaska steikomnen i staden. Laga ein mystisk rett i dag som likna litt på fiskegrateng-det beste med den var at vi fekk brukt opp nokre restar frå frysaren. Grunnen til at eg måtte vaske steikomnen var at det "kokte" litt over.
I kveld fekk eg endeleg fullført uteprosjektet mitt. Eg fekk utover to sekker med plengjødsel, og fylte på beda med kugjødselkompost. så no skal vi ete kvelds og slappe av.
Då eg dreiv og kjørte sekker opp og ned med trillebår, måtte eg tenke på Margrete og ungane som er "In Dublin´s fair City where the Girls are so pretty....."

mandag, juli 24, 2017

Dagbok 2017: 24.juli

Klokka er snart 21.00, temperaturen er + 17 grader C, og det er fint lettskya vêr. Tidlegare i dag hadde vi også litt sol. I går klaga eg over skodde og misunte nordfjordingane det fine vêret deira. Etter å ha sett flaumskadane på TV, er eg ikkje misunneleg lenger. Fælt å sjå kor der såg ut i Utvik. Og eg tenkte på dei som hadde bryllaupsfest der førre helg.
I dag fekk eg gjort ganske mykje før middag, etterpå har eg stort sett berre lata meg.
Det første eg gjorde i dag var å shine opp kjøkkenet skikkeleg, det var ei stund sidan der var heilt i orden.
Så gjekk eg ut og fullførte eitt av prosjekta mine, nemleg å fjerne eføy frå muren. No ser det bra ut, men eg kjem vel til å gå der å nuppe etter kvart som eg ser lause stilkar. Begynte å ha utover kunstgjødsel på plenen, men måtte slutte av for å lage middag. Vi er ganske flinke å vere presise med det måltidet. Det er mellom 13.30 og 14.30, ein eller annan gong i løpet av den timen. Det passar med insulinmålinga og medisinane.
Då vi vel var ferdige kom Ingeborg på besøk, ho skal reise med Oslo-bussen i kveld, men det blir ikkje Hellas no. Den turen er utsett. No skal ho "heim" til Oslo og jobbe. Margrete og dei to yngste reiser med samme bussen, men dei skal vidare til Dublin.
Vi drakk kaffi og prata i veg som alltid, og då klokka var 18.00- såg eg opp på veggklokka. "Viss Solveig kjem innom så kjem ho no ", sa eg og før det hadde gått mange minuttane ringde ho på døra. Ho ville innom og sjå til oss sidan dei reiser til Roma i morgon tidleg. Ho var her berre ei lita stund. Men ho hadde med seg masse lestegarn til meg, så eg blir ikkje arbeidsledig med det første. 
Eg skulle gjere litt meir til nytte før dagen var slutt, tenkte eg, men så var det "4-stjernes middag" på TV, og det måtte vi sjå. No er det visst mykje fotball utover kvelden, men eg trur ikkje det blir meir hagearbeid på meg i dag, ryggen likte ikkje heilt det eføy-prosjektet.
Eg plukka litt bringebær til Nils, men jordbæråkeren er berre sorgen i år, der må eg nok "reparere" litt. Eg føler meg på ingen måte tvinga til å halde hagen i orden, men eg likar å vere ute og styre når eg kan.
Då vil eg ønske god tur til alle som skal ut og reise.

søndag, juli 23, 2017

Dagbok 2017: 23.juli



Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 17 grader, og skodda har vore like fotsid heile dagen. Då eg såg ut i dag tidleg tenkte eg at den ville forsvinne i løpet av nokre timar, slik som i går. Det skjedde berre ikkje.
Ikkje nok med det, men Nils var slapp og sløv frå morgonen av og sov meir og mindre heile føremiddagen. Etter at han hadde ete middag og drukke kaffi vakna han etter kvart til live igjen. Slike dagar har han hatt innimellom, men han plar komme seg til att. No er han i god form og sit og ser fotball på TV.
Sidan han var så slapp tidlegare på dag, gjekk eg stilt i dørene og sat mykje ved datamaskina. Eg fekk aktivert den gamle e-postadressa til Nils, med eit litt annleis passord, så no verkar den som den skal. Adressa er: nils.trovag@gmail.com, som før.
Til middag i dag steikte eg ei lita svinesteik og laga sjølvbruna saus til. Vi åt godt begge to. Utpå ettermiddagen tok eg inn klesvask frå snora, la i hop og strauk det som strykast skulle. 
Mens eg stod og strauk tenkte eg mykje på ei veninne som eg ikkje har snakka med på lenge. Tenkte at eg skulle ringe til henne - og der ringde ho! Dette er slikt eg har opplevd mange gonger-at folk som eg tenkjer intenst på ringer. Kan det vere tankeoverføring? Vi fekk oss i alle fall ein lang,god prat.
I dag er det første gong på lenge vi ikkje har hatt besøk, litt stussleg etter å ha hatt det så sosialt lenge, men kanskje godt for Nils å flate heilt ut.
Eg hadde no tenkt meg ut og drage litt eføy, men ville heller halde Nils med selskap inne. Søndag er jo kviledag !
I dag går hundedagane inn, og dei varer ein månad. Frå gammalt av heiter det at viss dei begynner med godvêr sluttar dei med dårleg vêr, og omvendt. Ja, vi får no sjå korleis det går.

lørdag, juli 22, 2017

Dagbok 2017: 22.juli

Sidan det står dårleg til med rosene i hagen vår, lånte eg dette bildet frå nettet for å markere dagen.

Klokka er no 22.10, sola har forlatt oss for i dag og skodda heng nedetter fjellsidene. Det gjorde den i dag tidleg også, men det varde ikkje så lenge før sola kom fram. No er det ca. 17 plussgrader ute, tidlegare i dag var det varmt, men ikkje så varmt at vi vart "mødde". Nils var heldigvis mykje betre i dag etter at han hadde sove godt og lenge. Han kan ikkje vere særleg aktiv på grunn av hofta, men han har mykje selskap i TV-en.
Eg sette brøddeig tidleg på dag, mens skodda enno skygde for sola. Seinare var eg ute og jobba med kantklipparen i fleire økter. Innimellom laga eg middag. I dag vart det omnsteikt/kokt laks og den var veldig god. Smart å lage laks i omn, rett etter brødbaksten!
I dag venta vi på at Einar skulle komme innom på veg heim frå Honndalen, der han deltok i eit løp.Han kom som planlagt, og fekk seg litt mat og kaffi. Eg stakk av frå karane ei stund og jobba ute. Eg måtte få frå meg kantklippinga i dag, for sundagane brukar vi ikkje maskiner ute i hagane her hos oss.
Margrete sende melding frå Brekkeheida, der ho og Charlie var på tur, og så kom dei også innom.Vi slepp å bli einsame no når både barn og barnebarn er fri frå jobb og skule.
Etter at Margrete hadde reist gjekk eg ut og gjorde ferdig jobben min. Kantklipping tek faktisk minst like mykje tid som plenklippinga, særleg når det er ei god stund sidan sist.
Det vart ingen middagslur i dag verken inne eller ute. Siste HBO-en var her klokka 20.00, etter det åt vi kveldsmat før vi såg eit program med Øystein Sunde. 
No kjenner eg på ryggen min at det skal bli godt med ein kviledag.( Men det kan hende eg PUSLAR litt i hagen i morgon også.)

Vallabøen sett frå Brekkeheida. Foto: Margrete

fredag, juli 21, 2017

Dagbok 2017: 21.juli

Klokka er snart 22.00. Temperaturen på trappa er + 17 grader C, tidlegare i dag var den oppe i + 29 grader. Det har vore sol og fint vêr i dag også. I dag var alle tidleg oppe sidan det var reisedag for Rasmus og familien. Bilen vart pakka, og klokka10.30 for dei av garde. Sist vi høyrde frå dei var dei på Flå, dei reiste over Hemsedal.
Nils var ikkje i form i dag, så eg bad han legge seg på dagsenga mens eg vaska og støvsuga. Ei veke med mykje folk og verken vask eller støvsuging, gjorde at det var eit visst behov. Sette på klesvask og oppvask på samme tid, så det vart eit par effektive timar.
Eg dusja og vaska håret før eg skulle legge meg ut i sola med lydboka. Men kvar var den? Eg leita og leita, utan resultat, men måtte gi opp. I staden rigga eg meg til med Walkman av gamlesorten. Seinare skulle Nils også ut på altanen, og då såg han leidningane på lydboka som stakk ut under madrassa mi.
Men då var eg alt på veg til å klippe plen. Hadde ikkje tenkt å klippe så mykje i dag, men så såg eg på Facebook at det skulle komme regn- og dermed tok eg heile tomta. Klipte bio nede i skråninga, resten samla eg opp. Det har vore mykje regn før varmen kom, så no var det nokså mykje gras. Var ferdig i 20-tida, og då var det inn og finne fram mat, i dag har vi ete diverse restar.
Nils har ikkje vore i form i dag, eg veit ikkje om han berre er litt sliten, eller om varmen er plagsam. Han er ikkje sjuk, har ikkje feber, men er litt "sløv"- som hen seier sjølv. Eg håper han kjem seg til i morgon; sjølv om han har fått vore heime lenge no, har han ikkje vore like bra alle dagar.
Det er vel på tide eg tek fram att strikketøyet mitt igjen, men eg likar i grunnen ikkje så godt å strikke i varmt vêr. Har ein jobb i morgon dersom vêret er bra og det er å klippe kantar, det er lenge sidan sist.
Eg har litt problem med å halde styr på dagane, men så vidt eg veit er det fredag, så eg kan ønske alle ei god helg.



torsdag, juli 20, 2017

Dagbok 2017: 20.juli


Klokka er snart 23,temperaturen er ca +18 grader no, men før i dag har det vore veldig varmt, men eg sjekka ikkje temperaturen.
Elles har det vore ein innhaldsrik dag, med mykje mat og mange på besøk. Rasmus og eg hadde planlagt at vi skulle bruke restar frå i går og lage pizza i dag. Eg sette i gang med å lage deig til pizzabotnar, mens Rasmus handla inn det vi mangla.
Etter kvart vart kjøkkenet meir som eit pizzabakeri, der Rasmus og eg jobba i våre ansikts sved, bokstaveleg talt, det vart ikkje akkurat kaldare av at steikomnen stod på. Vi vart i alle fall samde om å IKKJE starte pizzarestaurant i lag. Men det gjekk fredeleg for seg.
Øystein og Olaug stakk innom på veg til Saudehornet, det høgaste fjellet her omkring, men som vi ikkje ser frå huset vårt fordi det mykje lågare Vallhornet ligg framfor og stenger.
Etter kvart kom Ingeborg og Erlend innom og då vart det pizza for alle pengane. Vi hadde laga 6 pizzaer, og det var meir enn nok, så no har vi ete til kvelds også. Litt seinare vart det kaffi og is.
Heimesjukepleiaren kom midt i verste rotet, så ho tenkte vel sitt, det var litt ryddigare då ho kom att i kveld.
Eg har vore inne mesteparten av dagen, men Wenche og eg var ute og planta rosa eg kjøpte i går, og hadde utover kugjødselkompost. Men eg orka ikkje å styre så mykje i varmen.
Gjestane våre reiser i morgon, så då kjem det til å bli tomt og stille i huset. Vi har hatt gode dagar, og Nils har hatt det bra . Det er no spesielt kjekt for han med besøk, sidan han ikkje kjem seg så langt. Og vi har fått ordna opp i mykje som vi ikkje greier sjølve. Men eg ser LITT fram til å få rydde opp, har ikkje tatt det så nøye desse dagane.


onsdag, juli 19, 2017

Dagbok 2017: 19.juli

Klokka er 21.10, temperaturen + 17-18 grader og det har vore ein strålande dag med sol frå morgon til kveld. Akkurat no sit vi på skuggesida og ser over på sola på andre sida av bygda.
Dagen i dag har vore like sosial som dei andre dagane denne veka, for vi har framleis besøk. Rasmus snakkar om å ta på heimveg komande fredag; det blir litt stussleg når dei reiser, men vi er glade for dei dagane vi har fått ha dei her.
Rasmus finn stadig noko å reparere, ikkje alt er så dramatisk, men eg er ikkje så flink med alt slikt.
I dag, etter at vi var ferdige med morgonstellet, reiste Rasmus og eg bort på Lefdal med laptoppen. Vi venta ei god stund, men dei fekk den ikkje til. Rasmus , som har 30 år i bransjen bak seg, prøvde ut mangt og mykje før vi for dit bort. Vi reiste heim att og venta på telefonbeskjed både frå Lefdal og frå EIK-senteret der vi hadde bestilt ei reim til ein plenklippar.
Rasmus henta heim laptoppen, men den virka framleis ikkje som den skulle så han måtte bort endå ein gong.  No er alt i orden! Både med laptoppen og plenklipparen.
Rasmus skulle også lage mat i dag, der fekk han hjelp av Wenche og meg, men det var han som hadde handla inn !(Han fekk låne VISA-kortet mitt. Det skulle berre mangle).
Eg hadde vore ein tur ut og rydda litt i blomsterbedet tidleg på dag, og fann ut at der mangla noko. Derfor stakk eg innom Plantasjen og kjøpte ei lita rosebuske, men no er eg ikkje sikker på om der er plass til den......
Rasmus og Wenche tok med seg gutane ein tur ned på skuleplassen i dag også, mens Nils og eg sola oss på altanen. Eg sovna og trur eg sov ein halvtime.
Det vart sein middag i dag. Kebab hadde Vebjørn bestemt! Det var veldig godt.
Nils har fått to sprøyter i dag, det er ingen katastrofe. Han verker i eine hofta, så han er glad for at han får stråle. Han har fått smertestillande tablettar, men dei nektar han å ta.
Dette vart visst litt uryddig oppsummering av dagen. Har hengt ut ein klesvask nettopp, og snart har eg ei oppvaskmaskin å tømme. Ingen legg seg tidleg her i huset, men eg står relativt tidleg opp.

tirsdag, juli 18, 2017

Dagbok 2017: 18.juli

Klokka er 21.10, temperaturen er + 15 grader C, og sola skin på andre sida av bygda. Heldigvis har vêret betra seg etter kvart og i morgon er det meldt strålande sol.
Rasmus og eg var aktive først på dagen. Han har visst tenkt å fikse alt som fiksast kan mens dei er her. I dag fylte vi bilen vår med hageavfall og diverse skrot og køyrde bort på VØR og kvitta det der-endeleg vart eg kvitt eføyen.
Så var det Felleskjøpet der eg kjøpte gjødsel, før vi for til Volda for å sjå på ein lampe til å ha over spisebordet i stova. Vi fann ein som vi var rimeleg nøgde med, og eg slapp å tenke på korleis vi skulle få montert den.(Det gjorde Rasmus og Wenche). Siste stopp på turen vår var Amfi der eg var på apoteket og på Bunnpris. Det er ei voldsom lette å få hjelp til det ein ikkje greier sjølv. I tillegg til å vere shoppingassistent han han også fiksa ein lampe i kjellaren, ei skapdør på badet og-ikkje minst- KOMPOSTKVERNA. Han leitar visst etter noko å reparere heile tida. Og det passar oss bra. Han har eit par oppdrag til. Det er ting som Nils har trudd han skulle klare, men kreftene strekk ikkje til- og eg har ikkje kompetansen.
Middagen i dag vart veldig enkel og barnevennleg: Pølser med brød.
Nils la seg tidleg i går kveld, dvs. før midnatt, og sov godt, så han var i bra form i dag. Men ikkje heilt topp-det er vel heller ikkje å vente. 
Utpå ettermiddagen tok Wenche og Rasmus med seg gutane ned på Amfi først og så ned til min gamle arbeidsplass der dei fekk boltre seg med ballspel. Mellombror spelar basket på Kongsberg, og Minstebror har visst også tenkt å begynne med det.
Nils og eg nytta "einsemda" til å slappe av. Eg er tidleg oppe og seint i seng, så eg har behov for ei lita stille stund på dagtid. Og han treng pausar ofte. I dag fekk vi han til å legge seg nedpå etter middag
Det er veldig kjekt å ha besøk, særleg av dei som vi ser så sjeldan. Hadde nesten ikkje tort å håpe på at situasjonen skulle bli slik at dei kunne komme og vere her hos oss denne sommaren også.

mandag, juli 17, 2017

Dagbok 2017: 17.juli

Klokka er 22.30, temperaturen er + 11 grader C og det har bøtta ned det meste av dagen. Men vi har hatt ein aktiv og innhaldsrik dag med mykje besøk, så vêret har ikkje vore så viktig. Rasmus fungerer no som vaktmeister og sjåfør. Han har fått fiksa litt av kvart i huset, han har handla, både åleine og i lag med meg
Eg har tatt med av matlaginga og husarbeidet elles. Nils er lei for at han ikkje kan gjere noko til gagns, men vi er glade for at han er så bra at vi kan ha han her heime i lag med oss.
I dag laga eg to rettar til middag; kvit bacalao til oss vaksne og pannekaker til gutane, rekna med at dei var skeptiske til bacalaoen, men dei vaksne likte den.
Margrete og tre av ungane kom til kaffi, så då var vi 11 til bords. "Til bords" var vel ikkje heilt rett, vi sat omkring der det var plass, og her såg ut som eit skikkelig rotereir då HBO 2 kom i 16-tida. Men vi hadde karamellpudding og sjokoladekake som Solveig hadde laga+ gulrotkaka mi. Brus og kaffi etter fritt val.Vi takkar Solveig for bidraget hennar.
Så må eg fortelle om nestenulykka som eg var borti. Rasmus og eg skulle ein snartur ned på Kiwi og kjøpe brus mellom anna. Eg plar aldri forlate heimen i Croxar, men ned på Kiwi i bil? Tja. Hadde ikkje før sett eine foten inn for døra før eg låg rett ut. Crox + våte golvflisar er ingen god match. Eg slo meg litt på hofta som er låk frå før, handleddet fekk også ein trøkk, men no er eg heilt fin. Kom meg på beina ved eiga hjelp gjorde eg også. Håper ikkje Rasmus vart altfor flau. Er det noko eg bør la vere akkurat no, så er det å skade meg.
Til kvelds har vi ete diverse restar pluss bollar frå Solveig. I morgon håper vi på betre vêr, og då må vi prøve å komme oss bort på VØR. Vi benyttar oss skamlaust av Rasmus mens vi har han her. Dei andre som er nærmare hjelper oss heile tida med eitt eller anna. I dag legg eg ut bilde av Nils og 6 barnebarn.( Dei ville ha meg med på bildet også, men eg blir berre deppa av å sjå meg sjølv ).




søndag, juli 16, 2017

Dagbok 2017: 16.juli.

Fem fine fetterar

Klokka er 19.10. Temperaturen er + 14 grader C, og vêret er ikkje mykje å skryte av. Men det har vore fint vêr å vere inne i.
Eg vakna med verk i skuldrar, nakke og armar-eg som plar seie at den delen av kroppen har eg ingen problem med. Det er vel gikt, og då blir det sikkert vekke igjen. Elles har Nils vore relativt bra, som vanleg. Ingen store endringar.
Då Rasmus var her for to år sidan, streika oppvaskmaskina vår, og han hjelpte oss med å få på plass og installere den nye. I dag var det ikkje særleg mykje varmevatn i springen, men Rasmus løyste problemet med ei ny sikring. Hadde ikkje han vore der hadde vi hatt eit problem. Eg kan sjølvsagt skifte ei sikring- men det var ikkje heilt lett å finne feilen, utan eg skal gå i detalj om det. No brukar vi han til alt vi ikkje greier sjølve-har samla opp ein del problem som han får løyse.
Rasmus og fam. reiste ut til Hareid i 12-tida, og er ikkje attkomne enno. Det er stas å vere i lag med dei vaksne søskenbarna, særleg når dei får spele brettspel med dei.Grunnen til at dei reiste utover alt i dag er at Audun skal reise att, så dei måtte passe på å få treffe han også. Meir action der ute enn her. Vi har hatt ein veldig roleg dag. Mat hadde vi att frå i går så i dag har eg berre slappa av og gjort det heilt nødvendige. 
Og så fekk eg lese ut boka mi, strikke litt og sjå litt TV i lag med Nils. I dag var det "kakekrigen" igjen - i reprise.
Bror min og eg har 11 barnebarn kvar, og i går gifta den første av dei 22 seg. Eg har sett mange bilde av brudeparet på Facebook. Ingrid er dottera til dottera til bror min, og eg blir såleis grandtanta til Ingrid, brura. Ho har budd i Kongsberg i fleire år, ikkje så langt frå Rasmus faktisk. Ho har gått på skule der nede, eller studert heiter det vel.
Ingrid og Trygve Bergset-Leite.

Bok nr. 22 - 2017: Hett blod, nerver av stål

Hett blod, nerver av stål av Arto Paasilinna (Lydbok-CD)
Hvordan lever man med å få spådd dødsdagen sin samme dag som en fødes? Det er skjebnen til lille Anti Kokkluoto, som fødes kort tid etter at Finland er blitt fritt.

En dag i januar 1918, fødes en liten gutt som får navnet Anti Kokkoluoto. Hans jordmor, som også driver som selfanger og sjaman, forteller at han kommer til å leve til den 12. juni 1990.

For å teste spådommen utfordrer Anti døden gang på gang. Men han overlever både borgerkrig, Vinterkrig og den finske fortsettelseskrigen. Etter krigen blir han familiefar, entreprenør, politiker og til og med olympisk mester i pistolskyting. Han dras også inn i en lyssky historie der store mengder våpen skal skjules etter krigen.

Det er et mangfoldig liv, men tiden for hans varslede død nærmer seg. Anti Kokkoluoto gjør seg klar, og organiserer det som skal bli en heidundrende fest med over 1000 gjester. Men stemmer spådommen og vil vår helt med varmt blod og nerver av stål dø på den fastlagte datoen?
.....................................................................................
Eg har lese veldig mange bøker av denne forfattaren, somme hysterisk morsomme, andre ikkje fullt så bra. Denne boka er heilt annleis og meir alminneleg. Det er "den vesle historia i den store " - enno ein gong. Vi fylgjer Anti frå han blir fødd til den dagen han skal dø-i følgje jordmora. Og som alle andre lever Anti i ein historisk kontekst. Lite visste eg om finsk historie før, kanskje litt meir no. Boka er grei nok, men blir nok aldri ein "bestseller". Den er meir alminneleg enn bøkene til Paasilinna plar vere, men er kjenner att forteljaren. No skal eg vere varsam med å vurdere bøker når eg les så lite om gongen og brukar vekesvis på 4 CD-plater.

Dagbok 2017: 15.juli

Klokka er snart 1.00-det betyr sjølvsagt at vi er komne på ny dato.
Vêret i dag har vore mildt og fint, men overskya.
Føremiddagen gjekk med til matlaging og anna husarbeid, pluss ein liten tur på butikken.
Rasmus og familien kom i 17-tida og det var stas å sjå dei att. Det er nokså nøyaktig eitt år sidan sist. Dvs. Rasmus var heim ein tur i vinter. Likevel er det som om vi såg dei i går, gutane er "heime"med ein gong. I kveld har alle tre lagt seg i kjellaren på Rasmus sitt gamle rom. den vrien er ny av året.
Nils var ikkje i storform før middag men kom seg etter kvart. Veldig kjekt for han at han er så bra at vi kan ta imot gjestar.
I morgon skal dei ut til Solveig ein tur, slik at dei får treffe alle dei. Og så spør dei om ikkje Margrete kjem- og har med seg Charlie.
No har alle dei andre lagt seg, så eg må også krype til køys. Det er eg som skal først opp.
Ein fin dag.

fredag, juli 14, 2017

Dagbok 2017: 14.juli

Nils ser TV. Har tatt bildet med nettbrettet.

Klokka er 20.30, temperaturen var oppe i + 18 grader for ei lita stund sidan, så no får vi ei kjensle av sommar her også. Den siste HBO-en har vore her, ho er frå Litauen, og veldig søt og hyggeleg, det er dei alle.
I dag har eg vore rimeleg flittig. Fekk gjort ein del husarbeid før Marit og eg for på Coop og handla i 13-tida. Eg hadde eit litt spesielt ærend, skulle ha nokre havregryn til Nils. Kjøpte nokre på ein annan butikk, dei likte han ikkje. Men eg handla mykje anna også, trur aldri eg har handla så mykje kolonialvarer på ein gong før. Marit stakkar, måtte hjelpe meg å få alt inn i bilen. No er det ikkje berre fordi vi ventar gjestar at eg handlar mykje, eg likar å ha eit lite matlager både i frysaren og kjøleskapet. Men det er ganske mykje strev med å plassere alt når ein kjem heim att. Måtte kvile meg litt før eg tok meg på tak og laga ei kake.
Solveig kom innover i ettermiddag/kveld, så eg kunne ha handla med henne, men det var no kjekt å berre prate og drikke kaffi for ein gongs skuld. Ho hadde med seg ein stor pose med nybakte bollar, noko som smakte særdeles godt sidan vi ikkje hadde ete skikkeleg middag i dag.
Nils har vore i bra form i dag også, og sat ute på trappa og prata med naboar mens eg var vekke. Legen som vi snakka med i Volda i går ringde. Han har bestilt stråling på Åse, og ventetida er ikkje lang, men det blir ikkje komande veke. Då vil dei stråle heile området med rygg og hofter. Det vil dempe kraftig på smertene. Han har lite smerter når han sit eller ligg, men har problem med å bevege seg.
I dag fann eg att nettbrettet mitt. Eg har leita alle stader der eg kunne tenke at eg hadde lagt det, utan resultat. Men så fekk eg ein idé mens eg sat ved datamaskina, eg strekte berre ut høgre handa og der låg det. Oppå ein stabel med bøker inne i bokhylla. Ca 10 cm frå albogen min her eg sit og skriv.
Rasmus kan glede seg til å komme på besøk, for vi har klar ei heil liste med ting som han må hjelpe oss med. Vi ser i alle fall fram til å få heile familien hit.
I dag er det mamma sin fødselsdag og Rasmus og Wenche sin bryllaupsdag. Eg tenker alltid på jordbær i samband med mamma sin bursdag, men dei små knaltrane nede i åkeren vår er ikkje mykje å skryte av.Det er seint alt i år, men no håper eg sommaren kjem.

torsdag, juli 13, 2017

Dagbok 2017: 13.juli

Hyttestemning på Rasmus sitt gamle rom.

Klokka er 20.45, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Dagen i dag har ikkje vore heilt som vanleg , så eg forstod ingenting då den siste HBO-en kom klokka 20.00. Eg var ikkje komen SÅ langt på dag.
I dag skulle vi bort att på sjukehuset klokka 12.00 -akkurat som i går. Eg prøvde å få gjort litt før taxien kom ein halv time før. Det er reine skire luksusen for oss å få vere på biltur-sjølv om ærendet ikkje er så kjekt.
Vi måtte vente ei stund før vi slapp inn til legen, men på venterommet trefte eg ei som eg jobba i lag med for mange år sidan, det var lenge sidan vi hadde hatt kontakt, men fann fort tonen.
Grunnen til at Nils har vore på CT og til lege no, er at han har fått meir vondt over hofter og rygg enn før, og ville gjerne stråle bort smertene. Derfor måtte han gjennom ei ny undersøking. Kreften, prostatakreft, går sin gang, men har ikkje spreidd seg til anna enn skjelettet, og det har ikkje forverra seg særleg sidan mars månad. Han tok blodprøver også i går, blodprosenten har stige, og infeksjonsverdiane er nesten ingen ting. Ingen av dei indre organa som nyre eller lever er angripne.
Dei skal søke til Åse om å få stråling for smertene, inntil vidare får han sterkare smerteplaster (mitt forslag ) og smertestillande tablettar. Vi var nøgde med det vi fekk vite og så får vi ta imot dei gode dagane-utan å tenke altfor langt framover.
Då drosjen endeleg kom, fekk vi vite at vi måtte dele den med ein annan mann og kona hans. Dei skulle til Åmdalen. Sjåføren spurde om vi skulle køyre rett til Starevegen, eller om vi ville vere med frampå dalen. Sidan Nils hevda at han sat godt blei vi med på tur, eg tenkte det kunne vere kjekt for Nils å få sjå noko anna enn TV-skjermen. Det mest spennande vi såg var byggeprosjektet med ny "Høgebru". 
Då vi hadde sett av åmdølene, fann sjåføren ut at vi kunne køyre Melsvegen ned att, så då fekk vi sjå enda meir av verda. Og god underholdning hadde vi heile vegen.
Med det samme vi kom heim ringde vi til Eirik. Vi hadde snakka med han før på dagen, og avtalt at han skulle komme med ei rammemadrass til oss. No ventar vi nemleg Rasmus med familie på besøk. Det er nesten ikkje til å tru! Vi plar gjere det slik når dei er her at Nils og eg flyttar ned i kjellaren, men det går ikkje no. Derfor måtte eg tenke litt nytt. Eg stolar alltid på augemålet mitt, så eg trudde der var plass til ei madrass på 90 cm, og det var der. Den kunne faktisk vore 4-5 cm breiare. Eirik monterte "føter" på madrassen, det var også han som bar den på plass. Så han fortener stor takk og ære.
Etter at vi hadde ete middag, eit par timar for seint, kvilt litt og drukke kaffi, sette eg i gang med å strekke på sengetøy.(Golvet hadde eg vaska på føremiddagen) No er det ikkje noka stor sak å reie opp fem senger, men eg hadde rydda vekk alt sengetøy og lagra i diverse skap, så eg sleit litt med å finne det eg skulle ha, men no er det i orden. Gjestane får disponere eit rom i hovudetasjen også-ikkje alle skal i kjellaren. 
Rasmus reiser heimanfrå i morgon, men tek ein stopp på vegen. Reknar med at han set att campingvogna der. Vi gler oss veldig til å sjå dei att, alle fem, og håper på fine og gode dagar.
I dag er det eitt år sidan Solveig samla heile storfamilien på Hareid, ein dag som blir ståande i minneboka .

onsdag, juli 12, 2017

Dagbok 2017: 12.juli


Klokka er 19.15, temperaturen er + 13 grader C og i dag har det veksla mellom kraftige regnbyger og streif av sol.
Denne dagen har vore litt annleis enn vanleg i og med at vi skulle til Volda. Taxi var bestilt til klokka 11.30.
Men før den tid fekk eg sett på vaskemaskina, skrella poteter, tatt opp kjøttkaker frå frysaren, dusja og vaska håret etc. i tillegg til det vanlege morgonstellet. Nils var heldigvis ikkje så altfor slapp, og det var bra. I dag var det berre CT på sjukehuset, resultatet får vi i morgon, då skal vi bort att til samme tid. Taxisjåførane er hjelpsame, og eg har rutine med å hente rullestol etc. Nils er klår i toppen og veit kvar alle ting er-for meg er heile sjukehuset ein labyrint. Det var fint med ein biltur i dag, det er tre mnd. sidan Nils var i Volda, eg har no vore er ein tur i mellomtida. På heimvegen hadde vi med oss ein annan pasient som skulle bort i Hovdebygda, så i dag fekk vi sjå oss litt om i verda. Nils klarer å sitte i ein bil, men blir fort trøtt i ryggen. Men i godstolen kan han sitte heile dagen.
Då vi kom heim laga eg middag i ein fart, vi åt godt begge to og sovna i kvar vår stol.( Eg sov veldig dårleg sist natt.) Seinare kosa vi oss med kaffi og is-etter at Nils hadde fått sprøyte.
Vi var heilt lens for brød, så eg hadde tenkt meg på butikken ein tur- eller så måtte eg bake. Hadde i grunnen mest lyst på butikken, men så kom det nokre voldsomme byger som gjorde at eg bestemte meg for baking. No står tre store brød i omnen, eg tok ein ganske stor oppvask med hand, før eg moppa golvet. Eg har følt meg så slapp og sliten nokre dagar, men i dag følte eg at noko av energien kom tilbake. Men eg tek meg no tid å sjå TV i lag med Nils, for elles synest han at eg spring heile tida mens han berre sit i ro. Han har så lyst å vere i aktivitet han også.....I dag har vi sett "Kakekrigen" og så blir det vel litt av kvart anna utover kvelden. Og snart kjem den siste HBO-en for i dag. Vi har hatt ein bra dag i dag.

tirsdag, juli 11, 2017

Dagbok 2017: 11.juli

Klokka er 19.40, temperaturen ca. +14 grader C og no regnar det ute. Før middag var det nokså fint vêr, med glytt av sol. Då var eg inne og rydda og støvsuga. Nils var litt "sløv" så han fekk ligge på dagsenga mens eg styrte på. Eg laga tidleg middag. Og i dag gjorde eg noko eg aldri har gjort før, eg fileterte ein liten sei. Kan ikkje skryte av resultatet, men eg rubba av "reistet"(rikslet, seier vi i Nordfjord) og steikte den med skinnet på. Nils var veldig fornøgd både med maten og med at han slapp å filetere. Han er no eigentleg ein meister i faget, men han får det ikkje så godt til lenger. Kor mange tusen fiskar han har skore filet av er det ingen som veit.
Etter middag var eg trøtt og sovna i stolen ei stund, før eg gjekk ut og klipte plen. Klipte opp mot vegen og rundt huset, ei lita runde ned i skråninga vart det også. Så det er ikkje så mykje som står att. Så laga eg kaffi og fann fram litt kake, etter at HBO hadde vore her klokka 16.00.Dei tok blodprøver i dag tidleg, blodprosent og infeksjonsverdi. Etter det vi forstod var prøvane fine. HB var over 11 i alle fall.
Eigentleg skulle eg ha vore på kafé med venninner i dag, men hadde så mykje å styre med her heime at eg stod over.
I morgon skal eg vere med Nils til CT i Volda. vi får Taxi begge vegar. Dagen etter skal vi bort att til samtale med legen. Det blir nok slitsomme dagar for Nils, men han vil no gjerne få hjelp med hofta si. Han verker heldigvis ikkje når han er i ro, berre når han skal bevege seg. Han brukar rullatoren når han skal forflytte seg. No ser har 4-stjernes middag så eg må sette meg inn og sjå i lag med han.

mandag, juli 10, 2017

Dagbok 2017: 10.juli

Klokka er 20.00, temperaturen er + 16 grader C, det er lettskya og litt sol.
Typisk at vêret kjem seg ut på dagen og er finast om kvelden.
I dag tok vi det litt med ro før middag, Nils hadde sove godt om natta og var i bra form. Det er det viktigaste. Elles visste vi at Ingeborg skulle komme med flyet frå Oslo i 16-tida. Ho og Margrete ville komme hit og helse på oss før dei reiste over fjorden. Så bestemte Amanda og Erlend seg for å vere med også. Eg laga ei stor prinsessekake, fordi eg veit at Ingeborg er glad i det. Elles tek vi alt så enkelt som mulig. Eg rekk ikkje over alt som eg gjerne vil gjere.
Flyet var litt forseinka så klokka var bortimot 17 då dei kom. Etter arbeidstid kom Eirik også, og Margrete tok bilde av morfaren og barnebarna med den nye mobilen sin. Eg har vore sigande trøtt desse siste dagane og i dag sovna eg minst ein gong etter at vi hadde ete middag. Eg trur eg må skulde på vêret- eller kanskje eg er begynt å bli gammal og sliten? No har den siste HBO-en vore her, Nils har funne seg ein fotballkamp og eg kan finne fram strikketøyet mitt. Det har vore ein god dag.

Roser frå Ingeborg


søndag, juli 09, 2017

Dagbok 2017: 9.juli

Klokka er 19.30, temperaturen er + 15 grader og sola er så vidt framme. Nokså typisk her hos oss at vêret er best om kvelden. Før i dag har det vore overskya og regnbyger.
For å seie det kort har denne dagen vore "time out" for oss begge-fordi vi trong det. Vi har sløva og sove kvar sin gong. Nils var ikkje i form før middag, noko som er heilt normalt, men han vart såpass etter ei stund at han fekk dusja, barbert seg og fekk nytt smerteplaster. Det siste er noko som skal skje kvar tredje dag.
Ein jobb hadde vi- vi slakta laksen som vi fekk på fredag. Trur det er første gongen vi har styrt med slikt på kjøkkenet. Nils har alltid brukt å filetere fisk i garasjen eller kjellaren. Men han greidde i alle fall å skjere ut filetane, og det blei fire middagar til oss. Den første hadde vi i dag. Vi har fått smaken på å bake fisken i steikomnen, det er veldig lettvint og godt.
Nils har sløva og sove mykje i stolen sin i dag, men då han vakna til live utpå ettermiddagen - då sovna eg. Så håper vi på å få ein god kveld med TV, prat og strikketøy.
Nils har vondt i hofta, men berre når han bevegar seg, heldigvis. I dag fekk eg han på trua til å bruke rullatoren i staden for "slingre" over golvet.
I dag har eg stort sett gjort ingen ting, utanom å lage middag og strikke ferdig ein lest. Godt med ein kviledag innimellom.
No ventar vi på siste HBO-en, og så er kvelden vår.

lørdag, juli 08, 2017

Dagbok 2017: 8.juli




Klokka er 20.00, temperaturen er +15-16 grader C og det ser ut til at det klårnar opp. Tidlegare i dag har det vore skya og litt regn.
Denne dagen har gått fort, som dei fleste andre dagar. Nils var litt sløv på føremiddagen, men kom seg etter kvart - i dag også.
Eg ville til Vik i dag, fordi eg hadde ærend og ville kombinere med litt mosjon. Første stopp var urmakaren, han stilte fort diagnosen på klokka mi, det var berre batteriet som var utbrukt, eg fekk nytt batteri så no er eg tilbake i tida. Eg var på apoteket, og for ein gongs skuld var det eg sjølv som trong medisin. Eg var nemlig lens for allergimedisin- og klødde overalt.
Sidan eg var på Amfi tok eg ein runde i begge etasjane, men kjøpte ikkje noko.  Eg trefte mykje folk og alle vil vite korleis det står til med Nils, og det forstår eg. Eg synest det er kjekt at folk tenker på han og saknar han. Eg gjekk opp Vikegeila heim att og der trefte eg ei gammal kollega-veninne. Ho hadde stolar ute, det var godt å kvile litt. Og vi hadde mykje å prate om.
Margrete ringde, då var ho på veg over fjorden, så ho lurte på om eg trong skyss/ handlehjelp. Det gjorde eg ikkje, men sa at ho måtte komme likevel.
Då fekk eg fart på meg og gjekk beine vegen heim, langs elva. Der har eg ikkje gått sidan Nils kom heim, men då han var på sjukeheimen gjekk eg der kvar dag.
Nils og eg begynte å ete på restar frå i går, Margrete kom og joina oss, og då vi var ferdige kom Eirik på besøk. Han slutta på jobben klokka 15.00 sidan det er laurdag. Der var mat att til han også! 
Så måtte vi drikke kaffi og prate ei stund.
No har alle HBO-ane vore her, og vi får vel benke oss framfor TV-en. Nils har no delvis sett fotball og så er det nyheiter. Dagane strekk ikkje til.

Bilda øvst på sida er frå Trovåg i Solund, der Nils kjem frå. Nils vart fødd i eitt av husa til høgre i bilda. Eg budde hos onkelen hans, men det huset er gøymt av store tre heilt til høgre. Det har kome fleire nye hus i Trovågen sidan første gongen eg kom dit- i 1958. Vegane er også bygde etter den tid. Det er Øyvind, son til Tone, som har tatt bilda.

fredag, juli 07, 2017

Dagbok 2017: 7.juli

Klokka er 21.40, temperaturen er + 15 grader og det regnar. Ja, dei fekk kjølt seg godt ned dei som kom frå ferie på Rhodos, der det var 40+.
Før middag var det rimeleg fint vêr då eg gjekk ned på Kiwi og handla litt. Nokre av barnebarna hadde sagt at dei ville komme på besøk i dag, og eg fekk ein idé om å servere dei spekemat og rømmegraut, noko som er ganske populært i familien vår.
Og då måtte eg ha rømme. Likte godt å ta meg ein spasertur etter at vi var ferdige med morgonstellet her, og Nils var i bra form. Skrelte poteter først, slik at eg kunne vie meg til grauten då eg kom heim.
Først kom Olaug og Audun frå Hareid, og så kom Håkon frå Volda. Einar var på jobb i Ålesund, så han får ta det att ein annan dag.
Det var kjekt med så mange ungdommar på besøk; når ikkje vi kjem oss så langt ut i verda, er det kjekt at "verda" kjem til oss. For utan tre av våre eigne barnebarn, har vi hatt besøk av HBO-Johanne som var her i går, og ein ung svensk gut som kom i kveld. Alle har noko å fortelle og orientere oss om.
Elles kom her på føremiddagen ein ung gut med ein nydelig bukett til Nils frå Inger, tremenningen hans. Eg angra berre på at eg ikkje fann fram ei anna T-skjorte til Nils før eg tok bildet. Den knallgule T-skjorta var ingen god bakgrunn for dei rosa rosene. Den T-skjorta kjøpte eg i si tid til Nils fordi han er glad i gult, men mest for at eg skal finne han att i store folkemengder -noko som ikkje er så aktuelt lenger. 
Audun hjelpte meg med eit problem eg hadde med datamaskina mi, så no kan eg bruke Word !
Då HBO Johanne kom såg kjøkkenet ut som ei slagmark sidan eg ikkje hadde rydda opp etter middagen. Grunnen til det var at oppvaskmaskina ikkje var ferdig å vaske opp. Då vi vart att åleine vart det tømming av oppvaskmaskin, rydding og shining av kjøkkenet. 
Og så måtte eg lage ny telefonliste, no når eg endeleg fekk lage tabellar igjen. Eg har med andre ord vore nokså aktiv i dag, men etter at Nils og eg hadde tatt oss litt kveldsmat, slappa vi av med den herlige Leonard Cohen-konserten på NRK 1. Det var ein høydare for meg i alle fall. Eg set alltid på tekst når det er noko eg vil høyre på TV, då får eg med meg meir av tekstane på songane også-det gjeld både dei norske og dei engelske tekstane.
Vi har hatt ein fin dag! Men i morgon skal eg GÅ ned til urmakaren med klokka mi, for no er eg lei av å vere ute av tida.
Ønsker alle ei fin helg.


torsdag, juli 06, 2017

Dagbok 2017: 6.juli

Nils snakkar med Arild Trovåg i telefonen

Klokka er 20.00, temperaturen er + 15 grader og det har vore ganske fint vêr i dag, med mykje sol.
I går var eg så elendig, verkte både her og der, og eg var ikkje heilt bra i dag tidleg heller, så eg tok ein Ibux. Sidan har eg vore ganske smertefri. No trur eg ikkje det var tabletten som gjorde underverker, men heller vêret. I går var det nordavind og det er giktvêr.
Nils var ikkje i form tidleg på dag i dag heller, han må ha ei kvilestund etter tablettar og frokost. Eg tenkte at eg kunne klippe plenen så lenge, men då tykte han eg skulle vente til seinare på dag.
Derfor jobba eg med steinveg-prosjektet mitt i staden. Og då gløymer eg at eg ikkje verken skal bøye meg eller løfte-det har legen sagt. Eg såg på klokka då eg hadde halde på ei stund, og den var berre ti. Eg tenkte at jammen hadde eg vore effektiv som hadde fått unna så mykje arbeid før klokka var meir. Neste gong eg såg på klokka var den også 10-og då ante eg uråd. Klokka mi har vore upåliteleg i det siste, men i dag streika ho totalt. Klokka var nemleg 12.00 då eg gjekk inn, og det var på tide å lage middag, I dag skulle eg steike fisk som eg hadde kjøpt frosen, det var ein ferskvassfisk som dei "dyrkar" i Vietnam. Eg steikte den og hadde både løk og mykje anna godt til. Og det var bra, for fisken smakte ingen ting- absolutt ingenting. Men den var kvit i fisken og mjuk i konsistensen.
Ikkje før hadde eg rydda kjøkkenet, så kom Jørn innom og prata ei god stund; sjefen for Rjåneshamna kom med ny nøkkel og til slutt kom HOB 2. Då var klokka 16.00, og Nils ville dusje. Han hadde ikkje vore i form til det før på dagen. Etter at han hadde fått nye klede og nytt plaster skulle han slappe av litt, så eg gjekk ut og klipte plen. Samla opp rundt huset, men klipte bio i bakken. Vart både sveitt og tørst.
No har vi hatt besøk av HBO 3-også ein sommarvikar som skal bli lege. Han kjende også Margrete-og var på alder med Ingeborg. Han var volding, høg og kraftig, men eg oppfatta ikkje namnet hans.
No skal eg lage ein kopp kaffi, for det har vi ikkje hatt tid til i dag.
I morgon ventar vi besøk av Olaug og Håkon.
Onsdag i neste veke skal Nils på CT i Volda med hofta si. Torsdag skal han bort att for samtale. Han har vondt i hofta når han skal gå, men verker heldigvis ikkje når han sit i ro.



Utsikt frå altanen klokka 22.00

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...