søndag, juli 23, 2017

Dagbok 2017: 23.juli



Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 17 grader, og skodda har vore like fotsid heile dagen. Då eg såg ut i dag tidleg tenkte eg at den ville forsvinne i løpet av nokre timar, slik som i går. Det skjedde berre ikkje.
Ikkje nok med det, men Nils var slapp og sløv frå morgonen av og sov meir og mindre heile føremiddagen. Etter at han hadde ete middag og drukke kaffi vakna han etter kvart til live igjen. Slike dagar har han hatt innimellom, men han plar komme seg til att. No er han i god form og sit og ser fotball på TV.
Sidan han var så slapp tidlegare på dag, gjekk eg stilt i dørene og sat mykje ved datamaskina. Eg fekk aktivert den gamle e-postadressa til Nils, med eit litt annleis passord, så no verkar den som den skal. Adressa er: nils.trovag@gmail.com, som før.
Til middag i dag steikte eg ei lita svinesteik og laga sjølvbruna saus til. Vi åt godt begge to. Utpå ettermiddagen tok eg inn klesvask frå snora, la i hop og strauk det som strykast skulle. 
Mens eg stod og strauk tenkte eg mykje på ei veninne som eg ikkje har snakka med på lenge. Tenkte at eg skulle ringe til henne - og der ringde ho! Dette er slikt eg har opplevd mange gonger-at folk som eg tenkjer intenst på ringer. Kan det vere tankeoverføring? Vi fekk oss i alle fall ein lang,god prat.
I dag er det første gong på lenge vi ikkje har hatt besøk, litt stussleg etter å ha hatt det så sosialt lenge, men kanskje godt for Nils å flate heilt ut.
Eg hadde no tenkt meg ut og drage litt eføy, men ville heller halde Nils med selskap inne. Søndag er jo kviledag !
I dag går hundedagane inn, og dei varer ein månad. Frå gammalt av heiter det at viss dei begynner med godvêr sluttar dei med dårleg vêr, og omvendt. Ja, vi får no sjå korleis det går.

Ingen kommentarer: