mandag, juli 24, 2017

Dagbok 2017: 24.juli

Klokka er snart 21.00, temperaturen er + 17 grader C, og det er fint lettskya vêr. Tidlegare i dag hadde vi også litt sol. I går klaga eg over skodde og misunte nordfjordingane det fine vêret deira. Etter å ha sett flaumskadane på TV, er eg ikkje misunneleg lenger. Fælt å sjå kor der såg ut i Utvik. Og eg tenkte på dei som hadde bryllaupsfest der førre helg.
I dag fekk eg gjort ganske mykje før middag, etterpå har eg stort sett berre lata meg.
Det første eg gjorde i dag var å shine opp kjøkkenet skikkeleg, det var ei stund sidan der var heilt i orden.
Så gjekk eg ut og fullførte eitt av prosjekta mine, nemleg å fjerne eføy frå muren. No ser det bra ut, men eg kjem vel til å gå der å nuppe etter kvart som eg ser lause stilkar. Begynte å ha utover kunstgjødsel på plenen, men måtte slutte av for å lage middag. Vi er ganske flinke å vere presise med det måltidet. Det er mellom 13.30 og 14.30, ein eller annan gong i løpet av den timen. Det passar med insulinmålinga og medisinane.
Då vi vel var ferdige kom Ingeborg på besøk, ho skal reise med Oslo-bussen i kveld, men det blir ikkje Hellas no. Den turen er utsett. No skal ho "heim" til Oslo og jobbe. Margrete og dei to yngste reiser med samme bussen, men dei skal vidare til Dublin.
Vi drakk kaffi og prata i veg som alltid, og då klokka var 18.00- såg eg opp på veggklokka. "Viss Solveig kjem innom så kjem ho no ", sa eg og før det hadde gått mange minuttane ringde ho på døra. Ho ville innom og sjå til oss sidan dei reiser til Roma i morgon tidleg. Ho var her berre ei lita stund. Men ho hadde med seg masse lestegarn til meg, så eg blir ikkje arbeidsledig med det første. 
Eg skulle gjere litt meir til nytte før dagen var slutt, tenkte eg, men så var det "4-stjernes middag" på TV, og det måtte vi sjå. No er det visst mykje fotball utover kvelden, men eg trur ikkje det blir meir hagearbeid på meg i dag, ryggen likte ikkje heilt det eføy-prosjektet.
Eg plukka litt bringebær til Nils, men jordbæråkeren er berre sorgen i år, der må eg nok "reparere" litt. Eg føler meg på ingen måte tvinga til å halde hagen i orden, men eg likar å vere ute og styre når eg kan.
Då vil eg ønske god tur til alle som skal ut og reise.

Ingen kommentarer: