mandag, august 31, 2015

Bok nr.63 - 2015: En liste for livet.

En liste for livet av Lori Nelson Spielman (Lydbok MP3-CD)
Når eg ser ei slik framside på ei bok, ei kvinne med ryggen til i eit landskap, då veit eg kva slags bok det er. Somme kallar dei "rosabøker ", slik som eg;  andre vil kalle det ein "dameroman".
Dette er ikkje slike bøker eg set høgst på ønskelista, men av og til kan det vere heilt greitt å lese ei enkel bok à la ukebladroman. Og dette er ikkje den verste eg har lese.
Eg  har gått rundt i huset med denne boka på øyret nokre dagar, det er grei underhaldning, og så er det så velsigna at alt ordnar seg til slutt. Ei rosa bok i ny og ne er heilt greitt, når ein veit kva ein får. Eg vil ikkje skrive meir om boka no, for det er fleire som skal lese den. Dei som er spesielt interesserte kan no google den.

Dagbok 2015: 31.august.

I dag er det 116 år sidan far min kom til verda. Han vart fødd i Horten, men vaks opp på Skarnes, der far hans var stasjonsmester. Faren heitte Olaus, og det er han eg er oppkalla etter. Pappa sin fødselsdag var ein merkedag i alle år, siste sommardagen, liksom, for 1.september var det skulestart.

Det året pappa vart fødd kom den første bilen til Norge. Det gjekk nokre år før den første bilen kom til Eid. Og pappa var ein av dei som fekk køyre den. Bildet er frå Bjørkedalen. Farmor Hilda sit i det bakerste setet.

Klokka er allereie blitt 19.30, merkeleg kor fort desse dagane går. I dag har det vore opplett og ganske fint. No er temperaturen + 16 grader; vi fekk ei lia stund i sola på altanen før skyene kom att.
Dagen starta tidleg sidan Nils skulle til kontroll hos fastlegen klokka 9.00.
Eg har vore nokså passiv siste dagane, i håp om å bli betre i hofta og ryggen, men heilt bra er eg ikkje. Godt at eg har time på smerteklinikken komande fredag. 
I dag gjekk eg berre og pusla litt f.m., rydda litt her og der  etc. Vi hadde tidleg middag, i dag var det kokt lange. Og etterpå laga eg svelerøre før vi hadde pause. Margrete kom og drakk kaffi og åt sveler med oss mens Amanda dansa. Synest eg begynner å få dreisen på svelene no. Det er kjekt med besøk. Ho kom også med eit par lydbøker som eg skal rippe inn på maskina, så no har eg lesestoff ei god stund.

søndag, august 30, 2015

Dagbok 2015: 30.august.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 14 grader og det regnar.
Nils kom akkurat att frå ein luftetur, men eg har halde meg heilt i ro i dag også. I håp om å komme meg føre igjen. Ryggen verker ikkje lenger, no er det berre hofta som er trøblete, håper at sprøytene som eg skal ta komande fredag skal gjere underverk.
I dag har eg gjort tre ting; lagt i hop ein klesvask, laga middag og tømt oppvaskmaskina. Resten av tida har eg lata meg og lese lydbok. Eg held på med ei bok som er veldig lettlesen og ikkje altfor ROSA.
I morgon kjem pensjonistane heim frå Færøyane, er spent på å høyre korleis dei har hatt det. Onsdag skal vi ha møte, og då håper eg Møre-Nytt stiller opp og lagar ein reportasje, så blir det ikkje så mykje å skrive for meg.
Vi var ikkje på butikk i går, så denne helga har vi ete av lageret vårt, det kan vere sunt av og til. Til middag laga eg spaghetti og kjøttsaus; må ha ein kontrast til all fisken.
Tenkte eg skulle finne ei litt spennande kjøttsausoppskrift og søkte på nettet. "Spaghettisaus" søkte eg på. Så kom spørsmålet: Mener du "spagettisaus"? Då eg fann oppskriftene stod der spaghettisaus med h -det same står det på pakkane, så no var eg i villreie. Men i ordlista står det spagetti utan h, så no må eg venje meg til å skrive det slik. Mykje å spekulere på her i verda.
Viss det blir bygeløye no, så må eg ut og ete litt bær og sukkererter.

lørdag, august 29, 2015

Dagbok 2015: 29.august.

Leonardo da Vinci

Klokka er 18.45. temperaturen ute er +14 grader, det er overskya og regnbyger. Før middag var det stort sett opplett. Det var bra for dei som stod på stand. 
Eg har vore heime i heile dag, var ikkje form til noko anna. Blei brått skikkelig låk i hofta i går kveld, og det har enno ikkje gått over. Men det er ikkje best å vere i ro, så eg har styrt med ymse husarbeid, klesvask og liknande. Innimellom har eg lese i lydboka mi.
Nils kom heim nærmare halv tre. Då kokte vi poteter, agurksalaten hadde eg klar, og makrellen kokte vi i går kveld. Dei små mandelpotetene treng ikkje stort meir enn 10 min. koketid, så vi slapp å vente lenge på middagen. Det er andre gongen denne sesongen at vi har kald, kokt makrell; steikt makrell har vi også hatt to gonger.Ja, eg trur vi får i oss nok Omega 3-og jod. Hugsar at mamma skremde oss då vi var små med at viss vi ikkje åt fisk frå sjøen, fekk vi struma.Eg har aldri hatt problem med å ete fisk, veit ikkje kva vi skulle hatt til middag om vi ikkje hadde den.
Rett før Nils kom heim var ei av nabodamene på døra med roser til Nils som takk for makrellen ho hadde fått. Han er no berre glad for at folk tek imot, såpass han får fiske meir. Så no har vi roser både ute og inne. Den rosa Da vinci-rosa er veldig fin akkurat no. Kjøpte den tidleg i sommar, men hadde ei frå før også. Når eg finn ein sort som trivst her, satsar eg på den.
I kveld er det mykje å sjå på TV, eg har sett TV 2 på opptak og så ser vi på NRK 1. Då slepp vi å sjå all reklamen. At alle dei "gamle" seriane startar opp att er vel eit teikn på at sommaren definitivt er over. Men eg håper og trur på fine haustdagar.


fredag, august 28, 2015

Dagbok 2015: 28.august


Klokka er 20.30, temperaturen ute er ca + 13 grader C og akkurat no er det opplett. Sjølv har eg knapt vore ute for ei dør i dag, men eg har registrert diverse regnbyger.
Før middag bytte eg på sengane, sette på vaskemaskina og vaska alle vaskbare golv, støvsuginga utsette eg til ein annan dag, det får vere måte på reinslegheit. Nils dreiv og flytta vedsekker frå under altanen til inn i boda.
Så fekk han telefon om å kome på Kulturhuset med brosjyrar, og då henta han bøker på biblioteket med det samme.
Eg vart sittande å rippe mens han laga middag. Eg er ikkje betrudd å koke verken fisk eller poteter, det må han gjere sjølv. Eg strikkar mens eg rippar, så det er no ikkje heilt vekkasta.
Vi strekte oss ei stund etter at vi hadde ete, då måtte han ut og fiske, noko eg tykte var heilt unødvendig. Så fekk eg lagt ihop klede, lagt bøker inn på minnepenn til Solveig, og så dusja eg og vaska håret.
Hadde berre så vidt fått på meg kleda igjen då Solveig kom på ein liten visitt. Nils kom heim rett etterpå. Solveig hadde med seg smaksprøver på diverse syltetøy, som sjølvsagt smakte godt. Vi drakk kaffi og prata ei stund, men så reiste ho ut att. Ho må inn hit og handle klede somme tider og så byter vi aviser, blad etc.
No har Nils funne ein fotballkamp, men det kjem vel litt meir lødig prøgram etter kvart, som han også vil sjå.
Ønsker alle ei god helg! Som sagt skal Nils stå på stand frå 11-14 i morgon; eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal nedover. Trur eg må ha meg ein Buddy eg også. I kveld er det premiere på Bølgen på kinoen her, men den kjem vel til å gå ei stund.
Eivind på Kongsberg  har bytta skule i år. No er han ungdomsskuleelev.

Bok nr.62 -2015: Soloppgang


En ny, gripende roman fra forfatteren av bestselgerne Øya og Tråden.
Sommeren 1972. Famagusta på Kypros er en av Middelhavets mest ettertraktede feriebyer – byen gløder av suksess og fremgang. Et ambisiøst par er i ferd med å åpne øyas mest spektakulære hotell, hvor tyrkisk- og gresk-kyprioter jobber side om side.

De to nabofamiliene Georgiou og Özkan har flyttet til Famagusta for å komme unna all den politiske uroen og volden andre steder på øya. Men under Famagustas glamorøse glasur, er spenningen økende.

Et gresk militærkupp setter øya på hodet, og Kypros står overfor en katastrofal konflikt.   Tyrkia invaderer øya for å beskytte den tyrkisk-kypriotiske befolkningen, og Famagusta blir beleiret. 40 000 mennesker rasker med sine mest dyrebare eiendeler og flykter i panikk fra de fremrykkende militærstyrkene. Kun to familier blir igjen i den forlatte byen. Dette er deres historie.


I ruinene av det engang så blomstrende kypriotiske charterparadiset Famagusta ligger restene av badebyen etter 30 års tyrkisk okkupasjon.

Victoria Hislop gjer som ho plar gjere i denne boka også. Ho tek ei histrisk hending, som er interessant nok og plasserer fiktive personar inn i hendinga. Denne gongen er det "urolegheitene" på Kypros som er tema. Eg hugsar jo mykje av dette, men det var langt borte, og eg var yngre og ikkje så oppteken av det som hende på ei øy langt unna.
Vi var på Kypros i 2001 så no er ikkje øya så framand lenger. "Spøkelsesbyen" Famagusta fekk eg ikkje sjå. Alt som har med sjølve  Historia å gjere er som vanleg interessant.
Men der er ein stor "feil" i Hislop sine bøker, ho greier ikkje å gi liv til personane sine, dei blir aldri anna enn statistar, vi kjem aldri under huda på dei. Slik er det også i denne boka. Den fiktive historia er nokså "rosa"-for å seie det slik. Men eg visste kva eg fekk,då eg valde å lese boka, og då er det heilt greitt. 

torsdag, august 27, 2015

Dagbok 2015: 27.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 13 grader C. I dag før middag var det opplett, overskya, og rundt 20 grader.
Vi hadde ikkje noko spesielt på programmet i dag, men eg måtte ein liten tur på butikken.Først måtte eg ta ein telefon eller to for å sjekke opp diverse som har med pensjonistlaget å gjere.
I dag ville eg ein tur på Plantasjen for å sjekke om dei hadde noko spennande, det hadde dei ikkje. Eg ville hatt eit stikkelsbærtre, men dei hadde berre slikt som vi har frå før.
Så var vi ein tur på Amfi, der eg trefte fleire veninner å prate med. Då vi kom heim kokte Nils poteter, og så åt vi spekemat til middag. Eg var ikkje god i ryggen, og det beste eg då kan gjere er å legge meg flat på sofaen med eit godt teppe rundt meg. Med lydbok på øyret er ikkje vegen lang til draumelandet.
Då vi sat og drakk kaffi litt seinare vart det heilt mørkt ute og det kom ei forferdelig regnbyge; eg prøvde å ta bilde, men klarte ikkje å fange KOR gale det var. Det ver ein heil månads nedbør på fem minutt. Så vart det heldigvis lysare etterpå.
I går var eg så elendig at eg "gomla" tablettar. I dag ringde eg smerteklinikken i Volda og fekk time neste fredag.Trudde eg skulle fått time i morgon, men det er vel andre enn eg som treng sprøyter etter ferien.Eg er no ikkje så verst i dag, men så har eg heller ikkje gjort noko.
No har eg site inne på rommet mitt og strikka ferdig eit lestepar mens eg høyrer lydbok på datamaskina. Vil gjerne lese ut den boka eg held på med, for i dag fekk eg melding frå biblio om ei bok dei har lagt av til meg. I morgon er det fredag igjen,  vekene flyg av garde. Laurdag skal Nils stå på stand i Vik, så då får vi sjå kva eg kan finne på.

onsdag, august 26, 2015

Dagbok 2015: 26.august.

Klokka er 19.20. Temperaturen ute er + 18 grader C, det er overskya, men ganske fint. Før  middag regna det litt av og til.
Nils var tidleg oppe i dag også, ikkje for å fiske, men for å ta blodprøver på legesenteret. Han har time for rutinekontroll hos fastlegen komande mandag.
Eg var ikkje heilt i form etter storjobbinga i går, men det rekna eg i grunnen med. Den første jobben min i dag var å skrive førehandsomtale til avisa, men aller først måtte eg sjekke at programmet var på plass. Skreiv også referat frå styremøtet vi hadde sist mandag.Dette kallar eg "kontorarbeid"-det har eg hatt ferie ifrå lenge no. 
Nils hadde noko fisk som høvde til fiskemat, lyr og sei, så eg laga nokre fiskekaker. Laga ca 50 stk., det er nok. Likar ikkje så godt gamle fiskekaker, best er dei før dei har vore i frysaren, så vi måtte ha ein porsjon til middag i dag.
Vi hadde relativt tidleg middag, og etterpå måtte vi kvile litt. Ryggen min er ikkje god! Etter at vi hadde drukke kaffi, var vi ute i hagen og jobba. Nils klipte plenar, men eg berre smårydda litt.
Ein relativt roleg dag i pensjo-heimen.

tirsdag, august 25, 2015

Dagbok 2015: 25.august

 
Det blomstrar hos naboen.

Klokka er 19.30, temperaturen er + 20 grader C; det er overskya og nokre regndropar av og til.
Etter mange knallvarme og late dagar, vart det meir aktivitet i pensjo-heimen i dag. Nils for på sjøen klokka 6.40 i dag tidleg, eg stod opp vel ein time seinare, noko som er relativt tidleg for meg.
Husarbeidet har stort sett vore fråverande i det siste, så i dag vart det både støvtørking, støvsuging, golvvask, klesvask etc.etc. Nils kom heim før eg var ferdig. Han hadde fått både lyr og sei, og denne fisken skal vi ha sjølve, for lageret vårt var tomt, med unntak av lange.
Vi har eitt einaste stikkelsbærtre, eit slikt med små blåraude bær. Der var mykje bær i år også, aberet er at dei modnar så ujamt.
I dag bestemte eg meg for å gå laus på dette treet. Det skjer på den måten at Nils klipper greinene og legg dei på hagebordet, og så tek vi det derifrå. Vi sat der ei lita stund begge to -og så begynte det å regne. Vi flytta bordet halvvegs under altanen, og eg sat med regnjakke og lydbok og klipte. Trur eg sat der nærmare tre timar, eller ialle fall meir enn to.Ikkje var det kaldt, ikkje vart eg våt og eg hadde god underhaldning. Den einaste som protesterte var ryggen. Resten av bæra skal få henge på treet, så vi har noko å ete av.Eg har planar om å kjøpe eit stikkelsbærtre til med store gule bær, dei står sikkert på Plantasjen med bæra på no, så kan ein ta smaksprøve. Har ein del rips eg skal plukke også, men der er bær berre på det eine ripstreet, det andre ser sjukt ut.
Mens eg klipte, fileterte Nils fisken.
Nils steikte karbonadar til middag(Gilde) og så hadde vi gode, men små, poteter til. Av å til må vi ha fiskepause.
Eg hadde ikkje noko val, men måtte legge meg på sofaen etterpå, godt inntulla i eit varmt pledd, så får eg håpe at eg ikkje får varig mein.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale av pensjonistmøtet vi skal ha onsdag i neste veke. Mange frå pensjonistlaget er på tur til Færøyane for tida, mellom anna leiaren, så eg føler litt ekstra ansvar. Så no er pensjonistferien slutt. Møta i haust er sett opp tidleg i kvar månad.
Eg håper ikkje sommaren er heilt slutt enno, eg kan hugse fine dagar i oktober til dess, så eg håper på ein nydeleg haust.

mandag, august 24, 2015

Dagbok 2015: 24.august

Klokka er 20.30. Temperaturen ute er + 20 grader, det er lettskya og fint. Frå morgonen av var det klår himmel.
Eg let falle eit ord i går om at eg kunne ha tenkt meg ein tur på Kjerringa, eg har vore der to gonger før, men det er lenge sidan sist. I dag var Nils klar for tur- og det var eg også. Gale å sitte inne i ein bil slike fine dagar, men kven synest det er stas å fare til Stad-landet i grisevêr?
Vi bestemte oss for å ta ferja Årvika-Koparnes 11.15. Vi køyrde til Fiskå-Åheim osv. og stoppa på Leikanger og handla litt. 

Først tok vi turen til Ervik, der vi også har vore før, men der var heilt annleis enn vi kunne hugse; merkeleg kor hukommelsen kan spele ein eit puss. Der var folk som bada, men ingen som surfa på bølgene.
Vi åt lunsj-det var mat vi hadde handla på Leikanger. Nils leita etter namnet på ein gammal kamerat på kyrkjegarden utan å finne det. Seinare fekk vi vite at han er still going strong.




Vegen opp til Vestkapp hugsa eg heller ikkje som noko skæmande, men i dag var eg vettaskremt, på slutten begynte eg å hyperventilere. Vegen er smal, i dårleg stand og utan autovern. Siste stykket gjekk eg til fots.
Heile Vestkapp er ei skam! Sauelort over alt, ein kafe som ikkje var open, ikkje så godt som eit bord e.l. Og for å seie det rett ut, heile Stadlandet og vel så det, er utan skikkelige rasteplassar med toalett. (Det fann vi først då vi var forbi Åheim på heimvegen).




Eg GJEKK ned frå Kjerringa eit stykke, til eg følte meg så trygg at Nils kunne plukke meg opp.
Så hadde vi tenkt oss til Hoddevika og til Fure, der har ingen av oss vore før.
Først køyrde vi over Dragseidet, der dei drog båtane over i gamle dagar. Der var ein stor kross til minne om at 4 fylke var kristna der i 997. Eg forstod kvifor dei drog båtane over der i staden for lenger inne(ved Kjøde), for der er ikkje så bratt og så er der også nokre vatn.


 Vi køyde gjennom Drage og ut langs sjøen på ein veldig smal veg, som etter kvart tok heilt slutt. Då var vi på Indre Fure, der den gamle kameraten til Nils kom frå. Dei einaste som bur fast på garden no er eit eldre ektepar, og dei prata vi med.
Eg har sett eit TV -program frå Fure ein gong-og eg kjende meg att. Det som er så spesielt er at der er så utruleg mykje vakre blomster alle stader. Mest roser, men også georginer, erterblomster og mykje anna. Snakk om idyll, særleg når sola skin frå klår himmel og det er 27 varme grader. Og ikkje minst sjøen rett nedanfor huset.







På Drage trefte vi ein flokk geiter. Mange av dei balanserte på den steinete stranda, andre gjekk på vegen.



Vi vart samde om å ta same vegen heim att, og kutta ut Hoddevika i dag, hadde fått ulysta oss på smale og kronglete vegar for ei stund.
Då vi kom heim koka Nils nye mandelpoteter frå Skjåk, og så hadde vi spekemat og flatbrød til. Vi var svoltne, så det smakte godt!
(Dette var i kortheit det vi har opplevd i dag, så får bilda seie resten.NB: Eg er ingen fotograf -eg berre knipsar)

søndag, august 23, 2015

Dagbok 2015: 23.august

Klokka har passert 19.30, og eg kom nettopp inn att frå altanen, der eg har lagt på solseng med lydbok. No var sola nettopp vekk frå soleplassen og det vart litt kjølig, men termometeret på baksida av huset viser + 22 grader C. Det har vore mykje varmare før i dag.
Vi hadde ingen spesielle planar for sundagen, så eg tok like godt og rydda kjøkkenet litt ekstra. Nils syntest vi burde finne på noko, og det tykte i grunnen eg også. Det vart til at vi bestemte oss for å ete middag i Honndalen om ikkje anna. Vi fekk kjølt oss godt ned gjennom alle tunnelane, og då vi kom til Grodås var det litt for tidleg å ete middag, så vi køyrde inn til Otterdal, fann oss ein plass nedafor eit naust og drakk medbrakt kaffi. 
Nils måtte no berre prøve fisketroda. Det var ikkje så varmt der, berre vel 20 grader. Der var ikkje eit menneske å sjå der inne-og ikkje ein lyd å høyre. Vi køyrde eit lite stykke oppover vegen til setra, men det var både bratt og smalt, så vi snudde.
På Raftevoll var der mykje folk, mellom anna ein "motorsykkelbande". Menyen baud på to rettar: sosakjøt og dampa laks. Sosakjøt har vi ete der før, og for oss som fråtsar i fisk, var det meiningslaust å betale 200 kr for eitt stykke laks. 
Det vart til at vi køyrde til Kina-restauranten vår i Volda, der vi fekk nydelig nylaga, gloheit mat, som var godt krydra. Slik vi likar den. Og den herlige serveringsdama er observant. Ho har lagt merke til at eg plar gi Nils litt av risen min, så i dag hadde ho lagt oppå ekstra ris til Nils, og litt mindre til meg. Noko som ho gjorde oss merksam på.
Då vi kom heim på Vallabøen slo varmen imot oss, men vi la oss på altanen og sleikte sol til tørsten overmanna oss. Dette er bonusdagar-og det er berre å nyte dei. 
Men neste gong vi skal på tur, må vi planlegge litt betre. Vi har ein tur i tankane.



lørdag, august 22, 2015

Bok nr.61 - 2015: Lotus blues.


Det regner den dagen alt går galt. En desperat mann henvender seg på advokat Martin Benners kontor og ber om hjelp til å renvaske sin søster, som er dømt for mord. Det er bare det at søsteren er død. Før hun tok sitt eget liv, erkjente hun seg skyldig i fem drap. I avisene kalles hun tidenes seriemorder og har fått kallenavnet Sara Texas. Broren vil kjempe for hennes uskyld og samtidig finne sønnen hennes, Mio, som er sporløst forsvunnet.
Martin Benner har det meste; karriere, kvinner og en liten datter. Men han har også svakheter. Og mest av alt har han utfordringer. I jakten på sannheten gjør han en alvorlig feilvurdering. Plutselig blir han en liten brikke i et farlig spill, der han til slutt tvinges til å ta et grusomt valg.
Lotus blues er den første av to bøker om advokat Martin Benner.
....................................................................
Det er svært sjeldan at eg les om att kriminalromanar, men eg har gjort eit unntak. Då eg las denne boka første gongen, oppdaga eg at det skulle kome ei bok til. Før den boka kom ville eg lese om att den første, for hukommelsen min er ikkje heilt god. Og så vart eg lens for lydbøker, og denne låg på maskina, og no har eg altså lese den om att- og er klar for "Mios blues". Det seier seg vel nesten sjølv at eg ikkje hadde gjort det slik om eg ikkje likte boka. Boka er veldig ryddig, med relativt få personar og oversiktlig handling, så den høver godt som lydbok. Håper den neste boka kjem snart.

Dagbok 2015: 22.august

 Klokka er snart halv åtte, temperaturen er herlege + 24 grader C. I dag har det vore skya, med gløtt av sol, men nydelig temperatur.Men eg har ikkje tort å ta av meg strikkalestane, for det funka dårleg i går.
I dag tok vi ein tur til Volda før middag. Eg hadde ei bok som skulle leverast på biblioteket der, og så måtte vi no sjå litt på politikarane. Raudfargen stod sterkt eitt av områda, og der fann vi Margrete. Strikkakofta med dei raude rosene fekk ho ikkje bruk for i dag. 
Elles var der ein eim av vaflar frå "naboen"-Frp. Eg let meg ikkje friste verken av vaflane eller politikken. I den andre enden av rekka stod dei grøne partia-og til slutt SV.
Sidan det er "vårt" parti, var det litt interessant. Her i Ørsta startar valkampen neste laurdag. Men i dag var Bård Vegar Solhjell på besøk, så Nils og andre frå partiet drakk kaffi i lag med han på fru Svendsen. Eg står så langt nede på lista at eg heldt meg vekke. Nils står på6.plass i år, men møtte no i kommunestyret for partiet i mange år.
Elles handla eg litt meir lestegarn-kan ikkje gå tom.
I Ørsta var eg også innom biblio; der var ikkje mykje av interesse, men eg tok med heim eit par bøker som eg har gått forbi mange gongar før. Blir det meir soling, så må eg ha litt lett lesestoff på øyret.
Så var vi ein tur i gågata og trefte diverse folk som vi kjenner. Litt mat handla vi i dag på Kiwi i Vik, der som Åmbø hadde butikken sin før han flytta til Fjordtorget og vart Eurospar. Før Åmbø hadde butikk, var det meieri i bygget. Hugsar eg var der på "skulebesøk" og såg korleis dei laga smør og ost. Det han vore mange endringar og omrokkeringar dei 50 åra vi har budd i Ørsta. Kiwibutikken i sentrum har eg høyrt mykje bra om, den var ryddig og fin, og så er der greitt å parkere. Coop-butikken på Amfi er rotete og uoversiktlig, men det blir som oftast til at vi handlar der, sidan den ligg inne i kjøpesenteret.
Då vi kom heim, åt vi litt før Nils måtte fare, og eg sette meg til å rippe bøker, mens eg strikka og høyrde lydbok. Det tok si tid, så Nils kom heim rett etter at eg var ferdig. No er eg nesten ferdig med den lydboka eg har lese siste dagane. 
I morgon er det slutt på Hundedagane. Den 24.august er det Barsok, til minne om apostelen Bartelomeus. Då var det før i tida skikken at ein skulle slakte bukkane. Og så måtte ein passe åkrane mot uvêr som kunne bryte kornstråa. Mange stader vart den dagen oppfatta som den første haustdagen, og det var på tide å få dyra ned frå fjellet. Så der har vi programmet for måndag.

fredag, august 21, 2015

Dagbok 2015: 21.august

Klokka er no 19.30. Temperaturen er + 24 grader C, max temp i dag var +28 grader, men vi har hatt ein fin liten bris, så det har ikkje vore for varmt. No har det skya delvis over, så det spørs om det blir sol i morgon.
I dag vaska eg bad og kjøkken, og så gjorde eg litt hagearbeid. Ikkje mykje, men nok til at eg har vondt både her og der. Det var sikkert ikkje lurt å ta av seg knevarmar og strikkalester heller. No er alt kome på att, i tillegg til ulltrøya, så får vi håpe det beste for morgondagen.Det var i alle fall deilig å få på seg ulla igjen.
Nils har klipt plenar i dag, men hadde seg ein liten tur ut i båten for å fiske makrell. Då låg eg på altanen med lydbok. Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag. Vi har nettopp ete middag, i dag vart det påstråla lange. Og det var godt, som vanleg.
I dag vil eg ønske alle ei god helg, og med tanke på dei som no har starta på jobb og skule, ønsker eg fint og varmt vêr.

torsdag, august 20, 2015

Dagbok 2015: 20.august.

Klokka er no 1945, og sola skin framleis. Det er ca + 29 grader ute, men det har kome ei og anna lita sky. Vêret var nydeleg heilt frå morgonen av- så fint som vi sjeldan ser det her. 
Men vi hadde litt som måtte gjerast likevel. Nils driv og skiftar ut rotne fjøler på garasjen, så han måtte ein liten tur på trelastlageret. Eg vaska håret mens han var vekke, og kledde meg for ein liten tur til Vik. Vi skulle ha medisin på apoteket, og litt mat på Coop, men reiste heim att så snart som mulig. 
Etter lunsj fann vi ut at det var for varmt å vere på Vallabøen, så vi ville fare ut på Rjåneset. Spurde Marit om ho ville vere med og det ville ho. Ho var med i Handicap-laget då dei i samarbeid med Helsesportlaget fekk sparka i gang arbeidet med rullestolvegen der ute. Marit og og sat på land, men Nils hoppa på sjøen og bada. Eg var bra misunneleg, men eg torer ikkje ta av meg ullestane  same kor heitt det er. Vi hadde med oss litt kaffi , men ikkje mat.
Då vi kom heim att la eg meg på altanen med ryggen mot sola og las lydbok. No har vi ete middag. Etter mange fiskemiddagar skeia vi ut med kjøpe-pizza i dag.
Det einaste nyttige eg har gjort i dag er å vaske og henge ut/ta inn/legge i hop ei maskin med klede.Men no er huset passeleg rotete ut, så eg må vel ta ei lita overhaling til helga. Trur eg.


onsdag, august 19, 2015

Dagbok 2015: 19.august

Klokka er 21.15, temperaturen ute er ca + 19 grader og hos oss har sola gått ned. Tidlegare i dag har tempen vore oppe i + 28 grader C-eller meir.
Nil hadde reist ut for å fiske sei før eg stod opp, men kom att med makrell. Dermed vart det steikt makrell til middag i dag. Vi åt sein middag, for varm mat midt på dagen i slik hete smakar oss ikkje.
Mens Nils var ute og fiska og etter at han kom heim dreiv eg med ein del kantslått, både med elektrisk kantklippar og med den batteridrivne.
Elles kan eg ikkje seie at eg har arbeidd så hardt i dag. Har styrt litt i hagen, vatna litt, plukka ei lita spann med rips etc. Laga endelig den rabarbrasuppa som Nils har masa om, men den vart smaklaus fordi rabarbraen er smaklaus. No vil eg gjere noko med det og kjøpe ei ny rot til våren. Når ein brukar minst 1 kilo rabarbra burde det smake LITT.
La oss ut på altanen ei lita stund etter lunsj, men i dag vart det for heitt sjølv for meg, men jammen somna eg ei lita stund.
No etter at vi gjekk i hus tok eg og strauk nokre klede. Eg nyt varmen, sjølv om eg må gå med sid bukse, knevarmarar og strikkalestar. Det er ikkje farleg å svette.
I alle år eg jobba i skulen talte eg varmt for å ha skule ut juni månad og heller ha fri i august for då er det ofte det finaste vêret. Også i år slo det til. I min barndom var det skulestart 1.september, og så slutta vi også tidleg på sommaren. DÅ var sommarferiane lange - både for elevar og lærarar.

tirsdag, august 18, 2015

Dagbok 2015: 18.august

Det vart blomkarse i år også, sjølv om den kom seint.

Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå skyfri himmel heile dagen. Og eg har ikkje gjort mykje til nytte, berre vaska eit par maskiner med klede som har fått tørke ute.
Nils koka lange til middag og eg slo til med risengryns melkesuppe med rosiner, slik som det SKAL vere. Der Nils kjem ifrå var det strenge reglar for kva slags suppe som skulle serverast til dei ulike rettane. Til salt fisk skulle det vere melkesuppe. Det er sjeldan vi har suppe eller dessert, men av og til kjøper eg i hop for mykje melk.......
Mesteparten av dagen har eg brukt til soling og lesing av bøker, både på papir og lyd. No har eg berre nokre få sider att av ei bok som Margrete kom med i går.
Nils var til Volda før middag, til kontroll, og legen var så fornøgd med han at ho gav han namnet Stjernepasient. Det er vi sjølvsagt glade for, skulle berre ønske eg også var litt sprekare.
No håper eg at alle skular og lærarar hiv seg rundt og arrangerer skuleturar mens vêret er så fint-ein kan aldri vite kor lenge det varer.
Mykje bær på det einaste stikkelsbærtreet vårt, men dei er ikkje heilt modne enno.

Dette er yndlingskatten til Nils. Han får fisk kvar dag.

Denne rosa kjøpte eg i år; den heiter Nina Weibul.

Bok nr.60 - 2015: Mysteriet Ingeborg Køber


Kanskje var byfogd Ludvig Dahls død på Hankø i august 1934 en tragisk ulykke, også for datteren Ingeborg som forsøkte å redde ham. Men underlig er det at Ingeborg, som var et spiritistisk medium, hadde forutsagt hans død - og at byfogdens livsforsikring var på samme beløp som hans kones underslag i byfogdkassen.
Ble Dahl drept av datteren? Tok han sitt eget liv? Eller ble han hentet av sine sønner i det hinsidige? I første omgang falt mistanken på Ingeborg.
Rettsprosessen som fulgte, er en av de mest spektakulære i norsk historie. Aller mest er dette likevel en gripende fortelling om en far, en mor, to døde og to levende barn som holdt sammen takket være Ingeborg.

................................................................
Dette er ikkje på nokon måte ein roman, men rein skir dokumentar. Personane blir nemnde med sitt rette namn-og ingen er anonym.
Ludvig Dahl var byfogd i Fredrikstad, og han hadde m.a. ei søster som var kunstner, Cecilie heitte ho. Cecilie Dahl har måla altartavla i kyrkja på Eid, om eg ikkje tek feil.
Siste delen av boka handla om rettsaka mot Ingeborg Køger. Det kan bli litt langdrygt, men det var rettsaka også. Heile 81 gonger måtte ho møte i retten.
I eit kapittel skildrar forfattaren tankar og idear som oppstod i mellomkrigstida, det var også interessant.
Boka er skriven på ein måte som gjer den lett å lese.
Eg syntest det var interessant å lese denne boka, men det er kanskje ikkje ei typisk "solsengbok".Les gjerne det Margrete har skrive på bloggen sin.

mandag, august 17, 2015

Dagbok 2015: 17.august

Klokka er snart 21.00. Temperaturen ute er + 17 grader C. Det har vore fint, lettskya vêr i dag med mykje sol. Passelig varmt.
Sjøv har eg gjort lite og ingenting i dag, men Nils er på kveldsjobb på rådhuset. Alle partilister og anna valmateriale skal leggast i konvoluttar. Litt surt å tenke på at så mykje arbeid blir gjort, og det meste hamnar i bosset.Får håpe papiret går til gjenvinning om ikkje anna.
Eg var ikkje oppe i gryotta i dag, men det må vere lov å ligge litt frampå når ein har lagt vaken mykje av natta. Føremiddagen vart ikkje lang. Vi rakk ein tur innom Amfi før vi skulle vere på styremøte kl.13.00. Kjekt å møte att dei andre i styret; ja, vi har no sett dei ender og då i løpet av sommaren.
Då vi kom heim att åt vi middag, restar frå i går, og tok ein liten pause på solsenga etterpå. Margrete kom kl.15.30, då sat vi ute ved hagebordet og drakk kaffi og prata, mens Amanda var på ballett.
Så for Nils på Rådhuset, mens eg begynte på ei bok som Margrete kom med.
Den handlar om spiritisme, noko som var veldig populært i somme miljø, også her i Norge frå ca 1880 og framover til 1930-talet. Boka er dokumentarisk, men faktisk ganske interessant. Eg har alt lese over 80 sider i den.
No kom Nils heim. Berre to av partia hadde gjort klart det dei skulle på førehand, noko som seinka prosessen.

søndag, august 16, 2015

Dagbok 2015: 16.august

Dei gifta seg i 1965, i dag vart dei oldeforeldre.

Klokka har passert 20.00, temperaturen er ca + 18 grader, det har vore ein overskya dag med litt regn av og til. Men så lenge det ikkje er kaldt får det vere greitt nok.
Sidan vi har vore ute i finevêret dei siste dagane, valde eg å få litt orden på huset i dag. Først shina eg opp kjøkkenet og så støvsuga eg teppegolva. Resultatet var ryddig hus og vond rygg.
Middag fann vi i frysaren, og etter middagen måtte eg legge meg på sofaen og kvile ryggen. Eg kan ikkje fordra å vere så pysete, men har ikkje noko val.
Innimellom strikkar eg litt og høyrer lydbok. Nils har drive og smårydda litt både her og der, men vi har på ingen måte bråka og øydelagt helgedagsfreden for nokon.
I dag fekk Rolf (broren til Nils) og Mimi sitt første oldebarn. Det er Kai Tony, eldste sonen til Roar, som er blitt pappa. Han har funne seg ei jente frå Solund. Barnet er ein gut. Det er mange i min generasjon som alt er blitt oldeforeldre. Den tida vi var unge var det "in" å gifte seg tidleg.
I morgon er det slutt på ferien for dei fleste. Ballettskulen startar også, det betyr at vi får besøk av Margrete, som køyrer Amanda hit til Ørsta. Dei øver i dei gamle lokala til Møre tricotasjefabrikk.

lørdag, august 15, 2015

Dagbok 2015: 15.august


Klokka er no ca 20.15, temperaturen er 20,5 grader C. Vi har hatt ein fin og passeleg varm dag. Delvis skya og med temperatur rundt +25 grader C.
Eg har ikkje støvsuga til helga, noko som skjer svært sjeldan, men her må dei fine dagane nytast maksimalt.
Vi var ein tur nedover før middag, Nils hadde ærend på apoteket og så handla vi mat på Coop.
I dag venta vi Eirik på besøk så eg fekk ei unnskyldning for å lage sveler.
Eg skulle smake på ei av prøvesvelene, og den smakte ingen ting. Då kom eg på at eg hadde gløymt å ha sukker i.
Men Nils fann ut at då kunne han ha dei til pølsebrød, sikkert inspirert av Østfoldfavoritten "pølse i vaffel". Han påstod at det var godt, men det frista ikkje meg. Resten av svelene vart MED sukker, men eg har ikkje fått heilt dreisen på svelene mine enno, så eg lyt nok forske litt meir.
Eirik hadde vore på jobb i dag, så han kom ikkje før seint på ettermiddagen. Då fann eg ein pakke med karbonader som vi hadde på skiva, sidan ingen av oss hadde ete middag.
Etter at Eirik hadde fare gjekk eg ut for å ta bilde. Då kom Jørn med varmrøkt makrell til oss. Han har vakse opp i Aust- Tyskland så han er van med å dele godene. Vi har smakt på makrellen, men det meste må nok ligge over til i morgon sidan vi ikkje var svoltne. Men god var den.
Eg er utan lesestoff for tida, dvs. her er nok papirbøker eg kunne hive meg på, det er lydbøker eg manglar. Komande mandag er det styremøte i pensjonistlaget. Møta held vi på biblioteket, så då får eg raske med meg noko heim.


Leonardo da Vinci


Lavendel kjøpt i fjor.
Når eg ser alle dei fine hagane og blomstrane på FB så ser eg at det vi har ikkje er mykje å skryte av. Men i år set eg pris på kvart minste strå. Apropos strå så har Nils klipt plenane i dag også. Dei er framleis grøne og tette. Så dette kan han!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...