Klokka er 21.15, temperaturen ute er ca + 19 grader og hos oss har sola gått ned. Tidlegare i dag har tempen vore oppe i + 28 grader C-eller meir.
Nil hadde reist ut for å fiske sei før eg stod opp, men kom att med makrell. Dermed vart det steikt makrell til middag i dag. Vi åt sein middag, for varm mat midt på dagen i slik hete smakar oss ikkje.
Mens Nils var ute og fiska og etter at han kom heim dreiv eg med ein del kantslått, både med elektrisk kantklippar og med den batteridrivne.
Elles kan eg ikkje seie at eg har arbeidd så hardt i dag. Har styrt litt i hagen, vatna litt, plukka ei lita spann med rips etc. Laga endelig den rabarbrasuppa som Nils har masa om, men den vart smaklaus fordi rabarbraen er smaklaus. No vil eg gjere noko med det og kjøpe ei ny rot til våren. Når ein brukar minst 1 kilo rabarbra burde det smake LITT.
La oss ut på altanen ei lita stund etter lunsj, men i dag vart det for heitt sjølv for meg, men jammen somna eg ei lita stund.
No etter at vi gjekk i hus tok eg og strauk nokre klede. Eg nyt varmen, sjølv om eg må gå med sid bukse, knevarmarar og strikkalestar. Det er ikkje farleg å svette.
I alle år eg jobba i skulen talte eg varmt for å ha skule ut juni månad og heller ha fri i august for då er det ofte det finaste vêret. Også i år slo det til. I min barndom var det skulestart 1.september, og så slutta vi også tidleg på sommaren. DÅ var sommarferiane lange - både for elevar og lærarar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar