mandag, mai 31, 2010

Vermelding 31.mai 2010

Klokka er 13.30, det er + 15 grader og overskya.
Det er noko som sjeldan slår feil her i ørsta: Viss vi har ein strålande dag, får vi skodde neste dag. Det slo til denne gongen også, så i dag vakna vi til fotsid skodde. Det lettar litt etter litt, og eg har tru på at sola kjem fram før eller seinare.
Men det er godt arbeidsver, så i dag har Nils styrt med saging og kløyving av ved. Eg har etter fattig evne prøvd å løde opp veden inne i tilbygget. Sidag eg fekk begynne i midjehøgde, og slapp å bøye meg for mykje, gikk det bra, men eg veit at eg får ein baksmell. Litt luking av ugras har det også blitt, heller ikkje det er noko som er bra for meg.Plukka inn dei første rabarbrastilkane i dag, men veit enno ikkje om eg skal lage noko av dei, eller fryse dei til eg har litt meir.Viss nokon lurer på korleis vi får vekk all sagmasken på plenen, er svaret enkelt: Plenklipperen tek den som ingen ting.

søndag, mai 30, 2010

Vermelding 30.mai 2010

Klokka er 12.20. Temperaturen er +17 grader C ,og himmelen nesten skyfri. Det kunne ha vore reine sommardagen om det ikkje var for den snikande nordavinden. Eg er litt forsiktig med å kle av meg og sole meg, vart nokså elendig etter at eg låg ute på altanen heile fredag ettermiddag. Vi skal ha tidlig middag i dag, for klokka 16.00 skal vi på ballettshow på Kulturhuset, der dei tre eldste til Margrete skal i elden. Det slår nesten aldri feil at det er strålande ver på ballettdagen.
Har rusla litt rundt huset og sett til plantane, men set ikkje i gang storarbeid på sundag. Elles skal eg snart på jakt etter kvann (jol), så eg får laga rabarbrasyltetøyet som Gunda (Alt godt på bloggen) har oppskrift på.

lørdag, mai 29, 2010

Vermelding 29.mai 2010

Klokka er ca 13.00.Temperaturen er17 grader C, det er lettskya og sol.Med andre ord ganske fint ver, men framleis for kaldt etter min smak.
Vi har vore på ei lita shoppingrunde, kjøpt sagkjede, frø og kugjødselkompost mellom anna.
Vi var også innom El-kjøp, for eg måtte ha nye propper til Disc-mannen min. Dei eg hadde, vart brått lydlause på begge øyra, og dei eg fikk med Solveig, likte eg ikkje lyden i.Mens vi gikk og leita etter slike, fann Nils denne spelare til ein rimelig pris, og sidan den eg har er ganske dårlig, fann vi ut at vi like godt kunne kjøpe heile pakka.

Men no lurer eg på om eg har kjøpt noko anna enn eg trudde.Vart litt skeptisk då eg kom heim og las teksten på emballasjen. Eg har ikkje pakka den ut, det er jo heilt umulig å eventuelt pakke den inn igjen.Derfor spør eg om hjelp. Kan nokon som har peiling, fortelle meg om eg kan lese bøker på denne maskina her? Eller eventuelt -kan den brukast til noko anna? 

10-årsjubileum.

I dag er det 10 år sidan Amanda vart fødd. Ho er nummer tre i søskenflokken og oppkalla etter oldemora si på Eid. Dei budde i Ulsteinvik då ho kom til verda, men same sommaren flytta dei til Bjørnaset. Det var ein våt og kald sommar, så ullkleda eg hadde strikka, kom vel med.
Men om veret var dårlig på våren og sommaren ,fekk vi ein nydelig haust. På farfaren sin 60-årsdag  den 25. november kunne vi plukke både roser og bjørnebær i hagen.
Dette bildet er tatt på morfaren sin 63 årsdag den 14.november. Då hadde vi  sju barnebarn, etter den tid har vi fått fire til.Det var som ein tradisjon i mange år at Einar skulle halde den minste, sidan han var eldst. (Som ein liten kuriositet kan eg nemne at gardinene som eg sydde til stova den våren A. vart fødd, heng der enno, mens mesteparten av møblane er skifta ut med nye.)
Når eg har valt å skanne bilde frå gamle album, er det fordi vi ofte ser bilde av både vaksne og barn slik dei er i dag, så det kan vere kjekt med eit tilbakeblikk.
Amanda har heilt frå ho var lita,  vore ei rolig og forstandig jente, men der er meir fart i henne no enn det var den første tida. Ho spelar kornett i korps, dansar ballett og sparkar fotball- blant anna.Og sannelig skal ho danse på Kulturhuset her i Ørsta på sjølve fødselsdagen sin. Vi skal ikkje vere der då; men stiller opp i lag med resten av familien på sundag. Dei to eldste skal også vere med i showet.Så det gler vi oss til.

Gratulerer med dagen, Amanda, og lykke til både med bursdag, ballett og MGP!
Helsing frå Morfar og mormor.

fredag, mai 28, 2010

Vermelding 28.mai 2010

Klokka er 13.00, og temperaturen + 17 grader C.Ute er det sol og strålande ver, med ei og anna lita sky.
Vakna tidlig i dag og stod tidlig opp, og dermed vart eg også tidlig ferdig med fredagsvaskinga, som denne gongen var svært påkreva.  Eg har alt hatt meg ein liten halvtime med lydbok på solsenga. Sidan alt det andre i dag har vore så tidlig, blir det også tidlig middag. Lapskaus frå i går varma i mikroen. Passar bra.

torsdag, mai 27, 2010

Vermelding 27.mai 2010

Klokka er no ca 15.00, og temperaturen er +15 grader C.Vi har nettopp ete middag, og mens vi åt, kom det ei skikkelig regnbyge, før det letta opp igjen. Før middag var det ganske fint ver og ein del sol
I dag er det saging og kløyving som står på vedprogrammet. Sjefen fann ut at det sikkert ikkje var lurt å felle fleire tre før dei første var på plass. I staden for å ha veden i sekker slik vi plar, skal han no løde den opp inne i tilbygget. Det hadde vore fint arbeid til meg, viss eg hadde kunna bøygd ryggen.
Eg koka ei stor panne lapskaus til middag, og så har eg ei vaffelrøre ståande som eg skal steike om ei stund. I 5-6 tida skal vi køyre Audun heim att, så får vi oss ein liten tur med det samme.Fisketur har det ikkje blitt på karane denne gongen, båten vår eignar seg ikkje i vindfullt ver. Men det kjem dagar etter desse.

onsdag, mai 26, 2010

Vermelding 26.mai 2010




Klokka er 12.40. Temperaturen + 16 grader C og sola skin innimellom sjølv om der er ein god del skyer.
Audun og Nils har nettopp kome heim med det første lasset med ved, og no skal det bli ei lita matpause, så snart eg får brøda ut or omnen.Eg er heime og fungerer som gammaldags husmor, nemlig.
Ja, så bloggar eg litt innimellom også.


Klokka 16.00: Lass nr.2


Klokka 16.30:Lass nr.3




   Klokka 17.00:Lass nr.4.





Rusta for neste vinter?

Bok nr.28 - 2010: Tordengudens sønn

Eg har lese nesten alle Paasilinna sine bøker, og eg har likt dei veldig godt. Dei er alle i nokonlunde samme sjanger; samfunnsskildring/kritikk skildra med ein heilt fantastisk humor. De kan forstørre opp bildet og lese kva denne boka handlar om.

Når eg ikkje likar denne boka så godt som dei andre, kan det ha mange grunnar.
1.Eg har brukt for lang tid på boka. Har "dotte ut" / sovna for ofte, og dermed spola og lese om att for ofte.Dessutan har eg lese ei anna bok parallelt.Rett ut sagt, ikkje konsentrert meg godt nok.
2. Eg begynner å bli lei sjangeren?
3. Eller kanskje denne boka rett og slett ikkje er så bra som dei andre. Eg har ei kjensle av at den er for overtydelig.
Det er berre å lese boka sjølv, og gjere seg opp si eiga meining.Dette er mi.

tirsdag, mai 25, 2010

Vermelding 25.mai 2010

 Klokka er 11.30.Temperaturen + 10 grader C,det er delvis skya, men også sol.
Då vi stod opp i dag var det kaldt og vått,skodda låg langt ned i fjellsida og under skodda låg snøen.
No har det letta litt og det ser ut til å bli ein bra dag.
I dag tidleg var det to dompap-par i plommetreet, prøvde å ta bilde med zoom gjennom vinduet for ikkje å skremme dei vekk.Det vart sjølvsat ikkje heilt vellykka.



Slik ser det ut i beddet ved garasjen no. Dei rosa-raude tulipanane planta vi sist haust, så har vi planta stemors og margeritt.Dessutan kjem staudene etter kvart. Det heile er nokså planlaust, komponert etter innfallsmetoden.
No skal vi nedover og handle litt, og eg skal på biblioteket. Håper dei har fått inn nye lydbøker. Eg står på venteliste for Knausgaard.


mandag, mai 24, 2010

Vermelding 24.mai 2010

Klokka er snart 14.30.Temperaturen er + 11 grader, og som de ser ligg det skodde ned i Vallahornet, men det regnar ikkje noko særlig.
Det er surt og kaldt å vere ute, så vi held oss mest inne og fyrer i omnen.For å gjere litt til nytte, har eg vaska og rydda kjøleskapet. Til middag skal vi ha restar av hjortegryte. I fjor i pinsa hadde vi ein fin biltur, men fordelen med å vere pensjo er at vi kan ta slike turar om det ikkje er helg. Denne veka ventar vi Audun innover, han skal hjelpe NIls med vedhogst.Trur ikkje eg er til så mykje hjelp til slikt arbeid akkurat no, men eg kan no passe på å fore arbeidsmennene godt i alle fall. 

Bok nr.27 - 2010: Broene i Madison County

Når det gjeld Broene i Madison County er vel filmen meir kjend enn boka. Men sidan eg ikkje har sett filmen, kunne det vere OK å lese boka, tenkte eg. Den var på berre 4 CD-ar, så det gikk relativt raskt. Det er ei fin og romantisk bok av den gammaldagse typen der kvinna  i romanen må velje mellom plikt og stormande forelsking.No har eg presisert at eg ikkje er nokon romantikar, men denne boka hadde noko udefinerbart over seg i all si enkelheit. Sidan eg veit kven som spelar rollene i filmen, var det lett å sjå hovudpersonane for seg også.
Eg likte boka godt, fordi den hadde denne underliggande nerven, eller kva eg skal kalle det. Ikkje alt blir sagt eller fortalt, likevel forstår ein korleis personane tenkjer og føler. Den er romantisk og vakker, litt sentimental også, men på ein fin måte.
Eg skal gjere alvor av å sjå filmen.

søndag, mai 23, 2010

Vermelding 23.mai 2010

Klokka er 13.30. Det er + 11 grader C og skodda ligg midt ned i fjellsidene.Det er nokre regndropar i lufta også. Eg vurderer å ta fram att ulltrøya, for heile kroppen verker både dag og natt.
Men plommetrea har endelig begynt å blomstre litt og sukkerertene spirar, så det er håp for alt.
Føremiddagen i dag har gått til laging av fiskekaker, til tross for at det er pinsehelg. Slik er det når ein driv sjølvforsyningshushald i stor stil. Laga kaker av 3 kilo malen fisk, så det er ikkje all verda. Etterpå laga eg den retten som vi kallar "søndagssei" og som vi skal ha til middag.
Margrete var så vidt innfor døra og henta jakkene som dei to yngste gløymde att før i veka, dei skulle til Herøy gard og sjå på noko vikinggreier. Eirik skulle på fotballkamp i dag også, så han var ikkje med.
Blei litt misunnelig då eg fekk bilde frå Kongsberg i går som viser eit heilt anna verlag enn det vi har.

lørdag, mai 22, 2010

Klokka er 11.45, temperaturen + 13 grader og det regnar. Skodda ligg nesten heilt ned på jorda, men eg har ei von om at det skal bli betre. I går prøvde eg å rydde i bedet ved garasjen, men det skulle eg aldri ha gjort. Ryggen gikk AV og det vart verking til langt på natt. Eg lærer aldri. Bildet er ikkje godt, men der står nokre fine rosaraude tulipanar som eg planta sist haust. Nils klipte plenen og då såg det bra ut til tross for eit halvrydda bed.
No skal vi ha oss ein liten tur ned på Amfi og handle inn til helga, det blir vel helst mat.                       
                          Vil ønske alle blogglesarane ei god pinsehelg.

fredag, mai 21, 2010

Vermelding 21.mai 2010

Klokka er ca 12, temperaturen er + 18 grader og det er knapt ei sky på himmelen.Finare kan det ikkje bli!
Nils var oppe i gryotta og for på sjøen. Han hadde ute line + at han fiska med snøre. Fangsten vart ikkje av dei aller største, men rikelig til oss og litt til naboen.Han fekk lange, brosme, sei, lyr og ein liten torsk som vi to skal ha til middag i dag.
Eg har vore ute og prøvd å reinske i blomsterbeddet ved garasjen, men eg må heile tida passe på ryggen, så eg får ikkje gjort all verda. Dessutan kjem det kjentfolk forbi på vegen- og det er koselig med ein prat. Det skal visst skye over seinare, så då får vi ta oss ein raptus, no skal eg ut på altanen og nyte sola.
Og så må eg hugse å sjå etter dompap-paret som var i plommetreet i går og åt solsikkefrø som Nils har plassert i ei plastkanne der. Trur det er første gongen eg har sett dompap i hagen på denne årstida.
Ha ein fin dag!

torsdag, mai 20, 2010

Vermelding 20.mai 2010

Klokka er 12.30, temperaturen + 16 grader C, det er lettskya og sol.
Tidlegare i dag kom skodda sigande og låg heilt ned, så det er vel restar av den som ligg og kjøler ned, for det er langt frå så varmt som i går. Får håpe det kjem seg.
Nils sløyfa fisketur i dag for å prøve å bli ferdig med hageprosjekta sine. Han driv og soldar mold og legg utover der det trengst, t.d. på muren ned mot naboen,der vi tok vekk alle grantrea.Det kjem seg litt etter kvart.
Skilnaden på oss to er at alle ser kva han gjer, men ingen, absolutt ingen, ser at eg har rydda, vaska, støvsuga og you name it -INNE. Det er slik med husarbeid, ingen legg merke til at det blir gjort, men fleire ville nok reagert om det ikkje vart det. No høyrest eg kanskje litt bitter ut, men det er eg ikkje. Eg er tvertimot GLAD for at eg greier å gjere såpass.
No skal eg snart legge meg på utesenga mi på altanen. Altanen er forresten også fin og nyvaska. Det var eit fellesprosjekt med skuring og spyling som gikk av stabelen i går kveld.Ha ein god dag!

onsdag, mai 19, 2010

Klokka er 12.40. Temperaturen er + 21 grader C og det er strålande sol; berre nokre små lette skyer på himmelen.
I dag er Amanda og Erlend her hos oss, mens Margrete har med seg dei to eldste til Åse.
Amanda og Nils har vore ein tur nedover og handla, mens Erlend har vore her og spela data. Dei skulle kjøpe eit "kanindo" men det fekk dei ikkje tak i, så det vart ei nødløysing. Viss nokon meiner at det er mykje rot på plenen vår, så er det heilt rett. Det kjem av at Nils driv og tømmer tilbygget og gjer klart til ny ved når så langt kjem.Vi prøver å kaste mest mulig...... Elles ser de at plommetrea ikkje blomstrar enno, men med det veret vi har i dag, kan det gå fort framover.
Dei ringde forresten frå Møbelringen og sa at plata til salongbordet var komen, så no blir det montering igjen! Say no more!

tirsdag, mai 18, 2010

Glimt frå 17.mai på Kongsberg.

Posted by Picasa

Vermelding 18.mai 2010

Klokka er14.40. Temperaturen er + 16 grader C og det er lettskya og litt sol. Tenk hadde det vore så fint i går!
I dag hadde eg legetime klokka 9.30, men som vanlig vart det forseinkingar. Eg skulle berre måle blodtrykket og få attest på at eg framleis kan køyre bil(synsprøve). Begge deler var heilt i orden. Etterpå var vi på Amfi der vi fekk melding på mobilen om at Bodil og Svein var på flyplassen og dei ville komme oppom til oss ein tur viss det passa. Dermed fekk vi hyggelig besøk på ein ganske alminnelig tysdag. No har dei reist igjen.Og vi skal nedover til Vik og sjå om vi finn nokre utekrukker.

mandag, mai 17, 2010

Bok nr.26 - 2010: Carmine Street

Eg har lese mange av Håkan Nesser sine bøker, særleg kriminalromanar, og han har vore ein av mine favorittar. Men denne boka får eg liksom ikkje taket på - eller det er kanskje rettare å seie at den ikkje grip tak i meg.Eg seier ikkje at boka er dårlig, den er både velskriven og tankevekkande på mange måtar, men eg dett ut heile tida, noko som er særdeles irriterande når kvar plate inneheld 6-7 spor. Eg har såleis lese store delar av boka både to og fleire gonger utan å få særlig mykje ut av den. Det er kanskje mi eiga skuld?

Vermelding 17.mai 2010

Klokka er 11.00.,temperaturen + 10 grader og det er overskya med litt skodde i fjella. Ikkje det mest strålande 17.mai-veret altså, men det skal bli betre utover dagen. Men graset er grønt og dei fleste bjørkene har fått grønt lauv. I fjor på denne tid hadde vi klipt plenane 3 gonger!
Vi har tenkt oss inn til Straumshamn på sikt, der barnebarna skal vere med i programmet på festen i grendahuset. Det er kjekt å vere der inne i lag med familien til Margrete og dei andre besteforeldra. Kjenner etter kvart mykje folk der også. Etter festen skal familien samlast i Nautvikja og då får vi håpe kveldssola er på plass.
Ønsker alle ein fin 17.mai.

søndag, mai 16, 2010

Vermelding 16.mai 2010

Klokka er 12.30, og temperaturen er + 12 grader. Som de ser ligg skodda framleis langt ned i fjellsida, men den lettar litt etter kvart. Typisk for Ørsta er at får vi eit par fineversdagar, så kjem skodda, og sidan her ikkje blæs særlig mykje, blir ho ofte liggande.
Eg har ikkje gjort noko særlig i dag, berre stelt med blomstrane inne. Nils tok ein tur ned til naboen som er komen heim frå Gran Canaria. Så får vi sjå kva vi finn på resten av dagen.

Gratulerer med dagen, Eivind.




I dag fyller storebror Eivind på Kongsberg 8 år. Han har no to mindre brør å ta seg av, ei oppgåve han greier med glans.Han er veldig snill med småbrørne sine.
Han er no snart ferdig med 2. klasse påWennersborg skole og har mange kjekke kameratar der. Dei kjem ofte på besøk og leikar med Eivind og Vebjørn både inne på rommet til Eivind og ute på trampolina.
Då han gikk i barnehagen brukte dei å feire 17. mai dagen før dagen, så då vart det litt av ei bursdagsfeiring.I fjor feira dei "ute", men kva det blir til i år, veit eg ikkje.
Vi ønsker Eivind og heile familien ein fin fødselsdag og ein strålande 17. mai.
Gratulerer så mykje med dagen, Eivind.Det er bra at du har bestemor og bestefar så nær, for det er for lag veg for oss å komme i bursdagen din.Håper det blir ein super dag! Hilsen farfar og farmor.

lørdag, mai 15, 2010

Vermelding 15.mai 2010

Klokka er 12.30, temperaturen + 16 grader. Det er lettskya, sol og litt vind.
Nils var komen på sjøen lenge før eg hadde tenkt å vakne. Han kom heim med bra og variert fangst: sei, lange,lyr og uer.
Eg har støvsuga, og stort meir blir det visst ikkje med meg i dag. Skal nedover ein snartur og handle litt mat til helga. Vi kjem til å feire 17.mai på Straumshamn og i Nautvika  i år.Vi skal feire  Amanda sin fødselsdag litt på førehand også mens vi først er i gang. På sjølve dagen hennar (og dagen etter) er det ballettshow og MGP.

fredag, mai 14, 2010

Vermelding 11.mai 2010

Klokka er15.00. Det er + 19 grader og lettskya. Solveig med fam. er på besøk. Dei kom med denne fine ,lille kanina som Amanda skal ha.

Her sit Olaug og held på kaninbabyen,ho har kledd seg "dyrisk" for anledninga.

Her ser de kaka eg laga i går. Det er ei ostekake med blåbær. Den fikk særs god kritikk frå gjestane.
Apropos kake så vil vi gratulere Ruth og tvillingsystra med dagen i dag!

torsdag, mai 13, 2010

Vermelding 13.mai 2010


Klokka er 12.40,temperaturen nærmar seg + 16 grader C og no må våren vere komen for godt? Det er lettskya med gløtt av sol.

Eg har halde til på kjøkkenet heile føremiddagen, der eg har både baka og koka, med større og mindre hell, trur eg.
Ville lage ei kake som eg aldri hadde laga før, og som den moderne husmora eg er, går eg ikkje til kokebøker ,men til Nettet. Ikkje berre får eg oppskrift, men der er også video der ei dame fortel meg kva eg skal gjere frå a til å. Då er det berre å plassere laptopen på kjøkkenbenken og sette i gang. Så får vi håpe resultatet svarer til forventningane.

onsdag, mai 12, 2010

Bok nr.25 - 2010: Gutten i kofferten.

Denne boka var litt forvirrande til å begynne med, her er så mange personar og parallellhandlingar.Noko skjer i Danmark og noko i Litauen.Men det går ikkje så lang tid før ein har oversikt.Kva boka handlar om kan de lese på omslaget.Boka er periodevis veldig spennande, men så stoppar det liksom opp ei stund, før handlinga går vidare.Vi får bakgrunnsinformasjon om dei fleste involverte, noko som sikkert er gjort for å forklare kvifor dei handlar som dei gjer. Og eg irriterer meg over at dei ikkje involverer politiet, men skal ordne opp sjølve.Boka er på 8 CD-ar, ei passelig lengde for ei slik bok. Boka er grei nok, men eg har lese så mange liknande bøker, og dette er ikkje den beste. Eg likar ikkje når det blir for mange drap!!!!

Vermelding 12.mai 2010

Klokka er 12.40, temperaturen er + 9 grader C, og det er overskya opphaldsver.Det einaste som skjer i heile gata har eg inntrykk av, er at naboen legg på ny bordkledning under stoveglasa.Det er stilt og rolig over alt.
Kan hugse at for mange år sidan var det somme år det var vanskelig å finne utsprotta bjørk til 17. mai, men i år er ikkje skogen mykje grøn. Dette er veldig uvant no når vi i mange år har hatt milde vintrar og tidlege vårar.
Eg har gått i fleire dagar og vore "forkjøla", men i dag er eg plutselig ikkje forkjøla lenger. Begynner å lure på om det kan vere allergi.
Vi må ha oss ein liten handletur i dag også, for eine stemorsblomsten i eine kassa døde og må ha ein avløysar, og så har eg nokre andre småærend.
Ønsker alle blogglesarane ei god langhelg. For oss pensjonistane blir det ikkje så stort avbrekk frå det vanlige.

tirsdag, mai 11, 2010

Vermelding 11.mai 2010

Klokka er 13.30. Temperaturen er + 10 grader og det er lettskya. Då vi stod opp i dag låg det snø på markene, men den forsvann fort.
Sidan eg er forkjøla og litt slapp i dag, har eg lita arbeidslyst, så det vart ein tur på Amfi i staden for hus- og hagearbeid.Der trefte vi mange kjende som vanlig, mellom andre ein tidlegare kollega som no er rektor på Svalbard. Ho var heime på "ferie".
Bildet er i dag teke frå parkeringsplassen til Amfi, og for dei som ikkje er så kjende, kan eg fortelje at fjellet midt i bildet heiter Lidaveten. Den undersjøiske tunnelen går gjennom dette fjellet, og dei som har ørneblikk kan kanskje sjå tunnelopninga?

mandag, mai 10, 2010

Vermelding 10.mai 2010

Klokka er snart 12, ute er det lettskya og + 8 grader.Tidlegare var det full sol, men det skyar visst meir og meir over.
Det første Nils gjorde i dag var å dra den døde grana opp med rota, og så kjørte han på VØR med eit heilt lass hageavfall. Der var det kø, så det var vel fleire som hadde rydda i hagen i helga.
Eg driv og bakar til frysaren, greitt å ha litt på lur. Tenkte eg skulle rote ferdig før eg rydda skikkelig på kjøkkenet.
Så håper eg at veret held seg så bra at eg kan hjelpe til å rydde litt ute. Fekk endelig planta i kjøkkenkassene på laurdag. Det blei berre stemors i år, men så får eg putte nokre blomkarsefrø ned med kanten, slik at der er noko som blomstrar til hausten også.

søndag, mai 09, 2010

Bok nr.24 - 2010: Barnepiken

Handlinga i denne boka er lagt til byen Jackson i Mississippi USA først på 1960-talet.Alle dei velståande kvite menneska i byen har ei svart hushjelp som gjer det meste av husarbeidet og tek seg av barna i familien.
Det er tre forteljestemmer i boka, to svare hushjelper og ei ung kvit kvinne som er nyutdanna journalist.Det er tre ulike personar som les "rollene" og det er inga sak å halde dei frå kvarandre. Boka handlar mest om det ofte vanskelige forholdet mellom dei kvite og dei svarte, men også om sympati og antipati på tvers av rasegrensene.Eg måtte spørje meg sjølv meir enn ein gong om folk kunne vere så forstokka i USA så seint som på 60-talet.Meir vil eg ikkje skrive om innhaldet.(De kan forstørre og lese på omslaget.)
Boka er perfekt som lydbok, ingen problem med å halde orden verken på folk eller handling.
Boka er veldig lettlesen, språket er enkelt og ukomplisert på alle måtar, likevel blir det ikkje banalt. Eg har likt å lese denne boka av mange grunnar, mest fordi den handlar om menneske og deira følelsar i ulike situasjonar.Det kunne lett blitt sentimentalt, men forfattaren balanserer akkurat på kanten der.
Eg vil våge å påstå at dette er ei typisk damebok som mange vil like å lese.
Forfattaren kjem med eit etterord som forklarer kvifor ho skreiv boka.
NB: Eg har ikkje googla boka, vil gjerne beholde mi eiga meining om den.

Vermelding 9.mai 2010

Klokka er 12.30. Det er overskya og temperaturen er + 8 grader. Då vi stod opp i dag skein sola, men det varte ikkje så lenge,dessverre.
I dag kom Nils med 3 kilo malen fisk som han ville eg skulle lage fiskebollar av. Eg gjorde det, under tvil. Likar best å bruke foodprosessoren og få litt meir finmalen farse til bollar, men det tykte han ikkje var så nøye. Så blei det slik. Sidan det var litt småsei i lag med, vart bollane litt grå, men kjenner eg pensjonistane rett, går det meste ned på høgkant.Lagar kvit saus med løk og paprika til, så blir det bra.
Sidan eg først hadde rota til heile kjøkkenet, tok eg like godt å laga ei gulrotkake i same slengen. Det nærmar seg litt av ein geburtsdags-sesong i familien; den varer frå 29.mai -3.juli.Så det kan vere greitt å ha litt på lur.
På bildet kan de kanskje sjå at båtvogna står lasta med hageavfall. Vanlegvis plar vi male kvist og kvas på kompostkvern, men nok er nok, og tørre grankvistar noko herk. Så denne gongen blir det å levere på VØR (Volda-Ørsta-Reinhald). Spørsmålet er om ikkje den brune kjeglegrana skal få ein plass oppå lasset. Trur neppe den vaknar til live igjen.Elles oppdaga Nils ein syndar i jordbæråkeren i dag, ei kråke hadde begynt å grave opp plantane.
Det er heilt stille i gata i dag.Folk er anten i konfirmasjon eller dei er vekkreiste. Dei som er heime, held seg inne.

lørdag, mai 08, 2010

Vermelding 8.mai 2010

Klokka er snart 15 og middagen er klar. Det blir salta brosme i dag.
Temperaturen er + 10 grader, men det kjennest mykje kaldare ut.Det er overskya, og det har nettopp vore ei lita regnbyge. Vi har vore og handla både i Volda og Ørsta; trefte mykje folk vi kjende og det er no kjekt. No har vi endelig fått tak i skikkelige stemorsblomster til kjøkkenkassene. Dei som er særs observante vil sjå at alle granene mot naboen nedanfor oss er vekk, og der ligg ein dunge med ved under plommetreet.

fredag, mai 07, 2010

Vermelding 7.mai 2010

Klokka går mot 12, og Nils har nettopp kome heim frå sjøen. Det er strålande sol og + 14 grader C, så det er heilt nydelig ute.
Nils for ut på sjøen lenge før eg vakna, eller rettare sagt rett etter eg hadde somna. Får meg vakenetter etter at eg har vore spesielt aktiv, og det var eg i går, då vi felte resten av dei pjuskete granene mot naboen.
Han kom i alle fall heim med fin fangst. Han sette kveiteliner, og det var der han fekk den store brosma og fleire andre litt mindre.
Eg har laga tomatsuppe og foccaciabrød som vi skal ha til lunsj. Så blir det vel fisk seinare på dag. Såg at han hadde ein del småsei, og den plar vi ete med det samme, og så deler vi gjerne med dei naboane som vil ha.Det er vel snart berre pensjonistar som et slik mat?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...