torsdag, mai 27, 2010

Vermelding 27.mai 2010

Klokka er no ca 15.00, og temperaturen er +15 grader C.Vi har nettopp ete middag, og mens vi åt, kom det ei skikkelig regnbyge, før det letta opp igjen. Før middag var det ganske fint ver og ein del sol
I dag er det saging og kløyving som står på vedprogrammet. Sjefen fann ut at det sikkert ikkje var lurt å felle fleire tre før dei første var på plass. I staden for å ha veden i sekker slik vi plar, skal han no løde den opp inne i tilbygget. Det hadde vore fint arbeid til meg, viss eg hadde kunna bøygd ryggen.
Eg koka ei stor panne lapskaus til middag, og så har eg ei vaffelrøre ståande som eg skal steike om ei stund. I 5-6 tida skal vi køyre Audun heim att, så får vi oss ein liten tur med det samme.Fisketur har det ikkje blitt på karane denne gongen, båten vår eignar seg ikkje i vindfullt ver. Men det kjem dagar etter desse.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...