mandag, desember 31, 2012

Vêrmelding 31.12. 2012

Klokka er nesten 15.00, temperaturen er + 4 grader og det er overskya. Ja, det regnar visst litt av og til også. Lyst er det ikkje, trur ikkje det har vore heilt lyst i dag. Men det som kjem frå himmelen som regn, slepp ein å moke og mildveret sparer oss for sprengfyring.
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen, men tok oss ein liten tur på Amfi for å kome oss ut dørene ei lita stund. Der treffer vi alltid folk som det er kjekt å slå av ein prat med. No har vi hatt oss ein kaffikopp og litt mat. Tek sikte på sein middag. Nils og eg blir her "åleine"i kveld- og det er heilt OK.
Vi er ikkje så selskapsglade, men trivast med å slappe av og sjå TV.
Så vil eg ønske alle blogglesarane eit GODT NYTTÅR! Og alt godt i året som kjem.

søndag, desember 30, 2012

Vêrmelding 30.12. 2012

Klokka er snart 18.00. Ute er det mørkt, regn og +5 grader. Det ligg att noko snø, og litt is på vegane.
Før middag ville vi ut og "sjå etter båten" og lufte oss litt, men då vi kom på Rjåneset pøsregna det, så eg såg meg ikkje syn med å gå ut av bilen. Sjølvsagt kunne eg kledd meg etter vêret og stilt i regnkåpe, men ein kan no ikkje tenkje på alt heller !
Det blei altså berre biltur, i sakte tempo, så vi fekk sett oss litt omkring langs vegane.Vi såg mellom anna at det var veldig høg flo, så viss vi hadde fått vind, kunne det blitt skummelt.Her blæs det så å seie ikkje, og vinden kjem frå sør og då står den ut fjorden, så det er nesten stille i sentrum.
Då vi kom heim vart vi ståande ute og prate med nokre naboar før vi gjekk inn og laga middag. Lett mat i dag, heimelaga fiskepudding i kvit saus. Trur eg får det lettvint med matlaging framover, sidan eg laga så mykje før jul.
Elles har eg lese bok, og Nils sett på skihopp. Ein ekstremt lat dag, men så er "juleferien" snart over og ein må til å vere meir aktiv. Ikkje verst for oss som styrer tida og aktiviteten sjølve.Ønsker alle ei god nyttårshelg.

lørdag, desember 29, 2012

Bok nr. 66 - 2012: Skyggedød

Skyggedød
Anne Holt har aldri vore min favoritt, og det er ho ikkje etter denne boka heller.
Ein liten gut dett ned frå ei gardintrapp og misser livet. Faren, som har ord på seg for å vere ein brutal far, vert med ein gong mistenkt.
Boka er litt sånn Agatha Christie-aktig- i det ein skal mistenke både den eine og den andre. Til slutt kjem avsløringa. Det var berre det at eg hadde funne mordaren for lenge, lenge sidan.
Boka er etter mi meining verken spennande eller interessant. Her er for mange ord, for mykje fyllstoff  - og i det heile tatt. Eg vil sjølvsagt ikkje fråråde  nokon å lese boka, men den fall ikkje i min smak.Slutten er patetisk.
Forfattaren vil sette søkelyset mot vold mot barn, seier ho i etterordet, og det er jo prisverdig.

Vêrmelding 29.12. 2012

Klokka er snart hakv fire og det er åt og mørknar ute. Det er overskya, litt vind og mildt, dvs.ca + 8 grader C. Det var nesten som ein sommardag då vi kom ut i dag, kledd om lag som vi har vore siste månaden.
Vi måtte ein tur nedover i dag også for å sjå folk. var først ein tur innom Amfi, men der var det noko grese mellom kjenningane.Vi ville oppom kaffibaren og ta oss ein kopp, men der var det fullt, som vanlig. Dermed vart det ein liten tur innom fru Svendsen og ein kaffikopp der. Der var det langtfrå fullt, men koselig pynta. Der heng alltid originalkunst på veggane, og bilda blir skifta ut av og til.
Dei har god mat på "Fru Svendsen", men ikkje middag. Vil anbefale folk som er på besøk å sjå innom denne kafeen. I tillegg til rommet de ser bildet frå her, er der også ein salong med tidsriktige møblar.Svendsengarden var i si tid største garden i Vik, med hage som rakk heilt ned til sjøen.
Etterpå gikk vi ned att på Amfi, og no trefte vi masse folk vi kjenner, så det varte og rakk før vi pitla oss heim att.
Her er den kvite orkideen eg kjøpte i går.
 

fredag, desember 28, 2012

Vêrmelding 28.12.2012

Klokka er snart 14.00.Temperaturen ute er + 2 grader C. Vi har hatt eit nydelig vêr hittil i dag, men det varer nok ikkje så lenge, for det har begynt å blåse litt.
Nils måtte moke snø i dag føremiddag, men det var ikkje nok snø til at han tok ut fresaren. Før vi for på handlerunde, ringde eg og og prata litt med Rasmus. Der nede var det fint vintervêr og minus 12 grader.
Det gamle armbandsuret mitt takka for seg før jul, og vi tykte ikkje det var noko å koste reparasjon på, eg har hatt det lenge. Så ærendet vårt i dag var å sjå på ny klokke til meg. Denne gongen ville eg ha stål, sidan eg sjeldan går med gullsmykker. Det enda opp med eit skikkelig sveitser-designur til ca 1300 kr på sal. Opprinnelig var det dyrare. Eg ville ha det så enkelt som mulig og eg fall altså for dette.
Elles var vi ein tur på plantasjen der det var nesten tomt. Kjøpte tre rosa sviblar for 50 kr og ein pakke serviettar. Dermed måtte eg inn på blomsterbutikk i sentrum, der eg fann meg ein kvit orkide og ein raud ildtopp. Eg måtte kaste ut den kvite julestjerna før jul, og så vart det ikkje kjøpt noko, for eg fekk den flotte asaleaen. Den har eg ståande i gangen, for eg veit at den døyr om den kjem inn i varmen.

torsdag, desember 27, 2012

Vêrmelding 27.12. 2012

Klokka nærmar seg 19.00. Då skal vi sette på TV og høyre om der er noko nytt. Vi set veldig sjeldan på fjernsynet før den tid.Ute har det kome ein del snø, og før middag var Nils ute og moka. Temperaturen er ca minus 2 grader, og det hadde vore fint om vêret hadde stabilisert seg slik, men dessverre er det meldt regn på sikt.
Elles var han til urmakar med klokka mi, for å sjå om der er botevon, eller om eg må kjøpe ny. Det får vi kanskje vite i morgon. Då må eg ha meg ein tur nedover.
I dag vart det liksom "dagen derpå" i dag. Vi hadde ikkje noko på programmet, men eg prøvde å få litt orden på huset- og på matrestar etc.Støvsuga og vaska litt gjorde eg også-utan å overdrive. Til "middag" koka eg graut av risrestar frå i går, men utpå ettermiddagen måtte vi finne fram noko saltmat. Slik er det når vi er berre to, då tek vi det litt lettvint.
Fekk litt abstinens etter å ha strikka lester heile hausten, så i dag la eg opp til eit par restelester, trur eg skal ha dei sjølv. Nils har allereie fått seg eit par.Her i huset går vi med ullestar nesten heile året, eg trur det er sunt. Varmt og luftig på same tid.
Nils driv og leitar på nettet og i bøker etter ein båt som forliste i Nordishavet i 1929.
Onkelen til Nils var ombord i ein båt som forliste der, og dei heldt seg i live i ein mnd. på isen.Men han er ikkje sikker på kva båten heitte, og finn ikkje ut av det.Onkelen snakka aldri om det som hadde skjedd. Så no foregår det intens etterforsking her. Eg held med til Anne Holt si etterforsking i boka "Skyggedød". AH er ikkje min favoritt, men skal ikkje uttale meg før eg er ferdig med boka.
Håper at alle har det nokonlunde bra i jula, her har både Solveig og Margrete skranta litt, mens vi gamle har greidd oss bra, så langt.

onsdag, desember 26, 2012

Vêrmelding 26.12. 2012

Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er så vidt over 0 grader C og det har kome litt snø.Ein gong måtte finevëret ta slutt.
Eg har nettopp sett meg ned etter å ha tømt ei oppvaskmaskin og fylt den igjen og så vaska opp resten med hand. Same kor gale her ser ut, så går det ikkje lange stunda før det meste er i orden igjen.
I vår familie er det tradisjon å samlast her 2.juledag. Det er også ein tradisjon at vi serverer Stroganoffgryte sidan den kan lagast neste ferdig på førehand.
Etterpå hadde vi diverse dessertar og kaker. Og før gjestane reiste fekk dei enkel kveldsmat. Det er også ein tradisjon at vi kjøper inn mykje meir enn det som går med. Ja, vi har nok mat langt ut i det komande året. Nokon som kjenner seg att.
No skal vi slappe av resten av kvelden. Håper der er mange bra program på TV.
Vi har sjølvsagt hatt det hyggelig i lag med døtrene med familiar, berre synd Rasmus er så langt borte, men ei trøst er det at vi nyss har vore der på besøk.(Bordet er dekka til 11, dei to eldste gutane kom seinare. Dei har mange jern i elden.)

tirsdag, desember 25, 2012

Vêrmelding 25.12. 2012

Klokka er ca 18.30. Temperaturen er minus 3,5 grader C, og det har vore fint, lettskya vêr i dag også.
Vi stod ikkje altfor tidlig opp, og etter frokost såg vi juledagspreika på TV. Om ein ikkje gjer noko "julete" blir juledag ein vanlig dag når vi går her og rotar, berre vi to.
Eg sette i gang med litt førebuingar til i morgon, laga eit par dessertar mellom anna. Det meste er klart til storinnrykk, så no får eg berre håpe at ikkje nokon blir for sjuke til å kome. Solveig er på veg til å bli betre, men no er ikkje Margrete heilt bra. Får håpe ho vert likar` i morgon. Den "forkjølinga" som eg hadde trur eg var allergi, for i går då eg vart nøydd til å ta ein ekstra allergitablett, forsvann forkjølinga også. Dessutan døde den kvite julestjerna, så eg fekk kaste den ut. Det hjelper kanskje også.
Nils hadde forlete båten litt hastig sist han var ute, så han ville ut og sjå til den før det vart mørkt. Då vart eg med, og vi gikk "en tur på stien". Altfor kort tur, sjølvsagt, men det var kald trekk der ute, sjølv om det berre var minus 4 grader. Og så var ikkje vegen lenger.
Til middag i dag år vi av svineribba igjen, det var lettvint og godt. No har vi drukke kaffi og ete havremakronar. Etter ei god pause på sofaen. Og ute er det bekmørkt, men reint psykisk har det mykje å seie at sola har "snudd".
Ønsker alle fortsatt GOD JUL !
 

mandag, desember 24, 2012

Vêrmelding 24.12. 2012

Klokka er no 12.00, og det er snart på tide å gjere seg klar for avreise. Ute er det lettskya, fint ver og temoperaturen er minus 4 grader C. Mildveret har ikkje nådd hit enno, men det er heldigvis ikkje så kaldt heller.
I mange år var det fullt hus her på julafta, men no er det vi som er gjestar. Det er litt vemodig, men mest avslappande og kjekt. Håper alle får ein fin julekveld.
Helsing frå Nils og meg.

Vi reiste frå Ørsta før 13.30 og var framme i god tid før gudstenesta. Heile Hareidsfamilien var der med unntak av Solveig, som ikkje eg heilt frisk av forkjølinga. Etter at sjølve gudstenesta var ferdig, var det offer til Kirkens nødhjelp. Då nytta eg høvet til å knipse litt. Synest bildet av brørne Håkon og Audun var litt koselig.(Øystein og Olaug var framme og ofra, Einar sat på galleriet)
Vi fekk nydelig julemiddag, og så vart det ein rimelig stor pakkehaug som skulle fordelast, før vi kunne ete bløtkake og kransekake etc. Kaffi hadde vi under heile gåveutdelinga, og eg var så heldig at eg fekk ei kanfekteske som eg delte med dei andre.Takk til Amanda!
Eg må berre beundre kor flinke alle er til å finne på gode og nyttige gåver. Takk for alt som vi fekk.

søndag, desember 23, 2012

Vêrmelding 23. 12 2012

Klokka har passert 15.00, temperaturen ute stig stadig, no står den på 0 grader C. Der spådd mildvêr og storm i jula, og spådommen ser ut til å slå til. Så gale som i fjor blir det vel ikkje.
Eg har gått og småsnufsa lenge, og i går kveld vart eg verre, likeins i dag morgon. Men så er eg ikkje så sjuk likevel-i alle fall ikkje enno.
I dag hadde eg ikkje så mykje på programmet, eg skulle rydde og vaske litt, og det har eg gjort. Noko meir pynting blir det ikkje her.Mat har vi så vi klarer oss, og i morgon reiser vi til Hareid. Solveig er heldigvis på betringens veg etter si forkjøling.
Her i huset har det vore eit årlig spørsmål: "Kven skal vere sjuk i jula i år?"  Det er visst vitskapelig  bevist at dersom ein slappar av etter ein travel periode, er det lett for at ein blir sjuk. Ei julaft vart eg sittande att åleine ved bordet til slutt. Eit anna år måtte eg legge meg mens dei andre pynta juletreet.No er det ikkje så nøye med oss gamle, vi har ikkje ein heil familie å ta oss av lenger, men kjem som gjestar tilSolveig og Øystein.
I dag smakte vi på den heimelaga sursilda vår til lunsj og den smakte godt. Eg må vere MYKJE dårlig for å misse appetitten. (Dessverre).
I dag tok eg i bruk ei av julegåvene eg fekk av Margrete i fjor, så no spørs det om eg får "baby feet"-på sikt.
Det blir vel ikkje så lenge før eg er på Bloggen igjen, men eg vil i alle fall ønske alle som er innom her ei
GOD JUL!

Bok nr.65 - 2012: Noe til besvær.


Eg skal innrømme at eg var frista til å legge frå meg denne boka etter å ha høyrt eit par plater. Ikkje berre var her mange namn å halde greie på, men Bjørn Sundquist las med ein påtrengande nordnorsk aksent. Så tenkte eg at eg kunne gi boka ein sjanse til, og etter kvart hang eg med. Fortellinga balanserer hårfint mellom tragedie og komedie; ein veit ikkje alltid om ein skal le eller gråte, for det som skjer er slett ikkje så morsomt. Men alle har vi vel vore i ein situasjon som eigentlig er trist-men så ser ein også det komiske i det som hender. Det har i alle fall hendt meg. Då eg, etter å ha lese ut boka, slo opp på nettet, såg eg at den hadde fått terningkast 6.
I staden å skrive om kva boka handlar om, legg eg ut ei lenke.
Det eg "lærte" av boka er at ein skal ikkje vere så redd for kriser, at problema kjem til overflata og blir synliggjort er ofte det beste som kan skje. Ordet krise kjem av det greske ordet katarsis som tyder rensing.
Eg har ikkje lese noko av denne forfattaren før, men veit at han har skrive ein del bøker for barn.
http://www.bokklubben.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2611870

lørdag, desember 22, 2012

Vêrmelding 22.12.2012

Klokka er snart 16.00 og det er framleis lyst ute-eller i alle fall nesten. Sola er borte no, men før i dag skein den i fjella. Det har vore kaldt i dag, akkurat no er det minus 6 grader C. Ein så fantastisk flott og lys desember månad kan eg knapt hugse.
Vi var ein tur nedover før middag og supplerte matlageret litt. Tok oss ei brødskive og ein kaffi kopp til lunsj, middag blir det seinare.
Nils hadde noko fin kvit lyr, og hadde lyst til at eg skulle lage fiskepudding/fløtepudding av den. Han mol den på handkvern først, då får han bort alt som heiter bein. Eg lagar fiskepuddingrøra i matmølle/foodprosessor og det er ikkje det minste vanskelig. Så kokar eg formene i vannbad i steikomnen, til puddingen kjennest fast når eg trykker på den. Der er mange oppskrifter på nettet om nokon har lyst å prøve.Skal servere den eine i jula med kvit saus og reker.Treng litt lett mat innimellom.
Har ikkje tenkt å gjere så mykje meir til jul, sjølv om her er langt frå perfekt. Skal sveipe litt over med mopp og støvsuger når eg er ferdig å rote. I kveld gler eg meg til konserten på slottet.
Håper at julebreva eg skreiv på data har kome fram.

fredag, desember 21, 2012

Vêrmelding 21.12.2012

No er klokka ca 16.45, temperaturen er minus tre grader C og verda står framleis. Sola har snudd og vi går mot lysare tider. Mørketida har heller ikkje vore så dyster i år sidan vi har hatt så fint vêr.Det som er så spesielt i år er at vi ikkje har snø i fjella, når vi ser opp på dei, ser dei ut som om dei er teikna med tusj eller blyant.
Vi var nedover ein tur før middag. I Vik var det minus 10 grader, mens det her oppe var 8 grader.No blir det mildare etter kvart, og neste veke kjem snøen i følge yr.
I dag laga vi steikt svineribbe med rødkål o.a. til middag sidan vi venta Margrete på gaveutvekslingsbesøk.Må no ha litt god mat FØR jul også.Eg har ikkje gjort stort anna i dag enn å lage mat og handle. Margrete reiste nettopp med fullstappa bil.Siste skuledag før ferien var i dag.
Det blir vel ein liten handlerunde i morgon også, nokre ting MÅ ein berre kjøpe i siste liten.No skal eg  slappe av med bok ei stund, og så blir det vel TV og strikketøy. Ha ei god helg -og prøv å la vere å stresse, dei som kan.(Greitt nok for meg som er pensjonist å seie det!)
I dag klokka 11.11 gikk jorda IKKJE under. Og takk for det!

torsdag, desember 20, 2012

Vêrmelding 20.12. 2012


Bilda er tekne i dag klokka 12.00, og for meg ser det ut til at sola har begynt å krype nedover fjellsida att. I følgje kalenderen skal solsnu vere i morgon, men den kyndige naboen min meiner at solsnu ikkje alltid er på den datoen, så eg må høyre med han. Om ikkje sola alt har snudd, så gjer ho det i morgon i alle fall. Nydelig vêr framleis her, men eg uroar meg over at vi "brukar opp " alt finevêret på denne årstida. Temperaturen ute er no klokka 12.00 minus 4 grader C.
Nils for på sjøen så snart det var lyst, ikkje ofte det står "stille" på yr.no så han måtte gripe sjansen.
Eg har rydda på kjøkkenet, pakka julegåver og pussa litt sølv. Brukar sjeldan anna enn dessertskeiene og det var dei som fekk puss. Stressar ikkje med å bake kaker, ingen som et dei likevel.Har att å handle litt mat etc.
Kl.12.45. Fiskaren er komen heim. I dag med lyr, så no blir det vel å lage fiskekaker til jul? Eller kanskje "fløtepudding"? Det hugsar eg vi kjøpte på "Fiskebuda" heime på Eid til jul.
PS: No har eg fått svar frå astronominaboen min. I år er solsnu den 21.desember kl.12.12.43 Altså i morgon middag. Så då stemmer det med almanakken min. Neste år snur sola den 22.desember. Så får vi berre sjå om verda står .

onsdag, desember 19, 2012

Vêrmelding 19.12. 2012

Klokka er snart 19.00, vêret er framleis vakkert, og ei halv måne lyser på himmelen. Temperaturen er så vidt under 0 grader C.Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje kjem meg meir ut desse fine dagane. No er vi nettopp komne heim frå ein liten tur på nærbutikken, der vi har bunkra opp med brus etc. - slikt som ein ikkje treng kjøpe i siste sekund.
Før middag støvsuga eg grundig alle teppegolva. Det er visst heilt UT med teppegolv, men for oss passar det perfekt. Har ein hørselsproblem og tinnitus, slik som eg, er det verst med tome rom med mykje akustikk -  teppe og gardiner dempar problema. Og når vi verken har husdyr eller ungar til dagen, går det greitt.
Ein fiskekamerat til Nils kom med eit stort glas nedlagd sild i julegåve. Så til lunsj vart det sild og egg. Veit ikkje om det blir behov for meir saltmat i dag.
Etter at vi hadde slappa av ei stund, tok eg meg på tak og skreiv data-julebrev. Fekk brev frå John Per i dag, så då fekk eg inspirasjon.Det er ei form for latskap, det at eg ikkje skriv julekort lenger. Det er så mykje meir lettvint å bruke laptoppen.
Då vi heldt på å pakke julegåver her ein kveld, oppdaga eg at eg hadde minst eitt lestepar for lite; så i går kjøpte eg ekstra tjukt garn og begynte på eit par som skal bli ferdige til jul. Ikkje noko problem eigentlig. Men etter kvart blir det fleire store føter å strikke til. Eg kan ikkje strikke for lenge om gongen, så det er greitt for meg å strikke lestar, sjølv om det kan bli litt kjedelig i lengda.
Her er ikkje stress i pensjo-heimen, men noko MÅ gjerast i siste stund. Hadde blitt ein lang og trasig vinter om ein ikkje hadde jul.
I år har vi hatt ein fin førjulsvinter, det hadde vi i fjor også. På bildet over kan de så korleis himmelen i aust ser ut frå altanen vår om morgonen.

tirsdag, desember 18, 2012

Vêrmelding 18.12. 2012

Klokka er no 16.00. temperaturen er minus 1 grad C og vi har knapt hatt nedbør siste tre vekene.
Vi er nyss heimkomne frå ei handlerunde på Amfi, og no er vi på det nærmaste ferdige med gåvene-trur eg.
Passa på å ta nokre bilde frå parkeringsplassen på Amfi mens det var nokonlunde lyst. Ser de godt etter kan det hende de ser ein veksande måne over Melshornet.
Før middag var Nils ein tur til frisør. Eg styrte med litt av kvart her heime, blant anna strauk eg juleløparar og forvandla stova frå advent til jul. Så pussa eg kopar og messing, men eg veit av erfaring at det ikkje går mange dagane før koparen ikkje er særlig blank lenger, men eg har no pussa i alle fall.
Før laga eg alltid sursild og tomatsild til jul; no når vi stort sett er berre to, har vi brukt å kjøpe. I dag fekk Nils lyst på heimelaga sursild, så no har eg kokt opp lake-klar til å putte silda i når den blir kald. Ikkje så mykje arbeid akkurat. No skal vi slappe av litt før vi lagar middag.
Så stille og fin er fjorden i kveld. Der er ein del ender som held til nær land.Denne symde fort mot oss. Det er så mange som mater dei, så ho trudde vel vi hadde noko til henne.
Denne flotte asaleaen fekk vi av leigebuaren vår i dag.
Elles har eg begynt på ei bok som eg ikkje får "taket på". Trur eg må legge den vekk og prøve ei anna.

mandag, desember 17, 2012

Vêrmelding 17.12. 2012

I dag har eg vore så forkava at eg gløymde å ta bilde mens det var lyst ute. Har ikkje vore ute for ei dør heller, så eg få stole på dei små glimta frå vinduet. Så vidt er veit har det vore fint, lettskya vêr og ganske mildt. No, klokka 17.30, er temperaturen +3 grader C.
I dag har eg fått gjort ein god del, men eg merkar at eg ikkje er heilt ung lenger, så eg er ikkje så effektiv som før.
Har stelt blomstrane og vaska potter og vinduskarmar og  vaska golv. Fylte ei bløtkake, som eg fraus og tek opp att den dagen den skal brukast og har krem på toppen då. Det er veldig lurt. Når ein skal frakte kaka med seg held den seg god og kald. Eg plar lage to store, runde formkaker til jul, ei til Margrete og ei til meg. I dag laga eg berre ei, for mi er like heil-den eg laga i fjor altså.
Elles har eg steikt sei til middag. Måtte kvile litt på sofaen etter middag, blir sliten av å trakke så mykje. Ja, eg har sikkert gjort mykje som eg ikkje har skrive også.Det er somme som dokumenterer alt dei gjer på FB-i dag har eg gjort det på bloggen. Det skal ikkje bli ein vane, det lovar eg.
No bør eg begynne å pakke inn julegåver, men det er eg ikkje spesielt flink til, så eg må ha litt assistanse.
I dag er det 22 år sidan både mamma og Hilde hamna på sjukehus og eg reiste i hurten og sturten til Eid midt i julestria.Det var då eg lova meg sjølv å aldri stresse med det som skal gjerast til jul. Det viktigaste er at alle er friske og har det bra. Hilde fekk ein stor kraftig gut den dagen, og mamma kom heim att ein dag eller to seinare.Så alt gikk bra til slutt.Vi gratulerer Hans Petter med dagen i dag.

søndag, desember 16, 2012

Bok nr. 64 - 2012: Mordet på Woldnes.

Mordet på Woldnes - Jon Michelet
Trur knapt eg har lese krim av Jon Michelet før, i så fall er det lenge sidan. Så eg venta meg litt røff, machokrim, og det fekk eg ikkje. Dette likna meir på Agatha Christie.
Wilhelm Tygesen er pensjonist og har fått ein kreftdiagnose. Han får tilbod om å bu på ein privat pleieheim, mot at han samtidig prøver å oppklare ei mordgåte. Boka er grei nok, men litt tam til å vere krim.
Forfattaren skriv godt, og han kjem av og til med eit lite sleivespark frå venstrefoten, slik ein må vente frå den kanten. Kan ikkje seie at boka gav meg så mykje, men eg ser at den har fått terningkast 5.
Siste kapittelet var vakkert. Det er tydelig at både Michelet og Tygesen dreg på åra. Noko som forundrer meg er at denne farfattaren skriv så mykje om naturen og om dyrking av frukt og grønt. Han har sine sider!
Trur knapt eg har lese krimbøker av Jon Michelet før, i så fall er det i alle fall lenge sidan.
Trur knapt eg har lese krimbøker av Jon Michelet før, i så fall må det vere lenge sidan. Eg venta meg ei nokså tøff macho-bok, men fekk noko heilt anna. Meir a la Agatha Cristie. Wilhelm Tygesen er ikkje heilt friskkkje mykje.

Vêrmelding 16.12.2012

                               Bildet er tatt klokka 13.00
                                Dette bildet er tatt frå altanen klokka 15.30.
Klokka er ca 16.00, temperaturen + 6 grader og det er eit nydelig vêr ute. Så det er synd at vi ikkje gikk ut i staden for at eg hadde lagt opp eit arbeidsprogram inne.
Først laga eg fiskekaker, så steikte eg noko kjøt og løk. Så laga eg ein bløtkakebotn og bytte på sengane -alt før middag.
Til middag åt vi fiskekaker, og det var no greitt nok. No har eg lege på sofaen og lese ut boka mi, har det problemet at eg blir låk i ryggen når eg trakkar rundt mykje, men det gir seg etter ei stund.
Skulle vore på konsert i Voldakyrkja, der eit par av barnebarna spelar i korps, men trur ikkje vi rekk det. Eg kan ikkje fare utan å vaske håret først, så då kjem det an på.

lørdag, desember 15, 2012

Vêrmelding 15.12. 2012

Klokka er snart 19.00, temperaturen er +4 grader C og det er overskya opphaldsvêr. Vi føler nesten at vinteren er over- for denne gong. Ser på TV at dei har fått snø på Jæren, ikkje verre enn vi plar ha dei fleste år.
Før middag var vi på ein butikkrunde igjen, men å handle på laurdag er nesten håplaust, der er så mykje folk. Då vi kom heim var eg skikkelig sliten -vi tok oss eit måltid med sild og egg+ brød, og så vart eg liggande på sofaen ei god stund. Skal slappe av i kveld, for i morgon skal eg lage fiskekaker blant anna. Og så har eg ei veke til å førebu jula, meir enn eg hadde i mitt yrkesaktive liv, men eg kjenner at kreftene ikkje er som før- eller kanskje er det berre forbigåande?
Trefte mange kjende i dag også, men vi vart ikkje ferdige med handlinga i dag heller.
Det er så mange tilstellingar, konsertar etc. eg skulle likt å vore med på, men eg har rett og slett ikkje energi til overs, så vi får kose oss framfor fjernsynet.
Oppmodar alle til å slappe av frå julestresset, jula varer eigentlig berre eit par dagar. Har ikkje bilde å legge på bloggen, fordi eg ikkje somla meg til å fotografere før det vart mørkt.Som de kanskje har oppdaga får eg no lagt inn bilde  igjen.

fredag, desember 14, 2012

Vêrmelding 14.12. 2012.

Klokka er no 21.15. Temperaturen er minus 2 grader, og vi har hatt enda ein fin dag. Litt skya om morgonen, men så klarna det opp att.
I dag rigga vi oss til for handel. Først ein tur på El-kjøp, så  på biblioteket og så Amfi. Og kven møter vi der? Slekt frå Stryn på julehandel her. Vi tok ein runde i byen, ein tur på fru Svendsen og innom mange butikkar. Og kven møter på ein av butikkane? Margrete- på julehandel i Ørsta. Innom Amfi igjen, enda fleire butikkar. Margrete ringer etter gode råd og vi avtaler møte.Tek farvel med stryningane og køyrer til Jernia, hjelper Margrete med å bestemme seg, og så er det tilbake til Amfi igjen. Og NO får vi handla litt. Kassa-sjokk! Varene kostar ikkje det som står på prislappen, men ca halvparten. Greitt nok for oss det-men det er noko som er FEIL.
Så klokka 15.30 er vi heime att og lagar middag. Kikar innom FB. Melding frå Solveig, dei kjem innover for å kjøpe kjole til Olaug. Så då klokka var vel 19, var dei her.Olaug hadde fått seg kort ballkjole i off-white med blonder og gull.Såg ut som den var str.6 år, men slik er moten no.
Det har vore ein kjekk og sosial dag.
Bildet er tatt i dag i 10-11-tida.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, desember 13, 2012

Vêrmelding 13.12.2012

                               Himmelen i aust ca klokka 12.00.
                               Nils kom heim med seifangst klokka 13.00.
No er klokka 17.00, temperaturen minus 4 grader og eg trur det har skya over litt. Det er i alle fall mindre kaldt enn før.
Denne dagen, som alle dagar, har gått altfor fort, og ikkje altfor mykje har blitt gjort. Før middag fekk eg skrive referatet mitt, lagt i hop ein klesvask og vaska golva. Då kom Nils heim og vi stelt til middag.Sidan vi åt oss stappmette på småsei, blei vi nøydde til å ha oss ein liten middagslur, før vi drakk kaffi. Stort lenger er vi ikkje komne, men no har eg tenkt å rydde opp i nokre papirer etc. I morgon får vi ta oss saman å få kjøt litt meir julegåver-trur eg.
Elles  så er her nok å gjere for den som vil, men i kulden er det best å vere nær omnen.

onsdag, desember 12, 2012

Vêrmelding 12.12.2012.

Klokka er 20.00, temperaturen er minus 7 grader og vi har framleis fint vêr.
Dagen i dag har gått mykje med til pensjonistmøtet. Først på Bakk-Ola klokka 12.00 for å dekke borda og gjere alt klart.
Sjølve møtet varte frå 16-19, mykje av tida gikk med til å ete juletallerk og prate. Heidi Brunstad Øyehaug kåserte om kosthald og kokebøker i gammal tid.
Børre Lødemel song allsong i lag med oss og spela gitar til - eit par solo-nummer hadde han også.
Etter møtet rydda vi opp, så vi er nettopp komne heim. Eg er litt sliten, mest i hovudet.Blir mykje "soll" slike dagar.
Kusina mi ringde midt på dagen og vi hadde oss ein lang og koselig prat. No skal eg slappe av med "Nissene på låven ". Orkar ikkje å skrive referat i kveld.
Bildet tok eg med iPad i dag klokka 11.00

tirsdag, desember 11, 2012

Vêrmelding 11.12. 2012


Klokka går mot 21.00. Temperaturen er minus 1-2 grader C, og det har kome litt snø.
I dag var vi til Vik ein tur f.m.. Trefte to veninner og så gjekk vi på kaffibar, mens Nils vart att på Amfi, der han alltid finn folk å prate med. Det vart ikkje kjøpt stort anna enn mat i dag heller.
Då vi kom heim, steikte eg sei til middag, og vi hadde det som Nils kallar eit "skogamåltid".
Etter at vi hadde slappa av ei stund, fann eg ut at eg ville steike opp kjøt til Stroganoffgryta som vi skal ha 2.juledag; det er tradisjon.Vakuumpakka kjøt hadde eg liggande, kjøpt på Jakobsen i Volda.Eg sette i gang å skjere kjøttet i terningar, og det vart litt av ein jobb, for der var mykje sener etc. som måtte vekk. Dei siste par åra har eg fått så fint kjøt, nesten uten sener,  i dag sleit eg litt,ja. Men no er det i alle fall gjort. Frys gryta halvferdig, og gjer den ferdig på dagen, då er det lettvint.Midt i kjøttskjerninga hugsa eg brått at det skal vere mykje enklare å reinskjere kjøt når det er halvfrose. Får prøve å hugse det til neste gong.
Nils er på møte i partiet. Før beskulda eg politikarane for å halde møte midt i julestria, for å sleppe å gjere noko heime, men no har dei kvinnelig leiar, så då fell skuldingane bort.
I morgon blir vi opptekne med pensjonistlaget heile dagen, først med borddekking frå klokka 12.00, så begynner møtet klokka 16.00. Denne gongen skal vi ha juletallerken, så då slepp vi å lage middag heime.Nils skulle eigentlig ha vore ute og fiska, men vi får håpe han kan fare ut på torsdag i staden.

Bok nr.63 - 2012 : I kjølvannet.


Denne boka vart med heim frå biblioteket sist eg var der. Eg hadde ei kjensle av at eg hadde lese den før, og det hadde eg! Likevel las eg den om att, sidan den var berre på 4 CD-ar.
Eg-personen (forfattaren sjølv?)har mist foreldra sine i brannen ombord i Scandinavian star. Han skulle eigentlig vore med sjølv, men hadde gløymt det. Dette blir veldig traumatisk for han. Boka handlar mykje om saknet etter faren, spesielt, og minnet om den personen faren har vore.
Det er tankar og følelsar det handlar mest om, ikkje så mykje handling.
Denne forfattaren har fått mange prisar for bøkene sine, særlig  for boka "Ut å stjæle hester" , som er omsett til mange språk. Eg har lese fleire bøker av forfattaren, dei fleste to gonger. Det betyr kanskje at eg likar det han skriv, og måten han skriv på?
Bibliotekmerket på boka betyr berre at eg har funne bildet på nettet.

mandag, desember 10, 2012

Vêrmelding 10.12. 2012


Klokka er no 22.40. Temperaturen ute er minus 5 grader, og vêret er like fint som før.
I dag vart det ein litt uvanlig dag. Den starta med at eg "forsov" meg såpass at eg måtte vere ekstra effektiv den stunda eg var i sving. Baka kake og brød, vaska og rydda kjøleskapet etc.etc.
Nils var på pensjonistkaffi på fabrikken frå kl.14 - 16. Klokka 18 tok vi laust for å ta 18.30 ferja frå Volda. Det var julefest på Folkestadskule, som er ein kombinert barne-og ungdomsskule. Alle elevane fekk vere med i programmet, som var veldig variert og fint. Vi har tre barnebarn der i år, og alle hadde sine rollar. Det blir gjerne slik at til eldre elevane er, til større oppgåver får dei.Erlend som går i 4. klasse var med og las dikt og Amanda var sirkusdirektør. Dei eldste bidrog med mykje song og musikk, og det slår meg at særlig gutane gjerne syng solo- slik var det ikkje i "mi tid".
Høgdepunktet for vår familie var sjølvsagt då Eirik song solo- med gitar og kor - ein litt rocka versjon av "Holy night." Berre synd at høgtalaranlegget ikkje er godt nok.På Margrete sin blogg kan de sjå bilde.
Etter programmet var det mat og kaffi. Folk har "mat på mat" med seg og set på eit bord, der alle kan forsyne seg gratis. Elles samla dei inn pengar til ein barneheim i Etiopia som skulen støttar.
Heim køyrde vi rundt fjorden, for å ha turen. Det var ca 15 min. å vente på ferja, så då sat vi like godt i bilen og køyrde, sjølv om det gikk lenger tid.
PS: Bildet har eg kopiert frå Margrete sin blogg.

søndag, desember 09, 2012

Vêrmelding 09.12. 2012

Klokka er snart 19.00-men eg føler det er seint , sidan det mørknar så tidlig på kveld. Det har vore fint, lettskya vêr i dag også, men eg har halde meg inne. No er det minus 1 grad C.
 I dag tok eg meg på tak og laga to relativt store porsjonar med krumkaker. Denne gongen brukte eg oppskrifta om eggenes vekt etc. syntest dei var vanskeligare å steike enn vanlig. Eg deler med Margrete, så eg håper vi klarer å frakte dei utan at alt blir knust.Dei virka vel sprø.
Elles har eg ikkje gjort så mykje, men eg styrer med eit kvart heile tida. Litt blogging og chatting blir det også innimellom.
I morgon skal Nils på julekaffi på fabrikken, og så er det litt uvisst kor vidt besteforeldre er velkomne til julefest på Folkestad skule i morgon kveld.
Det er godt at det ikkje erså gnallkaldt lenger, men vi har det godt og varmt inne uansett.

Bok nr. 62- 2012: Agnes i senga.

Agnes i senga - Heidi Linde

Agnes har rundet tretti og jobber som flyvertinne. Kjæresten, William, har gjort det slutt. Han har lenge stått i med en annen kvinne. Faren til Agnes eier en bygård, og hun får lov til å låne en leilighet midlertidig. Den egentlige leieboeren heter Åsa Wallander og er for tiden i praksis i Tromsø. Agnes tar kjærlighetssorgen svært alvorlig - selvmedlidenheten når de store høyder, og hun holder senga. Så vondt har hun at hun ser seg nødt til å dempe sorgen med Paralgin forte. Og ikke klarer hun å la være å snoke i Åsa Wallanders saker.(Frå nettet).
 
Margrete har skrive om boka før, så eg skal vere kort.
Temaet i boka er eigentlig ikkje morsomt i det heile tatt, men måten Agnes og livet hennar blir skildra på, kallar likevel på smilet. Det er ein slags galgenhumor som går gjennom heile teksten. Forteljestilen gjer at ein ser det tragikomiske i situasjonen og det som skjer vidare.Utan å bagatellisere sviket Agnes har opplevd. Henriette Stenstrup les veldig godt.
Eg vil anbefale andre å lese boka.
Eit lite klipp frå boka:
Agnes finn ein lapp ved døra:
"Trenger du noen å snakke med? Savner du å dele erfaringer med andre i samme situasjon?" står det i eit skriv frå Pårørendeforeningen, som har møte kvar første tysdag i månaden." God stemning og ferske vafler."

 

 

 

lørdag, desember 08, 2012

Vêrmelding 08.12.. 2012

Klokka går mot 17.00. Temperaturen stig stadig, og no er det berre 1 minusgrad ute. Utrulig. No manglar det berre litt snø, så blir julevêret perfekt. Men det er enno ei stund til jul , og mykje kan skje på den tida.
Dagen i dag gikk opp i berre tull. Vi måtte vere heime i tilfelle han kom, han som skulle hjelpe til med omnen. Til slutt måtte vi berre ta ein tur på biblioteket, for eg var nesten lens for lesestoff. Fann ikkje noko av interesse i dag, men tok no med eit par bøker heim. Handla litt på Kiwi på heimvegen. 
Eg koka graut til middag i dag, hadde noko melk som skulle brukast opp. La meg ned på sofaen for å lese litt, men somna heile tida - ikkje så rart når boka eg les heiter "Agnes i senga" ?
Mens eg låg og las kom hjelparen, så no er omnen på plass i kjellaren og Nils fyrte opp. Den virka perfekt. Eg har sagt det heile tida:"Berre vent til omnen er komen, så blir det mildvêr." Og jammen slo det til.
No er det ikkje så sikkert at det blir så VELDIG mildt, der er  meldt kuldegrader heile neste veke.
Føler meg veldig lat i dag, men for å bøte på det dårlege samvitet, kan eg vel strikke litt.

fredag, desember 07, 2012

Vêrmelding 07.12. 2012

Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. 
Vi kom nettopp heim frå ei nydelig ballettframsyning, der Amanda var med. Forestillinga bygde på HC Andersen sitt eventyr "Snedronningen". Der var tre profesjonelle dansarar med, eit ungt par frå Praha og ein av lærarane på ballettskulen som heiter Renata. Ho hadde også koreografert heile programmet og valt ut musikken. Mannen hennar er scenograf og i dag hadde han overgått seg sjølv. Han er fabelaktig og heilt proff han også. Sat og tenkte med meg sjølv at på Eid har dei opera -her har vi ballett. Opera og ballett på landsbygda i Norge! Det er ikkje dårlig ! Vi var i lag med Margrete og Ingeborg.(Foto:Arne Ola Grimstad.)
Nils fekk ikkje sett opp omnen i kjellaren i dag, for han som skulle kome og hjelpe -han kom ikkje. I morgon kjem det ein annan som skal hjelpe med å få alt på plass.
Eg fekk endelig laga Mor Monsen i dag, så no skal eg ikkje lage så mykje meir. Men skal steike krumkaker i alle fall.
Elles har eg vaska til helga, så eg er bra i rute. Vi kjem truleg til å vere på Hareid julaftan i år også.
I dag hadde vi steikt sei til middag av fisken som Nils fiska før i veka. Det er noko av det beste eg veit, enda så ofte vi har det.
Så vil eg ønske alle ei god helg!

torsdag, desember 06, 2012

Vêrmelding 06.12. 2012

 Klokka er snart 19.00 og eg høyrer på TV at det kalde,fine vêret skal halde fram. Akkurat no er temperaturen her oppe i bakkane minus 9  grader C. Eg veit at det er kaldare nede i sentrum.
Leigebuaren held ikkje varmen så godt med varmepumpe, og ho har heilt sidan ho flytta inn ønska seg vedomn. Sidan der har vore omn nede før, er det ikkje så stort problem, så Nils for nedover før middag for å sjå på omnar. Eg støvsuga i heimen og gjorde diverse anna på føremiddagen.
Han ville ha meg med nedover for å sjå på omnen han hadde sett seg ut, og eg hadde lyst på biltur-var låk i ryggen, og då likar eg å sitte i oppvarma bilsete. Så då vart det to ønske som vart innfridde på ein og same gong.
Det var ein veldig ivrig og hjelpsom mann som ekspederte oss, så vi bestemte oss fort. Det er stor rift etter vedomnar for tida, så eg sa at han måtte sette omnen til side så han ikkje selde den til andre. "Eg skal ta ein lapp og skrive solgt på," sa han. "Du bør vel heller skrive SELT" sa eg. Nei, meinte han, det var lov å skrive SOLGT på nynorsk, han var gift med ei som var førskulelærar og ho var veldig oppteken av rettskriving, osv. Eg presiserte at i vår familie var det stort sett berre norsklærarar  osb..... NB: Eg var ikkje påståelig, men sa at eg ville undersøke når eg kom heim.
Eg ønska meg ein tur til bakeriet på Sæbø, der eg veit at mange kjøper kaker og brød. Og så var det ryggen, og så var det det fine vêret, så tur vart det. Utrulig vakkert i fjella der innover i dag, men neimen om eg ville ha budd på Sæbø om vinteren- "jag trivs best i øppna landskap."
Vi fann bakaren og eg kjøpte blant anna eit stort, rundt grovbrød som heitte Hjørundfjordbrød og var bakt i steinomn.
Måtte ein tur innom Amfi også, og eg fekk kjøpt EI julegåve. Trefte mykje kjentfolk, og under over alle under: Terje Kjøde, leiar i Mållaget for heile Møre og Romsdal (om eg ikkje tek feil)- det han ikkje veit om rettskriving er ikkje verd å vite. Eg la fram problemet om selt  eller solgt, og sjølvsagt hadde eg rett. Det heiter SELT, eller t.d. "omnen er seld". Eg likar ikkje å ta feil i rettskrivingsspørsmål, skal innrømme det. I følge Terje er ikkje dei nye reglane så rigide som det eg har blitt fortalt . Ein bør bruke Språkrådet sine ordlister, meiner han, dei er best oppdatert.
Då vi kom heim, åt vi kyllingen vi hadde raska med oss frå Coop, og så smakte vi på Hjørundfjordbrødet som smaka skikkelig godt.
Så fint vêr som vi har denne førjulsvinteren er det viktig å bruke dagane på det ein sjølve synest er kjekt og meiningsfylt, så sant ein har høve til det. I morgon skal Nils hente og montere opp omn. Han som har kjøpt nabohuset er heime på dagtid (arbeider skift) og han vil hjelpe til.
I dag kjenner eg tre som har bursdag. Vi gratulerer nabojenta med 2-årsdagen; Rannveig på Stårheim og Roger på Eid med dagane deira.
Det er vel Nilsmesse i dag, om eg ikkje tek feil, messedag for den heilage biskop Nikolaus frå Myra i Lille-Asia. Opphavet til Sankta Claus.

onsdag, desember 05, 2012

Bok nr. 60 - 2012 : Armenia Albania Argentina.


Armenia Albania Argentina

Denne boka er skriven av mi gamle veninne og kollega Rønnaug Kleiva. Ho kallar boka ein sjølvbiografisk roman. Romanen handlar om Rønnaug som reiser rundt -mest på Balkan. I følge forfattaren sjølv er det mykje i boka som er sant, andre hendingar har ho dikta opp.
Sidan eg kjenner Rønnaug såpass godt kjenner eg att mykje av det ho fortel.
Boka kan lesast som lausrivne korttekstar, noko som Rønnaug  ofte skriv. Språket er som vanlig heilt perfekt, her er ikkje eit ord for mykje og ikkje ei dårlig setning. For folk som har problem med å skrive nynorsk, vil eg anbefale å lese Rønnaug sine bøker.
Det er alltid vanskelig å vurdere bøker når ein kjenner forfattaren, men eg kan i alle fall seie at EG likte boka. Eg skal lese boka om att,eit kapittel om gongen, for her er mykje å lese mellom linjene.

Vêrmelding 05.12. 2012

Klokka er no 17.30. Ute er det same vêret som vi har hatt lenge no, klårt og kaldt, minus 10 grader C akkurat no. Men vi er så "heldige" at vi har god ved og omn til å brenne den i, så vi slepp å fryse. Brukar varmepumpa også, men den strekk ikkje til.
I dag var eg litt effektiv før middag. Baka ei Toscakake og tre brød før klokka 11.00. Så rydda eg kjøkkenet, etter ei lang telefonsamtale med ei veninne. Då eg vel var ferdig, fann eg ut at eg ville nyte dagslyset, så eg kledde godt på meg og gikk til nærbutikken (Kiwi) for å sjå om dei hadde usalta meierismør og korintar, og jammen hadde dei begge delar. Det må eg ha om eg skal få laga Mor Monsen.
Eg fann fram hua og skjerfet som eg strikka i fjor, men då var det ikkje kaldt nok til at eg fekk brukt det. Eg såg meg ikkje i speilet før eg gikk, då hadde eg sikkert tatt av meg hua. Sidan eg var så godt kledd fraus eg ikkje i det heile tatt, men vart nesten for varm i motbakkane. Det var herlig å vere ute, faktisk. Kulden er ikkje så ekkel no som med det same det vart kaldt, då var det råkaldt.
Etter at eg kom heim har eg lagt i hop klede etc., og lese og strikka litt. No skal Nils til å lage middag, det vart nysteikt brød og kaffi til lunsj i dag. Til sein middag skal vi ha julepølser med poteter og rabbe (kålrabi).Vi har det godt.

tirsdag, desember 04, 2012

Vêrmelding 04.12. 2012

Klokka er 17.30. Temperaturen ute er minus 8 grader C. Det har vore lettskya og fint i dag også. Kulden merkast ikkje inne i huset no lenger, her har vi det godt og varmt.
Nils ville ut og sjå etter båten i dag, og kanskje fiske, og då fann eg ut at eg skulle lage ein porsjon med havremakronar etter mamma si oppskrift. Og dermed gikk føremiddagen! Å bake småkaker er det absolutt verste eg veit, og ikkje bryr eg meg særlig om å ete dei heller. Som regel blir dei ståande urørte i boksane. Av ein gammal kollega lærte eg at det slett ikkje var nødvendig å kaste småkaker eller gi dei til småfuglane, ein kunne bake dei ned i brød, og det gjer eg. Det er ikkje lenge sidan påskekrumkakene forsvann i brøddeigen.
Eg forstår at folk bakar viss dei synest det er kjekt , men for meg er det årets største ork. Trur ikkje det er latskap eigentlig, for det er mange ting eg gjerne vil gjere, men bake altså.... I går kveld laga eg ei brasiliansk fruktkake, det er gjort på fem minutt å lage deigen og ha den i forma, det passar meg betre. Så kanskje eg berre skal lage nokre runde kaker...Eg diskuterer med meg sjølv heile tida utan å komme til noko resultat.
Nils kom heim med ein del sei, ikkje så veldig store, men vi fekk oss i alle fall så mykje småsei til middag at vi vart heilt slått ut. Det er reine sovemedisinen. No har vi drukke kaffi og ete kaker med havregryn, det er no LITT sunt.
Elles er dagane korte, og ein burde vel heller komme seg ut mens det er lyst i staden for å gå inne og rote.

Havremakronar.

Å bake småkaker er langt frå det kjekkaste eg veit, men det høyrer liksom jula til. I dag har eg funne fram mamma si oppskrift på havremakronar; dei kakene laga eg alltid før, men no er det ei stund sidan sist. Dei er veldig enkle å lage. Oppskrifta er ganske "stor" så det blir mange kaker, men det går an å halvere.

Rør kvitt:
           500 gram smør/margarin
           500gram sukker.

Rør inn 3 egg

Ha i  400 gram store havregryn
         400 gram kveitemjøl
         4ts. bakepulver
Set med teskei på plata og steik på middels varme til dei er gulbrune.

Enklare kan det ikkje bli.

mandag, desember 03, 2012

Vêrmelding 03.12. 2012

Klokka har passert 18.30 og det er mørkt ute. Temperaturen er minus 8 grader C og vi har hatt flott vêr i dag også. Når kulden har vart nokre dagar blir han mindre RÅ og ein frys kanskje ikkje så mykje.
No må ingen tru at eg har vore ute og gått i dag, for det har eg ikkje. Vi har vore og handla, ikkje "shoppa", men kjøpt mat. Vi har blant anna vore til Jacobsen i Volda og kjøpt kjøtt og pølser og på Coop og kjøpt alt eg treng for å kunne bake. Med to unntak, usalta meierismør og korintar. Korintar var dei utselde for, smør fann eg ikkje. No har eg nesten ingen unnskyldningar for ikkje å bake-dessverre. Veit ikkje korfor eg føler at eg MÅ, det er ingen som pressar meg til det.
Vi var også innom Felleskjøpet og kjøpte diverse vaskemiddel m.a. i stort.
Då vi kom heim frå handlerunden, steikte eg sei til middag, og etter ei lita stund på sofaen og ein kaffikopp, skreiv eg eit lite avisinnlegg-og slik går denne dagen også snart over i historia.
No lurer eg berre på kva eg kan gjere - på samme tid som eg høyrer lydbok. Eg må no gjere noko anna enn å strikke.

søndag, desember 02, 2012

Vêrmelding 02.12.2012

Klokka er 18.00. Utetemperaturen er minus 9 grader og vêret har vore like fint som i går. Ser at mange er ute og går turar, men det fristar ikkje meg. Ikkje Nils heller, sidan han ikkje er heilt ferdig med forkjølinga.
I dag hadde eg tenkt å bake julemanna, og eg hadde begynt å lage til ingrediensane. Då oppdaga eg at eg ikkje hadde hornsalt - og så hadde eg god unnskyldning for å la vere. Baka ein porsjon med rundstykke, det er eigentlig mykje betre. Elles så laga eg svinekotelettar til middag, og så har eg strikka og høyrt bok innimellom.Søndagen skal vel eigentlig vere kviledag?
Det vart ikkje til at eg vaska til helga, fann ut at behovet var heller lite, så no har eg tatt ein sveip over golva med våtmopp .Betre enn ingen ting i alle fall. Og behovet var større enn eg trudde.Vi har ikkje vore på ein einaste konsert e.l. enno, det er jo noko som går for seg i førjulstida. Men komande fredag er det ballettframvisning; mandag den 10.er det julefest på Folkestad skule, onsdag den 12. er det pensjonistjulebord på Bakk-Ola, så då er vi i siget.
Før gledde vi oss til juletrefestane i romjula og etter jul, no skjer det meste i adventstida. I dag skulle vi vel eigentlig ha vore på Brudavolltunet, men det er for kaldt. Håper der kom folk likevel, Heidi hadde ein fin førehandsomtale i Møre-Nytt. Heidi kjem også til oss i pensjonistlaget. Trur ho blir artig å høyre på.
No må eg sjå om eg finn Downton Abbey på data, har ikkje sett episoden som gikk forrige sundag.

lørdag, desember 01, 2012

Vêrmelding 01. 12. 2012


Klokka har passert 19.00. Det har vore fint og kaldt i dag også. Sola har skine på fjella men ikkje her nede hos oss. Temperaturen ute er no minus 7 grader C. Kan ikkje seie at eg er så glad i berrfrost og kulde, men vi har det varmt og godt inne.
I dag følte Nils seg så bra at vi kunne ta ein tur ned til Vik. Han blei verande på Amfi, mens eg tok ein tur opp i gata. Skulle kike inn på Gåvebuda etter ein Ekelund-juleløpar til meg sjølv. Der var mange fine, 120 cm og 160 cm lange. Eg kunne tenkt meg ein enda kortare, men kjøpte ein på 120 cm. Sidan eg har leita fram att dei gamle, einsfarga gardinene, føler eg behov for å pynte litt med fargar.
Elles er det nesten deprimerande å sjå alle varene som heng rundt omkring, særlig klede. Trur det blir vanskelig å få selt så mykje, når alle veit at det meste kjem på sal før jula er omme.Vi lever i eit overflodssamfunn, der dei fleste har det dei treng og vel så det. Det gjer vel mest inntrykk på oss som har levd ei stund, og som hugsar den tida ein ikkje kunne kjøpe alt ein ville- på dagen.
Husmora her i garden har ikkje vakna opp enno. Har ikkje verken baka eller pussa sølv til jul, og det er tvilsomt om det blir gjort så mykje.Vi har ikkje så mykje selskapeligheit, og vi to treng ikkje all verda.
Skulle hatt lyst og vore på Eid i dag, men Nils var ikkje heilt restituert, og eg kjenner framleis på at eg er litt sår i halsen og kanskje bryggar på ei forkjøling.
Til middag åt vi litt spekemat, poteter og flatbrød, men i morgon skal vi ha skikkelig søndagsmiddag.
No på ettermiddagen har eg høyrt bok og strikka ferdig enda eit par lestar-og lagt opp eit nytt par. Skal strikke opp det garnet eg har kjøpt i hop, men då er det slutt for ei stund, trur eg. Men det er sytalaust å strikke lestar, det går så å seie av seg sjølv, så eg kan lese eller sjå TV langs med.
Håper alle kosar seg utan for mykje stress i adventstida. "Det er mykje å få kjøpt på budå "-som vi seier her.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...