søndag, desember 02, 2012

Vêrmelding 02.12.2012

Klokka er 18.00. Utetemperaturen er minus 9 grader og vêret har vore like fint som i går. Ser at mange er ute og går turar, men det fristar ikkje meg. Ikkje Nils heller, sidan han ikkje er heilt ferdig med forkjølinga.
I dag hadde eg tenkt å bake julemanna, og eg hadde begynt å lage til ingrediensane. Då oppdaga eg at eg ikkje hadde hornsalt - og så hadde eg god unnskyldning for å la vere. Baka ein porsjon med rundstykke, det er eigentlig mykje betre. Elles så laga eg svinekotelettar til middag, og så har eg strikka og høyrt bok innimellom.Søndagen skal vel eigentlig vere kviledag?
Det vart ikkje til at eg vaska til helga, fann ut at behovet var heller lite, så no har eg tatt ein sveip over golva med våtmopp .Betre enn ingen ting i alle fall. Og behovet var større enn eg trudde.Vi har ikkje vore på ein einaste konsert e.l. enno, det er jo noko som går for seg i førjulstida. Men komande fredag er det ballettframvisning; mandag den 10.er det julefest på Folkestad skule, onsdag den 12. er det pensjonistjulebord på Bakk-Ola, så då er vi i siget.
Før gledde vi oss til juletrefestane i romjula og etter jul, no skjer det meste i adventstida. I dag skulle vi vel eigentlig ha vore på Brudavolltunet, men det er for kaldt. Håper der kom folk likevel, Heidi hadde ein fin førehandsomtale i Møre-Nytt. Heidi kjem også til oss i pensjonistlaget. Trur ho blir artig å høyre på.
No må eg sjå om eg finn Downton Abbey på data, har ikkje sett episoden som gikk forrige sundag.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kaldt å gå ute i kveld. Eg gjekk heim frå viseklubben i åttetida og var glad for å kome i hus. Besten besøkte Strikkemor, men var komen heim og hadde god fyr i omnen til TV-kvelden.

Besta sa...

Ja, no kjem ikkje sola ned til oss heller, så det er kaldt!!!! Godt vi har lite areal å varme opp, og bra med ved. Held oss inne-Nils fordi han hostar, eg fordi eg frys.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...