onsdag, april 29, 2009

Bok nr. 29:Rom ved havet, rom i byen.


Eg må berre inn-rømme det:
Eg har problem med novellar!
Og det må vere ein veldig vanskelig sjanger for dei som skriv.Ein har liksom så kort tid og så få ord for å få fortalt historia.
Eit anna problem, når ein les novellar på lydbok, er at historiene kjem ramlande som erter or ein sekk, utan pause mellom.Det burde ein sjølvsagt syte for sjølve - å få pause mellom historiene og tenkje gjennom dei.
Denne boka las eg ferdig gjennom ei sømnlaus natt, det er også ein grunn til at eg ikkje heilt stoler på mi eiga vurdering.
Grytten skriv godt, ingen tvil om det,men berre nokre få av historiene gjorde inntrykk. Det vart liksom for mykje av det samme, og i tillegg ganske depressivt.Les kritikkar på nettet om de er interesserte i boka.
Les t.d. her

Skinniaen blomstrar og Nils fiskar.


Eg lova å komme att med bilde av buska mi når ho blomstra, og det gjer ho no. Ho er nesten kvit av bittesmå blomster som luktar godt.Det synest visst humlene også, for det summar kraftig inne mellom greinene. Får håpe dei tek ein avstikkar ned i plommetrea også.

Nils var oppe grytidleg i dag for å fiske. Det vart ein del sei og lyr, men ikkje så mykje som sist. Han fiskar med snøre frå den store snella på ripa.Men no tek det til å bli nok sei, så han må vel snart ut med linene og prøve å få litt lange.Garn har han jo også, så muligheitene er mange.
Vi har jo eit utrulig fint ver for tida, men det varer vel ikkje evig?





tirsdag, april 28, 2009

Bok nr.28: PREDIKANTEN


Camilla Læck-berg blir ofte kalla Sveriges nye krimdronning og kanskje er ho det?

Det er ikkje så lenge sidan eg las Havfruen, og denne boka er bygd opp på samme måten.Vi har ein allvitande forteljar som bevegar seg i notid og fortid og i inn dei fleste familiar.Vi får såleis heile historia fortalt, litt etter litt.Vi får også innblikk i politimannen Patricks familie og privatliv.
Eg brukar å seie at ein krimroman bør ha fokus, denne har for såvidt det, men her er vel mange digresjonar som ikkje har med saka å gjere.Og så irriterer eg meg litt over forteljaren sin hang til å kommentere, gi oss inn med teskei liksom.
Romanen må ha ei logisk løysing. Her set eg eit lite spørsmålsteikn.
På den andre sida er det mange galne folk i verda! Ein viss logikk må der i alle fall vere sidan eg nokså tidleg forstod kven mordaren var.
Eg føler at det er noko "gale" med språket,det virkar svært kvardagsleg og enkelt,på grensa til det banale.Men det kan også vere opplesaren som ikkje held mål.
Boka er lettlesen og nesten overtydelig.
Mitt råd:Les den som avslappande underhaldning.

mandag, april 27, 2009

For første gong i år.







I dag har Nils klipt plenen før første gong denne våren. Då ser det straks ryddigare ut i hagen.Som de kanskje ser på bildet, blomstrar tulipanar og primula i "rosebedet".Rosa som eg fekk frå Hareid er planta ut og får vatn kvar dag, så vi håper ho skal overleve.Sjølv har eg ikkje vore så mykje ute; før middag baka eg brød og pussa vindua på stova på begge sider, men så vart det ei lita stund på solseng før sola vart borte.



lørdag, april 25, 2009

Gratulerer Wenche!


I dag gratu-lerer vi Wenche med dagen!
Det ser ut til at det har blitt ein tradisjon i familien å finne fram bilde frå album og mimre litt..... Dette bildet er frå påska 2003, då det var så utrulig fint ver her i Ørsta.Det var den gongen vi fann på å ta eit bilde av alle "jentene" i familien- og eit av "gutane".Jentene er dei samme i dag som den gongen, men sverdsida har fått eit par i tillegg.
Gratulerer med dagen, Wenche! Håper de får det fint i dag.Når det lid ut i mai ein gong, kjem vi ein tur austover. Det er alltid så hyggelig å vere på besøk i Sandsværveien.

fredag, april 24, 2009

Bøker frå biblioteket


I dag måtte eg på biblio-teket igjen, for no hadde eg lese alle bøkene som Solveig hadde lagt inn på MP3-spelaren min. Fann ikkje så mykje nytt, men eg går aldri tomhendt heim.Tek som regel med meg rikelig, for det hender at eg har lese ei av bøkene før, eller at det er ei bok eg ikkje likar. Eg skal starte med Camilla Læckberg.TRUR ikkje eg har lese den før, men heilt sikker er eg ikkje.

torsdag, april 23, 2009

Gratulerer med dagen, Bodil!


Det er mange i familien som har fødselsdag i april, og i dag er det svigerinna mi som fyller år.Ho er berre ein ungdom enno, sidan ho er heile fem år yngre enn eg. Bildet er gammalt, men ho har ikkje forandra seg så mykje på åra som har gått.
Vi gratulerer og håper du får ein fin dag! Du får vel besøk av både barn og barnebarn?

onsdag, april 22, 2009

Bok nr.27:En plass i solen.


Denne boka har eg lese på MP3-spelaren, så eg har ikkje noko omslag å scanne.Dei fleste kjenner vel Liza Marklund, og denne boka er like god som bøkene hennar brukar å vere.Eg har fått lese den ganske grundig,sidan der er så lange spor. Alle lydboklesarar forstår nok kva eg meiner.I denne boka tek ho oss med til Spania og Marokko, dermed lærer ein noko nytt om desse landa også.
Eg synest boka var god underhaldning, pluss litt meir.

Hei på sei!

I dag vakna eg klokka halv åtte, men då var Nils vekk for lenge sidan, ute for å fiske. Som de ser fekk han god fangst i dag også, mest sei, men også litt lyr.Det blir vel meir filé å ta med til Kongsberg, og kanskje litt fiskemat også.Vi får sjå kva det blir til. Sei er ein god og anvendelig fiskesort. I dag skal vi ha seibiff av den han fiska på mandag.

tirsdag, april 21, 2009

Japansk Skinnia-trur eg.

Denne buska kjøpte eg på Hareid for mange år sidan. Då var den full av kvite blomster som lukta nyyydelig.Sidan har ho blomstra her hos oss minst ein gong for året.Nils må binde den saman før viteren, og det har også vore brukt overbygg,så ikkje snøen skal knekke henne. Elles har ho klart seg sjølv.
I dag var vi ein tur på plantesenteret på Rystelandet, og der hadde dei denne buska. Eg spurde etter namnet,for det hadde eg sjølvsagt gløymt.Gartnaren vart veldig interessert då han fekk høyre at vi hadde ei slik buske, for han hadde ikkje trudd ho ville klare seg her i Ørsta -med unntak av på spesielt "gode" stader.Eg skal komme med nytt bilde når knoppane sprett ut;lukta kan eg dessverre ikkje formidle.

mandag, april 20, 2009

Sei-fangst.





I dag tidleg for Nils ut for å fiske, lenge før eg tenkte på å vakne. Han fiska med snøre og fekk bra fangst med sei i ymse storleikar. Sjølv er eg veldig glag i fersk småsei, så det blir middagen i dag.
Så skal Nils skjere filear av resten.Til det arbeidet brukar han gjerne ein stor samekniv som Rasmus kjøpte den tida han jobba i Honningsvåg, det er verdens beste kniv, seier han.Og brukande til det meste.
Fiskaren har yndlingshua si på seg; den har eg strikka i dobbel Alpakka.Mjuk og god!

søndag, april 19, 2009

Duftranken blomstrar igjen...og igjen....og igjen


Kor mange gonger denne planten har stått i fullt flor, veit eg ikkje, men no er han i alle fall full av nydelige kvite blomster enno ein gong.Han får ikkje spesielt godt stell, berre litt vatn av og til, og det har hendt at han har fått gjødsel, men det har aldri blitt ein vane.

fredag, april 17, 2009

Bok nr. 26: Lille Tre

Denne boka har Margrete skrive om før, så eg vil oppmode om at de les innlegget hennar.
Ein kan seie mykje om denne boka. At ho er romantisk,særleg naturromantisk, sentimental, banal osb. Men ein kan ikkje unngå å bli gripen av historia om Lille Tre og besteforeldra hans.At boka siktar mot eit yngre publikum er tydelig, men som M. påpeikar, vil vaksne få meir ut av den. Eg skulle nesten ønske at forteljinga var sjølvbiografisk,men uansett er det ei fin historie om kjærleik og vennskap.Og den bestefaren var litt av ein pedagog! Den engelske tittelen er betre enn den norske.

torsdag, april 16, 2009

Havsnaud?

Som de ser av bildet, er båten komen heim att på tunet enda det langt frå er slutt på fiske-sesongen.
Tysdags kveld skulle Nils ut og sette garn,men etter ei stund ringde han frå Raudøya. Han hadde fått motorstopp, men heldigvis var han ikkje langt til havs, så han klarte å ro seg bort til brygga på Raudøya. Der måtte han vente til det stilna litt, og så prøve å ro inn att i hamna.(Her inne var det heilt stilt).Eg spurde om eg skulle sende hjelpekorpset, men han ville greie seg sjølv. Og han var ganske stolt då han kom heim ei stund seinare, gjennomvåt av sveitte, fordi han hadde greidd roturen.Rettnok er det ikkje langt frå Raudøya og inn i hamna, men så er det heller ingen færing han har.I går var han ut og henta heim båten, og no har han reparert motoren. Eg er ikkje heilt sikker på om det var olje/bensinblandinga som var feil, eller om det var kondens.Sidan det er nordavind og dårleg fiskever, blir det kanskje nokre dagar før båten kjem på sjøen att.

onsdag, april 15, 2009

Eirik fyller 12 år i dag.











I dag kan vi gratulere den kjekke guten på Storebakken med dagen!
Eirik har vore ein solstråle frå første dag og er det enno.Heilt frå han var bitte liten har han vore uvanlig sprek og aktiv. Hugsar den sommaren han rigga seg til med badebasseng framfor reia så han kunne hoppe av reia og ned i dammen-då var han ikkje gamle karen. No går det i hip-hop, fotball og musikk+ alle slags andre mindre organiserte aktivitetar.Eg brukar å seie at besteforeldre har lov til å skryte uhemma,men må likevel begrense meg.Nyare bilde av guten finn vi på bloggen til mora stadig vekk, så eg har rota fram nokre gamle.Her viser litt av utviklinga frå han var baby, til sommaren før han og kusina skulle begynne på skulen.
Lykke til med bursdagsfeiringa, Eirik!!

tirsdag, april 14, 2009

Bok nr.25:Vente,blinke.

Romanen er skriven av Gunnhild Øyehaug, som er her frå Ørsta.Eg hugsar Gunnhild frå den tida ho gjekk i barneskulen.Grunnen til at eg hugsar henne, er at eg ei tid var kollega med mor hennar; Gunnhild var ikkje av dei som stakk seg fram.Tidlegare har eg lese ei diktsamling som ho har skrive. Den var ikkje noko for meg, men denne boka har eg glede av.Både Margrete og Solveig har skrive om boka før, så eg skal gjere det kort. Boka er veldig "litterær" med tilvisingar til andre bøker og til filmar. Eg kan ikkje påstå at eg forstod alt like godt, men eg likar å ha litt å grunde på. Så kan det hende eg les boka ein gong til,på papir, så eg slepp å høyre på alle skarre-r-ane.

Les også her

Gratulerer, Kristoffer.


Vi her i Ørsta vil gratulere deg så mykje med dagen! Det er ikkje mange gonger du har vore her, men eg fann eit bilde frå du var liten.Den andre guten på bildet, er Audun, også kalla keeperen.

Ha ein fin dag!

mandag, april 13, 2009

Vårblomster i hagen.

Kan ikkje påstå at hagen vår er den mest velstelte i gata, men nokre lyspunkt er det. Primula har vi i alle verdens fargar. Kvart år kjøper eg nye i potter til å ha inne, og dei som overlever, blir planta ut.Dei dannar kant på det lange "rosebeddet" nedanfor huset.Etter kvart må vi ta bort visne blad etc.,men så blomstrar dei på skift heilt til snøen kjem utpå hausten.
Sidan det stort sett er far som må stelle hagen, har storleiken på bedda blitt redusert. Han kan ikkje rekke over alt.Før løkplantane er avblomstra, får vi ikkje rydda så mykje uansett.
Dette er det eg fann på hagevandringa i dag i tillegg til primula:Scilla under skjærsminbuska, små tidlegtulipanar og små påskeliljer av typen ein kjøper i potter. Det er vel desse tidlegblomstrane som blir sett aller mest pris på?





















søndag, april 12, 2009

Ukjend blå blomst.

Vi har ein heil plen over-strødd med desse blomstrane.Alle som går forbi stoppar opp og beundrar dei, og somme spør om å få løker. Det får dei sjølvsagt. Men det er ingen som veit kva planten heiter. Til oss kom desse herlege blomstrane truleg i ein pakke med løkblanding. Med det same snøen er borte, kjem dei fram, og så går det ikkje mange dagane før det er fullt flor.Viss nokon veit kva planten heiter, så ver så snill og skriv.

Bok nummer 24: Kalde hjerter.

Etter mykje om og men og fram og tilbake,bokstavelig tala, har eg no fått med meg det meste av Varg Veum sin siste krim.
Eg har "lese" den frå den nye MP3 spelaren,og hatt ein del tekniske problem.Likevel kan eg seie følgjande utan å ta munnen for full:Boka er til forveksling lik dei andre VV-bøkene og altså ikkje etter min smak. Staalesen er dyktig når det gjeld å skildre menneske og miljø, men krim forstår han seg ikkje på.Det er klisjé på klisjé på klisjé......
Eit pluss for lydbøkene er den eminente tolkinga til Lasse Lindtner.
Dei som er interesserte kan gå inn på Internett og lese meir.

Fødselsdagar og familiehistorie.
















I dag er det 100 år sidan mor til Nils vart fødd. Ho var den yngste av ni sysken som vaks opp i det vesle huset i Rørdalen i Solund. Dei tre systrene heitte Ragna,Anna og Ingeborg; brørne var Magnus, Nikolai,Sigurd,Bertel og Lyder.Foreldra var Nils Rørdal og Stina f.Hjønnevåg. Yngste jenta fekk namnet Fredrikke Johanna, men vart i alle dagar kalla Johanne, med trykk på første staving.
I ungdommen var Johanna i teneste i Alverstraumen og i Bergen. Seinare gifte ho seg med Rasmus Martin Elias Trovåg frå Trovåg i Solund.Saman fekk dei fire barn.Anne Marie vart fødd på mora sin 26-årsdag, Nils Steinar i 1936, Leon Severin i 1939 og Rolf Jostein i 1941.Leon kom bort på sjøen då han var i 17-årsalderen, dei andre tre er still going strong.
Johanna hadde eit strevsomt liv i dei åra barna vaks opp. Ikkje berre var ho åleine med det meste heime, sidan Rasmus var fiskar og såleis mykje borte,men alt var også tungvint den gongen.Elektrisitet fekk dei ikkje før i 1956, så det var ikkje så lett å stelle hus og fjøs.Kyr måtte dei ha for å ha mjølk, og så hadde dei sauer som gjekk ute det meste av året. Gris hadde dei også innimellom, og høner.I tillegg til alt det daglege sydde Johanna klede til barna og seg sjølv; karda, spann og strikka.Og dette var ikkje på hobbybasis! Men Johanna var sterk og frisk med stor arbeidskapasitet, og ei flink husmor var ho.
Då ho miste sonen Leon i 1956 og Rasmus vart sjuk av kreft og døydde i 1962, miste ho noko av livslysta.Det vart tungt og vanskelig for henne.Men ho var fysisk sterk og frisk og greidde seg åleine i mange år.Dei siste åra budde ho på Solund sjuke-og aldersheim på Hardbakke.
Sidan Margrete har skrive om 90-årsdagfeiring ,skal eg begrense meg til å legge inn tre bilde.Eitt av huset i Rørdalen der Johanna voks opp, og to frå 90-årsdagsfeiringa.På det eine er det barnebarnet Solveig og oldebarnet Olaug som pratar med jubilanten, og på det andre ser vi Rolf, Anne Marie og Nils.
Til slutt vil vi sjølvsagt gratulere Anne-Marie som fyller 74 år i dag.






fredag, april 10, 2009

Bok nr.23. Svensk kvalitetskrim.

No har eg lese ut enda ei bok, det gjekk litt seinare enn vanlig fordi eg måtte spele den av på datamaskina,den ville ikkje gi lyd frå seg på Walkman.Og her kan eg ikkje sitte så lenge om gongen.Denne boka vil eg verkelig anbefale.Her er ikkje skurkar og politi som driv vill jakt på kvarandre i storbyens jungel.Det er vanlege menneske både i politiet og elles på den vesle staden,men nokre av dei har ein mørk løyndom.Meir skal eg ikkje røpe.EG likte boka! Skal eg nemne noko som er litt negativt, så må det vere at der er litt for mykje "small talk" innimellom.Det viktigaste for meg når det gjeld krim er at eg "kjøper"slutten.At eg tenkjer som så:Dette KUNNE verkelig ha skjedd.Og at alle trådar blir nøsta opp. DET er eit must. Denne boka held mål.


Vårblomster.

For nokre dagar sidan hadde vi nydelig vårver, og Nils fekk sådd sukker-erter. Ser de godt etter, ser de at vi har ein lur patent, som gjer at vi slepp å luke.I mange år fekk vi ikkje tak i sukkererter som vi var nøgde med, men så kom vi endelig fram på ein sort som var både store og gode. Etter det har Nils samla erter til frø frå eige avl, så no har vi gode erter kvart år.
Krokusane i rosebeddet er snart ferdige for i år, men langs kanten er det planta primula i alle fargar, som har begynt å blomstre.
På plenen opp mot vegen har vi nokre små blomster som alle forbipasserande beundrar, og spør kva dei heiter. Eg veit ikkje namnet, og ikkje veit eg kvar dei kjem ifrå.Trur dei må ha vore i ein pose med løkblanding som vi kjøpte ein gong.NB:Det er ikkje scilla.
I dag er det litt regn ute, men det ser ut til å lette.



Samling på Bjørnaset.


I dag var stor-familien samla hos Margrete og Lars med fam.Dei fleste har vel fått med seg det.Dei andre har skrive om mat og kaker etc.,så eg skal ikkje gjere det. Det vart mykje fotografering, så eg tok ikkje så mange bilde. Berre nokre av barnebarna i sofaen, der dei såg TV. Kva dei såg?Jau, det var video-opptak frå tilstellinga på grendahuset på Staumshamn den 29. mars.
Dei to største gutane var att på Hareid, og ei av dei andre var ikkje til stades akkurat her.
Kongsberggutane har feira påske på hytta i Hovin og på badeland ved Sarpsborg.Tok båten heimover frå Strømstad i dag.Men dei er no ikkje ferdige med ferien enno, dei heller.
Vi har ingen spesifikke planar for resten av helga, tek det som det kjem. Mykje er avhengig av veret, men vi har ferie året rundt, så vi
treng ikkje syte om vi får ein regnversdag.

mandag, april 06, 2009

Bok nr.22. Klassisk engelsk krim.

PD James og Adam Dalgliesh er vel kjende personar for dei fleste, både frå bøker og TV.Har lese tre av bøkene hennar som lydbøker,og når eg tenkjer tilbake på dei, er dei nokså like alle tre.
Om eg spør:Kva er god krim? så ville eg vel få utrulig mange ulike svar; trur knapt eg kan svare sjølv.Anten likar ein ei boka eller ein gjer det ikkje.For meg er det viktig at boka held fokus på "saka",sjølv om det gjerne kan vere noko "privatliv" innimellom. Det viktigaste er at saka vert løyst, alle trådar nøsta opp, og løysinga må vere logisk. Ein må kunne tru at personen var i stand til å gjere brotsverket, fordi han eller ho hadde god grunn til det.Ein drep ikkje for ingen ting- i alle fall ikkje i bøker.
Og kva skal eg meine om denne romanen? Klassisk engelsk krim av beste kvalitet? Tja? Som lydbok blei boka litt langdryg for meg;her er for mykje "fyllstoff" etter min smak.Men boka har absolutt kvalitet,sjølv om ho ikkje akkurat er ein pageturner.
Vi har vel alle vår krimheltar. Mine er Kurt Wallander og Inspektør Lynley - akkurat no.

søndag, april 05, 2009

Palmesundag i nr.7.


Skuff-ande "påske-ver" i dag, så eg er glad for at eg var så mykje ute i går. Nils hadde mykje fisk som han måtte ta seg av i dag, og det vart "Søndagssei" til middag.Det er min litt spesielle vri på seibiff, med litt for mange kaloriar. Men godt!! Etter middag las eg litt i boka mi, hekla ei oldemorsrute eller to, men fann ut at det var betre å strikke lestar likevel.Begynte å gå litt på tomgang, men så fann eg ut at vi like godt kunne lage fiskekaker i dag som i morgon, sidan Nils alt hadde mele opp fisken på handkvern.Og på ei lita stund hadde vi laga ca 70 fiskekaker. Meir er det ikkje vits å lage i gongen, då blir dei for gamle i frysaren.
Så vil eg nytte høvet til å ønske alle bloggvennane mine fortsatt
God påske.

lørdag, april 04, 2009

Fisk i garna.







I går sette Harald og Nils ut båten på Rjåneset, der vi endelig har fått plass i hamna. Dei fiska litt langsmed utan å få noko. Så sette dei ut garn, før dei kom heim att. Nils var tidleg oppe i dag og drog. Det vart mest torsk og sei, men også ein diger breiflabb. Nils har aldri "slakta" ein breiflabb før, så han er litt i tvil om korleis han skal gripe saka an, men han finn vel ut av det. Breiflabben vart ikkje rekna som matfisk i gamle dagar; no er det ein delikatesse!
PS: Det gjekk fint med "slaktinga".

torsdag, april 02, 2009

Shopping.


I går var eg på kafé og shopping med ei veninne. Kjøpte blomster+ ein duk til påske.I dag måtte eg på biblioteket. Eg har lært meg å bruke MP3 -spelaren, men ikkje om natta, så eg må ha eit alternativ. Fann to nye lydbøker som eg tok med heim.Krim sjølvsagt!
Så var vi på Jernia, fordi eg ville ha ei kakeform som "slapp" litt betre.Der fann eg ei med lok, noko som er lurt når ein skal fryse eller frakte kaker. Kjøpte også eit steikebrett, sameleis som Solveig anbefalte.
Har berre gamle termokanner, som eg aldri brukar. Har lenge tenkt å kjøpe meg ei ny, og i dag gjorde eg det. Rasmus tek seg vel ein høg ein når han ser at det er samme type som han har hatt i mange år og som eg har nekta han å bruke anna enn i bilen!!! Men mi er ny og fin, og vart i fjor kåra til "best i test".Så no ventar eg berre på besøk, så eg får bruke den.

onsdag, april 01, 2009

Bok nummer 21.

No har eg lese den 9.og siste CDen av denne boka.
På CD nummer 3 var eg overbevist om kven "skurken" var - noko som ikkje var særlig vanskelig å komme fram til. Så når det står i diverse kritikkar at dette er ei veldig spennande bok, er eg ikkje samd i det.
Men boka har andre kvalitetar.
Sidan handlinga er lagd til Paris og forfattaren skildrar byen, menneska og ikkje minst maten på ein framifrå måte, blir boka underhaldande og lærerik på mange måtar.
Spesielt er det også at "heltinna" Orla Os kjem frå Melbu i Vesterålen,men bur og arbeider i Paris. DET er ein litt spesiell vri.
Les gjerne kritikkar på nettet eller les boka!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...