fredag, oktober 01, 2010

Vermelding 1.oktober 2010

 
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt bilde rett mot sola ser det ut som om det er mørkt ute, det er det sjølvsagt ikkje.
Etter at eg hadde gjort unna ein del husarbeid før middag, tok vi oss ei slyngarrunde. Sidan vi skulle bort på El-kjøp som ligg ved flyplassen, fann vi på å køyre fram i "Svartebygda" (Melsbygda) for å sjå om dei hadde "mist" sola. Det hadde dei, men berre delvis. Eg skulle ta bilde, hadde eg tenkt, men det er ikkje så enkelt når ein ikkje har kamera. Så var vi på Felleskjøpet og kjøpte kugjødselkompost til å ha å rosene, og på Møbelringen der eg som vanlig prøvde alle stolane utan å finne ein einaste ein som var mjuk nok. Ærendet på El-kjøp var nye øyrepropper til discmannen min, og til slutt var vi på Amfi og handla mat.
Då vi vel var heime koka eg ei stor panne med fiskesuppe som vi åt opp. Eg gikk i koma så snart eg la meg ut på altanen, og hadde eit fæla strev med å vakne igjen. Når eg til slutt greidde å kjempe meg til overflata, var det fordi eg fraus. Hadde ikkje hatt over meg dyna, og så hadde sola tatt pause.
No er vi  nesten klar for gullrekka, synest faktisk der kunne vore eitt og anna program på TV resten av veka også som var verdt å sjå.
Nils og Hassan sette ut krabbeteiner i går, men skal ikkje drage dei før i morgon.
Her i vårt område, og også på Austlandet, er det haustferie komande veke,så eg får ønske God ferie til dei som har det og God helg til alle andre.
Posted by Picasa

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ser at de har litt av kvart å styre med. Vi var så heldige å få ferdig kokt krabbe med svigersonen på Os - som hadde fått ein heil stamp av ein kompis, så vi fekk ulyste oss. Det er med krabbe som med makrell, ein må ha eit par måltid for året...Denne helga kjem både Stig og Hans heim ein tur, elles går dagane som vanleg.
God helg!

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...