lørdag, oktober 02, 2010

Vermelding 2.oktober 2010

Klokka er no snart 11.30. Temperaturen er 10-11 grader C og det er lettskya og opplett.
Nils kom nettopp heim etter å ha drege opp krabbeteinene, fangsten var ikkje så overveldande, men det viktigaste er at der er noko inni krabbane.Sjølv låg eg lenge i dag, er forkjøla og ikkje heilt i form.Har kjent på noko siste dagane, og den middagsluren i går sette vel fart i sakene.
Her kom to kjekke småjenter, systrer, og ville selje kaker til inntekt for skuletur. Eg kjøpte, sjølv om eg meiner det er ein uskikk at ungane skal "tigge" til skuleturar.Men eg trur det blir gjort over alt. Grunnen til at dei kom frå Herøy og hit for å selje, er at morfaren og mormora bur her i gata.

Her ein dag fekk eg tilbod i posten om eit abonnement på "Vi over 60". Grunnen til at eg beit på var at hurtigsvarpremien var ein MP3 -spelar. Eg har ein frå før, men ein kan neppe få for mange?

Det er eit vedlegg til desse blada med tilbod om mange interessante og flotte guida turar, men dei er ganske dyre.Dessutan er der kryssord og Sudoku. Mange, mange år sidan eg har kjøpt blad no.

7 kommentarer:

arieldog sa...

Då vi skulle selje kaker til inntekt for Polentur i si tid, syntest eg dei der punsjbollane var så vonde at eg nekta å selje dei. Åt alle sjølv :)

Besta sa...

Synd eg ikkje kjøpte meir då,men det er alltid smått med kontantar.

solveig sa...

I fjor vart her i overkant med kaker då begge skulle selje, men dei forsvann.
Ein MP3-spelar til. Flott! Den i familien som får kloa i ei god bok, kan legge den inn på og sende han vidare!

Besta sa...

Ja, eg tenkte meg eit slikt system.
Men det er sikkert ein simpel sort, ikkje så dyr som den eg har før i alle fall.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
solveig sa...

Ulempa med din, som eg låner, er at du må finne fram CD-en kvar gong. Min sluttar og startar same stad.

Besta sa...

Ja, eg synest rett og slett min var litt tungvint å bruke, særlig om natta.

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...